Du veit ingenting av Sigrid Agnethe Hansen

Page 1

UTDRAG FRÅ:

105


DU VEIT INGENTING

REALISME

SIGRID AGNETHE HANSEN

Anna og Tina er gode vener og går i same klasse. Simone som også går i klassen, har invitert alle på bursdagsfest. Tina har latt seg overtale til å bli med dit, sjølv om ho ikkje liker Simone så godt. Anna trur at kjekke Gustav kjem på festen, derfor vil ho dit. Tina er også storesøstera til Erika, ei jente med nokre utfordringar.

– Kva med denne, da? Anna held opp ei T-skjorte med paljettar på. Eg ristar på hovudet. Ikkje noko for meg. Ho stønnar høgt. – Du får berre ta på deg fleece, da. Eg smiler litt og lar fingrane bla gjennom hengarane inne på klesbutikken. Eg ser med lengsel bort på guteavdelinga, det er meir svart og grått der. Litt mindre pastell, litt mindre silkestoff. – Denne! Ja, den her er perfekt! seier Anna glad. Denne gongen er det ei svart skjorte ho held opp. No snakkar vi. Dette er meir meg. Eg nikkar litt. – Kanskje ikkje heilt fest, eller? Men det er jo sånt du liker å ha på deg. – Eg kan prøve, seier eg og tar med meg eit par

106


andre ting som ser heilt greie ut. På veg mot prøverommet ser eg ein svart collegegenser med eit svært tigerfjes på. Genseren har ein logo med store sølvbokstavar. Han trekker meg mot seg, eg tenker berre «hei hei, eg må ha deg». Eg vippar opp prislappen og ser med ein gong at det er uaktuelt. Mamma og pappa hadde gått krasj totalt bananas om dei hadde sett prisen på den genseren. Men det er gratis å prøve, eg tar han med. Eg skal til å trekke for gardina inne på prøverommet og ser ut mot Anna, som også skal prøve noko. Ho har med seg fleire plagg, men plutseleg stoppar ho opp. Der står han. Det raude håret er ikkje til å ta feil av. – Ser du etter noko spesielt? spør Gustav. Av alle butikkar vi kunne gå innom, måtte vi sjølvsagt gå der han jobbar. Kjenner han ho igjen? Han må i alle fall lure på korfor jenta som står framfor han, blir sprutraud i ansiktet. – Eh nei da, eg trur eg finn det eg treng, svarer Anna. Gustav har filmstjernesmil, kvite tenner, han gliser mot ho og seier at ho berre må seie ifrå om det ikkje er rett storleik eller noko. Ho svarer berre med

107


eit langt «mmm», og eg må halde meg for munnen for ikkje å støyte ut eit høgt knis. Ho blir som ein fisk på sykkel når Gustav er nær. Eg trur eg skal ha den svarte skjorta Anna fann fram, ho vurderer ein silketopp. – Få sjå han på, seier eg når vi står i prøveromma attmed kvarandre. Anna kjem ut, litt sjenert, men toppen er ordentleg fin på ho. – Så fin du var, seier eg når ho viser han fram. Eg meiner det. Ho stiller seg framfor den store spegelen utanfor prøveromma, legg hovudet på skakke som ei ugle og granskar det ho ser. – Wow! seier ei anna stemme. Gustav har plutseleg dukka opp. – Kjempefin, altså. No er du klar for fest! Han ryddar unna ting som andre har prøvd, og henger det opp på eit stativ ved sida av prøveromma. Anna får farge i kinna igjen, men denne gongen klarer ho å seie litt meir. – Takk. Eg likte han, seier ho og prøver seg på eit smil. – Alltid eit bra teikn, gliser Gustav og tar med seg stativet. – Whaaaat, seier eg lydlaust med overdriven mine

108


og store auge og skjønner at eg burde gi Anna ein high five, som bestevenninner gjer når sånne ting skjer, men vil samtidig ikkje muntre ho for mykje opp. Han er trass alt broren til Simone, og han er jo på jobb for å selje og tene pengar. – Eg må ha han, seier ho drøymande framfor spegelen, og eg lurer nesten på om ho meiner toppen eller fyren. – Visste du at han jobbar her? Kviskrar eg til ho som flyg over månen. Viss eg må sjå ho raudne ein gong til no, så må eg gjere nokre av dei same pusteteknikkane som eg driv på med når Erika går i lås. Puste med magen, tenke i firkant. – Kanskje, svarer ho lågt og går inn for å skifte tilbake til vanlege klede. Inni der kan ho stå og gløde som ei dimmelampe som har blitt sett på full styrke. Gustav sa fine ting til ho. Eg stryk over sølvbokstavane på tigergenseren som om dei var ein skatt. – Kjempefin, altså, kviskrar eg til genseren utan at han kan seie takk tilbake. Men eg trur likevel han forstår meg. Vi går for å betale. Ein annan fyr på alder med Gustav står og heng ved disken. Dei snakkar saman, men

109


blir stille når vi kjem. Eg må sjå to gongar på han andre, han ser kjent ut. Han er høg og har mørke krøllar som han skyv bak øyra. Det er litt som når ein ser ein nabo ein heilt annan plass enn i gata, noko kjent på heilt feil plass. Han smiler mot meg, høfleg, ikkje noko meir enn det. Eg rettar blikket mot Anna, vil ikkje vere ho som står og glor på ein eldre fyr på ein butikk. Det held at ein av oss held på på den måten. – Det blei den, ja? seier Gustav og brettar saman toppen. Anna nikkar og finn fram kortet for å betale. – Har dokker studentbevis? Vi har studentrabatt her, ti prosent. Altså, spar meg. Ser vi ut som vi er over 18? – Køddar du? svarer eg, Anna er heilt stille. – Nei, det er ei ganske populær avtale, det, insisterer Gustav. – Vi går på ungdomsskulen, seier eg, Anna er framleis taus. Guten ved sida av kassa flirer. Akkurat som om han har noko med dette å gjere? – Sorry, seier Gustav. – Ta det som ein kompliment, legg han til og blunkar lett til Anna. Han flørtar! – Hehe, seier ho forsiktig og strekker handa fram

110


etter posen med toppen i. Eg betalar og får skjorta i ein pose, eg også. Eit sekund fantaserer eg om at det er tigergenseren som ligg oppi. Så seier alle «ha det» i kor, også kompisen til Gustav. Kor er det eg har han ifrå? Eg forstår det ikkje, trass i at eg ikkje akkurat vassar i gutar på rundt 18 år. – Korfor sa du at vi går på ungdomsskulen? Anna freser som ein katt, eg har aldri høyrt stemma hennar på den måten før. – Men vi gjer jo det? Eg skjønner ikkje kva problemet er. – Det er jo så barnsleg. Særleg når han trudde at vi er studentar. Eg tenker så det knitrar i toppen. – Viss han kjem på festen til Simone, så vil han jo uansett skjønne at vi er like gamle som ho. Så han ville jo fått vite det før eller sidan. Anna ser ut til å kjøpe svaret mitt. Irritasjonen hennar legg seg. – Høyrde du at han sa «wow», eller? spør ho, ho høyrest nesten sjenert ut igjen. Eg legg armen rundt skuldrene hennar. – Dei høyrde det sikkert ute på gata, til og med.

111


Eg legg meg alltid sist i familien. Rundt klokka ti gjespar både mamma og pappa, dei står i døra mi etter tur og peikar på sin eigen opne munn. Som om dei vil smitte meg med gjespen sin. – Ja, ja, eg skal straks legge meg, eg også, lyg eg før dei seier natta. – Sit no ikkje så lenge, seier pappa og går for å pusse tennene. Når dei er ferdige og badet er ledig igjen, er det min tur. Eg går forbi Erika sitt rom på vegen, døra står alltid litt open slik at vi skal høyre om ho vaknar og roper på ein av oss. Eg opnar døra så stille eg kan, og går forsiktig inn, ho pustar tungt og er langt unna no. Ei stripe lys fell inn mellom den nedtrekte rullegardina og vindauget, det legg seg på det blonde håret hennar og gjer det enda meir kvitt. Det håret, sånt hår jenter bruker dritmasse pengar for å få. Eg set meg på sengekanten, forsiktig, vil ikkje at ho skal vakne. Håret ser ut som sølvglitter, som dokkehår, som stjernetrådar. Når ho er vaken, liker ho ikkje at eg tar

112


på håret hennar. Eg stryk over det, med lette strøk, som om ho var ein liten kaninunge. Med peikefingeren og tommelen tar eg ein lang lokk og held han i ei klype, pjuskar fram og tilbake på silkehåret. Finaste, vesle søstera mi, med det fine håret. Og likevel skal ingen få ta i det, berre mamma når det er nyvaska, og eg, når eg snik meg inn her før leggetid. Eg har ikkje vore forelska sjølv, men eg skjønner jo at det er sånn det skal vere, at ein skal ønske seg det. At ei jente skal ønske seg nokon som luktar på håret hennar. Ingen gut skal drøyme seg bort i håret ditt, Erika. Du skal ikkje kome heim til meg ein dag og fortelje at ein gut klemte deg hardt og lukta på håret ditt. Glitterhåret ditt fortener det. At nokon blir heilt ko-ko forelska i det. I deg. Leike med lokkane dine og knapt tru sin eigen flaks. Ingenting av dette skal skje deg. Derfor er det min storesøsterjobb. Å kome inn til deg kvar kveld, berre for å stryke gjennom håret ditt, for å gi deg det du ikkje kan få, og det du ikkje veit at du går glipp av. Om du var vaken, ville du dytta meg bort. Med kraft. Men no søv du, og eg stryk det silkemjuke. Kanskje får ikkje eg heller sove før eg gjer det. Eg lukkar døra bak meg og opnar tårekanalane.

113


Mamma og pappa trur knapt det er sant at eg for ein gongs skuld har tenkt meg på bursdagsfest. – Eg trudde heilt ærleg at du og Anna hadde bestemt dokker for at dokker er for kule for alle dei andre? Øyra mine held på å falle av når mamma seier det. For kule? Alle tre kjempar i eit slags familiemeisterskap i kven som kan sjå mest fortørna ut. Erika er ute med støttekontakten. Den ordentlege støttekontakten sin denne gongen, ikkje meg. – Vi har vel ikkje hatt så veldig lyst akkurat, seier eg. Mamma og pappa ser på kvarandre. Dei veit ikkje korleis det er å føle at ein ikkje har noko til felles med andre. Dei har framleis kontakt med venner dei fekk første dagen på barneskulen. Nokre av dei kallar eg tante og onkel sjølv om vi ikkje er i slekt. Foreldra mine blei så glade da Anna begynte i klassen min og det endeleg såg ut til at eg kunne få meg ein venn. Det var som om dei kunne puste ut luft dei hadde

114


halde inne i seg i mange år. – Men Simone, da? spør mamma med skeptiske augebryn. – Eg har ikkje inntrykk av at du har vore så veldig fan av ho, akkurat. – Herregud, er dette eit politiavhøyr? Eg trudde dokker skulle bli glade for at eg endeleg skal ut av huset og vere med på noko på kveldstid. Eigentleg blir eg litt glad for at mamma verkar skeptisk, for strengt tatt har ikkje eg superlyst til å dra på den festen. Eg ofrar meg for Anna, fordi det er sånt venner gjer. Mamma kjem inn på badet når eg sminkar meg. Ho liker ikkje alt det svarte, eg veit det. Eg trur ho ofte lurer på korleis ho fekk to så ulike barn. Den eine med langt, lyst englehår, og den andre med alt det svarte og mørke rundt seg. Erika kjem aldri til å stå sånn som eg står no, gjere seg klar til klassefest og lure på kva bestevenninna har funne i barskapet til foreldra. Det høgg til i magen. – Du er jo så fin utan all den sminka, Tina mi, prøver ho seg på. Eg smiler matt, det er ein klage kledd ut som ein kompliment. Eg kjenner det igjen. – Kva viss eg ikkje vil vere fin? svarer eg.

115


Det er mamma sin tur til å dra eit slite smil. – Du har no alltid eit svar på det meste. Meir rekk ho ikkje å seie før det ringer på. No kjem Erika heim.

116


Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.