Abnormium av Ida Kinden Jonassen

Page 1

UTDRAG FRÅ:

52

ABNORMIUM

IDA KINDEN JONASSEN

So lenge Athea kan hugsa, har ho blitt innelåst kvar kveld. Mora seier at det er for hennar eigen tryggleik. Det same får ho vite når dei sender ho bort til ein internatskule. Athea anar ikkje kva som møter ho.

Kapittel 7

Med armane hengande rett ned, som daudt kjøtt hjå slaktaren, studerte ho utsida av det som liksom skulle vera hennar nye heim. Ho las skiltet på skulebyg ninga fleire gongar. Abnormium. Eit underleg namn, men med tanke på kvar skulen låg, var det passande nok. Den enorme skulen var sikkert fire gongar størrelsen av den ho hadde gått på før. Ho kjende seg som ein maur der ho stod og såg opp på han. På begge sider av skulen var det diverse bygg. Dei var forma sånn at dei totalt danna mønsteret av ein hestesko, og den einaste vegen til og frå skulen såg ut til å vera den ho og mora hadde teke.

53
FANTASY

Til høgre for skulen var det kino. Til venstre, bowling og kafé. Det var i alle fall det som stod på skilta, men etter lyden å dømma kunne det like gjer ne vore likhus.

Dei resterande bygga på høgre side var små trehus. Dei var heilt like kvarandre, med to etasjar og ein beskjeden balkong. Alle saman var mørkegrå. På venstre side var husa litt annleis utforma, med ein etasje ekstra og utan balkong, men dei hadde den same triste fargen.

Midt i hesteskoen, like framføre der Athea og mora sto, var ei fontene med steinbenk rundt. Vatnet som sildra i ho, var det einaste teiknet på at tida ikkje hadde stoppa fullstendig opp.

Medan ho tok inn alt dette og lurte på kvar alle folka var, fekk ho ei underleg kjensle. Det var som om kvart eit hår på kroppen reiste seg. Huda var kald, som om all blodsirkulasjon hadde stoppa. Det var den kjensla som ein får når ein veit heilt sikkert at ein ikkje er åleine. At nokon eller noko står rett bak deg, og det farlegaste du kan gjera, er å snu deg.

«Dette kan du ikkje meina!» sa ho og søkte mora sitt blikk.

«Det er best sånn.»

«Men det gjev ikkje meining, mamma. Ser du ikkje det?»

54

Mora heldt opp hendene. Diskusjonen var over. Athea kvapp til då ein raudhåra gut plutseleg kom til syne. Ho hadde trudd dei var åleine. Han var høg og slank, hadde store frekner, og etter smilet å dømma hadde han heile verda føre seg på sølvfat. Han kom mot dei og stoppa ikkje før han var so nær at dei måtte leggja hovuda bak for å sjå andletet hans.

«Hei, hei!» sa han. «Eg heiter Mikkel.»

«Ylva,» sa Athea si mor og speida kring seg. «Sei meg, Mikkel. Kvar er alle?»

«Dei har undervisning, men ho er slutt om berre nokre få straksar,» sa han og såg på klokka.

«Eg fekk gå tidleg for å ta dykk imot. Eg har vore so heldig å få oppgåva som fadderen din.» Han såg på Athea medan han sa det, og rekte ut handa for å helsa.

«Athea? Var det ikkje?» spurde han. Athea tok eit skritt tilbake og heldt tett kring seg sjølv.

Mikkel smilte.

«Eg skjønar,» sa han. «Veit aldri kor den handa har vore.»

Athea såg ned på føtene sine. Ho var varm i andletet og ville berre inn att i bilen.

«Skal eg visa deg kvar du skal bu?» spurde han. Han fekk ikkje noko svar.

55

«Kanskje mor di vil vera med og sjå?» sa han spørjande.

Athea snudde seg mot mora for å sjå reaksjonen hennar, men ho var ikkje der. Hjartet slo so hardt at ho nesten mista kontroll over beina sine, men so såg ho at bagasjeluka var open, og at mora halte ut kofferten hennar.

Mikkel stod tolmodig og venta på svar, men då mora hadde sett kofferten frå seg og lukka bagasjerommet, stod ho berre og stira på skulen som om ho var hypnotisert.

«Mamma?»

Mora såg ikkje på ho eingong. «Skal du ikkje vera med meg inn?»

Denne gongen greidde mora å sjå vekk frå skulen ei lita stund. Ho såg på Athea med eit blikk som ikkje gjekk an å tolka.

«Eg kan ikkje,» sa ho lågt. «Eg kan verkeleg ikkje.»

Athea sukka trist og tok kofferten. Mikkel såg på Athea og mora om einannan, som om han venta på noko meir. Han kneip saman munnen hardt, som om orda stod i kø der inne og kom til å stupa ut so snart dei hadde sjansen. Omsider peika han mot venstre, og Athea trilla motvillig kofferten etter han. «Vent!» ropa mora.

56

Athea snudde seg raskt, sleppte kofferten og sprang inn i armane hennar.

«Ikkje dra frå meg her!» trygla ho. «Eg gjer kva som helst, mamma! Berre ikkje dra frå meg!»

Mora klemde ho so hardt at det kjendest som om ho aldri kom til å sleppa. Men då klemmen var over, var også augeblikket det. Distansen mellom dei var tilbake.

«Gå, Athea,» sa ho trist, men bestemt. «Berre gå.»

For kvart steg håpa ho at mora skulle ropa etter ho, seia at ho hadde endra meining. At ho ikkje kun ne leva med seg sjølv om ho let det enda sånn. Framme ved leilegheitskomplekset som Mikkel hadde ført dei til, stoppa Athea opp og såg mot ho. Ho hadde håpa at mora skulle stira etter ho med lengselsfulle auge, men det mora såg mot, var skulen, og blikket var noko heilt anna enn lengselsfullt.

Mikkel kremta, og Athea snudde seg mot han. Han heldt døra oppe for ho, og ho trekte med seg kofferten inn.

«Me er i tredje etasje,» sa han og peika mot trappa.

«Me?» spurde Athea skeptisk.

Mikkel tok tak i kofferten hennar og byrja på vegen opp. Trappa var so smal at det berre var plass til to i breidda om dei stod sidelengs, og ho svinga rundt og rundt. Mikkel stoppa etter berre nokre

57

trinn og såg ned på ho, der ho stod gapande som ein torsk på land.

«Kjem du?» spurde han, og Athea skunda seg å plassera den eine foten framføre den andre.

På veg opp forklarde han korleis det var organisert.

«I kvar leilegheit er det fire soverom. Kvart av dei har eit eige bad. Du veit, av den typen der du kan pissa, dusja og pussa tennene samtidig.»

Han blunka lurt og sukka djupt då ho korkje lo eller smilte.

«Kjøkkenet delar me på.»

Då dei var komne til toppen av trappa, opna Mikkel døra. Ho leia til ein lang gang. Golvet var teppelagt, og Athea ana at favorittfargen til den som hadde designa det heile, var grå. I taket var det ei enkel lampe som ikkje tok jobben sin for seriøst. Det var to dører på kvar side og ei opning i enden som leia til kjøkkenet. Mikkel peika på dørene i tur og orden.

«Aksel,» sa han til den næraste på høgre side. «Nora,» sa han til den neste.

Sjølv hadde han rommet lengst inne på venstre side, og det siste skulle vera Athea sitt. Dørene var kvite med sølvgrå handtak, og under kvar av dei var det ei glipe.

58

Dei gjekk bort til døra som skulle leia til Athea sitt rom, og Mikkel la handa på dørhandtaket. Han pressa ned, rista litt, men døra gjekk ikkje opp. «Faen,» sa han, men smilte likevel. «Det er visst låst.»

Nye tårer gjorde seg klare. Ho hadde ikkje lyst til å grina framføre ein framand, men var det éin ting ho hadde lært, var det at ting sjeldan til aldri gjekk som ho ville.

«Typisk,» sa ho. «Fyrst vert eg kasta ut av heimen min, so kjem eg meg ikkje eingong inn i den nye.»

Mikkel tok på skuldra hennar, for so å ta til seg handa i rekordfart. Han gjorde dette eit par gongar, før han let handa kvila der. Som om ho var ei kokeplate han ikkje visste om var varm. Athea snudde på seg so Mikkel si hand datt av. «Orsak,» kviskra ho. «Dette er ikkje ditt problem.» Mikkel såg berre sympatisk på ho og smilte varmt med hovudet på skakke.

«Du reagerer heilt normalt, skal eg seia deg.»

Athea fann det ikkje trøystande at alle som kom til Abnormium, kom der gråtande og mot sin vilje, men let det gå.

«Eg må finna ein nøkkel,» sa ho og såg kring seg, som om han kanskje hang der i lause lufta.

«Slapp av,» sa Mikkel. «Eg kan opna for deg, eg.»

59

Ho vurderte å minna han på at han nett hadde prøvd på det, men at døra jo var låst. Men noko ved smilet hans fekk ho til å halda kjeft. So, heilt ut av det blå, gjorde han noko umogeleg!

Det såg ut som om det kvite i auga hans rann over. Plutseleg hang det nedover kinna. Og so kom pupillane etter. Dei låg på kvart sitt kinn som to mørke vorter, før panna tok dei att. Heile den framande guten smelta framføre auga hennar! Han vart lang og flat. Elastisk som tyggegummi!

Athea prøvde å trekkja seg unna. Beina hennar var so stive av skrekk at ho knapt greidde å rikka seg. Det gjekk opp for ho at det stadig vart mindre og mindre att av han. Ho såg ned og fekk auge på kvar han forsvann. Den elastiske, smelta kroppen til Mikkel for svann litt etter litt under glipa på døra, og då det ikkje var meir att, høyrde ho eit høgt klikk frå innsida.

Døra gjekk opp, og bak stod Mikkel like heil som før. Athea la ikkje merke til at ho måpa før Mikkel dytta haka hennar opp med peikefingeren sin og lo. «Norma blomstrar der abnormiteten har plass,» sa han og flirte. «Og om det stemmer, må norma blomstra som berre faen i meg!»

60
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.