Bladet Folkemusikk 03-2011

Page 1

Folkemusikk BLADET FOR FOLKEMUSIKK OG FOLKEDANS

VI FEIRAR 70 ÅR!

REPORTASJE:

Folkemusikk og kritikk Kronikk:

Statsråd utan interesse Guide:

Sommar og festival

+

AKTUELT INTERVJU MELDINGAR FAGSTOFF småmat KR 79,– INTERPRESS NOREG

RETURVEKE 35

Songar Unni Boksasp:

Trygg tvilar


GOD SOMMAR!

Foto: Aleksander Andersen

Foto: Hilde Mesics Kleven

Foto: Førdefestivalen

innhald03

KRITIKK: Gunhild Aaslie Soldal jobbar i Nationen og skriv mykje om folkemusikk. Folkemusikkfeltet er ikkje tent med at dei som kritiserer, har ein konsekvent vernande innfallsvinkel, seier ho. Meir på side 10

PLATER + BØKER: Nils Økland og Sigbjørn Apeland; Lysøen – Homma-

ge à Ole Bull, Fribo; Happ, Telemarkfestivalen; Fy fela

for ein festival, Diverse artistar; Norsk Folkemusikk

frå NRKs fjernsynsarkiv, Kjell Hove; Med eg var liten.

Bygdeviser frå Telemark, Kvarts; Varde, Tindra og Kroke; Live in Førde, Tindra;

Moder Norge, Elisabeth Vatn, Elisabeth Holmertz, Harald Skullerud og Anders E. Røine; Stave Church

Songs: Martyred Saints and Sister Bells

SPELEVENER: Aslak O. Brimi og Erlend Viken er kompisar og spelevener. No kjem andreplata, Ho venta på rock. Meir på side 26

folkemusikk

FESTIVALGUIDE: Kirsten Bråten Berg tek følgje med kvinnemusikarar på Førdefestivalen i år. Meir på side 24

03/2011 70. årgang

Adresse: Tyinvegen 27, 2900 Fagernes Ansvarleg redaktør: Knut Aastad Bråten, tlf.: 907 68 797 knut@folkemusikk.no Eigar: FolkOrg – Organisasjon for folkemusikk og folkedans

Abonnement: Tlf.: 22 00 56 22, jorun@ folkemusikk.no. Bladpengar for bladet Folkemusikk er kr 360 per år. Utalands kr 500 per år. Kr 50 i rabatt for medlemmer av FolkOrg.

Språkvask: Aud Søyland Design og layout: Millimeterpress/Lise Myhre Trykk: Prinfo Unique, Porsgrunn Framsidefoto: Unni Boksasp. Foto Laila Meyick/Velour.no

Bladet Folkemusikk er eit frittståande folkemusikktidsskrift. Bladet Folkemusikk blir gjeve ut med støtte frå Norsk kulturråd. Bladet Folkemusikk er medlem i Norsk Tidsskriftforening, www.tidsskriftforeningen.no

Utgjevingsplan 2011 Frist for å

Nr. levere stoff I postkassa 4 29. august Veke 40 5 11. november Veke 50 ISSN 1891-6473

Aktuelt Årsmøte i FolkOrg Større treff, færre artistar Endring av innkjøpsordninga får konsekvensar Fylkesmusikarordninga i Sogn og Fjordane Ingen søkarar

6 7 8 9 9

Reportasjar Folkemusikk og kritikk Portrettet: Unni Boksasp

10 18

Guide Festivalsommaren 2011

24

Plater + bøker Debuten min – Susanne Lundeng

27

Plate- og bokmeldingar I platehylla til Hege Duckert

28 31

Samtalen Ingebjørg Harman Bratland om musikk – og politikk

34

Fag Leif Løchen, til minne Nemningar på gripebrettet Luren

38 39 41

Meiningar Georg Arnestad om statsrådar utan personleg avtrykk Debattar og kommentarar Hallgrims hjørne

42 44 50


leiar03/11

Knut Aastad Bråten redaktør

Vår eigen sovemedisin Hovudet sig tungt nedover. Augeloka klarar så vidt å halde seg oppe. Munnen opnar seg, og ein blank drope peikar mot skjorta mi. «Slrerr.» Eg vaknar brått, rettar meg i ryggen og gjer eit nytt forsøk. «Oi, sovna eg? Eg er då ikkje trøytt! Dette er jo nydeleg,» kviskrar eg til meg sjølv halvt vaken, halvt i søvne. Eg trør takta – utan hell. Eg bit meg i tunga, men det gjer berre irriterande vondt. Hovudet og kroppen blir tyngre og tyngre. Så er eg borte, nokre sekund. Ny applaus. Eg kvekk til. Er konserten over? I New York tidlegare i vår skjedde det opp til fleire gonger. Chicago Symphony Orchestra, eitt av dei fremste i verda, Leif Ove Andsnes i Carnegie Hall, ein av dei beste på pianokrakken. Alt er berre storslagent og enormt, men også einsarta og repeterande. Og nettopp difor fell eg inn i den same gode roa. Eg sovnar. Nå er det ikkje unormalt å sova. Alle gjer det. Alle treng søvn. Men nokre søv oftare enn andre. Eg, til dømes, har for vane å sovne kvar det måtte vera. Og når det måtte vera. Overalt. Eg sovnar på jobb, framfor PC-en. I ein telefonsamtale. På stolen. På føredrag. Under middagar. Og på konsertar. Gjerne konsertar av det stille slaget. Trøytte folk er ikkje berre resultat av seine kveldar, overarbeid eller eit hovud fullt av tankar. Konsertblundarar knepper att augo også fordi musikken gjev harmoni, fred og tilfredsheit. Vakker kunst appellerer og sender ulike signal til hjernen vår: Nokre blir glade og opprømde. Nokre gret. Andre klappar i hendene. Og andre att fell til ro. Gode stemningar skapar ro i sjela, og ro i sjela gjer deg avslappa og trøytt. Kunsten står slik i nær samanheng med svevnen og draumane, og blir ein integrert del av den kunstnariske opplevinga. Her blir også kunsten skapt. Felespelaren Haavard Gibøen sovna ein vakker sommardag, ved Oterholt nordafor Bø i Telemark. Her vart «Håvardsdraumen» til. Lyrikaren Olav H. Hauge omforma sine eigne draumar til vakre dikt. Mest kjent er kanskje diktet «Det er den draumen». Musikk som sovemedisin er godt kjent. Over ti prosent av befolkninga lir av soveproblem med

mindre og meir alvorlege konsekvensar. I staden for tablettar har musikk vore del av medisinsk verksemd lenge, både til fysiske og psykiske lidingar. Nokre typar musikk gjev betre hang til dyna enn annan musikk. På Apotek1 reklamerer dei for roande musikk, MusiCure. «Musikken er spesialkomponert og sammensatt for å gi beroligende effekt.» Musikaren Enya er ikkje alltid fyrsteval, men får meg likevel til å vippe med augeloka. Det same gjeld med annan type «susemusikk» frå til dømes Thomas Dybdahl, eller Giovanni Pierluigi de Palestrina for den saks skuld. Andre godlydar er lyden av vaskemaskina eller hårfønaren. Korleis verkar folkemusikken på det biologiske soveapparatet mitt? Er folkemusikk med på å gjera meg roleg, avslappa og søvnig? Folkemusikken kan vera suggererande og fin – og lik. Han liknar på seg sjølv, gjentek seg i tak, strok og melodiar. Det let likt, seier nokon. Og det gjer det. Kanskje er det ikkje så rart vi dubbar med hovudet etter timelange kappleikar og konsertar i varme stover og idrettshallar. Det hjelper liksom ikkje at spelemannen er flink eller at stroka er reine. I varme konsertlokale er det freistande å legge eit døsig andlet inntil sidemannen eller kvile hovudet i hendene. Men korleis overleva konsertane utan å tapa ansikt – utan å bli stigmatisert som ein sjusovar? Det finst sjølvsagt praktiske løysingar for slikt: 1) Sørg for at setet og plasseringa er rett bak ein monitor eller ein stolpe slik at du korkje ser eller høyrer. Det er alltid plagsamt og rettar merksemda frå svevnen og over på noko anna. 2) Bruk gjerne solbriller. Skulle du falle til ro, er det garantert ingen som merkar noko. 3) Nokre fingrar opp mot munnen ser også tenkande og reflekterande ut. Og vake. Snart er det sommar og kappleik, festival og mange, mange konsertar. Tek du deg ein blund, er du i godt selskap. Det er heilt normalt, og nokre gonger sjarmerande og vakkert. Kanskje vaknar du opp med eit nytt dikt eller ein ferdigkomponert slått på tunga? Sov godt.

Gode stemningar skapar ro i sjela, og ro i sjela gjer deg avslappa og trøytt

03/11 folkemusikk

5


Årsmøte i FolkOrg

KREV OPPRYDDING: Årsmøtet var ikkje nøgd med økonomistyringa i FolkOrg. Det krev opprydding.

Må rydde opp i økonomien FolkOrg gjekk i 2010 med eit underskot på 367 289 kroner. No krev årsmøtet ei sterkare økonomistyring frå styret. Eit av prosjekta som gjekk i stort underskot, var Den Norske Folkemusikkscena, der det offentlege tilskotet til prosjektet vart om lag 700 000 kroner mindre enn budsjettert. Elles vart også styre- og administrasjonskostnader, og kostnader til Årboka og Folkelarm, høgare enn budsjettert. Underskotet i 2010 gjorde også til at

eigenkapitalen til FolkOrg vart halvert til om lag 350 000 kroner. På bakgrunn av dette gjekk eit samla årsmøte inn for at organisasjonen i 2012 skal gå med eit overskot på 300 000 kroner, slik at ein får auka eigenkapitalen. I tillegg kom årsmøtet med krav om eit meir ryddig og forståeleg rekneskapsoppsett der kostnadene knytt til dei ulike prosjekta i organisasjonen vert gjort synlege.

LEIAR: Trond S. Moe leiar Folkelarm 2011.

Større treff, færre artistar Tekst: Knut Aastad Bråten. Foto: Eivind Kaasin

Ny organisasjon tek form Etter to årsmøte på eit halvt år ser det no ut til at formalitetane kring FolkOrg – Organisasjon for folkemusikk og folkedans endeleg fell på plass. Men årsmøtelyden krev betre økonomistyring. Tekst og foto: Eivind Kaasin

RØROS: Heilt sidan skipinga av den

nye organisasjonen i 2009 har det vore arbeidd med å få det endelege rammeverket for FolkOrg på plass. Under årsmøtet på Røros 29. april til 1. mai vart dei siste uavklarte punkta i vedtektene tekne opp til vurdering. Etter ein lengre debatt om mellom anna yrkesutøvarane sin representasjon i styret og storleiken på styret gjekk eit stort fleirtal av årsmøtelyden til slutt inn for styret sine framlegg til vedtektsendringar. Styret 6

folkemusikk 03/11

skal med dette ha sju medlemmer også i framtida, der yrkesutøvarane er sikra to representantar. Ein av dei skal vere anten leiar eller nestleiar. Med dette er dei største uavklara sakene i vedtektene løyst. På årsmøtet vart også vegen vidare for FolkOrg meisla ut. Tidlegare har organisasjonen arbeidd med årlege arbeidsprogram, og styret har ved fleire høve uttrykt at det ynskjer å jobbe meir langsiktig, og gjere det tydelegare kva organisasjonen vil. På årsmøtet la styret difor fram ein ny handlingsplan som vert gjeldande for dei neste fire åra.

– Planen er meir offensiv og ambisiøs enn tidlegare, med tydelege og konkrete målsettingar for dei ulike arbeidsområda og prosjekta til organisasjonen, seier dagleg leiar Linda Dyrnes. Eit av dei nye tiltaka i planen er skipinga av ei felles årleg kurshelg for heile folkemusikk- og dansefeltet, der utøvarar, arrangørar og dommarar vert samla for seminar, kurs og spel og dans. FolkOrg skal også gjennomføre ei kartlegging av arrangørfeltet og sette i verk tiltak Planen er for å styrke og meir offen- rekruttere folkemusikkarrangørar siv og amdei komande åra. Elles kom det bisiøs enn framlegg frå årstidlegare møtelyden om ei sterkare satsing Linda Dyrnes på folkedansen, og eit tettare sam-

arbeid med kulturskulane om opplæring innanfor folkemusikk og -dans. Alle framlegga vart tekne inn i planen. – Me er svært nøgde med at organisasjonen no ser ut til å ha funne si form, og me ser fram til å rette søkjelyset mot å nå dei måla me no har sett oss, avsluttar dagleg leiar Linda Dyrnes. Styret i FolkOrg har stort sett vore stabilt, og på årsmøtet vart styret attvalt med Maria Høgetveit Berg som leiar og yrkesutøvarrepresentanten Mari Skeie Ljones som ny nestleiar. Tidlegare nestleiar Solbjørg Tveiten ynskte ikkje attval, og gjekk med dette ut av styret etter mange års innsats både i FolkOrg og Landslaget for Spelemenn.

Dette er FolkOrg ■■ FolkOrg – Organisasjon for folkemusikk og folkedans er den største folkemusikkorganisasjonen i landet. Per 31.12.10 var det 4613 medlemmer i organisasjonen. ■■ FolkOrg består av 148 lokallag og 10 regionlag. ■■ Maria Høgetveit Berg vart attvald som styreleiar. ■■ Organisasjonen hadde i meldingsåret 14 tilsette. ■■ Dei samla inntektene i 2010 var i overkant av 11 millionar kroner. Dei samla utgiftene var noko høgare, noko som resulterte i eit underskott på 367 289 kroner.

LEIARTRIO: Desse skal styre FolkOrg, nestleiar II Mari Skeie Ljones, leiar Maria Høgetveit Berg og nestleiar I Nils Øyvind Bergset.

OSLO: Folkelarm er det største bransjetreffet i Noreg for norsk og nordisk folkemusikk. – Folkelarm skal opne nye marknader, seier prosjektleiar i Folkelarm, Trond S. Moe. Folkelarm 2011 er 29. september til 1. oktober. – Vi inviterer utanlandske oppkjøparar og norsk bransje, og gjer med det Folkelarm til eit attraktivt utstillingsvindauge for norsk og nordisk folkemusikk. Vi ser at dette fungerer – artistane får spelejobbar, og kompetansen i bransjen aukar for kvart år. – Bortsett frå artistane, kva slags nye grep og vendingar tek Folkelarm i år? – Det blir færre artistar i år enn i fjor. Det høyrest kanskje ut som ei nedskalering, men vi ser det ikkje slik: Folkelarm skal fylgje opp artistane betre, før og ikkje minst etter treffet. Vi vil gjera meir ut av Folkelarmprisen, lage fleire og betre møteplassar for artistar og delegatar, og seminarprogrammet blir tematisk breiare. – Folkelarm er til for den såkalla bransjen. Kven er eigentleg bransjen? – I denne samanhengen er det alle som arbeider med folkemusikk, både profesjonelle musikarar, festivalar, arrangørar, plateselskap, kompetansesenter, musikkorganisasjonar, management og promotørar. I tillegg er journalistar ein viktig del av Folkelarm. – Kva slags folkemusikk kjem til Folkelarm, og kva slags folkemusikk kjem ikkje? – Artistar i skjeringspunktet mellom det tradisjonelle og det sjangerfrie blir prioriterte. Vi set saman ein ny jury kvart år som vurderer og avgjer. I tillegg til det musikalske blir juryen oppmoda om å prioritere artistar som satsar på ein karriere som utøvande musikarar, og som har eit profesjonelt apparat i ryggen.

03/11 folkemusikk

7


Meir digital folkemusikk Stadig fleire folkemusikkplater får plass i innkjøpsordninga. Vil ei digitalisering av ordninga få konsekvensar for sjangeren? Tekst: Ida Habbestad og Knut Aastad Bråten Foto: Eivind Kaasin

OSLO: Det siste tiåret har Kulturrådet kjøpt inn ei aukande mengd folkemusikkplater. Frå 9 plater i 2002 var 37 utgjevingar kjøpte inn i 2010. Linda Dyrnes i FolkOrg – Organisasjon for folkemusikk og folkedans – er nøgd med utviklinga. – Me ser at plateproduksjonen har blomstra. Då er det naturleg at talet på innkjøpte titlar aukar, seier ho. I desse dagar går innkjøpsordninga ei utfordring i møte. Musikkbransjen er prega av digitalisering, og myndigheitene har varsla at dei ynskjer å erstatta dagens innkjøpsordning med ei digital distribusjonsløysing, til dømes med ei digital utlånsordning gjennom biblioteka. I slutten av mars peikte Samstemt! Det vil ta på dramatiske tid før ei slik konsekvensar for plateprodukordning er sjonen om innkjøpsordninga i si på plass noverande form Linda Dyrnes forsvinn. – Samstemt! føreslår at innkjøpsordninga gradvis skal leggjast om til ei formatuavhengig publiseringsstøtte. Parallelt med innføringa av ei digital innkjøpsordning må det bli etablert ei vederlagsordning til kompensasjon for bruk av musikken. Ei digital løysing føreset altså friske midlar. I budsjettet for 2011 har ein flytta 3 millionar

8

folkemusikk 03/11

kroner frå innkjøpsordninga til ei prøveordning for elektronisk distribusjon. Dette er ikkje akseptabelt. Dyrnes meiner det er viktig at prosessen med digital distribusjon startar no. – Det vil ta tid før ei slik ordning er på plass, medan utviklinga av brukarane sine vanar går fort. Men publiseringstøtta som Samstemt! føreslår, skal framleis kunna fungera som ei rammestøtte til selskap som ynskjer å gje ut fysiske format. Arne Fredriksen i Etnisk Musikklubb meiner Kulturrådet er nærsynt i si dreiing mot digital distribusjon. – Det er ei neglisjering av behovsmangfaldet hjå brukarane, seier han. – Eg trur vi gjer nytte gjennom å framstille den immaterielle kulturarven i best mogleg design, form, farge, bilete, og med tekst til å bli klok av. Vi lagar bøker i tillegg til klingande musikk! Frode Rolandsgard i plateselskapet ta:lik meiner det er umogleg å drive plateselskap utan ei god innkjøpsordning. – Innkjøpsordninga er det som gjev pengar til drift og administrasjon av smale sjangerselskap. Utan ei god innkjøpsordning må ein i ytste konsekvens drive plateutgjevingar på fritida. Det er difor viktig at ei ny ordning ikkje blir nok eit puslespel for å få finansiert plateutgjevinga, men eit reelt innkjøp som skjer etter at plata er ferdig. Det er jo alt brukbare tilskotsordningar for plateutgjevingar.

Innkjøpte plater Økonomisk stønad, i millionar

Tekst: Knut Aastad Bråten Foto: Eivind Kaasin

FØRDE: I 1989 vart det oppretta ei fol-

Dette er saka ■■ Norsk kulturråd si innkjøpsordning for musikk har som formål å auka kjennskapen til og spreiinga av norsk musikk. ■■ For tida vert det kjøpt inn 555 eksemplar av kvar av dei utvalde utgjevingane. Desse vert distribuerte mellom anna til norske bibliotek, arkiv og vidaregåande skuler. ■■ Frå det offentlege er det varsla eit ynske om å erstatta dagens distribusjon av CD-ar til biblioteka med ei digital distribusjonsløysing.

2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 37 23 19 14 17 16 18 11 9 1,83

1,28

1,06

Fryktar for ordninga

0,78

0,93

0,88

0,97

kemusikarordning for Sogn og Fjordane, i regi av fylkeskommunen. Etter økonomiske nedskjeringar fryktar Sogn og Fjordane Folkemusikklag no ei sniknedlegging av ordninga. På møte i fylkestinget 14. desember i fjor vedtok politikarane å fjerne 200 000 kroner frå ordninga. Leiar i Sogn og Fjordane Folkemusikklag, Synnøve Bjørset, er kritisk til nedskjeringane. – Fylkeskommunen har eit særskilt ansvar, særleg for den immaterielle kulturarven. Ordninga har få ressursar. Nedskjeringar får dramatiske konsekvensar for arbeidet med folkemusikken. I 2010 vart det laga ein evalueringsrapport av ordninga, på bestilling frå fylkeskommunen. Rapporten var skriven av Bjørset, som også er tilsett i ordninga. Bjørset meiner fylket hoppar bukk over innhaldet i rapporten. – Fylket har fjerna pengar frå ordninga utan å ta omsyn til innhaldet i rapporten. Det er ganske trasig. Rapporten burde danne grunnlaget for ein debatt om kva ordning vi treng, seier ho. Leiar i hovudutval for kultur i fylket, Sissel Loen, seier nedskjeringane kjem KJEMPAR: Synnøve Bjørset, leiar i Sogn og Fjordane Folkemusikklag er kritisk til nedskjeringane i fylkesmusikarordninga.

som del av innsparingskrav frå fylket. Til saman 1,5 millionar kroner skal skjerast bort frå kultursektoren. – Det er ikkje snakk om å fjerne ordninga. Kulturutvalet har bestemt at vi skal fylgje opp utgreiinga og sjå om vi kan organisere ordninga på ein annan måte. Dette vil vi kome tilbake til i løpet av året. – Kva slags organisering er folkemusikken i fylket best tent med, meiner du? – Det har eg inga meining om no. Eitt moment er å lage andre, meir fleksible stillingar, til dømes prosjekt i staden for faste stillingar. Men fyrst skal vi evaluere rapporten. Loen fortel at nedskjeringa vart gjord samstundes som ei av dei faste stillingane gjekk ut, og at ein her såg mulegheiter for innsparingar. Netto utgifter til ordninga var i 2010 kroner 1 640 000 fordelte på 3,6 årsverk.

Nedskjeringar får dramatiske konsekvensar for arbeidet med folkemusikken

Synnøve Bjørset

Ingen søkarar Ingen vil bli førsteamanuensis ved Arne Bjørndals samling i Bergen. Då søknadsfristen til stillinga gjekk ut 1. mai i år, var det ingen som hadde søkt. Tekst: Knut Aastad Bråten

BERGEN: No blir stillinga lyst ut på nytt.

– Ja, vi kjem til å lyse ut stillinga igjen. Ettersom ingen søkte ved fyrste utlysing, kjem vi også til å vurdere teksta i stillingsannonsen, seier instituttleiar Frode Thorsen. Tidlegare førsteamanuensis ved samlinga, Ingrid Gjertsen, gjekk av med pensjon 1. oktober i fjor. Sigbjørn Apeland er for tida vikar i stillinga, i 50 %. Eitt av krava til stillinga er fullført doktorgrad. Fleire bladet Folkemusikk har snakka med, meiner ein bør omdefinere den omtala stillinga til ei rein rekrutteringsstilling for stipendiatar. Thorsen er ikkje samd. – Den som skal ha denne jobben, skal leie ei samling, og samstundes vera i eit forskingsnettverk. I tillegg skal vedkomande drive undervisning, til dømes som rettleiar for mastergradsstudentar. Å skrive doktorgrad er krevjande. Skal ein samstundes ivareta samlinga og drive rettleiing, er eg redd vedkomande får det travelt, seier Thorsen. – Har det vore nedskjeringar ved samlinga dei siste åra som gjer at stillinga er lite attraktiv? – Det humanistiske fakultetet, som Griegakademiet og samlinga er ein del av, har vore i ei økonomisk krise. 15 stillingar skal vekk i løpet av ein treårsperiode, noko som betyr at alle ledige stillingar må vurderast på nytt. Det galdt også stillinga til Gjertsen. Vi har kjempa for å halde på nett denne stillinga, noko vi fekk gehør for til slutt, seier Thorsen.

0,60 0,48

03/11 folkemusikk

9


FOLKEMUSIKK OG KRITIKK Tekst: Ida Habbestad. Foto: Aleksander Andersen

Vital kritikk?

«Folkemusikk-Noreg, men også andre som arbeider med kritikk og vurdering av folkemusikk og folkedans, må våga å ta kvalitetsdiskusjonar om musikk og dans på alvor», var oppfordringa på leiarplass i bladet Folkemusikk 1/2011. Kva tenkjer utøvarar, redaktørar, journalistar og kritikarar om problemstillinga?

U

tøvarane Britt Pernille Frøholm og Knut Hamre meiner kritikken har mykje å seia. Dei vert støtta av journalist Gunhild Aaslie Soldal i Nationen, og kritikar Svein Andersen i Aftenposten. Alle fire er samde om at kritikk bør vera seriøs og granskande – og ikkje minst at han bør finnast. – Skriftleg kritikk er viktig. Folkemusikarane treng rettleiing i form av sakleg og nøktern vurdering. I tillegg er kritikk ei form for dokumentasjon på utført arbeid. Den syner at ein er aktiv som utøvar, seier Hamre. – Som utøvar vil eg alltid ynskja at det eg driv med, vert vurdert på eit seriøst grunnlag, seier Frøholm. Soldal peiker på at feltet er tent med at nokon følgjer det kontinuerleg. Ho meiner kritikarane kan komma med gode innspel til feltet. – Kritikken fungerer best når han er open, granskande og konstruktiv. Alle miljø bør sjå seg tente med det, seier ho.

KUNNSKAP: – Det er ikkje alltid nødvendig at kritikaren har inngåande kjennskap til folkemusikk, meiner musikar Britt Pernille Frøholm.

10

folkemusikk 03/11

Fagkunnskap eller ikkje

Kven er det så som skal kritisera? Hamre viser til at det ikkje finst noka formell utdanning på fagfeltet i Noreg. For han er det viktig at kritikaren har god kjennskap til folkemusikk.

– Eg forventar at kritikarane er ærlege og rettleiande for utøvaren, seier han. – Kritikaren bør ha fagleg forståing for innhaldet og handverket. For å komma fram til dette bør kritikaren ha ei viss erfaring. Likevel treng det ikkje vera eit krav at kritikaren har fagkompetanse, meiner Frøholm. – Om eg les ein kritikk, er eg interessert i å få vita mest mogleg om kva produktet inneheld, og kritikaren si oppleving av det. Det er ikkje alltid nødvendig at kritikaren har inngåande kjennskap til folkemusikk. Det kan vera vel så interessant å lesa ei vurdering frå ein som generelt er interessert i musikk, seier ho. Men kritikk bør uansett leggja vekt på produktet, meiner dei to utøvarane. Dei ynskjer vurderingar av handverket, og på om dei medverkande har evna å skapa ein god heilskap gjennom formidlinga. – Kritikaren bør leita etter meininga eller ideen med produktet. Og det er viktig at vedkomande ikkje skriv ut frå slik som han eller ho sjølv ville ha laga produktet, seier Hamre. Frå ein kritikar sin ståstad blir det understreka at verksemda ikkje er nokon eksakt vitskap, meiner Andersen. – Ulike kritikarar har ulike innfallsvinklar for kritikken sin. For meg er først 03/11 folkemusikk

11


FOLKEMUSIKK OG KRITIKK

og fremst lyttaropplevinga det viktige. Eg ynskjer å formidla korleis musikken vert opplevd, om han treffer meg på noko vis. Dernest prøver eg å setja musikken inn i ein musikalsk samanheng, gjerne med referansar til stad, komponistar eller andre utøvarar. Så freistar eg seia noko om musikken fungerer til bruksområdet sitt. Det handverksmessige er sjølvsagt ein viktig del av heilskapen. Men det er ikkje nok å beherska instrumenta sine, ein må vilja noko med spelet. Eg prøver å seia noko om i kva grad utøvarane får musikken til å leva. Sakleg eller usakleg?

Folkemusikken sin posisjon er at sjangeren er for spesielt interesserte Gunhild Aaslie Soldal

Dei siste tiåra har det skjedd store endringar på feltet, gjennom framveksten av utdannings- og interesseorganisasjonar, det ein gjerne omtalar som ei profesjonalisering av feltet. Dette syner att i mykje av kritikken, meiner Frøholm, som er glad for å sjå stadig fleire folkemusikkrelaterte saker i media. Utøvarane toler sakleg kritikk, men ikkje alle har teke endringane inn over seg, trur ho.

Folkemusikk og kritikk ■■ Bladet Folkemusikk skreiv på leiarplass i 1/2011 at «FolkemusikkNoreg, men også andre som arbeider med kritikk og vurdering av folkemusikk og folkedans, må våga å ta kvalitetsdiskusjonar om musikk og dans på alvor». ■■ Knut Hamre og Britt Pernille Frøholm er folkemusikarar og ynskjer meir kritikk av folkemusikk. ■■ Svein Andersen er platemeldar og journalist i Aftenposten. Gunhild Aaslie Soldal er journalist i Nationen, med fortid som langeleikspelar. ■■ Kjell Bitustøyl er tidlegare redaktør i Spelemannsbladet, medan Jan Landro er tidlegare kulturredaktør i Bergens Tidende (BT).

– Miljøet har vore gjennom ei stor endring på kort tid, men ein kan framleis lesa gode omtalar som endar opp med vektlegging av kva «konservative tradisjonalistar frå eit sneversynt miljø» måtte meina. Eller ein legg gjerne vekt på dei såkalla «gretne, gamle gubbane» framfor korleis ting faktisk er i dag. Dette har nok vore ein frustrasjon for mange. Eg ynskjer at produktet ligg til grunn for vurdering, og ikkje personlege fordommar. Soldal meiner ein har komme langt med kritikken. – Inntrykket mitt er at kritikk av folke-

– Kritikarane skal ikkje styrast – Tidlegare kulturredaktør i BT, Jan Landro: Avisene har gjerne fleire reportasjar om folkemusikk enn kritikkar av folkemusikk. Kvifor? – Dette har samanheng med kompetanse. Me har hatt få folk som har kjent seg kompetente til å gje ei fagleg vurdering av folkemusikk. Frilansbudsjettet er ikkje stort i BT. – Me seier gjerne at kritikk skal vera fagleg god og relevant. Korleis vert kritikken relevant? – Relevans er avhengig av produktet. Generelt kan ein seia at produktet ein

12

folkemusikk 03/11

skriv om, ikkje skal sjåast som noko isolert fenomen, men i ein samanheng, til dømes relatert til noko musikaren har gjort før, eller til tradisjonen og miljøet. – Opplever du at arbeidet i avisa samsvarer med forventningane som folkemusikarar har til kritikken? – Kva som vert sagt internt i miljøa, veit eg ikkje. Men responsen eg sjølv har møtt, er utelukkande positiv. Dette kan koma av at feltet er vant med å leva i skuggen av andre. Då stiller du kanskje ikkje dei største krava.

VARIERER: – Ikkje alle utgjevne plater er på høgt nasjonalt nivå, seier Svein Andersen i Aftenposten.

– Burde det vore meir kritikk av folkemusikk? – Ja, og særleg av konsertar. Det har vore svært få konsertkritikkar av folkemusikk i BT. – I kva grad bør kritikaren tenkja beskyttande overfor eit felt som har vore marginalisert? – Kritikarane skal ikkje styrast i noka retning i vurderingane sine. Kulturredaktørane, derimot, har eit ansvar. Kanskje bør dei tenkja med større velvilje på feltet og bidra til å gje det større merksemd.

musikk generelt held eit sakleg og seriøst nivå. Eg synest miljøet har grunn til å vera nøgd med dette bladet, som tek oppdraget på alvor, og som evnar å setja dagsordenen. Det kunne vore eit reint kyrkjelydsblad, seier ho. Andersen meiner det er viktig at ein ikkje tek for mykje omsyn til utøvarane sine forventningar. – Utøvarane står for det dei har skapt, medan kritikarane skal prøva å seia noko om resultatet. Spørsmålet er kven kritikken vert skriven for, og i mitt tilfelle er svaret publikum. Det er hjå dei eg har min lojalitet, seier han.

For snill kritikk?

Ei like interessant problemstilling er spørsmålet om kritikarane gjennom vala sine kan vera for lite kritiske til folkemusikken, meiner han. – Eg vil ikkje seia at kritikarane er for snille. Men ut frå mengda av utgjevne folkemusikkplater er det berre rom for å kritisera ein brøkdel. Når eg må prioritera, prøver eg å plukka dei relevante, gode platene heller enn å skriva om dei meir middelmåtige. Slik kan omtalen i det store og heile bli positiv, og dette kan gje eit skeivt bilete av kvaliteten på kva som vert skapt. Dette er ein type kvalitetsdebatt som alle som held på med skapande verksemd, må ha ei meining om. Soldal er samd.

Storleikar som bevaring eller fornying bør ikkje overskyggja det kunstnarlege innhaldet Knut Hamre

03/11 folkemusikk

13


Magasinet BUNAD. Elsket av mange, men ukjent for langt flere. Bli kjent med oss!

FOLKEMUSIKK OG KRITIKK

For mykje er mot sin hensikt

Slik tyder mykje på ei semje om at det burde vore mykje meir kritikk på feltet. Men ikkje all kritikk er god kritikk, meiner dei intervjua. – Det blir gitt ut mange produksjonar som kunne fortent større merksemd. Men det vil nok ikkje vera heldig å ha massiv mediedekning på all aktiviteten i miljøet. Ikkje alle utgjevne plater er på høgt nasjo-

I Magasinet BUNAD finner du fyldige reportasjer og flotte bilder av bunader fra hele landet. Bli kjent med mange av våre dyktigste bunadtilvirkere, sølvsmeder, historikere og andre spennende personer som har vår draktskatt! Magasinet BUNAD

Britt Pernille Frøholm nalt nivå, og miljøet vil ikkje vera tente med om desse får stor mediedekning, sjølv om produksjonane kan vera viktige for dei enkelte lokalmiljøa, seier Frøholm. – For mykje kritikk kan verka mot si hensikt, seier Andersen. – Utøvarar må få lov til å prøva og feila for å bli betre i faget sitt. Det som er viktig, er å gje eit mest mogleg sannferdig bilete av kva som rører seg innanfor folkemusikken, og oppmuntra til forbetringar der det er nødvendig. Og det som vert skrive, må ha relevans for lesaren. Slik sett

kan noko av dette arbeidet liggja hjå fagblada – dei kan gjerne vera endå meir sjølvopptatt og kritiske enn i dag. Uansett kritikk: Det er det utøvande feltet som er avgjerande for framtida, trur Andersen. – Kvaliteten på utøvarane og musikken bestemmer om folkemusikken skal nå utover kjernemiljøet sitt. Med utøvarane på feltet i dag ser framtida lys ut.

ger ein sensasjon om ei hardingfeleplate vert omtalt i avisene. – Kvifor har det vore så lite kritikk? – Generelt har det vore mykje debatt i miljøet. I høve kappleiken har ein hatt heftige diskusjonar om kven som var den beste. Ein kan undra seg over kvifor diskusjonen ikkje syner att i kritikkformatet. Men miljøet er lite, og folk har ulike hattar. Mange føler dei ikkje kan kritisera utan å møta seg sjølv i døra. Dette kan gjera det ekstra ubehageleg å kritisera.

selges hos Narvesen og i en rekke husflids- og museumsbutikker. Besøk våre nettsider: www.bunad-magasinet.no

t Få e

TI-S A R G prøve

lar! p m ekse

IdaLou sette standard – Då eg byrja abonnera på Spelemannsbladet i 1974, var det stort sett refererande omtale. Dette gjaldt truleg til langt innpå 80-talet. I dagspressa var det endå færre kritikkar, til 90-talet då CD-en kom for fullt, seier Kjell Bitustøyl, tidlegare redaktør av Spelemannsbladet. – I Nationen skreiv IdaLou Larsen om konsertar, og sette standard for folkemusikk som seriøs musikkform. Sakte, men sikkert, har fleire kritikarar dukka opp. Dei er ikkje mange, men det er ikkje len-

masse kunnskap om

Eg ynskjer at produktet ligg til grunn for vurdering, og ikkje personlege fordommar

Foto: Eva Brænd

– Ein kan lika det eller ikkje, men folkemusikken sin posisjon er at sjangeren er for spesielt interesserte. Då er det ikkje unaturleg at dei som følgjer musikken, har ei viss tilknyting til miljøet, og omtalar det i positive ordelag. Likevel – folkemusikkfeltet er ikkje tent med at dei som kritiserer, har ein konsekvent vernande innfallsvinkel. Ikkje kritikarane heller, om dei har interesse av å bli lytta til. Heller ikkje utøvarane ynskjer at kritikaren tenkjer kulturpolitisk. – At ein er oppteken av storleikar som bevaring eller fornying, bør ikkje overskyggja det kunstnarlege innhaldet. Eventuelle kulturpolitiske tankar bør koma som eit tillegg, meiner Hamre. Ei anna sak er at den merksemda ein oppnår gjennom kritikk, i seg sjølv kan vera viktig for det kulturpolitiske, påpeikar Frøholm. – Kritikken er viktig for å synleggjera at dette er ein levande kultur der aktiviteten er stor, med aktivitet på mange ulike område. Kritikken kan vera utgangspunkt for debattar, og merksemda kan i seg sjølv ha kulturpolitisk påverknad.

Og dersom merksemda som kjem, er negativ, kan det opplevast knusande. Eit siste moment er at feltet i den første tida var prega av det frivillige. Spør ein dei som brenn for saka, om å skriva, er det sannsynleg at dei vil skriva om noko dei verkeleg likar. Dette hadde endra seg ein del då eg tok over som redaktør i 1997, og var truleg ei omlegging som hadde kome gradvis.

BUNAD

JA! Jeg vil gjerne bli kjent Magasinet BUNAD. Send meg et gratis prøveeksemplar! Jeg betaler kun porto kr. 23,Jeg vil gjerne abonnere med det samme, og får straks tilsendt de to første utgavene for 2011. De to neste utgavene kommer i september og november. Pris KUN kr. 295,- pr. år. (Du må gjerne krysse av begge steder.)

Navn: ............................................................................... Adresse:...........................................................................

Send kupongen til Magasinet BUNAD AS. Pb. 93, 3441 Røyken eller faks den til: 31 28 09 11 Du kan også bestille direkte på:

www.bunad-magasinet.no/musikk

Postnr./Sted:.....................................................................

14

folkemusikk 03/11

Magasinet BUNAD. Skandinavias eneste spesialmagasin om bunader og folkedrakter


Salet vart utsett OSLO: Folkemusikk har tidlegare skrive om

Hos Narvesen HEILE LANDET: Bladet Folkemusikk kan du no kjøpe hos Narvesen rundt om i heile landet. Det er fyrste gong i historia at bladet er tilgjengeleg i laussal. Difor: Ser du bladet i kioskane, støtt Folkemusikk – kjøp eit blad!

folkedans – har sett av 50 000 kroner til utgreiing av dansefeltet og blir med i arbeidet saman med FolkOrg og Noregs Ungdomslag. Det er sett ned ei ressursgruppe med representantar frå kvar institusjon som skal utarbeide mandat og følgje arbeidet. Johan Einar Bjerkem er tilsett som prosjektleiar. Saka skal opp på representantskapsmøte i Rådet for folkemusikk og folkedans i november, og resultatet skal vera ferdig i løpet av neste år.

Rff-rapporten som synte at det berre finst 4,4 % folkedans i kulturskulane i landet. Dette har Noregs Ungdomslag teke konsekvensen av og starta pilotprosjektet «Folkedans i kulturskulen». – Målet med prosjektet er å finne gode samarbeidsmodellar mellom lag og kulturskular, og vi trur at eit slikt samarbeid på sikt kjem til å styrke folkedansarbeidet både i laga og i kulturskulane, seier prosjektleiar Halldis Folkedal. Noregs Ungdomslag har òg starta opp prosjektet «Nordic Dance 2012», eit nordisk talentprosjekt for folkemusikarar og folkedansarar mellom 18 og 26 år. Nordic Dance hadde fyrste øvingshelga 6.–8. mai. Nina Fjeldet er tilsett som prosjektleiar.

Foto: Tine Krange

Foto: Knut Aastad Bråten

FOLKEMUSIKK: No hos Narvesen. Folkemuseum kan du sjå mange gamle feler.

HEILE LANDET: Rff – Rådet for folkemusikk og

HEILE LANDET: I 2008 kom

konflikten rundt salet av Nordahl Bruns gate 22, eigedommen til Bygdelagssamskipnaden (BLS). Då saka vart lagd fram på årsmøtet i BLS, vedtok årsmøtelyden å utsetje avgjerda til 15. september. – Styret vil då leggje fram to alternativ: eitt tilbod frå Bøndenes Hus og eitt frå Olav Thon. Om BUL overtek, blir det full oppussing/utbygging og utvikling av garden. Thon vil gje oss ei gåve, men har ein klausul om at vi då må drive garden slik han er, seier leiar i BLS Jon Låte.

GAMALT: På Hardanger

Danseutgreiing

Kulturskulen

16

folkemusikk 03/11

det skjer! Juni 15. Søkerettleiing, Schous-kvartalet, Oslo. 18. Friluftskonsert ved Feljakupsteinen, Skjåk.

29.–3. juli Landskappleiken, Seljord, www.lk2011.no Juli 3.–7. Sommarleiren, NU, Bodø, www.sommarleiren.no

7.–10. Folkedansfestivalen, Bodø, www.folkedansfestivalen.no

dansekurs i Folklore Village i Wisconsin/ USA. Knut-Arne Jacobsen og Mary Hegge lærer bort valdresspringar, Håkon Asheim er kurshaldar i hardingfele. 26. juni til 3. juli er det duka for Nordic Fiddles & Feet Camp i New Hampshire/USA. Ulf-Arne Johannessen, Sissel Rudningen og Hilde Kirkebøen lærer bort hallingspringar og spel. Meir info her: www.hfaa.org

7.–10. Førdefestivalen, Førde, www.fordefestival.no 10.–15. Mokurset, Mo i Sunnfjord, www.folkemusikklaget.no/mokurset

19.–23. UngFolk, Kviteseid, www.ungfolk.no 20.–24. Landsfestivalen, Oppdal, www.landsfestivalen.no 20.–24. Riddu Riddu, Kåfjord, www.riddu.no

21.–24. Telemarkfestivalen, Bø i Telemark,

UNDER LUPA: Dansen blir no greidd ut.

www.telemarkfestivalen.no

INTRO-folk 2012 HEILE LANDET: INTRO-folk 2012 går av stabelen annakvart år, og er eit samarbeidsprosjekt mellom Rikskonsertane og FolkOrg. Den praktiske gjennomføringa skjer på ulike folkemusikkfestivalar. Påmeldingsfristen for deltaking på INTRO-folk 2012 er sett til 10. oktober, og 15. november skal artistane etter planen vera klare. Den som vinn heile sulamitten, får ei lanseringsavtale med Rikskonsertane og tilbod om turné i heile landet.

Ulvik og Åsmund Reistad er norske musikarar som deltek i prosjektet «Møtestad Europa» på Førdefestivalen 7.–10. juli, som er eit EUprosjekt i samarbeid med folkemusikarar i tre andre land: Hellas, Italia og Estland. Målet er å møte andre unge musikarar, lære av kvarandre og utveksle låttar og tradisjonar. Musikarane har hatt eitt møte i Italia, og no står Noreg, og Førde, for tur. Seinare blir det konsertar i Estland og Hellas.

AMERIKA: 21.–24 juli i sommar blir det

UTNE: Hardanger folkemuseum er 100 år i år og feirar med ei ny folkemusikkutstilling. Museet reklamerer med den mest komplette samlinga av eldre hardingfeler i landet. Den nye utstillinga har ei eiga medietekavdeling der ein kan høyre opptak frå samlinga og fordjupe seg i litteratur om hardingfela og folkemusikken. I utstillinga er fleire instrument av dei namngjetne felemakarane Isak Nilsen Skaar (1663—1759) og sonen Trond Isaksen Flatabø (1713—1772) frå Botnen i Fyksesund.

FØRDE: Gro Marie Svidal, Liv

Kurs Foto: Einar Eimhjellen

Utstilling

Møtestad

Satsing HEILE LANDET: Arbeidet med å blåse liv i tradisjonsspelet på munnspel grip om seg. 15.–16. april i år var det nytt kurs på Vinstra, med spelemannslaget Spira ved folkemusikklina på Vinstra vidaregåande skule som lokal arrangør.

FLINKE: Deltakarane på munnspelkurset 2011 på Vinstra.

Heile 24 deltakarar fordelte på to gruppe deltok. Instruktørar var den svenske riksspelemannen John-Erik Hammarberg for vidarekomne og Einar Eimhjellen for nybyrjarane. I april 2012 blir det nytt kurs i Trondheim. Følg med!

Høyring

24.–29. Strunkeveko, Leira i Valdres, www.strunkeveko.no

HEILE LANDET: Kulturdepartementet har lagt fram eit høyringsnotat om endringar i åndsverksloven med høyringsfrist 30. september. Notatet tek for seg krenkingar av opphavsrett på nettet. Meir om dette kan du lese her: www.regjeringen. no/nn/dep/kud/pressesenter/pressemeldingar

24.– 31. Jørn Hilme-stemnet, Fagernes, www.hilme.no August 4.–7. Bøgrend Autofest, Vinje, www.bogrend.no

Styrehonorar

10.–14. Kalottspel, Målselv, www.kalottspel.no

HEILE LANDET: FolkOrg – Organisasjon for folkemusikk og folkedans – har fylgjande møtegodtgjersle og styrehonorar: Styremedlemmene får 1500 kroner per møtedag og inntil 1500 kroner i tapt arbeidsforteneste per dag, under føresetnad av at det er heildagsmøte. Arbeidsutvalet, som består av leiaren og dei to nestleiarane, har denne faste godtgjersla: Til styreleiar, 50 000 kroner. Nestleiarane får 30 000 kroner kvar. Ingen av dei får møtehonorar i tillegg.

19.–20. Folkemusikkdagane, Porsgrunn.

Tilbakeblikk Spelemannsbladet for 40 år sidan Mai–juni 1971 OPPMODING: – Ville det ikke være naturlig om fjernsynet satte av rikelig tid til flere programmer hvor folkemusikken kunne presenteres på en skikkelig måte? Vil det ikke være en idé å gjøre et forsøk på å få folkemusikken inn i de tusen hjem?

19.–20. Dansen mellom elvene, www.glomdalsmuseet.no 25.–28. Nordsjøfestivalen, Farsund, www.nordsjofestivalen.no

Kjell Bekkelund 03/11 folkemusikk

17


Tekst: Ida Habbestad. Foto: Laila Meyrick/Velour.no

portrettet

Medviten tvilar Unni Boksasp har stramme arbeidslister og ein nøye utmålt timeplan.

E Unni Boksasp ■■ Songar, arrangør og komponist frå Tingvoll på Nordmøre. ■■ Den første norske folkemusikkutøvaren som har fullført folkemusikkstudiet ved Kungliga Musikhögskolan i Stockholm.

18

folkemusikk 03/11

■■ Vinnar av Spellemannprisen i 2011 for plata Keramello. ■■ Gift med Ola Berge i Telemarksforsking. ■■ Bur på Miland i Telemark.

in fotograf, ein journalist og ein kvedar har forvilla seg opp på eit gamalt låveloft. Golvet er ròte, og me trør forsiktig utpå. Eit vindauga er knust, glas ligg strødd. Gamle gjenstandar står i krokane og på hyller, som ei skattkiste for oppdagingsstemde. Skummelt, tykkjer underteikna, og listar seg forsiktig bakom to målretta damer – på jakt etter den perfekte staden for bilete. Kaldt er det òg. Det milde maivêret har brått skifta lynne: På vegen over fjellet har det regna og snødd, no trekkjer ein isande vind gjennom vindauga. Kvedaren har det verst. Ho er ikkje akkurat kledd for vinter, men bryr seg ikkje nemneverdig. Snarare verkar ho nøgd med dette prosjektet litt utanom det vanlege, og formidlar det til oss med kvikke, merksame augo. – Veit de, eg er glad de ikkje framstiller meg som eit slikt bonderomantisk glansbilete, seier ho. For Unni Boksasp er ei av desse kvinnene som kan framstå som perfekte. Ho

har høge krav til seg sjølv og andre, og vert skildra som målretta, positiv og blid. Ho er godt gift, stolt mor til fire staute gutar, med huset på stell. Ho bur på ein gard, men lukkast i å ha ein frilans utøvarkarriere, og står trygt på eigne føter. Ho er stilsikker til fingerspissane. Og ho let seg openbart ikkje vippa av pinnen korkje av kulde eller skjøre loftsplankar. Likevel — livet hennar er ikkje så idyllisk som ein kanskje vil ha det til. Livet er ein nøye utrekna timeplan, og ei rekkje spenstige val. Livet er å komma seg ut på vegen etter å ha fått den størst tenkjelege overraskinga. Livet er å fullføra eit studium som er avbrote fleire gongar. Livet handlar om å ta imot utfordringar og gleder, samstundes som ein følgjer hjarta. Som då ho gav opp lærarstudiet i byrjinga av andre året. – Eg hadde alltid trudd eg skulle verta lærar, og studerte nordisk grunnfag på Hamar. Men eg forsto det var ein skivebom då me kom til biologi og gym. Seinare fullførde eg studiet, og forsøkte meg 03/11 folkemusikk

19


PORTRETTET

òg som lærar. Men eg vart ikkje nøgd med livet mitt. Eg ville jobba som musikar, og vart så frustrert over at det ikkje fanst tid til det. Eg tenkte at noko måtte skje, fortel Unni. Kva tid veit ein at ein skal verta profesjonell folkemusikar? For Unni har dette spørsmålet fleire svar. Ein gong i tida kjende ho ikkje til folkemusikken i det heile. Heime på Tingvoll var ho aktiv i kor- og korpsmiljøet, og likeins i leikarringen i bygda. På musikklinja var saksofonen instrumentet. Unni ville gjerne jobba med musikk, men hadde ikkje trua på at det kunne vera mogleg. – Eg voks opp i eit samfunn der det ikkje var nokon som vart musikarar, med ideen om at ein måtte få seg ein skikkeleg jobb. Då ho likevel unnte seg eit år på folkehøgskulen i Seljord, vart ho for første gong kjend med den austlandske folkemusikktradisjonen. Møtet var overveldande, statusen og omfanget til musikken var så mykje meir omfattande enn i heimbygda. Og ein dag oppdaga ho ei avgjerande plate. Rosensfole med Agnes Buen Garnås surra og gjekk i spelaren hennar. Ei tid etter fekk ho si første plate med Tiriltunga. – Dette var første gongen eg høyrde kveding medvite. Det var noko med songuttrykket, måten å synga og formulera seg på som eg tykte var så sterk; så naturleg og lite tilgjord. Eg visste ikkje då at dette var noko eg ville halda på med heile livet. Men møtet rørde meg spesielt, seier ho. Eit tilsvarande sterkt møte fann stad då ho nokre år seinare vart introdusert for musikken frå Nordmøre ved folkemusikkakademiet i Rauland. Unni skildrar møtet med songar på hennar eige mål som ei nær religiøs oppleving. – Eg lytta og lytta, kveld etter kveld, for å forstå systemet i dette, minnest Unni. Velartikulert framfører ho historia si, framfor peisen i stova. Kulda er i ferd med å forlata kroppen, og eg let meg fascinera over små avstikkarar på vegen fram mot målet. 20

folkemusikk 03/11

Likeins over eit utradisjonelt val: utøvarstudiet i folkemusikk – i Stockholm. – Kva får ein folkemusikar til å reisa ut av landet for å ta vare på tradisjonen sin? – Eg ynskte meg eit profesjonsstudium, svarer Unni. – På Musikkhøgskolen i Oslo var det ikkje mange kvedarar som hadde gått endå, og då gjekk ein gjerne på linja for pedagogikk. I Stockholm har dei hatt ei veletablert folkemusikklinje sidan 70-talet, med eit heilskapleg opplegg som eg tykte om. Eg visste det var dit eg ville. Men kor bra det var, visste eg ikkje før eg kom dit. Som lærar ved Valle vidaregåande skule hadde ho bestemt seg for at noko skulle skje, og dette «noko» var eit utøvarstudium i Stockholm. Stadig var ho ikkje overtydd om musikaryrket. Studiet i Stockholm var ein avstikkar, for å tilfredsstilla dragninga mot musikken. Men studiet gjorde henne godt; ikkje minst sidan studiekvaliteten mellom anna besto i ei viss nedjekking, fortel Unni. Då ho kom til Stockholm, var ho van med å få bestemma mykje sjølv. Ho hadde nådd til A-klassa på Landskappleiken. Ho hadde ei sterk stilkjensle og var god til å herma etter opptak. Langt på veg meinte ho seg ferdig utvikla. – Sanninga var at eg hadde stoppa i det musikalske. Eg hadde liten kunnskap om stemma mi som heilskap, var proppa full av stengsler, og hadde laga meg allslags reglar om korleis ting måtte vera. Leiinga i Stockholm overtydde meg om å gå til Gunnel Mauritzson, som vart ein utruleg god pedagog for meg. Eg hadde så godt av å verta rista, seier Unni. Unni vart rista på fleire vis. I april første året i Stockholm fødde ho sitt første barn, Knut, som medførte ei første forseinking i studiet. Den verkelege overgangen kom nokre år seinare då Unni og Ola fekk beskjed om at dei venta trillingar. Liva deira stoppa opp. – Det å få ungar er ein fase i livet. Eg er

– Det er i musikken eg har tankeverksemda mi

utruleg glad for at eg har dei no. Men då eg sat der gravid, før sjokket hadde lagt seg over at det var tre ungar, trudde eg at eg aldri meir skulle få gjort noko. Nettopp på den tida hadde eg fått brev frå Norsk kulturråd om at dei løyvde meg to år med kunstnarløn. Det tykte eg helst var ein dårleg spøk. Men heldigvis stoppar det ikkje, livet. Ein kjem ut i andre enden litt rikare, seier Unni tankefullt. Å bera fram tre barn er fulltids jobb. Unni skildrar månader med venting, og tida etter fødselen som skiftarbeid i ei lita bedrift. Som musikar heldt ho tyst i eitt år. Då vart ho spurd av Anne Hytta om å verta med på eit tingingsverk til Telemarkfestivalen. Med det vart ho motivert til å koma attende i manesjen. Unni fortel om målretta treningsopplegg, med utgangspunkt i tips frå

songpedagogen Gunnel, som sjølv er mor, og som skjøna kva som måtte til. Berre at dette var gonga med tre. Ei omvelting som den Unni har opplevd, kunne ha stoppa kven som helst. Å ha halv stilling på skulen på landsbygda, tenk så mykje enklare det ville vore! – Men så klarer eg jo ikkje det. Eg må halda på med musikk. Det er i musikken eg har tankeverksemda mi, insisterer ho. Målretta tankegang, disiplin og viljestyrke er omgrep ein gjerne får høyra, dersom ein bed andre skildra kvedaren. Sjølv freistar ho nyansera biletet. Ho melder at den tette kvardagen ikkje vert opplevd som så hard som ein kanskje skulle tru. Lattermild fortel ho om juksing i sitt eige stramme opplegg. Men når ho fortel om korleis ho har

arbeidd med Unni Boksasp Ensemble, er signaturen til eit målmedvite menneske atter tydeleg. Det er ikkje tilfeldig kven som er med i bandet. Det er ikkje tilfeldig korleis ein jobbar. Dei første månadene i lag spelte musikarane jamvel unisont, for at heile bandet skulle forstå melodiane og songen. Og reglane vert stadig færre. Verda har ikkje lenger nokon like klår fasit. Dei krasse meiningane er oftare erstatta med undring — over kva som eigentleg er rett. Kan henda òg av glimt i auga, skal ein dømma etter dei leikne arrangementa på andreplata Keramello, som gav ensemblet Spellemannprisen i 2011. På denne plata syng Unni òg sin eigen song, om læremeisteren Magnhild Almhjell. «Magnhild sin song vart min song», syng Unni, og skildrar ein heilt spesiell relasjon

til eit menneske ho aldri møtte, men som er mellom dei mest sentrale tradisjonsberarane frå området hennar. – Er du nokon gong redd for å verta for lik Magnhild i uttrykket ditt? – Å ha Magnhild som hovudkjelde er først og fremst luksus. Ho er ei solid kjelde som ein kan strekkja seg mot. Eg har alltid stolt på stilkjensla hennar, og oppdagar stadig nye detaljar i songane, svarer Unni, og tenkjer seg om. – Men vi er døtrer av kvar vår tid. Difor er det ingen fare for at vi vert like. Ein vesentleg skilnad mellom dei to er altså vilkåra dei lever under. Magnhild kunne aldri ha trekt dei gamle songane opp på scena. Ho tok vare på melodiane som ho hadde lært av bestemor si, og song dei inn for NRK — slik ho sjølv hadde lært dei. Kon03/11 folkemusikk

21


FOTO: STIAN ANDERSEN

NYE GREP OM KAPPLEIKEN, SJÅ NETTSIDA!

TRIO MEDIÆVAL

AASMUND NORDSTOGA

MED BIRGER MISTEREGGEN OG RAGNHILD HEMSING

VALKYRIEN ALLSTARS

– Med nye utfordringar vert ein vridd ut av den vonde sirkelen, og kjem inn i nye tankebanar SIGNELITI OG GULLMON

22

folkemusikk 03/11

24. JULI –31. JULI 2011

eg brenn for dette. Eg tykkjer det er kjekt å kunna dela kunnskap om musikk, forklarer Unni. Som saumlaust har funne fram til den musikarrolla ho vil vera i. Og når livet hennar frå tid til anna vert tungt, heng det saman med ikkje-musikalske spørsmål, som utfordringar i kontorarbeidet og ein plan med for mange element, som det ikkje kan juksast i. – Når eg ikkje får med meg arrangement på skulen som ungane er med på, har eg

kjøle dårleg samvit. Likeins taklar eg ikkje så godt når andre ikkje er nøgde med arbeidet mitt. Det hender jo i praktisk samanheng, som i turnéplanlegging, der mange menneske og mykje utstyr er involvert. Livet går i stå nokre dagar. Men heldigvis ikkje lenge, fortel kvedaren. – Ting løyser seg med nye oppdrag. Med nye utfordringar vert ein vridd ut av den vonde sirkelen, og kjem inn i nye tankebanar. Då går kabalen opp.

FOTO: LARS IGESUND

sertane hennar heldt ho i fjøset for kyrne. Musikken var bruksmusikk i kvardagen. – Difor er uttrykket hennar meir innettervendt og stillfare enn mitt. Samstundes er det kraftfullt, både med framdrift og med ein tryggleik, som gjer at eg forstår at ho vil synga songen akkurat slik ho gjer det, seier Unni. Magnhild var ei eldsjel. Og sjølv om skilnadene er store mellom generasjonar og tider, er enkeltmennesket stadig viktig for overlevering av kunst. Unni vil gjerne snakka om desse eldsjelene: Alle som har vore viktige for henne, frå kordirigenten i heimbygda, til nabokjerringane, lærarane. Alle som stiller opp og går inn for å byggja noko av verdi. – Di eldre eg vert, di meir forstår eg kor viktige desse menneska er, seier ho, ikkje framand for at arbeidet ho sjølv legg ned for å skapa eit miljø for folkemusikk i Tinn, kan verta viktig for somme ein dag. Slik fyller ho endeleg ei lærargjerning med større velvilje enn før. – Skulen og musikarverksemda; det er to så ulike verder. Rutinane og dei faste oppmøta i skuleverket fungerer ikkje saman med eit altomfattande musikarliv. Men ei lita kulturskulestilling er det plass til, den let seg justera etter ein ustabil timeplan. Og

JØRN HILMESTEMNET

www.hilme.no

DEN STORE OG INTIME FOLKEMUSIKKFESTIVALEN

STIAN CARSTENSEN OG OLA KVERNBERG | UGAGN | DANIEL SANDÉN WARG TØRSTAD OG CO | HAUGERUD, FINGARSEN OG EVJE | GNEKK OG YT | RAGNHILD HEMSING KIM ANDRE RYSSTAD | OLAV NORHEIM OG KNUT OPHEIMSBAKKEN | RANNVEIG DJØNNE ØYONN GROVEN MYHREN | HALLGRIM HANSEGÅRD | FRIKARAKADEMIET | MED FLEIRE

BILLETTAR: 61 35 94 23

03/11 folkemusikk

OPPLAND 23fylkeskommune

FOTO: TINE KRANGE

PORTRETTET

FOTO: CF-WESENBERG/ CF-WESENBERG/kolonihaven.no

GAMALDANS | BYGDEDANS | KONSERTAR | KAPPLEIK | KURS | FRAMSYNINGAR | BARNEKONSERTAR


GUIDE

Tekst: Halldis Folkedal. Foto: Festivalane

Festivalsommar! Len deg godt til rette, finn fram kulepenn og kryss av festivalane og kursa som treffer deg i hjarterota. Sest vi på festival?

Foto: Sidsel Røine

Førdefestivalen Førde, 7.–10. juli/www.fordefestival.no Under vignetten Women's world har Førdefestivalen henta inn sterke musikarar frå heile verda, mellom dei Oumou Sangaré (Mali), fronta som den største afrikanske musikaren for tida. Andre kvinner på festivalen er sigøynardronninga Esma Redzepova, Ana Moura (Portugal), Susana Baca (Peru), Houria Aïchi (Algerie/Frankrike), Urna (Mongolia), Julie Fowlis (UK) og Liu Fang (Kina). Av dei norske store er Kirsten Bråten Berg, Unni Løvlid, Sigrid Moldestad, Dei Beste Damene og Sinikka Langeland namn å merka seg. Midt mellom kvinnene og dronningane av verdsmusikken finn ein også nokre kongar. Ein av dei, Gjermund Larsen, står for tingingsverket i år, i lag med Trondheimsolistene.

konsertar, denne gong med kjende Trio Medieval, Birger Mistereggen og Ragnhild Hemsing. Valkyrien Allstars er trekkplaster på stølslaget Jaslangen. Nytt av året er danseframsyninga «Signeliti og Gullmon», koreografert av Indra Lorentzen. Dansarar i framsyninga er Sigbjørn Rua og Silje Onstad Hålien, musikk ved Øyonn Groven Myhren og slagverksgruppa SISU. På laurdagskvelden kjem Aasmund Nordstoga Band. Andre artistar er Ugagn med vokalist Sigrid Berg, Erik Sollid på hardingfele og gitarist Bård Bjørke, Kim André Rysstad, Rannveig Djønne og Daniel Sanden Warg.

Foto: Tom Sandberg

SJARMØR: Han er høg og mørk, og får kvinnene til

SUDAN: Dudan kjem til Bøgrend Autofest. Marit Karlberg og Anders E. Røine.

å dåne; Aasmund Nordstoga.

Folkedansfestivalen Bodø, 7.–10. juli/www.folkedansfestivalen.no Folkedansfestivalen siktar seg inn mot å vera festivalen med det breiaste og mest varierte dansetilbodet, med vekt på norske folkelege dansetradisjonar. Dansaren og pedagogen Sigurd Johan Heide er med i opningsframsyninga «Aldri på en søndag» og med ei rekkje dansekurs, mellom anna nordnorske polsar! Festivalmusikaren Ragnhild Furebotten og tubaist Lars Andreas Haug er musikarar i opningsframsyninga. Andre dansespelmusikarar på festivalen er Leif Egil Andreassen, Mikael Lundmo og Målselv spele-

Kalottspel Målselv, 10.–14. august/www.kalottspel.no Festivalen vert rekna for å vera den nordlegaste folkemusikkfestivalen i landet. Artistane i år spenner vidt, frå visesong med Ola og Lars Bremnes, intimkonsert med Inga Juuso og Nils Anders Påve, til bluegrass på låven. Årets folkemusikar 2010, Sigrid Moldestad, og bandet hennar kjem. Det same gjer bluegrassbandet Earlybird Stringband som spelar til dans på låven. Kalottspel satsar også på svensk musikk: Johan Hedin og Esbjörn Hazelius, to av Sveriges mest etablerte folkemusikarar, det same er riks-

24

folkemusikk 03/11

FINNSKOGEN: Sinikka Langeland kjem til Førdefestivalen.

Jørn Hilme-stemnet Fagernes, 24.–31. juli/www.hilme.no Festivalen i Valdres er ei suksessfull blanding av kappleik, festival og solide danse- og konsertopplevingar. Tradisjonen tru er det også i år kyrkje-

Foto: Rickard Eriksson

mannslag. Folkedansfestivalen vil også inspirera til at dansarar tek steget til å verta utøvande, i inspirasjonsseminaret «Frå hobby til levebrød.»

irske Sharon Shannon, kjend for sin framragande teknikk på både toradaren og fela, den skotske songaren og multiinstrumentalisten Julie Fowlis, dei danske vikingrockarane Valravn, reisande sin musikk frå Ralf-Novak Rosengren og Laila Yrvum. Fleire kjende er Stian Carstensen, Nuala Kennedy, Frode Haltli, Vegard Vårdal, Frode Nyvold, Ånon Egeland og Leiv Solberg.

Sommarkurs SVENSK: Johan Hedin og Esbjörn Hazelius kjem til

Foto: Stian Andersen

Bøgrend Autofest Vinje, 4.–7. august/www.bogrend.no Av og til seier festivalnamn alt og ingenting. Slik er det med denne festivalen. Det som kunne vore ein festival for automobilar i Bøgrend i Vinje, viser seg å vera eit lite stjerneskot av ein festival på ein nedlagd bensinstasjon. Autofesten byr på ei smakfull blanding av folkemusikk, visesong, skranglerock, reggae, pop og generelt musikk som ikkje enkelt let seg kategorisera. Dei med folkemusikkhjarte kan sjå fram til konsertar med Sudan Dudan, Per Anders Buen Garnås og Gammalgrass. Andre artistar er kritikarroste Stein Torleif Bjella, visesongaren Frida Ånnevik, reggaebandet Bitu & the Bandits, Kråkesølv, El Cuero, Deathcrush og Ontz.

spelemannen Anders Bjernulf. Gruppa Jord kjem frå Mikael Niemi sine heimtrakter, Tornedalen, og representerer den tornedalske musikken og språket. Det vert også feiring av Egil Storbekken, med konsert med dottera Eli Storbekken og hennar trio.

Målselv i sommar.

Telemarkfestivalen Bø i Telemark, 21.–24. juli/ www.telemarkfestivalen.no Konserten «Prøysenfolk» slår an tonen under årets Telemarkfestival. Sondre Bratland, Ingebjørg Harman Bratland, Unni Boksasp, Jon Anders Halvorsen og Tuva Syvertsen tolkar to viser kvar av den folkekjære artisten. Tuva møter me også att i lag med Vigdis Hjort i «Folkemusikkasylet». Syskena Ingvill Marit og Per Anders Buen Garnås gjev deg ein religiøs folkemusikkonsert der mykje er henta frå den siste plata deira, Salme, segn og solbøn. Den verdskjende irske gruppa The Dubliners held konsert i lag med hardingfelespelaren Torgeir Straand på fredagskvelden. Same kvelden får du også møta Unni Boksasp Ensemble, og konsertkonseptet Swedish rythms. Andre store musikarar er gruppa Sver, rapparen Snakka San og Odd Nordstoga. Ottar Kåsa avsluttar Telemarkfestivalen med den tradisjonsrike Borgjakonserten. Nordsjøfestivalen Farsund, 25.–28 august/ www.nordsjofestivalen.no Nordsjøfestivalen i Farsund rettar søkjelys mot tradisjonsmusikken som finst i landa rundt Nordsjøen. Festivalen har hatt musikarar frå Skottland, England, Irland, Orknøyane, Færøyene, Shetland, Danmark og Sverige innom. Høgdepunkta i år er

Mokurset Mo i Sunnfjord, 10.–15. juli/ www.folkemusikklaget.no/mokurset Mokurset starta opp i 1984 og rettar seg særleg inn mot tradisjonane ein finn på Vestlandet. Ein kan fordjupa seg i fele, hardingfele, toradar, trekkspel, vokal og folkemusikkgitar, i tillegg til eit fordjupingskurs i folkeleg dans med Ami Petterson Dregelid og Ellika Frisell. Strunkeveko Leira, 24.–29. juli/www.strunkeveko.no Strunkeveko i Valdres er det største folkemusikkkurset i landet med nær 100 elevar kvar sommar. I tillegg til undervisning blir det fotballturnering, bading, friluftsliv og ein avslutningskonsert med tittelen «På eventyr». Ungfolk Kviteseid, 19.–23. juli/www.ungfolk.no UngFolk varar i fem dagar og er for deg mellom 10 og 18 år som vil læra meir om folkemusikkband, hardingfele, kveding, munnharpe eller dans. Blant lærarane finn vi spelemannen Alexander Røynstrand på hardingfele og stordansaren Bjørnar Heimdal. Sommarleiren Bodø, 3.–7. juli/ www.sommarleiren.wordpress.com I dagane før Folkedansfestivalen startar, er det sommarleir for ungdom i alderen 14–26 år. Sommarleiren i Noregs Ungdomslag (NU) blir arrangert kvart år i forkant av Folkedansfestivalen og har kurs i folkedans og teater.

Kalender Landskappleiken, Seljord, 29. juni til 3. juli, www.lk2011.no Sommarleiaren, Bodø, 3.-7. juli, www.sommarleiren.wordpress.com Førdefestivalen, Førde, 7.–10. juli, www.fordefestival.no Folkedansfestivalen, Bodø, 7.–10. juli, www.folkedansfestivalen.no Mokurset, Mo i Sunnfjord, 10.–15. juli, www.folkemusikklaget.no/mokurset UngFolk, Kviteseid, 19.–23. juli, www.ungfolk.no Landsfestivalen, Oppdal, 20.–24. juli, www.landsfestivalen.no Riddu Riddu, Kåfjord, 20.–24. juli, www.riddu.no Telemarkfestivalen, Bø i Telemark, 21.–24. juli, www.telemarkfestivalen.no Strunkeveko, Leira, 24.–29. juli, www.strunkeveko.no Jørn Hilme-stemnet, Fagernes, 24.–31. juli, www.hilme.no Bøgrend Autofest, Vinje, 4.–7. august, www.bogrend.no Kalottspel, Målselv, 10.–14. august, www.kalottspel.no Nordsjøfestivalen, Farsund, 25.–28. august, www.nordsjofestivalen.no Folkelarm, Oslo, 29. september til 1. oktober, www.folkelarm.no Oslo World Music Festival, 2.–6. november, www.rikskonsertene.no Osafestivalen, Voss, 27.–30. oktober, www.osafestivalen.no Hilmarfestivalen, Steinkjer, 10.–13. november, www.hilmarfestivalen.no

03/11 folkemusikk

25


Tekst: Anna Kleiva. Foto: Hilde Mesics Kleven

Det nye albumet til Aslak O. Brimi (t.v.) og Erlend Viken er spelt inn i eit 300 år gamalt hus i Sørkedalen. Det passar godt for ein duo som har den gamle tradisjonsmusikken i fokus.

Aslak og Erlend

– Vi har spelt inn begge platene våre på nokså spesielle stader, seier Erlend. – Den første på Vianvang. Denne på Bjørngard, i eit tømmerhus frå 1700-talet. Det passar godt med felemusikk i slike rom. – Vi spelar framleis tradisjonsmusikk, fortel Aslak. – Arrangert i vår stil. Men kanskje hakket meir utfordrande denne gongen. På førsteplata spelte vi kjende og kjære låtar, denne gongen er det fleire rare, personlege favorittar. Mange i den nyare generasjonen folkemusikarar jobbar eksplisitt med fornying av sjangeren, og blandar inn element frå andre stilartar. Viken og Brimi går litt til andre kanten. Er det eit standpunkt, lurer eg. 26

folkemusikk 03/11

– Det er ikkje slik at eg vil «slå eit slag for» tradisjonsmusikken, seier Erlend. – Det er fordi det er det eg liker best å spele. Aslak er einig: – Det er marknad for tradisjonsmusikken, han treng ikkje å bli fronta. Vi spelar den musikken vi er vaksne opp med. – Og kva med prestasjonsangsten framfor andreplata? – Vi gjer den greia vi liker, og kan. Ein kan meine det er kjedeleg, men vi veit det er bra kvalitet på det vi gjer. Eg tippar likevel at vi får mindre publisitet denne gongen, seier Aslak. For det er ikkje akkurat lett å selje CD-ar om dagen; duoen har pønska mykje på dette. – Vi ville gjerne gjere noko spesielt med

omslaget, slik at ein skal få lyst til å eige den fysiske plata. Inspirert av Sigmund Falk, som set morosame og absurde tekster til gamle bilete, leita vi fram bilete av gamle spelemenn frå Oppdal og Lom, som vi har eit personleg forhold til. Og Sigmund Falk skreiv tekst til. – Det er ganske originalt i CD-samanheng. Det er ei utgjeving som er artig å eige, meiner Erlend. Dei to felespelarane er altså på nett både humormessig og musikalsk. Det kan vere ein fordel. – Når ein er berre to, er det viktig å komme overeins, både sosialt og musikalsk, seier Erlend.

■■ Aslak Opsahl Brimi (f. 1983) frå Garmo i Lom. Har studert folkemusikk i Rauland, og har master i kjemi frå Trondheim. ■■ Erlend Viken (f. 1984) frå Oppdal. Har studert folkemusikk og pedagogikk ved Noregs musikkhøgskole i Oslo. ■■ Aslak og Erlend gav ut albumet Duo i 2009. For det fekk dei Folkelarmprisen 2009. ■■ Andreplata, Ho venta på rock, blir sleppt under Landskappleiken i sommar.

debuten min Foto: xxx

plater+bøker

Spelemannsduo

– Tidlegare delte vi meir på å spele hovudstemme og harmoniar, men på den nye plata er det alltid Aslak som spelar melodien. Det funkar best slik. – Var det musikalsk kjærleik ved første blikk? – Eg hugsar, seier Aslak, – at de frå folkemusikklina på Vinstra vidaregåande skule kom til Skjåk og heldt kurs for oss tullingane. Erlend hugsar det også når han tenkjer seg om. Og det var rundt tusenårsskiftet at dei begynte å henge mykje saman. – Men duoen vart ikkje danna før i 2008, då vi begynte å jobbe med plateprosjektet. Vi hadde ikkje gjort nokon konsertar før vi spelte inn plata, seier Erlend. – Det er ganske uvanleg. Vi gjer Men det funka bra for den greia oss. Vi har spelt i lag i mange ulike samanvi liker, hengar. og kan – De er også anerkjende solistar; korleis forheld de dykk til spelemannsrolla? Kjenner de dykk som spelemenn? – Eg diskuterte nettopp dette med ein kompis! seier Aslak. – Kva er eigentleg ein spelemann? Må ein drive med tradisjonsmusikk? Eller fele? Må ein leve «spelemannslivet»? Men når eg stiller opp på kappleik, kjenner eg meg som ein spelemann. – Ja, eg ser på meg sjølv som ein spelemann, seier Erlend. – Men det kjem an på korleis ein definerer det. Det er jo nokre store som har sett standarden. Bernhoft Osa, for eksempel, det blir noko heilt anna.

Hvem: Susanne Lundeng Hva: Havella (Heilo) Når: 1991

Som en kastevind Jeg hadde akkurat vært på min første turné med andre musikere. Den fikk navnet «Folkemusikk møter jazz». Konserten var et møte med meg og landsdelsmusikertrioen for jazz i Nordland bestående av Jan Gunnar Hoff (tangenter), Finn Sletten (perkusjon) og Kåre Garnes (bass). I tillegg var saksofonist Henning Gravrok, sangeren Eva Trones og svenske Merit Hemmingson (kjent for sine tolkninger av svensk folkemusikk i jazzstil) med. Vi tok utgangspunkt i mitt slåtterepertoar fra Nordland og reiste på en fantastisk og dramatisk tur i Nordland i et forrykende januarvær. Dette var kanskje første gang at publikum fikk berøring med sin egen folkemusikk i nordre Nordland, og det vakte stor begeistring både blant publikum og presse. Etter turneen fikk jeg tilbud fra Nordland fylkeskommune om å spille inn en CD med dette stoffet og med disse musikerne. Jeg tenkte meg raskt om – og takket pent nei. Mitt ønske var at den første CD-en med folkemusikk herfra skulle være solistisk, og slik jeg hadde lært disse slåttene, og at den skulle gjenspeile meg som den musikeren jeg var på denne tida. CD-en skulle også fungere til dans, særlig med tanke på hvor

lite polsdanser som var tilgjengelige på innspillinger. Siden dette var ukjent materiale, la jeg stor vekt på å fortelle så mye som mulig i coveret om spellemennene og tradisjonen, og det resulterte i et «trekkspill» av et brettecover på kassettversjonen (forøvrig min eneste Dette var kassett!). kanskje Jeg gjorde innspillingen i Radioførste gang skogen på Fauske at publikum med Midtnorsk Lyd 1990, med tekfikk berøring inikerne Jon Olav med sin egen Lien og Morten Det var folkemusikk Skålvoll. veldig avslørende å høre seg selv på opptak, og da tenker jeg spesielt på all mumlinga og småpratinga som jeg gjorde mens jeg spilte (kom ikke med på CD-en). Det var Hallvard Kvåle som entusiastisk ga ut Havella, og penger tigde vi her og der! 03/11 folkemusikk

27


plater+bøker

en hang til kjølige og distanserte lydbilder, kjent blant annet fra Jan Garbareks utgivelser på samme selskap. Med tanke på at Lysøen er spilt inn i en såpass intim atmosfære som villaen til Ole Bull, ville musikken her vært tjent med en varmere lyd, lik den man kunne høre på Apelands Glossolalia fra tidligere i år, noe som også ville gitt den en mer emosjonell nærhet.

Chris Monsen

Lysøen – Hommage à Ole Bull Nils Økland & Sigbjørn Apeland ECM/2011 61:56 minutter/16 spor Produsent: Manfred Eicher Terningkast: 4 Ole Bull kjøpte rundt 1870 øya Lysøen utenfor Os ved Bergen, en øy hvis natur og omgivelser ble til stor inspirasjon for ham, og et sted han lengtet tilbake til når han var på reise. Øya har også inspirert kunstnere som har besøkt den i ettertid, slike som Nils Økland og Sigbjørn Apeland. Deres nye utgivelse, Lysøen – Hommage à Ole Bull, er i sin helhet spilt inn i Bulls villa på øya. Fiolinist Økland og pianist og organist Apeland opererer gjerne i spenningen mellom folkemusikk, samtidsmusikk og improvisasjon, og Lysøen er en hyllest til nettopp denne delen av Ole Bulls musikalske arv, der han ble berømt for å improvisere over klassisk musikk blandet med folketoner. Med Bulls «La Mélancolie» gir Økland og Apeland oss et godt eksempel på dette når den her presenteres i to vakre fortolkninger på hver sin ende av platen: Den første er en forholdsvis fri variasjon over melodien, mens den siste er tro mot Bulls komposisjon, attpåtil spilt på instrumenter som var i hans eie. I tillegg til improvisasjoner over Bulls musikk samt over tradisjonelle folketoner er nettopp melankolien et gjennomgangstema på Lysøen, noe som også reflekteres i de stillegående, nesten minimalistiske komposisjonene duoen selv bidrar med. Selv om ikke alle tolkningene høres like inspirert ut – «Solveigs sang» er her sår, men skiller seg ikke nevneverdig fra andre tolkninger – vedlikeholdes den lengtende stemningen albumet igjennom. Produksjonen til Mr. ECM selv, Manfred Eicher, blir dog et ankepunkt. Eicher har

28

folkemusikk 03/11

Veiskille Andreas Bjørkås Etnisk Musikklubb/2011 44:00 minutt/17 spor Produsent: Sjur Viken Terningkast: 4 Andreas Bjørkås er ein av dei store unge utøvarane i vanleg fele og debuterer her som soloutøvar på plate. Han er utdanna ved Noregs musikkhøgskole, musikalsk leiar og komponist for gruppa Nordafjells, og etter mengder med finalespel og pallplasseringar på landskappleiken vann han endeleg A-klassa i 2010. På Veiskille spelar han stort sett slåttar frå Oppdal og omegn, i tillegg til ein halling han har komponert sjølv. Det er mest solospel, men fem av slåttane er i samspel med Olav Christer Rossebø på gitar og mandolin og/eller Erlend Viken på fele og oktavfele. Tittelen på plata er ikkje teken ut av lause lufta: det er i tradisjonskrysset Oppdal mellom Nord-Vestlandet, Gudbrandsdalen og Trøndelag desse slåttane har vakse fram, og plata ber tydelege preg av nettopp det. Oppbygning som i polstradisjonen, lett og leikent som på Nordmøre og med klare trekk frå storebror Gudbrandsdalen. Andreas Bjørkås serverer gode springleikar, lyriske valsar, reinlendarar og ein fin og varm bånsull som han sjølv har komponert

andre veket på. Det er særleg valsane eg let meg imponere av, dei vert framført med eleganse og overskot. Teknikken er svært god, men Bjørkås har ein del å hente i dynamikken som ligg i materialet, noko som gjer til at heilskapen vert noko livlaus og kjennest tidvis litt uinspirert. På sitt beste er samspelet godt og drivande med ostinatliknande riff som viser svensk påverknad. Kompet fungerer godt på til dømes «Vals etter Sigurd Aalmen», men er ikkje like bra på til dømes «Reinlender etter Ola Setrom» der dei trør i opptråkka løyper. Totalinntrykket er difor ikkje like overtydande. Desse karane er såpass røynde at ein forventar at dei utfordrar og utviklar slåttane, men i staden vert eit par av slåttane mindre spennande i møtet med kompet. Coveret har diverre nokre småfeil, og har av ein eller annan grunn omsettingar til både engelsk og fransk, noko som verkar unødvendig. Slåttane vert introdusert av spelemannen sjølv, og me får litt meir kjennskap til kjeldene på ein personleg og informativ måte. Tom Karlsrud har sete bak spakane og levert upåklageleg lyd i mine øyro.

Asgaut Bakken

Happ Fribo Fribo Records/2011 58:13 minutt/11 spor Produsentar: Angus Lyon, Ewan MacPherson og Fribo Terningkast: 4 Fribo sin musikk er prega av møte mellom nyare og eldre angloamerikanske og skandinaviske folkelege musikkformer. Men like mykje kan det seiast å vera musikk av det slaget som – så lenge ikkje teksten avslører opphavet – den finske musikkforskaren

Tina Ramnarine kallar «New Folk Music». Musikk som vert spela av yngre, gjerne høgt utdanna folkemusikarar, diskré inspirert av rock eller jazz, der rasjonale/regionale karakteristika vert tona ned, og den felles musikalske møtestaden vert framheva. For Fribo er dette «the place where Scandinavian and Celtic styles meet». Skandinavia er representert ved norske Anne Sofie Linge Valdal (song/fløyter), svenske Magnus Lundmark (slagverk), og det keltiske/britiske elementet ved gitarist/ multiinstrumentalist Ewan MacPherson og felespelaren Hanna Read. Dessutan medverkar fem gjestemusikarar, med felespelaren Sarah-Jane Summers i spissen. Produksjonen er sterkt prega av popmusikkens bruk av kompresjon, som forenkla vil seia at heile frekvensområdet let like høgt. Dei praktiske konsekvensane av dette er både ein styrke og ein svakheit for denne plata. Det mest plagsame er at songstemma kjem for tett, nett som om nokon kviskrar deg tett i øyra. Men når bassfrekvensane vert forsterka på tilsvarande vis, vert det rytmiske elementet understreka, og får det – også i positiv forstand – til å høyrast ut som popmusikk. Og det er desse kvalitetane eg likar best på denne plata: dei lange folk/ progrock-inspirerte instrumentalpartia der små melodiske/rytmiske figurar, gjerne på fele og seljefløyte, vert bygde gradvis opp under drivande slagverk og gitar. Plata er likevel eit døme på noko eg generelt synest er problematisk med denne nye folkemusikken: Gode tilløp til energisk, suggererande folkrock, men i staden for å ta det ut med bråkete trommer og improvisasjon vel ein ei tryggare løysing med cajon – denne trommekrakken som samstundes er eit heilt lite slagverk – og kontrollerte, pyntelege arrangement. Trass i eit stort instrumentarium, fleire språk og stilistiske impulsar er likevel Fribo ei gjennomført og heilstøypt gruppe der ingen element kjennest framande og ingen kombinasjonar kjennest søkte, sjølv om ikkje alt fell like godt i smak. Musikken er samansett av tradisjonelle melodiar og nye komposisjonar av utøvarane. For meg er høgdepunktet på plata den amerikanske poeten Robert Frost sitt kjende dikt «Miles to go» med nydeleg melodi av felespelaren Rowan Rhenigans (som ikkje spelar her), vakkert og stillferdig sunge av gitarist MacPherson. Med sine 6 1/2 minutt er dette også det lengste sporet på plata – heldigvis!

Sigbjørn Apeland

kjell BiTusTøyl

For ein Festival 20 år med TelemarkfesTivalen

Fy fela for ein festival Kjell Bitustøyl (red.) Telemarkfestivalen/2010 176 sider Talet på norske kulturfestivalar er stadig aukande, og det skulle såleis vera nyttig med ein litteratur som analyserer og vurderer denne utviklinga. Telemarkfestivalen markerer med denne boka at det har vore arrangert 20 festivalar, frå 1990 til 2009, og det er såleis heilt på sin plass at også ein folkemusikkfestival vert omskriven på grundig vis. Det er ikkje berre enkelt å laga ei uhilda bok når oppdragsgjevar, forlag og emne er identisk, og når oppdraget vert gjeve til ein forfattar som har hatt dei fleste rollene det går an å ha i forhold til det som skal omskrivast. Bitustøyl har vore publikumar, frivillig, musikar, styremedlem, styreleiar, ekstern kritikar (som tidlegare redaktør av Spelemannsbladet), fotograf, og i det siste: mastergradsstudent som analyserer festivalane (inkludert Telemarkfestivalen) sine tingingsverk. Forfattaren freistar ikkje å legga skjul på dette, men legg korta på bordet når han skriv at «Den som er involvert, ser ofte ikkje skogen for berre tre» (s. 16). Eg trur ikkje det største problemet er at forfattaren har mange roller i forhold til emnet, men det verkar som om han har vore litt skremd av denne problematikken, og difor har halde seg på den sikre sida ved å ikkje gå særleg djupt inn i festivalen sine konfliktar eller problem, som også finst i alle suksesshistorier. I avsnittet om festivalen si rolle som kulturell møtestad er Bitustøyl sin analyse skarp og nødvendig, men samstundes er det litt skuffande at han ikkje går djupare inn i denne problematikken. Han skriv: «Stundom lykkast ein med

tipset Norsk Folkemusikk frå NRKs fjernsynsarkiv Diverse artistar ta:lik/2011 91:00 minutt/45 spor Produsent: Gunn Gausmel Terningkast: 6

Folkens, dette er eit «må ha» for oss spel- og songinteresserte. I samband med den relanserte plateserien Norsk Folkemusikk frå 1953–74 kjem denne DVD-utgjevinga som eit supplement. Her har vi gamle fjernsynsopptak av utøvarar frå serien, til dømes Truls Ørpen, Rønnaug Vangen, Eivind Groven, Ragnar Vigdal, Hilmar Alexandersen, Sigbjørn Bernhoft Osa, Torleiv Bolstad og mange, mange fleire. Det eldste opptaket er frå 1960. Ei skattekiste. Enkelt og greitt. Vi som ikkje fekk oppleve desse store utøvarane – som vi høyrer så mykje om, og spelar slåttar «etter» rett som det er – får ei fantastisk anledning til å få eit glimt av korleis dei var. Og for dykk som faktisk opplevde Kjetil Løndal, eller Ola Opheim, eller ein av dei andre, er det nå mogleg å sjå og høyre dei att. Eit glimt inn i spelemannsfortida. Her er 1 time og 30 minutt med attendeblikk og pensum. (Underteikna er i slekt med spelemannen på spor 14 og kan ikkje meine noko om det kuttet.) Aslak O. Brimi

03/11 folkemusikk

29


plater+bøker

slike møte, stundom kan det bli litt konstruert. Festivalen har mange svin på skogen i så måte, altfor ofte har ein hatt glupe framlegg om å setje saman folk ein trur høver i hop, gjerne frå ulike land eller ulike tradisjonar. Mi røynsle er etter alle desse åra på festivalen i Bø, men òg på andre festivalar, at det er best å la artistane sjølve finne fram til den eller dei ein vil spela i hop med» (s. 40). Dette er framfor alt ei minnebok og eit fotoalbum. Boka er spekka med anekdotar som berre kan formidlast av ein som verkeleg har lang røynsle frå innsida av festivalen. Mykje av dette omhandlar morosame episodar utafor publikum si synsvidd. Dette krydrar teksten, men sjangermessig plasserer det boka nærare memoarlitteraturen enn fagboka. Eit gjennomgåande grep i framstillinga er å nytta sitat frå avisomtalar av festivalen. Dette kunne ha vore interessant viss boka var ein resepsjonsanalyse, dvs. handla om korleis media omtala festivalen, men her vert sitata stort sett nytta som fjører i hatten for festivalen, og det er ikkje alltid interessant for lesarane. Fotografia (dei fleste i fargar) har fått tildelt stor plass. Når desse utfyller teksten, formidlar inntrykk av miljø og skiftande folkemusikkmote, er dette relevant, men boka hadde nok tent på ein meir kritisk gjennomgang av fotobruken. Ailin Aastvedt sitt kapittel om festivalen sett i kulturøkonomisk lys er interessant – ikkje berre for dei som er involverte i festivalen si pengeforvalting. Ved hjelp av tabellar, gjennomgang av offentlege tilskot, utgiftspostar etc. er dette formidla på ein måte som er opplysande også for oss som ikkje er så flinke med tal. Men at artikkelforfattaren, som òg har bakgrunn som styremedlem i festivalen, av og til smettar inn estetiske vurderingar av einskilde festivalinnslag, høyrer ikkje heime her. Å ha ulike roller (forskar og styremedlem) er akseptabelt, men berre så lenge dei ikkje vert samanblanda. Som vedlegg finst ein del lister og tabellar, mellom anna over tingingsverk, festivalopnarar med meir. Eit sakn her er fullstendige festivalprogram frå dei 20 åra. Utvalde høgdepunkt er omtalte i løpet av teksten – og noko av det som gjer boka leseverdig – men dei er prega av forfattaren sine vurderingar av kva som er høgdepunkt. For den analytisk interesserte lesaren hadde det vore betre å droppa

30

folkemusikk 03/11

10–20 fotografi og heller gjeve oss nokre få sider «tørre fakta». Til sist i omtalen av denne boka må det seiast at ho nok bør lesast ein gong til, parallelt med jubileumsboka for den andre store norske folkemusikkfestivalen som går føre seg i Førde. Til saman kan desse to framstillingane ikkje berre formidla festivalhistorie, men også vera gode døme på kva som er skikk og bruk innanfor norsk folkemusikkfagprosa. Kva kan skrivast, og kva bør ein helst teia om?

Sigbjørn Apeland

kan nok stemma både når det gjeld ornamentikk, rytme og tekstdeklamasjon, men tonaliteten er nok meir prega av temperert musikk enn av det tonalitetsmangfaldet ein kan høyra på opptak av eldre kvedarar. Plata inneheld «bygdeviser både av gamal og litt nyare årgang», men dessverre inneheld ikkje omslaget opplysingar om kjelder, eventuelle tekstforfattar og liknande. «Tinnsjøvisa», med handling frå andre verdskrigen, er eit morosamt døme på korleis tradisjonell formidlingsform kan høva for meir moderne tematikk. Teknikar Tom Karlsrud har kledd produksjonen i eit nøkternt lydbilde med lite romklang – noko som kler både visene og syngemåten.

Sigbjørn Apeland

Med eg var liten. Bygdeviser frå Telemark Kjell Hove Etnisk Musikklubb/2010 52:10 minutt/18 spor Produsent: Ikkje oppgjeve Terningkast: 4 Dette er noko så sjeldan som ei viseplate heilt utan andre instrument enn songstemma. Og det gjer godt. Ei vise treng ikkje meir enn to ting: ein tekst og eit menneske som syng denne teksten. Ingenting vondt sagt om instrumenterte viseplater, men i straumen av «spanande» arrangement kjennest det litt sunt å smaka på ein solid dose av sjølve råvarene. Kjell Hove frå Møsstrond er det som med eit misvisande omgrep vert kalla sjølvlært. Han har ikkje studert kveding på akademi eller høgskule, men lært har han, både av far sin og av Bjarne Øvrebø, som er eit stilistisk førebilete for Hove. Også Randi Øvrebø Hove, som syng tre av visene på plata, er ein del av dette miljøet. Begge syng liketil, utan store fakter. Teksten står i fokus, men utan at dynamikk og dramatikk vert understreka. Uteatralsk er det. Ifylgje omslaget vert det lagt vekk på at songstilen er av «den gamle, gode». Det

Styve syng på nokre av spora. Han syng enkelt og greitt, utan mykje klang. Dette fungerer OK. Eg tykkjer vel å merke at spor 4, «Song til hjarta», blir ein liten nedtur. Ikkje berre fordi eg ikkje fell for synginga, men òg fordi songen og arrangementet – etter tre spor med rått og godt slåttespel, høyrer meir heime i songboka til Herborg Kråkevik eller eit platt album av Sissel Kyrkjebø. Med Ragnhild og Eldbjørg Hemsing har Kvarts med seg noko av det beste Noreg har av ungdommelege klassiske felespelarar. Dei skil seg frå Rudi sin folkemusikalske stil, men flyt godt inn i den arrangerte musikken til Kvarts. Bruk av klassiske feler i folkemusikk kan ofte bli pompøst. Og det blir det her òg. Men, eg likar det. Når dei set i gang med «Paganinipols», kan eg ikkje anna enn å nyte musikken. Kombinasjonen Paganini-virituositet og mollpols er ein hit. Men stort og til dels pompøst, ja. Her er flust av lekre musikalske detaljar. På det aller flottaste er det når Rustad tek toradaren og leier an på «Nytt perspektiv». Den finaste slåtten på plata er springleiken «Draumetone»: ein fin komposisjon, og eit fantastisk oppbygd arrangement. Denne draumetonen er verd platekjøpet i seg sjølv.

Aslak O. Brimi

Varde Kvarts Kvarts/2011 50:41 minutt/17 spor Produsentar: Tor Magne Hallibakken/Kvarts Terningkast: 5 Du kjenner att stilen med det same: Kvarts-stilen. Det sprutar av musikken frå fyrste tone. Øystein Rudi og Jo-Asgeir Lie har eit gjennomarbeidd samspel på trekkspel og fele. Erlend Styve og Tom Willy Rustad er meir enn eit tradisjonelt gammaldanskomp, dei musiserer og bidreg stort til heilskapen. Kvarts formidlar speleglede på same tid som dei har stålkontroll på tonar og arrangement. Kvarts har denne gongen fått med seg Birger Mistereggen, og dessutan Hemsingsystrene Ragnhild og Eldbjørg. Mistereggen bidreg både med perkusjon og munnharpe. Musikken kunne nok vore like flott utan den til tider bastante perkusjonen i botnen. Men munnharpa er kolossal – ho er eit grunnfjell i til dømes «Himmelturen».

Live in Førde Tindra & Kroke ta:lik/2011 58:57 minutter/11 spor Produsenter: Aaste Kveseth og Kjetil Bjørgan Terningkast: 5 Den erfarne polske klezmergruppa Kroke møtte ennå unge og rotnorske Tindra i fjor. Sammen sto de på scenen første gang under Førdefestivalen. Seinere har de to trioene reist rundt og spilt flere steder i landet.

i hylla Inspirasjon på låven Hvem: Kvarts og KORK Hva: Folkemusikk i symfoni Når: 2009

Førstefiolinisten satt i førersetet. Tubaen fylte plassen ved siden av. Bak satt bratsjen og trompeten og jeg. Sammen suste vi nedover Gudbrandsdalen midt på natta, en slik natt som Joni Mitchell pleier å synge om, når månen er diger og blå og veien virker helt åpen. Vi kom fra en låve øverst i lia, fra Rudi gard i Sør-Fron, der femtitre orkestermusikere nettopp hadde spilt konsert med fire folkemusikere. I bilen på vei hjem klarte vi ikke å slutte å smile. Vi fortalte hverandre hisI bilen på vei torier og ropte hjem klarte til reven som pilte over veien vi ikke å foran bilen, vi slutte å hilste til og med til en grevling, smile selv om det ikke var meningen. Musikerne var så glade at det lyste av dem. Og føttene trampet som en spellemanns hele veien til Oslo. For meg som er oppvokst i tjukkeste storbyen, tok det tid å bli glad i norsk folkemusikk. Argentinsk tango, cubansk salsa og irsk reel virket både mer kjent og mer eksotisk enn pols og halling. Men på låven på Rudi gard, den første låven hele Kringkastingsorkestret noen gang har spilt på, var det umulig ikke å la seg rive med. Plata Kvarts og

KORK utga sammen i 2009, Folkemusikk i symfoni, skaffet jeg meg allerede dagen etter. Og selv om det er en unik utgivelse, har den slektskap med mer klassisk materiale som KORK spiller, som Grieg og Mahler, der folketonene kan skimtes i orkestermusikken. Det er noe med stemmene til Sondre Bratland og Berit Opheim Versto som kan få en stein til å smelte. Birger Mistereggen gir rytme til låvedansen, det er hans fot alle tramper i takt med. «Augustblomen» er platas vakreste spor, den åpner ballet med Øystein Rudis såre feletone. Det skjer noe magisk når den får følge av et helt lag med strykere fra KORK, Norges mest allsidige orkester. Eller Marienlyst Spellemannslag, som de ble omdøpt til den kvelden i Gudbrandsdalen. Hege Duckert

i symfoni

Med Birger Mister eggen

, Berit Opheim Versto , Sondre

Ek Bratla nd. Dirige nt: Hans

03/11 folkemusikk

31


plater+bøker

Kulturmøter av dette slaget kan ofte være bedre i teorien enn på scenen. Velvilje og kulturstøttemidler er langt fra tilstrekkelig. Nei, slikt krever nemlig langt over alminnelig musikalsk intelligens og skarpere enn vanlig sanseapparat. Heldigvis er dette egenskaper begge disse gruppene åpenbart besitter i rikt monn. Live in Førde er nemlig et sjeldent godt eksempel på hva som kan skje når store musikere og sangere med vidt forskjellig utgangspunkt møtes. Klezmer kjennetegnes blant annet av (for oss) vrange taktarter. Det fører til mye morsomt rytmisk, som når «Life as it is (for Lena)» i 11/8 møter «Bim bam bomma»s fire flate. Til slutt hektes òg «Aprilamøy» på til noe som blir en polyrytmisk eksess jeg er glad jeg slipper å transkribere. Alt til publikums store forlystelse. Her er òg svært vakre stemninger, oppstått i møtet mellom lydhøre musikere til det ytterste bevisst sine ferdigheter, som i langtrukne, meditative «Fields of Sorrow»/«Bort Verden av mitt Sind og Øie». Nevnes bør òg vakre, vakre «Lille Lisa» (som riktignok er litt skjemt av litt vakling i samspillet, ellers sjeldent på plata). Åpningssporet «Jig og du» er den eneste lille skuffelsen, her går det for raskt unna i svingene. Tindras ekstremt dyktige, gjennomarbeidede arrangementer imponerer som alltid. Av komposisjonene gruppa framfører aleine, må «Annemor mi jenta» nevnes, som et lysende eksempel på trioens kunst. Krokes beste soloprestasjon er en gripende og gnistrende versjon av den makedonsk/ bulgarske folkevisa «Jovano, Jovanke» (i 7/8 med innskudd av 3/8). Det som må ha vært en ytterst minneverdig konsert, avsluttes av en lang, lang versjon av den serbiske visa «Ajde Jano», til norsk tekst (utdrag fra Per Olav Kaldestads dikt «Vise for ein drøymar»). Dels improvisert bygger dobbelttrioen den enkle melodien med sin forføreriske frygiske kadens opp til et deilig seigt klimaks av størst mulig intensitet. Dette er kunst. Intet mindre.

Sindre Bremnes

32

folkemusikk 03/11

vokalproduksjonen lider under dette, den mangler noen steder nærvær, mens den andre ganger er påtrengende. Skjønnhetsfeil? Nei, ikke på dette nivået. Denne utgivelsen burde lått minst like bra som Den kvite hjorten. Det gjør den ikke. Moder Norge er veldig langt unna å være en dårlig plate. Men den skulle vært så mye bedre.

Sindre Bremnes

Moder Norge Tindra ta:lik/2011 38.38 minutter/13 spor Produsent: Anders E. Røine Terningkast: 4 Folkemusikkarkivene er våre venner. Hva hadde vi vel ikke mistet, hadde det ikke vært for dem? Enda hyggeligere er det at de faktisk kan brukes. Ut fra rogalandsarkivets gjemmer kommer Tindra nå med en samling slåtter og sanger, lite kjente fra før. Her er skjemt og alvor, høyt og lavt side om side. Etter trioens fenomenale 2009-utgivelse Den kvite hjorten er jeg neppe aleine om å ha skyhøye forventninger til Moder Norge. Og åpnende «Ro ro Håskjer» er òg Tindra på sitt beste. Med tettstemt flersang, akkordeon og klimpret fele skaper de nok et av sine knappe miniatyrmesterverk. Det samme gjelder «Reiar», som nesten Kurt Weillsk tar oss et godt stykke fra Rogaland. Men så ... har Tindra hatt for dårlig tid? Er jentene slitne? En viss matthett preger framføringen av deler av dette repertoaret, sjelden når denne musikken inderligheten fra Den kvite hjorten, og årets live-plate med klezmer-trioen Kroke (anmeldt annetsteds her) viser gruppa langt mer spilleglad og overskuddspreget. For eksempel i «Farvel du moder Norge» og «En ven jeg havde», her går arrangementene (til Tindra å være) på tomgang, og Åshild Vetrhus’ stemme høres sliten, trøtt og til og med ustø ut. Man kan få inntrykk av at noe i studiosituasjonen ikke har vært som det skulle. Plata preges òg dessverre av en viss flathet i lyden, til tross for nær og tørr produksjon er miksen samtidig både litt klaustrofobisk og endimensjonal. Særlig

Stave Church Songs: Martyred Saints & Sister Bells Vatn, Holmertz, Skullerud og Røine Heilo/2011 46:57 minutter/17 spor Produsent: Elisabeth Vatn Terningkast: 4 I forbindelse med kulturminneåret 2009 satte Rikskonsertene opp noe så sjeldent som en stavkirketurné med bestillingsverket «Tjære Være Treklang». Bakteppet til prosjektet er interessant både kulturog kirkehistorisk, med utgangspunkt i erkebiskop Thomas Becket av Canterbury som ble myrdet i 1170, og som senere ble dyrket som martyr. En sekvens av den såkalte St. Thomashymnen («Aquas Plenas Amaritudine») ble i 1973 funnet under gulvet i Lom stavkirke, og gjenskapingen av denne blandes med tradisjonsmusikkens hyllest til St. Thomas: St. Thomasklokkelåttene («klukkelått» på valdris) har sin opprinnelse fra St. Thomaskirken på Filefjell, og bygger på sagn om kimingen av dens syv klokker og myten om den tapte «søsterklokken». Martyred Saints & Sister Bells med andre ord. Kvartetten som våger seg inn i dette, er sopran Elisabeth Holmertz, Elisabeth Vatn (sekkepipe, trøorgel, klarinett, diverse),

Harald Skullerud (perkusjon, klokker, spilledåse) og Anders E. Røine (hardingfele, munnharpe, langeleik) – alle godt utdannet innen sine felt, men fra ganske ulik musikalsk bakgrunn. Det preger også prosjektet, som forener deres samlede og varierte erfaring (tidligmusikk, folkemusikk, jazz, samtidsmusikk), der improvisasjon, nyskrevne komposisjoner og originale arrangementer skal virke sammen. Slikt fordrer en musikalsk pondus som disse fire helt klart er i besittelse av. Det er ikke noe å si på verken den spennende historien eller den tekniske utførelsen, og det er veldig mye flott å høre på her. Detaljrikdommen avdekker stadig nye rom i musikken, og den både åpne og lekne tilnærmingen til gammelt, tradisjonelt materiale forhindrer et stivnet uttrykk. Droneteppene og de mest stemningsfulle sekvensene som lurer bak Elisabeth Holmertz’ klangfulle røst, er for eksempel særdeles flotte, og i partier skiller de seg ikke mye fra band som Huntsville og Supersilent, dog uten deres mer tålmodige oppbygging og entydige fokus. Holmertz’ framtredende plass preger mye av innholdet, og den tidvis noe overivrige rytmebruken bidrar til å fortette lydbildet mer enn godt. Det er mulig kombinasjonen av relativt sterke lydkilder som sopran vokal, sekkepipe og trøorgel har større effekt i en livesetting, men hørt fra et lytteperspektiv utenfor kirkebenken blir det for mye, og deler av materialet virker anmassende. Den flotteste delen av «Aquas Plenas Amaritudine» ligger rundt vers 9–16, men noen av de mest kraftfulle berøringspunktene her kommer faktisk helt mot slutten – da i form av lydopptak med Ola Kulterud (1875–1972), og Olav Hauge (1904–2000). Det er i slike øyeblikk Martyred Saints & Sister Bells selv er nærmest noe hellig. Honnør til utgivers stilfulle innpakning med en 50 sider lang bok spekket av grundig informasjon og flotte bilder.

Bjørn Hammershaug

11–13 NOVEMBER 2011 Sälens Høyfjellshotell

SEMINAR 2011

TTESPEL

G SLÅ FELEMAKARAR O

NORDISK MESTERSKAP I FOLKEMUSIKK

Vær med når det fjerde nordiske mesterskapet i folkemusikk blir arrangert i Sälen, Dalarna (45 min kjøring fra Trysil). Totalt 24 bidrag konkurrerer i klassene solister, grupper og spelemannslag.

BØ I TELEMARK 22. - 24. SEPTEMBER 2011

OVERNATTNING 2 netter i dobbeltrom inkl. frokost og gjennomgangsbillett fra 1395 SEK/person 2 netter i 6-sengs leilighet inkl. gjennomgangsbillett fra 595 SEK/person

Bestill på telefon +46-280-871 00 KONKURRANSE • DANS • FEST MESSE • BUSKSPEL • SEMINARER

Tema:

Felemakarætta Helland / Steinkjønndalen Spelemannen og komponisten Torkjell Haugerud

Program:

www.norskhardingfelesenter.com

NORSK HARDINGFELESENTER AS

FOR MER INFORMASJON BESØK:

WWW.NORD11.COM

03/11 folkemusikk

33


Tekst: Anna Kleiva. Foto: Laila Meyrick/Velour.no

intervjuet

INTERNASJONAL: Ingebjørg Harman Bratland syng saman med palestinske og egyptiske vener. No er dei utnemnde til «Young artist for intercultural dialogue between the Arab and Western worlds» av UNESCO.

Ei musikalsk samtale Ingebjørg Harman Bratland må vere ein av nokså få 21-åringar som kan flotte seg med ein UNESCO-tittel. Ikkje at ho flottar seg. Snarare har ho eit ambivalent forhold til sjølvpromoteringa i artistmiljøet. OSLO: – Det var kjempemoro å vere i Paris

under utdelinga! seier Ingebjørg. Vi sit på eit skjer i Paradisbukta utanfor Oslo og et jordbær, som ein parodi på idyll. – Vi hadde ikkje sett dei arabiske musikarane på to år, og visste ikkje før like før utdelinga om dei faktisk kunne komme. Palestinarane har jo problem med å reise inn og ut av sitt eige land, medan det var kommunikasjonen som var problemet med egyptarane. Dei kan utruleg lite engelsk, og vi fekk ikkje fortalt dei at vi hadde fått tittelen. Men det ordna seg til slutt! 34

folkemusikk 03/11

– Å bli kjend med nokon gjennom musikk må vere heilt annleis enn å bli kjend gjennom samtalar? – Ja, først er ein jo litt sjenert. Men det er mykje humor i song, fordi ein ikkje berre skal lære seg melodien, men må gjennom språket. Dei lo av korleis eg uttalte dei arabiske tekstene, og omvendt. Det braut isen. Og etter å ha spelt og sunge saman ei stund gløymer ein at ein ikkje har same språk! Det er ein heilt annan måte å nærme seg folk på enn i andre sosiale settingar. Etter å ha øvd og spelt saman blir ein kjend.

Og ein blir ikkje berre kjend med nye menneske, men med ein annan musikktradisjon. – Dei arabiske folkemusikarane fraserer på ein liknande måte som vi norske. Og i likheit med oss bruker dei ofte kvarttonar. Men dei har mykje større teoretisk kunnskap om kvarttonar enn vi har; dei har eigne namn på dei. Det var også spennande å oppdage at arabarane sine improvisasjonsord faktisk tyder noko i kvardagsspråket. Dei to vokalistane eg samarbeidde med, improviserte over orda «lil» (natt) og «aman» (mor). – Har musikken hos ei undertrykt befolkning, som den palestinske, ei anna tyding eller funksjon enn han har for ein «fri» skandinav? – Dei har eit anna forhold til det. I Noreg er det mykje kniving i musikkmiljøet, ein er oppteken av å komme seg fram sjølv. Det er ei heilt anna fellesskapskjensle i det palestinske miljøet. Dei er ikkje så opptekne av å vise fram seg sjølve, men landet sitt. Dei

vil vise Palestina frå ei ikkje-krigersk side, representere dei vanlege liva som folk lever, trass i konflikten. – Er kunsten då meir nødvendig i ein undertrykt situasjon? – Eg trur ikkje det er ei sterkare nødvendigheit i det dei gjer. Men det kjentest litt kvalmt å vere norsk innimellom. Eg vil passe meg så eg ikkje blir heilt ego; at alt handlar om mi speling, mine turnear. I Palestina og Egypt er det meir fellesskap, dei rømmer inn i musikken saman. Det er ein slags nasjonalisme – som jo også fanst her i landet på den tida Noreg vart sjølvstendig. Folkemusikken stod sterkt i nasjonalromantikken, og folkemusikken står vanvittig sterkt i dagens Egypt! Han blir spelt overalt, om han er popa, rocka eller tradisjonell. I Noreg i dag er vi så veldig USA-influerte. Eg synest heller vi burde sjå til India og dei arabiske landa, og lære av dei. Ingebjørg Harman Bratland er ein person som snakkar engasjert om mykje. Mottakinga til publikum i Noreg kan ho for eksempel styre seg for. – Det er litt kjipt at publikum liksom sit der og synest synd på dei som kjem frå

Egypt og Palestina. Dei står på scena fordi dei er gode musikarar, ikkje fordi vi skal synast synd på dei! Men meiningane kjem ikkje i vegen for det musikalske. Den ultimate forståinga er å forstå kvarandre i musikken, men framleis kunne vere heilt ueinige politisk. Denne fram– Det ville vore vanskeleg å andfrykta samarbeide med vi har alle nokon dersom vi saman, ho er begynte å diskutere og var veldig berre fjas ueinige. Men vi driv med musikk. Eg vil ikkje vere så politisk i musikken min. – Då er musikk det «universelle språket» som klisjeen seier at det er? – Ja, eg synest det. Eg kan høyre musikk på eit språk eg ikkje forstår, og det treffer meg veldig. Men ein blir ikkje nødvendigvis bestevennar sjølv om ein spelar saman. Og kulturforskjellane er der. Palestina og Egypt

er mannsdominerte samfunn i ei heilt anna grad enn Noreg. Samtidig er omtrent alle dei norske musikarane eg spelar med, menn. Det å ikkje vere politisk i musikken går begge vegar for Ingebjørg. Ho vil kunne samarbeide med folk ho er ueinig med – men er samtidig skeptisk til å opptre på eit landsmøte for eit politisk parti. Ein skal med andre ord ikkje setje nokon merkelapp på henne. – Når ein samarbeider med folk, vil ein gjerne vite litt om korleis det er der dei kjem ifrå. Men eg fekk inntrykk av at dei som lever midt oppi desse konfliktane, heller ville spele enn å snakke om det. Dei syntest det var godt å komme seg vekk. For meg handlar dette samarbeidet mest om at det er stas å spele med menneske frå heilt andre bakgrunnar; stele litt frå deira musikk og spelemåte og ta det med inn i min. Då er det ikkje direkte upolitisk heller, meiner eg. – Nei, seier Ingebjørg. – Denne framandfrykta vi har alle saman, ho er berre fjas. Det vil eg gjerne bevise.

Ingebjørg HARMAN Bratland fØDD 1990, frå Vinje Har vunne ei rekkje konkurransar og er nordisk meister i folkemusikk. Deltok på «Talent 2008», eit samarbeidsprosjekt mellom Førdefestivalen og Rikskonsertane der unge norske musikarar samarbeider med musikarar frå to andre land. Ingebjørg Harman Bratland, Julie Alapnes og Ingrid Stuhaug samarbeidde med tre egyptiske og tre palestinske folkemusikarar. For prosjektet fekk dei UNESCO-tittelen «Young artist for intercultural dialogue between the Arab and Western worlds» i april 2011.

03/11 folkemusikk

35


Women’s World - 250 artistar frå 25 land

Ved Ole Bull Akademiet er det frå 01.01.2012 ledig stilling som rektor Ole Bull Akademiet er ei stifting med eit offentleg oppnemnd styre. Akademiet eig og driv Kringsjå AS med serverings- og overnattingskapasitet til 35 kursdeltakarar, og har gode lokale med administrasjonsavdeling, undervisningsog øvingsrom og eigen konsertsal. Ole Bull Akademiet gjev tilbod om: • kurs i folkemusikk og folkedans til studentar ved høgskular og universitet • 4-årig utøvarstudium (bachelor) i tradisjonsmusikk • 2-årig masterstudium (Nordic Master) i folkemusikk, i samarbeid med Sibeliusakademiet, Musikhøgskolan i Stockholm og Syddansk musikkonservatorium og Skuespillerskole, Odense. • 3-årig utøvarstudium (bachelor) i folkedans, i samarbeid med NTNU i Trondheim. Ole Bull Akademiet har samarbeid om studieopplegg med Griegakademiet – Institutt for musikk ved Universitetet i Bergen og Rff-sentret, Institutt for musikk, NTNU. Akademiet har eit årleg budsjett på ca. 6,5 mill. kr, og vert finansiert ved tilskot frå Kulturdepartementet, Kunnskapsdepartementet, Hordaland fylke og Voss kommune. Ole Bull Akademiet skipar til den årlege Osafestivalen, styrer med Sigbjørn Bernhoft Osa sitt fond og forvaltar felesamlinga etter Sigbjørn Bernhoft Osa.

Rektorstillinga Rektor er både fagleg og administrativ leiar og ansvarleg for styret når det gjeld den daglege drifta av institusjonen. Vi søkjer etter ein utviklingsorientert person med relevant fagleg bakgrunn og administrativ utdanning og/eller røynsle, gode kommunikasjons- og samarbeidsevner og evne til å inspirere og stå fram som ein god arbeidsgjevar. Det vert kravt musikk og/eller kulturfagleg kompetanse, normalt på dokumentert førsteamanuensisnivå eller høgare. Det er ein fordel om slik utdanning og/eller praksis er relatert til folkemusikk. Det vert også lagt vekt på pedagogisk erfaring og praksis. Stillinga er ei 6-årig åremålsstilling, med høve til prolongasjon for ein ny periode. Vi kan tilby • løn etter avtale (Statens regulativ) • pensjonsordning • eit spanande, kreativt og framtidsretta arbeidsmiljø Søknad med CV og rettkjende kopiar av vitnemål og attestar vert å sende til Ole Bull Akademiet, Boks 443, 5703 Voss innan 25. august 2011. Nærare opplysningar og stillingsomtalar kan ein få hjå rektor Gunnar Stubseid, tlf. 56 51 65 00/92 86 12 87

36

folkemusikk 03/11

Reis til Førde – og få ei oppleving for livet! “Du trenger ikke være frelst for å dra til Førdefestivalen; du blir frelst av å være der!” Jan Landro, kulturredaktør, Bergens Tidende

Sterke nordiske namn på programmet: Kirsten Bråten Berg | Susanne Rosenberg | TrondheimSolistene | Gjermund & Einar Olav Larsen | Sigrid Moldestad | Unni Løvlid | Dei Beste Damene | Sinikka Langeland | Jansberg band | Hazelius Hedin | Spindel duo | Sigmund Eikås | Jølster Musikklag | Ingunn Bjørgo Band | Mukampen spelemannslag | Indre Sunnfjord spelemannslag | Gro Marie Svidal | Liv Ulvik | Åsmund Reistad | Rune Klakegg | Tellef Kvifte | Leiv Solberg | Johanne Flottorp | Pretiosa | Ellen Therese Thuland | Spelemannslaget Fjelljom ++ Billettar: Billettservice.no (tlf. 815 33 133), Posten, Narvesen, 7-Eleven.

fordefestival.no

gasta.no

Kirsten Bråten Berg

Rektorstilling ved Ole Bull Akademiet, Voss


fagordet

faghistoria

Tekst: Bjørn Aksdal. Illustrasjon: Herbjørn Skogstad

Pioneren Leif Løchen

Nemningar på gripebrettet

Torsdag 14. april, på primstavens første sommerdag, sovnet Leif Løchen, Vågå stille inn. Dermed har vi mistet en av de viktigste pionerene innen folkemusikkarbeidet her i landet etter krigen, både når det gjelder organisasjonsarbeid, ulike former for faglig arbeid og formidling. Leif ble født i Oslo i 1921 og utdannet seg til arkitekt. Etter hvert ble han svært interessert i folkemusikk, og etter krigen var han en av dem som tidlig kom med i arbeidet med å reorganisere Landslaget for Spelemenn (LfS). Dette arbeidet foregikk ikke uten problemer, spesielt fordi det å fremme nasjonale tradisjoner og særtrekk var blitt sterkt kompromittert av nasjonalsosialistene. Her la Leif ned en kjempeinnsats. I 1946, på det første årsmøtet etter frigjøringen, ble Leif valgt inn i styret som sekretær. Etter noen års pause ble han igjen innvalgt i styret på årsmøtet i 1954, og denne gang satt han som styremedlem helt fram til 1970, de to siste årene også som formann. Med sin store innsikt, betydelige arbeidskapasitet og milde vesen var Leif en svært viktig bidragsyter i utviklingen av LfS som organisasjon. Det var i hans styretid at hallingkast, lagspill, eldre folkemusikkinstrumenter og instrumentutstilling kom med på Landskappleiken. Da LfS ble reorganisert, dukket spørsmålet om et fast medlemsblad igjen opp, etter at et første nummer av Spelemannsbladet var kommet ut i 1941. Leif fikk oppgaven med å starte opp igjen bladet, og redigerte deretter Spelemannsbladet fram til 1950. Senere ble han brukt en rekke ganger som dommer både under Landskappleiken og andre kappleiker.

38

folkemusikk 03/11

I 1946 ble Leif ansatt som konservator ved Norsk Folkemuseum. Her fantes det allerede en stor instrumentsamling, og Leif begynte spesielt å arbeide med de norske folkemusikkinstrumentene. Han nedla et omfattende registrerings- og dokumentasjonsarbeid, noe som både førte til en større utstilling på museet og flere artikler om eldre instrumenter. Rett etter krigen hadde Leif kommet med i Laget for folkemusikk, hvor han lærte hardingfelespill av blant andre Kjetil Løndal, Nils Gjeldokk og Henrik Gjellesvik. I tillegg lærte han seg å traktere flere av våre eldste folkemusikkinstrumenter. I 1948 flyttet Leif til Vågå, hvor han begynte som gårdbruker på kona Gunnhilds slektsgård Valbjør. Han drev som gårdbruker fram til 1964, da han ble ansatt som førstekonservator på Maihaugen på Lillehammer. Her ble han kjent for sitt salmodikonorkester, og han var også med på å starte Lillehammer Spelemannslag. Etter at han flyttet til Gudbrandsdalen, videreførte Leif arbeidet med de eldre instrumenttradisjonene og holdt en rekke kurs i bygging av både langeleik og andre instrumenter. Han ble samtidig en viktig inspirator for utviklingen av det rike instrumentbyggermiljøet på Gjøvik. Her fikk han virkelig realisert sitt brennende ønske om å bringe nytt liv til eldre tradisjoner. Leif drev også et aktivt registreringsarbeid av eldre folkemusikkinstrumenter i Nord-Gudbrandsdalen, noe som blant annet førte til utgivelsen av boken Frå skorofele til salmodikon (2000). Han utarbeidet samtidig et forslag til et felles registreringsskjema for instrumenter til bruk i museer og samlinger.

Leif Løchen var et menneske det alltid var hyggelig og lærerikt å prate med om faglige spørsmål. Han var sterkt Leif Løchen var engasjert i å ta vare på mangfoldet i den tradisjonelle folkemusikken og la et menneske særlig vekt på betydningen av å videreføre eldre stiltrekk, for eksempel når det alltid var det gjaldt tonalitet. At mange satte stor hyggelig og pris på den store arbeidsinnsatsen han lærerikt å prate har lagt ned for folkekulturen og folkemusikken spesielt, kan vi lese av alle med om faglige utmerkelsene han mottok fra folkemusikkmiljøet. I tillegg fikk han Kongens spørsmål fortjenestemedalje i gull (2001), og to priser sammen med sin kone: Kulturprisen for Vågå (1997) og Husflidsprisen for Gudbrandsdalen (2008). Leif møtte ofte opp på kurs, kappleiker og konserter kjørende i sin kjære folkevognbuss, hvor han også overnattet, før han la kursen hjemover til Valbjør oppe i dalsiden, med utsikt over hjembygda Vågå. Nå har bussen parkert for godt. Vi er mange som sterkt vil savne Leif Løchens varme personlighet og rike kunnskaper på så mange områder.

Leif Løchen (1921–2011) ■■ ■■ ■■ ■■ ■■ ■■ ■■

Fra Oslo, bosatt på Valbjør i Gudbrandsdalen. Styremedlem i LfS 1946–48, 1954–70, leder 1968–70. Redaktør i Spelemannsbladet 1946–50. Hedersmedlem i LfS 1968. Æresmedlem i Norsk Lur- og Bukkehornlag 2001. Hedersmedlem i Norsk munnharpeforum 2004. Rff-prisen 2000, Egil Storbekkens Musikkpris 2007.

Gripebrett og gripbrett (heile landet), grepbrett (Gjøvik, Folldal, Hamre, Brekken, Drevja) og greppbrett (Vestby), grep (Lom, Støren), brett (spreidde stader i Sør-Noreg), fingerbrett og fingrebrett (Vestlandet, Agder, einskilde stader på Austlandet), finglebrett (særleg i Agder), leikebrett (Gjerstad, Vegårdshei), notebrett (Tustna), songbrett (Austevoll, Røldal), spelebrett (berre belegg litterært/ Sverre Sandvik), strengebrett (Hosanger, Samnanger, Solund), syngjebrett (Hardanger), tonebrett (Nord-Vestlandet), bru (Hallingdal, Krødsherad, Sigdal, Numedal, Telemark, Bygland, Gjerstad, Aurland), bro (Aust-Telemark), felebru (Telemark), leikebru (Åmli, Hovin), strengebru (Valdres, Telemark, Granvin), syngjebræde (Hardanger), fjøl (Tvedestrand), fingerfjøl (Arne Bjørndal sine oppteikningar frå Bergen), leikfjøl, leikefjøl (Vegusdal, Tvedestrand), notefjøl (Hitra), påfjøl (Hitra), songfjøl (Hamre i Hordaland), løke: feleløke, fingerløke og prilleløke (Vang i Valdres), fingerspong (finst berre belagt hos forfattaren Jens Tvedt frå Sunnhordland), tre: leiketre (Søndeled, Strand i Rogaland), tunge: består av både baktunge og framtunge (Ottadalen, Valdres), feletunge (Øystre Slidre), strengjetunge (Vang i Valdres), finglebein (Hylestad i Setesdal), not, note (Stangvik og Surnadal på Nordmøre), notan (Åfjord), framnot (Harran).

Kjelde: Tor Erik Jenstad: Ein repetis i obligadur. Novus Forlag, 2001.

03/11 folkemusikk

39


Hardingfelespelaren Salve Austenå (fødd 1927) frå Tovdal i Aust-Agder har mange favorittslåttar. Ein av dei er «Kvenneslåtten». LUR: Instrumentet er deponert på Ringve museum av Trøndelag Folkemuseum, og har tidlegare vore i eiga til industrigründer og arkitekt Christian Thams (1867–1948) frå Orkdal. Thams var svært interessert i treskjering, og oppmuntra lokale handverkarar til å engasjere seg i både kunstutsmykking og anna trearbeid. Luren var eit enkelt arbeidsinstrument, som gjerne blir knytt til stølsdrifta. Denne luren er laga av eit stykke gran som fyrst vart delt i to, sidan hola og surra utvendig med bjørkenever for å halde delane på plass. Luren har registreringsnummer RMT 78/21 (FTT 17983).

Tekst: Johanne Flottorp Foto: Norsk Folkemusikksamling

1. Kva er den finaste slåtten du veit om?

Det veit eg ikkje. Eg likar så mange slåttar. Det kjem veldig an på dagsforma kva for ein eg likar best, og så går det litt i periodar. Eg kan ikkje spele ein slått for lenge, for då blir eg lei av han. Eigentleg tenkjer eg at dersom spelemannen er god, så er slåtten pen. Men i dag, no på forsommaren, likar eg veldig godt å spele «Kvenneslåtten». 2. Kva er spesielt med «Kvenneslåtten»?

SPELEMANN: Salve Austenå i unge år.

Det er i hovudsak takta. Slik er det med alle slåttane eg spelar. Lydarslåttar har eg nesten ikkje spelt, for dersom eg skal kose meg med spelinga, må det vere god dansetakt i slåtten.

5. Kva er mest vesentleg i spelet ditt?

3. Så du spelar altså «Kvenneslåtten» sjølv?

Dansetakta er nok det viktigaste. Det var mange gode dansarar i Tovdal, og dei sa at om ein spelemann ikkje kunne spele til dans, så var han ingen spelemann.

Ja, det gjer eg. 4. Kven var det som lærde deg å spele hardingfele?

Eg byrja å spele fele med far min, Ola Austenå, då eg var sju år. Det var eit godt spelemannsmiljø i Tovdal, og på Austenå budde det fem–seks andre spelemenn. Likevel var det far eg lærde mest av.

6. Korleis har tovdalstradisjonen endra seg frå du var ung og til i dag?

Då eg byrja å spele, var det ikkje så mykje snakk om kva som var tovdalsmusikk og ikkje. Heile distriktet spelte mykje av den same musikken. Det var først etter krigen at tovdalstakta blei eit eige fenomen. I dag er det diverre få som speler musikk i tovdalstradisjonen.

Det var først etter krigen at tovdalstakta blei eit eige fenomen

40

folkemusikk 03/11

faginstrumentet

Foto: Kristoffer Kippernes

fagslåtten

Spelemannen


meiningarkronikk

Georg Arnestad er forskar og FoU-direktør ved Høgskulen i Sogn og Fjordane i Sogndal.

Ho som ikkje brenn

42

folkemusikk 03/11

Undervegs uttalte eg meg om saka på møtet i representantskapet i Rådet for folkemusikk og folkedans hausten 2000: «Den norske staten har aldri tatt folkemusikken på alvor. Det er uhørt at en ikke har fått staten til å erkjenne dette ansvaret, fremholdt Arnestad, og oppfordret videre til at en nå måtte sørge for å få dette inn i kommende kulturmelding.» (Ballade.no 12.12.2000). Og slik gjekk det. Eg lurer stundom på om dei kulturministrane vi til kvar tid har, er særleg interesserte og engasjerte i kunst- og kulturspørsmål, og om dei er opptekne av om kulturpolitikken verkar. Dei siste kulturministrane vi har hatt, styrer det eine departementet like godt (eller dårleg) som det andre. Eine dagen er det kultur. Andre dagen er det næring. Eg skulle så gjerne hatt i alle fall éin kulturminister med éi verkeleg kulturpolitisk hjartesak, som han eller ho brenn sterkt og inderleg for, snakkar glødande varmt om, prioriterer klart og tydeleg i budsjetta, engasjerer seg personleg i, blandar seg inn i. Eg kan ikkje hugse nokon slik kulturminister. Det einaste måtte vere Åse Kleveland og hennar engasjement for form og estetikk i det offentlege rommet. Men Klevelands tilnærming var for kjølig finkulturelt prega til å telje med her. Eg lurer på om Anniken Huitfeldt brenn, og då meiner eg verkeleg brenn, for noko innanfor kulturlivet og kulturpolitikken. Er det i det minste eitt område der ho vil setje sine tydelege og personlege avtrykk? Eg har søkt etter elektroniske spor. Dette er det eg finn: «Jeg brenner for den pragmatiske og praktiske politikken – de praktiske sosialpolitiske ideene. Hvordan vi kan styre hverdagen slik at den blir bedre for folk både i dag og i fremtiden.» Slik uttrykte Huitfeldt seg til avisa Jarlsberg 15. mars i år. Huitfeldt har, som vi ser, edle målsetjingar. Men dei fleste statsrådar frå alle politiske parti kunne sagt akkurat det same. Huitfeldt har elles ved fleire høve teke til orde for at vi må redusere dei sosiale skilja når det gjeld bruk og konsum av kunst og kultur. Men så langt har ho ikkje kome fram til eigna verkemiddel. Kanskje finst dei ikkje?

Huitfeldt hadde sjansen til å kome med ei kjærleikserklæring til folkemusikken då ho sist haust vart intervjua i bladet Folkemusikk. Men ho avgrensar seg til å seie at det er sterke kvinnetekstar i folkemusikken, og at unge menneske som driv med musikk i grenselandet mellom folkemusikk og andre sjangrar, verkar inspirerande. Gamlingane då, Huitfeldt? Også i dette intervjuet trekkjer ho fram at ho som småjente var med i leikarringen Rakne på Jessheim. Stakkars jente. Intervjuaren Knut Aastad Bråten spør så ærleg og oppriktig: «Kva skal vere dei viktigaste offentlege satsingane på folkemusikken og folkedansen om til dømes fem år?» Svaret han får, er som henta ut or læreboka til kommunikasjonsrådgjevarane i departementet: «Eg har ikkje noko ønske om å framheve ein sjanger framfor andre, og meiner at vi gjennom politikken må oppmuntre til eit sjangeroverskridande kulturliv.» Med reine ord svarar Anniken Huitfeldt at 1) nei, folkemusikken vil ho ikkje prioritere særskilt, og at 2) ja, folkemusikken er interessant om han kan bidra til eit sjangeroverskridande kulturliv. Når det gjeld dei konkrete satsingane, seier ho at det står «om dei i statsbudsjettet som blir lagt fram i oktober kvart år». Trur statsråden og hennar rådgjevarar at det norske folkemusikkfeltet er fullt av næmingar? Altså: statsråd Huitfeldts hjarta brenn ikkje for folkemusikken og folkedansen. Det har ho til felles med alle tidlegare kulturstatsrådar, med eit mogleg unntak for Svarstad Haugland. Det betyr slett ikkje at Huitfeldt er negativ eller likesæl til feltet. Tvert imot: Huitfeldt er godviljens kulturminister. Men organisasjonane på feltet må, som alltid, drive iherdig påverknadsarbeid for å nå fram med krava sine. Og når sant skal seiast, har 2000-talet vore eit godt tiår for folkemusikken i landet vårt. Det gjeld kunstnarleg og kulturelt, og det gjeld løyvingane frå staten. For ti år sidan brann det eit blått sirenelys for folkedansen. No er også den på veg til å verte friskmeldt. Arnestadrapporten og organisa-

BRENN IKKJE: Anniken Huitfeldt brenn ikkje for norsk folkemusikk, ifylgje Georg Arnestad.

Foto: Laila Meyrick/Velour.no

Eg skulle så gjerne hatt i alle fall éin kulturminister med éi verkeleg kulturpolitisk hjartesak

«Ei vurdering av kulturminister Anniken Huitfeldt og hennar innsats innanfor feltet folkekultur, med vekt på folkemusikk og folkedans.» Slik lydde oppdraget frå redaktøren av bladet som har fått det inkjeseiande namnet «Folkemusikk». Kva var gale med «Spelemannsbladet?» Men ein kan knapt vente noko anna frå ein organisasjon som ikkje har større fantasi enn å kalle seg FolkOrg. Hadde eg visst at dette vart utfallet, ville eg aldri ha tala varmt for ei samling av organisasjonane på feltet. Det er ikkje særleg mykje å seie om statsråd Huitfeldt og hennar innsats for folkemusikken eller folkedansen. Huitfeldt har ikkje gjort noko spesielt på dette feltet. Men det gjorde heller ikkje Giske. Eller Anne Enger Lahnstein. Eller Åse Kleveland. Den einaste kulturministeren som har gjort noko særskilt for norsk folkemusikk og folkedans, er utskjelte Valgjerd Svarstad Haugland, KrF-kulturministeren som kultureliten ikkje ville vite av, og som song nasjonalmelodien vår «La det swinge, la det rock-and-roll» så falskt på fjernsynet ein laurdagskveld, at pizzabitane sette seg fast i halsen på den femtedelen av befolkninga vår som har nokolunde gehør. Livsfarleg. Det var Svarstad Haugland som i 2003 kom med den velskrivne stortingsmeldinga «Kulturpolitikk fram mot 2014». Kapittel 7.8 heiter «Folkemusikk og folkedans». Her står, ført i pennen på lytefri nynorsk av Svarstad Hauglands fremste penneknekt, avdelingsdirektør Stein Sægrov, det som bør seiast om dette feltet: «Noreg er åleine om å kunna verna, forvalta, og føra vidare den norske folkemusikken og folkedansen. Det er ei viktig oppgåve å syta for at denne kulturressursen er tevlefør i eit moderne, profesjonelt kulturliv.» Alle kulturpolitiske tiltak på dette feltet på 2000-talet har sin heimel og utspring i denne vakre formuleringa. I dette bildet høyrer òg at dei stridberre organisasjonane på feltet seint på 1990-talet fann saman i ønsket om å få laga ei samlande utgreiing om folkemusikk- og folkedanssektoren i Noreg. Utgreiinga fekk etter kvart namnet «Arnestadrapporten».

sjonsarbeidet la grunnlaget for utviklinga, kap 7.8 i kulturmeldinga gav feltet den politiske plattforma. Folkemusikken (og folkedansen) er for lengst kulturpolitisk akseptert, og nærmar seg no Tippeligaen. For folkemusikken i dag er utfordringa mykje den same som for resten av musikklivet: Har vi publikum og brukarar nok til all den gode musikken som vert skapt? Riksscenen for folkemusikk med sine glisne benkerader og meir enn halvtome salar midt i Oslo står som eit tankevekkjande uttrykk for at norsk kulturliv held på å investere seg vekk frå brukarane. Kan ein godviljens kulturminister, som truleg aldri lyttar på folkemusikk, gjere noko med dette?

03/11 folkemusikk

43


– skriv til knut @folkemusikk.no. Innlegg som blir sendt elektronisk, blir prioritert. Kronikk: Maks 6500 teikn med mellomrom. Lesarinnlegg: Maks 2500 teikn med mellomrom.

Ny salmebok? Igjen?

Hvorfor bruke masse ressurser på å lage noe nytt som folk faktisk ikke har bedt om og ikke ønsker?

Hvorfor ny salmebok alt nå? Det er ikke mer enn 26 år siden sist. Folk har enda ikke rukket å bli kjent med den «nye» salmeboken av 1985. Høringsuttalelsene og debatten om det nye salmebokforslaget sier det samme. Noen har markeringsbehov, blir det sagt, mens brukerne, de det angår mest, vil ha det som det er. Dette er et allment problem i tida, og kirken følger trenden. Hvorfor bruke masse ressurser på å lage noe nytt som folk faktisk ikke har bedt om og ikke ønsker? Salmesangen står sterkt i folkesangtradisjonen, slik er det også i dag. Salmesangseminaret i Bergen 10.–12. september i fjor var et bevis på det. Der var det mange kritiske merknader til endringsforslaget, som at gode og folkekjære nynorsksalmer skal ut og salmer på engelsk inn. «Hva har gospel å gjøre i ei norsk salmebok,» ble det spurt. Ønske om å slå an hos ungdommen kan lett slå feil. Lenge før den nye salmeboken blir lansert i 2013, ja kanskje alt nå, vil de engelske salmene i den nye salmeboken være utdatert hos de unge. Blant folkesangerne er det de eldste salmeversjonene som brukes, og tekster i de eldre salmebøkene som etterspørres. Utelatelse av sentrale brukssalmer og språklige moderniseringer med dårlig poesi og flatere innhold i de nye salmebøkene er et problem, ikke bare

for kvederne, men også allment i menighetene. Som i den mye brukte kveldssalmen «Nu solen går ned». Her er et par eksempler på hvordan teksten i Landstads reviderte salmebok er endret i Norsk Salmebok: «Du har meg omhegnet» er endret til «Du har meg beskyttet», «Så mildelig timene for meg henrant, Takk skje deg så sant» er endret til «Så mildt og så stille rant timene hen, Jeg takker igjen». I folkesangen er de gamle formene beholdt, tross endringer i nyere salmebøker. Muntlig tradisjon er langsom. Det samme gjelder kirkens tradisjon. Den gjenspeiler en praksis som ikke kan endres så lett. Problemet oppstår når kirken vil bli moderne, følge trendene i tida. Hva er feil med salmer som går igjen? Er ikke gjentagelse viktige elementer i både hverdag og høytid? Ja, viktig i all religionsutøvelse. Ritualene, morgensalmene, kveldssalmene, salmer til høytid og fest. Det finnes gamle salmer som aldri blir utdatert, og nyere salmer som blir utdatert etter kort tid. Salmene tilhører et allment sangrepertoar som svært mange har et forhold til, og som representerer kontinuitet i menneskelivet. Hva skjer når dette repertoaret endres og blir gjort uaktuelt gjennom nye salmebøker? Ingrid Gjertsen

BLIR REVIDERT: Mange mener den nye salmeboken blir skamklipt når de gamle salmene forsvinner.

Foto: Knut Aastad Bråten

44

folkemusikk 03/11

Etter at statsministeren i si tid brukte omgrepet «månelanding» om betydelege statlege prosjekt i industrien, har det mest gått inflasjon i allegorien. Det var mykje pengar og kløkt som låg til grunn for den eigentlege månelandinga i 1969, som eg var vitne til på fjernsynet. Men informasjonsteknisk rådde dei ikkje over meir computerkapasitet enn det ein litt avansert mobiltelefon har i dag. I den mest kritiske landingsfasen nytta dei endåtil mekanisk stoppeklokke for å rekne tida for bruk av drivstoff som var til rådvelde. Dei landa med ein margin på nokre få sekund. Med svært små ressursar, men masse kløkt, la Norsk Folkemusikk- og Danselag (NFD) grunnlaget for Riksscenen for nokre år tilbake. Seinare vart dette eit vidt samarbeidsprosjekt mellom alle aktuelle organisasjonar på feltet. Og det lykkast. Som eit under, spør du meg! Det er då utruleg viktig at dette nasjonale tiltaket vert styrt framover med kunnskap og kløkt. Og der er eg sikker på at mange kan bidra med innspel, slik som eg. «Kva er eigentleg god folkemusikk? Og kva er dårleg?» spør Knut Aastad Bråten i leiaren sin i det nye magasinet Folkemusikk, og i Klassekampen 10. februar i år. Svaret er: Sett i forhold til eit sett kriterium og premissar som er spesifikke for folkemusikken vår, er det plent dei same elementa som gjeld her som for all annan musikk, som også har sine kriterium og premissar knytte til seg. Det må såleis vere ei pedagogisk utfordring om folk flest ikkje er kjende med desse premissane og kriteria som gjeld spesifikt for norsk folkemusikk generelt og lokale stilartar spesielt. For utifrå desse kan folkemusikken vurderast, som annan kunst kan det. Eksempelvis går det dårleg med folkemusikken om dei kommersielle kreftene skulle få rå åleine på feltet. Motvekter til dette er gode tilskotsordningar i Norsk kulturråd, Fond for utøvende kunstnere, Fond for lyd og bilde, Rådet for folkemusikk og folkedans, og ein masse lokale og regionale bidragskjelder. Difor er kommersialismen einaste fienden me har i dag. Det var alt for mest tjuefem år sidan at underteikna med overskrifta «Kvalitet, eit tabuord i norsk folkemusikkmiljø» innleidde til debatt. Det hende på eit seminar på Raulandsakademiet. På den tida var underteikna også deltakar i Det Norske Arbeidarparti (DNA) si arbeidsgruppe for musikkpolitikk, som var leidd av Trond Jensrud, og bidrog med ei folkemusikkpolitisk fråsegn der det står: «Med ideal i kunstnarleg kvalitet vil så vel det breie lag av folket, som dei aktive formidlarane, kunne dra større vekslar på det potensialet som denne kulturgreina representerer. DNA vil oppretthalde og iverksette tiltak for i sterk grad å auke så vel kvalitet som kvantitet når det gjeld utøving og formidling av den genuine norske folkemusikken.» Og det vert fastslått vidare: «I den offentlege utdanningssektoren har norsk folkemusikk fram til i dag vore sterkt forsømt på alle utdanningsnivå.» Med eit tidsperspektiv på om lag førti år gjer ein seg nokre tankar, nokon kvar. For underteikna sin del er eit aspekt dette: ikkje høgare, men meir kvalitet i dag. Og det skal me vere nøgde med. Å heve nivået i øvre sjikt vil føre til ein ultraelitisme, noko som ein ser i andre leirar som me ikkje ynskjer å samanlikne oss med, i kunstmusikken.

Foto: Eivind Kaasin

meiningardebatt

Riksscenen, ei «månelanding»

Delta i debatten

RIKSSCENEN: Der det skjer.

Det er ei kjend sak at ein del framståande klassiske musikarar søkjer til folkemusikkmiljø for å oppleve dette å leve «i musikken», og ikkje berre «for musikken». Musikken må ikkje vere din herre, men din tenar. Til mentalhygiene, til glede, til fest, til dans, til inspirasjon, til det meste, rett og slett. Det er nok ein tankekross at den store pengestraumen som no vert forvalta av færre personar, fører til meir konsentrerte og sterkare maktstrukturar. Det skal me ikkje vere glade for, nødvendigvis. Dermed vert det reist spørsmål om kvar kulturpolitikken har tatt vegen i folkemusikkspørsmål i høve Riksscenen. Det gjekk altså ikkje meir enn eit år etter «nedlegginga» av Norsk Folkemusikk- og Danselag, som eg var med og skipa i 1987, til fagtidsskriftet Folkemusikk på leiarplass, og i Klassekampen, etterlyser større påtrykk andsynes staten, og spør om «oppgavene ble for store og for mange» for den nye fusjonerte FolkOrg, som samanslutninga vart heitande. Det var nettopp ei vaktbikkje og eit folkemusikkens Bellona Norsk Folkemusikk- og Danselag utgjorde. Dette er slått fast i vitskaplege og offentlege rapportar (Georg Arnestad). Eit anna moment redaktør Knut Aastad Bråten i magasinet Folkemusikk tek opp i leiaren og i Klassekampen, er spørsmålet om å sleppe andre sjangrar til på Riksscenen sine arenaer. Det er eit spørsmål som førte til den tidlegare daglege leiaren sin avgang rett før den offisielle opninga i fjor haust. Såleis kunne ein «betre» økonomien i konseptet når det gjeld leigeinntekter. Svaret må etter mi meining vere at det må bli betra programprofil og større innsats på marknadsføring i dagspressa. Utover den «engere krets» er ikkje sosiale elektroniske medium funksjonelle. Det må til «gamaldagse» annonsar i større stil. Og så vil eg til slutt minne om orda frå ein markant kringkastingssjef då han gjekk av for pensjon: «Vi skal ikkje berre gje folk det folk vil ha, men også det som dei ikkje vil vere forutan!» Hallvard T. Bjørgum

03/11 folkemusikk

45


meiningardebatt

Lobbyorganisasjonen

Ver livskraftig, men for all del ikkje «moderne»

46

folkemusikk 03/11

Det kan vera naudsynt å ta inn over seg at organisasjonslivet vårt er politisert i eit omfang vi ikkje har vore vane med. Folkemusikkmiljøet har lenge vore delt i to tydelege fraksjonar: ei «ja-side», der ein ofte finn «modernistane» i miljøet, og ei «neiside», der «tradisjonalistane» har heime. Dei kulturpolitiske skiljelinene følgjer ofte tradisjonssyn, busetnad, utdanning og innfallsvinkel til folkemusikken. Det er og mogleg å seia noko om alder her: Mange på ja-sida er i ein aktiv mellomgenerasjon (dei fleste på min alder), medan dei fleste på nei-sida er i generasjonen over. Dei yngste utøvarane har ikkje støtt noko tydeleg standpunkt enno. Klagemålet mot styresamansetnaden i FolkOrg – Organisasjon for folkemusikk og folkedans – er at styremedlemmene i stor grad har vore folk i «mellomgenerasjonen», med Maria Høgetveit Berg som synleg unnatak. Desse har og vore aktive «ja-folk», og arbeidd for einskap i organisasjonslivet. Men kva ønskjer dei? Den idéhistoriske kampen i rørsla har synt at mange på nei-sida har vore utmanøvrerte, og konflikten har ikkje støtt vore reinsleg. Skyttargraver kom til på båe sider, og slik har det vore sidan Norsk Folkemusikk- og Danselag braut ut i 1986. Dette svekte organisasjonslivet monaleg alt den gongen. Det skal stor politisk teft til for å finne ei god løysing på dette, og det er ikkje visst denne tefta var der då, eller no, for den del. Slik eg ser det, har nei-folket hatt tydelege saker dei har vilja ha fram. Mange av dei flaggar dei gamle ideala, tydeleg lagt fram mellom anna av Ivar Schjølberg: tradisjonsvern, idealistisk kulturarbeid, odling av gamalt spel. Dette var og Landslaget for Spelemenn (LfS) sine kjerneområde. Når ein spør ja-folket etter saker, kan ein stundom undrast på kva dei i røynda står for. Dei vil i alle fall ikkje flagge dei gamle sakene så høgt, av uklåre grunnar. Mangelen på tydelege motstandspunkt kan botne i at dei ikkje heilt veit kvar dei vil, eller at sakene i røynda vil møte motbør i miljøet om dei blir uttala klårt. Utydeleg tale er stundom ein del av makta sitt språk. Det er på resultata ein finn saka i slike høve, og då blir siktemåla tydelege litt for seint. Dette er og ei røynsle i praktisk politikk, og FolkOrg tek

meir og meir farge av eit politisk parti, i alle fall i styringsforma. Ser ein på målsetninga til FolkOrg, er eg litt uviss på kven organisasjonen er laga for. LfS var ein interesseorganisasjon. FolkOrg er truleg meir av ein lobbyorganisasjon, og føremålet er meir stønad, meir pengar. Det ser ut som om organisasjonen er til for andre enn oss, og spørsmålet er kven dette i røynda er. At det er ønske om meir marknadstilgang, brei publikumsorientering og større sal, er vel synleg for alle. Er FolkOrg underlagd eit krav om at organisasjonen lyt skapa meir for å få meir, slik at det er eit innebakt krav om lønsemd i lovnaden frå Kulturdepartementet? Eller at «verdiskaping» i vid basis er bytt ut med reint konkret økonomisk verdiskaping? Når FolkOrg skriv om seg sjølv at organisasjonen «ønskjer å stå fram som livskraftig og moderne, med røter i tradisjon», er det ønskeleg at dette blir reformulert. Ein som ønskjer å stå fram som noko, er ikkje nett viss på at han er nett det han vil stå fram som. Er FolkOrg viss på at organisasjonen er livskraftig eller moderne nok? Og kven krev dette av oss? Og kvifor set vi tradisjonsbiten sist? Vi har ikkje «røter i tradisjonen», vi er tradisjonen, godtfolk. Det er difor vi driv med folkemusikk. Om ein skuleelev på ungdomstrinnet hadde kome frampå og sagt: «Eg ønskjer å framstå som kul», ville han ha hausta nokre overberande flir, og dei venene han hadde, kunne sagt: «Ver som du er, du treng ikkje framstå som noko som helst.» Eg vil seia det same til «sentralstyret» vårt: Ikkje «framstå», det er krampaktig. Ver livskraftig, men for all del ikkje «moderne». Om FolkOrg ikkje greier å lande på denne foten, ser eg ein nyfødd organisasjon i akutt identitetskrise, som frir desperat til alle andre enn sine eigne fotsoldatar. Eilev Groven Myhren

Folkemusikk er basert på inspirasjon og livsopplevingar I våre dagar er det vanleg med ei rekke bestillingsverk frå utøvarar som i utgangspunktet har basert seg på å verke som folkemusikkutøvarar. Avrekningsreglement og tilskotsordningar for arrangement og komposisjon medverkar til stor interesse for å skapa nye verk, i motsetning til i tidlegare tider, da slåttar og viser vart til på grunnlag av inspirasjon frå lagnad og livsopplevingar. Det vil seia at det, i mykje større grad enn no, var tilfeldig kva som blei skrive av tekstar og kom til av melodistoff. Musikalsk skolering er sjølvsagt positivt og fører til utvida repertoar og musikkskaping, men det økonomiske aspektet vil likevel endre mykje på kva som blir skapt av hjarta og intuisjon, og kva som er basert berre på kunnskap og berekneleg intellekt. Her går også skiljet mellom kva som er nærmast etteraping av minimalistisk musikkmodernisme og tilpassa ulike musikksjangrar, og kva me held for dei folkemusikalske kjennemerke og kvalitetar, der den hugtakande melodiskapinga er det berande. Når teoretisk kunnskap og skolering blir så innverkande, blir sjølvsagt grunnlaget for nyskaping i folkemusikken endra. Det kan bli til gode resultat, men også stå i fare for å ende opp med forflating, om ikkje tradisjonelle ideal blir haldne meir i hevd. Ein må au ta i betraktning at om ikkje melodiar og slåttar evnar å bli tatt vidare, så manglar eit vesentleg ledd i kva ein kan kalle folkemusikk. Knut Buen

Om ikkje melodiar og slåttar evnar å bli tatt vidare, så manglar eit vesentleg ledd i kva ein kan kalle folkemusikk

FOLKORG Organisasjon for folkemusikk og folkedans Postadresse Postboks 4613 Sofienberg, 0506 Oslo Besøksadresse Trondheimsv. 2, Bygg J Administrasjon Linda Dyrnes, dagleg leiar, linda@folkemusikk.no, tlf.: 22 00 56 90, mobil: 481 05 075 Jorun Hagen, kontormedarbeidar, jorun@folkemusikk.no, tlf.: 22 00 56 22, mobil: 958 70 079 Marit Vestrum, kappleik og lag, marit@folkemusikk.no, tlf.: 22 00 56 20, mobil: 452 14 352 Lajla Renate Buer Storli, kappleik og lag, lajla@folkemusikk.no, mobil: 994 73 838 Informasjon/www.folkemusikk.no Eivind Kaasin, eivind@folkemusikk.no, tlf.: 22 00 56 23, mobil: 473 03 847 Arvid Skancke-Knutsen, arvid@folkemusikk.no, tlf.: 22 00 56 95, mobil: 473 81 959 Eller til info@folkemusikk.no Folkelarm Trond Stenseth Moe, trond@folkemusikk.no, tlf.: 22 00 56 93, mobil: 416 07 717 Organisasjonsnummer: 959390940 Kontonummer: 1600.20.36375

Annonsestorleik og annonseprisar for Folkemusikk 2011 Storleik br x h i millimeter Innstikk Bakside 218 x 214 + 5 mm bleed Heilside 190 x 245 Heilside utfallande 218 x 287 + 5 mm bleed 1/2-side breidd 190 x 120 1/3-side breidd 190 x 78 1/3-side høgd 60 x 245 1/4-side høgd 92,5 x 120 1/6-side 190 x 38

Pris eks. mva 6900 6900 6400 6600 3600 2900 2900 2500 1400

Pris inkl. mva 8625 8625 8000 8250 4500 3625 3625 3125 1750

03/11 folkemusikk

47


Telemarkfestivalen I N T E R N A S J O N A L F O L K E M U S I K K F E S T I VA L

BØ 21. -24. JULI 2011 Fotograf: Morten Krogvold

Ballade og kraviklyre • Seminar • Kyrkjekonsert • Songverkstad Uvdal i Numedal 16.–18. september 2011 Medverkande: Sverre Heimdal, Gunnlaug Lien Myhr, Halvor Kvisle, Linda Grønhaug, Olav Solberg ofl. Overnatting: Brøstrud Gard og Pensjonat, Uvdal For program og informasjon: www.kvedarforum.no Påmelding innan 15. august 2011 Arrangørar: Norsk kvedarforum i samarbeid med Numedal spel- og dansarlag.Seminar og konsert er støtta av: Rådet for folkemusikk og folkedans, Lindemans Legat, Fond for utøvende kunstnere og Norsk kulturråd.

PRØYSENFOLK m/ Ni liv, Ingebjørg Harman Bratland, Sondre Bratland, Tuva Syvertsen, Unni Boksasp, Jon Anders Halvorsen, Oddbjørn Aase og Anders Røine HARDINGFELEKONSERT med Nils Sletta, Egil Syversbråten, Per Anders Buen Garnås, Erik Sollid, Anne Hytta, Marie Tveiten UNNI BOKSASP ENSEMBLE HANS BØRLI – NÅ MED KVINNEHÅND med Anne Marit Jacobsen, Benedicte Maurseth, Åsne Valland Nordli SVER

PRØYSENFOLK Norske folkemusikarar tolkar Prøysen. Tors. 21. juli Gullbring kulturanlegg DUBLINERS(IRL) feat. Torgeir Straand Fredag 22. juli Skogen Gård

BORGJAKONSERTEN med Ottar Kåsa • SALME, SEGN OG SOLBØN • GLIMA • KVEDARMØTE med Ragnhild Furholt og Astri Skarpengland • RYTHMS OF SWEDEN (S) • HAZELIUS & HEDIN (S) • Gro Marie Svidal • SLAGR • KIM ANDRÉ RYSSTAD BAND • BESTILLINGSVERK FOR BARN med Jon Rørmarks Sirkusorkester og Camilla Granlien • BARNIVAL • FOLKEMUSIKKASYLET med Vigdis Hjort og Tuva Syvertsen • DANSEKURS • KVEDARKURS • SIRKUSKURS • BUSKSPEL • Bø Dansarring • Spelemannslaget Bøheringen • Bø Juniorspelemannslag • Dans i Framstugo og mykje meir...

FOR OVERNATTING & KONSERTPAKKE: www.bosommermotell.no eller tlf. 35 06 08 80 BILLETTAR: www.gullbring.no eller tlf. 35 06 03 90 INFO: www.telemarkfestivalen.no tlf. 35 95 19 19

Foto: Johan Brun

Norsk kvedarforum inviterer til:

ODD NORDSTOGA M/ BAND Lørdag 23. juli. Skogen Gård


ANNONSAR

I sommer skal jeg på kurs. På lyttekurs. Nei, jeg skal ikke lære å lytte til kjæresten min, eller bedre kommunikasjonen med min mor. Jeg skal lære å lytte til musikk. Jeg kunne valgt et tangokurs. Eller lært meg å klatre opp en vegg. Men isteden skal jeg sitte i ro tre hele junidager til ende. Det er ikke det. Jeg hører stadig på musikk. Når jeg er ute og går. Når jeg kjører bil, eller tråkker på en sykkel. Men er jeg egentlig med på notene? Musikken er som den forsmådde elsker. Den får aldri min fulle oppmerksomhet, og er alltid forvist til en sjalu andreplass. Etter boken, innboksen, eller mobilen. Jeg hører den kaller på meg mens jeg leser, skriver, prater og tvitrer. Men den når ikke helt frem. Jeg hører på musikken, men lytter jeg? Kurset skal lære meg forskjellen på å høre og lytte. Mens lytting er en aktiv og bevisst handling, er det å høre en passiv refleks. Å lytte krever noe mer. Oppmerksomhet og konsentrasjon. Å stille seg åpen. Kan man forstå musikk? Lukte den? Se den? er følelMusikken sensMusikk stenografi, sies er som den det. Oscar Wilde det slik: forsmådde beskriver «Etter å ha hørt elsker Chopin føler jeg det som om jeg har grått over synder jeg aldri har begått, og sørget over tragedier som ikke er mine egne. Musikk virker alltid slik på meg. Den skaper en fortid jeg har vært uvitende om.» I sommer skal jeg for alvor være med på notene. De forsmådde elskerne Richard Strauss og Johan Sebastian Bach skal endelig slippe inn. Helt inn. Fra nå av skal det bare være oss to. Liv Skotheim journalist i BT 50

folkemusikk 03/11

Illustrasjon: Gunnlaug Moen

meiningarpetit

Med på notene

Gamaltnymalt Innovasjon skal vera motivert utifrå ynsket om faktisk å skapa noko nytt. Den norske staten pumpar enorme summar inn i innovasjon. Men i eit land der det er skrint med nyskaping, har Innovasjon Norge senka krava til: «Innovasjonen skal være ny for foretaket; den må ikke nødvendigvis være ny for markedet.» Slikt provoserer meg. Blir ikkje det som å finne på eit nytt tak i dansen eller spelet og kalle det for sitt – og satse på at det ikkje var gjort 30 år tidlegare? Kor er tradisjonskunna i næringslivet? Eller gjeld det like godt hjå oss tradisjonskunstnarar – at vi byter toneart eller taktart på ein lått og kallar det nyskaping?

Er innovasjonsmidlane forkledde sysselsetjingspengar?

Går vi tilbake til den latinske bakgrunnen for «innovasjon», innovare, tyder det ikkje berre å skapa nytt, men å innføre nytt, med andre ord noko som før var ute av røynda vår. Det mange av oss får stønad til her i Noreg, er å fornye, på latin: rinovare, altså å renovere. Men å innovere eller renovere – det er kanskje ikkje spørsmålet? Går vi så djupt i nyskapinga vår at det gjev ei heilt ny oppleving hjå den vi vil nå? Skal ikkje innovasjon vera motivert ut frå ynsket om å tilføre samfunnet noko nytt? Den norske staten pumpar enorme summar inn i innovasjon. Noko dryp på kunsten. Men stiller dei krav til ekte nyskaping? Eller er innovasjonsmidlane forkledde sysselsetjingspengar? Når Framstegspartiet klagar på statleg stønad til kunsten, kunne dei sett på kva som faktisk skapar «framskritt». Er det å støtte innovasjon av «varer som skal være nytt for foretaket, men ikke nødvendigvis for markedet»?

oPPlev det Beste Av nordisk folkemusikk konserter | seminAr | worksHoPs norwegiAn folk musiC AwArds

oslo 29. sePt. –1. okt. 2011 AAsmund nordstogA, Antti PAAlAnen, Arto Järvelä, AslAk o. Brimi / erlend viken, CAmillA grAnlien, ellikA / solo / rAfAel, fAelA, HArv, Hemsing / HAnsegård, JAn BeitoHAugen grAnli, Jorun mArie kvernBerg, nAvArrA, nils ØklAnd, nordik tree, rAgnHild fureBotten, sudAn dudAn, ugAgn, vrAng

www.folkelarm.no

OSAFESTIVALEN VOSS 27.–30. OKTOBER

Tema: KuriOsa TINGINGSVERK av Frode Fjellheim Konsertar, kurs og dans SEMINAR 27.—28.okt: «Musikk og forteljing» med Leif Stinnerbom m.fl. OSAFESTIVALEN.NO


B-BLAD Returadresse: FolkOrg – Organisasjon for folkemusikk og folkedans Pb. 4613 Sofienberg 0506 Oslo

ta:lik

DEN BESTE MUSIKKEN

Aslak Brimi og Erlend Viken «Ho venta på rock.»

FOTO: ARNE S VAL A S TOG

PLATESLEPP PÅ LANDSKAPPLEIKEN I SELJORD!

Seljord anno 1935

FOTO: INGV IL SK EIE L JONE S

– Per Anders Buen Garnås –

Per Anders Buen Garnås «Seljord anno 1935»

meir info:

www.talik.no

www.talik.musikkonline.no

tlf. 91 19 74 07

Neste nummer av Folkemusikk kjem i veke 40!


Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.