Synkron nr 2 2015

Page 18

TEMA: innovasjon i utdanningen

NEW MEMBERS

SeLL ei merkevare som set SPOR etter seg

- SeLL er ei merkevare i seg sjølv, seier professor Gunnar Grepperud

Etter 25 års drift vil Senter for livslang læring (SELL) stoppa opp og sjå seg litt tilbake. Men aller mest vil dei sjå framover - og inviterer derfor til konferansen Spor2015 28. og 29. oktober. Synkron har tatt ein liten prat med professor Gunnar Grepperud, som har betre oversikt enn dei fleste på feltet, for å få kvalifiserte synspunkt på livslang læring per i dag, og også på verksemda til SELL på Lillehammer. av Torhild Slåtto

- Den politiske retorikken er sterk på kompetanse, ikkje minst nå i valkampen. Behovet for livslang læring er større enn det nokon gong har vore, og verkemidla så få som dei aldri før har vore, seier Gunnar Grepperud i kjend spissformuleringsstil. - For å møta kompetanseutfordringane på helsesektoren og andre sektorar er det eit klart behov for fleksible utdanningstilbod. Men regjeringa har ikkje vist vilje til å satsa på dette, snarare tvert imot. Utviklingsstøtta til fleksible utdanningstilbod hos nettskolane er strokne, ønske om å redusera støtta til studieforbunda er tydeleg uttalt gjennom fjorårets statsbudsjett. Og utviklingsstøtta til fleksible tilbod i høgare utdanning gjennom Norgesuniversitetet er «berre peanuts», seier Grepperud. Døropnar - SELL snakkar om «kompetanse som set spor», og kallar

18 Synkron 2:2015

konferansen for Spor2015. Har SELL sett spor etter seg? - Ja, utan tvil. SELL har halde fast på at dei skal jobba med målgrupper utafor campus. Dei har framleis det eksterne blikket, i motsetnad til andre tilsvarande senter og avdelingar som arbeider meir innafor eigen institusjon. SELL er ein viktig døropnar for samfunnet inn mot høgare utdanning. Dei har i 25 år vore med og fornya studium og undervisning. SELL er ein pioner i bruk av teknologi i livslang læring, påpeikar Grepperud. - SELL er ei merkevare i seg sjølv! - Og kva med den innovative krafta? - SELL er heilt klart eit av dei mest innovative miljøa på etterutdanning og livslang læring. Miljø som arbeider med teknologi og undervisning er ofte det mest innovative miljøet ved eigen utdanningsinstitusjon, seier han. Grepperud er sjølv tilsett ved Ressurssenter for undervisning, læring og

teknologi ved Universitetet i Tromsø, og meiner at dette senteret også har funne ei god form som bidrar til diskusjon, utvikling og innovasjon. SELLs agenda - Vi ønskjer med denne konferansen å setja dei overordna kompetanseperspektiva på dagsorden. Fleksibel læring og bruk av teknologi i læring blir sagt å vera svaret på korleis vi skal løysa framtidas kompetansebehov, og korleis vi skal fremja innovasjon og skaparkraft. Konferansen vil utfordra arbeidslivet, styresmaktene og utdanningsinstitusjonane på dette, seier leiar av SELL, Mette Villand Reichelt. Ho ønsker velkommen til Lillehammer i oktober. Om Spor2015 med program og praktiske opplysningar: http://spor.education


Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.