Dama dei aldri blir lei

Page 1

15.11

N r . 2 6 5 ■ V e k e 4 6 2 0 1 4 ■ L a u s s a l k r 3 0 , - ■ 9 7. å r g a n g

Parken

a

V

LaurDAG

G

anD til alt st ! Ka

st an

jetu

net

www.gravdal.no

firda.no

Dama dei aldri blir lei

rustar aldri: Om somrane rek dei fjordalangs få å tene pengar til vedlikehald, om vinteren samlast dei i salongen på MS «Atløy» til kaffi 1SIDE 18-25 og sosialt samkvem. – Det er med båt som med kvinnfolk: Du blir glad i dei, seier Leif Kvalvik (t.v.).

Rein Design

Så veit du at det går verdiar tilbake til fylket

Spenst Førde utvidar! Vi er stolte av å få vere med på vegen vidare!

VOLLEYBALL

Eliteserien 2014/15 Dame:

Førde VBK – Nyborg Laurdag 15. november kl. 14.00 i Førdehuset

Herre:

Førde VBK – Nyborg Laurdag 15. november kl. 16.00 i Førdehuset Tlf. 57 83 33 53 / post@findriv.no

VAKSNE 100,– / BORN 50,– / BORN UNDER 7 ÅR GRATIS

½-PRIS I 3 MND. ½-PRIS PÅ MODEMGARANTI

+ FRI ETABLERING Abonnement til nye DSL-kundar. Gjeld ikkje ADSL Enkel pluss. Minste totalpris med 12 mnd. avtaletid: kr 3868,-

LES MEIR PÅ

enivest.no/kampanje


18

helg

Laurdag 15. november 2014

Firda


FIRDA

HELG

Laurdag 15. november 2014

Inst i ei krå i verftshallen står ei gamal dame. Så høgt elska av ein klikk eldre herrar at dei har brukt månader og år av liva sine på henne.

19


20

helg

Firda

Laurdag 15. november 2014

1

Sju rustne, kjærle Inst i verftshallen på Westcon i Florø ligg ei eldre dame og skin. Vinterdagen står ho på land, men ho badar likevel. I kjærleiken frå ein gjeng rustne herrar med ein felles lidenskap: M/S Atløy. – Ei skute som dette skal ikkje ligge i ro lenge før ho er blitt eit vrak. Her er lediggang rota til alt vondt, seier Leif Kvalvik

Reportasje tekst:

Ole Johannes Øvretveit

Foto:

Bent Are Iversen

(70). Han er med i Atløy-gjengen på firogtjuande året. I ei lita perle av ein salong, i glinsande,

olja eik og gyllenbrunt skinn, sit ein gjeng rustne herrar og tømmer ein kaffitermos frå «ganske reine koppar» mens praten går. Som dei har gjort det, hundrevis av gonger før. Her er dei heimekjende, dette er deira sosiale ankerfeste. Dei har ofra dagar og månader, nokre av dei jamvel år av sitt liv, for å sette henne i toppstand. – Nei, ho har godt av å få køyrt seg litt. Og M/S Atløy får køyrt seg. Frå 17. mai til langt ut i september er båten i fart nesten kvar bidige dag. – I sommar låg vi ein månad i Bergen og køyrde blåturar, så var vi fjorten dagar i Hardanger for Voss folkemuseum, dei skal forresten ha oss førti døgn neste

«Det er med båt som det er med kvinnfolk: Du blir glad i dei.» Leif Kvalvik

sommar, så var vi to veker på fjordaferd inn Sognefjorden, fortel Sander Ødelien. Han er 48 og eit halvt år, og er småguten i gjengen. Men det er han som skaffar jobbane.

Vern gjennom bruk – Dette er vern gjennom bruk, og forresten har vi ikkje pengar om båten ligg i ro.


Firda

helg

Laurdag 15. november 2014

21

1. sju elskelege menn: Fv. Harald

Aarebrot, Per Grov, Sander Ødelien, Vidar Grønnevik, Leif Kvalvik, Nils Jørgen Hansen og Helge Terøy. 2. fin årgang: M/S Atløy vart bygd på BMV Laksevåg i 1931. 3. veldreid: Svaie, avrunda linjer kjenneteikner ein fjordabåt. 4. pikkar på: Leif Kvalvik fann ein rustflekk.

2

3

4

ege herrar Og har vi ingen pengar, blir det inkje vedlikehald. Det går no 500.000 i året der, til straum og drift og forsikring og bunkers og vedlikehald, og sjølv då jobbar vi hardt for å få det til å gå rundt, seier Rolf Grønnevik. Han er ein av to faste skipperar. I fjor hadde han seksti døgn om bord. Så sommar og haust fartar dei fjordalangs, frå grend til grend, frå by til by. Dei kjøper fisk i Solund, sel den på veg inn Sognefjorden til Lærdal og Solvorn, kjøper poteter og kålrabi som dei sel i grendene på sørsida av fjorden på veg ut att. Køyrer bergensarar på blåtur, står i baren, lagar mat, svabrar dekk og nyt sjølivet og sommaren i fulle drag.

– Det er nesten som ein gratis ferietur, seier Per Grov. Då blir han mint om den store potetsjauen i Lærdal: – Den turen, ja. Då var eg med som slave. Elleve og eit halvt tonn poteter bar eg på plass då. Jau, då tenker eg karane var glade for at dei hadde ein med eit livmål såpass at han kom seg inn mellom spanta i lasterommet, ha, ha!

Gratis ferietur Om vintrane tek samværet ei anna form for dei sju: – No om vintrane, når vi har hatt henne liggande i Florø, så er det å møte opp på formiddagen og ha oss ein kopp kaffi i

«Ho har godt av å få køyrt seg litt. « Rolf Grønnevik

salongen og kose oss. Det blir ikkje alltid det blir so mykje gjort, men det er no sosialt likevel. Vi går ikkje på akkord, for å seie det slik, seier Harald Aarebrot (74). Det som driv karane er noko som minner om kjærleik: – Når du har vore ombord her i so mange år, så er det med båt som det er med kvinnfolk, du blir glad i dei. Vi har fått henne så fint opp å gå, folk seier ho er betre no enn ho var når ho gjekk i fart, seier Kvalvik.

Ikkje alle «Atløy» sine elskarar er med kvelden Firda møter dei: – Nei, du har no Ludvig Grytten, han er i vinteropplag i Arguineguin på Gran Canaria. Han er på beite der og kjem att når det vårast, ler Grønnevik. – Og så er Moldestad’en og Alrek’en og Berge’n, og so han der andre … – Hadde ikkje han fått seg kvinnfolk, syns eg eg høyrde snakk om? – Jau, han har fått seg kvinnfolk, så han kan vi nok sette ein strek over. – Pøh, han kjem nok att. Du veit no korleis det er med desse kvinnfolka: Det er veldig svært til å begynne med, men det roar seg etter nokre år. Ikkje som med fjordabåtar, altså.


22

helg

Laurdag 15. november 2014

Firda

Sander Ødelien

Storkjefta unggut (48) – Eg er førtiåtte og eit halvt, seier Sander Ødelien. – Men eg er no respektert i gjengen for det. – Det vakraste med «Atløy» er baugen, korleis han skjer seg gjennom sjøen. Dagens båtar skubbar seg veg, mens denne skjer som ein kniv gjennom bølgene. – Det var eit folkemøte ned på Kakebua i 1994, då var eg akkurat flytta til Florø. Atløy heldt på å forsvinne, og det var ingen som melde seg for å ta tak i det. Då var eg litt tøff i trynet, og reiste meg og sa at «står det så dårleg til her i Florø, at ingen vil ta vare på ein gammal båt, så skal eg gjere det!». Så starta han «Atløys Venner». Siste året har han brukt 30 dagsverk på båten. – Kva seier kona di til det? – Det er heilt greitt for henne. Vi har no hatt stor glede av denne båten. Då ungane var små var vi på ferie med «Atløy» ei vekes tid kvar einaste sommar. Det er noko dei aldri gløymer. Han dreg og fram samhaldet i gjengen: – Det blir vel som eit jaktlag: Vi har eit felles prosjekt, båten flyt, og vi får klapp på skuldra når vi kjem rundt. Denne båten har betydd mykje for folk.

Leif Kvalvik

Harald Aarebrot

120 døgn på lugaren

Dekksgut sidan 1956

– Eg var om bord fjorten dagar i slengen då båten låg på slipp i Dåfjorden i fjor vinter, så var eg ein månad i Bergen, og fjorten dagar på fjordaferd, så eg kom nok opp i ein tre-fire månader til saman siste året, seier Leif Kvalvik (70). Formene på båten er det vakraste med han, meiner Kvalvik: – Denne båten har spring, altså boga, svaie linjer. Det syns eg er vakkert. Ein båt utan spring er som ein kasse. – Kor lenge kjem du til å halde på? – Nei, no er eg sytti, og så skal eg prøve, viss helsa held vidare, skal eg i alle fall halde på til eg er åtti. Då trur eg kanskje vi skal begynne å trappe ned litt. – Men det eg ser litt svart på, det er rekrutteringa. Kva med dei unge, har dei noko forhold til dette, og interesse av båten? No får dei ein båt som er hundre prosent i orden, det er grunn til å passe på han. Men viss ikkje dei passar på den? nei, eg ser svart på det. Han trur staten må inn, skal båten ha ei framtid: – Eg trur det, eg trur folk må få løn for å vere om bord. Vår generasjon er den siste som jobbar dugnad. Eg har det på følelsen.

– Eg begynte som dekksgut på «Fjaler» i august 1956. Sjøen har vore min leveveg i mange år, seier Harald Aarebrot (74). Han dreg først og fremst fram den gode kameratskapen i gjengen som årsak til at han brukar så mykje tid på «Atløy»: – Vi har det veldig kjekt i lag, og så er vi med på kjekke turar som båten blir leigd til. Det er sosialt, seier Aarebrot. Det som gjer «Atløy» så vakker er at ho er ein båt av si tid, meiner Aarebrot: – Ho er slik båtane vart bygd i den tida, ho står for meg som ein skikkeleg båt, frå den tid det var litt stell på dei, og fine fasongar. Det beste med «Atløy» syns han er stundene om kveldane: – I grunnen er alle turar ei oppleving. Eg kan ikkje trekke fram ein særskild tur, det er koseleg å treffe kameratane i gjengen. Men når vi legg til kai om kvelden, og blir sitjande i salongen og prate og kose oss, fram til vi legg oss, det er stunder eg set pris på. – Kor lenge kjem du til å halde på? – Så lenge helsa held. Den er no ganske bra endå. – Kva seier frua til tidsbruken? – Ho er stort sett nøgd. Det går bra, det.


Firda

helg

Laurdag 15. november 2014

23

Helge Terøy

Fjordaferdene finast – Det å vere med i denne gjengen gjev meg mykje. Eg likar no å vere i lag med den der gjengen. Eg har jo hatt med meg kona og døtrene mine på båten, og dei trivst i det miljøet der. Det seier no det meste, seier Helge Terøy (60). I fjor var han på tur med «Atløy» i fjorten dagar. – Det må jo passe inn med arbeidsperiodane mine i Nordsjøen og. Terøy er altmoglegmann om bord: – Eg gjer førefallande arbeid, alt frå å stå i baren og koke kaffi til gjestane til å halde det ryddig og fint om bord, få boset på land og vaske opp. – Og det syns du er kjekt arbeid? – Ja, sjølvsagt! Terøy synst ferdene inn Sognefjorden er finast: – Det å vere med innover Sogn, frå yste Solund og innover til Lærdal og Solvorn, å treffe folk på kaiene i dei pittesmå grendene på sørsida av fjorden, det å slå av ein preik med folk på kaiene der, det syns eg er det beste med å vere om bord. Terøy tur han kjem til å vere med på «Atløy» lenge. – Eg kjem no til å halde på i nokre år enno, i alle fall. Og etter at eg blir pensjonist om halvanna år blir det vel kanskje litt meir og.

Nils Jørgen Hansen

Per grov

Røff sjømannshumor

Å vere der ting skjer

Nils Jørgen Hansen (64) er nærast for førstereisgut å rekne, som berre har vore med i dugnadsgjengen i eitt år. – Det å komme med her gav meg innpass i ein kameratflokk som deler litt ein felles humor, sjømannshumor, kan du kalle det. – Og kva kjenneteiknar sjømannshumoren? – Den er i alle fall røffare enn den i helsestellet, ler Hansen, som har vore jobba i helsestellet i ein mannsalder. I fjor var han 18 døgn på «Atløy». – Eg er kokk. Og kom ikkje her med noko tacos eller chili eller den slags nymotens greier. Eg høyrer til salt- og pepargenerasjonen og ferdig med det. – Kva er den finaste opplevinga du har hatt med «Atløy»? – Det må vere i fjor sommar, då hadde vi med ein gjeng frå Bergen kommune, og det regna tolleknivar heile dagen. Men så, så snart vi hadde fått dei av båten, tok vi om bord ei gruppe med vakre, unge damer som jobba på Haraldsplass, og dei må ha hatt kontaktar oppover, for med dei kom fineveret, og så hadde vi maksvêr i ei veke. – Kva seier kona di til tidsbruken? – Skal eg vere heilt ærleg, trur eg ho er glad ho er

– Når du er med «Atløy», så sit du ikkje heime i ei stove. Du er med, der ting skjer. Det er viktig for meg, seier Per Grov (65). Han har vore med i «Atløy»-gjengen sidan 2010. – Når vi er på sjøen og seglar, då tenker du ikkje på tida i det heile tatt. Det er aldri to like dagar, du har ditt å jobbe med, det blir aldri kjedeleg. I sommar var han tre veker på tur. – Og so er eg no nedom her om vinteren og pussar og gnikkar. Eg har min del av dei 15.000 dugnadstimane siste året, i alle fall. Den finaste opplevinga med «Atløy» hadde han i Flekke i sommar. – Vi var der på Kobbeskjerskvelden, låg der som eit slags moderskip, og så samla alle småbåtane seg rundt oss, fjorden full av båtar. Vi hadde trekkspel og gitar om bord, og så song heile fjorden «Morgon på Kobbeskjeret». Det, skal eg seie deg, det var vakkert. Men vi har hatt mange fine turar her omkring og, til Kinn og Kalvåg, om sommarkveldane, når sola glader, det er slikt som set seg fast i minnet. – Det er fine somrar her om bord. Nesten som ein gratis ferie. Vi får jo dekka kost og losji, så vi har ikkje utgifter på det, men vi får jo ikkje noko løn heller.


24

helg

Laurdag 15. november 2014

Firda


Firda

helg

Laurdag 15. november 2014

25

Rolf Grønnevik

- Eg ser svart på framtida for veteranbåtane

I

2016 skjer det endringar i regelverket som kan bli eit knusande slag for veteranbåtane, seier Rolf Grønnevik, som er ein av skipperane som legg ned mykje gratis arbeid for å halde «Atløy» i fart. – Vi er to faste skipperar, pluss at vi har eit par–tre stykke med dei naudsynte sertifikata som steppar inn når det er krise. Men frå og med 2016 kan det bli langt mellom pensjonerte skipperar som kan ta i eit tak for veteranbåtane: – Eg har skippersertifikat klasse 1, det vil seie at eg kan føre kva som helst som går sjøvegen her i verda. Den største båten eg har ført, var ein oljetankar på 220.000 tonn. «Atløy» er til samanlikning på 99 tonn, altså mindre enn ein halv tusendel så stor.

Alle sertifikat nullstilt – Slik det er no, kunne eg ha halde på så lenge eg passerer den årlege legetesten.

Men i 2016 blir alle dagens sertifikat nullstilt. Då må ein gå eit kurs som kostar 75.000 kroner for å føre ein båt som «Atløy». Og det trur eg dessverre veldig mange veteranbåtskipparar vil finne alt for dyrt for å få lov til å legge ned ein masse gratis arbeid. Då er eg redd veldig mange av navigatørane kjem til å bakke ut. Ein har prøvd å få til ei lemping av krava for folk som driv frivillig arbeid, men så langt har det vore lite gehør for dette hjå styresmaktene, seier Grønnevik. – Eg trur 2016 blir eit skjebneår for mange som er avhengige av sertifikatet for å drive kulturarbeid.

skal vi sette pris på, for det gjer dei i svært liten grad.

Fjord og fjellturane Dei finaste opplevingane hans om bord var ein type fjellturar som ikkje har vore arrangert dei siste åra: – Då hadde vi ei gruppe fjellfolk om

bord, og så var vi «hytta» deira på sjøen og gjekk frå fjell til fjell, mens dei gjekk på Alden ein dag, Bataldefjellet den neste, Hornelen etter det, og så vidare. Det var verkeleg fine turar, vi vart ein heil stor gjeng og åt middag saman om kveldane og hadde det storfint. Dei turane skulle eg gjerne hatt fleire av.

Tek vare på kulturminne Og det er synd, for «Atløy»-miljøet har gjeve gjengen mykje: – Ja, vi har det triveleg saman som kameratar, og så veit vi at vi tek vare på noko av den finaste kystkulturen vi har, og vi gjer det på tvers av politikarane sine fine ord og lovnader om at dette

«Eg trur 2016 blir eit skjebneår for mange som er avhengige av sertifikatet for å drive kultur-arbeid.»

i sin beste alder: M/S Atløy. Finare enn nokon gong. Og med ei uviss framtid.

Foto: Svein Inge Trellevik


Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.