1 minute read

Eit godt år på tross av kriser

Krigen i Ukraina ga prisrekordar på fôrråvarer, energi og mineralgjødsel. Høg inflasjon, ei svekka krone og høgare rente reduserte også kjøpekrafta til både bønder og forbrukarar. Eit positivt jordbruksoppgjer og auka målprisar på korn var godt for bonden, men dette saman med ein stor kornhaust auka kostnadane og kapitalbindinga for Felleskjøpet som kornkjøpar.

Tryggare kvardag

Advertisement

Konsernsjefen legg stor vekt på at Felleskjøpet skal bli ein tryggare arbeidsplass. – Om folk vert skada eller døyr på jobb, er ikkje resultata våre noko verdt. Gode prosessar gjev både gode resultat og HMS, og fråværet etter medisinsk behandling gjekk ned med 30 prosent frå 2021 til 2022. Men vi skal bli enda betre, og målet er null fråværsskader. Det vil krevje innsats, sa Fure.

Auka konkurransekraft

- Vi måtte sette opp prisane på landbruksvarer, og vi var kanskje for seine. Innan maskin verka det godt å be kundane kjøpe før prisen gjekk opp, og vi har teke større delar av marknaden med presisjonslandbruk og traktorar som passar mangesysleriet i landbruket. I detaljhandel har vi køyrt sterke og vellukka kampanjar som skal spissast enda meir i vår, sa Fure.

Kostbar industristruktur kan krevje endringar

- Båttransport av ferdig fôr og kortare turar med bil, slik vi får det til med nye distribusjonsanlegg i Nord-Noreg, kan være aktuelt også andre stader. Cernova har flytta produksjon nordover til Buvika for å spare på straumkostnadane, Enøkprosjektet på Skansen skal utvidast til fleire stader, og så fekk vi Enova-tilskot til ein elektrisk trailer i Trøndelag. Tre lager på Gardermoen har vorte eitt, fleire anlegg er oppgradert, og no skal vi flytte bruktmaskinsenteret frå Kløfta.

Kontroll på gjelda

Om Felleskjøpet ikkje klarer å halde nettogjelda under 3,5 gonger overskotet, kan renta auke med 100 millionar i året.

I fjor sommar var prognosen 4,9, og rundt 150 små og store tiltak vart sett inn for å redusere gjelda, mellom anna auka leigelagring for at bonden skal få betalinga. Det verka. I mars hadde vi 16 prosent meir korn på lager enn året før, og NRBG/EBITDA landa på 3 ved årsskiftet.

Overskot og bonus

Fure avslutta talen med å be om at vi tek godt vare på Felleskjøpets vel 4 000 tilsette som skapar resultata. Årsmøtet vedtok årsmeldinga og rekneskapen som viser eit resultat på 232 millionar for morselskapet etter ei omsetning på 20,2 milliardar kroner. Av resultatet vedtok årsmøtet å disponere 40 millionar kroner til bonus/ etterbetaling, 5,5 millionar kroner til avkastning på inneståande individuell eigenkapital, og 182 millionar kroner til annan eigenkapital.

This article is from: