1 minute read

Ordbok; [ presisjonsjordbruk ]

GNSS/GPS:

GNSS står for Global Navigation Satellite System, og er fellesnemninga for satellittsystem for navigasjon som har global dekning. Ofte nyttast GPS som fellesnemning, men det er eigentleg det amerikanske systemet. GPS står for Global Positioning System. Andre system er europeiske Galileo, russiske GLONASS og kinesiske BeiDou. Slike system består av mange satellittar som går i forskjellige baner rundt jorda. Ved hjelp av avstanden til desse satellittane blir til dømes traktorens posisjon kalkulert. Dette gjev typisk ein posisjon med omtrent 2-3 meters nøyaktigheit.

Advertisement

Korreksjonssignal:

Eit ekstra signal som nyttast til å sikre nøyaktigheit og kvalitet i posisjoneringa. Det finst fleire system for korreksjonssignal, som SBAS og RTK. Ved å nytte korreksjonssignalet blir signalfeil rekna bort, og ein får ein meir korrekt posisjon, som mogleggjer cm-nøyaktigheit. Signalet leverast anten via geostasjonære satellittar som går over ekvator eller via radio eller trådlause nettverk. Gjev betydeleg meir nøyaktig posisjon, men den er avgrensa repeterbar.

SBAS:

SBAS står for Satellite Based Augmentation System. Det består av fleire basestasjonar med kjente posisjoner som mottar GNSS-signal og reknar ut feilmarginen. Deretter sendast informasjonen ut til mottakaren via geostasjonære satellittar. Dette krev god dekning mot sør. I Europa kallast dette systemet EGNOS og består av 40(?) basestasjonar og tre satellittar over ekvator. EGNOS nyttast til gratis korreksjonssignal til dei fleste formål, men kan ha opptil 30 cm feil i avstand frå spor til spor.

I denne utgåva av ordboka ser vi på meir tekniske aspekt av presisjonsjordbruk, meir konkret på satellittar og noko av det dei gjer mogleg i dagens jordbruk! I neste utgåve blir det meir om nøyaktigheit for maskinane våre.

Er det ord eller uttrykk du lurar på? Send dei gjerne inn til Jon.Ole.Botnevik@felleskjopet.no for å få dei med i neste utgåve!

ANTENNE:

Med ein slik antenne kan du utnytte satellittane som flyg 23 222 km over oss til å styre traktoren eller treskaren din.

This article is from: