Samlaget våren 2014

Page 1

K

om no og så set vi oss ned, seier Åsleik og han lyfter handa og peikar mot benken ved det næraste bordet og Alida kjem seg bort dit og ho set seg ned og ho kjenner at det er varmt òg her inne, varmt og godt, og så denne unders gode lukt av røykt kjøt og steikt flesk og av erter, jau for det er lukt av kokte erter òg, og hadde ho no berre hatt noko å kjøpa for, så skulle ho ha kjøpt og ete og ete, tenkjer Alida og ho ser Åsleik gå bort til ein disk og ho ser i ryggen hans, den svarte lange jakka, den svarte skyggeluva trykt ned langt bak i nakken, og ho min- nest han frå Dylgja, ho gjer det, når ho tenkjer seg om, men berre så vidt det er minnest ho han, han er så mykje eldre enn henne, vaksen mann, men ho kan minnast han og nokre karar stå der saman, med hendene i bukselomma, det er det ho kan minnast, han står der og pratar med nokre andre karar, alle med like skyggeluver og med hendene i bukselomma, alle slik, tenkjer Alida og ho ser Åsleik snu seg og så kjem han gåande mot henne med to tallerkar fylte av røykt kjøt og steikt flesk og 5


2

bøker vår 2014 ©2014 Samlaget www. samlaget.no stiftinga det norske samlaget leiar: Kari Bjørke forlagsdirektør: Edmund Austigard forlagskontor: Jens Bjelkes gate 12 postadresse: Postboks 4672 Sofienberg, 0506 oslo føretaksnummer: 935 305 314 Vi tek atterhald om prisendringar. omslagstekst: Jon Fosse Kveldsvævd konsept: Reaktor Design formgiving: Fredrik Eive Refsli fotografar: Tove K. Breistein (s. 113, 6, 25, 26, 28), Agnete Brun (s. 17), Paul Audestad (s. 20), Erna Osland (s. 21), Sanne Berg (s. 27), Tom A, Kolstad (s. 6, 14, 15), Asbjørn Jensen (s. 8), Studio Snorre (s. 11), Benedikte Skarvik (s. 12), Kjetil Tandstad (s. 32), Knut Brautaset (s. 33), Trude Heggheim Nilsen (s. 35), Siri Vaggen Olsen(s. 37), Øyvind Eide(s. 7)


in nhal d  3

INNHALD SKJØNN LI T TERATU R F O R VAK S N E

4

BØKE R F O R BARN O G U N GE

18

F AKTA O G DO K U MEN TAR

30

E -BØKE R OG APPAR

40

M AR KNADS AVDEL I N GA I SAML AGET

56



bøker 2013 ©2013 Samlaget www. samlaget.no stiftinga det norske samlaget leiar: Kari Bjørke forlagsdirektør: Edmund Austigard forlagskontor: Jens Bjelkes gate 12 postadresse: Postboks 4672 Sofienberg, 0506 oslo tlf.: 22 70 78 00 føretaksnummer: 935 305 314 Vi tek atterhald om prisendringar.

Skjønnlitteratur for vaksne omslag: konsept: Reaktor Design formgiving: Fredrik Eive Refsli fotografar: Forfattarportrett sjå: side x


skjøn nl i t t er at ur for vak sne

jon fosse

KVELDSVÆVD Siste band i Andvake-trilogien Kveldsvævd er ein frittståande oppfølgjar til Andvake og Olavs draumar. Her møter vi gamle Ales, dotter til Alida. Gjennom henne får vi vite korleis det gjekk med Alida og Asle, paret som ofra samvitet for kjærleiken. Asle vart hengd i Bjørgvin. Alida og den vesle sonen Sigvald følgjer sambygdingen Åsleik tilbake til Dylgja, staden Asle og Alida ein gong reiste frå. … og Alida tenkjer at ho og Asle framleis er kjærastar, dei er med kvarandre, han med henne, ho med han, han i henne, tenkjer Alida og ho ser utover mot havet og på himmelen ser ho Asle, ho ser at himmelen er Asle, og ho merkar vinden og vinden er Asle, han er der, han er vinden, om han ikkje finst, er han der likevel …

6

rom a n | k r 2 9 9 , – i sbn: 9 7 8 8 2 5 2 1 8 5 0 0 3 u t g . ja n ua r

jon fosse (f. 1959) vaks opp i Strandebarm. I 2011 flytta han inn i statens æresbustad for kunstnarar, Grotten. Fosse debuterte som skjønnlitterær forfattar i 1983 med romanen Raudt, svart, og har seinare skrive over 30 skodespel, mellom anna Nokon kjem til å komme, Draum om hausten og Eg er vinden. Forutan romanar og dramatikk har Fosse skrive dikt, essay, kortprosa og barnebøker. Han har motteke ei rekkje prestisjestunge prisar og blir rekna som ein av våre viktigaste samtidsforfattarar.


skjøn nl i t t er at ur for vak sne

marit kaldhol

DET SKULLE VERE SOL, VI SKULLE REISE TIL LÓDZ

7

Nært og sårt om søsken to søstrer, Jenny og Solrun, veks opp saman med mamma og bestefar Olvar. Dei leikar på stranda og i skogen, byggjer hytte i det store tuntreet. Mamma les eventyret om Raudhette og ulven. Storesøster Solrun skulle alltid passe på Jenny. Ingen skulle gå seg vill. Mamma skulle vere der. Det skulle vere sol. Det som hender skulle ikkje hende. Jenny må vere sterk, ta ansvar, vise omsorg. Men kven skal ha omsorg for Jenny? Det skulle vere sol, vi skulle reise til Lódz er ein roman om eit nært og sårt søsterforhold, og om det å vere pårørande.

rom a n | k r 3 2 9 , – i sbn: 9 7 8 8 2 5 2 1 8 4 3 6 5 utg. mars

marit kaldhol (f. 1955) har sidan debuten i 1983 gitt ut ei rekkje prislønte bøker for barn, ungdom og vaksne. I 2006 og 2010 fekk ho Kulturdepartementets pris for barne- og ungdomslitteratur, sist for ungdomsromanen Søkeord: Ayotzintli.


skjøn nl i t t er at ur for vak sne

arild rein

ST. OLAV­ KOMPLEKSET Hardkokt spøkelsesforteljing frå forfat­ taren av Stavanger-trilogien fritz hellman får brått ei melding om farens død. Det er 20 år sidan han såg både faren og barndomsbyen. Men no treng han pengar, og set seg på flyet for å få tak i si rettmessige arv. Men det skal vise seg at faren var ein heilt annan enn Hellman hadde trudd. Og heimbyen er som eit vrengjebilete av byen han vaks opp i. Hellman blir omringa av si mørke fortid, og i løpet av dette stadig meir draumeliknande opphaldet, der grensene mellom død og liv blir viska ut, prøver han å finne ut kva som skjedde med faren, og til slutt kva som er i ferd med å skje med han sjølv. Arild Rein er mest kjend for sine kontro­ versielle og samfunnskritiske romanar frå Stavanger si kriminelle underverd. Med St. Olav-komplekset har han levert sin mest originale Stavanger-roman til no.

8

rom a n | k r 2 9 9 ,– i sbn: 9 7 8 8 2 5 2 1 8 5 2 8 7 u t g . f e brua r

arild rein (f. 1960) er frå Stavanger. Han debuterte i 1998 med romanen Hundedagane – første band i Stavangertrilogien, som blei avslutta med Kaninbyen i 2004. Rein er kjend for sin sosialrealistiske, hardkokte stil. Arild Rein fekk Rogaland fylkeskommune sitt litteraturstipend i 2001 og Sigmund Skard-stipendet i 2005. I 2008 blei han, på bakgrunn av Kaninbyen, kåra til Stavanger Europeiske Kulturbys forfattar av innbyggjarane i byen.


skjøn nl i t t er at ur for vak sne

anne bergset oikonomaki

SMÅDJEVLANE Thriller med handling frå Kreta elsa fossevik tek vare på eit brev for ei norsk kvinne ho møter på Kreta. Kvinna forsvinn. Tilbake står Elsa med eit brev og ein mistanke om at alle som så langt har lese det, har blitt drepne. Andreas Linde er halvt gresk, halvt norsk, og spesialagent i Organization Europe 3. No er han på veg mot eit oppdrag han ikkje vil ha. Påstandar om ei planlagt likvidering av kurdiske barn har nådd greske styresmakter. Oppdraget Andreas har fått er å eliminere alle involverte. For å redde dei kurdiske barna må han stoppe båten før dei når fram til Kreta. Det blir ein kamp mot tida – og etter kvart ein kamp også for å redde Elsa. Anne Bergset Oikonomaki har lagt korrupsjonen i Hellas og eit storpolitisk spel som bakteppe for ein mann sine vanvitige planar for å stille si eiga grådigheit. Romanen er skrive med inngåande kjennskap til Kreta, solparadiset nordmenn aldri sluttar å elske.

9

k r i m | k r 369,– i sbn: 9 7 8 8 2 5 2 1 8 3 7 6 4 u tg. apr il

Debutant

anne bergset oikonomaki (f. 1963) er frå Stryn, men har budd meir enn tjue år på Kreta. Der har ho fødd tre barn, plukka oliven og eigd ein bokhandel. I 2011 flytta ho tilbake til Noreg med barna. Ho jobbar no som lærar for innvandrarar i tillegg til at ho skriv romanar.


skjøn nl i t t er at ur for vak sne

paula fox

LÅNT STAS Ei overlevingshistorie som vil få deg til å miste pusten

10

kort tid etter Paula Fox blei fødd i 1923, leverte foreldra ho på ein barneheim på Manhattan. Ho blei redda av bestemor si, og deretter levert frå hand til hand, frå New York til Cuba til California, og dei stadige møta med vennlege framande blei innimellom avbrotne av gjensyn med foreldra som ville låne ho for ei stund. I dette rørande portrettet heilt utanom det vanlege, om eit liv i tilfeldig flyt, har Paula Fox gitt oss eit sjeldan innblikk i kor mykje – og kor lite – eit barn treng for å overleve. Lånt stas er ein fantastisk minneroman om ein forfattars høgst uvanlege start på livet, og som raskt er blitt ein klassikar hos både lesarane og kritikarane.

rom a n | k r 3 5 9 , – i sbn: 9 7 8 8 2 5 2 1 8 0 3 6 7 u t g . f e brua r

Boka er omsett av Tove Bakke, som også har omsett Paula Fox’ Desperate personar til norsk. Føreord av Brit Bildøen. Overveldande og sympatisk … som å bli sleppt inn i ei levande dagbok, full av glitrande scener. The Times

Strålande … og samstundes opprørande livsskildring. Sunday Telegraph

paula fox (f. 1923) er ei av dei viktigaste forteljarane i amerikansk etterkrigslitteratur. Ho har skrive skjønnlitteratur for både barn og vaksne. Fox’ strålande 70-talsromanar har fått ein renessanse dei seinare åra etter å ha blitt løfta fram av Jonathan Franzen og David Foster Wallace og andre yngre amerikanske forfattarar. Bøkene blir omsett til stadig nye språk, og får gode kritikkar. Romanen Desperate personar kom på norsk i 2010.


skjøn nl i t t er at ur for vak sne

eva jensen

VIDARE­ UTDANNING I LYS OG SKUGGE den nye samlinga dikt og prosa frå Eva Jensen inneheld nærbilete frå kvardagen til ein diktar, observasjonar av nærmiljø, arbeidsliv, reiser og natur. Det nordnorske landskapet står sentralt, men reisene fører oss ut i Europa. Dermed skapar tekstane eit spenn mellom heimkjensle og heimløyse, mellom det store og det små. Jensen har eit omsorgsfullt blikk for detaljar: dei minste ting og dei minste rørsler blir rekna med, og minne om barndom, slekt og venner blir løfta fram som fragment av eit stort livsbilete.

11

ly r i k k o g p ro sa | k r i sbn: 9 7 8 8 2 5 2 1 8 4 4 7 1 u t g . f e brua r

249,–

eva jensen (f. 1955) vaks opp i Salangen i Troms og er busett i Tromsø. Sidan debuten i 1984 har ho gitt ut ei rekkje bøker for vaksne, ungdom og barn. Jensen viser stor allsidigheit når det gjeld sjangrar, ho skriv både dikt, noveller, romanar, essay og artiklar, arbeider som gjendiktar og omsetjar. Stikkord for forfattarskapen er høgt språkleg medvit og vid litterær orientering.


skjøn nl i t t er at ur for vak sne

tora seljebø

OM KVELDEN BLIR NAMNA ROPA HEIM tora seljebøs debutbok er ei poetisk forteljing om å miste nokon og om å leite etter seg sjølv. Dikt om det som endrar seg og det som forsvinn, både menneske og natur. Det handlar om å kjenne seg att og finne trøyst i naturen, meir enn mellom menneska, om å ha odel på ei jord som ikkje kan dyrkast. Ei bok om sorg som ikkje blir tala om, om å vekse og om å bli til.

12

ly r i k k | k r 2 5 9 , – i sbn: 9 7 8 8 2 5 2 1 8 4 6 4 8 u t g . f e brua r

Debutant

tora seljebø (f. 1973) er oppvaksen i Ålvundfjord på Nordmøre, og bur i Trondheim. Seljebø har vore avdelingsleiar i Norsk Forfattersentrum Midt-Norge. I dag arbeider ho med litteraturformidling på Sør-Trøndelag Fylkesbibliotek.


skjøn nl i t t er at ur for vak sne

einar økland

STATSMINISTER­BOKA Ei bok for heile folket og for stats­ ministeren denne Statsminister-boka er ei bok for deg! Det er ei samling enkle, men ulike dikt som alle fortel om ein lett aldrande statsminister. Om ein som likar å styre landet, som likar å vere sint, å krangle og slåst, men som også er glad i kjøtkaker og sild. Det er ein statsminister som liknar på oss alle, store som små. Denne Statsminister-boka er tenkt som ei biletbok, men har enno ingen illustrasjonar. Difor har boka god plass for deg til å teikne og fargeleggje. Her kan du sjølv bestemme korleis statsministeren og alt anna skal sjå ut! Til slutt i boka har forfattaren skrive eit etterord som viser kor lang tid det kan ta frå levering av manu­ skript til utgiving av bok: 45 år! Det er ein statsminister verdig.

13

ly r i k k o g p ro sa | k r i sbn: 9 7 8 8 2 5 2 1 8 5 1 9 5 u t g . ja n ua r

249,–

einar økland (f. 1940) er ein av dei mest allsidige og originale forfattarane i norsk litteratur. Økland feira 50 år som forfattar i 2013. Han har sidan debuten i 1963 gitt ut over 80 bøker innanfor dei fleste sjangrar og motteke ei lang rekkje prisar, mellom anna Doblougprisen i 2000 og Gyldendalprisen i 2006.


skjøn nl i t t er at ur for vak sne

jon fosse

NÅR EIN ENGEL GÅR GJENNOM SCENEN OG ­A NDRE ESSAY jon fosse har gjennom åra gitt ut to essaysamlingar, Frå telling via showing til writing og Gnostiske essay. Deretter tok han farvel med teorien og valde diktinga. Eit redigert utval frå desse to bøkene er samla her. Dette utvalet kjem også ut mellom anna på tysk og engelsk. Fosse sine essay er ei rik kjelde for den som vil bli kjend med blant anna Fosse sitt syn på litteratur og teater. I dette utvalet er det dei meir litterære essaya som er tekne med, men du finn også meir personlege essay som til dømes «Min kjære nynorsk», «Gamle hus» og «Han som ikkje ville bli lærar».

14

e s say | k r 1 9 9 , – i sbn: 9 7 88 2 5 2 1 8 4 9 3 8 u t g . f e brua r

jon fosse (f. 1959) er ein av vår tids største diktarar. Han vaks opp i Strandebarm i Hardanger. I 2011 flytta han inn i statens æresbustad for kunstnarar, Grotten. Fosse debuterte som skjønnlitterær forfattar i 1983 med romanen Raudt, svart, og har seinare skrive over 30 skodespel, mellom anna Nokon kjem til å komme, Draum om hausten og Eg er vinden. Forutan romanar og dramatikk har Fosse skrive dikt, essay, kortprosa og barnebøker. Han har motteke ei rekkje prestisjestunge prisar og blir rekna som ein av våre viktigaste samtidsforfattarar.


skjøn nl i t t er at ur for vak sne

jon fosse

HAV teaterstykket Hav har urpremiere under Festspela i Bergen i mai 2014. Regissør er Kai Johnsen, mannen som i 1994 også sette opp det aller første Fosse-stykket. På dei 20 åra sidan dramatikardebuten er Jon Fosse sin dramatikk omsett til meir enn 40 språk, og stykka hans er sette opp over tusen gonger. I stykket Hav møter vi Skipsføraren, Gitarspelaren, to menn og to kvinner. Stykket er umiskjenneleg Fosse. Vi er i ein mellomtilstand, eit grenseland, i eit ingenting der tid og stad er oppløyst, men Skipsføraren styrer og Gitarspelaren speler.

15

dr a m at i k k | k r . 2 6 9 , – i sbn: 9 7 8 8 2 5 2 1 8 5 0 2 7 utg. mai

jon fosse (f. 1959) er ein av vår tids største diktarar. Han vaks opp i Strandebarm i Hardanger. I 2011 flytta han inn i statens æresbustad for kunstnarar, Grotten. Fosse debuterte som skjønnlitterær forfattar i 1983 med romanen Raudt, svart, og har seinare skrive over 30 skodespel, mellom anna Nokon kjem til å komme, Draum om hausten og Eg er vinden. Forutan romanar og dramatikk har Fosse skrive dikt, essay, kortprosa og barnebøker. Han har motteke ei rekkje prestisjestunge prisar og blir rekna som ein av våre viktigaste samtidsforfattarar.


skjøn nl i t t er at ur for vak sne

jan roar leikvoll

SONGFUGLEN handlinga i denne romanen er lagt til ein namnlaus by, befolka av kvinner og forbode for menn. Jakoba veks opp forkledd som jente, beskytta av mora og tanta. No som han er i ferd med å bli ein ung mann, blir hemmelegheita vanskelegare å halde skjult. Og når tanta brått døyr, trer Jakoba ut av det trygge tilveret: Han er i livsfare i sin eigen by. Samstundes trugar og lokkar brøla frå mannfolka i skogen utafor. Han forelskar seg i den vakre tenestejenta Tikva, og står framfor eit avgjerande val. Den vakre songstemma hans kan redde han, men om han blir songar, vil han då miste Tikva for alltid?

16

p oc k e t | k r 1 4 9 , – i sbn: 9 7 8 8 2 5 2 1 8 5 3 0 0 utg. mai

I denne romanen befester Jan Roar Leikvoll sin posisjon som en av de sterkeste og vakreste stemmene i norsk samtids­ litteratur. Anne Schäffer, Bergens Tidende Enda en gang har Leikvoll skrevet en roman som drives av nysgjerrighet: Hva er et menneske? Det er umulig å ikke bli preget av Leikvolls kunstneriske vilje til å bore videre i mysteriet mennesket. Leikvoll befester sin posisjon som en forfatter som, på linje med Karl Ove Knausgård og Lars Saabye Christensen, ikke skygger unna menneskenaturens dypeste lag. Der nede er det bekmørkt. Eskil Skjeldal, Vårt Land

jan roar leikvoll (f. 1974) har hausta strålande kritikkar for sine fire første romanar. Han er kjend for å skildre brutale og rå eksistensar, i eit omsorgsfullt og vakkert språk. Leikvoll fekk den prestisjetunge prisen Stig Sæterbakkens minnepris 2013 og Bokhandelens forfattarstipend 2013. Leikvoll er frå Frekhaug i Nordhordland og har gått på Skrivekunstakademiet i Hordaland.


skjøn nl i t t er at ur for vak sne

agnes ravatn

FUGLE­ TRIBUNALET

Fengslande roman om skam, skuld og soning tv-programleiaren Allis Hagtorn forlèt mann og jobb etter ei offentleg sexskandale og byrjar som hushjelp for Sigurd Bagge, ein mann i førtiåra. Ho skal servere han tre måltid dagleg, halde orden i hagen og elles la han vere i fred. Allis går frå å vere på alles lepper til å bli heilt anonym. Til å byrje med omfamnar Allis den nye situasjonen som ei moglegheit til å starte på ny, men det tar ikkje lang tid før fascinasjonen for Sigurd Bagge dominerer livet hennar. Etter kvart som dei kjem nærare kvarandre, blir det avgjerande spørsmålet: Kven er Sigurd Bagge, og kva vil han med Allis? I eit avsidesliggjande hus ved havet har to menneske søkt eksil. Begge har ein løyndom og eit ønske om å sone. Den eine ber på skam, den andre skuld. Kva må til for å kunne starte på ny?

Nominert til P2-lyttaranes romanpris

17

p oc k e t | k r 1 4 9 ,– i sbn: 9 7 8 8 2 5 2 1 8 5 8 7 4 u t g: m a i

Stilsterkt og flott fortalt om to ruskete sjeler under samme tak. Maria Årolilja Rø, ­Adresseavisen Dirrer av nerve, spenning og overskudd (…) om to mennesker, som bare vil bli funnet, og elsket. Terningkast 6. Linda Klakken, Natt & Dag

agnes ravatn (f. 1983) er forfattar og spaltist frå Ølen i Vindafjord. Ho er kjend for si særeigne, vittige stemme og skarpe blikk for menneskeleg svakheit.



bøker 2013 ©2013 Samlaget www. samlaget.no stiftinga det norske samlaget leiar: Kari Bjørke forlagsdirektør: Edmund Austigard forlagskontor: Jens Bjelkes gate 12 postadresse: Postboks 4672 Sofienberg, 0506 oslo tlf.: 22 70 78 00 føretaksnummer: 935 305 314 Vi tek atterhald om prisendringar.

Bøker for Skjønnlitteratur for vaksne barn og unge omslag: konsept: Reaktor Design formgiving: Fredrik Eive Refsli fotografar: Forfattarportrett sjå: side x


bar n og u ngdom

inger landsem og ruth lillegraven

MARI OG ­M AGNUS HOS BESTEMOR

20

Ei koseleg forteljing om første gongen ein skal sove borte mari og magnus skal overnatte heimanfrå for første gong. Det er både skummelt og fint, men heldigvis er det bestemor og hunden dei skal overnatte hos! Denne fjerde og siste boka i den sjarmerande serien om søskena Mari og Magnus har alt eit vellykka bestemorbesøk skal ha: aking, bollebaking og trygge, gode bestemor når kvelden kjem med heimlengt …

bi l e t bok | k r 1 5 9 , – i sbn: 9 7 8 8 2 5 2 1 8 2 5 0 7 utg. mars

Dei andre bøkene i serien: Mari og Magnus f lyttar inn Mari og Magnus får katt Mari og Magnus og smokketjuven

inger landsem (f. 1950) har illustrert ei lang rekkje barnebøker og skulebøker. Ho jobbar òg som biletkunstar og har mange utstillingar bak seg.

ruth lillegraven (f. 1978) debuterte med den kritikarroste diktsamlinga Store stygge dikt i 2005. I 2013 fekk ho Brageprisen for diktsamlinga Urd. Bøkene om Mari og Magnus er dei første barnebøkene hennar.


bar n og u ngdom

erna osland

UNDER EIN STEIN Ei bok om små dyr mange dyr likar seg der det er mørkt og vått, og derfor gøymer dei seg under steinar. Her ligg dei stille og trur at ingen veit om dei. Men så kjem du! Du løfter på ein stein og straks ser du dei: billene, edderkoppane og makkane. Erna Osland har laga ei fagbok om virvellause småkryp som mellom anna spretthale, saksedyr, løpebille, skrukketroll, tusenbein og skolopender. Boka er illustrert av Inger Lise Belsvik.

21

fa k ta f or ba r n | k r i sbn: 9 7 8 8 25 2 1 8 4 9 9 0 utg. mars

249,–

erna osland (f. 1951) debuterte i 1987 med ungdomsromanen Natteramnen og har skrive ei rekkje kritikarroste bøker for barn, ungdom og vaksne. Osland er frå Høyanger, men bur på Byrkenesøy i Sogn.


bar n og u ngdom

odd nordstoga (red.)

SONG FOR DEG OG MEG Songskattar, viser og populære songar odd nordstoga, ein av våre mest populære musikarar, artist, låtskrivar og komponist, er redaktør for boka og har gjort eit breitt utval som vi trur alle songglade vil ha stort utbyte av. Denne boka er ein songskatt for born i alle aldrar, både i førskule og barneskule. Her er eit godt utval av songar på nynorsk og dialekt, både dei gamle, gode norske songane, moderne viser og folkeviser, stev og stubbar, nyare songar, songar til skjemt og høgtid. Her er songar frå den tradisjonsrike, gamle songskatten frå Vinje, Garborg og Sivle, men også nyskrivne melodiar til både eldre og nyare, kjende og ukjende tekstar. Utanlandske songar er omsette, og ikkje minst inneheld boka fleire songar som har vorte store slagerar. Fleire av Nordstoga sine eigne populære songar er også med. Songane er illustrerte med omtanke og teft av Hilde Hodnefjeld og Inger Lise Belsvik. Dette er ei ny og utvida utgåve av Songbok for deg og meg.

22

songbok | k r 2 9 9 , – i sbn: 9 7 8 8 2 5 2 1 8 3 4 5 0 u t g . f e brua r

odd nordstoga (f. 1972) er musikar, artist og forfattar. Barn kjenner musikken hans mellom anna frå kjende seriar på barne-TV. I 2004 fekk han Spellemannsprisen for plata Luring, og har skrive ei rekkje populære songar for både born og vaksne.


bar n og u ngdom

bertram & schulmeyer

COOLMAN OG KAI kai har sin heilt eigen Skybert, nemleg Coolman, som aldri lar han vere i fred, og som steller i stand den eine katastrofen etter den andre. Vår helt Kai kjem opp i dei vanskelegaste og mest utrulege situasjonar på grunn av ei irriterande og uregjerleg storesøster og usynlege Coolman som alltid kjem med dårlege råd og sett Kai i knipe . Livet med Coolman er aldri kjedeleg, og heller aldri lett! I Coolman og Kai er det kort mellom latterbrøla, og dei som er fan av Pingles Dagbok vil få nye yndlingar, nemleg Coolman og Kai!

23

9–13 år | k r 199,– i sbn: 9 7 8 8 2 5 2 1 8 0 7 7 0 utg. mars

Omsett av Ragnar Hovland.

rüdiger bertram (f. 1967) er frilans­ journalist og forfattar. I tillegg til å skrive barnebøker, skriv han komedie og satire for film og fjernsyn. Coolman-serien som han har skapt saman med Heribert Schulmeyer, har hatt stor suksess i Tyskland og er seld i 50 000 eksemplar. heribert schulmeyer (f. 1954) er illu­ stratør og teikneseriefantast. Saman med Rüdiger Bertram har han hatt stor suksess med bøkene om Coolman, som til no har seld i 50 000 eksemplar i Tyskland.


bar n og u ngdom

robert muchamore

CHERUB. GJENGKRIGEN Bok nr. 8 i den bestseljande agentserien CHERUB det er gjengane som styrer den britiske underverda, og då det bryt ut krig mellom to av dei, eksploderer valden i gatene. Politiet treng rask informasjon om det som skjer, og James Adams har kontaktane som skal til for å infiltrere den aller farlegaste gjengen, for han jobbar for CHERUB. Dette er den åttande CHERUB-boka. Serien har vunne litterære prisar og blitt ein internasjonal suksess. Les også Rekrutten, Kokainkongen, Flukta, Drapet, Heilag galskap, Mennesket og dyret og Slått ut. Rekrutten finst òg som grafisk roman.

24

f rå 1 2 å r | k r 1 8 9 , – i sbn: 9 7 8 8 2 5 2 1 7 5 4 8 6 u t g . f e brua r

Omsett av Øystein Rosse.

robert muchamore (f. 1972) jobba som privatetterforskar i mange år, men slutta då bøkene hans gjorde suksess. Han er no utgitt på over tjue språk og har selt fleire millionar bøker.


bar n og u ngdom

kari smeland

SIRKUS ­S PETAKKEL vesle ada elskar livet på landevegen saman med dei to rufsete sirkusonklane sine. Sirkus Spetakkel er det trivelegaste og beste vesle sirkuset ein kan tenke seg. Men ein dag blir idyllen broten. Den ekle sirkusdirektøren Rottekjeften vil ha Sirkus Spetakkel vekk frå landevegen, og i byen bak dei taggete fjella byrjar kampen om sirkustrona og jakta på ei mor Ada ikkje hugsar. Sirkus Spetakkel er ei varm, humoristisk og nydeleg forteljing om kampen mellom dei greie, og dei som ikkje er fullt så greie, om vennskap, kjærleik og saknet etter mor.

25

9–12 år | k r 229,– i sbn: 9 7 8 8 2 5 2 1 8 4 3 5 8 u t g . f e brua r

kari smeland (f. 1984) kjem frå Kviteseid i Telemark. Ho bur i Oslo og jobbar som bibliotekar. Smeland debuterte med Familien Kråkestup og nyset i nabohuset i 2011.


bar n og u ngdom

anne viken

ELISE OG ­M YSTERIET PÅ HESTEØYA nysgjerrige og dyreglade Elise er ute på sitt tredje oppdrag med veterinæronkelen Kalle, og heller ikkje denne gongen blir det roleg på vakt. Denne gongen er dei i veterinærteneste på vakre Hesteøya, og Elise har fått med seg venninna si Karin. I det påskeroa skal senke seg over den idylliske øya i havgapet skjer merkelege ting. For på Hesteøya forsvinn islandshestar på mystisk vis, innflyttarar og bygdefolk står mot kvarandre, og midt oppi det heile svik Karin Elise når Elise treng henne mest. Reinspikka spenning for dyreglade lesarar frå ti år og oppover.

26

9–12 år | k r 229,– i sbn: 9 7 88 2 5 2 1 8 4 5 5 6 u tg. apr il

anne viken (f. 1979)er veterinær, statsvitar, bloggar og skribent. Ho debuterte i 2012 med den første boka i den spennande serien om Elise, Elise og mysteriet med dei døde hestane.


VILLHEKS. FIENDEBLOD i denne femte og nest siste boka om villheksa Clara, må Clara redde den siste ramnen i verda. For utan ramnar blir Clara berre ei heilt alminneleg villheks, ja kanskje ikkje det ein gong. I jakta på å redde ramnane må Clara legge ut på ei vill og farleg reise, kor ho sjølv må finne ut kven som er venn og kven som er fiende. Fiendeblod er femte bok i serien om Clara. Villheksserien handlar om Claras kjærleik til dyr, og den harde kampen ho kjempar for å overleve som villheks, i ei verd der magi ikkje akkurat er barnemat. Omsett av Øystein Rosse.

LENE KAABERBØL

bar n og u ngdom

lene kaaberbøl

Fiendeblod 27

nynorsk

fa n ta s y | k r 1 9 9 , – i sbn: 9 7 8 8 2 5 2 1 8 5 1 3 3 (n n ) i sbn: 9 7 8 8 2 5 2 1 8 5 1 4 0 (bm) u tg. apr il

lene kaaberbøl (f. 1960) starta karrieren sin som forfattar i ein alder av 15 år. Sidan den gong har ho skrive ei rekkje bøker, mellom anna serien om Skammarens barn.


bar n og u ngdom

lars mæhle

LANDET UNDER ISEN. DØDE ­BOKA leo rubin, Den utvalde, får ei grufull utfordring: Smalvik er igjen truga, og difor må Den utvalde reise frå heimstaden Smalvik til Karnak, tempelet lengst sør i Landet under isen. Leo må vere der innan vintersolkverv, det aller mørkaste døgnet i året. Og han får eit umogleg val: Døden. For han sjølv. Eller for vennane sine. Det er ei hemmeleg sekt, Soltempelordenen, som står bak. Og sektleiaren, den nådelause Hathor, skjuler seg ein stad i Smalvik. Sekta førebur dommedag, saman med ein veksande hær livsfarlege kappekatter. Men først må dei få fatt i «Dødeboka», protokollen med svara på dødens gåter. Hathor trør over lik for å få fatt i skrifta. Men kven er ho? Kan etterforskar Magne Jerstad avsløre henne? Kan Leo klare det umoglege oppdraget i riket under isbreen? Og kan dei finne Dødeboka i tide? Dødeboka er ei råspennande fantasyforteljing der gammelegyptisk religion dannar bakteppet. Boka er ein oppfølgjar til

28

fa n ta s y | k r 2 4 9 , – i sbn: 9 7 8 8 2 5 2 1 8 4 2 7 3 utg. mars

Mæhles store suksess frå 2009, Landet under isen, som blei tildelt Kulturdepartementets litteraturpris, Uprisen, Fabelprisen og vart også nominert til Brageprisen.

lars mæhle (f. 1971) kjem frå Sunndalsøra på Nordmøre. Mæhle debuterte med ungdomsromanen Keeperen til Tunisia i 2002. Den prislønte filmen Keeper’n til Liverpool (2010), er basert på denne boka. Mæhle har skrive fleire bøker for barn og unge, og fekk sitt store gjennombrot med fantasyromanen Landet under isen i 2009.


bar n og u ngdom

marjun kjelnæs

SKRIV I SANDEN «kvelden er svart kulde. Súni byrjer å gå, han ser ut på havet, tenker på stranda, at han burde gå ned der, burde skrive dei orda som skal til, skrive dei i sanden og la havet suge dei i seg og skylje dei inn på kvar einaste strand i heile verda.» Skriv i sanden handlar om ei helg, 10 ungdommar og korleis 10 par auge opplever den same helga, men på ti ulike vis. Denne kollektivromanen skildrar på ein ærleg og truverdig måte ungdomslivet som kan svinge frå bibelgruppe til himmelropande festing, frå glede til djup fortviling. Vi møter mellom anna guten Súni som er forelska i jentefuten Tróndur, gudfryktige Ingunn som brått oppdagar at det kan vere vanskeleg å tilgi, og Rebekka som langsomt sklir vekk frå venner og sjølve livet, fordi ho sluttar å ete. Kjelnæs skriv fram ein lågmælt desperasjon, noko som gjer dette til ei verkeleg god ungdomsbok for alle nordiske ungdommar.

29

u ngdom | k r 1 9 9 , – i sbn: 9 7 8 8 2 5 2 1 8 4 8 7 7 utg. mars

Omsett frå færøysk av Lars Moa.

marjun syderbø kjelnæs (f. 1974) bur og arbeider som forfattar på Færøyane. Kjelnæs har skrive i mange sjangrar, og Skriva í sandin vann Nordisk Skolebiblio­ tekarforenings barnebokpris 2011 og var nominert til Nordisk Råds litteraturpris for barn og unge!



bøker 2013 ©2013 Samlaget www. samlaget.no stiftinga det norske samlaget leiar: Kari Bjørke forlagsdirektør: Edmund Austigard forlagskontor: Jens Bjelkes gate 12 postadresse: Postboks 4672 Sofienberg, 0506 oslo tlf.: 22 70 78 00 føretaksnummer: 935 305 314 Vi tek atterhald om prisendringar.

Fakta og Skjønnlitteratur for vaksne dokumentar omslag: konsept: Reaktor Design formgiving: Fredrik Eive Refsli fotografar: Forfattarportrett sjå: side x


fak ta og dokumen tar

jostein fet

STEMMER FRÅ EI FJERN TID Forteljingar om bøker, viser, magiske form­ lar og merkeleg teikn 1550–1814 jostein fet har dokumentert korleis vanlege folk på bygdene las langt meir enn det vi før har trudd. I Stemmer frå ei fjern tid fortel Fet levande om fleire bøker frå den dansk-norske elitens litteratur, bøker som på forunderleg vis hamna i allmugehender og fekk ein særskild funksjon der. Her lærer vi å kjenne ein ukjend bergenshumanist, vi får smakebitar av eit katekismeverk på 8000 sider (!), vi er med på å analysere ei av dei aller eldste folkevisene i landet. Ei ukjend verd opnar seg i kapitla om magiske formlar og nokre utydde teikn på veggen av ei sengebu.

32

h i s t or i e | k r 4 9 9 , – i sbn: 9 7 8 8 2 5 2 1 8 4 2 6 6 utg. mars

jostein fet (f. 1924) er litteraturhistorikar og litteratursosiolog. Han har vore dosent og undervisningsleiar ved Høgskulen i Volda. Viktigaste forskingsområdet hans har vore bondeallmugens litterære liv mellom 1600 og 1850. Fleire av bøkene hans er blitt ståande som viktige referanseverk i norsk og skandinavisk litteraturforsking.


fak ta og dokumen tar

jon hellesnes

MEINING? Religions­kritikk og filosofi hos Nietzsche og Garborg

33

Ny og viktig bok om religionskritikk då interessa for Friedrich Nietzsche vakna første gongen, var Arne Garborg ein av dei som bles i luren. Han tok imot sterke impulsar frå Nietzsche, men utan å ende som servil disippel. Filosof Jon Hellesnes tek her for seg religionskritikken hos både Nietzsche og Garborg. Dei to er ulike i tilnærminga si, og ulikskapen viser at det kan finnast fleire variantar av religionskritikk, alt etter kva filosofi den nærer seg av. Han meiner det er misforstått toleranse, og rett og slett farleg, å gjere religionskritikk tabu, fordi forfallsformer av religion i dag utgjer dødelege ideologiar. I denne boka blir den diskursive religionskritikken som Arne Garborg leverte i 1880-åra, undersøkt og presentert for første gong, etter å ha vore sletta frå det kulturelle

de bat t | k r 3 4 9 , – i sbn: 9 7 8 8 2 5 2 1 8 4 5 7 0 utg. mars

minnet. Hellesnes kommen­ terer også relativt kjende inn­slag i Garborgs forfattarskap. Han argumenterer for at dei religionskritiske og kulturfilosofiske skriftene til «den fremste norske intellektuelle ved førre hundreårsskiftet» er høg­aktuelle i dag.

jon hellesnes (f. 1939) er forfattar og professor emeritus i filosofi ved Universitet i Tromsø. Han har fått to litterære prisar og ein formidlingspris, og æresdoktorat ved Universitetet i Bergen.


fak ta og dokumen tar

benedicte maurseth

Å VERA INGENTING Sam­t alar med spele­ mannen Knut Hamre som liten gut kakka Knut Hamre på dørene til alle naboane i Granvin i Hardanger. Han stod utføre med felekassen i handa. Han berre måtte spela for seg sjølv og for andre. Sidan den gong har livet hans handla om å spela hardingfele og å læra dette vidare til nye generasjonar. Knut Hamre (f. 1952) er rekna for å vera ein av dei fremste utøvarane på hardingfele i dag. Han er ein felepoet og ein felemeister. Benedicte Maurseth har i 23 år samanhengande vore Hamre sin elev og er i dag sjølv ein framifrå og velkjend felespelar. Når ho ser attende er det samtalane som har vore det viktigaste i opplæringa. Dette er ei bok med samtalar om blant anna kunst, dikting, medkjensle og mystikk mellom meisterspelemannen Knut Hamre og hans elev, Benedicte Maurseth. Boka tek for seg kva det vil seie å føre vidare kunnskap og handverk gjennom generasjonar. Med føreord av Jon Fosse.

34

f ol k e m usi k k | k r 3 4 9 , – i sbn: 9 7 8 8 2 5 2 1 8 3 1 9 1 u tg. apr il

Debutant

benedicte maurseth (f. 1983) kjem frå Eidfjord i Hardanger, men er busett i Bergen. Ho byrja å spele hardingfele åtte år gamal. Maurseth er musikar, komponist og skribent. Ho blei i 2007 kåra til Årets unge folkemusikar.


fak ta og dokumen tar

morten søberg

RAPPORT FRÅ FINANS­D EPAR­ TE­M ENTET

35

Ei stats­sekre­t ær­reise Frå innsida av Noregs mektigaste departement fram til regjeringsskiftet 2013 var Morten Søberg statssekretær for banksaker i Finansdepartementet. Denne boka er hans rapport frå dei tre åra han var i toppen av det mektigaste departementet i Noreg. I skuggen av ei global finanskrise reiser Søberg frå sentrum av London til Longyearbyens periferi, til nokre av verdas største sentralbankar og mindre sentrale bankar på tvers av landegrenser og tidssoner: Noregs Bank, The First Bank of the United States, Snåsa Sparebank og Den norske Handelsbank. Søberg har skrive ei viktig bok om spørsmål som gjeld oss alle: Korleis fungerer eigenleg bankar? Kvifor må dei regulerast og kva samfunnsansvar har dei? Som i dei tidlegare bøkene sine, kombinerer Søberg solid fagleg innsikt med ei uvanleg formidlingsevne.

e s say | k r 3 1 9 , – i sbn: 9 7 8 8 2 5 2 1 8 3 0 9 2 u tg. apr il

Morten Søberg bringer et nytt ref leksjonsnivå til den politiske debatten. Klassekampen

morten søberg (f. 1969) kjem frå Trondheim og arbeider som direktør for samfunnskontakt i Sparebank1 Gruppen. Han var statssekretær i Finansdepartementet i tre år fram til regjeringsskiftet hausten 2013. Søberg er samfunnsøkonom. Han har tidlegare gitt ut dei kritikarroste bøkene Senatet som aldri vart. Essay frå Stortinget (2009) og Sverdrups ekko. Parlamentariske undersøkingar (2010).


fak ta og dokumen tar

solveig aareskjold

LESEBOK FOR JENTER Frå Homer til The Hunger Games

LESEBOK FOR JENTER FRÅ HOMER TIL THE HUNGER GAMES VED SOLVEIG AARESKJOLD

Tøffe jenter gjennom 3000 år for tre tusen år sidan drøymde ei ung jente om å møte den store kjærleiken, og fann ein skipbroten utlending som var heilt avhengig av henne. Dette utdraget frå Odysseen står først i denne boka. Deretter følgjer tekstar frå romartida, vikingtida, renessanse og barokk, attenhundretal og nittenhundretal, fram til Suzanne Collins’ The Hunger Games frå 2008. Trass i kvinnefrigjeringa har det til no vorte henta fram lite eldre litteratur med jenter i hovudrolla. Målet med Lesebok for jenter er at ungdom og foreldre, elevar og lærarar, skal bli kjende med litteratur der jenter og kvinner jaktar på lukka på lik linje med gutar og menn. Dei leiter etter kjærleik, dei søkjer mot det ukjende, eller mot trygge stillingar i sitt eige samfunn. Somme av dei flyt ovanpå, andre møter utfordringar som krev alt dei har av kraft og vågemot, og endå litt til.

l i t t e r at u r h i s t or i e k r 2 9 9 ,– i sbn: 9 7 8 8 2 5 2 1 8 1 3 4 0 utg. mars

solveig aareskjold (f. 1949) er forfattar og essayist og har i ei årrekkje arbeidd med å gjere eldre litteratur kjend for vår tids lesarar. Sist utkomne bok er Valkyrjesong. Vikingtida i spenn frå Bysants til Island (2012).

36


fak ta og dokumen tar

jon hjørnevik

HEIMEKONTOR I GRAVFERDA ingenting fungerer lenger. Me treng nytt Lexington sengesett. Klestativet står ikkje beint. Me manglar purreløk i kjøleskapet. Ingen vil ta ut av oppvaskmaskinen. Det er gjennomført dårleg stemning. Tida strekk rett og slett ikkje til. Det vert verre og verre å skilje jobb frå privatliv. Det vert verre og verre å skilje liv og død. Det må jobbast natt og dag, til og med i gravferda. Avstanden mellom Bergen og Oslo blir større og større. Oslo-arrogansen veks. Helse og omsorg vil heller ikkje ha noko med kvarandre å gjere. Verda er inne i ein dårleg periode på alle plan. Det er hår i dusjen. Og det er krig. Jon Hjørnevik har gått på ein smell. No har han samla sitt sure tankegods mellom to svarte permar.

37

h u mor | k r 2 4 9 , – i sbn: 9 7 8 8 2 5 2 1 8 4 7 3 0 u t g . f e brua r

jon hjørnevik (f. 1970) er forfattar og komikar frå Voss. Han debuterte med den humoristiske diktsamlinga I ein sofa frå Korea i 2001 og har sidan halde fram med å skrive dikt om usikkerheit, tabbar og triste opplevingar, men også om kjærleik, draumar og glede.


fak ta og dokumen tar

lasse skjønning andersen

GRAUT Frukost, middag, dessert

38

Grauten er tilbake! graut var på norsktoppen i hundrevis av år, men så vart grauten nesten borte frå kosthaldet vårt. No er grauten på full fart tilbake på tallerkenen. Og graut er mykje meir enn havregraut! I Danmark har grautgründer Lasse Skjønning Andersen utvida forståinga vår av «graut» og viser at den er noko meir enn traust kvardagsfrukost. Skjønning Andersen har starta populære grautbarar i Danmark. Med boka Graut, som har blitt ein suksess i Danmark, tek han no «grautbølgja» til Noreg. Kva med byggraut med heil emmer, frisk pære, skyr, bringebær og rista valnøtter til sundagsfrukosten? Gulrotrisotto med emmentaler, sylta gulrøter og frisk persille til middag? Eller pære- og fenikkelgraut med mørk sjokolade, hyllebærsirup og vaniljefløyteskum til dessert?

kok e bok | k r 3 2 9 , – i sbn: 9 7 8 8 2 5 2 1 8 5 3 1 7 u t g . ja n ua r

I denne lekre kokeboka får du ei enkel innføring i korleis variere og løfte grauten til nye kuli­ nariske høgder, både til frukost, middag og dessert. Boka inneheld 67 nyskapande oppskrifter og er flott biletlagt.

lasse skjønning andersen (f. 1989) er særleg oppteken av det nordiske kjøkenet, både det gamle og det nye, men nyttar seg òg av dei beste oppskriftene frå heile verda i eigne versjonar. Han driv verdas første grautbar, GRØD, i Jægersborggade på Nørrebro i København.


fak ta og dokumen tar

gunnar danbolt

FRÅ MODERNIS­ ME TIL DET KON­ TEMPORÆRE

39

Tendensar i norsk sam­ tidskunst etter 1990 gunnar danbolt er kjent for det norske folk gjennom det populære radio­ programmet Kunstreisen. I denne boka gir han oversikt over trendar og utviklingstrekk i den norske kunstverda dei siste tjue åra. Den nye kunsten etter 1990 blir ikkje lenger kalla moderne eller postmoderne, men contemporary eller kontemporær. Dette er blitt eit nytt internasjonalt uttrykk for tendensar i kunsten dei siste tjue åra, men kva det inneber, er ikkje eintydig, og det er det forfattaren vil utforske. Trendane blir presenterte og drøfta gjennom kunstnarar og deira verk, og sett inn i ein kunstteoretisk kontekst. Boka er rikt illustrert.

k u ns t h i s t or i e | k r i sbn: 9 7 8 8 2 5 2 1 7 9 4 4 6 u t g . f e brua r

489,–

gunnar danbolt (f. 1940) er professor emeritus i kunsthistorie ved Universitetet i Bergen. Han har gitt ut ei rekkje bøker og artiklar om kunst og kunsthistorie og er ein ettertrakta formidlar i fleire fora.



bøker 2013 ©2013 Samlaget www. samlaget.no stiftinga det norske samlaget leiar: Kari Bjørke forlagsdirektør: Edmund Austigard forlagskontor: Jens Bjelkes gate 12 postadresse: Postboks 4672 Sofienberg, 0506 oslo tlf.: 22 70 78 00 føretaksnummer: 935 305 314 Vi tek atterhald om prisendringar.

E-bøker og Skjønnlitteratur for ­Appar vaksne omslag: konsept: Reaktor Design formgiving: Fredrik Eive Refsli fotografar: Forfattarportrett sjå: side x


JAKOB & NEIKOB SOM APP FOR IPAD OG IPHONE Basert på Kari Stais populære og prisvinnande bok Jakob og Neikob.

JA!

NEI! appen er interaktiv og perfekt for ungar frå 3 år. Her kan dei slå av og på lyset, høyre Jakob seie JA! og Neikob seie NEI!, og følgje dei to vennene når dei køyrer bil og møter alt frå lampeseljarar til ein skummel kroko­dille. Appen har òg eit Memory-spel. kr

4 9 ,–

fak ta og dokumen tar

Appar og e-bøker for barn

42


e-bøk er og appar dokumen tar

Unni og Gunni er to gode venner som likar forandring. Dei er ikkje redde for å setje i gang med nye prosjekt, og finn alltid ei ­løysing på utfordringane dei møter under­vegs. Til no er det komme tre appar ­basert på bøkene til Anna R. Folkestad.

43

kr

4 9 ,–

Finst for iPad og iPhone

kr kr

4 9 ,–

49,–


Lesetrening på app! Gode historier, fengjande tema, lettlesen tekst. Underhaldande og engasjerande lettleshistorier som er tilpassa barnas interesser og lesekunnskap.

e-bøk er og appar dokumen tar

LESETRENING PÅ APP!

44

leseland, for barn som lærer å lese.

nivå ein ny i leseland

nivå to kom i gang

Bøkene eignar seg for barn som nett har byrja å lære å lese.

Bøkene eignar seg for barn som klarer å lese små tekstmengder.

Bøkene har lita tekstmengd og mange illustrasjonar, og teksten er direkte kopla til bileta. Barna lærer å lese både tekst og bilete.

Tekstmengda aukar litt. Historiene har framleis mange illustrasjonar, og teksten er direkte kopla til bileta.

Enkel og kort tekst, korte setningar, 5–10 ord per side.

Enkel og kort tekst, korte setningar, 15–25 ord per side.

nivå tre lesevennen

nivå fire leseproffen

Bøkene eignar seg for barn som byrjar å knekke lesekoden, men som enno ikkje er uthaldande i lesinga.

Bøkene eignar seg for barn som jamt over har knekt lesekoden og byrjar å bli uthaldande i lesinga.

Tekstmengda aukar, og lesaren møter nokre vanskelege ord. Teksten er delt i kapittel for å skape pausar i lesinga. Bøkene har illustrasjonar på kvar side.

Tekstmengda aukar, og historiene er meir komplekse. Lesaren møter nokre vanskelege ord. Teksten er delt i kapittel med illustrasjonar på kvar side.

Korte tekstar, korte til middels lange setningar, 30–50 ord per side.

Middels lange tekstar, middels lange setningar, 70–90 ord per side.


e-bøk er og appar dokumen tar 45

samlagets leseland for barn som lærer å lese, er laga for å stimulere og inspirere ferske lesarar. Dette er gode historier med enkel tekst og sjarmerande illustrasjonar, delte inn i fire ulike lesenivå.

• Fire lesenivå basert på barnas leseerfaring • Tilpassa innhald, tekstmengd og ordforråd • Lettlesne skrifttypar som fremjar leseflyten • Spreke, fargerike illustrasjonar • For både leseflinke og lesesvake barn • For både gutar og jenter

Appane finnst både for iPad, Android og Windows 8.


e-bøk er og appar dokumen tar

mairi mackinnon og francesca di chiara

SOLA OG ­V INDEN «eg er sterk!» seier sola. «Eg er sterkare!» seier vinden – men korleis kan dei bevise det? Denne livlege gjenforteljinga av ein av dei klassiske fablane til Æsop har lettlesen tekst. Etter at barna har lese forteljinga, kan dei prøve seg på nokre morosame oppgåver. Sola og vinden er ein del av Samlagets Leseland for barn som lærer å lese. Dette er gode historier med enkel tekst og sjarmerande illustrasjonar, skapte for å stimulere og inspirere ferske lesarar.

46

l e se l a n d n i v å

1

| kr

49,–

1

| kr

49,–

russel punter og david semple

DEN KROKETE MANNEN den krokete mannen har eit krokete hus og ein krokete katt. No vil han ha ein krokete fisk til middag. Men fisken er vekk. Den krokete mannen er ein del av Samlagets Leseland for barn som lærer å lese. Dette er gode historier med enkel tekst og sjarmerande illustrasjonar, skapte for å stimulere og inspirere ferske lesarar.

kr

49,–

l e se l a n d n i v å


e-bøk er og appar dokumen tar

russel punter og gustavo mazali

DEN PYSETE KATTEN katten steinar er redd for det meste, så eit mørkt hus fullt av rare lydar er den siste staden han har lyst til å vere. Men for å redde dagen må Steinar vere modig. Den pysete katten er ein del av Samlagets Leseland for barn som lærer å lese. Dette er gode historier med enkel tekst og sjarmerande illustrasjonar, skapte for å stimulere og inspirere ferske lesarar.

47

l e se l a n d n i v å

2

| kr

49,–

l e se l a n d n i v å

2

| kr

49,–

kenneth grahame, katie daynes og fred blunt

DEN UNDER­ LEGE DRAKEN kven har vel høyrt om ein drake som ikkje likar å slåst? Og kva skjer når den barskaste drakedreparen av alle kjem på besøk til han? Den underlege draken er ein del av Samlagets Leseland for barn som lærer å lese. Dette er gode historier med enkel tekst og sjarmerande illustrasjonar, skapte for å stimulere og inspirere ferske lesarar.


e-bøk er og appar dokumen tar

martin baltscheit og ulf k.

FELLINE, PROFESSOR PÅL OG KJEMI­ SETTET pål har lenge ønskt seg ein stor, farleg hund som kan passe på han og skremme alle i heile verda. Men når han får oppfylt ønsket sitt, blir han frykteleg skuffa: Felline er nemleg lita og slett ikkje farleg. Men han har jo kjemisettet sitt … Felline, professor Pål og kjemisettet er ein del av Samlagets Leseland for barn som lærer å lese. Dette er gode historier med enkel tekst og sjarmerande illustrasjonar, skapte for å stimulere og inspirere ferske lesarar.

48

l e se l a n d n i v å

3

| kr

49,–

l e se l a n d n i v å

3

| kr

49,–

eva muszynski og karsten teich

COWBOY-­ CLAUS OG DEN ­P ROMPANDE PONNIEN cowboy-claus er ikkje som cowboyane i Det ville vesten. Han har ikkje hest. Han har kua Rosa og grisen Lisa, og han har ein grønsakhage. Men ein dag høyrer han nokre underlege lydar frå maisåkeren. Cowboy-Claus og den prompande ponnien er ein del av Samlagets Leseland for barn som lærer å lese. Dette er gode historier med enkel tekst og sjarmerande illustrasjonar, skapte for å stimulere og inspirere ferske lesarar.


e-bøk er og appar dokumen tar

gudrun likar og sabine büchner

PRINSESSE FIBI OG DRAKEN fibi er lei av å vere prinsesse. Ho drøymer om eventyr og heltedådar. Når ein gretten drake kjem og skremmer heile kongeriket, får ho endeleg sjansen: Modig dreg ho av stad for å møte det farlege uhyret... Prinsesse Fibi og draken er ein del av Samlagets Leseland for barn som lærer å lese. Dette er gode historier med enkel tekst og sjarmerande illustrasjonar, skapte for å stimulere og inspirere ferske lesarar.

49

l e se l a n d n i v å

4

| kr

49,–

l e se l a n d n i v å

4

| kr

49,–

sylvia heinlein og sabine wiemers

DEI HEMME­L EGE SUPERHELTANE willi, mikke og Jonny har ein hemmeleg klubb: Dei er «Dei beste», og dei les helst superheltteikneseriar. Men ein dag kjem dei tre vennene på sporet av ei superstor hemmelegheit, og plutseleg står superheltane framfor dei i levande live … Dei hemmelege superheltane er ein del av Samlagets Leseland for barn som lærer å lese. Dette er gode historier med enkel tekst og sjarmerande illustrasjonar, skapte for å stimulere og inspirere ferske lesarar.


e-bøk er f rå saml aget

E-BØKENE TIL SAMLAGET Vi gir ut all ny norsk prosa for vaksne på e-bok samstundes med papirboka og det kjem nye e-bøker frå backlistkatalogen kvar månad. BØKENE ER TIL SALS PÅ iBookstore www.ark.no www.norli.no www.libris.no

50

www.tanum.no www.bokkilden.no www.digitalbok.no wwww.ereadz.com/no

DET T E ER E-BØKENE SAML AGET VIL HA FOR SAL ULTIMO JANUAR/PRIMO F EBRUAR 9788252185669 Austigard, Edmund: Krinsereglane 9788252180084 Austigard, Edmund: Solskinnsbussen 9788252185652 Austigard, Edmund: Taxi for B.A. Beckström – eller kunsten å danse på furu 9788252182200 9788252176537 9788252184525 9788252183733 9788252182002 9788252180091 9788252176568 9788252185775 9788252176551 9788252176575 9788252176544 9788252181524 9788252185492 9788252183979 9788252176582 9788252176612 9788252185485 9788252185102 9788252176599 9788252176605 9788252185478

Basso, Aina: Fange 59. Taterpige Basso, Aina: Ingen må vite Basso, Aina: Inn i elden Berg, Sunniva Relling: Beina i gitaren Berge, Atle: Stockholmsyndromet Bildøen, Brit: Adam Hiorths veg Bildøen, Brit: Alt som er Bildøen, Brit: Litterær salong Bildøen, Brit: Landfastlykke Bildøen, Brit: Mitt milde vesen Bildøen, Brit: Tvillingfeber Bjørlykke, Oskar Stein: Vår tid Bruheim, Magnhild: Blod på hendene Bruheim, Magnhild: Det som er sant Bruheim, Magnhild: Dragsug Bruheim, Magnhild: Maskerade Bruheim, Magnhild: Ny melding Bruheim, Magnhild: På f lukt Bruheim, Magnhild: Svart arv Bruheim, Magnhild: Utan englevakt Bruheim, Magnhild: Venneringen


e-bøk er f rå saml aget

9788252183030

Dypvik, Astrid S.: Det var DDR

9788252182187 9788252182194 9788252180107

Eikemo, Marit: Arbeid pågår Eikemo, Marit: Mellom oss sagt Eikemo, Marit: Samtale ventar

9788252176636 9788252176643 9788252185928 9788252185850 9788252180114 9788252185935 9788252181234

Fosse, Jon: Andvake Fosse, Jon: Det er Ales Fosse, Jon: Når ein engel går gjennom scenen og andre essay Fosse, Jon: Kveldsvævd Fosse, Jon: Kortare prosa Fosse, Jon: Morgon og kveld Fosse, Jon: Olavs draumar

9788252183849 9788252185799 9788252184464 9788252184426 9788252184433 9788252176681 9788252184440 9788252184457 9788252184402 9788252184419

Grepstad, Ottar: Historia om Ivar Aasen Grytten, Frode: 50/50 Grytten, Frode: 80° aust for Birdland Grytten, Frode: Bikubesong Grytten, Frode: Dans som en sommerfugl Grytten, Frode: Flytande bjørn Grytten, Frode: Langdistansesvømmar Grytten, Frode: Meir enn regn Grytten, Frode: Popsongar Grytten, Frode: Rom ved havet, rom i byen

9788252176711 9788252176704 9788252176698 9788252176728 9788252184006 9788252181210 9788252185812 9788252185829 9788252185577 9788252183320 9788252176766 9788252176827 9788252176858 9788252176759

Hagen, Oddmund: Flukt Hagen, Oddmund: Stemmer, steg Hagen, Oddmund: Utmark Hagen, Oddmund: Vinterbarn Hansen, Atle: Flukt Hanssen, Sigrid Merethe: Sofia Hauge, Olav H.: Dagbok 1924–1994 Hauge, Olav H.: Dikt i samling Hauge, Olav H.: Dikt i umsetjing Helland, Thore E.: Farleg kreditt Hovland, Ragnar: 1964 Hovland, Ragnar: Dr. Munks testamente Hovland, Ragnar: Ein motorsykkel i natta Hovland, Ragnar: Fredlaus

51


e-bøk er f rå saml aget

9788252185782 9788252176834 9788252181401 9788252176865 9788252176742

Hovland, Ragnar: Kunsten å komme heim og andre essay Hovland, Ragnar: Norske gleder Hovland, Ragnar: Stille natt Hovland, Ragnar: Sveve over vatna Hovland, Ragnar: Under snøen

9788252176872

Jensen, Eva: Gullkunde

9788252181555 9788252176889 9788252185553 9788252183696 9788252176896 9788252180794 9788252176919 9788252176902 9788252181227 9788252185621 9788252185645 9788252185638 9788252176926 9788252182217 9788252181951 9788252181579 9788252182330 9788252184013 9788252184488 9788252185515 9788252185522 9788252185508 9788252181500 9788252183993 9788252183665 9788252183672 9788252181166 9788252181173 9788252182279 9788252182620

Kaldhol, Marit: darwins sporvar Kaldhol, Marit: Kino Kaldhol, Marit: søkeord ayotzintli Kalvø, Are: Ny grunnlov Kalvø, Are: Nød Karlsvik, Mette: Bli Björk Karlsvik, Mette: Flytårn Karlsvik, Mette: Vindauga i matsalen vender mot fjorden Kleiva, Rønnaug: Armenia Albania Argentina Kleiva, Rønnaug: Fangeteneste Kleiva, Rønnaug: Ikkje for varmt, ikkje for kaldt Kleiva, Rønnaug: La oss krysse Nilen Kleiva, Rønnaug: Ingen reell fare Kolden, Ragnhild: I krig og kjærleik Kolden, Ragnhild: Krigens skugge Kolerud, Arnfinn: Kom ikkje inn i mitt hus Kolerud, Arnfinn: Når ein først skal skyte nokon Kroken, Vigdis/Ragnhild Kolden: Døden kjem med bussen Kroken, Vigdis/Ragnhild Kolden: Evig skal døden vera Kvalvaag, Hilde F.: Fengsla Kvalvaag, Hilde F.: Hjarteklapp Kvalvaag, Hilde F.: Nattsommarfugl Kvæven, Tore: Hard er mitt lands lov Kvæven, Tore: Kameljegeren Kaaberbøl, Lene: Blodsungen NN (Villheks 4) Kaaberbøl, Lene: Blodsungen BM (Villheks 4) Kaaberbøl, Lene: Eldprøva (Villheks 1) Kaaberbøl, Lene: Ildprøven (Villheks 1) Kaaberbøl, Lene: Kimæras hemn (Villheks 3) Kaaberbøl, Lene: Kimæras hevn (Villheks 3)

52


e-bøk er f rå saml aget

9788252181180 9788252181197 9788252185119

Kaaberbøl, Lene: Viridians blod NN (Villheks 2) Kaaberbøl, Lene: Viridians blod BM (Villheks 2) Kaasa, Erlend: Thunder Road

9788252181203 9788252182224 9788252182231 9788252184112 9788252176957 9788252181593 9788252182156 9788252182170 9788252182163

Leikvoll, Jan Roar: Bovara Leikvoll, Jan Roar: Eit vintereventyr Leikvoll, Jan Roar: Fiolinane Leikvoll, Jan Roar: Songfuglen Lerum, May Grethe: Ingerid F. Löfström, Erica: Sex, musikk og vold Løvåsen, Sigmund: Brakk Løvåsen, Sigmund: Mamsell Iversen Løvåsen, Sigmund: Nyryddinga

9788252181777 9788252185805 9788252184020 9788252180121 9788252180831 9788252185126 9788252176988 9788252185430 9788252180138 9788252182392 9788252185447

Malkenes, Simon: Apokalypse Oslo Moe, Karin: Skrifter Moe, Karin: Virkeligheten Myklebust, Hilde: Glødepunkt Mæhle, Lars: Den mørke porten Mæhle, Lars: Fuck Off I Love You Mæhle, Lars: Harry Houdinis elefant Mæhle, Lars: Keeperen til Tunisia Mæhle, Lars: Korea Mæhle, Lars: Landet under isen Mæhle, Lars: Narnia-draumar

9788252182316 9788252182309 9788252177039 9788252177022 9788252177046 9788252185201

Nilssen, Olaug: Få meg på, for faen Nilssen, Olaug: Vi har så korte armar Norheim, Jørgen: Adjutanten Norheim, Jørgen: Ingen er så trygg i fare Norheim, Jørgen: Mars Nortun, Harald: Nesten saman

9788252185584 9788252185607 9788252184082 9788252185614 9788252185591

Orten, Øystein: Livingstones retrett Orten, Øystein: Rabarbrakrigen Orten, Øystein: Rasmus Rebellen Orten, Øystein: Sjabervik Orten, Øystein: Vegen til Neverland

53


e-bøk er f rå saml aget

9788252185843 9788252185836

Parr, Maria: Tonje Glimmerdal Parr, Maria: Vaffelhjarte

9788252183245 9788252180886 9788252182323 9788252182040 9788252180183 9788252180190 9788252184396 9788252177077 9788252182378 9788252182385 9788252185461 9788252177084 9788252181616 9788252185454 9788252184495 9788252184501 9788252183740

Ravatn, Agnes: Fugletribunalet Ravatn, Agnes: Stillstand Ravatn, Agnes: Veke 53 Rosenbach, Marcel/Holger Strak: Statsfiende Wikileaks Rydland, Asbjørn: Drakeguten Rydland, Asbjørn: Med eld i hjartet Rydland, Asbjørn: Mørkemanaren Røssland, Ingelin: Englefjes Røssland, Ingelin: Englejakt Røssland, Ingelin: Engleslakt Røssland, Ingelin: Flyt Røssland, Ingelin: Handgranateple Røssland, Ingelin: Kirsebærsnø Røssland, Ingelin: Kunsten å inhalera Røssland, Tor Arve: Svarte-Mathilda I Røssland, Tor Arve: Svarte-Mathilda II Røssland, Tor Arve: Svarte-Mathilda III

9788252185744 9788252185713 9788252185768 9788252185720 9788252185751 9788252185737 9788252177091 9788252184242 9788252181937 9788252181418 9788252184549 9788252183283

Sagen, Rolf: Alltid likt å lese om krigen Sagen, Rolf: Far og son (Soga om Pjakk) Sagen, Rolf: Hundre bønder Sagen, Rolf: Kraftverk Sagen, Rolf: Reisa til D. Sagen, Rolf: Skog Sagen, Rolf: Springfart ved fjorden Skaret, Erlend F.: Lucida Slapgard, Sigrun: Englestien Slapgard, Sigrun: Paradishagen Smith, Patti: Just kids Solstad, Rakel: Men kva veit vi om barna

54


e-bøk er f rå saml aget

9788252183955 9788252181159 9788252181807 9788252184068 9788252185546 9788252185409 9788252177107 9788252185416 9788252183344

Sortland, Gaute: The Rise and Fall of Gøran Trovåg Spyri, Johanna: Heidi Starheimsæter, Hermann: Der nåden finst Styve, Jens K.: Friedland Sund, Torvald: Dans stille før stormen Sunne, Linn T.: Blå Blondie Sunne, Linn T.: Happy Sunne, Linn T.: Saiko Sørsdal, Kristin: Guds hund

9788252177114 9788252177121 9788252177145 9788252177138 9788252180206 9788252181999 9788252185065 9788252185072 9788252185089 9788252185096 9788252185539 9788252177169 9788252177152 9788252181142

Teige, Trude: Havet syng Teige, Trude: Lene seg mot vinden Timberlid, Rune: Deadline Timberlid, Rune: Operasjon Siskin Timberlid, Rune: Sanct Svithuns gåte Todal, Per Anders: Fanden på f latmark Torkildsen, Terje: Dystopia I Torkildsen, Terje: Dystopia II Torkildsen, Terje: Dystopia III Torkildsen, Terje: Dystopia IV Torkildsen, Terje: Marki Marco Trohaug, Ragnfrid: Frå null til no Trohaug, Ragnfrid: Okkupert kjærleik Twain, Mark: Huck Finn og eventyra hans

9788252184037 9788252185423 9788252183948 9788252185942

Versto, Stein: Nidaros Viken, Anne: Elise og mysteriet med dei døde hestane Viken, Anne: Elise og mysteriet på hesteklinikken Vinje, Aasmund O.: Ferdaminne frå sumaren 1860

9788252177176 9788252183757

Øglænd, Fin: Svarte sjeler Øyre, Mariell/Jostein Avdem Fretland: & me skal bli om­ skapte

55


Siri Ifarnæss Vikarierande sals- og marknadssjef (Sals- og marknadssjef Anne Liv Tresselt er i permisjon til januar 2015.) Mobil: 950 29 198 s.ifarnaess@samlaget.no Karin Helgøy Informasjonssjef Mobil: 970 19 865 k.helgoy@samlaget.no Eva Rekve Salskonsulent Mobil: 924 39 248 e.rekve@samlaget.no Maren Ingeborg Hvamstad Marknadskoordinator Mobil: 412 26 449 m.hvamstad@samlaget.no

FØLG OSS PÅ: twitter.com/samlaget facebook.com/samlaget og abonner på nyheitsbrev på samlaget.no Instagram: detnorskesamlaget

e-bøk er f rå saml aget

KONTAKT OSS

56


e-bøk er f rü saml aget 57


Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.