Glimt

Page 1


Dødeboka ferdig_a 20.01.14 15.45 Side 6


Glimt ferdig_A 24.06.15 10:00 Side 1

Tor Arve Røssland

Glimt

Samlaget Oslo 


Dødeboka ferdig_a 20.01.14 15.45 Side 6


Glimt ferdig_A 24.06.15 10:00 Side 3

11. april 1940 Solveig sat i fjøresteinane. Kanskje for siste gong. Om ikkje lenge måtte ho forlate øya. Ikkje eingong krigen kunne hindre det. Ho lukka augene og høyrde på havet som slo hardt mot svaberga. Dei siste vekene hadde gått både fort og uendeleg sakte på same tid. Husarbeid og gardsplikter gjekk i eitt. Beskjeden om at ho skulle tvangsflyttast til barneheimen i byen, kom som eit spark i magen. Solveig såg far for seg. Der han slo ein hesjestaur ned i bakken, tørka sveitten og smilte til henne, medan mor kom med drikke til han. Lyden av latter forsvann med mor. Det hadde vore langt mellom kvart smil frå far etterpå. Solveig kunne ikkje drukne seg i sorg, dessutan hadde ho venner som heldt henne oppe og trøysta. Ho skjøna kvifor far berre hadde visna bort, han hadde mista den næraste han hadde. Eigentleg gjorde det vondt langt inni Solveig at faren ikkje syntest ho var nok å leve for. At han berre gav opp. Det kjentest som om han svikta 


Glimt ferdig_A 24.06.15 10:00 Side 4

henne. Ho hadde aldri sagt det til han, men ho hadde lege vaken mange netter og grubla. Det gjorde godt å tenkje på bestevenninna Kari. Utan henne hadde dette ikkje vore til å bere. Kom ho nokon gong til å sjå Kari igjen no? Solveig var ikkje eit barn. Ho var femten år og kunne fint bu for seg sjølv. Det var dette som var heime. Ho blei uvel berre ho tenkte på barneheimen. Det var frøken Eikeland som hadde bestemt at det skulle bli slik. Saman med presten. Sidan Solveig ikkje hadde slekt på øya, var barneheimen den einaste utvegen. Frøken Eikeland verka som om ho fryda seg då ho fortalde nyheita til Solveig. Berre nokre dagar etter at far var død. Solveig visste ho burde tenkje på krigen som hadde byrja for to dagar sidan, men han var langt borte. I Oslo, og i Europa. Ikkje på Grovøy. Ho såg innover mot fastlandet. Då høyrde ho den låge og intense buldringa av båtmotorar langt unna. No kjem dei for å hente meg, tenkte ho. Ho hadde ingen planar om å kjempe imot. Kofferten stod ferdigpakka i stova, og sauene hadde alt naboane overtatt. Det var då ho såg dei. Skipa. Dei kom ikkje frå fastlandet, slik ho forventa. Men sørfrå. Det var tre av dei. Store og grå. 


Glimt ferdig_A 24.06.15 10:00 Side 5

Raske. Ho kunne ikkje hugse å ha sett så raske skip før. Dei likna ikkje skipa ho var van med å sjå, verken fiskebåtane eller lasteskipa. Desse tre pløgde seg faretruande fram i bølgene. Med kanonar på dekk. Det raude flagget blafra i vinden. Flagget med hakekrossen. Det gjekk ei frysning gjennom heile kroppen hennar. Den sette seg i magen som ein vond knute. Dette er verre enn barneheimen, tenkte ho. Det var Torbjørn og Kjell som hadde fortalt om invasjonen. Om kvelden for to dagar sidan. Den . april. Dei hadde høyrt det på radioen. Med ei blanding av sinne og fascinasjon hadde gutane fortalt det dei hadde høyrt. – Tyskarane marsjerte gjennom gatene i Oslo! ropte Kjell til dei andre. – Sjølv om vi aldri har gått til krig mot Tyskland. – Ja, tyskarane kravde at Noreg skulle overgi seg, sa Torbjørn. – For nokre svin! Folk på øya hadde ikkje snakka om anna etterpå. Nokre av mennene hadde til og med reist inn til fastlandet for å verve seg. Gutane var eitt år eldre enn Kari og Solveig, og Kari hadde alltid vore forelska i Kjell. Sjølv var Solveig ikkje sikker på kva ho følte for Torbjørn. Ho likte han godt, men forelska var eit slikt vanskeleg og stort ord. 


Glimt ferdig_A 24.06.15 10:00 Side 6

Solveig hadde lytta på radiosendingane, ho òg, men klarte ikkje heilt å ta krigen inn over seg. Han var så langt borte. No såg ho det sjølv. Krigen var komen til Grovøy. Dei tre skipa skilde lag. Eitt gjekk vestover, det andre svinga austover, medan det tredje kom rett mot kaia som berre var eit lite nes unna. Solveig byrja gå raskt gjennom lyngen. Ho følte seg veldig synleg og utsett. Motorane brølte då skipet sakka farten. Ho snudde seg og såg at skipet var i ferd med å leggje inntil kaia. Svart røyk stod ut av skorsteinane. Solveig tok til å springe. Ho kikka bakover igjen. Ho såg soldatar med hjelm, uniform og gevær. Dei storma i land. Hjartet hennar hamra langt oppi halsen. Soldatane kunne heilt sikkert sjå henne. Ho høyrde roping og kjefting på eit språk ho ikkje skjøna. Det small i eit gevær. Ho kasta seg ned i lyngen. Lyden forplanta seg i magen. Prøver dei å skyte meg? tenkte ho. Eg må kome meg i dekning. Bak noko solid. Ho såg steingjerdet nokre meter framfor seg. Kuler kan ikkje gå gjennom stein. Ho kravla seg gjennom lyngen og graset. Høyrde framleis dei sinte stemmene. Dei var nærare no. Kanskje berre 


Glimt ferdig_A 24.06.15 10:00 Side 7

ti–tjue meter unna. Solveig kom fram til gjerdet og prøvde å få pusten igjen. Det var no eller aldri. Dei kom heilt sikkert til å sjå henne viss ho byrja klatre over steingjerdet. Ho måtte vere rask, slik at dei ikkje rakk å skyte. Ho drog inn pusten, hoppa opp, klatra over og ramla på ryggen i graset på andre sida. Pusten blei slått ut av henne då ho landa, og ho klarte ikkje la vere å hoste. Dei har heilt sikkert høyrt meg, tenkte ho. Ho kunne så vidt skimte soldatane som sprang oppover mot husa. Der kunne ho sjå nokre av naboane kome ut i tunet. Medan andre sprang inn og gøymde seg. Solveig kraup bortetter i graset. Berre nokre meter til, så var ho i vedskjulet. Der inne var det mørkt, og ho kunne gøyme seg bak vedstabelen. Brått høyrde ho ein mann bak seg. Han snakka norsk, men ikkje slik norsk som Solveig var van med. Det var gebrokkent. Framandt. Kanskje han ikkje ser meg viss eg ligg heilt roleg? tenkte ho. Ho låg på magen og håpte han gjekk forbi. – Reis deg opp! ropte han. No var han nærare og det var ingen tvil om at han snakka til henne. Han har sett meg! tenkte ho. Skal han skyte meg? Men eg har ikkje gjort noko gale. Hjartet 


Glimt ferdig_A 24.06.15 10:00 Side 8

banka hardare enn nokon gong. Det dundra i øyrene. Ho venta på skotet. På kula som skulle drepe henne. – La meg få sjå deg, sa han. Solveig snudde seg sakte og såg rett på ein tyskar. Han var ikkje kledd som dei andre. Han hadde offisersuniform. Ikkje hjelm, men ei offiserslue med ei ørn som spreidde vengene over ein liten hakekross. Han hadde ikkje gevær. Berre ein pistol, som peika ned i bakken. Offiseren stakk pistolen i hylsteret før han tok av seg dei svarte skinnhanskane. Solveig trekte seg unna. Ho kom ikkje lenger enn til veggen på vedskjulet. Ho byrja grine, tårene rann nedover kinnet. Offiseren kom nærare. Ansiktet hans var uttrykkslaust medan han gjekk mot henne. Augene hans var blå og iskalde. Ansiktet glatt og nybarbert. Han var nok passert tretti, men hadde ungdommelege trekk. Det var tydeleg ein kraftig og veltrena kropp under uniforma. – Ikkje ver redd, sa han og strekte ut handa.


Glimt ferdig_A 24.06.15 10:00 Side 9

Kapittel 1 Jon sjekka klokka på mobiltelefonen, ferja hadde tatt over ein time. Han var svimmel. Bommen heva seg, og mor køyrde sakte ut i sollyset på ferjekaia. Eit par måkar flaksa rundt nokre overfylte søppelbøtter. Dei få bilane som hadde vore om bord, forsvann bortover den smale vegen. Mor køyrde inn på ein parkeringsplass og gjekk ut av bilen. Ein litt for blid mann kom bort til henne. – Velkomen til Grovøy! sa han med eit entusiastisk smil. Han såg ut som ein friluftstype. Mor helste hjarteleg. Altfor hjarteleg. Det var vel ikkje noko poeng i å overdrive? tenkte Jon. Mannen gjorde seg ferdig med å helse på mor før han kom bort til Jon, som lente hovudet på armen i bilvindauget. Jon var ikkje så snakkesalig, han var framleis småkvalm etter båtturen. Mannen la merke til det og byrja le. – Ja, ja! sa han. – Du er ikkje så van med bølger, ser eg? 


Glimt ferdig_A 24.06.15 10:00 Side 10

Jon trekte hovudet inn i bilen igjen. – Skal eg fortelje deg trikset for å ikkje bli sjøsjuk? sa mannen. Jon svelgde hardt. Han var ikkje førebudd på at mannen skulle snakke til han. Han rakk ikkje å bli redd for å stamme før mannen fortsette å snakke. Heldigvis. Ingen skade skjedd. Mor stod ved sida av og smilte stivt. – Neste gong legg du deg ned på ein benk under overfarten, sa mannen. – Du treng ikkje sove eller noko, så lenge du ligg flatt, blir du ikkje kvalm. Kona mi gjer det kvar einaste gong vi reiser til fastlandet, sjølv om ho har vore ein grovabu i over tjue år. – Det høyrest fornuftig ut, sa mor. – Det verste du kan gjere, er å sitje og trykke på mobiltelefonen! sa mannen før han gjekk bort til mor igjen. – Ja, dette veit vel sikkert du. Du som er lege og alt. Dette må vere bygdeoriginalen, tenkte Jon. Ein godt informert bygdeoriginal. Mannen gav mor nøkkelen til huset dei skulle leige, han peika og forklarte kvar det var. – Det er umogleg å køyre seg vill her ute, sa han. – Viss bilen blir våt, har du køyrt for langt. Skikkeleg morosam type, tenkte Jon og såg innover øya. 


Glimt ferdig_A 24.06.15 10:00 Side 11

– Grovabu, sa mor medan ho tok på seg bilbeltet igjen. – Det er det dei kallar seg, dei som bur her. Jon visste det. Han hadde lese seg opp på øya, han òg. Det var nokså flatt der. Eit par hus og naust låg rundt vågen der ferja hadde lagt til. Ein liten butikk med nokre folk utanfor. Nysgjerrige allvêrsjakker som hadde samla seg rundt ei barnevogn. Mor starta bilen og kremta. – Det kjem sikkert til å bli bra, sa ho. – Eg trur faktisk det er mange på din alder her. Jon lente hovudet mot nakkestøtta og såg ut sidevindauget. Mor køyrde langs ein smal grusveg mellom mosegrodde steingjerde. Husa såg gamle ut. Målingsslitne. Litt lenger inne på øya var det store, grøne enger med kyr og sauer. Inngjerda med piggtråd. Etter berre nokre minutt passerte dei ein tett skog og fann huset dei skulle bu i. Det såg ikkje heilt nytt ut. Men målinga skala i alle fall ikkje av. Jon hadde ikkje sagt det til mor enno, men han hadde faktisk ingenting imot å flytte. Så lenge han kunne hugse, hadde han drøymt om å kome seg vekk frå Bergen og dritskulen han hadde gått på. Det var absolutt ingen han kom til å sakne. Og ingen som kom til å sakne han heller.


Glimt ferdig_A 24.06.15 10:00 Side 12

Kapittel 2 Mor stakk nøkkelen inn i nøkkelholet, men døra var ikkje låst. – Ja, eg las at det var lite kriminalitet her ute, sa ho og gjekk inn. – Ingen som låser dørene. Jon gjekk inn og såg seg rundt i stova. Det lukta ei blanding av gammalt støv og reingjeringsmiddel. – Det har visst ikkje budd nokon her på ei stund, sa mor og slo på lyset. – Eg trur vi luftar litt. Ho opna alle vindaugene og altandøra. Etterpå gjekk ho sakte gjennom alle romma og kviskra «wow» for seg sjølv. Huset var stort. Mykje større enn leilegheita i Bergen. Uvant med så mykje luft. – Vil du bli med ned i kjellaren? sa ho. – Der kan du få vere heilt for deg sjølv. Slik at du ikkje høyrer bråket, tenkte Jon. Jon likte å høyre på musikk, sjå film og spele spel. Det var heilt greitt å få ein etasje nærast for seg sjølv. Dette var noko mor hadde lokka med. Jon følgde etter mor ned trappa. Det var 


Glimt ferdig_A 24.06.15 10:00 Side 13

spindelvev på rekkverket. Han brydde seg ikkje. Hadde ikkje noko imot edderkoppar. Nede i kjellaren var det eit stort rom. Med ein sofa og eit tv-bord. Ingen gardiner og ingen tv. Mor opna ei dør i enden av rommet. – Her kan du ha soverommet ditt, og så kan du ha alle greiene dine her i kjellarstova. Når mor sa «alle greiene», meinte ho alt Jon hadde fått av far til jul og bursdagar. Jon visste at mor ikkje likte at han fekk så dyre presangar, men kva skulle ho gjere? Jon syntest det var heilt greitt. Far hadde råd til det. Det var ikkje vanskeleg å sjå for seg kvar alt skulle plasserast. -tommaren på tv-bordet, alle spelkonsollane i hyllene under, høgtalarane kunne berre stå på golvet. Men pc-en trong eit bord. – Eg syntest eg såg eit gammalt skrivebord oppe i eitt av romma, sa mor. – Det kan du bruke til pc-en. Det verka nesten som ho las tankane hans av og til. Han likte ikkje å snakke meir enn nødvendig. Sjølv om han aldri stamma når han snakka med henne. – Når kjem flyttebilen? sa han. – Ein eller annan gong i morgon, sa mor. – Det går ikkje så mange ferjer ut her, veit du. Og dei måtte bestille plass på ferja, sidan det var ein lastebil. 


Glimt ferdig_A 24.06.15 10:00 Side 14

Far budde i Stavanger, med den nye dama si. Tjuefem år gamle Vibeke. Jon likte faktisk Vibeke, men han hadde ikkje sagt det til mor. Ikkje rett ut, i alle fall. Men ho skjøna det sikkert, ho var ikkje dum. Mor var for høfleg til å seie kva ho meinte om Vibeke, det såg Jon kvar gong det var snakk om henne, men ein gong hadde ho plumpa ut med «den nye sprettrumpedama til far». Det var vel det grovaste mor kunne få seg til å seie. Far var pilot og Vibeke flyvertinne. Etter dei blei saman, slutta Vibeke i jobben. Mor fnyste berre av det. Jon kunne bestemme sjølv kvar han ville bu, men å bu hos far ville i praksis seie at han skulle bu saman med Vibeke største delen av året. Det hadde blitt for pinleg. Heldigvis kjøpte far dyre presangar. Sikkert fordi han hadde dårleg samvit for at dei berre såg kvarandre ein gong i månaden, eller sjeldnare. – Vi skal ikkje bu her så lenge, hadde mor sagt opptil fleire gonger. – Eitt år, toppen to! Det er mange ungdommar på ungdomsskulen, du kjem heilt sikkert til å trivast. Han var ikkje sikker på det, men han var på ein måte optimistisk. Dette skulle bli ein ny start. Ein sjanse til å slutte med den hersens stamminga 


Glimt ferdig_A 24.06.15 10:00 Side 15

og bli kjent med nye folk. Han visste no at stamminga berre var oppi hovudet hans. Det hadde logopeden sagt. – Du snakkar jo med meg, sa logopeden alltid, – og mor di og far din, og denne Vibeke, heilt utan å stamme. Det stramma seg berre i halsen med framande folk, eller på skulen. På skulen var det verst. Det hadde det alltid vore. – Kom igjen, så vaskar vi huset, sa mor. Jon hadde ikkje spesielt lyst til det. – Er det ikkje nyvaska, då? – Ikkje godt nok, sa ho og såg skeivt på han. – Men du må ikkje, altså. Du kan ta deg ein tur ut. Oppe på haugen der borte skal det visst vere eit bra ungdomshus, det er ein gammal nedlagd skule. Eller kanskje du kan snope litt på butikken. Mor var for snill. Det hadde Jon alltid meint. Alltid pent kledd, og aldri heva ho stemma. Rak i ryggen, og vakker, til og med Jon såg det. Ho hadde skikkeleg bein i nasen, og som regel hadde ho alltid eit svar. Bortsett frå den gongen far sa ho var frå ein annan tidsalder. Dette sa han rett før han flytta ut, og han meinte det ikkje som ein kompliment. Mor blei frykteleg lei seg etterpå, men Jon syntest faktisk det var noko i det. Ikkje på ein negativ måte. Mor var slik kvinner var i gamle filmar, det einaste som mangla, var kjolane. 


Glimt ferdig_A 24.06.15 10:00 Side 16

Mor var utdanna lege, men likte ikkje jobben som fastlege i Bergen. Det var i alle fall det ho sa. No skulle ho bli administrasjonssjef i helsesektoren her ute på Grovøy. Av og til lurte Jon på om ho gjorde dette berre for hans del. For å få han vekk. Sjølv om han alltid sa at alt gjekk «fint» på skulen, skjøna ho heilt sikkert at det ikkje gjorde det. Det hadde vore hennar idé med logopeden, og han visste at ho hadde snakka med rektor og rådgivar på skulen. Sjølvsagt visste ho alt. Han ville berre ikkje at ho skulle bekymre seg. Jon gjekk langs den smale vegen. Han drog hetta over hovudet. Det var ikkje nokon varme, sjølv om det var seinsommar og blå himmel. Han høyrde på piggtrådgjerda som ulte i den kalde nordavinden, dei høge grasstråa la seg ned. Jon hadde sjekka opp skulen på nettet før han reiste. Han var ikkje altfor liten, og ikkje altfor stor heller. Men herregud for ein aud plass! Nokre hundre menneske og éin butikk langt ute i havgapet, det var alt. Først no skjøna han det verkeleg: ei folketom øy utan bildur, bybane og folkemylder. Berre vinden. Eigentleg litt godt òg. Men veldig uvant. Jon gjekk på butikken og kjøpte seg ein brus, før han gjekk opp den bratte brekka mot ung


Glimt ferdig_A 24.06.15 10:00 Side 17

domshuset. Det var faktisk umogleg å gå seg vill. På den gruslagde plassen utanfor ungdomshuset snudde han seg rundt og såg utover øya, medan han tok ein dryg slurk av brusen. Her såg han ferjekaia, som låg trygt og godt bak neset, som beskytta mot vêr og vind. Vågen med butikken og dei få husa. Midt på øya låg skogen, men resten av øya var nesten utan tre, berre buskar og lyng, og bergknausar. Huset der mor dreiv og vaska, var på andre sida av skogen. Fyrtårnet stod litt for seg sjølv på ein topp heilt ut mot havet i vest. Ungdomshuset låg òg litt for seg sjølv. Målingsslite og falleferdig. Han kunne høyre lydar frå ein elektrisk gitar frå innsida. Det var ikkje noka inngangsdør som leidde ut mot plassen som Jon stod på. Det såg ut som det ein gong hadde vore ei dør der, med ei brei trapp opp, men no var det berre merke etter trappa i murpussen. Døra hadde nok blitt bytt ut med eit vindauge. Sjølve inngangsdøra var på kortsida av huset, i underetasjen. Ho stod på gløtt, og Jon kikka inn. Ein haug med sko låg i vindfanget. Eg bør vel ta av meg skoa, eg òg, då, tenkte han og plasserte skoa sine litt unna dei andre. Innanfor såg han ein lang gang som enda i ei bratt og smal trapp. Jon høyrde både trommer og synth frå etasjen over. Dei spelte ikkje. Høyrdest 


Glimt ferdig_A 24.06.15 10:00 Side 18

meir ut som dei gjorde seg klare. Varma opp. Jon kikka inn dei opne dørene. Eit rotete lager. Eit toalett med fleire dodører innover. Det var visst for både jenter og gutar. Det låg ei svak lukt av noko gammalt og ròte over heile gangen. Eigentleg hadde han ikkje lyst til dette. Han kjente ingen av dei der oppe, og ikkje kunne han spele noko instrument heller. Han høyrde gutestemmer som lo. Kor mange var dei? Eit heilt band, sikkert. Det var kanskje best å berre gå heim igjen. Han kunne spele på mobilen, eller nettbrettet, drikke brusen i stova. Han kunne berre seie til mor at det ikkje var nokon her. Han skulle akkurat til å ta på seg skoa igjen då det gjekk nokon inne på toalettet. Ein høg fyr kom ut frå ein av båsane og gjekk bort til vasken. Jon kunne høyre lyden av toalettet som spylte ned i bakgrunnen. Mannen måtte vere minst tretti. Han hadde skjegg og var kledd i svart bukse og ei svart T-skjorte. Håret var ekstremt kortklipt. Han nynna og studerte seg sjølv i spegelen, og det var tydeleg at han ikkje hadde oppdaga Jon. Då han fekk auge på han, skvatt han til. Han såg faktisk oppriktig skremt ut. Han drog inn pusten og kom så bort til Jon og helste. – Finn, sa han. – Du må vere sonen til ho nye på sjukeheimen? 


Glimt ferdig_A 24.06.15 10:00 Side 19

– Jon, sa Jon. Det gjekk som regel greitt med ord med berre éi staving. Det var lange ord og setningar som rota seg i hop. – Kva klasse skal du gå i? – Niande. Dette ordet var i grenseland, det visste Jon, men det gjekk fint. – Ikkje at det har så mykje å seie her ute, smilte Finn. – Heile ungdomsskulen består berre av ti elevar, og alle sit saman i klasserommet. Augene hans sat djupt, han likna litt på teikningar Jon hadde sett av neandertalmenneska, noko som fekk han til å sjå litt skummel ut. Jon likte han likevel, for når han smilte, var munnen hans nesten for stor til ansiktet. Det såg ut som han hadde for mange tenner. Han verka som ein roleg og avslappa fyr, han tok seg fort saman etter at Jon hadde skremt han. Derfor tok Jon sjansen på å stille eit spørsmål. Han kunne ikkje hugse sist gong han hadde gjort det til ein vaksen. – Er du lærar? Finn nikka og smilte. – Ja, det òg! Og fritidsklubbleiar, gitarlærar, skyteinstruktør og hobbyfiskar. Same kva idrett du driv med, så blir eg trenaren din! Alltid dette snakket om idrett. Jon fekk lyst til 


Glimt ferdig_A 24.06.15 10:00 Side 20

å gå igjen. Det var vel rett før denne Finn påstod at det finst ein idrett for alle. Ikkje for Jon. Han hata sport. Han brydde seg ikkje om kven som sprang fortast eller hoppa høgast, og i alle fall ikkje kven som skåra flest mål med ein ball. Han sa ingenting. Han tok ein slurk av brusen og prøvde å smile. Måtte prøve å passe inn. Så lenge Finn ikkje masa meir om sport, og spurde om kva engelsk fotballag Jon heia på, så gjekk det sikkert greitt. Han hadde ein gong svara «Leeds», sidan det var eit einstavingsord, og dette hadde hange igjen på skulen heilt sidan første klasse. Til å byrje med hadde han prøvd å følge med på korleis Leeds gjorde det, men han hadde aldri noko å bidra med i fotballsamtalane på skulen likevel. – Har du lyst å vere med opp og helse på gjengen? sa Finn. Å bli introdusert var litt betre enn berre å dukke opp. Og dei som han kom til å møte der oppe, var i alle fall ikkje berre interesserte i sport, dei dreiv jo med musikk. Jon dreiv kanskje ikkje med musikk, men han høyrde på musikk veldig ofte, det var kanskje noko dei kunne ha til felles. Bandet byrja brått på ein song, og basstromma gjorde at heile taket rista. – Ja, svara Jon. 


Glimt ferdig_A 24.06.15 10:00 Side 21

Overetasjen var større enn Jon hadde sett for seg. Dei store vindaugene fylte nesten heile langveggen i øvingsrommet, med unntak for ein liten kjøkkenkrok. I kjøkkenkroken stod i tillegg eit biljardbord. I andre enden av rommet ein stor og litt sliten hjørnesofa. Midt på golvet stod bandet. Dei stoppa å spele då Jon og Finn kom opp. Dei var berre tre stykke i bandet. Trommer, gitar og bass. Korleis kunne dei lage så mykje lyd? tenkte Jon. Bassisten stod delvis bak eit keyboard med eit mikrofonstativ framfor seg. Ei jente reiste seg opp frå bak trommesettet og tørka sveitten på eit handklede. Ho hadde mørkt, nesten svart hår i hestehale og brune auge. På seg hadde ho berre ein tynn bluse. Den svarte bh-en var godt synleg gjennom stoffet. Armane hennar var våte av sveitte, og huda var brun og fin. Det første ordet som dukka opp i hovudet hans, var «kul». Jon kjente ingen kule jenter i Bergen. Han hadde sett dei på avstand. Innbilte seg at dei gjekk på trening eller øving, og slikt, men han hadde aldri hatt blikkontakt, eller snakka med dei. Og no stod ho og såg rett på han. – Hei, alle saman! sa Finn. – Dette er Jon! Han skal byrje i niande klasse etter sommarferien. Håper de tar godt imot han. Bandet sa ikkje noko, men jenta bak trommene 


Glimt ferdig_A 24.06.15 10:00 Side 22

smilte til Jon. Finn gjekk bort til dei. – Dette er Petter, han speler bass og keyboard og syng. Alex speler gitar, og Rebekka hamrar laus på trommene. Jon smilte og svelgde. Halsen blei knusktørr, og hjartet hamra langt opp i halsen. Han fekk ikkje fram ein einaste lyd. Han berre nikka og blunka altfor fort. Tok ein slurk av brusen og prøvde å sjå avslappa ut. – Liker du Rush? spurde Alex medan han stemte ein av strengane. – Eg … eg … eg veit ikkje, sa Jon og svelgde. Der kom den. Den hersens stamminga. Han tok nok ein slurk av brusen og prøvde å sjå ut som han høyrde heime i sin eigen kropp. Alex og Petter såg på kvarandre og smålo, før Rebekka talde opp songen. Jon hadde aldri høyrt songen før, og han følte seg som ein idiot som ikkje hadde høyrt om Rush. No ler dei av meg allereie, tenkte han. Finn drog med seg Jon bort i sofakroken. – Dei er faktisk ganske gode! ropte Finn inn i øyret hans. – Spesielt Rebekka! Jon var einig i det. Dei spelte kanskje ein merkeleg instrumental hardrock, men han var ikkje vanskeleg å like. Dei var skikkeleg gode. Det blir vel slik når ein bur ute i havgapet utan noko anna å gjere på enn å øve. 


Glimt ferdig_A 24.06.15 10:00 Side 23

– Kva synest du om Rebekka? sa Finn. Jon kjente han raudna. Ho var dritfin, men det var kanskje ikkje det Finn tenkte på. – Eg har aldri høyrt ei så ung jente spele så bra! sa Finn. Det hadde ikkje Jon heller. Han hadde lyst til å svare noko slikt. Men då måtte han rope det høgt inn i øyret på Finn viss han skulle overdøyve musikken. Han blei berre sitjande og lytte, og stire. I sidesynet såg han Finn som kikka ned på klokka. Dette gjorde han fleire gonger, og til slutt spratt han opp frå sofaen og gjekk bort i kjøkkenkroken for å rydde. Det såg ut som han plutseleg fekk det veldig travelt. Burde eg hjelpe til? tenkte Jon. Men han hadde ikkje rota på kjøkkenet, så kvifor skulle han det? På den eine sida ville Finn kanskje like at han gjorde det, på den andre sida ville kanskje bandet, og spesielt Rebekka, synast at det var teit. Han blei berre sitjande og høyre på songen. Av og til smilte Rebekka mot han, og Jon skunda seg å sjå på dei andre to, han ville ikkje at Rebekka skulle merke at han stira. Aller mest konsentrerte ho seg, og såg frykteleg alvorleg ut. Du må vel det for å spele trommer, tenkte Jon. Men av og til gløtta ho bort på han igjen. Kanskje ho likte han? Nei, kvifor skulle ho det? Han visste ikkje ein


Glimt ferdig_A 24.06.15 10:00 Side 24

gong kva song dei spelte. Kanskje ho ikkje brydde seg om det? Dette var forvirrande. Han hadde ikkje trudd at ei så utruleg herleg jente skulle vere noko av det første han skulle sjå her ute. Det kribla i magen. Det kunne hende ho likte han litt. Bandet avslutta songen. Finn såg på klokka igjen. – Ok, folkens, om fem minutt så stikk vi herifrå. Pakk saman instrumenta og kople frå alt det elektriske. Jon reiste seg og gjekk bort til bandet. Han såg på klokka på mobilen. Ho var berre halv åtte, eller rettare sagt .. Rebekka såg bort på han medan ho tørka sveitten igjen. – Vi er aldri her etter klokka ., sa ho og drog strikken ut av hestehalen. Ho rista laus håret, det bølga nedover skuldrene hennar, og Jon blei andpusten berre av å sjå på henne. Det kribla i halsen òg, no. Han svelgde, men prøvde å skjule det. – Eller rettare sagt: Vi er ute herifrå innan ., sa Petter medan han pakka saman bassgitaren sin. – Er ikkje det litt tidleg? sa Jon medan han gløtta bort på Rebekka, som tok på seg ein genser. Det var så vidt han hadde klart å seie «tidleg», det hadde nesten stokka seg. Han svelgde hardt og drog handa gjennom håret. Han sveitta. 


Glimt ferdig_A 24.06.15 10:00 Side 25

– Jo, sa Alex. – Men enkelte har fått for seg at det skal vere slik. Han skulte bort på Finn. – Det er ikkje berre eg som har bestemt dette, sa Finn. Det verka som ein veldig streng regel, tenkte Jon. – På tide å kome seg ut! sa Petter. Han var allereie på veg mot trappa. Plutseleg stod dei på utsida med skoa på, heile gjengen. Finn slo av lyset og låste døra. Jon kikka opp mot dei mørke vindaugene. Gutane gjekk nedover brekka mot butikken. Finn sette seg på ein sykkel og forsvann motsett veg, mot nokre einsame hus mellom knausane. Det var berre Rebekka og Jon igjen. Ho fann fram hårbørsten frå sekken sin og byrja børste håret. Dette gjorde henne ikkje akkurat mindre tiltrekkjande. Jon drog inn pusten og gjekk bort til henne. Han burde spørje om kvifor det var så viktig å gå ut før akkurat klokka .. Han visste han kunne klare det. Logopeden hadde sagt at så snart han klarte å snakke med eit nytt menneske, ville han mest sannsynleg ikkje stamme saman med den personen seinare. Jon var ikkje heilt sikker på akkurat det, men det gjaldt å bli trygg. Og ofte var det best med éin om gongen. No var det 


Glimt ferdig_A 24.06.15 10:00 Side 26

berre han og Rebekka. Ho la børsten i sekken. Ho hadde ikkje tatt på seg noko meir ytterklede. Ho såg varm og sveitt ut. Dei strålande brune augene såg bort på han. – Skal du ikkje heim? sa ho. Han nikka, og bestemte seg. Han skulle spørje. Måtte berre svelge først. Viktig å gjere det først, og ikkje midt i setninga. – Kvifor må de ut no? Smilet hennar forsvann. Ho stramma sekken inntil ryggen og festa bandet rundt livet. Jon hadde sagt ei setning utan å stamme, eller å sluke orda, slik som han pleidde viss han måtte snakke med jenter. Eller andre folk, for den saks skuld. Han hadde faktisk sagt ein heil del, syntest han. Det beste var å ikkje tenkje på det, då flaut orda best. – Eg må gå no, sa ho berre og byrja jogge nedover bakken. Jon blei ståande åleine oppe på plassen. Nokre mørke skyer hadde samla seg over øya, og vinden hadde tatt seg opp. Han snudde seg opp mot ungdomshuset igjen. Lyset stod på der inne, sjølv om han akkurat hadde sett at vindaugene var mørke som natta. Var det nokon der inne? Alle hadde jo gått ut. Døra var låst. Så gjekk lyset av igjen.


Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.