Friedland

Page 1



Friedland ferdig_Layout 1 10.09.13 15.08 Side 1

Jens K Styve

FRIEDLAND Roman

Samlaget Oslo 



Friedland ferdig_Layout 1 10.09.13 15.08 Side 3

Og den dagen vakna han og innsåg at han var daud. Odd Friedland låg flatt ut på rygg i sin halvdel av senga, kjende tyngdekrafta knuga han ned i madrassen, eit einaste jamt drag inn mot jordkjernen. Tida er komen, tenkte han, jorda er i ferd med å kalla meg tilbake, no skal Odd Friedland brytast ned. Han såg for seg at han skulle dragast gjennom madrass og sengebotn, gjennom laminat, golvbord og isolasjon. Gjennom blindkjellaren skulle han knusa betong, kløyva fjellgrunn og dundra gjennom jordskorpe, magma og silisium. Til slutt skulle skrotten hans forvitra i møtet med den glødande kjernen, smelta bort som ein drops. Han freista å lea på den høgre handa, det skjedde ikkje noko. Det kjendest unekteleg som om blodet strøymde gjennom han, hjarta jobba. Han hadde høyrt om det og frykta det, fleire hadde sagt det til han: Du jobbar for mykje, du tek deg for mykje ut. Ein dag, sa dei, ein dag seier kroppen din stopp, du veit ein kan møta veggen, gå fullstendig tom. Han kjende seg tom. Guten hadde kome heim først litt over fire på natta. Det var ikkje første gong han kom seint, men Odd kvapp til då det gjekk i døra. Laika tok til å kjefta, og han høyrde Kris koma snublande gjennom gangen. Odd løfta bort dyna og sette føtene på golvet. 


Friedland ferdig_Layout 1 10.09.13 15.08 Side 4

– Restane står i kjøleskåpet, sa Tordis frå under dyna si. – Og kva så? sa Odd og gjekk ut i gangen. Kris helsa ikkje, klemde berre att døra til rommet sitt. Laika kom logrande, Odd klødde henne bak øyro slik han visste ho likte. – Nattmat, frøken? Han tusla saman med hunden gjennom stova, midnattssola sende raudgule lysstriper gjennom stoveglaset. Skuggar av bjørkene på utsida vart teikna oppetter veggen, over det store oljemåleriet og alle familiebileta. På kjøkkenet sto kjøleskåpet og dura, han fann eit stykke torsk frå dagen før. Fisken var tørr og litt for kald, nokon hadde justert opp styrken på termostaten. Det føregjekk ein stille kamp: Guten skrudde opp, og faren skrudde ned. Termostat, varmekablar, intervallet på brødristaren og kulda i kjøleskåpet. Kris kunne finna på å slå på utelyset midt på sumaren, han dusja til varmtvasstanken var tom, og hadde musikk, fjernsyn og datamaskiner på i alle rom og til alle tider på døgnet. Odd kunne på ein måte forstå det, guten visste ikkje kor mykje pengar som gjekk til straum kvar einaste månad. Han visste i tillegg kanskje litt for lite om arbeidet som låg bak dei pengane. Odd skrudde kjøleskåpet ned, ikkje lågare enn at maten skulle overleva, det gav frå seg eit sukk og vart stille. Fisken var etande, han reinsa halestykket for det vesle som var av bein, før han skrapa det ned i hundeskåla. Laika sat ved skåla og venta på klarsignalet, slevet rann frå munnen på henne. Ho hadde utvikla den same nattlege matvanen som han sjølv, han tok den siste tabletten frå pilleglaset hennar og dytta den godt inn i fiskekjøtet. Han sa ver så god, og ho kasta seg over maten. Han fylte den andre hundeskåla med vatn og gjekk for å pissa. Før han var ferdig, var Laika der att, jaga rundt føtene og rundt doskåla. 


Friedland ferdig_Layout 1 10.09.13 15.08 Side 5

– Kva er det med deg? Hunden pusta uroleg, med tunga ute. Han gjekk til ytterdøra, og ho heldt fram med å svirra rundt. Han tok ned ei halslenkje frå ei korg på veggen, hukte seg ned og heldt andletet hennar mot sitt, såg henne i augo. Ho freista å vri seg bort, augo veik unna, han måtte halda henne hardt om snuten. – Du veit du er for gamal til å springa etter belarar, ikkje sant? Ho rykte på seg. Fekk halslenkja på og vrei seg laus. Han lo litt og opna døra, ho bykste ut og forsvann. Det var kjølig, men vindstille, sola var halvvegs nede bak fjella i nord. Han vart ståande og kjenna på den klare lufta. Trekte lungene fulle og hosta det ut att. Huset var frå tidleg på -talet, tomta var på knapt eit dekar. Far hans, Olav Friedland, hadde bygd det med sine eigne hender. Olav hadde arva denne jordflekken då bror hans tok over garden. Seinare var det frådelt fleire tomter i området, no var det blitt eit heilt lite byggefelt. Døra sto på gløtt, han sette ein gummistøvel imellom. Stakk hovudet ut, men såg ikkje lenger snurten av hunden. På veg til soverommet høyrde han lydar frå rommet til Kris, han skauv døra opp: – Sit du her og trykkjer? Er det ikkje på tide å ta kvelden? Det kom ikkje noko svar. Han trødde over ein haug med klede og stilte seg bak stolen. Guten snudde seg ein centimeter mot faren og tilbake, stadfesta at han var observert. Skjermen flimra av skotsalvar, guten sneik seg sakte over eit tak, eit imponerande syn. Han spelte ein vaksen mann i ei støvete uniform, i hendene hadde han eit tungt automatvåpen og på hovudet ein kamuflasjefarga hjelm. Nede på bakkenivå gjekk krigføringa i høgt tempo, og det rulla far


Friedland ferdig_Layout 1 10.09.13 15.08 Side 6

gerike tekstbeskjedar over nedste del av skjermen. Det var mykje å følgja med på, det kravde djup konsentrasjon. Sonen sat ofte slik om nettene, det tok mykje tid. Lagkameratane kom frå alle krokar i verda, dei hadde hans fulle merksemd. Figuren småsprang mot ein murvegg og lente seg raskt og smidig inntil, skifta våpen til ei rifle. Med kikertsiktet fann han ein motspelar nede på bakkenivå, ein liknande soldat, men i ei anna uniform. Motspelaren sat bak eit utbrent bilvrak og lada om, riflesiktet følgde han heile tida. Guten forstørra til eit tettare utsnitt og tok ned heile mannen med eit einaste skot i tinningen. Han gav nokre korte beskjedar, snakka gjennom ein mikrofon som gjekk inn i computeren. Odd masa ikkje meir på guten, lét han spela, gjekk sjølv til sengs og sovna med ein gong. Det var ein tung og draumelaus søvn, og då han vakna, var det altså som om kroppen var eit stivt og tomt skal. Han høyrde kona på badet, ho sto og føna håret eller noko. Han var ikkje sikker, visste faktisk ikkje kva ho dreiv med. Han tenkte det var i seinaste laget no, men hadde han fått sjansen, skulle han sett seg ned og forhøyrt henne. Stilt spørsmål om smått og stort, ikkje stogga henne før ho var uttømd. Det kunne vore interessant, tenkte han, å høyra alt frå hennar side. Tordis kom inn på rommet i morgonkåpe. Trekte frå, sleppte inn sol. Såg ikkje hans veg, skauv berre garderobedøra opp på si side og henta ut det ho skulle ha. Han høyrde henne løfta fram det eine plagget etter det andre, før ho bretta dei saman og la dei tilbake. Avtaleboka låg i bukselomma, ved fotenden. Den var full av planar og uløyste oppgåver. Det var oppgåver som han vanskeleg kunne sjå for seg at nokon kunne ta over. Mykje ugjort, han hadde forventa å leva ei stund til. Han tok framleis inn sanseinntrykk, opplevde rommet rundt seg. Tordis 


Friedland ferdig_Layout 1 10.09.13 15.08 Side 7

sto ved senga og sukka medan ho kledde seg. Ho byrja å prata, stilte korte spørsmål for å få han vaken. Han tenkte på hjerneslag, at kanskje det er slik det artar seg. Det var stille frå Kris no, ofte kunne dei høyra han heile natta og ut over morgonkvisten der han sat og mumla på engelsk. Odd lea på seg. Hjarta pumpa, blodet strøymde til hjernen, og han tenkte at det som skjedde der inne, på den andre sida av veggen, var eit reint blodbad. Det sat ungdomar på same måten overalt, i ein stor og endelaus krig mot kvarandre. Det ringde på, Tordis opna. Ho vart ståande ute og prata ei stund før ho kom tilbake: – Det er Tandberg, sa ho, – ei dame frå lensmannskontoret. Han hadde høyrt om Tandberg. Ho var fersk, rett frå Høgskulen i Bodø. Ho hadde teke fleire han kjende i promilletest ved Sundet førre helg. I tillegg hadde ho delt ut bøter for manglande bruk av bilbelte og barnesete. Var det ikkje det eine, så var det det andre med henne, no var ho altså på døra. Ho er ikkje sann, tenkte han, dette gjer ho berre for å skremma oss opp. – Eg veit ikkje kva ho er ute etter, sa Tordis. – Eg vil ikkje uttala meg om noko som helst, dette får du ta deg av. Han trekte pusten og sukka. – Ho har Laika med seg, sa ho. – Det er fælt å sjå på. Dei har trædd noko over andletet på henne. Han gav ikkje lenger etter for den daudbringande gravitasjonskrafta, på eit blunk sat han ved fotenden og trekte på kleda frå dagen før. Buksene var støvete av tørka gjørme etter gravinga, det dryste på golvet. 


Friedland ferdig_Layout 1 10.09.13 15.08 Side 8

Den vesle politidama sto nedanfor trappa, med hunden stramt i eit band. Stive krøller var pressa inn under politilua, midt i det lyse andletet hadde ho eit par runde briller. På eit bilete kunne ho fort verka pen, tenkte han, men ståande framfor han med den negative auraen sin fann han henne avskrekkande. Han strekte seg ned og tok frå henne hunden, lausna Laika frå bandet og kasta det bort. Hunden var oppkava. – Roleg, sa han. – Roleg Laika, dette er folk som ikkje veit betre. Han klemde hunden før han tok av det kraftige bekselet. – Eg viser til hundelova, sa ho, – der det står at hunden berre kan gå laus dersom den blir følgd og kontrollert på aktsam måte. Ho bøygde seg ned og plukka opp bandet. – Og eg viser til den porten som eg vil at du skal spasera ut av, sa han og peika. – Odd, kom det frå Tordis bak han. Han lukka døra, like framfor nasen på kona si. – Du skal ikkje koma hit og skremma opp familien min, sa han. – Hunden din har gått laus i heile natt. – Kva gale har ho gjort? – Det har kome klager frå naboar. Han såg over hekken, ein skugge gjekk bort frå vindauga til Stangeland. Laika knurra og viste tenner til dama, som tydeleg ikkje visste å handtera det. Han stogga ikkje hunden, heldt berre godt i halslenkja. Tandberg tok eit steg bakover. – Du vil få eit brev, sa ho. – At vi tek tak i dette no, er å rekna som ei åtvaring. 


Friedland ferdig_Layout 1 10.09.13 15.08 Side 9

– Åtvaring om kva? – Ei åtvaring om at det ikkje må skje att. – Og kva om det skjer? Ho putta bekselet i lomma på skinnjakka. Uniforma var ny, morgonlyset gav glans i det svarte lêret. Jakka var eit nummer for stor, den såg klumpete ut på den tynne dama. – Då kan du bli fråteken dyret, sa ho. – Det kan eventuelt koma på tale med avliving. Han opna for Laika, ho sprang rett gjennom stova og inn på kjøkkenet. Han høyrde Tordis tømma mat i skåla. – Du er nokså ny på lensmannskontoret, sa han. – Er du ikkje? Tandberg stogga. – Kva har det med saka å gjera? – Du har jobba der ein knapp månad? – Noko slikt. Ho snudde og gjekk mot porten. Han gjekk etter på berre føter i grusen. – Det er travle dagar? Mykje å henga fingrane i? – Nok å gjera. – Er det eit vikariat? Ein blir vel ikkje fast tilsett det første året? Ho stogga att, såg han i augo. Spente nokre musklar i andletet. – Kva meiner du eigentleg no? – Nei, sa han og trekte på akslene. – Ingenting. Han gjekk til gjerdet og løfta klinga for henne, skauv porten open. – Eg meiner berre at om du held fram å gjera ein god jobb, så får du kanskje bli i den jobben. – Det vil visa seg, sa ho og gjekk. Han sto og såg på henne der ho snudde patruljebilen. På veg tilbake rulla ho ned vindauga: 


Friedland ferdig_Layout 1 10.09.13 15.08 Side 10

– Eg kjem tilbake, sa ho. – Som eg sa til kona di, så treng eg å få eit par ord med Kristoffer. – Med Kris? Korleis det? – Det var noko bråk på Grillen i natt, sa ho. – Nokon meinte at han var involvert. Odd fnyste: – Nokon må ein vel ha å skulde på. Ho lukka vindauga og køyrde bort. Frå postkassa lirka han opp avisa. Stangeland kom ut på trappa si i joggesko og treningsdress, Odd vart ståande og stira medan naboen låste etter seg og forsvann.


Friedland ferdig_Layout 1 10.09.13 15.08 Side 11

Rommet til Kristoffer Friedland var ikkje meir enn fem– seks kvadratmeter. Han hadde ein enkel rammemadrass, ei bokhylle stappa full av filmar og spel, og eit skrivebord dekt av datamaskiner og annan elektronikk. Ein -tommars TV hang på veggen med spelkonsoll kopla til. To gamle gitarar hang på ein spikar. Gjennom eit lite vindauga over senga hadde han utsikt mot tunet, men det var blenda med eit ullteppe. Kris stønna og strekte på seg, dyna var kald og våt av sveitte. Han strauk håret vekk frå andletet, kjende seg svimmel. Det var noko som ulma i magen, det var vanskeleg å seia om det skulle opp eller ned. Han tenkte at han aldri skulle ha ete dei djevelske kakene til Frode. Klokka på telefonen viste åtte, han hadde altså sove knappe to timar. På mobilen var det eit par tekstmeldingar frå kompisen, han las gjennom dei. Frode ville vita om det hadde blitt noko fitte. Kris stønna og trykte «Slett». Han høyrde stemmer på utsida, luta seg fram og gløtta ut bak ullteppet. Lensmannen sin patruljebil sto parkert på utsida av gjerdet. Han la hovudet inntil vindauga og kunne langs veggen skimta den nye politidama, ho sto ved trappa med ei hundelenkje i handa. Faren hans sto og vifta med peikefingeren oppi andletet på henne, begge var tydeleg fyrte opp. Kris sukka tungt og lét seg detta bak i senga. Det rumla i magen, han banna stille. 


Friedland ferdig_Layout 1 10.09.13 15.08 Side 12

Han og Frode hadde køyrt eit par turar med flyttelass kvelden før, Frode og dama hans hadde fått seg ein kjellarhybel nede på Sletta, midt i ei klynge av husbankhus. Kris var forbausa over kor mange eigedelar dei to hadde samla på seg i løpet av tenåra. Britt skulle byrja på tredje året på vidaregåande, Frode hadde jobba på fiskeoppdrettet, men var sjukemeld på grunn av noko med ryggen. Dei drakk eit par pils etter flyttinga, såg på ein Jason Bourne-film samtidig som dei vann rundt førti dollar på nettpoker. Det var ikkje lenger for moro skuld, det var ei grei inntektskjelde. Til tider kunne det kjennast kynisk å loppa pengar frå idiotar på nettet, men som Frode brukte seia: Dersom ein skal tena noko, så må ein faktisk gå etter andre folk sine pengar. Etter kvart som ein lærte å få auga på amatørane og gå etter dei, så var det å vinna berre eit spørsmål om tålmod. Etter filmen fekk Frode for seg at han skulle laga det han kalla sinte Muffins. – Det er jo naturmedisin, sa han og tok på ei hettejakke, – sikkert noko for far din? – Gamlingen plukkar sopp, sa Kris, – men han held seg til dei som ikkje er giftige. Det var eit lett sumaryr i lufta, Frode hadde eit par gamle paraplyar liggande. Normalt ville dei teke bilen etter berre to øl, men nokon nede på lensmannskontoret hadde halde hyppige kontrollar den siste tida. Berre på ei veke var det fleire kjentfolk som var tekne. Nokre hadde fått svære fartsbøter, mopedar var avskilta, og minst to stykke hadde mista lappen på grunn av promille. Dei gjekk eit par kilometer, langt nok til å bli våte på føtene, Frode meinte han var dumsnill som avslørte den hemmelege sopp-plassen sin. 


Friedland ferdig_Layout 1 10.09.13 15.08 Side 13

Han skauv opp porten til kyrkjegarden, ein feit fyr sat i ei gravemaskin der inne, gjorde klar ei ny grav. – Det er gamlerektoren som har krepert, sa Frode og slo ned paraplyen, nikka mot gravaren. Kris stogga i porten: – Nei, ikkje faen, sa han. – Det er ikkje her? Frode lo. – Det er … liksom litt av greia. Kris vart ståande, han gløtta bort på grava til farmora, den var ikkje meir enn fire veker gamal. Det hadde vore ein stor seremoni, ho hadde mange vener etter eit aktivt liv med tusen forskjellige verv. Ho kjende så å seia heile bygda. Morfaren skulle òg ligga der ein eller annan plass, men han var daud lenge før Kris var påtenkt. Kris hadde aldri møtt fyren. Frode gjekk langs gjerdet og løfta på nokre busker, sparka i graset med dei våte joggeskoa. – Det er jo drøyt, sa Frode, – at soppen veks på gamle rotnande lik. – Ja, sa Kris og lukka porten, – det er drøyt. Dei fann det dei leita etter, like bak gravstøttene på den eldste delen av kyrkjegarden, sopp med lange, tynne stilkar og ein hatt forma som ei halvkule med ein spiss på midten. – Du er sikker på at dette er rett type? Kris studerte stilken og skivene under hatten. – Tja, sa Frode og gliste. – Det verste som skjer er vel at den er ufarleg? Kris rista på hovudet, la soppen i papirposen og lukta på fingrane, det lukta skog. Fyren i minigravaren sløkte motoren og tok til å grava langs kanten av hòlet med ein spade. Han skulte bort på dei innimellom, dei trekte hettene tettare over hovudet og fylte posen. 


Friedland ferdig_Layout 1 10.09.13 15.08 Side 14

Tilbake på hybelen reinsa dei soppen, kosta bort smuss og jord. Britt sat ved kjøkkenbordet og gjorde skulearbeid. Etter det Kris kunne sjå, sat ho for det meste og chatta på nettet. Han hadde tidlegare bestemt seg for å ikkje eta meir flein. Frode såg sjølv ut til å tåla det godt, han brukte å koka te, supper og gryterettar som han tylla i seg, tilsynelatande utan problem. Kris hadde prøvd eit par gongar, det tok gjerne berre ti minutt før det slo inn, forvirrande tankar med sin heilt eigne logikk. Det var ei reise som Kris ikkje var komfortabel med, han vart stressa, redd for å ikkje koma tilbake. Etterpå kunne han kjenna seg elendig, og det kunne vara i fleire dagar. Frode hadde tidlegare fått tak i brukbar hasj inne i byen, frå ein fyr på universitetet. Fyren slutta etter kvart å svara på telefonen, ein kveld køyrde dei heim til han og fekk klar beskjed om å ikkje kontakta han meir. Ifølgje avisene var store bandar i ferd med å ta kontroll over marknaden. Frode hadde av og til kjøpt frå tilfeldige folk nede på brygga, men Britt sette ned foten for det. Kris sette på ei plate med Jimi Hendrix, skrudde opp. Frode tok på bakeforkle og tørka mesteparten av soppen på ei rist i steikeomnen. – Du veit at han hadde LSD i pannebandet? – Hæ? – Når han tok av på ein gitarsolo, så kom stoffet inn gjennom porene, sa Kris, – det sende spelinga til nye høgder. – Kven er dette? Santana? Kris lo, men vart usikker. Han utelukka ikkje at Frode faktisk trudde det var Santana. Ein liten haug med fersk sopp vart kutta i småbitar og blanda i ein smørkrem, etter ei oppskrift frå nettet. Britt henta ein ny cola i kjøleskåpet, kommenterte ikkje kokkekunstane. 


Friedland ferdig_Layout 1 10.09.13 15.08 Side 15

Kris hugsa at dei sat tett saman i sofaen, Frode fikla med ein lighter. Dei stira lenge på flammen som gynga tungt frå side til side. Frode kalla flammen for sin vesle ven, han påsto å kunna styra den med tankekraft. Det såg verkeleg sånn ut, flammen vogga i takt med musikken. Brått kasta Frode lighteren bortetter golvet, bles på dei brende fingrane. Kris lo, det verkte i panna, musklane i andletet var i høgspenn. Musikken kom bølgjande ut or høgtalarane, han lente seg bak, lét den berre krypa inn gjennom øyregangane. Seinare sto Frode og svaia på golvet med armane rundt dama si. Det var komisk, men Kris syntest av ein eller annan grunn at det var fint å sjå på. Dei var vakre begge to, det var noko som såg ut som den reinaste form for kjærleik. I tolvtida kokte dei ei gryte med pasta. Kris sto over, Frode trykte i seg heile greia før Britt køyrde dei ned på Skipperkroa. Frode hadde ein pose med muffins ved føtene, meinte det kunne koma godt med. Britt sat taus bak rattet. Frå baksetet la Kris merke til at ho hadde lagt seg ut, nakken var brei på den krumme ryggtavla, fingrane på rattet var tjukke pølser med dårleg naglelakk. Ho og Frode var like gamle og om lag i same vektklasse, dei hadde vore kjærastar heilt sidan tidleg på ungdomsskulen. Frode var den første av gutane som hadde knulla, noko han sjølv visste å gjera eit nummer av den gongen. For Kris var denne kvelden ein milepæl, det var truleg den siste gongen han kom til å trenga falskt bevis. Dørvakta var trøblete, ikkje på grunn av legitimasjonen, men fyren prøvde seg med at Kris var for full. Han kjende seg riktig nok surrete, men etter kanskje ein halvtime med forhandlingar kom han inn. Han gjekk innom dassen og skylde 


Friedland ferdig_Layout 1 10.09.13 15.08 Side 16

hovudet under vasken. Tørka håret raskt med dopapir, lét det henga ned framfor andletet. Slike kveldar var det praktisk med den lange luggen, den gjorde det mogleg å stenga verda ute. Det var livleg på kroa, det var endå ein kveld med open mikrofon. Det brukte fenga, sjølv om kvaliteten varierte kraftig, frå karaoke via standup og dans til ordinære musikkinnslag. Frode hadde ein eldre halvbror, Glenn, som stundom dukka opp på scena. Glenn var ikkje noko betre på gitar enn det Kris var, likevel hadde han bygd opp eit slags namn som trubadur. Det hadde vel mest å gjera med at han var villig til å spela kva som helst, til og med det som folk flest bad om å få høyra. Etter to øl kjende Kris seg såpass tung i kroppen at han bestemte seg for å ta siste bussen heim. Frode heldt han igjen, insisterte på å ta ei ekstra bestilling i baren. – Kva er det med deg i kveld, sa Kris og støtta seg på bardisken. – Du pleier då aldri å spandera? – Det er noko eg må fortelja deg, sa Frode og la innpå ei klype til med snus. – Eg trur at eg … rett og slett har ein bra ting på gang. – Ja vel? Bartenderen serverte eit par fargerike drinkar med sugerør og isbitar. Frode trekte kortet, medan Kris tok ein slurk av det overfylte glaset. – Pengar eller hasj? – Kanskje, sa Frode og kosta bort snus frå brystet på Adidas-jakka. Kris smilte og rista på hovudet. Britt kom snikande innpå Frode bakfrå og strauk hendene rundt magen på han, Frode snudde seg og gav henne eit saftig kyss på truten. Kris måtte sjå bort. 


Friedland ferdig_Layout 1 10.09.13 15.08 Side 17

Frode tok eit glas i kvar hand, vinka Kris med seg til eit bord innmed veggen. – Du veit kven som er den største importøren av knark her i landet, sa Frode. – Hells Angels? Frode grov i lomma, drog opp ein liten nøkkel og la den i handa til Kris. – Det er Posten. Kris snudde på nøkkelen, den hadde eit rundt hovud med eit tresifra nummer prega på den eine sida. Den høyrde til Frode sin nye postboks. – Ikkje faen, sa Kris, – trur du ikkje dei står der og ventar på deg? – Det kjem i ein liten fôra konvolutt, send frå England. Kris rista på hovudet og gav nøkkelen tilbake. – Eg har kjøpt eit par filmar for å testa det ut, det einaste som skjer, er at ein opnar luka, puttar det som ligg der, rett i lomma og spaserer ut. – Okei, sa Kris, – viss det er så trygt, så gjer du det vel berre sjølv. – Eg kan gjera det, sjølvsagt, sa Frode, – men då er jo ikkje du med på det. Då blir du berre ein vanleg kunde av meg, ikkje ein … businesspartnar. Kroa stengde klokka to, og Kris såg Glenn gå heim med ei blondine. Sjølv sto han på trappa til suvenirbutikken og tømde blæra. Det varme ølet rann or han, ned langs veggen og oppetter ryggen på ein utstilt trollfigur. Det svei i pisserøret, han var redd han visste kvifor. Kroa låg midt i senteret, det hadde starta som ei lita handlegate tidleg på -talet og vakse til eit regionssenter med post, lensmannskontor, Nav og over hundre butikkar. Til alt overmål var det heile nyleg overbygd med eit glastak, slik at ein 


Friedland ferdig_Layout 1 10.09.13 15.08 Side 18

kunne gå tørrskodd mellom butikkar med eit jamt sig av preglaus popmusikk frå løynde høgtalarar. På nattetid var handlegatene og dei bitte små flekkane med parkanlegg omgjorde til eit dårleg nachspiel. Han gjekk forbi leikeplassen, der ein liten gjeng hadde samla seg, dei såg ut til å ha godt med drikke. Ein tulling som Kris hugsa frå B-klassen, leika King Kong, sto i berr overkropp og fekta med armane på toppen av ei leikestove. Eit par av jentene frå A sat på dissene og song. Dei var fulle og flørtete, prøvde å gjera seg lekre med å oppføra seg som småjenter. Kris kjende han var lei, det var på tide å koma seg heim. Det var eigentleg på tide å koma seg langt vekk, finna på noko nytt, ein heilt annan plass, om berre nokre dagar fylte han . Ei av jentene på leikeplassen hadde augo på han, ho peika og sa noko til veninnene. Dei tre jentene reiste seg og kom bort. – Du, sa ho og sjangla, det kunne verka som om ho spelte fullare enn ho var. Han spelte med. – Du gjekk i klassen min, sa ho. – På førsteåret. Gjorde du ikkje? – Eg gjorde kanskje det, sa Kris. Han hugsa henne, ho hadde ikkje sminke då, i første. Ikkje kunne han hugsa sånne fine puppar heller. – Kvifor slutta du? Han fniste, såg bort. – Eg … fekk det travelt med andre ting. Etter eit år på vidaregåande hadde han teke eit friår. Mora hans kalla det å droppa ut, kanskje hadde ho rett. Faren hadde ikkje hatt innvendingar, men han hadde vel sjølv knapt noko utdanning i det heile teke. Og heller ikkje nokon fast jobb. Kris hadde drive mykje med spel dette året og faktisk vore ganske nær ved å kunna ta steget til eit 


Friedland ferdig_Layout 1 10.09.13 15.08 Side 19

meir profesjonelt nivå. I starten var det som ein draum å sitja på nettet dag og natt, berre få eit minimum av søvn og næring. Etter kvart vart det fysisk tungt, og ferdigheitene slutta å stiga, den siste tida hadde det gått nedover. Det var ironisk at han kjende seg gamal, i ein alder av , men det skjedde stadig at han vart eigd av ungar ned i årsalderen. Friåret var over og sumarferien snart slutt. Han tenkte på å kanskje søka jobb, å gå tilbake til vidaregåande no kjendest ikkje ut som eit alternativ. Han hadde prata med fleire spelfolk inne i byen, dersom han var heldig, kunne han kanskje få jobba med spel på den eine eller andre måten. – Eg lurte på … Jenta strekte seg mot han og kviskra høgt i øyra: – Har du noko å røyka på? Veninnene fniste. Kris tørka øyra, som var vått av pusten hennar, han lo. – Nei … Han såg på dei tre jentene. – Eg kjenner ein som har nokre veldig artige muffins. Jentene lo, ho fine tok armen sin rundt han og smaug ei kald hand opp under genseren. June, tenkte han. Eller var det Ellen, eller kanskje Julie, han var ikkje sikker. Frode sto og røykte ein sigarett på parkeringsplassen saman med nokre mopedtypar, eit par av dei var folk som Kris hadde kjent i gamle dagar, på barneskulen. Han eine fyren heitte Frank, han var blitt svær, såg ut som ein ekte bolar. Kris gjekk bort til Frode, daska han i ryggen: – Hei. Jentene sto på rekke eit par meter bak. – Har du … noko å selja? Muffins? 


Friedland ferdig_Layout 1 10.09.13 15.08 Side 20

Frode sperra opp augo. Han la den store handa si på brystet til Kris og dytta han bakover. – Kva faen feilar deg? Jentene rygga, fniste ikkje lenger. Frode peika på dei og vifta dei bort. Kris retta seg opp, skaut brystkassa fram. – Faen, Frode, kva er problemet? Kris gav han ein dask i tinningen, ein slags invitasjon til å slåst, men begge visste at det ikkje kom til å skje. Frode snakka kort med mopedgjengen før han sette seg i Sierraen. Britt sat ved rattet med kupélyset på, ho starta motoren. Kris banka på ruta, Frode sat på innsida og tok ein øl frå hanskerommet. – Frode! Kris banka litt til, Frode snudde seg ikkje, klødde berre demonstrativt på kinnet med ein tjukk langfinger. Sierraen rulla ut frå parkeringa. Kris plukka opp ein tom ølboks og kasta den etter bilen, utan å treffa. Han sette seg på kanten av fortauet. Det var jævla kaldt, det kjende han no. Converse-skoa var gjennomvåte, dongerijakka var altfor tynn. Det var midt på natta, og han var fleire mil heimanfrå. Nokre knoklete fingrar kraup ned langs nakken hans, det var den same jenta, ho sette seg. – Var det han kompisen din? – Kompis veit eg ikkje heilt, sa Kris. – Såg ikkje sånn ut. Han snudde seg, såg seg rundt. – Kor er veninnene dine, då? – Eg veit ikkje, sa ho. – Drit i det. Ho kyssa han og stakk den kalde handa tilbake opp under genseren, han fraus ikkje lenger. Kris visste ikkje kor lenge dei vart sitjande slik og klina på fortauet. Begge hendene hennar var blitt oppvarma, begge 


Friedland ferdig_Layout 1 10.09.13 15.08 Side 21

dei runde låra hennar låg over fanget på han då Sierraen kom trillande att. Frode rulla ned vindauga så vidt. Kris reiste seg. – Får eg sitja på? – Betaler du? – Faen, Frode, Kris peika på det tomme baksetet i Sierraen. – Skal ikkje vi same veg? Britt sat ved rattet, stira rett fram. Musikk seiv ut or bilstereoen, det var ei av dei syngedamene. Kris visste at Frode likte å høyra på sånt. Så lenge dei hadde kjent kvarandre, hadde han alltid høyrt på sånn P-drit. – Hald kjeft, sa Frode, – du veit kva det kostar å ha bil? Du veit kva bensinen kostar for literen? Kris mumla noko. – Kva var det du sa no? sa Frode. – Greitt, eg betaler. – To hundre, sa Frode. Kris snudde seg mot jenta, såg spørjande på henne. Ho sa ikkje noko, reiste seg berre, følgde med inn i bilen. Sierraen susa nordover, regnskyene var borte, og midnattssola sto rett i synet på dei. Kris hadde hovudet til jenta i fanget. Han ville trudd at ho sov, viss det ikkje var for at handa hennar strauk han sakte på innsida av låret. Frode fyrte ein sigarett og rulla ned vindauga, han rista på den tomme ølboksen og kasta den ut. Frå hanskerommet fann han fram ein ny. Han hadde fått for seg at dei skulle køyra via Kvassneset og kjøpa hamburgar. Det var ein omveg på ein god halvtime, Kris syntest ikkje det var ein veldig god idé, men han heldt berre kjeft. – Kor bur ho kjerringa der, sa Frode og snudde seg. Jenta svara ikkje. 


Friedland ferdig_Layout 1 10.09.13 15.08 Side 22

– Eg veit då faen, sa Kris. Britt mumla noko der framme. – Hæ, sa Frode. – Det er Janne i A-klassen, ho bur i ei av blokkene på Mo. Kris la ei hand over nakken til Janne og støtta hovudet mot ruta, milevis med bjørkeskog susa forbi, som ei einaste lang remse. Det var slåsting utfor Shell-stasjonen, som vanleg nokon som hadde krangla i køen og gått i tottane på kvarandre. Bensinstasjonen var stengd, men dei brukte å halda ope ei lita luke i helgene der dei selde pølser og karbonadar. Når det vart bråk, var betjeninga raske med å stenga luka, dama der inne var truleg allereie på telefonen med lensmannen. – Dette blandar vi oss ikkje i, sa Britt og stogga bilen. Frode lo. – Køyr bort, sa han. – Eg vil sjå. Frode og Kris hadde vore gjennom ein del slagsmål saman, først på skulen og etter kvart på fest. Kris var lang og senete, men når han først vart sint, vart han merkeleg nok enormt sterk. Frode var tjukk som liten, etter kvart fekk han omgjort mykje av flesket til musklar nede på Studio Nord. Det var der han hadde plukka opp vanen med å alltid gå i treningsklede. Britt køyrde sakte mot pumpene, stogga berre nokre meter frå der slåstinga føregjekk. – Skru på fjernlyset, sa Frode, – la berre motoren stå og gå. – Frode, sa Britt med ei klagande røyst, men ho gjorde som han sa. Bilen kasta lys på to gutar som dreiv og kasta kvarandre 


Friedland ferdig_Layout 1 10.09.13 15.08 Side 23

rundt. Dei ropa og bjeffa til kvarandre, han eine var kledd i kortbukser og ein blodig singlet, han var den villaste. Frode strekte seg etter noko under bilsetet, Kris oppdaga at det var ein springkniv som han putta i lomma på treningsjakka. Britt såg kniven, ho ropa etter han med noko som nesten likna gråt i stemma. Jenta i baksetet sette seg opp, klappa ivrig i hendene. Frode og Kris steig ut, stilte seg midt på plassen, og slåstinga stogga. Gutane glodde på dei. Frode slo ut med den venstre handa, som om han gav eit ståande tilbod. Den eine fyren sette seg på huk, heldt seg på magen og spytta blod. Eit par kompisar drog han med bort til ein rusten Fiesta, trødde på gassen og vart borte. Ingen sleppte Frode med blikket, han gjekk til luka på pølsebua og banka på, tok handa ut av jakkelomma og trekte att glidelåsen. Han stilte seg bakarst i køen, og Kris stilte seg bak han igjen. Fyren i singlet henta jakka si ved den eine bensinpumpa, han tok den på og tørka andletet med papir frå ein dispenser. Han gjekk litt rundt seg sjølv, trippa på tærne, mumla noko om at mobilen var øydelagt. Skjermen hadde fått ei sprekke på langs. Dei svarte krøllene på hovudet stritta til alle kantar, vagga til sidene når han gjekk. Kris kunne sjå at han ikkje var gamle karen, kanskje femten. Heile andletet frå panna og ned til halsen var dekt av hissige kviser og små arr. Han var blodig på underleppa og rundt det eine auga. – Eg var her lenge før deg, sa gutungen og kom bort i køen, – eg skal i alle fall stå framfor han tjukke der. Han nikka mot Frode, Kris prøvde å ignorera det. Frode sukka og trekte ned glidelåsen på jakka. Kris gav fyren eit dytt med olbogen, knytte neven og vrei kroppen kort tilbake, som om han trekte opp ei fjør. Han sikta på den venstre sida av andletet og trefte oppunder kinnbeinet, 


Friedland ferdig_Layout 1 10.09.13 15.08 Side 24

fyren landa på rygg. Straks han fekk lufta tilbake, tok han til å ropa og banna. Frode kom springande til, Kris gav fyren eit spark i magen, og det vart stille. Nokon banka på luka, etter nokre minutt opna den, og pølsesalet starta att. Krølltoppen hadde fått nok, han gjorde eit forsøk på å stira olmt på dei før han sette seg på ein liten scooter og køyrde vekk. Dei drakk cola og trykte i seg kvar sin burgar i det skarpe lyset mellom pumpene, bensinlukta reiv i naseborene. Jentene kom ut or bilen for å få litt mat. – Meir ketsjup? Frode snakka med spak røyst, slik han ofte brukte å snakka til kjærasten sin. Ho rista på hovudet. Kris gjekk bort til Janne, som sto og trykte på mobilen, ho putta den ned i lomma. – Eg heiter Kris, sa han og gav henne burgaren. – Eg veit det. – Eg må pissa, sa Frode og snudde seg: – Kva med deg? Kris vart forvirra, kjende seg sløv. Var kanskje bitte litt pissetrengd, når han kjende etter, han vart med. Dei stilte seg i grøfta ved skogen, skrått frå kvarandre. Det var ei tynn, hustrig skodde som seiv ut mellom trea. Frode opna beltet og henta fram ei pakke røyk frå jakkelomma. Han fyrte på ein sigarett og gav den andre til Kris. – Eg har spora pakka på nettet, den ligg på Posten. Kris fekk fyr og tok eit trekk. – Kva viss dei bruker hundar? – Eg går og sjekkar litt rundt på postkontoret først, viss lensmannen står der inne, så droppar vi det berre. – Kvifor ville du ikkje selja muffins til meg og dei jentene? 


Friedland ferdig_Layout 1 10.09.13 15.08 Side 25

– Du skjønar ingenting, sa Frode. – Det blir meir alvorleg no. Vi sel ikkje til smårips som tilfeldigvis går forbi. Kris såg bort på Janne, som lente kroppen inntil bilen, ho sto og småprata med Britt. I lyset frå logoskilta såg han kor jævla fin ho var. – Vi? – Viss du er litt smart no, sa Frode, – så kan det vera pengar i dette for deg òg. Kris trekte opp smekken, Frode sto framleis og pissa, stira inn på trea med eit lite smil rundt munnen. Brått sto to skarpe billykter rett i ryggen på dei, førstebetjenten og ei yngre dame i uniform steig ut. Kris såg på politidama, kunne ikkje hugsa å ha sett henne før. Ho var lys i håret og lys i huda, med runde briller. Førstebetjenten hadde han sett før, han var ofte å treffa, luskande bak ungdomshuset når det var fest. Spurde gjerne korleis det gjekk, alltid like nyfiken. Kris hadde òg møtt han nokre gongar på heimefestar, når førstebetjenten ringde på, betydde det alltid at festen var slutt. Dei to politifolka stilte seg framfor patruljebilen, der sto dei, rett opp og ned, og berre stira. Frode knipsa sigaretten inn i skogen og gjekk til bilen. Kris følgde etter. Frode gav dama si ei låg ordre om å køyra, og Sierraen snigla bort. Kris såg at politifolka gjekk over til bensinstasjonen, dei fekk kvar si pølse frå luka og tok til å prata med dei som sto att der. Dama tok notat i blokka si. Dei køyrde Janne heim, ho måtte instruera Britt gjennom ei kronglete -sone der alle husa og alle gatene såg heilt like ut. Midt i klynga av småhus og kvadratiske hageflekkar låg to gule blokker, ho budde i den høgaste. Kris steig ut or 


Friedland ferdig_Layout 1 10.09.13 15.08 Side 26

bilen på si side, Janne på den andre. Han gjekk bort og la armane over akslene på henne. Frode opna vindauga: – Du skuldar meg to hundre, sa han. – Greitt, sa Kris, – du skal få det etter kvart. Frode nikka, såg bort på Janne og gav tommelen opp. Dei sto på trappa og kyssa nokre minutt. Varmen frå brysta hennar strøymde oppetter halsen, han kjende på seg at han måtte bli med inn. – Du, sa ho og smilte. Han håpa det var starten på ein invitasjon. – Kvifor slo du ned han fyren? Kris såg ned. – Eg veit ikkje, han var … jævla irriterande. – Var det fordi han kødda med kompisen din? – Sikkert. – Var det fordi Frode hadde kniv? – Hadde han kniv? Ho kyssa han på panna og sleppte taket, snudde seg mot døra. – Skal du ikkje invitera meg inn? – Nei, eg kan ikkje det, eg bur ilag med mora mi og … veslebror. – Helvete, sa Kris og såg seg rundt. – Eg står faen ikkje her og frys ræva av meg for å vera ein gamaldags gentleman? – Sorry altså, sa ho. – Eg kan ikkje. – Men … Du kan jo bli med meg heim? Han tenkte med ein gong det var sagt at det var ein elendig idé. – Bur du langt unna? – Kanskje … tre kilometer. 


Friedland ferdig_Layout 1 10.09.13 15.08 Side 27

Ho trekte på akslene, smilte litt og låste seg inn. Gjennom glasdøra såg han henne forsvinna opp trappegangen utan å snu seg. Han merka ikkje at han gjekk, det var som om han haika med sine eigne føter. Han var i halvsøvne, beina gjorde jobben, dei tok han berre heim utan å laga noko nummer ut av det.


Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.