Steingjerde av Paal Helge Haugen

Page 1


PA A L -HELGE H AUGEN

Steingjerde ein diktroman

Steingjerdet_materie.indd 3

17.03.15 13:08


© CAPPELEN DAMM AS 2015 ISBN 978-82-02-48046-2 Denne boken ble først utgitt i 1979 av Det Norske Samlaget Omslagsdesign: Ingeborg Ousland Sats: Ingeborg Ousland Trykk og innbinding: Livonia Print, Latvia 2015 Satt i 11,4 pkt. Adobe Garamond og trykt på Munken Print Cream 115/1,5

Føresegnene i åndsverklova gjeld for materialet i denne publikasjonen. Utan særskild avtale med Cappelen Damm AS er all eksemplarframstilling og tilgjengeleggjering berre tillate så langt det har heimel i lov eller avtale med Kopinor, interesseorgan for rettshavarar til åndsverk. Bruk som er i strid med lov eller avtale, kan føre til erstatningsansvar og inndraging og straffast med bøter eller fengsel. www.cappelendamm.no

Steingjerdet_materie.indd 4

17.03.15 13:08


EI BOK

Steingjerdet_materie.indd 5

17.03.15 13:08


Steingjerdet_materie.indd 6

17.03.15 13:08


FRÅ DEI INDRE BYGDENE

Steingjerdet_materie.indd 7

17.03.15 13:08


Steingjerdet_materie.indd 8

17.03.15 13:08


FRÅ BARNDOM PÅ FEMTI‑TALET

Steingjerdet_materie.indd 9

17.03.15 13:08


Steingjerdet_materie.indd 10

17.03.15 13:08


I

Steingjerdet_materie.indd 11

17.03.15 13:08


Steingjerdet_materie.indd 12

17.03.15 13:08


(steingjerde) det var steingjerda som batt verden saman strake band frå elva til fjellet varme å sitje på i sommarkvelden steinane kila inn mot kvarandre med uendeleg tolmod: tid og nevar slåtteteigane tett inn til gjerdet fullmogne og klare for ljåen tykk eng mot stein: slik fekk vi først sjå at det er mogeleg å forandre verden

13

Steingjerdet_materie.indd 13

17.03.15 13:08


dei gamle slo kvart einaste strå og raka vel etter seg etterpå kvilte dei studde seg mot steinen som ryggen til ein gamal ven ennå er dei der over steinlinjene i landskapet hender usynlege i lufta som vengeslag om du vågar nærme deg dette er slitets steinar dette er historiens skrift

14

Steingjerdet_materie.indd 14

17.03.15 13:08


(etterkrigstid) ennå eit ekko av krigens vindar, av kaos og grøne uniformer rasjoneringskorta gleda, forundringa over å ha radio, dei stempla hirdfolka, oppsluttinga om skyttarlaget og dei grundig smurde mausergeværa underlege historiar om kvar dei hadde gøymt smøret og børsene kva dei tenkte, korleis Noreg skulle bli etterpå

15

Steingjerdet_materie.indd 15

17.03.15 13:08


vi høyrde på dei og såg krigen bak kvart hushjørne tyskarar om natta og om dagen i skuggane bak store steinar av og til høyrde vi ord vi ikkje forstod av og til drøymde vi draumar som ikkje var til å forstå slik låg krigen over oss: det kunne kome det ville ta oss om vi ikkje var norske nok det ville kome tysk og grønt over oss

16

Steingjerdet_materie.indd 16

17.03.15 13:08


vi knytte oss små og sterke for å stå imot etter nokre år pusta vi ut og leika andre leikar: fred og skole og aldri meir

17

Steingjerdet_materie.indd 17

17.03.15 13:08


Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.