Skårgangar av Sivert N. Nesbø

Page 1


Sivert N. Nesbø

Skårgangar


© CAPPELEN DAMM AS 2013 ISBN 978-82-02-42350-6 1. utgave, 1. opplag 2013 Omslagsdesign: Grim Erland Lyng Svingen Sats: Type-it AS Trykk og innbinding: UAB Print-it, Litauen 2013 Satt i 11,2/14,5 pkt. Sabon Medieval og trykt på Munken Print Cream 80/1,5 Føresegnene i åndsverklova gjeld for materialet i denne publikasjonen. Utan særskild avtale med Cappelen Damm AS er all eksemplarframstilling og tilgjengeleggjering berre tillate så langt det har heimel i lov eller avtale med Kopinor, interesseorgan for rettshavarar til åndsverk. Bruk som er i strid med lov eller avtale, kan føre til erstatningsansvar og inndraging og straffast med bøter eller fengsel. www.cappelendamm.no


These fragments I have shored against my ruins T.S. Eliot



Johannes



Det hadde begynt å blåne allereie då eg kom inn ifrå marka, og i løpet av ein halvtime var lyset svunne såpass at sjøen ikkje lenger spegla anna enn mørke. Eg skauv den eine døra inntil, men lét den andre stå open, og gjekk nokre steg ned på låvebrua. Ei flaggermus virvla rundt mønespissen før ho forsvann ned på baksida av taket, det var berre så vidt eg kunne skimte flikane av vengene mot himmelen der ho fortsette bortover mot skogen. Eg stilte meg nede på brua og såg innetter vegen. Det var nesten heilt skymt no, og dei tunge skyene som låg over Rognen gjekk nær i eitt med berget. Når det lysna kom skodda til å henge att i lette flak på øyene ute i havet, og strimast inn i himmelen etter som sola steig. Men det kom ikkje til å dryge lenge no i kveld før regnet tok til å falle. Pappa var enno ikkje kommen inn att frå marka, og eg forstod ikkje kva som tok slik tid. Eg lytta inn i mørket og venta kvart augeblikk å høyre lyden av stega hans som nærma seg. Vegen skar seg snorrett fram før den smalna av innimellom trea, og på den eine sida fall reisvollen bratt mot bakkane. Eg gjekk inn på låven og vrei om lysbrytaren, før eg ombestemte meg og vrei han tilbake. Den sterke graslukta gjorde lufta tett og tjukk. Gjennom 9


golvet kunne eg høyre vêrane nede i fjøset, dei trippa lågt, men uroleg på plankane. Innimellom høyrde eg ein som reiste seg eller la seg ned, og eg såg dei for meg der dei kvilte på golvet, eller stod borte med saltsteinen og sleikte. Det burde ikkje gå for lenge før vi fekk fôra no, det var allereie seint nok. Eg gjekk ut att og eit lite stykke bortetter vegen. Enno kunne eg ikkje høyre noko til pappa. Då han sende meg inn, stod han nesten nede i fjæresteinane med slåmaskina, og då han vinka med handa forstod eg det slik at han berre skulle gjere seg ferdig med siste renda, og så ville han komme etter. Før eg var oppe i svingen høyrde eg at motoren stilna, og eg snudde meg og såg ned mot han. Han stod heilt i ro, med ansiktet vendt utover mot sjøen, og lente seg med den eine sida mot slåmaskina. Like bortanfor han, inne i lauvskogen, låg den flate gravhaugen med utsyn mot havet. Medan eg stod i mørket nedanfor låven begynte eg å tenkje på det lilla lyset pappa fortalde at bestefar hadde sett over haugen ein gong. Det hadde visst sveva i nattestilla som ein flamme, liksom roleg bølgjande over steinane. Han hadde ikkje hatt mot til å våge seg nærare frå der han stod, men slik han fortalde det hadde han stått og sett ei lang stund, og lyset hadde ikkje veke. Var det slikt som oppheldt pappa ute på bøen no? Det var visst mange i slekta som hadde sett dette lyset, nokre til og med fleire gonger, men eg trudde ikkje pappa hadde gjort det. Då han nemnde det for meg første gongen hadde han ikkje lagt den vanlege tyngda på orda, slik han pleidde å gjere når han snakka om liknande ting. Det var som om det på lag 10


var noko ein kunne forvente å få oppleve i løpet av livet, anten ein ville det eller ikkje, og meir vart det ikkje sagt. Brått høyrde eg ein ujamn, klirrande lyd som skar seg gjennom kvelden. Det var pappa som hadde starta opp att slåmaskina, og eg kunne høyre at han var begynt å gå utover, for lyden vart raskt svakare. Eg tok til å småspringe langs vegen. Skulle han fortsetje å slå no? Bakkane svartna bratt av til dei gjekk nesten i eitt med fjorden, og det var ikkje lenger mogleg å skile skydekket frå fjellet på den andre sida. Eg sprang inn mellom granene. Lyden kom nærare, han måtte ha snudd og var på veg tilbake. Kor mykje hadde han att? Eg kom til å tenkje på sauene som stod på fjøset. Hadde han heilt gløymt at vi måtte fôre? Eg stoppa ved grinda, og la handa på strengen. Ein kjølig trekk drog over ansiktet mitt, eg tenkte på den urolege kloppinga over plankane, auga som søkte. Slåmaskina klirra, jamnare no, ein stad ute i mørket. Eg heldt handa fast rundt strengen og såg rett framfor meg, på vegen der den svinga av mot markene. Men eg trakk ikkje grinda til meg. I staden snudde eg, og begynte å gå tilbake den vegen eg var kommen. Nei, faen, tenkte eg, og gjekk med raske skritt tilbake til låven, og ned ganghellene mot fjøset. Dette får du klare sjølv, dersom det er slik du vil ha det. Eg gjekk inn, og vrei om lysbrytaren. «Står de her aleine,» sa eg høgt, og trakka inn på plankane. Sauene trippa ivrig, og gnei hovuda mot spildrene i gjerdet. Eg fann posen med brød som hang ved døra og strødde ein neve bortetter krybba. Dei pressa 11


hovuda fram mellom spildrene og sleikte brødsmulane i seg. «Er de så svoltne,» sa eg, «og ikkje eingong dameselskap har de.» Eg strødde ut litt meir brød før eg hengte frå meg posen, og tok til å klive opp stigen til låven. Sauene trippa, og eg høyrde at dei nærast bora snutane ned i krybba. Eg skauv luka til sides og drog meg opp i rommet ovanfor. Døra stod framleis open ut mot den kjølige kvelden. Eg kunne høyre at regndropane hadde begynt å falle lågt, dei tikka spreidd mot bølgjeblekken over hovudet mitt. Eg fann fram høygaffelen og begynte å skyfle høy ned gjennom hôlet. Det tok snart til å regne hardare. No får du ein god skur, tenkte eg. Men du har sjølv valt å stå i han. Eg fortsette å skyfle høy ned i fjøset. Då eg var nøgd, kleiv eg tilbake ned stigen, og la luka på plass over hovudet. Så bar eg høyet bort til dei tre vêrane, og spreidde det ut i krybba. Dei åt grådig. «Får de ikkje nok mat,» sa eg lågt. «Sjå her, no skal de berre ete.» Eg fann fram att brødposen, og strødde restane utover, før eg stakk den tomme posen i lomma på jakka. Så lente eg meg mot døra og såg på at dei åt. Eg høyrde korleis det sildra frå takskjegget no, og ned på hellene utanfor. «Det er klart de skal ete,» sa eg. «Det er klart, det, ein kan då ikkje gå her og svelte.» Sauene togg utan å sjå på meg. Eg gjekk bort til planken og senka han ned, slik at hovuda deira fastna. Det såg ikkje ut til at dei brydde seg. Så fann eg fram kosten, og tok til å rydde i gardane bak dei. Då eg var ferdig, var høyet nesten borte. Den eine vêren åt litt seinare enn dei andre, og eg merka at dei to 12


første drog seg og helst ville bort til høyet hans, så eg lét planken vere nede ei stund til. «Kvar skal få sitt,» sa eg lågt, og freista å stryke dei over nakken. «De har vel ikkje vet nok til å stoppe når de bør heller, de.» Då det var tomt i krybba heva eg planken, og sauene trakk hovuda til seg. «Så no,» sa eg, og lente meg over gjerdet. Sauene gjekk trassige og sterke rundt i kvar sin bås. «Så no,» sa eg igjen, så stilt eg kunne. Den eine vêren stiltra seg unna handa mi, stilte det gule hovudet på skrå mot gjerdet og drog det inntil. «Så no. No er det kvelden,» sa eg, og trakk meg mot døra. Så drog eg opp kragen på jakka og vrei om lysbrytaren før eg gjekk ut i regnet. Då pappa kom inn seinare på kvelden var han våt til skinnet, og det svarte håret hans låg klistra til skallen. Eg høyrde korleis det saug då han trakk av seg kleda, og dampen stod av ryggen hans då han gjekk gjennom gangen på veg mot badet. Etterpå kom han inn til oss i stova og sette seg. «Eg såg du hadde vore inne til sauene,» sa han lågt då han seig ned i stolen. «Ja,» sa eg, «eg måtte jo det når du ikkje kom.» «Du måtte no det, ja,» sa han berre. Han skauv stolen sin litt nærare peisen og la innpå ein ny kubbe. Han strekte handflatene ut mot flammen og sprikte fingrane i ei vifte. Så knytte han hendene sakte og opna dei att. Eg stira på dei grove og beinete fingrane. Han stilna og sat heilt roleg, med armane rett framfor seg, og ryggen bøygd mager og knoklete som ein barkfri kjepp. 13


«Og i morgon må vi til å rake,» sa han, og snudde seg mot meg. «Men så er vi ferdige.» Han såg brått så tolsam og mild ut. Det svarte håret hang framleis i fuktige tjafsar på kvar side av hovudet, og skinet frå elden la augehola på eine sida i skugge. «Vi skal berre rake og køyre det inn no,» sa han. Eg såg ut glaset, det var heilt svart utanfor. Lyset frå lampene som spegla seg vart brote i dei mange strimene frå regnet. «Det gjer seg til i morgon,» sa han raskt, som om han såg kva eg tenkte. «Men det hadde ikkje vore mogleg å slå det då.» Eg nikka. Han heva augebryna og trakk pusten djupt før han lét bryna falle. Mamma reiste seg frå det ho heldt på med og gjekk inn på kjøkkenet. «Ein får jobbe medan ein kan,» sa han. Han lente seg bak mot ryggstøet og lét den eine foten ligge korsa over den andre. Eg såg at Ingvild gjekk forbi ute på tunet. Ho krøkte den tynne kroppen saman under regnfrakken ho hadde lagt over hovudet og skutta seg mot regnet. Snart gjekk det i kjøkkendøra, og eg høyrde at ho skufla støvlane av seg på gåtta og gjekk inn. «Har Agnete lagt seg allereie,» spurde pappa. Eg nikka. «Ho la seg for litt sidan,» sa eg. «Ho har vore reiseklar sidan før vi begynte å snakke om håonna.» Eg freista å smile. Han tagde ei stund, så sa han: «Det skal bli tomt her til hausten.» Han smilte forsiktig til meg. «Men vi skal no greie oss, vi, viss vi berre kan halde kvarandre frå livet.» Han heldt framleis armane framfor seg, men olbogane hadde sege ned på knea, og 14


han lét dei kvile der, med handflatene vendt mot golvet og fingrane sprikande mot elden. Mamma kom til syne i døropninga og vart ståande på gåtta. «Eg har sett fram litt kvelds til deg,» sa ho til pappa. «Vi andre har ete allereie.» «Takk,» sa pappa. Han reiste seg stivt og gjekk over golvet. Eg vart sitjande ei stund og gruve før eg gjorde det same. Ute på kjøkkenet sat Ingvild og pappa ved bordet. Mamma stod borte med omnen og rydda i skapa, eg såg at ho hadde lagt nokre egg til kok, og putta resten oppi ei øskje. Eg sette meg i lag med dei andre. Pappa freista å glatte over det han kunne, han såg utover bordet, som om han ikkje riktig greidde å bestemme seg for kva han ville ha på brødet. Ingvild krøkte dei spinkle fingrane sine rundt tekoppen, som for å varme seg etter turen i regnet, sjølv om ho ikkje hadde vore lenger ut enn til hønsehuset. Regnfrakken hennar hang over ein stolrygg ved døra, det draup framleis frå han. «Er det slik å forstå at det meste er på stell, då,» spurde pappa og vendte seg mot Ingvild, «det er ikkje meir som må ordnast før de reiser?» Ho rista på hovudet, og eg høyrde at det kneppa lågt bak meg då mamma sette loket på øskja. «Nei,» sa Ingvild «det skulle då vere greitt no, du har gjort meir enn du trong.» Han smilte fornøgd, og rynkene spreidde seg fint ut frå kanten av auga, heilt til dei forsvann inn under skuggen av håret. «Det er berre ei god veke til de reiser no,» sa han. Dei 15


grove fingrane hans greip rundt smørkniven og smurte eit tjukt lag på brødet, heilt ut til skorpekanten. «Men de ventar vel gjerne til vi har fått inn sauene,» sa han. «Ja,» sa Ingvild. «Det er ikkje noka hast for min del. Men det kan vel godt hende at Agnete er ivrigare etter å komme seg av garde.» «Ja, ho veit vel kva ho går til, ho,» sa pappa og smilte. «I motsetnad til deg,» «Eg veit då eitt og anna, eg òg,» svarte Ingvild. «Det trur eg nok gjerne at du gjer,» sa pappa. «Men det er no eingong noko med å gjere ting andre gongen.» Ingvild pusta roleg ned i koppen sin, og gjorde ikkje mine til å følgje opp. Då ho ikkje svarte, tok pappa til å gløtte vaktsamt bort på henne, som om han freista å sjå om det hadde vore noko løynd i dei knappe svara hennar, eitkvart han ikkje hadde fått med seg. Men etter ei stund var det som om han såg seg nøgd med at det ikkje kom noko meir frå henne. «Det er vel gjerne meir enn berre skulen som dreg dykk òg,» sa mamma lågt frå kjøkkenbenken. Ho hadde ein spørjande og framand tone i stemma, som om ho på ei og same tid ville gi inntrykk av at ho ikkje hadde følgt med på kva pappa og Ingvild hadde snakka om, men samstundes hadde høyrt og forstått meir enn alle oss andre. Ho heldt fram med å putle i skapet, som om det ho hadde sagt berre var eitkvart som kunne kastast fram utan at det skulle få noka større betyding. Ingvild hipsla på skuldrene. «Om det skulle vere noko meir, får Agnete i så fall svare for det sjølv,» sa ho. Ho keik raskt bort på pappa, 16


og han møtte blikket hennar. Han såg eit augeblikk nesten rådvill ut, som om han ikkje riktig visste korleis han kunne svare. «De har no uansett ikkje vondt av å hjelpe til litt her før de reiser,» sa han. Det klikka lågt i asjetten då han la frå seg kniven. «Det er greitt å ha litt ekstra bemanning med sauene no. Dei blir mest meir uregjerlege for kvart år.» Han sveipa hendene raskt over låra medan han såg utover bordet. «Er du sikker på at det er sauene det er noko gale med,» sa Ingvild. Han stilna og gløtta bort på henne, som om han ville forsikre seg om at det var ho som nettopp hadde snakka. «Eg berre spøker med deg,» sa Ingvild og smilte. Ansiktet hans letna att, og han greip etter brødskiva og førte den til munnen. Den fuktige luggen glei ned i auga på han og vart hengande og dirre ei stund før han strauk den bakover med ei langsam rørsle. Ingvild smilte til han igjen og trakk genserermet lenger ned over handbaken. «Det var fine egg du henta i kveld,» sa mamma, og kom gåande med ei skål som ho sette på bordet. «No må de ete medan dei er varme.» Pappa heldt fram med å tygge stilt på brødet. «Sauer skal ikkje leve for lenge,» sa han etter ei stund. «Får dei gå som dei vil, blir dei etter kvart umoglege å handtere.» Han greip eit egg, og kakka det mot bordkanten. «Det er litt slik med folk òg,» sa Ingvild. Mamma lo lågt, og la frå seg tvoga på vasken. Ho tørka hendene på forkledet og kom og sette seg saman med oss. 17


Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.