Nestbest av Gudmund Skjeldal

Page 1


Gudmund Skjeldal

Nestbest Ei personleg idéhistorie om bronse, sølv og gull


© CAPPELEN DAMM AS 2014 Forfatteren har fått støtte fra Fritt Ord og Det faglitterære fond. ISBN 978-82-02-41227-2 1. utgave, 1. opplag 2014 Omslagsdesign: Anders Bergesen Omslagsfoto: Rune Petter Ness / NTB Scanpix Sats: Type-it AS, Trondheim Trykk og innbinding: PRINT-IT, Litauen 2014 Satt i 10,2/13,5 pkt. Sabon og trykt på 80 g Ensolux Cream 1,6 Materialet i denne publikasjonen er omfattet av åndsverklovens bestemmelser. Uten særskilt avtale med Cappelen Damm AS er enhver eksemplarfremstilling og tilgjengeliggjøring bare tillatt i den utstrekning det er hjemlet i lov eller tillatt gjennom avtale med Kopinor, interesseorgan for rettighetshavere til åndsverk. Utnyttelse i strid med lov eller avtale kan medføre erstatningsansvar og inndragning, og kan straffes med bøter eller fengsel. www.cappelendamm.no


Innhold

1. Prolog. . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . 2. Dei tre premiane (og kva dei betyr). . . . . . . . . . 3. Arbeid og dager (opphavet hjå Hesiod) . . . . . .

7 10 12

bolk i – bronseslekta 4. Songen i strengen . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . 5. Ein stein på stranda . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . 6. Solskinsolympiaden . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . 7. Formuen i bronse . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . 8. Skår i gleda. . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . 9. Homeriske premiar. . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . 10. Bronselaget . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . 11. Bronsealderen . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . 12. Bronsesmeden i Tønsberg (avstikkar) . . . . . . . . 13. Fortenestemedalje i bronse . . . . . . . . . . . . . . . . 14. Tredjemann rundt månen . . . . . . . . . . . . . . . . . 15. Klokkene ringer for deg . . . . . . . . . . . . . . . . . .

21 25 29 39 42 45 58 66 72 78 86 89

bolk ii – sølvmennesket 95 16. Holmenkollen, mars 1993 (første runde) . . . . . 17. Det mjuke sølvet. . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . 109 18. Generalprøve . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . 112 19. Kva som kunne vore . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . 117


20. Holmenkollen, mars 1993 (andre runde) . . . . . 21. Då sølv skulle vera som gull . . . . . . . . . . . . . . . 22. Meir av same slaget . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . 23. Kniven av sølv . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . 24. Olympisk nederlag i sølv . . . . . . . . . . . . . . . . . 25. Samlaren i sølv . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . 26. Sølvet i berget (avstikkar) . . . . . . . . . . . . . . . . . 27. Nederlag er sølv . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . 28. Når sølv trumfar gull . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . 29. Skitrekket . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . 30. Ormen om hjarta . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . .

123 134 147 150 151 158 164 174 178 186 188

bolk iii – gullrasen 31. Gudegåva . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . 32. Les Saises, 1992 . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . 33. I glimt. . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . 34. Amatørmessig. . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . 35. Gullalderen. . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . 36. Dømd til triumf . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . 37. Mett på gull . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . 38. I mørket . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . 39. Eit bad av gull (avstikkar). . . . . . . . . . . . . . . . . 40. For the game. . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . 41. Etter at Wirkola hoppa. . . . . . . . . . . . . . . . . . . 42. Spiridon Louis . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . 43. Mangemillionær . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . 44. Ein skinande kjole . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . 45. Triumfdiktet . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . 46. Dobbelt merke . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . .

193 197 206 211 221 223 228 241 244 247 249 253 258 266 268 277

Takk til. . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . 279


1. Prolog

Salige er dei som søv. Salige er dei som kjenner seg trøytte når dagen er over, dei som har fått brukt alle sine krefter. Dei som sloknar berre dei legg hovudet på den mjuke puta, dei som søv natta gjennom, dei som ikkje vaknar og plagast med tankar. Dei som slepp å tenkja på klokka, og kor tidleg det er. På gamleheimar bur kvinner som blir lagde tidleg om kvelden. Somme av dei vaknar gjerne klokka fire på natta. Så ventar dei til seks, og sju, og åtte: Dei kjempar med å ikkje sjå på visarane for ofte. Dei er kanskje lamme i venstre fot og arm, og kan difor ikkje reisa seg sjølve, nokre gonger ligg dei vakne til ni før dei får komma opp. Dei har ein kamp mot klokka. Eg hadde ein kamp med klokka. «Du er sju sekund bak», ropa dei. Eg gløtta bort: Dei to gutane sat inntil eit tre, i den siste opna lia ovanfor Frognerseteren, før skogen og stilla slukte ein att. Eg hadde startnummer 76, Bjørn Dæhlie nr. 53, har eg funne ut seinare. Differansen var her 23, som gutane måtte dela på 2, og som blir 11 minutt og 30 sekund å venta. Kanskje hadde dei stoppeklokke som dei følgde med på. Dei to gutane sat inntil ein granlegg, dei hadde godt underlag. Dei må ha vore varme på føtene også. Dei kunne 7


sin skog og sin vinter, kan hende var dei speidarar, ti og tolv år gamle, brør som hadde tatt soveposar og telt med. Den eine talde ned på klokka si, den andre noterte. Ei busk nedi lia var truleg passeringspunktet, så dei hadde tid å rekna ut avstanden før løparane var forbi. «Du er sju sekund bak Bjørn Dæhlie», ropa dei med tynne gutestemmer. Sju sekund! Då hadde eg altså henta inn nesten 15 sekund frå runding inne på stadion etter halvgått femmil. I stigningane opp forbi Frognerseteren hadde eg ete opp omtrent heile forspranget til Dæhlie. Kongen sjølv. Verdsmeisteren og den olympiske meisteren. Eg kunne ha kyssa skiskorne deira. Grana som stødde ryggen deira. Termosen og sitjeunderlaget og startlista, eg kunne ha rosa læraren deira opp i skyene, lovprisa all slags læreplanar og mattebøker, og foreldra som høyrde oppmerksamt på gutane sine då dei la i hop og subtraherte tal alt som fem- og seksåringar. Blyanten dei sat med. Eg kjende meg kvikk og hadde ingen grunn til å tvila på reknestykket deira. Alle folka som stod og heia ut frå stadion, hadde gjort meg oppspilt, men ikkje ør. Eg var heilt vaken og visste kva fart eg tolte. Eg kunne snart leia heile femmila – i Holmenkollen. Eg veit eigentleg ikkje om gutane var brør, eg veit heller ikkje om dei overnatta ute i Marka heilt på eiga hand. Men dei må ha bestemt seg for at dei skulle ta blyant med, og stoppeklokke, og dei har truleg hatt radio med, så dei visste kven dei skulle ta tida på. Dei har følgt med på langrennet i meir enn halvannan time frå førstemann gjekk ut, dei har halde varmen og ikkje mista tolmodet, dei har brukt blyant, og ikkje kulepenn, som frys. 8


Visste dei kva dei gjorde med meg? Kva mot dei sette i meg? Kor eg eigentleg skjemmest over at eg skusla bort medvinden dei to gutane gav meg i Holmenkollen den gongen. Kor eg har lurt på korleis det kunne gått dersom dei hadde flytta seg litt ned i terrenget der femmilsløypa snodde seg inn att mot stadion, lat oss seia ved 46 kilometer. Sett at det var der dei sat og rekna, nedanfor Frognerseteren, og inntil ein granlegg. Gitt at dei åtvara meg om det som var i ferd med å skje: Hadde eg vunne femmila då? Var det min eine store sjanse i livet, dette? Eg grunnar kanskje ikkje på det dag og natt, meir enn 20 år seinare. Men når tankane først kjem inn på det sporet, kanskje på ein treningstur eller om eg sit på toget einkvar stad, er det ikkje måte på ergring og draumar om korleis det skulle gått. Og kva framtida byd på, torer eg ikkje svara for. Eg tenkjer på dei som ligg på gamleheimar, og eg tenkjer på Abel Richard Kiviat: Han var ein amerikansk mellomdistanseløpar, verdsrekordhaldar og storfavoritt på 1500 meter i Stockholms-OL i 1912. Han leia løpet heile vegen og låg an til gull. Men like før mål kom ein brite og sneik seg framom; Kiviat fekk sølv. I eit intervju med Los Angeles Times fortalde han: Eg vaknar stundom og seier: «Kva i helsike var det som hende med meg?» Det er som eit mareritt. Han var 91 år gammal då han fortalde det.


2. Dei tre premiane (og kva dei betyr)

Å liggja som nummer to i eit løp, som i livet elles, er løfterikt. Du har søkt ein jobb, blitt kalla inn til intervju og gjort det godt. Men om ein blir nestbest til slutt, når allting er avgjort, er det veldig bra eller berre ikkje godt nok? Medaljar i bronse, sølv og gull stod ikkje konkret på spel i denne grommaste langrennskonkurransen som eg fekk ta del i, i Det internasjonale skiforbundets og den norske Skiforeningens regi, den 13. mars 1993. Vi samla poeng, 100 for siger, 80 for andreplass, osv, i ein verdscup og med krystallpremiar som var sponsa av forsikringsverksemda FOLKSAM. Dei tre på pallen fekk litt pengar av arrangøren også, nokre tusenlappar som eg har sølt bort for lenge sidan. Spørsmålet er der like fullt: Kva er det eigentleg med sølv? Hadde eg sloppe all mimringa og grublinga om eg berre hadde tatt bronse? Og om eg no hadde vunne gull, kven hadde eg blitt då? Denne historia om bronse, sølv og gull er personleg prega, og forma særleg av mi tid som ihuga langrennsløpar, og difor handlar ho aller mest om den halvt fortærande, halvt oppløftande premien i midten. Kvifor det har seg slik, må eg få komma tilbake til. Sølvhistoria må flankerast av 10


bronse og gull på den andre for å bli heil. Dels har det nok med talet tre å gjera og dels med kva alternativ dei to andre medaljane opnar for. Bronse, som kanskje kjennest som ein større siger, og gull, som har sitt problem. Etter ein triumf, kva gjer ein så? Men mest har det med ein arv å gjera, og ein mann som var diktar på same tid som salige Homer. Vi rangerer han gjerne bak han som laga Iliaden og Odysseen, men han er den som aller først kom med ideen om rangeringa i gull og sølv og bronse. Middelhavsmennesket Hesiod er også den første vi veit om som fortel om seg sjølv i dikta han skreiv. Hesiod hadde sjølv tapt noko. Historia byrjar eigentleg med han.


3. Arbeid og dager (opphavet hjå Hesiod)

Hesiod gjette sauene til far sin i ungdommen. Då han gjekk der i fjellsidene mellom grashopper og små lyngplantar, kom dei heilage musene til han og bad han laga songar til dei evige gudane. Det er i alle fall slik han sjølv framstiller det i det lange diktet Arbeid og Dager. Han levde for nesten 2800 år sidan no, altså tidleg på 700-tallet før Kristus, altså før alt som heiter pengeøkonomi. Far hans kom frå byen Kyme på kysten av det som før heitte Lille-Asia, og i dag Tyrkia, like sør og over grensa frå den herlege greske øya Lesvos. Faren hadde vore ein handelsreisande til sjøs, men fekk vanskar med å få endane til å møtast og flytta til Ascra, ein avsidesliggjande landsby på den austlege sida av fjellet Helicon, i ein region på det greske fastlandet like nord for dagens Athen. Der ville han prøva å dyrka jorda. Og her voks Hesiod opp, saman med broren Perses. Det var ein miserabel landsby, skreiv Hesiod seinare, det var vondt der om vinteren og like fælt om sommaren. Kanskje var det ikkje så enkelt som at maktene over kunsten kom og forbarma seg over han. Broren synest å ha hatt avgjerande tyding for kva livsveg Hesiod slo inn på. Perses, som han heitte, fekk ein urettmessig del av arven etter faren, etter å ha, viss vi kan tru versjonen til Hesiod, 12


bestukke dei kongane som var ansvarlege for rettsordenen den tida. Diktaren verkar å vera bitter på både han og på dommarane. Han talar Perses til rettes fleire stader i diktet og refsar all menneskeleg latskap. Hesiod tapte på ein måte og fekk diktinga i gåve. Han levde i det same hundreåret som meisteren Homer. Som diktar verken var eller er han like anerkjent som Homer eller Aischylos eller Sofokles, men han var kjend på øyane i heile Egearhavet allereie rundt år 600 før Kristus. Om han levde av diktinga åleine, er meir uklart, eller tvilsamt1. Han skreiv eit lang dikt om alle dei greske gudane, som heiter Thegonien på gresk. Arbeid og Dager er meir ei handbok i jordbruk og ei samling av praktisk livsvisdom, om ein skal gje att innhaldet heilt kort. Det gjeld å akta dei teikna som naturen gjev og tilpassa arbeidet etter årstidene. Arbeidet med jorda er ikkje storslått på nokon måte, men ein kan ikkje dra seg unna det, heller. Ein kan ana at det har gnage Hesiod personleg at han har måtta arbeida meir enn han kanskje først hadde tenkt. Men han har også vilja gje svar på kvifor det har seg slik at vi alle må slita og streva, at dei aller fleste ikkje kan unndra seg slitet med å dyrka og hausta og stella i stand maten, dette menneskelege grunnvilkåret heilt sidan dei første byrja med jordbruk og derigjennom la grunnen for sivilisasjonane. Hesiod forklarar det med ei likning, litt som Jesus gjorde det for sine læresveinar. I opphavet levde menneska sutlaust og enkelt som gudane, og kanskje saman med dei 1

Omsetjaren av verket til norsk, Aslak Rostad, legg merke til at Hesiod gjev råd som omhandlar oksar, og slavar, og at Hesiod dermed røper tilhøyrsle til dei betrestilte i samfunnet sitt.

13


også. «De kunne leve som gudene uten bekymring i hjertet, fjernt i fra tyngende slit eller jammer», heiter det hjå Hesiod i norsk omsetjing. Han kallar dei ei «menneskeslekt av det skinnende gullet». Det er slik rangen bronse – sølv – gull dukkar opp første gong i historia. Og gullet kjem aller først hjå Hesiod. Det edlaste metallet skal vera eit bilete på den tida då menneska faktisk slapp å arbeida og hadde det himmelsk lettvint. Diktaren skriv, i mi prosaomsetjing: «Den første slekta dei evige gudane som bur på Olympos laga, var av gull. Dei levde i dei dagane Kronos var kongen i himmelen, og dei levde som gudar, med ubekymra hjarta, fri frå strev og frå fattigdom. Ein sørgjeleg alderdom møtte dei heller ikkje, kroppane deira var friske og unge, og dei festa i lag til døden kom over dei som søvnen kan. Alt godt hadde dei, endåtil jorda bar korn og grøde i overflod, utan at dei måtte streva med åkrane, og dei hausta av dei, lukkelege og tilfredse. Etter at jorda gøymde dette første slaget menneske, lét Zevs dei vera gode ånder som vaktar over dødelege menn, og som gjev dei velsigning eller straff. Slik var den kongelege æra som gullmenneska fekk.»2 Gullet tener hjå Hesiod som symbol på den opphavlege, sorglause tilstanden menneska var i, enkelt sagt. Er det sant at dei som vinn gull i idretten (og elles i livet), er utan sorger, at dei som har nådd sine mål ikkje grublar på kva som kunne vore? Korleis er det eigentleg å ha vore i befatning med eller i nærleiken av det guddommelege? Spørsmålet er meint både psykologisk, og djupare, det vi kallar 2

Mi prosaomsetjing er basert på den norske til Aslak Rostad no i 2014, men også den engelske til L.M. West og den danske til Lene Andersen.

14


eksistensielt. Kva gjorde Bjørn Wirkola sjølv etter at han hoppa? Hesiod levde før pengane kom til, også dei med opphav i vestlege område av det vi i dag kallar Tyrkia. Vi, som alle er barn av kapitalismen, kan vanskeleg sjå bort frå den pengemessige, marknadsmessige og forrentande sida av gull. Kan henda var det difor det edlaste metallet ikkje kom på tale som medalje i det første moderne OL, dette i Athen i 1896. Edel og fredleg kappestrid, meinte baronen Pierre de Coubertin, måtte ikkje bli forstyrra av materielle omsyn og i verste fall øydelagt av grådig begjær. I eit nytt tusenår er til og med den tanken vanskeleg å førestilla seg. Ei historie om bronse, sølv og gull er difor også ei historie om dei symbolske medaljane, og om amatøridealet, i utvikling og kan henda i avvikling. Etter den sorglause tida for dei gudeliknande menneska, kom så epoken for sølvslekta på jorda. Gudane på Olympos laga ei annanrangs slekt, som ikkje likna gullfolka i verken kropp eller sinn. Hesiod forklarer altså ikkje kvifor gullmenneska måtte døy og kvifor det blei slutt på det sorglause livet, slik er det berre. Sølvslekta hadde noko livsudugeleg ved seg, det tok dei hundre år å veksa bort frå skjørtekanten til mor, og sidan blei livet heller stutt for dei. I Aslak Rostad si omsetjing heiter det: Barnet ble pleiet av mor til det nådde en alder av hundre; lekende hoppet det rundt som en overvokst unge i huset. Men da de kom til sin blomstrende ungdom og fullvoksne modning, levde de bare en kortere tid i forferdelig pine. Det er noko blautt og smertefullt ved sølvmennesket hjå 15


Hesiod som eg har gjeve ein vri mot det psykologiske og mot den moderne forskinga på såkalla «kontrafaktisk tenking». Hangen til å tenkja på kva som kunne vore betre. Sølvet som uforsona nederlag. Eg tenkjer ikkje berre på mi eiga femmil den gongen. Myntsamlarar, eller romaustronautar, eller polfararar kan ha den same erfaringa. Eller heilt vanlege menneske. Ein maskinførar har gjeve anbod på ein utfordrande (og innbringande) skogsbilveg. Han var like ved å vinna med prisoverslaget sitt. Døra blei sett på gløtt for han. Men han fekk berre sjå inn i herlegdomen. Hjå Hesiod er det også slik at sølvslekta forsømte å tilbe gudane som dei skulle, og dei kunne heller ikkje stå seg for brotsverk mot kvarandre. Til slutt blei Zevs (som var son av Kronos) så sint at han lét dei forsvinna frå jorda, men etter å ha besinna seg ei tid skapte han også eit slag menneske, ein tredje type, som Hesiod kallar ei slekt av bronse. Den danske litteraturgranskaren Lene Andersen skriv at han laga dei av eiketre, men eg held meg til engelske L.M. West og til norske Aslak Rostad, som kallar treslaget ask. Det passar så mykje betre med den kvinnelege norske tennisspelaren Anna Margareta Bjurstedt, og som også svingde racketen av ask så meisterleg. I tilpassa prosa: «Så laga faderen Zevs endå ein tredje rase menneske, bronsemennesket, ikkje lik sølvet i noko. Av ask laga han dei, eit frykteleg og rasande slag menneske, opptekne med dei lidingstunge gjerningane åt Ares og med valdelege handlingar. Dei åt ikkje korn og dei strenge hjarto deira var som harde, uforma klumpar; dei var råsterke. Ufattelege armar voks ut frå skuldrene, over dei kraftige overkroppane deira. Dei hadde bronsevåpen, bronsehus, og med bronse arbeidde dei, ettersom dei ikkje hadde svart 16


jern tilgjengeleg. Dei øydela seg sjølve, og fór til Hades’ kjølige hallar utan å lata namn etter seg. Endå om dei var mektige, vann den mørke døden over dei, og dei forlét det klare sollyset.» At bronsefolket ikkje åt korn, tyder nok ikkje at dei var kjøtetarar åleine, men at dei levde av ville vekstar og urter, og ikkje av sitt eige jordbruk. Hesiod nyttar dermed bronsen dels som metafor for ei opphøgd eldre slekt, men også som nøkkel for det teknologiske og reiskapsmessige nivået på den tida. Emnet kunstverk og handverk og konkrete ting blir dermed slått an. Medaljar er ikkje berre symbol, dei har noko varig ved seg som ting. Bronse minnar oss mest om dette, sølv og gull er jo metall som finst i rein form i naturen, såkalla edelmetall, medan bronse er noko menneska har funne på sjølve. Han er ikkje eigentleg eit eige metall, men ei legering av to ulike grunnstoff, oftast kopar og tinn. Det gjer bronsen hardast av dei tre. Kanskje for hard når ein tenkjer på kanonane av bronse. Det brutale slost med det opphøgde i Hesiod si framstilling av bronseslekta, og slik må det bli når det norske bronselaget spelar fotballkamp i Hitlers OL i Berlin. Det er eit forhold mellom å slå og å slå dei andre som eg må finna ut av – også når det gjeld den bronsemedaljen fr. Bjurstedt vann i tennis i 1912. Handlar konkurranseidrett om å vinna, eller å vinna over andre? Kva plass har leiken, og kva plass har alvoret? Kva rom er det for amatøren og kva må vi gi den profesjonelle? Hesiod skil mellom to typar strev og er ikkje mot at folk har ambisjonar. Så kva strev er prisverdig, og kva strev fører vondt med seg? Korleis skal vi eigentleg motivera våre barn? Også slike filosofiske spørsmål høyrer heime i ei historie om dei evige storleikane bronse, sølv, og gull.

17


Kort bruksanvisning Denne boka er eit personleg essay, som spring ut frå Hesiods Arbeid og dager, og som slutter hjå han. Ho tar nok fleire omvegar om idrett, premiar og psykologi enn han ville funne naturleg, men det er hans metaforar og hans grunntematikk – det gode og det rette livet – det handlar om. Rekkefølgja ville nok også synast diktaren uvant, at bronsebolken kjem først og gullet til slutt. Men eg trur han kunne anerkjent tanken bak det omsnudde skjemaet. Når eg kallar beretninga ei personleg idéhistorie, inneber det også at eg har valt meg dei idrettane eg forstår meg best på. Samstundes har eg ikkje begrensa stofftilfanget heilt strengt til sporten åleine. På mange område av livet erfarar vi konkurransen og rangeringa. Nokre tilleggsopplysningar dukkar opp i fotnotane. Kjeldene bakom ulike påstandar er nemnt i utval bakarst i boka, og i sin heilskap på nettsidene hjå forlaget. Til kvart medaljeelement er det òg knytt ein slags reisereportasje, som ein gjerne kallar ekskursar på fint, men som like gjerne kan kallast det dei er: små avstikkarar. Dei går aller tettast på sjølve stoffet i metaforane, legeringa bronse og edelmetalla gull og sølv. Dei kan nok hoppast over, om det hastar. Lesaren er sjølvsagt fri til å lesa bolkane i boka i den rekkefølgja ho vil: Dersom det er framhaldet av den femmila ein vil ha, no med det same, må ein bla til delen sølv. Den som tar alle omvegane, skal så visst ikkje angra. Den som derimot blar seg rett til gull, vil ikkje forstå særleg mykje – slik det også er for den som går beint fram og tar gull på første forsøk. Kva veit vel ho om livet, og om å sigra gjennom store motgangar? Men dette veit eg ikkje sikkert. For eg har aldri vunne fullt og heilt.


bolk i

Bronseslekta

Far Zevs skapte den tredje av menneskets slekter av bronse uten å la den få ligne det minste på sølvalderslekten. Denne forherdede slekten var laget av ask, og den elsket Ares’ brutale og blodige kamplek, for ingen fra slekten spiste av brødet, men hadde et uredd og stålherdet hjerte. Hardhendte var de, og fra deres skuldre på kraftige lemmer, vokste den mektigste styrke og armer som ingen beseiret. Våpen ble laget av bronse og boliger oppført i bronse, arbeid ble utført med bronse, det beksvarte jernet var ukjent. Da de til slutt hadde falt for hverandres forødende hender, måtte de dra til den iskalde Hades’ forpestede bolig. Navnløse ble de, for selv med de veldige krefter de eide, bukket de under for døden og dro fra det strålende sollys. hesiod, Arbeid og dager, i omsetjinga til Aslak Rostad i 2014.



4. Songen i strengen

Frøken Anna Margareta Bjurstedt er ei blanding av glede og bestemming når ho går ut på banen. Der ho står på den fine sanden strødd oppå den harde asfalten, klar til å returnera. Gleda over å få dundra den ballen over om litt. Trongen til å gjera noko godt att. Ein kan ikkje kalla spelet leikent åleine; ho har noko ho vil, ein kamp ho skal gjera betre. Kleda hennar, som minner mykje om ein kjole, er kan henda kvite, og pannebandet, som held det heller kortklypte håret på plass. Men ho er blitt godt brun i sola, og ikkje skammar ho seg over den friske fargen. Anna Margreta har alt fått eit kallenamn, kjælenamnet eller samansmeltinga Molla. Det minner om ein foss, eller om noko som kvernar og mel motstandaren sund. I eit glimt tenkjer ho på gullet som glapp, semifinalen ho så vidt tapte. Ingen ting skal ta frå henne bronsen no, ho har like stor rett på han som motstandaren på den andre sida av nettet. Bronsemedaljen i idretten er på sett og vis kanskje denne samansmeltinga av nederlagskjensle og ny sigersvilje. Sørven er ikkje særleg hard, verken motstandaren sin, eller Molla Bjurstedts eigen. Men berre vent når Molla 21


slår tilbake. Når Molla svingar den kraftige høgrearmen sin heilt attende utan å bøya handleddet. Kanskje kjem ballen mot backhand-sida hennar først. Om ikkje svenske Edith Arnheim direkte spekulerer i det, hender det at ho råkar beint i det svake punktet, og Molla lempar ballen meir enn ho slår han tilbake, og eit par ballvekslingar kan synast som veneerklæringar mellom henne og motstandaren.3 Men så trippar Molla raskt med føtene, flyttar seg mot venstre og får ballen mot seg på den rette sida av kroppen. Ein kan høyra det for seg når ho svingar den kraftige høgrearmen sin heilt bakfrå, med herleg forlokkande snert. Songen i strengane. Det lyder som eit slags kraftig «plokk», og det er eit reint treff, ikkje på ramma av spent asketre, men midt i den stramme tettveven av det som ein gong var sauetarmar. Ei kraft rullar tilbake gjennom armen og skuldra og inn i ryggmargen ein stad. Hofta er med, heilt der framme. Kroppen si fornemming av at ballen kjem til å råka der han skal, før eigentleg nokon veit eller ser. Sagt høgtidleg og med syn for tradisjonen: homo faber og homo ludens i eitt. Mennesket som nyttar reiskapar og mennesket som leikar seg. Mennesket som er sitt instrument, ei øks, ein fiolin, ein racket av ask. Har ikkje leiken og handverket, og kunsten, alltid vore dette – sjansen til å gløyma seg sjølv for ei tid? Nettet rører seg litt av vindpustet, liksom i age. Den kvite ballen (merket Slazenger) er lukkeleg for sin bane, like over nettkanten, beint mot hjørnet av banen der kritet 3

Det fanst ein del reglar som skulle sikra lange ballvekslingar og ekte spel. Ein hadde berre lov å løfta den eine foten i sørven i 1912, og ikkje kryssa grunnlinja før ballen blei slått tilbake. Alt det andre om spelet til Molla er basert på boka ho skreiv i 1916.

22


markerer kvitt oppå sandlaget og over den mørke hardare asfalten. Det ryk som eld er i emning når ballen stussar underlaget. Han flyg i ny bane over jorda. Edith Arnheim ser berre på. Kong Gustav V av Sverige nikkar anerkjennande. Dei meir enn 500 tilskodarar på tennispaviljongen ved Östermalm klappar høfleg for det nådelause vinnarslaget, forfina kvinner og menn, ministrar og embetsmenn, og i alle fall éin skrivefør bladfyk. Anna Margareta Bjurstedt nøler ikkje: Ho skal vinna denne ballvekslinga og alle dei andre. Ho har vunne det første settet 6–2. Ho har for sin del oppdaga dei ømme punkta til motstandaren og spelar medvite på dei. Edith kan vera så mykje «von» Arnheim som somme liker å kalla henne med fullt etternamn (men truleg feilaktig), ho må gjerne vera fødd i Praha eller andre store europeiske byar, alle her skal få sjå kven som kan slå med tennisrackerten og ikkje berre spela. Det er såleis eit element av dominans og makt med når mennesket nyttar sine verkty, og kanskje av vald mot den naturen det legg under seg. Med øksa feller vi eit tre. Med eld kan vi omforma sjølv berget og tvinga andre menneske under oss. Ein kan ikkje skriva om konkurranseidrett – og derifrå om mennesket – utan å ha den mistanken med. Ein kan vel ikkje driva med kappestrid utan å erkjenna ein viss trong til å vinna over, til å herska, til å slå dei andre. I så fall driv ein berre med. Årstalet er 1912, datoen den 3. juli, klokka litt før tolv midt på dagen. Molla Bjurstedt kjempar for bronsemedaljen. Den som tapar denne striden, vil bli gløymd av alle. Eigentleg må bronse handla om alt dette, skal vi trenga inn i materialet også̈: Smeden som må ha leika seg med glø23


dande kopar og eksperimentert med hardare blandingar, slik ei Molla Bjurstedt søkte det stadig kraftigare – til han råka det fullkomne. Men samstundes: kongen som klappar, herskaren som briskar seg og rår over alt bronsealdersmeden lagar. Bronse er djupt sett klangen av tid. Av høgtid, men også av moderne tid. Rådshusklokkene i så mange byar etter kvart. Bronse er på mange måtar, både i og utanfor konkurranseidretten, kampen mot gløymsla.


5. Ein stein på stranda

Eg sit med ein bronsemedalje i handa, han er frå dei olympiske leikane i Salt Lake City (2002), der bror min vann han. Det er det næraste eg skal komma ein slik grom premie. Vi har begge romstert i magen til mor vår, berre med nokre få år (tre) imellom. Bror min og eg har begge ein far som er død no, men som sjølv elska å gå på ski. Medaljen er overraskande tung. Eg får så vidt plass til han i handflata, ein litt knudrete tung flat stein, og med eit flott mørkeblått band snodd gjennom ei lita ramme øvst som gjer at han kan henga rundt halsen. Han når meg til navlen. Medaljen kunne vore nytta som ei slynge, han kunne ha drepe viss han trefte einkvan i hovudet, slik David etter bibelsoga gjorde på kjempa Goliat. Men det må ha vore i ein augneblink Goliat såg ein annan veg, kanskje han lo av jødane som lét denne puslete gjetaren David komma fram frå hæren, og var utilgiveleg uoppmerksam. Elles ville han vel ha kunna dukka unna steinen då han såg David kasta. Bror min har ikkje slike krigerske tankar, det er helst Det nye testamentet Kristen Skjeldal les. Men han er ein ihuga konkurransemann; nær på sitt femtiande år går han femmiler på ski og spring bratte fjell om sommaren så det 25


grin etter. Dei har han overfloda av på Voss, og god utsikt til der han bur, høgt og fritt over Vangsvatnet. Bronsemedaljen har seng i ein tung mørk boks av tre, hickory kan henda, og treverket er godt å stryka handflata over. Når ein opnar boksen, ser ein medaljen i blått stivt plysj på eine sida, og eit slags lite diplom under glasplate på den andre, underteikna av Jacques Rogge (presidenten i IOC) og Mitt Romney (den gongen øvste ansvarlege for tilskipinga i Salt Lake City). Mormonarbyen Salt Lake City i USA har sjølv rike førekomstar av kopar. Koparmetallet til bronsemedaljane i London-OL i 2012 henta gruvegiganten og sponsoren Rio Tinto frå nettopp delstaten Utah (og dei edlare metalla frå Oyu Tolgoi i Mongolia). Medaljen består av 90 % kopar og 10 % sink, har eg funne ut. Legeringa gjer han mykje hardare enn 100 %, altså rein kopar ville ha vore. Eg lurer på kva bror min kunne fått for medaljen i kroner og ører, om han hadde gått til ein gull- eller sølvsmed ned på Vossevangen. Bronsemedaljen frå 30 km fellesstart langrenn i Salt Lake City har ei heilt spesiell historie, og det finst mange rare samlarar. Dei dyktigaste – eller mest idiotiske – av dei låser oftast samlingane sine ned og ser nesten aldri på dei. Medaljeboksen til Kristen ligg heller ikkje opna og utstilt i stova hans. Inni eit garderobeskap hadde han lege, før eg spurde. Alle gullmedaljane han har vunne frå NM, er stappa saman med alle bronse- og sølvmedaljane i ein handlepose frå ICA. Einast kongepokalane står framme i stova.4 4

Dette stemmer ikkje lenger. Kona til bror min fekk laga eit premieskap i jolegåve til mannen sin. No heng den olympiske bronsemedaljen så fint saman med dei to av gull, over dei veldig mange mindre frå

26


I eit par små sekund blir eg irritert over denne smålåtenskapen, denne mangelen på minne, denne skjendinga av tings tyding. Så kjem eg til å tenkja på Ullevålseter i Nordmarka, ein av stadene ein kan stogga og kjøpa seg bollar eller kakao, der familien til motorsyklisten Pål Anders Ullevålseter har stilt ut alle pokalane han har vunne, på bjelkelaga inni serveringshytta, over peisen, over vindauga og på heile den eine gavlveggen. Det er så overfylt, premiane er så mange, at den eine slår den andre i hel. Det kan gå inflasjon i ting også. Den olympiske bronsemedaljen til bror min er brun og kanskje litt raud, men ikkje særleg gyllen. Mørket han har lege i, mangelen på uteluft, har hindra den irringa bronsestatuar får i friskluft med tida. Han har inskripsjonar og teikningar (relieff) på begge sider. Medaljen skal likna slike flate elvesteinar som ein kan finna i straumane og elvane rundt om i Utah, og den siste finishen er difor gjort for hand. Dels moderne, og dels rustikke, som det heiter i den offisielle omtalen, materaliserer OL-medaljane frå Salt Lake City den amerikanske ånd som stadig søkte lenger vest. Den amerikanske spirit vi kjenner så godt, som søker stadig nye utfordringar og overvinn teknologiske barrierar, heilt ut i verdsrommet, ja til månen. Det momentet rimer då også best med legeringa i bronse, meir enn dei reine metalla sølv og gull. Light the fire er mottoet som er rissa inn i han. Tenn flamma i deg. Eg har stundom grubla på om bror min har vore freista til å ta bronsemedaljen sin heilt ned til vatnet og senda han utover, for å sjå kor mange sprett han kan få. Dersom NM. Faktisk ser bronsemedaljane finast ut av alle når sola skin innover stova til bror min.

27


inspirasjonen for utforminga er steinane i Utahs mange elvar, er det vel ikkje så rart om han fann på det. Så kunne steinen bli ein fisk for ei stakka stund. Så kunne han bli liksom levande att. Så kunne han blenka som då han først blei delt ut. Kristen fekk bronsemedaljen altfor seint!


Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.