Ein heilt vanlig fyr av Rune Belsvik

Page 1


Rune Belsvik

EIN HEILT VANLIG FYR

Belsvik_En heilt vanlig fyr.indd 3

25.04.13 14:40


© CAPPELEN DAMM AS 2013 ISBN 978-82-02-41693-5 1. utgave, 1. opplag 2013 Omslagsdesign: Tina Blomqvist/Blomqvist Design Sats: Ingeborg Ousland /cmykdesign Trykk og innbinding: Livonia Print Sia, Latvia 2013 Satt i 12,5 pkt. Minion Pro og trykt på Munken Print Cream 80/1,5

Føresegnene i åndsverklova gjeld for materialet i denne publikasjonen. Utan særskild avtale med Cappelen Damm AS er all eksemplarframstilling og tilgjengeleggjering berre tillate så langt det har heimel i lov eller avtale med Kopinor, interesseorgan for rettshavarar til åndsverk. Bruk som er i strid med lov eller avtale, kan føre til erstatningsansvar og inndraging og straffast med bøter eller fengsel. www.cappelendamm.no

Belsvik_En heilt vanlig fyr.indd 4

25.04.13 14:40


K afeen

Belsvik_En heilt vanlig fyr.indd 5

25.04.13 14:40


Belsvik_En heilt vanlig fyr.indd 6

25.04.13 14:40


1 Mitt namn er Alf. Eg er 53 år. Eg er lærar. Eg har det bra. Skal ikkje klaga. Har barn og kone og leilegheit. Bil òg. Kona og eg sitt og ser Dagsrevyen. Vi likar å følgja med på det som skjer. Vi har kvar vår gode stol. Det står eit bord mellom oss. På bordet ligg kontrollen og nokre bøker. Brått støkk eg til. Telefonen begynner å dura i lomma. Det er Bernt. – Hallo? seier eg. – Ja? svarar det. Bernt er lærar på ein annan skule. Vi er ein slags kameratar. Det er lenge, lenge sidan eg har snakka med han. – Er det du? seier eg. 7

Belsvik_En heilt vanlig fyr.indd 7

25.04.13 14:40


– Ja, seier han. – Det var ei sjeldan stemme, seier eg. – Ja, du har jo gjømt deg bort, du, seier han. – Eg held meg helst heime, seier eg.

Eg håpar han ikkje vil invitera meg med på pøbben. Eg orkar ikkje å gå på pøbben meir. Eg vil sitta heime med kona og sjå på fjernsyn. – Er du aldri ute blant folk? seier han. – Eg går på jobb kvar dag. – Jobb, ja. Kan du ikkje komma ned på kafeen i morgon? Vi er nokre som møtest der om laurdagane. Hadde vore kjekt å treffa deg. – Kva tid då? – Nei, sånn litt før klokka eitt. – Ja, men … ja, det kan eg kanskje. – Då ser eg deg i morgon. Eg blir urolig i magen. Det er lenge sidan eg har vore på kafé. Lenge sidan eg har møtt Bernt. Korfor ringte han nett no? – Kven var det? spør kona. – Bernt. Han ville treffa meg på kafeen i morgon. – Det kan du vel. Eg skal jo på trening. 8

Belsvik_En heilt vanlig fyr.indd 8

25.04.13 14:40


Eg er glad for at han ringte også. Eg kjenner at det er ei lita glede inni meg. Glad for at han hugsa meg.

2 For tretten år sidan blei eg skild. Det hende eg møtte Bernt på pøbben då. Han var også nett blitt aleine. Det var mange som var aleine på pøbben. Vi hamna på nokre håplause nachspiel. Eg vakna stundom sjuk av angst. Det var eit mørkt, kaldt hol i brystet mitt. Eit svart, lite beist låg og pusta der. Ein innelåst skygge. Ein svolt etter kjærteikn. Ein hunger etter å bli tatt imot og tålt. Eg kunne gått ut på gata og gitt ti tusen kroner for ein klem. Ja, eg tenkte det. Låg samankrøkt under dyna og lurte på å gå ut og spørja dei eg møtte. Men det kunne eg jo ikkje. Tenk om alle sa nei. Eller verre: Tenk om nokon sa ja. 9

Belsvik_En heilt vanlig fyr.indd 9

25.04.13 14:40


Eg drakk mykje øl og vin. Eg klengde meg innpå damene. Eg snakka høgt og veldig til mennene. Bernt berre lo av meg. Så møtte eg ho som er kona mi no. Etter det gjekk eg sjeldan ut. Derfor møtte eg ikkje Bernt.

3 Dagen etter kjører eg ned til kafeen. Bernt sitt ved eit av borda ute. Det er solskin og mildt. Eg kjenner eg blir glad for å sjå han igjen. Han presenterer meg for dei andre ved bordet. Det er ei kvinne der eg hugsar frå pøbben. Ho dansar ballett. Ho er ei av dei eg klengde meg innpå. Ho er framleis vakker. Ho smiler til meg. Måkane hyler over hustaka. – Kjører du? seier Bernt. – Ja, eg har parkert rett her borte. 10

Belsvik_En heilt vanlig fyr.indd 10

25.04.13 14:40


– Då kjører du meg kanskje heim etterpå? – Klart det. Eg hadde glømt at det finst ei verd utanom jobben og leilegheita vår. Eg snakkar med Bernt om skulen. Vi ler av alle dei dumme møta vi må vera med på. Vi ler av ein måkeskit som landar på bordet. Eg kan høra at eg ler. Det er lenge sidan eg har ledd slik. Eg får bra til å snakka med dei andre også. – Kjekt du kom, seier Bernt i bilen etterpå. – Det var ei artig forsamling, seier eg. – Ja visst. – Du har det bra? – Ja. Heilt fint, seier Bernt. – Du ser bra ut, seier eg. – Du då? seier Bernt. – Jo, seier eg. – Det går bra det. – Ja, vi har vel enno nokre år igjen. – Ja, seier eg. – Bur du i lag med nokon, du, eller? – Nei. – Du bur aleine framleis? – Å, ja. 11

Belsvik_En heilt vanlig fyr.indd 11

25.04.13 14:40


Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.