Skip to main content

La Fanny 2014

Page 1

LA

FANNY

Laurdag 19. juli 2014 - 3 . årg - Nr. 1

FORBANNA Damene i Bocciabitches er rett nok debutantar på Bocciafest, men dei går ikkje inn i turneringa med nervøse steg. Brita Andrianne Grov, Malene Rosland Eldøy og Marte Rommetveit

har fyrt seg skikkeleg opp før meisterskapen. Dei bryr seg ikkje om medaljar, pokalar eller premiefat – målet er å knekka erkerivalane i Boccialisious ein gong for alle.


L A FA N N Y

LA

FANNY

UTGJEVAR: Bocciafest 2014 OPPL AG: 400

La Fanny er ei uavhengig avis for området moloen, Leirvik sentrum og Sæ. Ikkje medlem i Mediebedriftenes Landsforening eller Landslaget for lokalaviser. Men rettar seg etter god presseskikk.

Fotball-VM i Brasil har på mange måtar vore ei god oppvarming før den største hendinga i sommar. Alle veit at det er Bocciafest 2014 - den femte i sitt slag som blir arrangert på kuleøya Stord sidan 2008. Fire gonger før har det blitt levert knirkefrie turneringar utan skandalar av dei store slaga.

La Fanny er så vidt innom det som kan likna

på noko usportsleg sett med Bocciafest-augo, i reportasjen om Team Aragonés side 21. Laget har fått svi for dårleg etikette, noko den sportslege CV-en vitnar om. Heller ikkje i år ser det ut til at dei har greidd å roa dei indre gemytta.

Bocciafest har vore skjerma for biting av

motspelarar, kampfiksing, elendig tryggleik for

arbeidarane som byggjer banane, filming og generell toskaskap. Her får alle delta – om ein er homo eller streit, tynn eller feit. Og skulle du ikkje ha det i deg sportsleg, kan du ta det igjen på banketten.

Vår oppmoding til FIFA, IOC og andre som

pønskar på å stella i stand ei turnering: Look to Stord. Då får du den ultimate oppskrifta på korleis ein harmonerer prestisjefyll kulekamp, med lettbeint, sommarsleg kameratskap. Som om ikkje det var nok, får du fin musikk med på kjøpet.

La Fanny vil gratulera Bocciafest med si

femte turnering, og håpar det blir fem nye. Let the games begin.

FOTO : MAR IUS K NUTSEN

La Fanny er trykt av Inge H. Sørensen. Ansvarleg redaktør: Per Tanque Grafisk utforming: Lynni Svendsen.

La Fanny meiner: Look to Stord!

INNHALD Endre Olsen i trubadur og moll Fuck you i trynet! l agpresentasjonar side 8-14

4-5

Lagpresentasjonar

8 - 14

«Fiskedamo» kan bli fender

16 - 17

Ingen hugsar dei nest beste

18 - 19

Kasta gullglans på Osvald fisk adamo side 16-17

7

20

Konfliktmagneten Team Aragonés

21

Spåmannen frå Holmestrand

22 - 23

BIDRAGSYTARAR

trekking side 20

-

k asta gullgl ans

Per Tanque

Ollvar O. Kleppevold

Kaptein Ebenezer

Skrivande redaktør

Kulturjournalist

Journalist

Johanna B. Kvarsvik

Lynni Svendsen

Raymond Olsen

Journalist

Grafisk utformar, foto

Journalist

2


L A FA N N Y

SISTE ORD ER SAGT

Feil yrkesval? et er svært mange personar i verda som har valt feil yrkje. Dette vil eg setja litt fokus på. Lat oss til dømes ta for oss utvalte som fer og vimsar rundt her i dag. Endre Olsen: Med den haldninga den guten har. Med kvaliteten som han legg ned i arbeidet sitt. Tenk på kva han kunne fått gjort som sveisar eller platearbeidar. Han hadde utvilsamt hatt fagbrev i begge faga. Men nei. Han vel å kasta talentet sitt vekk på musikk. Guten har valt feil plateindustri. Inge Sørensen: Denne omgjengelege, livsglade fyren har valt å gøyma seg vekk i eit trykkjeri, heilt frå han var 17 år. Kor bortkasta. Med hans særeigne måte å gå på, ville han vore eit funn i ulendt terreng. Skogsindustrien har gått glipp av mykje her. Dag Maxwell Nilsen: Songaren Maxwell. Ja, de les rett. Songaren. Kor stor kunne ikkje denne mannen vore, om han hadde fått teke talentet sitt ut i verda, i staden for å verta fengselsbetjent. Rolling Stones, Beatles og Elvis hadde berre vore namn me snakka om i bisetningar. Jostein Sortland: Innehavar av Stord sitt første truckførarbevis. «Haugland på Kaien» hadde vore her enno om Jostein hadde kjørt truck der. Han har same måte å svara kundar på som dei som arbeidde der. Han kunne òg vore politi. Undercover politi. Det er vel få som veit meir kva som rører seg i gatene og bakgatene på Vikjo, enn han. Leif Rune Vad: Brannmann? Går det an å velja meir feil. Å setja ein mann som er i full fyr heile tida, til å sløkkja brannar. Det er som om å velja ein mann til å presentera vêret på TV2. Må ikkje skje. Jan Hevrøy (pellematros): Ja, eg er ikkje noko betre sjølv. At eg kastar vekk tida mi på ferjene. Å fera der å krangla og diskutera med reisande (les: bergensarar) er jo heilt bortkasta. Med dei naturlege diplomatiske evnene eg har, og mangelen på eigne meiningar, burde eg jo vore i utanriksteneste hos regjeringa.

D

På tide med eigedomsskatt på petanquebanar Me har dei siste åra sett at stadig fleire stordabuar breiar seg i hagane sine med petanquebanar store som flyplassar. Held denne trenden fram i same tempo som no, vil Stordøya snart sjå ut som ein diger, flat grusbane. Diverre ser me ingen teikn på at nokon tek tak - verken i lokalpolitikken eller frå naboar. Eit enkelt hjelpemiddel for å fjerna denne trenden må bli å skatteleggja alle petanquebanar - gjerne med ekstra høg skatt. At slike banar øydelegg landskapet, skulle vera kjend for dei fleste. At dei også tiltrekkjer seg

pisse- og/eller dritetrengde kattar og andre dyr, bør få ein kvar av oss til å sperra opp augo. Dagleg ser ein stordabuar som plukkar opp kulene sine frå bakterieinfluerte petanquebanar rundt om. Kva veit eg? Kanskje er eg den «heldige» som skal handhelsa på desse såkalla «idrettsfolka» rett etterpå. Og då er det gjort. Køyr skatt!

Dagens rose

Dagens ris

Eg vil gjerna senda ein rosebusk til Inge H. Sørensen på Osvald Boccia Team for kvalitetstrykking av La Fanny. Eg let meg særleg begeistra av densiteten. Helsing oppsitjar i Litlabø-området.

Oppsitjar i Sjonarvegen.

Me vil senda ris til han som har skrive innlegget over. I helsiken? Meir eigedomsskatt no? Det var nett det me ikkje trong. Vil berre minna om at det er kommuneval neste år. Petanquebanar er faktisk eit godt verkemiddel sett i folkehelseperspektiv. Nei, dette blir det demonstrasjonar av. TAK

Kor er Oddbjørn?

Me håpar lesarar med gode augo kan hjelpa oss å finna Oddbjørn. Det hastar. Kenneth Kannelønning og Martin Riise.

Hjartesukket

Gjennom fleire sesongar no har det stått ein gammal, svart feilparkert Mercedes på tomgang rett utanfor Osvald akkurat idet me skal til å kasta kuler på Bocciafest. Miljøvennleg? Nei! Bruk hodet, vi har bare én klode. Ytre Hodnaland Finare Kulekastarlaug.

Dagens klage

Me vil senda inn eit aldri så lite spark til den/dei som kvart år driv hærverk på vinnarpokalen vår. Kan dåke melda dåke? Kitlarane v/A. Skjæveland

Men kva er det som samlar slike veike skapningar? Jo, bocciaen. Der får ein enno ein gong vist at ein gjer noko ein ikkje burde. Ha ei fin turnering Jan Hevrøy

3


L A FA N N Y

ENDRETAINEREN Trubaduren Endre Olsen er forsiktig med å ta vekk penisar frå originalversjonar, for så å framføra songen i feil format. La Fanny serverte den folkekjære artisten 16 spørsmål og eit lukkeønskje. T E K S T : OLLVAR O. KLEPPEVOLD

1.Kva er ein trubadur? – Vel, altså, alle trubadurar er jo musikarar, men det er slett ikkje alle musikarar som er trubadurar. Om ein musikar til dømes er på ein fest i Samhald, der ein songglad festlyd frå Grov er samla, og det ligg eit strengeinstrument og sleng, ja då kan det godt henda at musikaren vert beden om å dra ein song som alle kan. «Ta Ausedansen, då! Kom igjen, då! Ausedansen! Ausedansen!» Om musikaren då skulle vri seg ukomfortabelt på stolen, rista brydd på hovudet og ymta spakt at «nei, nett i kveld har eg fri». Eller «diverre, eg har ikkje dei andre gutane i bandet med meg». Eller, Gud forby, «beklagar, den kan eg ikkje» – ja, då kan det godt henda at vedkommande er aldri så mykje musikar der han kjem frå, men noko trubadur, det er han faen meg ikkje. 2. Er det lukrativt å vera trubadur? – Det kjem jo an på korleis ein reknar verdiar, det. Ein drikk gjerne gratis, for dei som likar å gjera det. «Robert, gir du meg fem pils og eit par kjeftar gammaldansk før du stenger?» Elles kan det jo føra med seg eit lite løft i dametekke (Hei, søstrene Bakken). Gjennom tekstmaterialet ein støtt fordjupar seg i, veks ein seg òg rik på livsvisdom – «du har so fine brøst, men eg e so spøkje tøst, so me får vel nesten ta da viktigaste føst». 3. Kva er den vanskelegaste akkorden å spela? – Det er gjerne den ein tar i det same ein sovnar på etterfesten med gitaren i fanget. 4. Kva er den vanskelegaste songen å synga? – Alt av Kurt Nilsen. Det er så vanskeleg å synga med brekningar. 5. Kva er den styggaste akkorden du veit om? – Eg lærte veldig mange stygge akkordar då eg gjekk på musikklinja. Men så fann eg ut at dei vart mykje finare om ein tok vekk alle dei høge tala. 6. Kva er den styggaste songen på repertoaret? – Nokre songar er jo veldig stygge i utgangspunktet, medan andre kan bli gjort endå styggare når dei vert framført i feil format. Billy Idol sin «White Wedding» måtte eg til dømes synga i eit bryllaup ein gong, berre utstyrt med akustisk gitar. Der har du ein i utgangspunktet veldig

FOTO : LY NNI SVENDSEN

stygg song, som blir endå styggare når du tek vekk all penisen frå originalversjonen. Det er i grunn vel så stygt det, som ein kva som helst versjon av torturmiddelet «En solskinnsdag» av Postgirobygget.

om. Først spelte eg til dans på Skipperstuen (jaja, te og te, dans og dans…), etter det tedans på Vågen pub (jaja, te og te, dans og dans…). Og til slutt tilbake til Skipperstuen på kveldstid. Då lysna det ikkje på dagevis etterpå.

7. Kva tid bestemte du deg for å bli trubadur? – Det må ha vore første gongen eg såg Jojo live på Kontoret på nittitalet.

12. Kva musikk ville du typisk spelt viss Inge H. Sørensen kom inn døra? – Då spelar eg som regel «Thunder Road» med Bruce Springsteen. «Fantaaaastisk låt! Elska da! Ditta elska eg!» Aller helst skulle eg ha spelt noko av Uriah Heep, men så var det dette med å framføra songar i feil format.

De t k a n godt henda at v edkomm a nde er a l dri s å my kje musik a r der h a n kjem fr å , men noko t rub a dur , de t e r h a n fa en meg ik kje 8. I kva retning trur du trubadurar vil begvega seg dei neste 20 åra? – Det er ikkje godt å seia. Eg trur iallfall at den teknologiske utviklinga har nådd toppen no som den blå songpermen er vorten digitalisert, og ein har fått iPad-feste til mikrofonstativet. Elles trur eg at fleire og fleire trubadurar vil satsa på eit breiare Björn Afzelius-repertoar etter kvart som han bryt ut av den kultposisjonen han lenge har hatt. 9. Kan kven som helst bli trubadur? – Mogleg det. Men kven som helst bør ikkje bli trubadur. Ein tur innom Beverly Hills Fun Pub i Stavanger vitnar om det. Eller forsåvidt ein tur innom Facebook-sida deira: «Er det slags shit musikk? Me setter ikkje på sånnen musikk på narc en gang». Mads Inge Hafver. 10. Kva et trubadurar? – Nøttemix. Eller restar etter bryllaupsgjester. 11. Kva er den brunaste puben du har spelt på? – Ein laurdag for nokre år sidan gjekk eg i trubadurtrekk mellom dei to brunaste pubane eg veit

4

13. Og viss Robert Delis kom inn? – Lett! Kva som helst av Van Morrison. Ein gong spelte eg Van Morrison for Robert 10.000 meter over bakken. Då vart han glad. 14. Og til Boccialicious? – Prince med «Kiss» kanskje? Eventuelt Prince med «Let’s put the X in sex». 15. Korleis har sommarshowet ditt gått på Osvald så langt? – Då tenkjer du sjøvsagt på «Sommar med Endre Olsen». Jo, takk som spør. Når ein driv med slike sommarshow kjenner ein jo på børa av dei kjempene som har gått før ein. Frå Gunnar Andersen til Øyvind Fjeldheim. Men der dei gjerne dreg laustenner og krøller opp av ermet, kan eg slå i bordet med Björn Afzelius. 16. Du er med i spalta «Trubadurprofilen» for tredje gongen. Kan det bli litt mykje Endre Olsen? – Ja, eg synest kanskje det er litt i overkant med 16 spørsmål og eit lukkeønskje. Eg hadde svidd av mesteparten av krutet då eg kom på spørsmål nummer ti (viss du går tilbake i intervjuet, vil du sjå at det svaret er veldig kort, og det kan verka som at intervjuobjektet har gått lei og surna til – det stemmer. Eg måtte ta meg ein kaffipause og setja på «Ikaros» med Björn Afzelius for å komma i slag igjen. 17. Lukke til både sportsleg og musikalsk på årets Bocciafest. – Takk for det. Lukke til med prenting og distribusjon av Trubaduravisa. Ser fram til å lesa alle dei andre grundige sakene dykkar om faget mitt.


L A FA N N Y

TRUBADURPROFILEN

5


L A FA N N Y

Pirrande piratar Det er ikkje berre i sandkassen ein kjempar om heider og ære. Det kan piratane i Nordom Bocciaen skriva under på. T E K S T: PER TANQUE

Ellen Salomonsen (f.v.), Hege Aas Vad og Line Aas Vad kler det meste – også sjørøvarkostyme. I fjor jubla dei over å få eit fat kjøpt for ein heilt ålreit sum på Gjenbruk i Sagvåg.

FOTO : OLAV BJØR KUM

Med god margin fekk den spreke trioen Ellen Salomonsen, Hege Aas Vad og Line Aas Vad eit relativt flott fat, kjøpt på Gjenbruk i Sagvåg, som bevis på at dei var best kledde på Bocciafest 2013. Fat skulle også gullklumpane i Boccialisious – Arnhild Myklebust, Ingjerd K. Kolstad og Anette A. Thoresen – få for beste lagnamn. Med andre ord kan det løna seg å stilla godt førebudd på Bocciafest. Også i år har arrangøren reist heile vegen til vestkanten for å handla inn nye fat på Gjenbruk. Årets fat prydar alt frå posthuset i Sæ, til foto av tre saftige moltebær og vakkert motiv frå Vikastemmo. Beste lagnamn, beste antrekk, beste kastestil, styggaste lagnamn, styggaste antrekk og etiketteprisen skal delast ut på Afterboccia i kveld på trivselspuben Osvald. Og det er deltakarane sjølv som skal røysta fram vinnarane.

Stord Petanqueklubb samlar på det meste 40 kulekastarar på dei vekevise øktene.

Dagen i dag 19. juli

19. juli 4241 f.Kr. er kalla «verdas første dag» etter den gamle egyptiske kalenderen. I 1814 invaderer svenske styrkar Norge ved Halden. Den første Miss World-konkur ransen vart arrangert i London i 1951, og svenske Kerstin Håkansson blei kåra til Miss World.

Første kull på kuleskule Nokre luftar kulene éin gong i året på Bocciafest. Denne gjengen spelar fleire gonger i veka. T E K S T: OLLVAR O. KLEPPEVOLD

I 1966 –byrja norsk oljeboring i Nordsjøen. I 1974 blei fotballspelaren Ole Martin Årst fødd, og seks år seinare, på denne dagen, opna dei olymipske leikane i Moskva. Beatrice, Bjartmar, Gerhard og Gjert har namnedag i dag.

FOTO : HENR IK MU NDAL ANDR EASSEN

19. desember i fjor blei ein historisk dato. Stord Petanqueklubb blei stifta under eit møte i Grimsåsen. Etter det har det vore faste samlingar minst éin gong i veka. Så langt har klubben hatt fleire internte meisterskap der Tarjei Haga blei første vinnar i singelspel, og Magnus Losnegård første vinnar i skyting. Seinare gjekk Roar Lunde og Gunnar Litlabø til topps i double. I juni reiste

6

trioen Viljar Losnegård, Vebjørn Bjørkås og Magnus Losnegård heim frå Bergen med sølvog bronsemedaljar frå ei rankingturnering, og til hausten blir det ny klubbmeisterskap i trippel. Så spørs det om medlemene i petanqueklubben greier å hevda seg i Bocciafest, som har eit noko annleis regelverk, og betydeleg mindre banar.


L A FA N N Y

Fuck you i trynet! Bocciabitches har planar om å gje Boccialisious ein real omgang i sandkassen. T E K S T : PER TANQUE

– Pønk for faen, seier Brita Andrianne Grov før La Fanny sin utskremde har fullført setninga. Ho og medspelar Malene Rosland Eldøy vaggar utolmodig ved inngangen til kulturhuset. Premissane var sett på førehand: Skulle dei bli fotograferte, skulle bakgrunnen vera av betong. Den knallhardaste betongen på Vikjo. – Me kjem i god fuck you-stemning av pønk, brautar Grov og får ein kameratsleg knyttneve i retur av sidekvinna. Men dei treng strengt tatt ikkje pønk for å fyra seg opp. Det er berre å nemna erkerivalane Boccialisious, så er kjeften i gang. Duoen Grov og Eldøy har aldri sjølv delteke på Bocciafest. Men dei har fått med seg at deira rake mot-

FOTO : LY NNI SVENDSEN

setnad i Boccialosious har vunne to prestisjefylte fat dei siste to åra – «beste antrekk» og «beste lagnamn». – Latterleg. Dei er så «white smart», snøftar Eldøy. – Småborgarlege dokker som jålar seg til på den måten er ikkje vår kopp med te, for å seia det slik. Me representerer andre sider av Stord. Sjølv bur eg i Dyvik, som faktisk er forbi Sagvåg. Den tredje medlemen på laget er Marte Rommetveit. Ho var oppteken med fantaskap ein annan stad då La Fanny møtte laget. – Og det er heilt tilpass. Ho stikk seg fram i media heile tida. No er det vår tur, buldrar Eldøy. Ambisjonen for å ta del på Bocciafest er ikkje 7

nødvendigvis å få klørne i vandrepokalen. – Me er her for å tørka glasuren av Boccialisious, og gje dei ein real omgang i sandkassen. Me skal vri sminken av dei som ein våt, kommunal vaskeklut, seier Grov før ho tek tak i sprayboksen og kler betongveggen med nokre glosar som ikkje eignar seg på trykk i La Fanny.

Me er he r for å tø rk a gl a suren av Boccia lisious


L A FA N N Y

6 kJAPPE 1. Kva skal laget bidra med på Bocciafest 2014? 2. Korleis kom de fram til lagnamnet? 3. Kva er viktig å tenkja på når ein spelar boccia/petanque? 4. Kva er viktig å tenkja på når ein går på bankettfesten Afterboccia på Osvald? 5. Har trubaduren Endre Olsen tapt seg litt, eller blir han berre betre og betre? 6. Viss de skulle una eit anna lag pokalen i Bocciafest, kven skulle det ha vore?

Kråko Fiske& Boccia trio Sverre H. Sørensen (c) Harald Gjøsæter Håvard Haga 1. Me vil at publikum skal få augo opp for at kombinasjonen fiske og boccia er nær beslekta. 2. Under siste fisketur der fisken måtte hivast i ein stamp. Dette var me så gode i at me fann ut at det likna på å klinka i boccia. 3. Neste fisketur. 4. At det bør vera eit fiskealternativ på ein evt. meny. 5. Ja. 6. Alle dei andre pokalane.

Fanny Ale xanders

NORDOM BOCCIAEN

Vebjørn Bjørkås (c) Ken Joar Føyen Magnus Losnegard

Hege Vad (c) Line Vad Ellen Salomonsen

1. Me skal ikkje bidra så mykje på fellesen. Gjere greia vår, henta sølvtøyet, stikka derifrå. Mogleg ein carreau og to. 2. Som Ingmar Bergman- og petanqueentusiastar, fann me det namnet som smeltar dei to lidenskapane best saman. Fanny og Alexander vann Oscar. Kanskje vinn Fanny Alexanders Bocciafest? 3. Me fokuserer veldig på definerte roller. Ein leggar, ein mellommann og ein skyttar. Dette har me øvd mykje på i oppkøyringa. Detaljane kjem til å avgjera. 4. Halde seg vekke frå Ølvikjo-gjengen. Dei vert ikkje fine på Afterbocciaen. 5. Høyrer berre på fransk petanquemusikk. Der har han aldri vore noko som helst. 6. Så lenge det ikkje vert Kitlarane, er me ganske likegyldige.

1. Me vil i år som i fjor bidra med oppsiktsvekkande godt humør. 2. Me vel å halda fram i same (boccia)bane som i fjor, og me synest lagnamnet funka for oss. 3. Vårt hovedfokus er å halda humøret og stemninga oppe innad i laget. Ha jamlege drikkepausar for ikkje å verta dehydrert. 4. Og ikkje koma for seint, og ikkje ha matchande kjolar. Fekk oss ein reality check sist. 5. Me er som vanleg samstemde innad i laget, Endre Olsen vert berre betre og betre, musikkmessig. Korleis han gjer det på bocciabanen har me ingen kommentar til. 6. Me har eit par lag me uner pokalen dersom me på mystisk vis ikkje stikk av med han sjølv. Først og fremst Kaptein Ebenezers grunna massiv motivasjon og støtte førre år. Me uner òg våre samansvorne Vad bikers ei plassering høgt oppe på pallen.

b a l l s ta rs B-laget Helge Skjæveland (c) Gunnar Litlabø Torbjørn Marthinsen 1. I år vil me prøva å heva gjennomsnittsalderen på heile turneringa. 2. Det er ein lang og traumatisk historie. 3. Og om me kjenner gråt og gru og saknad sår, så må me lerkesongen tru, som lovar vår. 4. Tanken gjev uro, tanken gjev sut; endå må du tenkja dine tankar ut. 5. Alltid vore god, men aldri betre enn no. 6. Bronselaget, utan tvil.

Sigurd Sævareid (c) Einar Hillestad Nils Kristian Blom 1. Reklamera for den nye haustkolleksjonen til Skohandlar Hillestad 2. Me er ein dotteroganisasjon av Leif Erik Starteam. Generalen sjølv er bortreist på dagen. 3. Det er viktig å ikkje klikka. Klikkar du for eksempel heilt, er mykje gjort. 4. Heilt greitt å ikkje klikka der heller. I år har me henta inn Skohandlar Hillestad og han kan teksten på «Smil og vær glad» om det skulle bli naudsynt. 5. Me meiner han kan gå heile vegen. 6. Ytre Hodnaland finare kulekastarlaug.Viktig å vera solidarisk med viltet.

8

VAD BIKERS & KULEKASTARLAUG MC Leif Rune Vad (c) Roar Lunde Jan Morten Lunde 1. Eksos, jäger og lær. 2. Lagnamnet kom naturleg til oss då me alle er hardcore bikers. 3. Balansen, og då meiner me væskebalansen. 4. Det er viktig å ha ein jäger på innerlomma. 5. Endre Olsen er ein grei kar. 6. Me er sjølvsikre med tanke på utfallet av årets Bocciafest. Roar har både delteke og vunne turneringar tidlegare. Vil nytta høvet til å ønska andre lag lukke til!


L A FA N N Y

DIE MANNSCHAFT

H i v o ’ hoi

Arne Valvatne (c) Ian Kolstad Erlend Thoresen

Anita Haugland (c) Magnhild Steinsland Kristine Fatland Vilde Hjertholm Lunde, maskott

1. Me bidreg først og fremst med gode haldningar og sportmanship. Noko me håpar vil smitta av på dei andre laga, slik at det blir kjekt og triveleg for alle. 2. Namnet har me rappa frå eit kjent fotballandslag. Det er fordi me meiner dei har mykje av dei same verdiane som oss. Blant anna disiplin, berre for å nemna éin. 3. Disiplin er viktig. Det er lett å bli freista til å klinka med alle kulene, men då kan det fort gå gale. Her er det viktig at kapteinen klarar å kontrollera spelarane på laget, slik at ein følgjer den kampplanen som er avtalt på førehand. 4. Vårt inntrykk av tidlegare Bocciafest-arrangement er at det er færre reglar for banketten enn for sjølve turneringa. Men det er sjølvsagt viktig å ikkje vera dårlege taparar og bua når andre lag mottek premiar. 5. Me har høyrt Endre Olsen fleire gonger, og vil heller seia at han held seg mykje godt på same nivå. Stabilt og trygt, og det er det me vil ha. Likar ikkje artistar som er dårlege for så å plutseleg bli gode. Då blir me mistenksame. 6. Boccialicious.

1. Me skal visa fram konkurranseinstinktet, og feira laginnsatsen etterpå. 2. Sidan me skal både hiva og hoia på Bocciafest, fann me ut at dette kunne vera eit passande namn. 3. At kampen kan snu, sjølv om du har ein dårleg start. 4. At alle deltakarane har ein grunn for å feira, uansett resultat i turneringa. 5. Me har ikkje høyrt så mykje til han i det siste, men me kan aldri tenka oss at denne flotte karen har tapt seg. 6. Det er ikkje mogleg å tenkja seg at nokon andre kan vinna, når du er fødd med konkurranseinstinkt.

Boccialicious Arnhild Myklebust (c) Anette A. Thoresen Ingjerd K. Kolstad 1. I alle fall gull #6 #l’ar 2. Namnet er eit ordspel på sporten boccia og det engelske ordet delicious, som tyder deilig. Dette sat me saman til Boccialicious, jamfør Bootylicious, som dei tre lekre damene i Destiny’s Child gjorde til allemannseige på starten av 2000-talet. Ordet har vorte god-kjent og elska av det amerikanske folk, og er no å finna i den amerikanske ordlista (Oxford English Dictionary) #boccialiciosinnidennorskeordlista2015? 3. Ha grisefokus #togduan? 4. Å vera først på dansegolvet, og at gullet sit. 5. Han har tapt seg etter Pumpkin’ Massacre på slutten av 90-talet, er mindre «special» no lizzm, men har vore stabilt på eit greitt nivå sidan det. 6. Kitlarane <3

OPTIMISTANE Bjarte Salomonsen (c) Eirik Spjeld Øyvind Nyhammer

GLIPP 1919 Jon Tvedte (c) Rune Isdal Sigfred Stangeland 1. Godt humør, god etikette og heilt ok petanquenivå. 2. Det må ha vore eit kall. 3. Me trur at det å få kulene nærmare grisen enn motstandarlaget vil vera heilt avgjerande. 4. Væskebalanse, balanse og Mum under armane. 5. Forsvann ikkje Endre Olsen på eit kjøpesenter? 6. Svære Sørensen sitt lag. God mann. Fin fyr. Bra kar. Det er forøvrig John Hope òg. Me unner han siger på banketten.

1. Sannsynlegvis ein del tapte kampar og utskjellingar innad i laget. Me skal òg gjera det me kan for å unngå at Inge Sørensen har tilgang på kokt pale i perioden rundt Bocciafest. 2. Det var ein frykteleg tung og uinspirert prosess. Etter at me vart truga med å heita Team Spjeld, kom me fram til eit namn som skildrar personlegdommen til opptil fleire på laget godt. 3. Som dei realistane me er, hadde det nok i dette tilfellet vore ein god tanke at det kan vera greitt å ryka ut tidleg. 4. Å opptre heiderleg. I dette ligg det mellom anna å prøva å unngå utskjellingar, både internt og eksternt. 5. Olsen er eit verdig trekkplaster på årets dag for «Ossi». 6. Då vil me føretrekkja eit lag som ikkje dyrkar sporten. For mange deltakande lag har for mange økter i veka.

9

Los Gal acticos Arne Skulstad (c) Thomas Cruickshanks John Wiliam Gundersen 1. Minst mogleg. Me satsar på å gå ubemerka gjennom turneringa. 2. Me heldt namnekonkurranse på Facebook. 3. Korleis ein skal audmjuka motstander mest mogleg. 4. Korleis ein på best mogleg vis kan håna dei som ein tidligare audmjuka. 5. Han er som ein middels god vin som vert litt og litt betre med åra, men samstundes fort kan verta dårleg om den står for lenge eller vert lagra på feil vis. 6. Det må verta Indrefiletane.


L A FA N N Y

Kitlarane Arild Skjæveland (c) Sindre Vikanes Knut Arve Haukefær

1. Kitling av grisen og to tunge stjerner på brystet. 2. Me kitlar alltid grisen. Alltid! Elles må du hugsa å vera høfleg og stille, og ikkje gå i Anna Aas Eriksen-fella frå 2008 uansett kor mykje det freistar. 3. At grisen er der for å bli kitla. 4. Ei tredje stjerne på drakta og ein endå svakare takketale enn dei to førre gongene. 5. Han blir berre betre og betre, men me har høyrt at systera framleis er betre. 6. Venskapsklubben vår Kaptein Ebenezer, men om Plan B og Great Boules of Fire skulle ryka ut allereie i gruppespelet, er kanskje gleda like stor.

6 kJAPPE

Great Boules of F i r e Amund Engelsen Landro (c) Jonas Engelsen Landro Jon Vikanes Buchvold

1. Laget har fått tilbake kapteinen frå suksesssesongen 2012, etter store interne dragkampar i fjorårets turnering. I år er målet å gå tilbake til røtene, med publikumsvenleg boccia – fritt for intrigar, baksnakking og uventa lagutskiftingar. 2. Mamma til Jonas laga i gamle dagar ei fantastisk chilisuppe ho kalla for «Great Boules of Fire». Namnet har såleis, i utgangspunktet, ingenting med petanque/boules å gjera, men me elskar ordspel og doble betydningar. 3. Estetikk og etikette. Det skal sjå fint ut, alt under hyggjelege og sympatiske tilhøve. Det hjelper ikkje at det ser fint ut, om ein nett har oppført seg som drittsekkar ved å kasta eit lagmedlem ut av laget. Dei to går hand i hand. 4. Å tipsa rundt 10 prosent ved kjøp av øl og andre leskevarer. Gjerne ved å runda opp til nærmaste femmar. Ein tipsar ikkje fire kroner på ei øl til 40 kroner. Då tipsar ein fem kroner. 5. Han hadde eit godt år i 2013. 6. Ikkje Kitlarane.

1. Kva skal laget bidra med på Bocciafest 2014? 2. Korleis kom de fram til lagnamnet? 3. Kva er viktig å tenkja på når ein spelar boccia/petanque? 4. Kva er viktig å tenkja på når ein går på bankettfesten Afterboccia på Osvald? 5. Har trubaduren Endre Olsen tapt seg litt, eller blir han berre betre og betre? 6. Viss de skulle una eit anna lag pokalen i Bocciafest, kven skulle det ha vore?

Frank and t h e g ig ol o s Frank Saue (c) Leif Magne Hole Ola Odland

1. God moral og godt humør. 2. Lagnamnet er ein blåkopi av det verdskjente bandet som herja verda på 60- og 70-talet. 3. Ikkje tenk, berre kast! 4. At ein har med lommebok og sveisen ser bra ut. 5. Han blir betre og betre og held eit høgt internasjonalt nivå. 6. The Waterboys.

10

G u bb e n e Jostein Sortland (c) Svein Inge Gruer Vidar Hope

1. Positivt spel og godt humør. Vera taktisk lure. 2. Lagnamnet har nok med alderen på lagspelarane å gjera. 3. Tenka på siste kula/ballen ein kastar. 4. Kle seg litt fint. Ha det kanongøy. Og vera blid uansett korleis det har gått i turneringa. 5. Endre er like flink enno. 6. Veit ikkje. Uner dei fleste som er med der å vinne, me. Men håpar på siger sjølv då... Går for gull...

De tre små griser Trond Sandvik (c) Nils Runnane Jarle Grov

1. Vi skal bidra med spill i verdensklasse. Spesielt Jarle har trent på spill to meter over havet – som vel er høydenivået rundt Osvald. Lufttrykket avgjør hastigheten på kula, sier Jarle. 2. Vi kom frem til lagnavnet ved å se oss selv i speilet – alle tre på en gang. Fra siden. 3. Når du skal kaste er det viktig å tenke på om kula sitter i handa. Eller om den fremdeles ligger i etuiet. 4. På vei til bankettfesten er det viktig å tenke på å holde bakkekontakten, selv om alle vil gratulere oss med seieren. 5. Endre Olsen? Hvem er det? Har hørt om Egil Olsen. Og Olsen Brothers. Er han med der? 6. Vi unner Arild Skjæveland en seier. Hver gang han har møtt De tre små griser på petanquebanen på Tyse, har han tapt, bøyd hodet og gått hjem. Det samme gjelder når vi har spilt ludo, Hatt over Hatt, Vri åtter og Gi et lite vink. Trist…


L A FA N N Y

BocciAbitches

Inkompetanqse

Silver Balls

Malene Rosland Eldøy (c) Brita Andrianne Grov Marte Rommetveit

Brynjar Tufteland Engelsen (c) Edvard Veivåg Jørgen Tesdal

Silvia Ballberto Horneland Reinert Ballberto Horneland Nils Eivind Ballberto Horneland

1. Bocciabitches står for kvalitet, og vil bidra til å forbetra konkurransen sitt allereie gode rykte. Sagt om laget: «Jentene er nybyrjarar - og med sitt gode humør og sin særs gode klesstil viser dei at Bocciafest er best utan ball.» 2. Me fekk hjelp av ein hemmeleg tipsar. Han kjem sjølvsagt ikkje frå Bømlo, og han er i alle fall ikkje gift med nokon av deltakarane. 3. Det er viktig å uttala petanque rett. Slit ein med uttalen, slit ein med spelet. Me trur også det er viktig å møta opp på rett bane til rett tid. 4. Me går i baren og skaffar oss tre stk Terje Jensen with a twist. Endre Olsen and the Landmarks blir som balsam i øyrene etter alt snakket om kasteteknikkar, sandkvalitet og kuletypar. 5. Etter at han blei saman med ho der Brita Andrianne Grov synest me han har tapt seg litt. Ho derimot blir berre finare og finare. Men me trur han vil ta seg kraftig opp no når han har flytta heim att. 6. Me må vel vera så kjekke og svara Boccialicious - (sjølv om me synest dei har blitt litt høge på pæra etter at dei vann best kledde-prisen).

1. Bidrar med temperament og skittent spel. 2. Grunna null kompetanse. 3. Ikkje bli for rusa og varm i toppen. 4. Legga alle tapa til side. 5. Ingen kommentar. 6. Eit klubblaust lag

1. Me håpar å bidra med presisjonering, posisjonering, turnering og ballkunst. 2. Me kom fram til at Bocciafest er som påaskeaftan, pinseaftan og julaftan på same tid, så me prøvde å få til eit namn som spelte ball med høgtidene me likar best. 3. Det vert viktig med eit godt balletak. 4. På Kvelds-Ballet vert det viktig at det ikkje ballar på seg. 5. Me likte han betre før. Då hadde han litt ballar! 6. Me synest det er litt bal(l)e å sjå for mykje på dei andre laga før ei slik turnering, ein kan lett få litt mange ballar i lufta.

Oss to OG svensken

Ka s t Away Mari Dramdal (c) Kristi Dramdal Kjersti Hillestad Wilson, maskot

1. Mari skal (som vanleg) bidra med eit gratis standup-show – trengs ikkje noko spesiell scene, ho er det me kalla: vandrande standup-show! 2. Ingvild «ze brain» Kannelønning sin forteneste, som – til info sviktar oss fullstendig og prioriterer fjelltur til Siggjo med typen. 3. At ein alltid har ei ledig hand, det vil seia: Ikkje meir enn éi øl om gongen under kamp. 4. Der er det motsette som gjeld: Helst to øl om gongen slik at ein ikkje slit seg ut med turar fram og tilbake til baren. 5. Han blir betre og betre, då meiner me som songar, på bocciabanen har han mykje å læra (av oss) enno. 6. Oss, ingen andre, kanskje Ellen og gjengen hennar (søstrene Aas Vad), men berre fordi me veit kor grinete Aas Vad-søstrene kan bli.

André Skjønberg (c) Knut J. Selsvold Håkan Jonatan Gniste

1. Nivåheving og fair play. 2. Dagen derpå. 3. Væskebalansen. 4. Det veit me ikkje heilt enno. 5. Me kan ikkje hugsa han har spelt. 6. Det må vera eitt av dei andre laga, så klart.

Det blir betre!: Sæbjørn Tanghus Dale (c), Simon Fischaa, Tor Ove Anuglen.

Gudmundinho: Gudmund Yttredal (c),

Fred Andersen Grov, Kjersti Andersen.

Jentelaget: Lena Ask (c), Jannike Sørheim, Hildegunn Skjelten.

11

Com al apa Yachtclub Ove Sagenes (c) Jan Tore Sørheim Sven Salomonsen

1. Champagne og is. 2. Yachtklubb frå Stord sin venskapsby. 3. Nok champagne og nok is. 4. At det ikkje er tomt for champagne og is. 5. Tom for is sa du?!! 6. Me vinn i år.


L A FA N N Y

Osvald Boccia Team

The Highfives

Kor e’ Oddbjørn?

Arve Bremnes (c) Inge H. Sørensen Tore Hatlevik

Solveig Aksnes (c) Lena Aarbø Silje Fjøsne

Kenneth Kannelønning (c) Martin Riise Oddbjørn Bolkan

1. Me skal bidra med gode kast, god etikette og slibrige kommentarar. 2. Me eig Osvald, skal spela boccia og er eit team. 3. Tenk; ein kvar idiot kan kasta ei kule mot ei litt mindre kule. 4. God ånde, nyvaska undikk og godt humør. Det vert alltid mykje klining og kladding på Afterbocciaen. 5. Han har blitt pappa. 6. Det hadde vore kjekt om eit reint jentelag hadde stukke av med pokalen.

1. Mykje positiv energi, me skal smila og le, ropa og heia – og ikkje minst skryta av dei andre laga slik at me kan skaffa oss nokre nye vener i løpet av arrangementet. Me lovar òg å by på ein god del kule kast. 2. Deltakarane på laget møttes på eit Highfive-kurs, derav namnet. 3. Det er viktig å halda på humøret og lagånda gjennom heile arrangementet, det er ikkje lov å bli sur (spesielt ikkje på lagkameratar). Viktig å halda seg i rørsle, eta godt, drikka mykje. Det har vist seg ved tidlegare høve at nokre av deltakarane på laget har god nytte av eit visst inntak av alkohol for å komma opp på høveleg nivå, men det er viktig å halda dette under kontroll. 4. Det er viktig å kle seg i fine kjolar, le mykje, kosa seg med eit glas vin eller to eller tre – og berre nyta sumarnatta. 5. Me synest ikkje han har tapt seg, han er kjempedyktig og me ser fram til konserten (skal prøva å vera tidleg ute slik at me kan sikra oss ein plass på første rad). Me håpar han syng nokre av dei norske låtane sine, det er fint når han syng på stordamål. 6. Me unner ingen andre lag pokalen, me vil vinna den sjølv. I år stiller me med den turkise kofferten som tidlegare har vore på utlån til Kitlarane, og me kjenner oss rimeleg klare for å møta dei i gruppespelet; Desse kulene har vunne Bocciafest før.

1. Bidra til høgt snitt på promillen, i tillegg till å vera organisator for leiteaksjonen etter Oddbjørn. 2. Me finn ikkje Oddbjørn. 3. Ikkje for låg promille, då blir det raskt altfor seriøst. Altså viktig med høg promille. 4. Vera på utkikk etter Oddbjørn. 5. Kven er det? Er det Oddbjørn? 6. Gubbene. Me heiar eigentleg på dei uansett.

6 kJAPPE 1. Kva skal laget bidra med på Bocciafest 2014? 2. Korleis kom de fram til lagnamnet? 3. Kva er viktig å tenkja på når ein spelar boccia/petanque? 4. Kva er viktig å tenkja på når ein går på bankettfesten Afterboccia på Osvald? 5. Har trubaduren Endre Olsen tapt seg litt, eller blir han berre betre og betre? 6. Viss de skulle una eit anna lag pokalen i Bocciafest, kven skulle det ha vore?

The Bankiers: Sigurd Litlabø (c), Lars Peder Langeland, Håkon Brandtzæg. Black and white socks: Simen Hatlevik (c),

Even Tyse, Lars Andreas Pedersen.

Bocciacha: Christian Brink (c), Lena Haga Almås, Øyvind Sætre.

Bronselaget: Rune Ask (c), Sigve Blokhus, Øystein Kyvik.

12

Kamferkønts Anne Kristin Rønsen (c) Christine Olsen Sigrun Økland

1. Kjerringråd og manglande køkultur 2. Kamfer, kremtoppar og ein god del portvin i eldhuset. 3. Dei eldste har alltid rett og reglane er berre rettleiande. 4. Å betala med beine pengar. 5. Endre kven? 6. Nei.


L A FA N N Y

Bocciane Bruse Markus Reddington (c) Jacob Hystad Mike Reddington

1. Om me vinn første kamp lovar Njål og Jacob at dei skal spela ein liten song som dei har jobba med, helst på banketten. 2. På Whats App fann me ut at dette var det minst teite namnet. Jacob har alltid vore stor fan av forteljinga, og likar spesielt godt den minste katten (bukken) – han trur det er ein katt. 3. Det er veldig viktig å masa heile tida, då plagar du dei andre som prøver å konsentrera seg om å kasta. 4. Å ha med seg pokalen. 5. Betre og betre. (Jacob ler godt når han får høyra at trubadur er eit ord) 6. Alle utanom Kitlarane.

Breaking Bad Jan Morten Haukefær (c) Øystein Mæland Maskenissen

1. Om det er symptomatisk med kven som har lagt ned ein innsats i forkant mtp organisering, påmelding og knoting (for å få med eit lag), blir det vel berre underteika (Mæland) som kjem til å bidra. 2. Han som alltid må dra i gang med påmelding, organisering og drit, måtte sjølvsagt og komma opp med eit lagnamn. Kriteriet var berre å komma på eit namn som var middels

TAK Kjell Stensletten (c) Arnfinn Saue Tore Vespestad

1. Presisjon, nøyaktigheit, solbriller og palehatt. 2. Me rådførte oss med Zpirit og Oktan, dei var eigentleg ganske samrøystes. Me ville glatt hanka inn nokre prisar berre på dette namnet. Uavhengig, godt spel og god etikette. 3. At ein har rett fokus og reinslegheit. Ikkje la oss bli distrahert av rituala og unotane til desse aktive petanque-spelarane, som kastar kuler i hestaskit/piss på Tyse fleire gonger i veka. 4. Ha det skøy. Nyta dagen og tenka minst mogleg på at det er eit heilt år til neste gang. 5. Me skulle ynskja at han spelte litt meir av Darwins teori. Og religion diskutera eg faen ikkje! 6. Duskedama Åshild Vatten.

eller bedre. Det blei diverre berre middels. 3. At alle på laget bidrar og at det ikkje er slik at den same personen kvart einaste år må slita rævo av seg for å stilla lag. 4. Det er meget viktig å heidra og æra den personen som verkeleg har slite seg ut slik at dei to andre på laget skal få ein flott dag. Kanskje til og med spandera ei øl. 5. Han blir berre betre og betre. Håpar han har eit flott støtteapparat rundt seg som hjelper til når det er behov for det, og ikkje at dei skygger banen 24/7. Det er diverre ei kjensle underteikna har sjølv følt på kroppen. 6. Det vil nok bli til det laget der alle utøvarar bidreg like mykje i førebuingane til turneringa. Eg vonar Comalapa Yatch Club har ein slik struktur i laget og ønsker dermed at dei hevar pokalen.

13

Team Aragones Sindre Ekornrud (c) Tarjei Haga Johannes Selvik Tornes

1. Fint lite. 2. Neste spørsmål, takk. 3. At kvar dag kan bli din siste. 4. At langt dei fleste på festen har tapt. 5. Ja. 6. B-laget.

Ka mboccianarane kjem! John Hope (c) Jon Emmerhoff Vegar Ottesen

1. Ikkje ei kule er kasta. Men planane er lagt over nokre pils. 2. Tight Teens og dårleg vêr. Så dårleg vêr. 3. Noko må Osvald Boccia Team vinna i år òg. 4. Merkar Brasil at Noreg ikkje er med i VM? 5. Kva ville egentleg Osvald Boccia Team vore utan Inge Sørensen? 6. Me har sett på bilete av Lemmy Kilminster og funne ut at me ikkje har ballar til å gjennomføra.


L A FA N N Y

6 kJAPPE 1. Kva skal laget bidra med på Bocciafest 2014? 2. Korleis kom de fram til lagnamnet? 3. Kva er viktig å tenkja på når ein spelar boccia/petanque? 4. Kva er viktig å tenkja på når ein går på bankettfesten Afterboccia på Osvald? 5. Har trubaduren Endre Olsen tapt seg litt, eller blir han berre betre og betre?

Team TORE

6. Viss de skulle una eit anna lag pokalen i Bocciafest, kven skulle det ha vore?

Tore Johansen (c) Reidun Stangeland Saue Jan Hevrøy

1. Seks kuler og éin gris. 2. Etter den dårlege innsatsen førre års kaptein Hevrøy presterte, kom me fram til at me måtte ha ein betre kaptein. Difor også nytt namn. 3. Det er viktig å ikkje tenkja. Berre vera eitt med kula. 4. Takketalen. 5. Det vil kulekastinga hans visa. 6. Det må vera eit lag med fine jenter. Sitert ordrett frå kapteinen.

Maxwell & The Rockin’ Crew Dag Maxwell Nilsen (c) Odd Tollaksvik Endre Olsen 1. Tradisjonen tru høvesvis lugubert spel, men ein del høgverdig mimring frå kapteinen om den gongen han høyrte «Great balls of fire» live i Spektrum, med far Jerry Lee Lewis sjølv. 2. Kaptein Nilsen hadde god erfaring med det frå stordomstida si som rockestjerne i Turnhallen. Kven veit, kanskje lokkar namnet fram i lyset att ei og anna fordums dundre? 3. Er me i tvil, minner me kvarandre på Jerry Lee Lewis sine ord: «Either be hot or cold. If you’re lukewarm, the Lord will spew you forth from His mouth». 4. Odd og Endre: Stødige komp og tostemt «doowappadoo». Dag: Resten. 5. Fyren er grei, til å vera så ung og uerfaren. Skulle vel strengt tatt hatt eit par tiår i Turnhallen. 6. Gubbene. Sjå spørsmål tre for grunngjeving.

Pattaya Tadtong’s Sønner Skuggane

Ragnvald Stokken (c) Sigmund Valvatna Notland Espen Polden

1. Seinka kvaliteten. 2. Budskap frå overmakta. 3. At kostymet ser bra ut og at ein kastar ballen framfor seg sjølve. 4. At ein har ein pokal i neven (same kva). 5. Han er som ein lagringsvin. 6. Taparen av finalen, dei gjorde det godt før det siste kastet, stakkars.

Kaptein Ebenezers: Jostein B. Øgård (c), Vegard Kvernenes, Jon Oscar Handeland

Plan B

Anna Aas Eriksen (c), Margrethe Framnes Neset, Ingebjørg Aaland

Cecilie Berger (c), Elin Clausen, Anne Gravdal, dukesdame: Åshild Vatten.

Sleivkast

Roar Kyvik (c), Rune Bekkevold, Svein Kobbeltveit.

Ølvikjo

DING DONGERI Anne Lillebø Gjerstad (c) Jenny Kyvik Hutchens Sofie Leth Iversen

1. Me skal gi juling, og me skal få juling. 2. Det var det me hadde i skapet. 3. Rumpa ut, magen inn og brysta fram. 4. Sjå svar nummer tre. 5. Han når stadig nye høgder. 6. Team Tore.

14

Jonas Angelveit (c), Bendik Hystad, Erik Anuglen.


L A FA N N Y

Stor takk til Synsam som leverer årets førstepremie på Bocciafest! Torgbakken 1 • 5402 Stord • Telefon: 53 41 10 68

Me takkar

Engevik Byggsenter

XL Bygg Valvatne

for leveransen av underlaget til årets turnering!

hjelper Bocciafest med å byggja banar!

Heiane • Tlf. 53 41 77 70 • Fax. 53 41 77 71 www.engevikbyggsenter.no Ope: mån-ons, fre: 7-16.30 - tors. 7-18 - laur. 9-14

15


L A FA N N Y

Eldsjeler på Litlabø har starta arbeidet med å byggja ein kanal frå Vassenden. Kanalen skal komma ut i hamnebassenget på Leirvik, der eldsjelene skal fortøya båtane deira inntil «Fiskadamo».

16


L A FA N N Y

«Fiskadamo» kan bli fender Får folket på Litlabø det som dei vil, kan dei i framtida ro frå Grøntanlegget, gjennom ein kanal sørover til Vikjo, og fortøya båten inntil den kontroversielle fiskeskulpturen.

TEKST: KAPTEIN EBENEZER

Bronselaget, B-laget og andre Litlabø-lag slår seg saman mot eit felles mål. Til årets Bocciafest skal dei kunne ro frå Grøntanlegget og fortøya båten til skulpturen «Fiskadamo» på Leirvik. Det var etter at nyheita slapp om at kaien på Vikjo skal pussast opp for millionar, den eitrande forbanninga vart kveikt hjå laga med adresse Hillarhaugen. – Det er ein skandale at Leirvik endå ein gong prioriterer seg sjølve. Her på Litlabø har me etter alle desse åra framleis ingen kai mot havet, fortel ein engasjert Brune Barsk på Bronselaget. – Me er leie av å liggja i bakevja, leie av å liggja på kjøl, og leie av å måtte gå for lut og kaldt vatn. Me har difor gått saman om eit prosjekt me kallar «Lut og sjøvatn», seier Barsk.

Startar i Vassenden

Den ambisiøse operasjon «Lut og sjøvatn» er allereie i gang. Hillarhaug-laga har starta arbeidet med å grava ein kanal som skal gå frå Vassenden, gjennom Øvre Litlabø og Stuva, via Ådlandsvatnet til Frugårdselva der dei dermed vil få kontakt med hamnebassenget i Leirvik. På spørsmål om dette arbeidet ikkje går ut over sårt tiltrengt trening før Bocciafest 2014, svarar dei slik: – Litt, men me har tilgang til mykje arbeidskraft. Me har gått saman med Litlabø skule om

FOTO : LY NNI SVENDSEN

å gje eit tilbod til dei mindre ressurssterke om å grava i staden for å delta på skulen. På den måten har me tilgang til fleire barnenevar enn det som ville vore mogleg på Vikjo, seier dei i ein kommentar. I tillegg har Fjelge Skyveland gjennom arbeidet kontakt med mange asiatar som hjelper til. – Dei er frå før av vane med å stå til knes i gjørme, seier han. I tillegg har Pene Barsk søkt Norsk Folkehjelp om å få levert eit visst tal plogar.

Her på Li t l a bø h a r me e t t er a l le desse å r a fr aml eis ingen k a i mo t h av e t - BRUNE BARSK

Pågåande konflikt

Litlabøkanalen er til dags dato det mest reaksjonære utløpet for den pågåande LeirvikLitlabø-konflikten. Då avgjersla om å pussa opp kaien på Leirvik blei kjend, var Hillarhaug-laga på trening i skuggen av gruvetårnet. Fallosen på Litlabø har i mange år forfalt til fordel for belyste 17

industriskulpturar og beplanta rundkøyringar, og dråpen vart nådd for litlabøarane. – Kvart år vert Teletårnet på Leirvik pynta med eit rakett-juletre, medan Den kvite kuken på Litlabø forblir mørklagd. Det minner oss om klorin-krisa for mange år sidan, då elevar ved Nysæter ungdomsskule måtte pendla til kulturhuset på Vikjo for å bada. Kommunen viste til økonomiske nedgangstider, men det viste seg i ettertid at bassenget på Nysæter vart brukt som eit såkalla «farmer-basseng» der godt klorvatn blei produsert for å bli sendt til Leirvik. Historia viser at om me på Litlabø vil ha noko gjort, må me gjera det sjølv. Historielause leirviksfolk stolar me ikkje lenger på, seier dei oppeldna bocciaspelarane.

Tørskodd til Knurrøyo

Det var likevel ikkje heilt enkelt å få med alle på operasjon «Lut og sjøvatn». – Me brukte litt tid på å overtala Gunnar. Sidan han var ein liten dretunge har han drøymd om å gå tørrskodd til Knurrøyo, og med tanke på at det nye settefiskoppdrettet vil tappa Storavatnet for vatn, augna han høvet. Når kanalen står ferdig vil den faktisk auka vasstanden, men då me lokka med at han vil kunne bestiga «Fiskadamo» frå sjøen, vart han med, avsluttar dei.


L A FA N N Y

DEI NEST BESTE Berre ikkje bli nummer to i Bocciafest, for då er du gløymt. Me drog ut på leit etter dei nest beste. T EK ST: JOHANNA B. K VARSVIK

Dei fleste av oss har rimeleg bra oversikt over kven som har greidd kunstverket å vinna pokalen i Bocciafest. Dei som ikkje vann gåvekort på thaimassasjen på Sjøhuset i 2008, dei som ikkje fekk gåvekort på solbriller på Synsam i 2012 og 2013. Dei som stod på time etter time i solsteiken for ingenting. Korleis har det gått med alle desse som nesten nådde målet, men aldri greidde det? La Fanny har stilt éin medlem frå kvart av laga som ikkje nådde heilt opp nokre spørsmål. Anna Aas Eriksen (2008), Markus Reddington (2009), Sigurd Litlabø (2012) og Kevin Cruickshanks (2013). 1. Kva hugsar du frå finalen? Anna: – At eg var ivrig, engasjert, og i angrepsposisjon. I ettertid ser eg at dette nok gjekk på bekostning av etiketten min. Markus: – Me hugsar lite frå finalen. Tanken på at me skulle spela finale i Bocciafest berre timar etter at me hadde kjøpt våre første kuler var for mykje. Finaleplass og siger mot Kitlarane, som me sendte heim, var eigentleg ein siger i seg sjølv. Sigurd: – Fint publikum. Det var varmt. Veldig flott ramme rundt kampen. Kevin: – Eg hugsa vonbrottet. Det var ekstremt surt å tapa finalen rett og slett. 2. Om du kunne gått tilbake til finalen, kva ville du sagt til deg sjølv og lagkameratane. Anna: – Dåke er i flytsona no! Fortset med å spela dykkar spel! Go Swing Team! Markus: – Ignorer dei elleville tilskodarane som heiar. Jacob Hystad var tydeleg prega, og choka skikkeleg. Kan minnast om choken til KnutArve Haukefær (2012). Sigurd: – Pust med magen, Hauk (Knut-Arve Haukefær, red.anm.). Kevin: – Hugs å smørja deg med solkrem! At eg var solbrent under finalen kan ha øydelagt kampen for vår del. 3. Hugsar du korleis du tok tapet? Anna: – Me overpresterte i heile turneringa, så

ærlege må me nok vera - men då me fekk vita finalemotstandarane, augna me eit håp. Tapet prega meg nok meir enn eg vil erkjenna. Markus: – Me var alle forbanna med tanke på kor mykje flaks dei me tapte mot hadde. Me var best. Berre spør Kitlarane. Sigurd: – Tapet vart tatt med fatning. Kevin: – Eg hugsar eg tok det ganske greitt. Skuffinga kom først litt seinare på kvelden. 4. Føler du at dette har påverka deg i ettertid - at du ikkje heilt greier å strekkja til dei draumane du har? Anna: – Tja. Som sagt føler eg me overpresterte i turneringspelet, som var vår debut som bocciaspelarar. Eg visste rett og slett ikkje kva eg gjekk til. Derav null ambisjonar - verken før eller etter tapet. Markus: – Me har lenge tenkt at dette var den eine sjansen me fekk - men me ser fram til å ta bøtta heim i år. Det einaste tapet i 2009 har gjort er å motivera oss. Sigurd: – Ingen kommentar. Kevin: – Nei, kan ikkje seia det. Draumen om å heva Bocciafest-pokalen lever enno. Neste år skal Indrefiletane til topps! 5. Er du framleis hemnlysten, eller klarar du å leva med at pokalen som var så nære, no er så langt ifrå? Anna: – Det var bittert der og då. No går det fint. Markus: – Bøtto skal heim. Sigurd: – Ja! Kevin: – Eg er ekstremt revansjesugen. Problemet er at Indrefiletane ikkje kan stilla grunna ferieplanar som kolliderer med årets Bocciafest. Gidd du skriva det sjølv om det berre er løgn og ein kjip unnskuldning? Eigentleg treng eg eit år til for å byggja meg opp. 6. Kva er ditt beste finalerådet til komande finalistar, om nokon skal læra av dine feil? Anna: – Tenk alltid etikette. Alltid! Markus: – Ikkje ta ein Jacob Hystad/Knut Arve

18

Haukefær. Då kan du plutseleg stå der, med bøtto. Sigurd: – Sørg for at laget er mentalt klar for publikum som ser på. Kevin: – Me gjer aldri feil. Taktikken vår, som gjekk ut på å spela mot bakerste plank, fungerte diverre ikkje i finalen mot eit defensivt og litt keisamt Kitlarane. 7. Kven vil du helst skal vinna Bocciafest 2014? Anna: – Plan B. Markus: – Eg heiar på alle utanom Kitlarane. Dei fortener det ikkje. Sigurd: – Gubbene. Kevin: – Har stor tru på Los Galacticos med ein heiltent Thomas Cruickshanks på laget. Kitlarane si storheitstid er nok over no. 8. Kven vil du helst ikkje skal vinna Bocciafest 2014? Anna: – Kitlarane. Noko bitter er eg enno. Markus: – Kitlarane. Sigurd: – Laget til Knut-Arve Haukefær (Kitlarane). Me sparka han ut av laget før årets turnering. Kevin: – Kitlarane. Høyrer rykter om at dei har mista ein spelar og er svekka. 9. Elles, alt bra? Anna: – Eg har framleis ikkje sesongdebutert. Elles alt bra! Markus: – Litt uroleg etter at Kitlarane stal leggjaren vår. Elles er alt flott. Eg er lukkeleg og veldig forelska om dagen. Sigurd: – Jada - me ligg der me skal liggja framfor årets Bocciafest. Kevin: – Alt vel - men det hadde vore betre om eg hadde hatt ballar til å vera med på Bocciafest i år og. Snakkast i 2015!


L A FA N N Y

Råthålo måtte ta til takke med andreplass i Bocciafest 2009 på Nysæter grus. Med det gjekk dei inn i statistikken for dei gløymde nest beste. Her frå finalen mot Crotchpunch.

VINNAR: KITLARANE

Arild Skjæveland Henrik Vikanes Vervik Magnus Kongestøl TAPAR: SWING TEAM

Anna Aas Eriksen Nils Kristian Blom Marta Pedersen

2009

2012

VINNAR: CROTCHPUNCh

VINNAR: OSVALD BOCCIA TEAM

Kenneth Vik Benjamin Caldarera Luke Caldarera

Inge H. Sørensen Arve Bremnes Tore Hatlevik

TAPAR: RÅTHÅLO

TAPAR: BANKIERS & THE GINGER KID

Markus Reddington Jacob Hystad Lasse Hystad

Sigurd Litlabø Lars Peder Langeland Knut-Arve Haukefær

19

2013 VINNAR: KITLARANE

Arild Skjæveland Henrik Vikanes Vervik Sindre Vikanes TAPAR: INDREFILETANE

Kevin Cruickshanks Reinhard Mikkelson Arne Skulstad

Foto: Vilde Hjertholm Lunde

2008


L A FA N N Y

A N NONSA R

Det skein av Boccialisious-stjernene Ingjerd Kannelønning Kolstad (t.v.) og Anette Angeltveit Thoresen under trekkinga. Marte Rommetveit (i midten) debuterer i år på det noko røffare laget, Bocciabitches.

kasta gULlGLans Det dukka opp både perler og svin då 48 lag fordelt på 12 grupper skulle trekkjast på mest mogleg rettferdig vis på Osvald pub. T E K S T : OLLVAR O. KLEPPEVOLD FOTO : TERJE JENSEN

Laget De tre små griser stilte med to mann då gruppene til årets turnering skulle trekkjast for stutt tid sidan. Men Jarle Grov og Nils Runnane kom fort i skuggen då dei to godbitane Ingjerd K. Kolstad og Anette A. Thoresen frå Boccialicious entra lokalet saman Bocciabitches-spelar Marte Rommetveit.

Celebre gjester FÅ M E D DE G

AFTERBOCCIA! F R Å K L 19.00 Fø rs te fat v e r t delt ut k l 2 0 . 0 0

M US I K K : E n d re Ol se n & T he L a n d m a rk s I N N G A N G : 10 0 ,-

Andre viktige namn i bocciamiljøet denne kvelden var B-laget-kaptein Helge Verner Skjæveland, TAK-kaptein Kjell Stensletten, Kitlarane-kaptein Arild Skjæveland og Ding Dongeri-kaptein Anne Lillebø Gjerstad. Sistnemnde hadde med seg ferskingen Sofie Leth Iversen, som er på prøvespel hos Ding Dongeri. For Gubbene stilte juniorspelaren Vidar Hope i Svein Inge Gruer og Jostein Sortland sitt fråvær. Vanlegvis er det oddingen Arve Engebret Bremnes som pleier å trekkja. Denne gongen hadde han eit viktig oppdrag på Kjøtteinen, og trekkinga gjekk difor på omgang blant dei oppmøtte. Som alltid var det knytt stor spenning til om det kom ei dødens gruppe, om det kom ei rein Litlabø-gruppe eller om det blei trekt fram ei gruppe med berre kvinnelag.

Vil på Bronselaget

Helge Verner Skjæveland blei degradert frå Bronselaget til B-laget i 2012 då det dåverande B-laget tok seg lenger i turneringa enn Bronselaget. Skjæveland har enno ikkje greidd å ta seg tilbake til Bronselaget. I år får han og lagkameratane Gunnar Litlabø og Torbjørn

20

Marthinsen det endå tøffare, meiner betrevitarar. Bronselaget-kaptein Rune Ask har hanka inn Øystein Kyvik og den solide skyttaren Sigve Blokhus. Med ein slik førstetrear har laget alt fått eit stort favorittstempel på seg i gruppe A. La Fanny har vore i kontakt med ein franskmann med doktorgrad i trekking. Sjølv om Bronselaget ser sterke ut på papiret, gjev den franske likevel Skjæveland og B-laget grunn til å vera optimistiske. – Bronselaget har hamna i gruppe A, og møter tøffe lag som Kamferkønts, The Bankiers og Breaking Bad. Å komma blant dei to beste i denne gruppa kan bli knallhardt, seier trekkjeeksperten.

Fryktar Roar Lunde

Dei tøffaste gruppene i år, slik La Fanny sin ekspert ser det, blir gruppe B med Comalapa Yatch Club, Glipp 1919, Bocciaene Bruse og 2012-meistrane Osvald Boccia Team. Han trekkjer òg fram gruppe H, med laga Vad Bikers og kulekastarlaug MC, Kaptein Ebenezers, Pattaya Tadtongs sønner og De tre små griser, som ei form for dødens gruppe. Under trekkinga på Osvald kunne ein tydeleg høyra frustrasjonen frå Jarle Grov og Nils Runnane i De tre små griser då dei fann ut at dei møter Roar Lunde sitt Vad Bikers og kulekastarlaug MC. Lunde er nemleg regjerande klubbmeister i Stord Petanqueklubb si doubleturnering, noko som kan få både små og store grisar til å skjelva.


L A FA N N Y

IT’S COMPLICATED Når Tarjei Haga og Johannes Tornes i dag tek ein ny runde med Team Aragonés, kan det vera spikaren i kista for kameratskapen for godt. T E K S T : R AYMOND OLSEN

Hårete mål, intern uro, uflaks og dårleg spel har vore tralten for Team Aragonés etter oppstarten av Bocciafest i 2008. Dei to alfahannane Haga og Tornes greier rett og slett ikkje å bli samde om kven som er sjefen. Laget lånte i 2007 namnet til den dåverande spanske landslagssjefen Luis Aragonés - truleg som ein heider for kontroversielle utsegner, heller enn fotballen laget hans stod for. I februar i år døydde Luis Aragonés, 75 år gamal, noko som kan ha fått dei to til å ta ein ny sesong for Aragonés. Haga og Tornes har vore dei to faste innslaga i laget, og dei kjempar begge om å vera midtpunktet - kasta den siste, avgjerande kula. Leif Gunnar Framnes har spelt mykje med duoen Tornes/Haga. Han gir La Fanny ein kort kommentar på sms.

FOTO : PR IVAT

– Eg har vore med ved to høve. Gjekk til helvete begge gonger. Ut i gruppespelet. Dette er humørspelarar som er avhengig av ein god start. Det får bli min kommentar, skriv han. Jonas Engelsen Landro, noverande kapteinen for Great Boules of Fire, er sjølv kjent for å vera ei urokråke. Landro spelte på Team Aragones i 2008 då laget kræsja tidleg ut på Torget. Han vart seinare utpeikt som syndebukk. Store egoistar – Det er strukturelle problem i laget. Store ego, utan at nokon av dei har matchande kvalitet. Eit brutalt diktatur utan noko vilje til langsiktig tenking. Hentar inn stjerner som meg, utan å vera villig til å vera tolmodige. Kan ikkje lukkast med rokeringar kvart år i petanque - ein er nøydd til å tenka langsiktig. Når eg snakkar om leiaren, snakkar eg om Tornes. Eg veit ikkje 21

om Haga er dedikert nok. For han handlar det nok meir om å bli assosiert med Team Aragonés, seier Landro. – Me er usikre på kven som skal kasta sistekula førebels, seier Tarjei Haga sjølv. – Eg ser det står på nettet at Sindre Ekornrud er kaptein, men det er det eg som er. Eg vil ikkje finna meg i råd eller rettleiing frå dei andre. Eg køyrer mitt eige løp og ber dei følgja mitt eksempel, fortel Haga, som har hatt ein lysande solokarriere med mellom anna klubmeisterskap i Stord Petanqueklubb sidan sist laget blei oppløyst. Johannes Tornes, på si side, seier at det er Ekornrud som er kaptein. Tornes legg til at dødsfallet til Luis Aragonés er eitt av mange teikn på at dette kanskje kan vera året der dei får ut potensiale deira.


L A FA N N Y

«Skjørbergen» s p å r u t fa l l e t Ingen i Petanque-Noreg har folk frå Stord oftare på tråden enn kuleseljar Helge Skjørberg. Det er eit godt utgangspunkt for å tippa kven som tek seg vidare i Bocciafest. T E K S T & FOTO : R AYMOND OLSEN

Mannen frå Holmestrand, som tidlegare hadde to skeiseløparar frå Stord buande i kjellaren, har seld haugevis med kulesett til medlemer i Stord Petanqueklubb, for at dei ikkje lenger skal skulda på billegkulene om dei sprett feil veg. Som einaste nordmann importerer og sel han skikkelege kuler i landet gjennom PetanqueButikken og kuler.no. Offisielle kuler må nemleg vera i vekta 650-800

gram, og ha ein storleik på 70.5-80 i diameter. Storleik og tyngde kjem an på om du vil «leggja» eller «skyta». «Leggjaren» føretrekkjer tyngre kuler med mønster for betre grep, medan «skyttaren» gjerne vil ha lettare og reine kuler som glir godt ut av handa. Den lunefulle austlendingen har fått det ærefulle oppdraget med å tippa utfallet av Bocciafest 2014. I 2013 var det som kjent den

tidlegare landslagsspelaren Ståle Bakersveen som fekk tippa - og han spådde at Ytre Hodnaland Finare Kulekastarlaug skulle vinna. Han tok styggleg feil. «Snakka med Skjørbergen, han sa at…», er ei vanleg strofe om ein har kulene i handa. Denne gong får me sjå kva «Skjørbergen» trur om utfallet i Bocciafest 2014:

Gruppe A

Gruppe B

Gruppe C

Gruppe D

Kamferkønts, Bronselaget, The Bankiers og Breaking Bad. – I denne gruppa er vel Bronselaget ein av favorittane, til trass for namnet. Kamferkønts har etter det eg har høyrt vore i hardtrening, men kva dei har trent på er usikkert. Dei vert ein mogleg outsider.

Comalapa Yatch Club, Glipp 1919, Osvald Boccia Team og Bocciaene Bruse.

Los Galacticos, Team Aragonés, TAK, Kamboccianarane kjem!

– Ei gruppe med mange kjende spelarar. Eg satsar på at Bocciaene Bruse, der fleire frå teamet har sikra seg kuler frå Petanquebutikken, klarar dette greitt.

– Her trur eg det står mellom Los Galacticos og Kamboccianarane kjem! Sistnemde med eit meget ambisiøst namn, men trur likevel dei kjem til kort mot «Losane».

Team Tore, Boccialicious, Ølvikjo, Plan B. – Planlegging er ofte ein del av gamet, og her ligg Plan B godt an, ser det ut til. Men Team Tore trur jeg vert for sterke i denne samanhengen, som etter kva rykta seier, har «mange» planar.

Gruppe E

Gruppe F

Gruppe G

Gruppe H

Optimistane, Det blir betre!, Bocciacha, Kor er Oddbjørn?

Hiv o’Hoi, Ballstars, Jentelaget, Team Gudmundinho.

Inkompetanqse, Sleivkast, Die Mannschaft, Fanny Alexanders.

Vad Bikers og kulekastarlaug MC, Kaptein Ebenezers, Pattaya Tadtongs sønner, Tre små griser.

– På trass av at fleire ser ut til å vera inkompetente når det gjeld petanque, trur eg at Sleivkast tek det heile heim.

– Her står det nok berre om to lag som kan gjera det. Vad Bikers og kulekastarlaug MC og Pattaya Tadtongs sønner. Eg har stor tru på at Sønnene av Pattaya er vinnarar av denne gruppa.

– Ei vanskeleg gruppe med mange ukjende spelarar. Her satsar eg på at Det blir betre! som tek det heile heim.

– Om Ballstars lever opp til namnet, trur eg Jentelaget og alle dei andre skal få noko å stella med.

Gruppe I

Gruppe J

Gruppe K

Gruppe L

Great Boules of Fire, Silver Balls, Frank and the Giggolos, Ding Dongeri.

Black and White Socks, Skuggane, Maxwell and the Rockin’ Crew, Gubbene.

Oss to og svensken, Kast Away, Kråko Fiske- og Boccia trio, B-laget.

Bocciabitches, Kitlarane, Nordom Bocciaen, The Highfives.

– Umiddelbart har eg mest tru på ballane, men store outsiderar er nok dei som kjem i dongeri. Dei store ballane trur eg ror det heile i land, følgt av sølvballane.

– I denne gruppa står det mellom Oss to og svensken og B-laget. Reknar med at sistnemnde blir A-laget etter at all kastinga er over.

– Om ikkje Gubbene vinn denne gruppa med si erfaring forstår eg ingenting. Om noko anna skulle skje må det vera at dei svarte og kvite sokkane som kan stikka stokkane i eit velsmurt maskineri.

22

– Her ser det ut til at det allereie i trekkinga har skjedd noko spesielt! Fjorårets vinnarar har kome i dameklassen! Men når det har skjedd skal dei passa seg for bocciaheksene, og eg har tru på at Malene og dei andre heksene kan bita skikkeleg frå seg.


L A FA N N Y

Helge Skjørberg frå Holmestrand har god kontakt med stordabuar på jakt etter skikkelege kuler. Han har også rimeleg bra oversikt over kven som stikk seg fram som favorittar i gruppespelet av årets turnering.

23


L A FA N N Y

Dagens nøtt av Arve Bremnes: Veit du kva tid det er verst å ha bind for auga? Svar: Når det er brukt

Slik er regl ane på Bocciafest 2. Kvart lag stiller med tre deltakarar som har éi kule kvar. Altså seks kuler i spel per kamp. 3. Før kvar kamp tevlar dei to lagkapteinane i konkurransen «stein, saks, papir» for å finna ut kven som skal kasta grisen først. (Å kasta grisen først er ein fordel på Bocciafest.) 4. No handlar det om å nå 13 poeng først. Merk deg at stillinga 13-12 ikkje er gjeldande. Ein lyt vinna med minimum to poeng. (Døme: 13-11, 14-12, 15-13 etc.) 5. Korleis får ein poeng? Jo, kula som er nærmast grisen tel to poeng. Den nest nærmaste gir eitt poeng. Dei andre kulene er verdilause når me skal summera.

6. Tidsskjema er hellig. Difor frys me resultatet etter 15 minuttar på Bocciafest. Viss ein ikkje er ferdig med kampen innan kvarteret, blir stillinga gjeldande. Hugs at laga sjølv har ansvar for å starta stoppeklokka når kampen byrjar.

11. Skulle ein komma i ein situasjon i gruppespelet der fleire lag har lik poengsum, gjeld poengskilnad først. Skulle også den vera lik, gjeld innbyrdes oppgjer (slik er det berre, Comalapa Yacht Club).

7. Det er 12 grupper med. Alle får difor minimum tre kampar. Dei to beste frå kvar gruppe går vidare.

12. Bocciafest baserer seg på tillit, difor er det ikkje dommarar på kvar bane. Skulle det likevel oppstå situasjonar der det er behov for ein tredjepart, skal turneringsleiinga kontaktast for å finna ut kven som har har rett.

8. Me reknar med at alle har lært seg reglementert kasteteknikk. Begge beina i bakken når ein kastar, og knyttneven utovervendt. 9. Viss eit lag ikkje skulle møta opp til rett tidspunkt, vil motstandaren gå sigrande av banen med 13-0-siger. Møt opp presist. 10. Kapteinane sitt ansvar er å skriva inn resultata i sekretariatet.

13. Erlend Thoresen er overdommar på Bocciafest. Han er ein rimeleg grei fyr. 14. Hugs at noko av det viktigaste i livet er å ha det kjekt. Lukke til!

FOTO : MAR IUS K NUTSEN

1. Hugs at regel nummer éin er at alle skal vera kjekke og snille med kvarandre.

Arne Valvatne kan reglane godt, så godt at han i 2008 fekk vera dommar på Bocciafest. I dag klarar me oss utan dommarar. Men skulle det vera naudsynt, kan tilkallingsdommar Erlend Thoresen tilkallast.

144 DELTAKARAR

48 LAG

6 FAT

3 SOLBRILLER

1 VANDREPOKAL


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
La Fanny 2014 by La Fanny - Bocciafest - Issuu