Årsrapport Mørenett 2020

Page 1

149,9 mill. kr driftsresultat

ÅRSRAPPORT MØRENETT ÅRSMELDING, RESULTAT OG SELSKAPSINFORMASJON #2020 / ÅRSRAPPORT

219,2 mill. kr investert

2 570,6 mill. kr balanse


#2020 / ÅRSRAPPORT

INNHALD: 3

Direktøren har ordet: Kraftnettet i ei elektrisk framtid

7

Organisasjon og bakgrunn

8

Nøkkeltal

9

Årsmelding frå styret

13

Resultat

14

Balanse

16

Innhaldsliste notar

17

Notar til rekneskapen

31

Kontantstraumoppstilling

32 Revisjonsmelding 35

Strategi og framtidsutsikter

48

HMS

40 Likestilling 43

Divisjon nettforvaltar

46

Divisjon montasje

48

Divisjon nettkunde

51

Driftsentralen

52

Styret i Mørenett AS

Framsidefoto: Benedikte Vatne, energimontør i Mørenett AS Fotograf: Marius Beck Dahle 2


#2020 / ÅRSRAPPORT

“Skal vi nå måla om å kutte utsleppa og utvikle nye grøne næringar, må straumforsyninga halde tritt med utviklinga.

3


#2020 / ÅRSRAPPORT

NØKKELEN TIL DET GRØNE SKIFTET RUNE KIPERBERG ADMINISTRERANDE DIREKTØR

Samfunnet står føre omfattande endringar for å redusere klimautsleppa. Elektrifisering er ein del av løysinga, og kraftnettet vil vere ein av nøklane til det grøne skiftet. Som ein konsekvens vil samfunnet verte meir og meir avhengig av eit velfungerande kraftnett. Dette medfører omfattande investeringar i kraftnettet i åra framover, til det beste for nettkunden. For å sikre at kunden møter ein konkurransedyktig nettariff aukar kravet til kompetanse, effektiv drift og økonomisk løfteevne. For å leggje til rette for auka soliditet og stordriftsfordelar, vil bransjestrukturen bli påverka i retning av større einingar. Fram til 2030 og 2050 skal elektrifisering leggje til rette for både ny verdiskaping og kutt i klimagassutsleppa. I 2050 skal hovudregelen vere at transport på veg, til sjøs og i lufta skal skje ved hjelp av utsleppsfri energi. Noreg skal då ha kome dit at at næringsverksemd og verdiskaping i all hovudsak skal vere utsleppsfri. Det ligg enorme moglegheiter i dette, ikkje minst for vår region. NHO og 15 partnerar har gått saman om rapporten «Grønne elektriske verdikjeder». Rapporten peikar på område der Noreg, og ikkje minst vår region, har særlege fortrinn for å lukkast med auka verdiskaping og eksport. Batteri, hydrogen, maritim sektor, optimalisering av kraftsystem og smart lading på veg er hovudområde som vert løfta fram. Skal vi nå måla om å kutte utsleppa, og utvikle nye grøne næringar, må straumforsyninga halde tritt med utviklinga. Vi opplever no stor pågang frå kundar som ønskjer å elektrifisere og bruke meir nettkapasitet. Då må vi arbeide for at ikkje manglande forsyningskapasitet skal hindre ønska elektrifisering, samfunns- og næringsutvikling. Å byggje lokalt distribusjonsnett, for å dekkje behovet til ordinære kundar, er som regel ikkje særleg tid- og prosesskrevjande. Men ved større etableringar, og elektrifisering av transportknutepunkt med store effektbehov, der vi må investere i regionalt distribusjonsnett, kan det ved mange høve ta inntil 5 år før nettkapasiteten er på plass. Er det manglande kapasitet i sentralnettet, kan det ta 10 år og meir før auka kapasitet er på plass. Gjennom både stortingsvedtak og i klimalova har Stortinget gitt tidsfristar for omstillinga til eit lågutsleppsamfunn; 2030 og 2050. Mørenett AS vil bidra til å nå desse måla. I regionen vår bør vi i endå større grad samarbeide om felles strategiar, for å unngå at kraftnettet vert ein flaskehals, og for å nå måla om grøn verdiskaping. Mange av utfordringane femner om fleire sektorar og er like for heile landet. Skal vi lukkast i omstillinga som trengst for å gjennomføre elektrifiseringa, må vi samhandle om ein berekraftig elektrifiseringsstrategi.

4


#2020 / ÅRSRAPPORT

Nokre viktige problemstillingar som bør takast med i ein slik strategidiskusjon er: • • • •

Korleis unngå at manglande nettkapasitet vert eit hinder for å nå klima- og verdiskapingsmål? Korleis utnytte eksisterande forsyningskapasitet og nettinfrastruktur best mogleg gjennom prising av nett, bruk av ny teknologi og nye løysingar? Korleis leggje til rette for at nettselskapa sin kompetanse og nøytrale rolle vert eit godt verkty for val av samfunnsøkonomisk gode løysingar for elektrifisering? Legg dagens rammevilkår og regulering av nettselskapa til rette for å realisere tilstrekkeleg nettkapasitet, som sikrar ei rask og kostnadseffektiv elektrifisering?

Med god regional samhandling og felles forankra strategi for elektrifisering, aukar vi sjansen for å nå måla våre. Mørenett AS ønskjer å vere ein positiv bidragsytar inn i dette viktige arbeidet vi i fellesskap må prioritere i tida framover.

5


#2020 / ÅRSRAPPORT

6


#2020 / ÅRSRAPPORT

ORGANISASJON OG BAKGRUNN Mørenett AS skal vere det leiande kompetanse- og teknologiselskapet for å sikre ei effektiv elektrifisering av regionen vår. Selskapet skal vere ein framoverlent tilretteleggjar for ei grønare og meir energieffektiv framtid. Mørenett AS eig, utviklar og driftar nett for overføring av elektrisk kraft i 14 kommunar på Sunnmøre. Hovudkontoret ligg i Dragsund i Herøy kommune, og selskapet har avdelingar i Ålesund, Fjord og Vanylven kommunar. Mørenett AS hadde ved utgangen av året 139 fast tilsette som utførte 136 årsverk. I tillegg kjem seks lærlingar i energimontørfaget og ein TAF-elev. Organisering Mørenett AS er eit felleskontrollert selskap eigd av Tafjord Kraft AS med 53,66 % og Tussa Kraft AS med 46,34 %. Mørenett AS er frå 1. oktober 2020 organisert i tre divisjonar: nettforvaltar, nettkunde og montasje. Mørenett AS skal vere eit kundeorientert selskap, og kundane skal møte ein enkel, rasjonell og definert veg inn til selskapet. For å oppnå dette vart nettkundedivisjonen oppretta 1. oktober, og naturlege samhandlingsmiljø vart lagt til den nye divisjonen. Dette er merkantilt og teknisk kundesenter, ressursstyring, inntak og DLE.

ADM.DIR.

STAB

NETTFORVALTAR

DRIFTSSENTRAL

NETTKUNDE

MONTASJE

DLE

7


#2020 / ÅRSRAPPORT

NØKKELTAL

TAL I MILL. KR

2020 2019 2018 2017 DEFINISJONAR RESULTAT OG BALANSE Energisal

4,0 14,8 15,1 7,7

Nettleige

567,6 579,5 554,1 515,5

Driftsinntekter

595,3 619,2 593,3 573,0

Driftsresultat

149,9 139,1 117,9 88,9

Årsresultat

101,4 83,0 78,0 103,9

Totalkapital Eigenkapital Utbyte

2 570,6

2 477,6

2 410,5

2 127,2

899,5 857,3 823,3 775,2 50,6 41,5 40,0 25,2

EBITDA

246,2 221,9 191,4 193,1 Driftsresultat + avskrivingar

Årlege investeringar

219,2

185,5

331,6

Driftsresultat monopol (inkl. estimatavvik)

140,8

128,4

150,1

245,1 73,6

LØNSEMD Totalkapitalrentabilitet i %

6,0

5,8

5,4

6,8

Eigenkapitalrentabilitet i %

14,8

12,8

12,8

15,9

Resultat før EOP/gjennomsnittleg eigenkapital

Resultatgrad i %

25,4

22,8

20,4

22,6

(Resultat før EOP + rentekost.)/(driftsinntekt + finansinntekt)

Kapitalomløp

(Resultat før EOP + finanskost.)/gjennomsnittleg totalkapital

0,2 0,3 0,3 0,3 (Driftsinntekter + finansinntekter)/gjennomsnittleg totalkapital

KAPITALTILHØVE Eigenkapital i %

35,0

34,6

34,2

36,4

Eigenkapital/totalkapital

Rentedekningsgrad

6,9 4,1 6,2 7,8 (Resultat før skatt + finanskostnader)/finanskostnader

Likviditetsgrad 1

0,8

0,8

0,9

1,0

49,9

50

51,3

24,2

Utbyte i %

Omløpsmidlar/kortsiktig gjeld Utbyte/årsoverskot

PERSONAL Fast tilsette

139 140 143 139

Omsetning pr. tilsett

4,3

4,4

4,1

4,1

Omsetning/fast tilsette

1,1

1,0

0,8

0,6

Driftsresultat/fast tilsette

Driftsresultat pr. tilsett

NØKKELTAL BRANSJE Avkastningsgrunnlag (mill. kr)

2 254,9

2 150,5

1 940,3

1 719,5

6,2

6

7,7

5,7

130,0

97

93,9

1 782,7

1 756,4

1 742,0

1 751,0

81,0

93,9

99,5

87,2

4,4

5,1

5,4

66,4

56,7

55,9

Tap i regionalnettet i %

4,8

3,8

3,8

4,3

KILE i mill. kr

22,1

18,3

30,8

8,1

Avkastning monopol i % DEA-score etter kalibrering i % Levert sluttbrukar distribusjonsnettet GWh Tap i distribusjonsnettet GWh Tap i distribusjonsnettet i % Tap i regionalnettet GWh

Gj.snitt BV dr.middel inkl 1 % påslag arbeidskapital Driftsresultat monopol/avkastningsgrunnlaget

95,8

4,7

Tap i distribusjonsnettet/innlevert kraft i distribusjonsnettet

61,9

Kvalitetsjustert inntektsramme ved ikkje levert energi

8


#2020 / ÅRSRAPPORT

ÅRSMELDING FRÅ STYRET 2020 Lokalisering Mørenett AS har hovudkontor i Dragsund i Herøy kommune, og avdelingar i Ålesund, Fjord og Vanylven kommunar. Selskapet har distribusjonsnett i kommunane Volda, Ørsta, Vanylven, Sande, Herøy, Ulstein, Hareid, Sula, Ålesund, Fjord og Giske. Regionalnettet dekkjer i tillegg kommunane Vestnes, Sykkylven og Stranda. Mørenett AS har om lag 67 000 aktive målepunkt i distribusjonsnettet. Verksemda Mørenett AS er eit felleskontrollert selskap eigd av Tafjord Kraft AS med 53,66 % og Tussa Kraft AS med 46,34 %. Mørenett AS eig og driv eit energiforsyningsnett med 2 618 nettstasjonar og 25 transformatorstasjonar. Selskapet er organisert etter eit bestillar-utførar prinsipp med divisjonane nettforvaltar, montasje og nettkunde. Ein stab skal støtte dei ulike prosessane i selskapet, og det er i tillegg døgnbemanna driftssentral. Forbruket i Mørenett AS sitt distribusjonsnett var 26,6 GWh høgare enn året før. I 2020 var det levert 1 783 GWh til sluttbrukar mot 1 756,4 GWh i 2019. Tapet i distribusjonsnettet i 2020 vart 81 GWh eller 4,4%. Mørenett AS hadde omfattande investeringar i 2020. I regionalnettet er Stranda transformatorstasjon ferdig utvida med ny transformator, nye kondensatorbatteri og nytt brytar- og kontrollanlegg. I samband med bygging av vindpark i regi av Haram Kraft AS er det sett inn ny treviklingstransformator, nytt brytarfelt og nytt kontrollanlegg i Alvestad transformatorstasjon. I distribusjonsnettet dreiar mykje av arbeidet seg om elektrifisering. Spesielt har overgangen til elektriske ferjer utløyst store investeringar, der delar av investeringane er finansiert med anleggsbidrag. Både Hareid-Sulesund og Magerholm-Sykkylven har gått over til elektrisk drift. Når det gjeld drift- og vedlikehaldsoppgåver er desse gjennomført i samsvar med planane, både for brytarrevisjonar og tilstandsinspeksjonar av linjer og stasjonar. Særskilt kan fokus på skogrydding nemnast, der sterk tilvekst krev store ressursar. Analyse av årsrekneskapen Samla driftsinntekter for Mørenett AS vart 595,3 mill. kr i 2020 (619,2). Driftsresultatet vart 149,9 mill. kr (139,1). Resultat før skatt vart 130 mill. kr (107,2). Årsresultatet vart 101,4 mill. kr (83). Tal for 2019 i parentes. Det økonomiske resultatet er tilfredsstillande med bakgrunn i selskapet sine mål om å bli meir kostnadseffektivt over tid. Endringa i driftsresultatet frå 2019 til 2020 skuldast høgt investeringstillegg på inntektsramma, låge kraftprisar og lågare kostnader relatert til underliggjande drift.

9


#2020 / ÅRSRAPPORT

Mørenett AS har gjennomført forskings- og utviklingsaktivitetar tilsvarande 2,0 mill. kr. Selskapet hadde ved utgangen av 2020 ei samla netto meirinntekt inkl. renter på 31,2 mill. kr. Samla kontantstraum frå driftsaktivitetar i selskapet var på 196,2 mill. kr (204,7). Netto kontantstraum frå investeringsaktivitetar er på 211,2 mill. kr (182,4). Netto kontantstraum frå finansieringsaktivitetar var på 18,5 mill. kr (0). Dei samla eigenfinansierte investeringane for 2020 gjeld i hovudsak ny- og reinvestering i nettanlegg. Anleggsmidlane er bokført med 2 366,7 mill. kr ved utgangen av året (2 258). Auken skriv seg frå investeringar i nettanlegg. Omløpsmidlane er på 203,9 mill. kr (219,6). Selskapet har ein reduksjon i kortsiktige fordringar på 25,8 %, og reduksjonen er relatert til dei låge kraftprisane vi hadde i 2020. Mørenett AS si likviditetsbehaldning var tilfredsstillande. Selskapet har evne til å finansiere drift og investeringar gjennom tilgang til likviditet innbetalt frå nettleige og finansiering gjennom bankavtalar. Totalkapitalen var ved utgangen av året 2 570,6 mill. kr (2 477,6). Varige driftsmidlar har auka med 118,6 mill. kr i året eller 5,3 %. Eigenkapitalen var på 899,5 mill. kr, og eigenkapitaldelen er 35 %, auke frå 34,6 % i 2019. Framtidig utvikling Mørenett AS har gjennomført ulike tiltak som gjer at selskapet er eit reindyrka nettselskap, og selskapet ønskjer å vere ein sentral aktør i vidare strukturendringar på Nordvestlandet. Mørenett AS sine erfaringar tilseier at skalafordelane med å vekse er betydelege, både med omsyn til kompetanse, men også for å realisere økonomiske synergiar. Mørenett AS har signert avtale om kjøp av Statnett sitt regionale distribusjonsnett i Møre og Romsdal. Dette vil gi Mørenett AS fleire oppgåver, og vil leggje grunnlaget for vidare vekst knytt til strukturendringar. Selskapet har fokus på berekraftig utvikling og har etablert mål på eige fotavtrykk. Skal Mørenett AS bli oppfatta som ein god ambassadør for det grøne skiftet, må dette vise att både mot kundar, leverandørar, samarbeidspartnarar og tilsette. Finansiell risiko Overordna mål og strategi Selskapet har som mål å sikre gode resultat og stabilt utbyte til eigarane, og søkjer å balansere gode resultat med berekraftig verdiskaping. Marknadsrisiko Marknadsrisiko er definert som risiko for tap som følgje av endringar i marknadsprisar på renter, valutakursar og verdipapirkursar. Pensjonsmidlane selskapet har er risikoutsett både innanfor renter, valutakursar og verdipapirkursar. Risikoeksponering og sikring er styrt gjennom høvesvis BKK Pensjonskasse og DNB Liv. Renterisiko påverkar selskapet gjennom nettregulering knytt til inntektsramma og renteberande gjeld. Styret sin politikk er at Mørenett AS ikkje driv sikring. Renteendringar vil i stor grad utlikne kvarandre gjennom endring i nettinntekt og endring i finanskostnader. Kredittrisiko Kredittrisiko er definert som risiko for tap som følgje av at kundar eller motpartar ikkje har evne til å oppfylle sine forpliktingar. Risiko for tap på fordringar er vurdert som låg fordi 90 % av kundane inngår i gjennomfaktureringsavtale som Mørenett AS har med kraftleverandørane. For alle desse kundane har selskapet sikkerheit for oppgjer gjennom bankgaranti frå kraftleverandøren. Likviditetsrisiko Likviditetsrisiko er definert som risiko for at selskapet ikkje klarer å oppfylle forpliktingane sine og/eller finansiere auke i eignelutar utan at selskapet vert påført vesentlege ekstrakostnader. Mørenett AS er sikra naudsynt likviditet gjennom to bankar, og selskapet har tilgjengelege trekkrettar som sikrar likviditet framover. Risikoen blir difor vurdert som låg. Vidare drift Styret stadfestar at føresetnaden for framleis drift av Mørenett AS sine forpliktingar og aktivitetar er til stades, og denne føre10


#2020 / ÅRSRAPPORT

setnaden er lagt til grunn i utarbeidinga av årsrekneskapen. Selskapet har utarbeidd prognosar for resultat i perioden 2021-2023 og strategiske prognosar for åra framover. Styret stadfestar at årsmeldinga gir eit rettvist bilete over utviklinga og resultatet til selskapet. Resultatdisponering Årsresultatet for Mørenett AS etter skatt vart i 2020 på 101,4 mill. kr og styret foreslår følgjande disponering av årsresultatet: Utbyte Annan eigenkapital Totalt disponert

50 600 000 kr 50 763 846 kr 101 363 846 kr

Korona-pandemien har på kort tid fått store konsekvensar for samfunnet. Mørenett AS har oppdatert pandemi- og beredskapsplanar og sett i verk tiltak for å redusere selskapet sin risiko. Selskapet sine inntekter er i stor grad sikra gjennom monopolregulering. Ut over auka kostnader knytt til smittevern, har korona-pandemien hatt avgrensa innverknad på selskapet sin aktivitet og lønsemd i 2020. Det er venta avgrensa innverknad på selskapet sin aktivitet og lønsemd også i 2021, sjølv om det er usikkerheit kring vurderingar knytt til framtida. Korona-pandemien sin innverknad er ikkje mogleg å talfeste. Mørenett AS har sikra seg god tilgang på likviditet, og ut frå ei samla vurdering finn styret det forsvarleg å betale ut utbyte. Arbeidsmiljø og personale Ved utgangen av 2020 var det 139 fast tilsette i Mørenett AS, ein reduksjon på 1 fast tilsett frå 2019. Selskapet hadde på same tidspunkt 7 lærlingar, mot 8 i 2019. I 2020 har selskapet hatt 3 skadar med og utan fråvær, mot 5 i 2019. Skadane har medført 11 fråværsdagar. Selskapet jobbar dagleg med helse, miljø og tryggleik (HMS), og vil i tida framover halde fram arbeidet med mål om å redusere arbeidsulykkene i selskapet. Mørenett AS samarbeider med bedriftshelsetenesta i det førebyggjande HMS-arbeidet. Arbeidsmiljøutvalet har gjennomført 5 møte i 2020. Ei rekkje saker er handsama, og informasjon til tilsette er gitt av arbeidsgjevar og/eller tilsette sine organisasjonar. Samarbeidet med dei tilsette sine organisasjonar har vore godt i 2020. Likestilling Personalpolitikken er skal stimulere til ei aktiv likehandsaming med fokus på ikkje-diskriminerande åtferd. Mørenett AS har retningslinjer for tilsetjing som skal fremje likestilling, og eit lønssystem som er kjønnsnøytralt og skal hindre ulik handsaming. I tillegg har Mørenett AS lagt forholda godt til rette med fleksible ordningar for tilsette, noko som gjer det mogleg for både kvinner og menn å kombinere jobb og familie på ein god måte. Mørenett AS har pr. 31. 12. 2020 23 kvinnelege tilsette. Av 139 fast tilsette gir dette ein del på 17 %. Kjønnsfordelinga i styret er 1 kvinne og 5 menn. I selskapet si leiargruppe er fordelinga 2 kvinner og 8 menn.

TAL FOR LIKESTILLING Styret Leiargruppa

Samla tal

Tal menn

Tal kvinner

Kvinnedel

6

5

1

17 %

10

8

2

20 %

Seksjonsleiarar

6 6 - -

Tal lærlingar

7 7 - -

Fast tilsette

139

116

23

17 %

11


#2020 / ÅRSRAPPORT

Diskriminering Selskapet godtek inga form for diskriminering. Selskapet har etiske reglar og rutinar for varsling av kritikkverdige tilhøve. Ytre miljø Nettverksemd påverkar det ytre miljøet gjennom bygging og drift av luftlinjer, jord- og sjøkablar og transformatorstasjonar. Det ytre miljøet blir påverka reint visuelt, samstundes som det legg beslag på areal og medfører restriksjonar for anna verksemd nær linjene. Mørenett AS legg vekt på å leggje kraftlinjene slik at den visuelle effekten blir minst mogleg skjemmande, og set fokus på bruk av miljøvennlege produkt.

Dragsund 11. mars 2021 Styret i Mørenett AS

Erik Espeset

Elling Andreas Dybdal

Terje Søvikhagen

styreleiar

nestleiar

styremedlem

Nina Melle Scharning

Idar Auflem Øye

Frode Verpeide

styremedlem

styremedlem

styremedlem

Rune Kiperberg adm. direktør

12


#2020 / ÅRSRAPPORT

RESULTAT

TAL I 1 000 KR NOTE

2020

Energisal

2, 13

4 021

Nettinntekt

2, 13

567 588

Andre driftsinntekter

2, 13

23 666

Sum driftsinntekter

595 275

Energikjøp og overføringskostnader

2019

14 814

579 482 24 914

619 210

2

164 969

220 927

2, 3, 18

70 390

60 727

2, 6,7

96 245

82 837

2

113 727

115 659

Sum driftskostnader

445 331

480 149

Driftsresultat

149 943

139 061

Løns- og personalkostnader Avskrivingar Andre driftskostnader

FINANSINNTEKTER OG FINANSKOSTNADER Anna renteinntekt

4

814

2 154

Anna finansinntekt

4

1 216

416

Rentekostnader

4

21 842

33 381

Annan finanskostnad

4

121

Resultat av finanspostar

(19 932)

(31 902)

Ordinært resultat før skatt

130 012

107 159

Skattekostnad på ordinært resultat

5

28 648

Ordinært årsresultat

101 364

83 003

Årsresultat

101 364

83 003

1 091

24 155

OVERFØRINGAR Avsett utbyte

17

50 600

41 500

Overføring anna eigenkapital

17

50 764

41 503

Overføringar 101 364 83 003

13


#2020 / ÅRSRAPPORT

BALANSE

TAL I 1 000 KR

NOTE 2020 2019 EIGEDELAR ANLEGGSMIDLAR Lisensar, konsesjonar

6

1 403

Utsett skattefordel

5

Goodwill

4 607

10 430

15 410

6

907

1 149

Sum immaterielle eigedelar

12 740

21 166

Bygningar og bustader

7, 20

106 833

108 276

Nettanlegg

7, 20

2 094 772

1 966 460

Transportmidlar, inventar og maskinar

7, 20

107 285

105 715

Anlegg under arbeid

7, 20

44 445

54 256

Sum varige driftsmidlar

2 353 334

2 234 707

8, 9

599

2 096

Andre langsiktige krav

6

Investeringar i aksjar og partar

1

Sum finansielle anleggsmidlar 605 2 097 Sum anleggsmidlar

2 366 680

2 257 970

OMLØPSMIDLAR Varelager

14

13 698

12 215

Kundefordringar

11, 19

53 815

72 496

Andre fordringar

2, 11

52 526

54 548

Sum fordringar 106 341 127 043

Bankinnskot, kontantar og liknande

80 381

Sum omløpsmidlar 203 915 219 640

15

Sum eigedelar

83 876

2 570 595

2 477 610

14


#2020 / ÅRSRAPPORT

BALANSE

TAL I 1 000 KR

NOTE 2020

2019

EIGENKAPITAL OG GJELD EIGENKAPITAL Aksjekapital

16, 17

400 000

400 000

Fond/overkurs

8, 17

113 302

113 302

Annan innskoten eigenkapital

17

29 055

29 055

Annan eigenkapital

17

357 183

314 914

Sum eigenkapital

899 540

857 272

GJELD Pensjonsforpliktingar

18

25 936

20 264

Sum avsetning for forpliktingar

25 936

20 264

12, 20, 21

1 400 000

1 340 000

Sum langsiktig gjeld

1 400 000

1 340 000

11, 19

44 394

94 802

5

21 286

10 180

Skattetrekk andre trekk og offentlege avgifter

79 823

68 388

Langsiktige lån

Leverandørgjeld Betalbar skatt

Avsett utbyte

17

50 600

41 500

Anna kortsiktig gjeld

13

49 015

45 204

Sum kortsiktig gjeld

245 119

260 074

Sum gjeld

1 671 054

1 620 338

Sum eigenkapital og gjeld

2 570 595

2 477 610

Dragsund 11. mars 2021 Styret i Mørenett AS

Erik Espeset

Elling Andreas Dybdal

Terje Søvikhagen

styreleiar

nestleiar

styremedlem

Nina Melle Scharning

Idar Auflem Øye

Frode Verpeide

styremedlem

styremedlem

styremedlem

Rune Kiperberg adm. direktør

15


#2020 / ÅRSRAPPORT

INNHALDSLISTE NOTAR: 17

Note 1. Rekneskapsprinsipp

19

Note 2. Salsinntekter pr. forretningsområde

19

Note 3. Lønskostnader, tal tilsette, godtgjersler, lån til tilsette og godtgjersle til revisor

20

Note 4. Finanspostar

20

Note 5. Skatt

21

Note 6. Immaterielle eigedelar

22

Note 7. Varige driftsmidlar

22

Note 8. Dotterselskap, tilknytte selskap m.m.

23

Note 9. Finansiell marknadsrisiko

23

Note 10. Aksjar og delar i andre føretak m.m.

23

Note 11. Mellomverande med tilknytt selskap

24

Note 12. Fordringar og gjeld

24

Note 13. Segmentinformasjon

25

Note 14. Varer

25

Note 15. Bankinnskot

26

Note 16. Aksjekapital og aksjonærinformasjon

26

Note 17. Eigenkapital

25

Note 18. Pensjonskostnader - midlar og forpliktingar

29

Note 19. Transaksjonar med nærståande partar

29

Note 20. Pant og garantiar

30

Note 21. Ekstern gjeld

16


#2020 / ÅRSRAPPORT

NOTAR TIL REKNESKAPEN Note 1. Rekneskapsprinsipp Årsrekneskapen er sett opp i samsvar med rekneskapslova sine reglar og god rekneskapsskikk. Bruk av estimat Leiinga har under utarbeiding av årsrekneskapen brukt estimat og føresetnader som har påverka resultatrekneskapen og verdiane av eigedelar og gjeld, i tillegg til usikre eigedelar og forpliktingar på balansedagen, i tråd med god rekneskapsskikk. Inntekter Nettverksemda blir regulert av styresmaktene, ved at Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) fastset årleg inntektsramme for kvart selskap. Inntektsramma skal gi dekning for netteigar sine faktiske kostnader, og ei rimeleg avkastning på investert kapital. Kvart år vert avviket mellom faktiske tariffinntekter og godkjent inntekt utrekna i form av ei meir-/mindreinntekt. Akkumulert meir-/mindreinntekt (saldo) vert rekneskapsført som enten gjeld til nettkundar eller fordring på nettkundar. Av akkumulert meir-/mindreinntekt vert det rekna rente, basert på rentesats fastsett av NVE. Skatt Skattekostnaden i resultatrekneskapen omfattar både betalbar skatt og endring i utsett skatt. Utsett skatt utgjer 22 % av mellombelse skilnader mellom rekneskapsmessige og skattemessige verdiar, i tillegg til skattemessig underskot til framføring ved utgangen av rekneskapsåret. Skatteaukande og skattereduserande mellombelse skilnader, som reverserer eller kan reverserast i same periode, er utlikna. Visse postar blir likevel vurdert særskilt, til dømes pensjonsforpliktingar. Netto utsett skattefordel blir balanseført i den grad det er sannsynleg at denne kan bli nyttegjort. Utsett skatt og utsett skattefordel som kan balanseførast, er ført netto i balansen. Betalbar skatt og utsett skatt er rekneskapsført direkte mot eigenkapitalen, i den grad postane relaterer seg til postar ført direkte mot eigenkapitalen. Klassifisering og vurdering av balansepostar Omløpsmidlar og kortsiktig gjeld omfattar postar som forfell til betaling innan eit år etter kjøpstidspunktet, i tillegg til postar som relaterer seg til varekretsløpet. Andre postar er klassifiserte som anleggsmiddel/langsiktig gjeld. Omløpsmidlar blir vurdert til lågaste av kostpris og verkeleg verdi. Kortsiktig gjeld blir balanseført til nominelt beløp på opptakstidspunktet. Anleggsmidlar er vurdert til kostpris, fråtrekt av- og nedskrivingar. Langsiktig gjeld balanseførast til nominelt beløp på etableringstidspunktet. Forsking og utvikling Utgifter til utvikling blir balanseført i den grad det kan identifiserast ein framtidig økonomisk fordel, knytt til utvikling av ein identifiserbar immateriell eigedel, og utgiftene kan målast på ein påliteleg måte. I motsett fall blir slike utgifter kostnadsført løpande. Balanseført utvikling blir avskrive lineært over økonomisk levetid. Utgifter til forsking blir kostnadsført løpande. Varige driftsmidlar Varige driftsmidlar blir balanseført og avskrivne lineært over driftsmidlet si forventa levetid. Vesentlige driftsmidlar som består av betydelege komponentar med ulik levetid er dekomponert med ulik avskrivingstid for dei ulike komponentane. Direkte vedlikehald av drifts-middel blir kostnadsført løpande under driftskostnader, medan påkostningar eller forbetringar blir tillagt driftsmiddelet sin kostpris og avskrivne i takt med driftsmiddelet. Dersom gjenvinnbart beløp av driftsmiddelet er lågare enn balanseført verdi, vert det nedskrive til gjenvinnbart beløp. Gjenvinnbart beløp er høgst av netto salsverdi og verdi i bruk. Verdi i bruk er noverdien av dei framtidige kontantstraumane som eigedelen er forventa å generere. Dotterselskap/tilknytt selskap Dotterselskap er selskap der Mørenett AS har kontroll, og dermed avgjerande innverknad på selskapet sin finansielle og operasjonelle strategi, normalt ved å eige meir enn halvparten av den røysteføre kapitalen. Vi har ingen slike eigarskap pr 31.12.2020. Tilknytte selskap er selskap der Mørenett AS har betydeleg (men ikkje avgjerande) påverknad over den finansielle og operasjonelle styringa (normalt ved eigardel på mellom 20 % og 50 %). 17


#2020 / ÅRSRAPPORT

Dotterselskap vert vurdert etter eigenkapitalmetoden i selskapsrekneskapen. Eigenkapitalmetoden fører til at vår del av årsresultatet, fråtrekt avskriving på meirverdiar, vert resultatført i selskapsrekneskapen. Verdien av investeringa i balansen vert regulert med resultatdelen med frådrag for eventuelle utdelingar og med tillegg for eventuelle kapitalinnskot. Interne vinstar blir eliminert. Tilknytte selskap vert vurdert etter kostmetoden i selskapsrekneskapen. Behaldning av varer Varelageret er vurdert til kostpris. Fordringar Kundefordringar vert ført opp i balansen til pålydande etter frådrag for avsetning til forventa tap. Avsetning til tap vert gjort på grunnlag av ei individuell vurdering av fordringane. Andre fordringar vert ført opp til lågaste av pålydande og verkeleg verdi. Kortsiktige plasseringar Kortsiktige plasseringar (aksjar og delar vurdert som omløpsmidlar) blir vurdert til lågast av kostpris og verkeleg verdi på balansedagen. Motteke utbyte og andre utdelingar frå selskapa blir inntektsført som annan finansinntekt. Pensjonar Selskapet har både innskotsordning og ytingsbasert pensjonsordning for dei tilsette. Innskotsordninga blir handtert i samsvar med lov om obligatorisk tenestepensjon (OTP). Ytingsbasert pensjonsordning blir regulert i samsvar med regelverket for offentleg pensjon. Innskotsordninga omfattar medarbeidarar som 01.01.2014 kom frå tidlegare Tussa Nett AS og nytilsette etter 01.01.2014, medan ytingsbasert ordning gjeld for medarbeidarar/pensjonistar som tidlegare var tilsett i Tafjord Kraftnett AS, og pensjonistar frå tidlegare Tussa Nett AS. For innskotsordninga ligg det føre ein innskotsplan og for ytingsbasert ordning ligg det føre ein ytingsplan. I 2020 har selskapet hatt innskotsplan på 6,0 % for løner mellom 0 og 7,1 G (G=grunnbeløpet i Folketrygda). For løner mellom 7,1 G og 12 G er sparing 22,9 %. Oppsparte midlar kjem til utbetaling ved oppnådd pensjonsalder. Ytingsplan er ei pensjonsordning som definerer pensjonsutbetaling som tilsette vil motta ved pensjonering. Pensjonen blir normalt fastsett som ein del av den tilsette si sluttløn. Tilsette som ikkje har full opptening vil få pensjonen sin redusert avpassa dette. Årets netto pensjonskostnader inngår i posten løns- og personalkostnad i resultatrekneskapen. Ved innføring av ny pensjonsreform frå 01. 01. 2020 vart eksisterande ytingsordning for framleis sparing endra til å omfatte årskullet til og med fødd i 1963. For alle andre i ordninga vart det endring, og i Mørenett AS er årskullet fødd frå og med 1964 løfta over i selskapet si innskotsordning. Nærare om ytingsbasert pensjonsordning Netto forplikting er berekna med utgangspunkt i noverdien av dei framtidige pensjonsytingane (utover folketrygda sine ytingar) som den tilsette har tent opp pr. 31. 12. og trekt frå verkeleg verdi av pensjonsmidlane. Netto pensjonsforpliktingar på underfinansierte ordningar er balanseført som langsiktig rentefri gjeld, medan eventuelle netto pensjonsmidlar på overfinansierte ordningar er balanseført som langsiktig rentefri fordring dersom det er sannsynleg at overfinansieringa kan nyttast. Pensjonsforpliktingane er berekna med utgangspunkt i tilråding frå Norsk Rekneskapsstifting og fyller krava i IAS 19 mellom anna når det gjeld diskonteringsrente, avkastningsrente, forventa lønsvekst og G-regulering. Vi nyttar ikkje korridorløysing. Alle estimatavvik, både i forhold til forpliktingar og midlar, blir amortisert umiddelbart og ført mot eigenkapitalen. Berekningane er basert på lineær oppteningsmodell. Kontantstraumoppstilling Kontantstraumoppstillinga er utarbeidd etter den indirekte metoden. Kontantar og kontantekvivalentar omfattar kontantar, bankinnskot og andre kortsiktige, likvide plasseringar.

18


#2020 / ÅRSRAPPORT

Korona-pandemien Korona-pandemien har på kort tid fått store konsekvensar for samfunnet. Mørenett har oppdaterte pandemi- og beredskapsplanar og sett i verk tiltak for å redusere selskapet sin risiko. Selskapet sine inntekter er i stor grad sikra gjennom monopolregulering. Ut over auka kostnader knytt til smittevern har korona-pandemien hatt avgrensa innverknad på selskapet sin aktivitet og lønsemd i 2020. Det er venta avgrensa innverknad på selskapet sin aktivitet og lønsemd også i 2021, sjølv om det er usikkerheit kring vurderingar knytt til framtida. Korona-pandemien sin innverknad er ikkje mogleg å talfeste.

Note 2. Salsinntekter pr. forretningsområde Tal i 1 000 kr Kraftomsetn. Distr.nett Reg.nett Sentr.nett Anna Eliminering Sum Sal energi 8 132 - - - - (4 111) 4 021 Nettleige - 475 553 270 028 777 - (173 992) 572 366 Meir-/mindreinntekt i året - (21 897) 18 481 (21) - (1 341) (4 778) Andre inntekter - 3 474 - - 19 576 616 23 666 Sum driftsinntekter 8 132 457 130 288 509 756 19 576 (178 828) 595 275 Energikjøp 4 012 - - - - - 4 012 Kjøp av nettap - 9 435 7 227 (5) - - 16 657 Overføringskostnader - 176 472 142 888 - - (175 060) 144 300 Systemtenester - - - - - - - Løn/personalkostnader - 34 898 24 028 416 11 048 - 70 390 Estimatavvik pensjon ført mot EK og skatt - 7 473 1 861 2 1 555 (10 891) - Andre driftskostnader 9 78 690 20 654 80 3 248 3 814 106 495 Eigedomsskatt og tap - 4 732 2 497 - 4 - 7 233 Avskrivingar - 58 360 35 733 105 1 772 275 96 245 Sum driftskostnader 4 021 370 060 234 888 598 17 627 (181 862) 445 332 Driftsresultat 4 111 87 070 53 621 158 1 949 3 034 149 943 Driftsresultat ekskl. estimatavvik 4 111 94 543 55 482 160 3 504 (7 857) 149 943

Note 3. Lønskostnader, tal tilsette, godtgjersler, lån til tilsette og godtgjersle til revisor Tal i 1 000 kr Lønskostnader 2020 2019 Løn 99 139 101 017 Aktiverte timar eigne investeringar (55 504) (52 002) Arbeidsgjevaravgift 15 301 14 680 Pensjonskostnader 9 067 (7 169) Andre ytingar 2 387 4 201 Sum 70 390 60 727 Selskapet har i rekneskapsåret sysselsett totalt 136 årsverk. Ytingar til leiande personar Løn Pensjonsutgifter Anna godtgjersle Sum godtgjersle

Dagleg leiar 1 675 172 12 1 858

Styret - - 347 347

19


#2020 / ÅRSRAPPORT

Note 3. Lønskostnader, tal tilsette, godtgjersler, lån til tilsette og godtgjersle til revisor (framhald) Det er ikkje gitt lån eller stilt garantiar til administrerande direktør, styremedlemar eller andre nærståande partar. S tyret har ingen avtalar om vederlag utover styrehonorar. Administrerande direktør har personleg pensjonsavtale med arbeidsgjevar vedkomande pensjon ut over 12 G. Utover dette har korkje administrerande direktør eller styreleiar avtalar som forpliktar selskapet ved opphøyr eller endring av tilsetjingshøve eller verv. Tal i 1 000 kr Revisor Godtgjersle til revisor er fordelt på følgjande: 2020 Lovpålagt revisjon 244 Attestasjonstenester 27 Skatterådgjeving 41 Sum honorar til revisor 312 Meirverdiavgift er ikkje inkludert i revisjonshonoraret.

Note 4. Finanspostar Tal i 1 000 kr Finansinntekter 2020 2019 Anna renteinntekt 814 2 154 Anna finansinntekt 1 216 416 Sum finansinntekter 2 031 2 571 Finanskostnader 2020 2019 Anna rentekostnad 21 842 33 381 Anna finanskostnad 121 1 091 Sum finanskostnader 21 962 34 472 Resultat finanspostar

(19 932)

(31 902)

Note 5. Skatt Tal i 1 000 kr 2020 2019 Betalbar skatt kjem fram slik: Ordinært resultat før skattekostnad 130 012 107 159 Permanente skilnader (10 686) (5 605) Resultat på investering i DS / TS - (1 383) Endring mellombelse skilnader (22 637) (53 897) Grunnlag betalbar skatt på resultatet i året 96 689 46 274 Skatt 22 % 21 272 10 180 Betalbar skatt på resultatet i året 21 272 10 180

20


#2020 / ÅRSRAPPORT

Note 5. Skatt (framhald) Skattekostnaden i året kjem fram slik: 2020 2019 Betalbar skatt på resultatet i året 21 272 10 180 Brutto endring utsett skatt 4 980 11 857 Korreksjon tidlegare år - - Endring utsett skatt om EK-justering 2 396 2 118 Endring i utsett skatt/skattefordel som følgje av endra skattesats - - Total skattekostnad i året 28 648 24 155 31.12.2020 31.12.2019 Betalbar skatt i balansen kjem fram slik: Betalbar skatt på resultatet i året 21 272 10 180 Sum betalbar skatt 21 272 10 180

Spesifikasjon av grunnlag for utsett skatt: Skilnader som vert utlikna: Anleggsmiddel 11 168 Fordringar (1 749) Gevinst- og tapskonto 275 Andre mellombelse skilnader (31 168) Sum (21 475) Utsett skatt (+)/ Utsett skattefordel (-) (4 724) Skilnader som ikkje vert utlikna: Pensjonsmiddel (+) / Pensjonsforpliktingar (-) (25 936) Sum (25 936) Utsett skattefordel (5 706) Endring i utsett skatt/skattefordel som følgje av endra skattesats - Utsett skattefordel i balansen 22 % (10 430) Samanheng mellom skattekostnad og skatt berekna av resultat før skatt: 2020 22 % av resultat før skatt 28 603 Effekt av permanente skilnader 45 Effekt av endring skattesats til 23 % på utsett skattefordel - Korreksjon frå fjoråret - Skattekostnad i høve til resultatrekneskap 28 648 Effektiv skattesats 22,0 %

(22 336) (1 711) 343 (26 080) (49 783) (10 952)

(20 264) (20 264) (4 458)

-

(15 410)

2019 23 575 581 - - 24 155 22,5 %

Note 6. Immaterielle eigedelar Tal i 1 000 kr Konsesjon Goodwill Lisensar Kostpris pr. 01.01.20 110 000 16 671 17 230 Tilgang kjøpte immaterielle eigedelar - - 248 Kostpris 31.12.20 110 000 16 671 17 478 Akkumulerte avskrivingar 31.12.20 110 000 15 764 16 075 Balanseført verdi pr. 31.12.20 - 907 1 403 Avskrivingar i året - 242 3 452

Sum 143 901 248 144 149 141 839 2 310 3 694

Mørenett nyttar lineære avskrivingar for alle immaterielle eigedelar. Den økonomiske levetida for anleggsmidlane er berekna til: *Konsesjon: 20 år *Goodwill: 5 år * Lisensar: 4 år 21


#2020 / ÅRSRAPPORT

Note 7. Varige driftsmidlar Tal i 1 000 kr Varige driftsmidlar Tomter Transpm./inv. Måling I Bygg Måling II Nettanlegg Sum varige /utstyr driftsmidlar Kostpris pr. 01.01.20 5 628 195 051 84 487 147 137 148 812 3 187 886 3 768 999 Tilgang kjøpte driftsmidlar 92 16 388 - 3 811 14 301 194 145 228 737 Utrangering - - - - - 2 600 2 600 Avgang selde driftsmidlar - 3 205 - - - 8 422 11 627 Kostpris 31.12.20 5 720 208 235 84 487 150 948 163 113 3 371 009 3 983 510 Akkumulerte avskrivingar 31.12.20 - 158 022 27 213 50 294 32 400 1 406 689 1 674 618 Balanseført verdi pr. 31.12.20 5 720 50 210 57 274 100 654 130 713 1 964 320 2 308 890 Avskrivingar i året - 9 207 5 404 5 333 10 029 62 579 92 551 Økonomisk levetid - Inntil 30 år Inntil 35 år Inntil 50 år Inntil 35 år Inntil 70 år Avskrivingsplan - Lineær Lineær Lineær Lineær Lineær I tillegg kjem anlegg under arbeid med 44,4 mill. kr Det er i løpet av året ikkje gjort nedskriving av anleggsmidlar eller reversering av nedskriving frå tidlegere år. Årleg leige i administrasjonsbygg til Tussa Energi AS var 0,5 mill. kr.

Note 8. Dotterselskap, tilknytte selskap m.m. Tal i 1 000 kr Erverva Kontor Land Eigardel St.del Elsikkerhet Møre AS 29.5.09 Ørskog N orge 49 % 49 % Som følgje av nedsal til 49 % i 2019 er aksjane i Elsikkerhet Møre AS vurdert til kostmetoden. I 2020 har selskapet selt aksjane sine i Smarthub AS. Tilknytt selskap Forretnings- Eigar-/stemme- Eigenkap. siste Resultat siste Balanseført kontor del år (100 %) år (100 %) verdi SmartHub AS Molde 0 % - - - Elsikkerhet Møre AS Ålesund 49 % 4 944 769 588 Balanseført verdi 31.12. 588

22


#2020 / ÅRSRAPPORT

Note 9. Finansiell marknadsrisiko Overordna mål og strategi Selskapet har som mål å sikre gode resultat og stabilt utbyte til eigarane, og søkjer å balansere gode resultat med langsiktig verdiskaping. Marknadsrisiko Marknadsrisiko er definert som risiko for tap som følgje av endringar i marknadsprisar på renter, valutakursar og verdipapirkursar. Pensjonsmidlane vi har er risikoutsett både innanfor renter, valutakursar og verdipapirkursar. Risikoeksponering og sikring er styrt gjennom høvesvis BKK Pensjonskasse og DNB Liv. Renterisiko påverkar oss gjennom nettregulering knytt til inntektsramma og renteberande gjeld. Styret sin politikk er at vi ikkje driv sikring, fordi renteendringar i stor grad vil utlikne kvarandre gjennom endring i inntekter og kostnader. Kredittrisiko Kredittrisiko er definert som risiko for tap som følgje av at kundar eller motpartar ikkje har evne til å oppfylle forpliktingane sine. Risiko for tap på fordringar er vurdert som låg fordi 90 % av kundane inngår i gjennomfaktureringsavtale som vi har med kraftleverandørane. For alle desse kundane mottek vi oppgjer av nettleige frå kraftleverandøren. Vi ser også at risikoen for tap for kundar på leveringsplikt har ei positiv utvikling, mykje på grunn av ein enklare stengeprosess etter at AMS-målarane vart installerte. Likviditetsrisiko Likviditetsrisiko er definert som risiko for at selskapet ikkje klarer å oppfylle forpliktingane sine og/eller finansiere auke i eignelutar utan at selskapet vert påført vesentlege ekstrakostnader. Vi er sikra naudsynt likviditet gjennom to bankar, og vi har tilgjengelege trekkrettar som sikrar likviditet framover. Risikoen blir difor vurdert som låg.

Note 10. Aksjar og delar i andre føretak m.m. Tal i 1 000 kr Eigardel REN AS 2,6 %

Kostpris 1

Balanseført verdi 11

Marknadsverdi -

Note 11. Mellomverande med tilknytt selskap

Tal i 1 000 kr Elsikkerhet Møre AS Fordringar 2020 Lån til føretak i same konsern - Kundefordringar - Andre fordringar - Sum - Av dette fordringar med forfall > 1 år - Elsikkerhet Møre AS Gjeld 2020 Leverandørgjeld 1 156 Anna kortsiktig gjeld - Sum 1 156

23


#2020 / ÅRSRAPPORT

Note 12. Fordringar og gjeld Tal i 1 000 kr Fordringar med forfall seinare enn 1 år 2020 2019 Andre langsiktige fordringar - - Langsiktig gjeld med forfall seinare enn 1 år 2020 2019 Gjeld til kredittinstitusjonar 1 400 000 1 340 000 Sum 1 400 000 1 340 000

Note 13. Segmentinformasjon Tal i 1 000 kr NETTINFORMASJON Sentralnett Regionalnett Distrib.nett Sum monopol Driftsresultat (inkl. estimatavvik) 158 53 621 87 070 140 849 MEIR(+)/MINDRE(-)INNTEKT: Faktisk inntekt 777 270 028 478 113 748 919 Kostnader overliggjande nett - 142 888 176 472 319 359 = Justert faktisk inntekt 777 127 141 301 641 429 559 Inntektsramme i året 770 131 225 273 022 405 017 Inntektsramme justert for AVS/AKG/KILE 756 145 621 279 744 426 122 Berekna meir-/mindreinntekt inkl. rente 31.12. 21 (18 481) 21 897 3 437 Inng. saldi ordinær ME/MI-inntekt inkl. rente 01.01. 39 10 628 16 763 27 430 Rørsle i året inkl. rente 21 (18 467) 22 174 3 729 Akk. ordinær ME/MI-inntekt inkl. rente 31.12. 60 (7 839) 38 937 31 159 BALANSE: Sum driftsmidlar etter fordeling pr. 01.01. 3 264 879 620 1 286 677 2 169 561 Sum driftsmidlar etter fordeling pr. 31.12. 3 117 900 201 1 392 186 2 295 504 Gjennomsnittlege driftsmidlar 3 190 889 910 1 339 432 2 232 532 1 % påslag for netto arbeidskapital 32 8 899 13 394 22 325 Avkastingsgrunnlag 3 222 898 809 1 352 826 2 254 858 Avkasting (driftsresultat*100/avkastingsgrunnlag) 4,9 6,0 6,4 6,2

24


#2020 / ÅRSRAPPORT

Note 14. Varer Tal i 1 000 kr 2020 2019 Lager av innkjøpte 13 698 12 215 Sum 13 698 12 215 Av samla varelagerverdi for Mørenett AS pr. 31.12.2020 er 13 698 vurdert til kostpris.

Note 15. Bankinnskot Tal i 1000 kr 2020 2019 Innskot driftskonto 71 634 67 185 Bundne skattetrekksmidlar 5 199 4 881 Depotkonto 7 043 8 315 Selskapet sin likviditet er organisert i ei konsernkontoordning der samla tilgjengeleg saldo syner på toppkontoen. Vi har disponibel kassakreditt på 50 mill. kr på denne kontoen, slik at disponibelt beløp er 121,6 mill. kr.

Note 16. Aksjekapital og aksjonærinformasjon Tal i 1 000 kr Aksjekapitalen består av: Tal Pålydande Balanseført A-aksjar 10 000 40 400 000 Mørenett AS har 2 aksjonærar pr. 31.12.2020. Selskapet sine aksjar er utstedt i aksjeklasse A. A-aksjane gir røysterett tilsvarende del av totale utstedte A-aksjar til ei kvar tid. Oversikt over aksjonærane: A-aksjar Eigardel Røystedel Tafjord Kraft AS 5 366 53,66 % 50,0 % Tussa Kraft AS 4 634 46,34 % 50,0 % Totalt tal aksjar 10 000 100,00 % 100,0 % Gjennom aksjonæravtalen har partane regulert at selskapet skal vere felleskontrollert.

25


#2020 / ÅRSRAPPORT

Note 17. Eigenkapital Tal i 1 000 kr Aksjekapital Overkurs Innskot Fond Anna EK Sum anna EK for vurd. Eigenkapital pr. 01.01. 400 000 113 302 29 055 - 314 914 857 272 Estimatavvik pensjon - - - - (8 495) (8 495) Resultat i året - - - - 101 364 101 365 Avsett utbyte - - - - (50 600) (50 600) Eigenkapital pr. 31.12. 400 000 113 302 29 055 - 357 183 899 540

Note 18. Pensjonskostnader - midlar og forpliktingar Pensjonskostnader - midlar og forpliktingar Mørenett AS har både kollektiv innskotsordning i DNB og kollektiv ytingsordning ved medlemsskap i BKK Pensjonskasse. Spareplanen i innskotsordninga utgjer 6 % for løner mellom 0 og 7,1 G (G=grunnbeløpet i Folketrygda). For løner mellom 7,1 og 12 G er sparing 22,9 %. Det er Gabler AS som administrerer ytingsordninga i BKK Pensjonskasse, og ho blir rekneskapsført i tråd med IAS 19. I tillegg har selskapet pensjonistar i ytingsbasert pensjonsordning frå tidlegare Tussa Nett AS. Årlege aktuarberekningar blir utarbeidd av aktuar i Gabler AS. Ytingsplan i sikra ordning Ytingsplan omfattar alders-, uføre- , etterlatte- og barnepensjon. Den gir dei tilsette ei bestemt framtidig pensjonsyting basert på oppteningsår og lønsnivået ved pensjonsalder. Alderspensjonen utgjer ved full opptening 66 % av pensjonsgrunnlaget for løn opp til 12G. Alle fødd i 1943 eller seinare vil få pensjonen sin levealdersjustert, noko som kan føre til ei pensjonsutbetaling som er mindre enn 66 % av pensjonsgrunnlaget. Pensjonen er ei bruttoordning og blir regulert i tråd med regelverket for offentleg pensjon. Ordninga blir finansiert ved at medlemane betalar 2 % av pensjonsgrunnlaget. Anna pensjonspremie blir dekt av arbeidsgjevar. Ytingsplan i usikra ordningar Dei usikra ordningane består av AFP og ei driftspensjonsordning for tidlegare dagleg leiar si løn mellom 12 G og 14 G. Desse er vist samla under usikra ordningar. AFP-ordning AFP-ordninga er ei ordning som gir eit livslangt tillegg til den ordinære pensjonen. Dei tilsette kan velje å ta ut AFP-ordning frå og med fylte 62 år, også ved sidan av å stå i jobb, og ordninga gir ytterlegare opptening ved arbeid fram til 67 år. Ordninga er ei ytingsbasert fleirføretakspensjonsordning, og blir finansiert gjennom premie som blir fastsett som ein prosent av løn. Rekneskapsmessig blir ordninga handsama som ei innskotsbasert pensjonsordning, der premiebetalingar blir kostnadsført løpande. Ingen avsetningar blir gjort i rekneskapen. I 2020 utgjorde premien 2,5 % av løn mellom 1G og 7,1G. Ordninga omfattar dei som i dag har innskotsordning. Tilskot til AFP-ordninga inngår i lønskostnadene, og utgjorde i 2020 1,0 mill. kr. Estimatavvik Mørenett AS nyttar ikkje korridorløysing for estimatavvik. Alle estimatavvik, både i forhold til forpliktingar og midlar, blir amortisert i notid og ført mot eigenkapitalen. Planendringar Planendringar blir resultatført. Den økonomiske effekten av levealdersjustering i alderspensjonen frå folketrygda og tenestepensjonsordninga for alle årskull, i tillegg til individuell garanti, er innarbeidd i tidlegere år. Individuell garanti er ein garanti som delvis skjermar dei som er fødd i 1958 eller tidlegare, frå effekten av levealdersjustering. Den nye uføreordninga som er innført fra 01.01.2015 er forventa å redusere arbeidsgjevar sine framtidige forpliktingar, men samstundes auke folketrygda sin del av den årlege kostnaden.

26


#2020 / ÅRSRAPPORT

Note 18. Pensjonskostnader - midlar og forpliktingar (framhald) Ny pensjonsreform 01. 01. 2020 kom det ny pensjonsreform, og tilsette i ytingsordninga fødd i 1963 eller seinare vil tene opp pensjonen sin etter nye reglar. Den nye ordninga er langt på veg bygd etter modellen for dagens innskotsordning, og etter dialog med tillitsvalde løfta Mørenett AS den aktuelle gruppa over til selskapet si eksisterande innskotsordning. Etter endringa har vi årskull fødd til og med 1962 i ytingsordning, medan alle andre tilsette er i innskotsordning. Økonomiske føresetnader Mørenett AS har vurdert at marknaden for obligasjonar med fortrinnsrett (OMF) stettar krava i IAS 19.83 til føretaksobligasjonar. Demografiske føresetnader Selskapet har i pensjonsberekningane som grunnlag for dødelegheit følgt GAP07 til Finanstilsynet K2013-tabell anbefalt av Norsk Rekneskapsstifting. Kurva reallønsvekst Forventa lønsvekst lagt til grunn i Mørenett AS sine pensjonsberekningar for aktive medlemer byggjer på Gabler sin regresjonsmodell. Modellen nyttar alder som forklaringsvariabel for reallønsutvikling til arbeidstakarar. Samanhengen mellom alder og reallønsutvikling kan vi forklare mellom anna med at unge gjer fleire lønshopp enn eldre arbeidstakarar. Basert på historiske bestandsdata i pensjonskassa er det utleia ei tilpassa lønskurve som viser at den gjennomsnittlege reallønsveksten for tilsette i Mørenett AS fell med alder. Denne kurva blir lagt til grunn for aktuarielle berekningar. Berekningar viser at kurva lønsvekst gir lågare pensjonsforplikting enn lineær lønskurve. Risikovurdering av ytingsbaserte ordningar

Gjennom ytingsbaserte ordningar er selskapet påverka av fleire risikoar som følgje av usikkerheit i føresetnader og framtidig utvikling. Dei mest sentrale risikoane er følgjande: - Forventa levetid Selskapet er forplikta til å utbetale pensjon for dei tilsette livet ut. Auke i forventa levealder blant medlemane aukar forpliktinga for selskapet. - Avkastningsrisiko Selskapet blir påverka ved ei endring i faktisk avkastning på pensjonsmidlane som vil føre til endring i netto forplikting. - Inflasjons- og lønsvekstrisiko Selskapet si pensjonsforplikting har risiko knytt til både inflasjon og lønsutvikling, sjølv om lønsutviklinga er nært knytt til inflasjonen. Høgare inflasjon og lønsutvikling enn lagt til grunn i pensjonsberekningane, fører til auka forplikting for selskapet. - Renterisiko Ved neddiskontering av pensjonsutbetalingar blir marknadsrenter lagt til grunn. Generelt lågt eller fallande rentenivå aukar brutto pensjonsforplikting for selskapet, medan aukande rentenivå reduserer forpliktingane. DNB LIV Den delen av ytingsbasert ordning som er i DNB LIV gjeld utbetaling av pensjon til pensjonistar i gamle Tussa Nett AS. Føresetnadene som blir lagt til grunn her er tilrådingar frå Norsk Rekneskapsstifting. I den taldelen av pensjonsnoten under er det ei oversikt over tal aktive medlemer og pensjonistar for høvesvis sikra og usikra ordningar.

27


#2020 / ÅRSRAPPORT

Note 18. Pensjonskostnader - midlar og forpliktingar (framhald) Dei aktuarmessige berekningane byggjer på følgjande føresetnader: 1. Diskonteringsrente

BKK P 2020

DNB 2020

1,50 %

1,50 %

2. Forventa avkastning

1,50 %

1,50 %

3. Forventa lønsvekst

2,00 %

2,00 %

4. Forventa G-regulering

1,75 %

1,75 %

5. Forventa regulering av pensjonar under utbetaling

1,00 %

1,75 %

6. Tendens til uttak AFP

25 %

-

7. Tendens til uttak direktørpensjon v/62 år

25 %

-

K2013/K63

K2013BE/IR02

Mørenett AS total

Mørenett AS sikra

8. Demografiske føresetnader

Tal i 1 000 kr

Mørenett AS usikra

Dato for rekneskapsavslutning 31.12.2020 31.12.2019 31.12.2020 31.12.2019 31.12.2020 31.12.2019 A. Pensjonskostnad i perioden Pensjonsopptening i året (Service Cost) 2 586 4 036 2 404 3 490 182 546 Arbeidsgjevaravgift av oppteninga i året 365 569 339 492 26 77 Rentekostnad på pensjonsforpliktinga 5 448 6 446 5 159 5 872 289 574 Forventa avkastning på pensjonsmidlar (5 085) (5 823) (5 085) (5 823) - - Medlemsinnskot - (7 955) - ( 7 955) - - Avkorting - (4 671) - - - (4 671) Oppgjer - (3 486) - - - (3 486) Resultatført pensjonskostnad ytingsordning 3 314 (10 885) 2 817 (3 924) 496 (6 961) B. Balanseført pensjonsforplikting DBO ved slutten av perioden 293 638 281 727 283 198 269 093 10 441 12 634 Midlar ved slutten av perioden (267 703) (261 462) (267 703) (261 462) - - Balanseført pensjonsforplikting inkl. arb.g.avgift 25 936 20 264 15 495 7 630 10 441 12 634 C. Avstemming pensjonsforplikting Pensjonsforplikting i inngåande balanse 20 264 29 437 7 630 7 137 12 634 22 300 Resultatført pensjonskostnad 3 314 (10 885) 2 817 (3 924) 497 (6 961) Aktuarielt tap (gevinst) ført mot eigenkapital 10 891 9 627 13 448 12 200 (2 557) (2 573) Innbetalingar inkl. arb.g.avg. (8 416) (7 798) (8 400) (7 782) (17) (16) Utbet. pensjon over drift ekskl. arb.g.avgift (117) (116) - - (117) (116) Balanseført pensjonsforpl. ved slutten av perioden 25 936 20 264 15 495 7 630 10 441 12 634 D. Medlemsstatistikk Tal aktive medlemer i ytingsordning 23 27 23 27 Tal pensjonistar 142 145 1 1 Innskotsordning: Resultatført kostnad er 5,6 mill. kr i 2020. Ordninga omfattar 125 medlemer.

28


#2020 / ÅRSRAPPORT

Note 19. Transaksjonar med nærståande partar Tal i 1 000 kr Nærståande part Tilknyting Eigardel Elsikkerhet Møre AS Tilknytt selskap 49 % Tussa Kraft AS Aksjeeigar 46 % Tussa Energi AS Dotter av aksjeeigar - Sunnmøre Energi AS Dotter av aksjeeigar - Tussa IKT AS Dotter av aksjeeigar - Tussa Installasjon AS Dotter av aksjeeigar - Tussa-24 AS Dotter av aksjeeigar - Tafjord Kraft AS Aksjeeigar 54 % Tafjord Kraftproduksjon AS Dotter av aksjeeigar - Tafjord Kraftvarme AS Dotter av aksjeeigar - Tafjord Fibernett AS Dotter av aksjeeigar - Tafjord Marked AS Dotter av aksjeeigar - Rune Kiperberg Administrerande direktør - Erik Espeset Styreleiar - Transaksjonar med nærståande partar Selskapet har gjennomført fleire ulike transaksjonar med nærståande partar. Alle transaksjonane er gjennomført som ein del av den ordinære verksemda og til armlengdes prisar. Dei mest vesentlege transaksjonane som er gjennomført er følgjande: 2020 2019 a) Kjøp av varer og tenester frå aksjeeigar/dotter av aksjeeigar 26 345 87 710 b) Kjøp av varer og tenester frå tilknytt selskap 7 576 31 608 c) Sal av varer og tenester til aksjeeigar/dotter av aksjeeigar 54 168 73 752 d) Sal av varer og tenester til tilknytt selskap - 903 Balansen inkluderer følgjande beløp som følgje av transaksjonar med nærståande partar: 2020 2019 Kundefordringar 13 052 9 593 Leverandørgjeld 2 216 6 094 Sum 10 836 3 499

Note 20. Pant og garantiar I avtalane med lånegjevarane våre er negativ pant gjeldande.

29


#2020 / ÅRSRAPPORT

Note 21. Ekstern gjeld Tal i 1 000 kr Beløp Trekkfasilitet 2016 850 000 Bullet lån 400 000 Bullet lån 450 000

Bokført verdi Rente Løpetid 550 000 3.mndr NIBOR + Margin 60 mnd 400 000 3.mndr NIBOR + Margin 48 mnd 450 000 3.mndr NIBOR + Margin 60 mnd

Forfall 21.12.2021 05.12.2023 05.12.2024

Selskapet har TNOK 50 000 i tilgjengelege trekkrettar pr. 31.12.2020. I låneavtalane har vi pålegg i forhold til nivå på eigenkapitalprosenten og rentedekningsgrad. Kravet for eigenkapitalen er 25 % og kravet for rentedekningsgraden er 1,2. Berekningar syner at begge krava er oppfylte.

30


#2020 / ÅRSRAPPORT

KONTANTSTRAUMOPPSTILLING

TAL I 1 000 KR

KONTANTSTRAUMOPPSTILLING, INDIREKTE MODELL 2020 2019 Kontantstraum frå operasjonell aktivitet Resultat før skattekostnad 130 012 107 159 Betalt skatt i perioden (10 166) (15 714) Tap/vinst ved sal av anleggsmidlar 1 824 428 Vinst sal av aksjar (561) Resultatdel dotterselskap fråtrekt utdelingar - (744) Avskrivingar 96 245 82 837 Endring i varelager (1 482) 1 413 Endring i kundefordringar 18 680 47 067 Endring i leverandørgjeld (50 408) 27 205 Skilnad mellom kostnadsført pensjon og inn-/utbet. i pensjonsordningar (5 121) (18 879) Endring i andre tidsavgrensingspostar 17 166 26 092 Netto kontantstraum frå operasjonelle aktivitetar 196 188 204 681 Kontantstraum frå investeringsaktivitetar Innbetalingar ved sal av varige driftsmidlar 5 923 8 Utbetalingar ved kjøp av varige driftsmidlar (219 174) (185 536) Innbetalingar ved sal av aksjar og delar i andre føretak 2 058 - Nedskriving av anleggsaksjar til VV - 387 Endring Elsikkerhet Møre AS - 2 705 Netto kontantstraum frå investeringsaktivitetar (211 193) (182 435) Kontantstraum frå finansieringsaktivitetar Innbetalingar ved opptak av ny langsiktig gjeld 60 000 40 000 Utbetaling av utbyte (41 500) (40 000) Netto kontantstraum frå finansieringsaktivitetar 18 500 - Netto endring i kontantar og kontantekvivalentar 3 495 22 245 Behaldning av kontantar og kontantekvivalentar ved starten av året 80 381 58 136 Behaldning av kontantar og kontantekvivalentar ved slutten av året 83 876 80 381

31


#2020 / ÅRSRAPPORT

REVISJONSMELDING

32


#2020 / ÅRSRAPPORT

REVISJONSMELDING

33


#2020 / ÅRSRAPPORT

Gunnar Myskja, teknisk kundesørvis 34


#2020 / ÅRSRAPPORT

STRATEGI OG FRAMTIDSUTSIKTER Mørenett AS er eit nettselskap utan konserntilknyting, eigd av Tafjord Kraft AS og Tussa Kraft AS. Den raude tråden i strategiarbeidet er å byggje Mørenett AS som eit nøytralt, effektivt og kompetent nettselskap. Strategiarbeidet har følgjande hovudtema: strukturutvikling, verksemdstyring, kunde og berekraft. Strukturutvikling Kraftsystemet er i stor endring, og nasjonalt har Mørenett AS ambisiøse mål rundt elektrifisering. Dette set store krav til nettselskapa framover, ikkje minst med tanke på kompetanse. Erfaring viser at skalafordelane ved å verte større er betydelege, både med omsyn til kompetanse, men også i forhold til å realisere økonomiske synergiar. Nettverksemd er eit naturleg monopol, og det er ei plikt å drive kraftnettet kostnadseffektivt, til rett pris og med rett kvalitet. Det gjer Mørenett AS ved å arbeide for strukturendringar, og for større og meir kompetente einingar. Mørenett AS har signert avtale med Statnett om å kjøpe regionalt distribusjonsnett i Møre og Romsdal. Avtalen fordrar at nettet som i dag er transmisjonsnett vert omklassifisert. Med det ein kjenner til no, vert dette gjennomført i løpet av 2021. Dette vil gi fleire oppgåver og leggje grunnlaget for vidare vekst knytt til strukturendringar. Som ein del av prosessen arbeider Mørenett AS for eit større nettselskap i fylket, gjennom ein fusjonsmodell ved å opne dørene for andre. Berekningar viser at det er stort potensiale for reduksjonar i kostnader og tariffar. Verksemdstyring Det å bli større, både med tanke på anlegg, kompleksitet og geografi, set større krav til gode prosessar, rolleavklaringar og arbeidsmetodikk, som sikrar risiko og sårbarheitsanalyse (ROS) og helse, miljø og tryggleik ( HMS). Verksemdstyring er difor viktig. Skal arbeidsmetodikk og risikostyring, som er forankra i modellen for verksemdstyring, verte vellukka, vil dette krevje proaktiv oppfølging og analyse av drifta. Mørenett AS arbeider no saman med samarbeidspartnerar for å utvikle modell og system for vedtaksstøtte.

35


#2020 / ÅRSRAPPORT

Nettkunde Nettselskapa i Noreg er rimeleg gode på kjerneverksemd. Dei største utfordringane for bransjen er knytt til kundefokus og manglande insentiv til å vere innovative. Mørenett AS skal vere eit kundeorientert selskap der kundane skal møte ein enkel, rasjonell og definert veg inn til selskapet. I 2020 etablerte Mørenett AS ein eigen nettkundedivisjon, der dei naturlege samhandlingsmiljøa er samla i ei felles organisering, og kunden er sett i fokus. Berekraft Berekraftig utvikling for ei grønare framtid får stadig større fotfeste, og gjennomsyrer dei fleste arenaene Mørenett AS opererer på, heilt frå finansieringssida, der berekraft vert premiert, til det å verte oppfatta som ein attraktiv arbeidsgjevar, som tiltrekkjer seg rett kompetanse. Skal Mørenett AS vere ein attraktiv samarbeidspartnar må selskapet ha klare mål for verksemda og ha tydelege forventningar til både seg sjølv og samarbeidspartnarar. Berekraft skal løftast fram som ein naturleg del av alle fokusområde, strategiar og planar. Framtida er elektrisk, og Mørenett AS skal vere ein viktig bidragsytar for reduserte klimautslepp og ei grøn verdiskaping.

36


#2020 / ÅRSRAPPORT

Jan-Rune Ville, overmontør 37


#2020 / ÅRSRAPPORT

HMS Då Noreg stengte 12. mars, vart arbeidsdagen endra for alle i Mørenett AS. Selskapet fekk raskt ei digital kommunikasjonsplattform, og etablerte smitteverngruppe og smittevernplanar. HMS-aktiviteten var høg gjennom året. Skadetala har hatt ei positiv utvikling, med tre registrerte skadar i 2020, mot fem året før. To skadar førte til fråvær, mot fire i 2019. Ingen av skadane med fråvær er knytt til elektrisk straum. I 2020 gjennomførte Mørenett AS to granskingar med tilhøyrande tiltaksplanar. Det var lite fråvær knytt til pandemien, og ingen av medarbeidarane i Mørenett AS har testa positivt på viruset. Sjukefråværet gjekk ned i 2020, og totalt sjukefråvær ved slutten av året var 4,2 %. Korttidsfråværet var 1,7 %. Truleg har smitteverntiltaka, både i samfunnet og i selskapet, påverka fråværet. Medarbeidarane har lojalt slutta opp om dei tiltaka som har vore sett i verk.

NØKKELTAL FOR HMS F-verdi*

2020 2019 2018 2017 2016 46,8

160,5

0

176,8

61,1

H1-verdi*

8,5

17,4

0

14,7

11,6

H2-verdi*

12,7

21,7

16,92

40,5

17,4

Registrerte skadar med og utan fråvær

3

5

4

11

6

Fråvær som følgje av arbeidsulykker

11

37

0

48

21

136

136

138

135

197

Årsverk Lærlingar Gjennomsnittsalder tilsette Personalomsetning*

6 8 8 12 14 48,5

49

49,3

48

47,6

8,2 5,7 9 14 8,2

* HI-verdi: ulykkesfrekvens = tal skadar med fråvær/arbeidde timar totalt x 1 000 000 * H2-verdi: skadar med fråvær + skadar utan fråvær, men med medisinsk behandling/arbeidde timar totalt x 1 000 000 * F-verdi: Fråværsfrekvens = tal fråværsdagar pga. skade/arbeidde timar totalt x 1 000 000 * Personalomsetning: tal arbeidstakarar som har sagt opp/ tal arbeidstakarar x 100 %

38


#2020 / ÅRSRAPPORT

Benedikte Vatne og Frode Verpeide, energimontørar 39


#2020 / ÅRSRAPPORT

LIKESTILLING Likestilling er at alle menneske har lik verdi, like moglegheiter og like rettar. Mørenett AS skal ikkje berre arbeide for å hindre og førebyggje diskriminering. Selskapet har i tillegg ei plikt til å vurdere tiltak i den hensikt å fremje likestilling og mangfald. Mørenett AS har etiske regler som beskriv åtferd som fremmer ein god bedriftskultur i samhandling med kvarandre. Ingen skal oppføre seg på ein måte som kan verke krenkande på andre. Mørenett AS har rutine for varsling av kritikkverdige tilhøve. Tilstand for kjønnslikestilling Mørenett AS er eit mannsdominert selskap. • • • • • • •

Ved utgangen av 2020 var det 146 tilsette i selskapet, av desse var 23 kvinner (16 %). Ved utgangen av 2020 hadde selskapet ingen mellombels tilsette. Leiargruppa i Mørenett AS har ein kvinnedel på 20 %. Styret i Mørenett AS har ein kvinnedel på 17 %. Selskapet har ikkje tilsette som ufrivillig arbeider deltid. Alle deltidsstillingar er basert på medarbeidaren sitt ønskje om redusert arbeidstid. Ved utgangen av året hadde 6 tilsette redusert stilling;, 3 menn og 3 kvinner. 2 tilsette har hatt foreldrepermisjon i 2020, den første i 14 veker og den andre i 3,5 veker. Sistnemnde skal ha permisjon vidare i 2021. Begge er menn. Mørenett AS har seks stillingsnivå. Krav til formalkompetanse og erfaring aukar frå nivå 1 (ikkje krav til formalkompetanse, men kortare internopplæring på relevante system og utstyr) til nivå 6 (krav til fagkompetanse i kombinasjon med strategisk forståing. Stillingsnivået har ansvar for resultat i forretningsområde). Stillingsnivåa er skildra på ein kjønnsnøytral måte. Lønssystemet består av tre element: Basisløn, stillingstillegg (for fagorganiserte i El & It) og vurdert tillegg. Lønssystemet er kjønnsnøytralt. Selskapet har ikkje bonusordning.

Mellombels tilsette

Foreldrepermisjon

Faktisk deltid

Ufrivillig deltid

Tal eller prosentdel Gjennomsnitt tal veker Tal eller prosent Tal eller prosent alle tilsette alle tilsette alle tilsette Kvinner 1* Menn -

- 9

3 - 3 -

*Mellombels til og med 30. juni 2020, fast tilset frå 1. juli 2020.

40


#2020 / ÅRSRAPPORT

Arbeid for likestilling og mot diskriminering Mørenett AS si plikt til å jobbe aktivt, målretta og planmessig for å fremje likestilling og hindre diskriminering følgjer av lov om likestilling, § 26. Både aktivitetsplikt og utgreiingsplikt er forsterka frå 1. januar 2020, og arbeidet skal dokumenterast. Det som inngår i likestillingsarbeidet er: Kjønn, nedsett funksjonsevne, seksuell orientering, kjønnsidentitet og kjønnsuttrykk, etnisitet, omsorgsoppgåver, religion og livssyn, og gravidtet, foreldrepermisjon og adopsjon. Likestillingsarbeidet skal omfatte alle diskrimineringsgrunnlag og dei ulike personalområda: rekruttering, løns- og arbeidsvilkår, forfremjing, utviklingsmoglegheiter, tilrettelegging, moglegheiter for å kombinere arbeid og familieliv, i tillegg til arbeid mot trakassering, seksuell trakassering og kjønnsbasert vald. Mørenett AS skal, i samarbeid med dei tillitsvalde, jobbe for å sikre likestilling og hindre diskriminering. Mørenett AS har ikkje eigen likestillingsstrategi eller -utval. Dette skal etablerast i løpet av 2021, mellom anna knytt til FN sitt bærekraftsmål nr. 5 – Likestilling mellom kjønn.

41


#2020 / ÅRSRAPPORT

NamnHege Ruth namnesen, Myrene, Namn teknikar Namnsen og namn namnesen, stillingar 42


#2020 / ÅRSRAPPORT

NETTFORVALTAR Divisjon nettforvaltar organiserer seksjonen for nettutvikling og seksjonen for prosjekt. 34 medarbeidarar jobbar i divisjonen. Utvikling i 2020 Samla nettinvesteringar i 2020 var 184,3 mill. kr. Av dette var 61,9 mill. kr i regionalt distribusjonsnett og 122,4 mill. kr i lokalt distribusjonsnett. Det er i tillegg henta inn 47,6 mill. kr gjennom krav om anleggsbidrag. Divisjonen vart i desember ferdige med utvidinga av Stranda transformatorstasjon. Det er sett inn ny 132/22kV transformator, montert nye kondensatorbatteri og montert nytt brytar- og kontrollanlegg. Prosjektet har gått over fleire år, og samla prosjektkostnad er om lag 38 mill. kr. I 2020 har Mørenett AS óg kjøpt 22 kV-anlegga frå Stranda Energi i Stranda transformatorstasjon, for å oppnå eit ryddigare eigargrensesnitt. Tilsvarande har selskapet kjøpt Nordvest Nett sitt 22 kV-anlegg i Kjelbotn transformatorstasjon. I Giskemo transformatorstasjon er det seld to 132 kVbrytarfelt som er definert som transmisjonsnett. I 2020 er det dublert batterianlegg i 8 transformatorstasjonar, slik at totalt 13 transformatorstasjonar har dublerte batterianlegg. Haram Kraft AS har fått konsesjon for å byggje ein vindpark med 8 turbinar og installert yting på 34 MW. I samband med dette har Mørenett AS sett inn ny treviklingstransformator, nytt 33 kV brytarfelt og nytt kontrollanlegg i Alvestad transformatorstasjon. Mørenett AS sin kostnad med å leggje til rette for vindkraftverket er dekt av utbyggjar gjennom anleggsbidrag. Mørenett AS er i store trekk klar til å ta imot produksjonen frå vindmøllene når dei står ferdige. I distribusjonsnettet er det gjennomført fleire investeringar knytt til elektrifisering. Spesielt har overgangen til elektriske ferjer utløyst store investeringar. Hareid - Sulesund og Magerholm - Sykkylven har i løpet av 2020 gått over til elektrisk drift, og ladeinfrastrukturen ser ut til å fungere godt. Desse to sambanda åleine gir reduserte klimautslepp tilsvarande 13 000 tonn CO2 i året, noko som tilsvarar utslepp frå om lag 6 000 dieselbilar. Det er også klart for elektrisk ferje på sambandet Volda - Folkestad, og ein ventar no på at Norled og Møre og Romsdal fylke skal bli ferdige med kai- og ladeanlegg. Av andre prosjekt inn mot transportsektoren kan nemnast planar om landstraum til skip i Ålesund sentrum. Uklåre forventningar til korleis cruisenæringa vil utvikle seg har forseinka prosjektet, men ein reknar med at naudsynte avklaringar kjem på plass i løpet av 2021. Mørenett AS har også vore engasjert i mange prosjekt med ladestasjonar til bilar, lastebilar og bussar. Mange prosjekt er under utvikling og planlegging. I desember fekk Mørenett AS konsesjon for ny 132 kV (66 kV) linje på strekninga Djupvik - Sandvikskaret. Når dette anlegget er ferdig gir det tosidig innmating til Elsebø transformatorstasjon. Planlegging av utviding og fornying av Giskemo transformatorstasjon er i full gang. Dette er eit stort prosjekt med ei investeringsramme på om lag 90 mill. kr. Det vert vidare arbeidd med konseptval for ny transformatorstasjon i Ørsta, og for forsyning av eit mogleg landbasert oppdrettsanlegg i Raudbergvika i Fjord kommune. Val av løysing i Raudbergvika er avgjerande for korleis lokalforsyninga av Eidsdal/Linge og Geiranger kan forsterkast, for å møte auka forbruk i området.

43


#2020 / ÅRSRAPPORT

Strategi og framtidsutsikter Mørenett AS signerte 26. november avtale om kjøp av 400 km 132 kV stålmastlinjer og stasjonsanlegg i 10 transformatorstasjonar frå Statnett. 9. februar 2021 kom varsel om vedtak frå NVE, om omklassifisering av 132 kV anlegg i Møre og Romsdal, med forslag om verknad frå 1. mai 2021. Vedtaket er omdiskutert og det er forventa at saka vert påklaga. Mørenett AS har tru på at vedtaket til NVE vil stå, og førebur seg på å forvalte og utvikle nettanlegga i framtida. Difor koplar Mørenett AS seg i stadig sterkare grad på dei ulike prosessane som omfattar regionalnettet på Nordmøre og Romsdal. Statnett har vedteke å forsterke innmatinga til Romsdal og Nordmøre, mellom anna ved å setje inn nye transformatorar på 400/132 kV i Ørskog og i Surnadal. Transformatoren som skal installerast i Ørskog vil auke kapasiteten inn mot både Istad og NEAS sine nett. Denne kapasiteten må transporterast gjennom anlegg som Mørenett AS eig i dag, og gjennom anlegg som kjem i selskapet sitt eige når statnettstransaksjonen er gjennomført. Driftskoordinering på tvers av nettselskapa vert enda viktigare framover. Erfaring tilseier at samarbeid best let seg gjere i eit felles selskap, og Mørenett AS ønskjer difor dialog med dei andre nettselskapa i fylket om strukturutvikling. Eitt nettselskap for heile fylket vil sikre viktige kompetansemiljø i regionen, nok løfteevne og kapital til å møte dei store investeringane som følgjer av elektrifiseringa i samfunnet, og at investeringar kan gjennomførast utan at nettleiga til kundane vert for høg. Ein stadig større del av tenestene Mørenett AS er avhengige av, for å vedlikehalde, fornye og utvide nettanlegga, vert kjøpt av eksterne leverandørar. Det har alltid blitt kjøpt tenester i entreprenørmarknaden knytt til nye anlegg og reinvesteringar i regionalnettet. Frå 2017 har Mørenett AS kjøpt tenester inn mot distribusjonsnettet frå Enotek. Frå og med 2021 har Mørenett AS avtale med to entreprenørselskap inn mot distribusjonsnettet, Otera og Enotek. Mørenett AS legg vekt på å vere ein profesjonell bestillar, og skal ha ein tett dialog med selskapa for å bidra til positiv utvikling både for eigen del og for leverandørane.

NØKKELTAL DISTRIBUSJONSNETT 2020 2019 2018 2017 2016 Høgspentlinjer (km)

838

860

866

870

878

Høgspent jordkabel (km)

936

920

915

897

885

93

81

77

76

Nettstasjonar (stk.)

2 618

2 616

2 604

2 598

2 590

Fordelingstransformatorar (stk.)

2 844

2 841

2 813

2 807

2 781

Fordelingstransformatorar (MVA)

1 106

1 079

1 057

1 039

1 016

Lågspentlinjer (km)

1 518

1 542

1 449

1 421

1 393

2 826

2 759

2 735

2 692

2 633

66 941

66 100

65 500

65 031

54

53

51

50

2020

2019

2018

2017

2016

132 kV luftlinjer (km)

403

403

386

386

386

132 kV sjøkabel (km)

19

19

19

19

19

132 kV jordkabel (km)

26

26

30

30

30

178

179

194

194

22- 66 kV sjøkabel (km)

27

26

26

26

26

22 - 66 kV jordkabel (km)

42

43

40

40

40

Transformatorstasjonar (stk.)

25 25 26 27 27

Høgspent sjøkabel (km)

Lågspentkablar (km) Aktive målepunkt Småkraftverk (stk.)

NØKKELTAL REGIONAL- OG SENTRALNETT

22 - 66 kV luftlinjer (km)

Installert transformatoryting (MVA)

1 294

1 249

1 336

1 321

74

64 473 49

196

1 310

44


#2020 / ÅRSRAPPORT

Torkil Rønneberg, energimontør 45


#2020 / ÅRSRAPPORT

MONTASJE Montasjedivisjonen har ansvar for utførande montasjeoppgåver og logistikk. Ved utgangen av 2020 hadde divisjonen 62 medarbeidarar. 7 av desse var lærlingar. Divisjonen er frå 1. oktober organisert i to seksjonar, som har tett samhandling og fagleg inndeling. Eine seksjonen inneheld fagområda stasjonsanlegg, energimåling og logistikk. Den andre seksjonen inneheld fagområda drift, linje og lærlingar. Organiseringa av Mørenett AS er basert på eit bestillar-utførarprinsipp, og montasjedivisjonen er intern tenesteleverandør i selskapet. Utvikling i 2020 Gjennom året har det vore lagt vekt på kontinuerleg utvikling i koordinering av oppdrag og logistikkløysingar. Året har vore tydeleg prega av koronapandemien. Medarbeidarane har arbeidd under tydelege smitteverntiltak, jamfør styresmaktene sine føringar og tilrådingar. Fleire av smitteverntiltaka har gitt ekstra arbeid og redusert effektivitet, men likevel har divisjonen hatt produksjon på tilnærma normalt nivå. Dette kjem i stor grad av sterk og kreativ innsats frå medarbeidarane. Montasjedivisjonen utførte 4 800 enkeltståande arbeidsoppdrag i 2020, og montørane leverte 65 000 arbeidstimar knytt til vedlikehald, inspeksjon, feilretting og utbygging av kraftnettet. 1. mars vart det inngått avtale med Geomatikk AS om gravemelding og kabelpåvising. Dette har i gjennomsnitt utgjort ca 900 påvisingsoppdrag pr år. Strategi og framtidsutsikter Divisjonen har kome langt i bruk av digitale løysingar for ordreflyt, informasjonsdeling og rapportering, og det gir tydelege effektiviseringsgevinstar. I 2020 vart det innført verkty som opnar for at fleire oppgåver kan utførast av montørane ute i felten. Digitaliseringa held fram, og divisjonen vil vidareutvikle eksisterande løysingar, i tillegg til å innføre nye, mobile digitale hjelpemiddel. Mørenett AS har valt å utvikle leverandørmarknaden i nettområdet, og kjøper delar av utførande tenester frå eksterne leverandørar. Standardiserte oppdrag blir i stor grad sett ut til eksterne samarbeidspartnarar, medan interne ressursar får auka drift- og forvaltningspreg. Interne ressursar og kompetanse er også grunnstammen i Mørenett AS sin beredskap.

46


#2020 / ÅRSRAPPORT

Geir Alnes og Henriette Haugen Gjervik, kundesenter 47


#2020 / ÅRSRAPPORT

NETTKUNDE Nettkundedivisjonen vart oppretta 1. oktober 2020, og organiserer fagområda måling, AFI (avrekning, fakturering og innfordring), kundesørvis, ressursstyring inntak og det lokale eltilsyn (DLE). 23 medarbeidarar jobbar i divisjonen. Nettkundedivisjonen er eit resultat av eit omorganiseringsprosjekt med føremål å styrke kundefokuset i Mørenett AS. Bakteppet er den pågåande elektrifiseringa av samfunnet, og målet om at Mørenett AS skal vere eit kundeorientert selskap. Kundane skal kunne kommunisere med selskapet på ein enkel, rasjonell og definert måte. Utvikling i 2020 Etter oppstart 1. oktober har divisjonen brukt tid på å kartleggje arbeidsprosessar, rollar og analysere systemløysingar. Det er venta at Mørenett AS kan ta ut gevinstar og få ei betre tilpassa kundereise ved å satse på digitalisering. I 2020 vart det utbetalt erstatning til 360 kundar på til saman 276 335 kr etter reglane om erstatning for langvarige straumbrot. 1. januar 2021 kom det nytt regelverk for kompensasjon ved svært langvarige brot (USLA). Det betyr at Mørenett AS sine kundar skal få kompensasjonen utbetalt automatisk ved straumbrot, noko som allereie vert praktisert. Etter at Mørenett AS avslutta hovudprosjektet med å montere nye automatiske straummålarar (AMS) i desember 2018, stod det igjen å montere 5 000 målarar (8,2 prosent). Det har blitt arbeidd med å ferdigstille desse i 2019 og 2020, og arbeidet vil halde fram i 2021. Ved årsskiftet stod det igjen 350 straummålarar (0,6 prosent), der om lag 250 er hos kundar som det ikkje har lukkast å kome i kontakt med, eller som ikkje vil ha ny AMS-målar. Dei siste 100 anlegga har større tekniske avvik som krev spesiell innsats for å ferdigstille. Innføring av AMS gjer det mogleg å digitalisere sentrale arbeidsprosessar. Eit døme på ein slik prosess er jordfeilhandsaming. AMS gjer det mogleg å vere proaktiv og ta tak i problemet på eit tidlegare stadium enn før, basert på verdiar frå AMS-målarane. Eltilsynet i Mørenett AS har to medarbeidarar. Eltryggleik er forankra i produktkontroll-lova, og er dermed eit rammevilkår for å få konsesjon som nettselskap. Operativt tilsyn vert kjøpt inn frå sakkunnige selskap. I eigen regi gjennomfører Mørenett revisjon med installatørar, byggjeplasstilsyn, kvalitetssikring av tilsynsleveransen, A-krim samarbeid og fellestilsyn saman med Arbeidstilsynet, politi og brannvesenet. Til tross for eit krevjande år med koronapandemi, kom DLE i mål med tilsynsplanen.

48


#2020 / ÅRSRAPPORT

Strategi og framtidsutsikter Ved å fokusere på arbeidsprosessar, kulturbygging og kontinuerleg forbetring, ønskjer divisjonen å sikre at satsinga på kundesørvis i Mørenett AS lukkast. Elektrifiseringa av samfunnet vil endre korleis Mørenett AS sine kundar opptrer. Eit døme på dette er innføring av ny modell for nettleige. Målet med den nye modellen er å leggje til rette for best mogeleg utnytting av straumnettet, og ei rimeleg fordeling av kostnader mellom kundane. Mørenett AS vil få informasjonsplikt for nettleige og prissignal, noko som vil krevje nye løysingar for kundekommunikasjonen.

FORBRUK DISTRIBUSJONSNETTET 2020 2019 2018 2017 2016 Levert sluttbrukar GWh Tap GWh Sum GWh Tap i distribusjonsnettet %

ANDRE NØKKELTAL Nettkundar (aktive målepunkt)

1 783

1 756

1 742

1 751

1 742

81

94

100

87

95

1 864

1 850

1 841

1 838

1 837

4,4

5,1

5,4

4,7

5,2

2020 2019 2018 2017 2016 66 941

66 077

65 467

64 985

64 414

Nettkundar på leveringsplikt (%)

2,2

2,7

3,1

4,2

2,6

Nettkundar på gjennomfaktureringsavtale (%)

90

90

90

90

80

302

354

374

361

364

1 697

1 368

1 400

1 660

1 465

Energiproduksjon i distribusjonsnettet (GWh)

549

428

430

473

428

KILE (mill. kr)

22,1

18,3

30,8

8,1

17,7

Effektmaks (MW) Energiproduksjon i regionalnettet (GWh)

49


#2020 / ÅRSRAPPORT

Stein Erik Haarseth, vaktingeniør på driftssentralen 50


#2020 / ÅRSRAPPORT

DRIFTSSENTRALEN Driftssentralen overvakar, følgjer opp planar og leier arbeid både i Mørenett AS sitt nett og andre nettområde. Driftssentralen leverer tenester til nettselskap, kraftprodusentar og andre aktørar som krev 24/7-tenester. 17 medarbeidarar jobbar i seksjonen, der 8 inngår i døgnkontinuerleg skiftordning.

Utvikling i 2020 Mørenett AS endra organisering 1. oktober 2020, og driftssentralen vart ein del av stabsfunksjonen. Samstundes vart oppgåvene utvida til også å omfatte overvaking og drift av alle sensorar i kraftnettet. Dette gjeld hendingar frå målar hos kunde, overvaking av hendingar i nettstasjonar og fjernstyring av større anlegg i distribusjonsnettet og regionalnettet. I november 2020 fullførte Mørenett AS omlegginga av datainnsamlinga frå målarar ute hos kundar, etter salet av Smarthub hausten 2019. Omlegginga var ein føresetnad for den vidare digitaliseringa av kraftnettet. Mørenett AS er no i betre stand til å avdekke avvik, til dømes jordfeil. Målingar frå nettstasjonar, i kombinasjon med data frå kunden sin målar, kan raskt gi svar på om problem skuldast feil i nettet eller feil hos kunden. I 2020 hadde Mørenett AS KILE-kostnader på 22,1 mill. kr. Av dette utgjorde planlagt arbeid 2,8 mill. kr, fordelt på 575 saker. Gjennomsnittleg avbrotskostnad var 61,20 kr/kWh, og i snitt hadde kvar kunde 3,8 straumbrot med ei avbrotstid på 128 minutt per kunde. Strategi og framtidsutsikter Mørenett AS jobbar vidare med å utvikle og integrere systema for å kunne arbeide meir effektivt. Tidlegare har det vore datainnsamling frå store, sentrale punkt i nettet. No gjer sensorar ute hos kundane og data frå straummålarane, kombinert med logikk frå systema, at Mørenett AS er i betre stand til å drifte nettet på ein effektiv måte.

51


#2020 / ÅRSRAPPORT

STYRET I MØRENETT ERIK ESPESET STYRELEIAR

ELLING DYBDAL NESTLEIAR

Stilling: Konsernsjef i Tafjord

Stilling: Konsernsjef i Tussa

Utdanning: Sivilingeniør NTH/NTNU,

Utdanning: Sivilingeniør, NTH og

Master of Business Administration,

bedriftsøkonom, BI

Helsinki School of Economics

NINA MELLE SCHARNING STYREMEDLEM

TERJE SØVIKHAGEN STYREMEDLEM

Stilling: Organisasjonssjef i Tussa Kraft

Stilling: Økonomi- og finansdirektør

Utdanning: Bachelor barnevern og

i Tafjord Kraft

psykologi, arbeidsrett, økonomi og lei-

Utdanning: Diplomøkonom , BI, MBA finans,

ingsfag frå universitetet i Bergen og Nord.

NHH og autorisert finansanalytikar, NFF

IDAR AUFLEM ØYE STYREMEDLEM

FRODE VERPEIDE STYREMEDLEM

Stilling: Ingeniør nettutvikling

Stilling: Energimontør

Utdanning: Elkraftingeniør frå Høgskulen

Utdanning: Energimontør

i Bergen.

52


Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.