Firma Sigurd Solberg AS 100 år

Page 1

Foto: Oskar Andersen

Firma Sigurd Solberg AS er eit av dei eldste og mest tradisjonsrike familiebedriftene i fylket, som er i drift. Med ei 100 år lang historie, har elektronikkfirmaet i Florø vore med på ei spennande utvikling. Ludvig Solberg starta bedrifta i 1912. Han var mellom dei første i landet med autorisasjon for radioapparat. I dag er dei mellom dei fremste på skipselektronikk. Tilpassingsevna og -viljen har vore stor – derfor feirar Solberg 100 år i 2012. Samtidig feirar Elkjøp-Norge, som starta som ein fagkjede i 1962, 50 år. Elkøp Fjordane, som er eigd av Solberg-gruppa – har butikkar i Florø, Førde og Måløy.

Banken er ein god sparringpartnar side

4

Frå glas og ramme til skipselektronikk side

5

Fiskepionerane satsar for framtida side

8

Lokalt eigarskap – og tettare samarbeid side

12


Side 2

100 ÅR MED KUNDEN I FOKUS

Å vere styreleiar i ei verksemd som har vore i kontinuerlig drift i 100 år gjer ein audmjuk. Verksemda har vakse og utvikla seg i ein marknad som har endra seg frå å vere dominert av primærnæringar, spreidd busetnad og primitivt produksjonsutstyr, til i dag å vere ein moderne oljedriven nasjon med avansert produksjonsutstyr, hyppige marknadsendringar og digitalt fokus. Konsernet framstår i dag som ei gruppe verksemder med sterk og oppdatert kompetanse på sine kjerneområde, som gjer at vi kan tilby kundane våre dei beste løysingane til konkurransedyktige vilkår. Våre fokusområde er maritim elektronikk, med spesiell vekt på navigasjon, kommunikasjon og fiskeleitingsutstyr som vi marknadsfører igjennom Sigurd Solberg AS, og Elkjøp Fjordane AS som er fylket sin største aktør innan forbrukarelektronikk av alle kategoriar innan kvitevarer, brunevarer, mobiltelefonar, data og tilleggsutstyr til desse kategoriane. Vi driv også med direkte import i konsernet, der vi gjennom dette kan tilby kundane våre betre vilkår enn kva vi kan gjennom meir tradisjonelle distribusjonsmodellar. Eigedom er også ei viktig satsing som vi vil holde fram med for å dekke eigne behov for lokalitetar. I tillegg trur vi at dette er ein god måte å forvalte verdiar på for å sikre at konsernet har ein naudsynt soliditet for å kunne støtte opp under vidare vekst. Som styreleiar ser eg det som ei både spennande og krevjande utfordring å ha ansvar for at det vert lagt ein kurs inn i framtida som ivaretek ei stolt historie, samstundes som den skal legge grunnlaget for vidare vekst og utvikling. Dette vil også i framtida krevje det beste av alle i heile verksemda, då det er nøgde kundar som også i framtida skal vere vårt seglingsmerke. Med dette vil eg gratulere ein sprek og oppegåande jubilant med ei strålande 100-års markering. Vidar Grønnevik - styreleiar -

100 år og full gass framover

Å feire 100-års jubileum er stort. Vi kan trygt seie at vi er ein stolt jubilant som markerar 100-års jubileet med eige jubileumsmagasin. Dette gjer vi for å fortelje litt om historia til 100 års jubilanten Sigurd Solberg og om Elkjøp i Fjordane.

Firma Sigurd Solberg starta med glas og ramme og sia vart det foto, leikar, parfymeri, radioforretning, båt og motor og maritim skipselektronikk. I dag er vi 14 tilsette og har oppdrag på heile norskekysten, men sjølvsagt mest i Sogn og Fjordane. Vi er ei lokal bedrift, men har klart å utvikle oss framover. Elkjøp i Norge feirar i år 50-års jubileum. Dette vil vi sjølvsagt også markere. Vi er stolte over å vere med å drive

Elkjøpbutikkar både i Florø, Førde og Måløy. For meg er det viktig at kundane, anten dei handlar skipselektronikk hos Solberg eller TV hos Elkjøp, så skal dei føle seg trygge. Vi lever av nøgde kundar. Hos oss skal du oppleve å få råd og tips. Eg sa vi er ein stolt jubilant, men vi er og stolte over produkta vi leverer. Takk til alle våre tilsette i Sunnfjord og Nordfjord. Takk og til alle våre samarbeidsfirma for god støtte og hjelp gjennom mange gode år.

I dette jubileumsmagasinet ser du at mange av kundane våre gjennom mange år kjem med gode ord om firma Sigurd Solberg. For oss er dette kjekt og gjer oss glade, og ikkje så lite audmjuke. Eg vil legge til at dette samarbeidet har vi vakse på. Spesielt vil eg framheve Anker-

løkken i Florø (no STX), som også har gitt oss mange utfordringar. Det er slike kundar som har vore med og utvikla oss. I dag leverer vi komplette maritime pakkar. I dag som før er også fiskeflåten viktig for oss. Eit firma speglar ofte næringslivet i sitt nærområde. For oss er det viktig med eit berekraftig fiskeri og havbruk. Vi er på ein måte ein del av denne verdiskapinga. Vi ønskjer deg velkommen til å bli med på jubileumsfeiringa Med vennleg helsing

John Sigurd Solberg - dagleg leiar -

Sigurd Solberg i Florø – ein nestor Tradisjon – utvikling Frå starten og fram til i dag har det vore ei rivande utvikling. Nestoren Sigurd Solberg fortener heiderleg omtale i jubileumsmagasinet for kva han har vore med og bygd opp gjennom eit langt liv. Like før krigen reiste Sigurd til USA. Han interesserte seg meir og meir for fly. Ikkje utan grunn, sidan onkelen hans Thor Solberg som var den første som flaug direkte frå USA til Norge. Sigurd hamna dermed i USA under 2. verdskrig, og starta med å jobbe på ein flyfabrikk i Kansas. I 1945 returnerte Solberg tilbake på ein fem år gammal billett, fordi det var planar om reise tilbake til Norge då krigen braut ut.

Sigurd Solberg

2

Etterpå starta Solberg med skipselektronisk avdeling. Firmaet fekk med seg starten på det rike sildefisket utanfor stovedøra. Saman med Odd Skarstein var dei med på denne rivande utviklinga, på det tekniske opplevde dei tida på pulsen. Det var ikkje få ekkolodd som vart levert på denne tida. Sigurd var oppteken av å få med seg dyktige fagfolk og forstå tida som kom for fullt spesielt innan maritim elektronikk. Solberg fekk i si levetid med seg ei teknisk omvelting - større enn i alle generasjonar før. Nestoren og grundaren Sigurd Solberg døydde i 2002, og var aktiv i firmaet heilt fram til då.

100 år • 1912–2012


Har spart oss for

ei heil stilling på verftet

Trioen Ola P. Skarstein, Torgeir Melvær og Morten Aune har berre godord å seie om Sigurd Solberg AS og samarbeidet dei har hatt i mange år

Sigurd Solberg har vore leverandør til verftet i Florø heilt frå starten av fortel trioen Ola P. Skarstein, Torgeir Melvær og Morten Aune. - Eg vil seie det så sterkt at han var den beste underleverandøren i si tid, seier pensjonisten Skarstein, som starta som skipsingeniør på Ankerløkken i 1964. Solberg var involvert under heile prosessen med nybygga, frå prosjektering til prøvetur. Solberg har følgt utviklinga og historia til skipselektronikken på verftet i Florø. Tidlegare var det enklare løysingar med til dømes ekkolodd og radiopeilar som to fråskilte einingar, som gjerne vart kjøpt hos forskjellige leverandørar. Etterkvart som utstyret er blitt meir avansert og integrert i kvarandre har vi fått ein leverandør å forholde oss til. Brua er det som synleg har utvikla seg mest på båtane, og Solberg er ein leverandør som heile tida held seg oppdatert.

Samarbeidet har vore ein vinn-vinn situasjon Morten Aune som leiar designavdelinga på verftet dreg fram at Solberg har tatt heile prosjekteringa og koordinert alt med sine under-

leverandørar. Folk som leverer pakkeløysingar og som «fiksar alt» er lette å samarbeide med. Når John Sigurd i tillegg heile tide held seg oppdatert og à jour på utviklinga og lover og reglar, har han vore ei god avlasting for oss. - Eg meiner han har spart oss for ein heil stilling her på verftet, seier Torgeir Melvær, som er innkjøpssjef, og har jobba på «Løkka» sidan 1973. Han ser og ein stor verdi i at det blir bygt eigne brupultar i Flora, og at Solbergfirmaet er lokalisert i byen. Å ha ein leverandør som er 5 minutt vekke, og stiller på kort varsel, gjer det enklare for både oss og dei. Sjølv om det ikkje lenger blir bygt nye båtar på verftet, så stiller Solberg også nå for å hjelpe til når det trengs. Samarbeidet har vore ein vinn-vinn situasjon. Solberg har gjort ein ryddig og svært god jobb, som dermed har gitt dei vidare oppdrag hos reiarane. Dei ulike reiarlaga hyra inn Solberg for oppfølging, etter at garantitida var gått ut. Når båtane forlet oss, så følgde på mange måtar firmaet Solberg med.

Sigurd Solberg

3

Historia om Ankerløkken er på mange måtar også ein viktig del av historia til firma Solberg i Florø. Bildet her er frå 60-talet. Verftet i Florø har vore den største enkeltkunden til firma Solberg. Samarbeidet med verftet har vore fagleg utfordrande for oss, seier John Sigurd Solberg.

Magasinet er utgitt av Sigurd Solberg AS i Florø i samarbeid med A til Å Grafisk Design og Media. Prosjektleiing, tekst, grafisk design og utforming: A til Å Grafisk Design og Media - www. atilaa.no Foto: Oskar Andersen og A til Å

100 år • 1912–2012


Banken er ein god

sparringpartnar

Sparebanken Sogn og Fjordane er ein god sparringpartnar for oss, fortel eigar og dagleg leiar i Sigurd Solberg AS, John Sigurd Solberg. Firmaet har sidan starten for 100 år sidan vore gjennom mange omstruktureringar . – For oss er det viktig med ein open og konstruktiv dialog, der vi får snakke direkte med beslutningstakar. Tom Staveteig, som er banksjef for bedriftsmarknaden i Sparebanken Sogn og Fjordane, meiner det er imponerande at firmaet Sigurd Solberg har overlevd i ein såpass liten by og lite fylke i 100 år. – Det er teikn på at dei har evne og vilje til å handtere utfordringane som kjem. Dei har redusert risikoen ved å ha fleire bein å stå på, på same tid som dei har klart å behalde kjernekompetansen over lang tid. - Største utfordringa vi har vore gjennom dei siste 20 åra, var nok å selje bygningane midt i Florø sentrum, og flytte bedrifta hit vi er no, seier John Sigurd Solberg. Det var mange som var kritiske til å selje bygningane som hadde vore i fami-

Banksjef Tom Staveteig (t.v.) og Sparebanken Sogn og Fjordane har vore ein god sparringpartnar for firma Sigurd Solberg.

lien heile tida, men det er ikkje bygningane som er bedrifta. Bedrifta er kundane, tilsette og relasjonane. Bedriftseigar og banksjefen er einige om at det er viktig å tore å sleppe tak. – Hundre år gammal historie er viktig å ha med seg, men det er like viktig å sjå framover. – Solberg er uredde, og har tort å satse på rett ting til rett tid.

... dei har evne og vilje til å handtere utfordringane ...

Frå gode lukter til skipselektronikk

Ida Louise Solberg, mest kjent som Vesla, er dotter til nestoren Sigurd Solberg og mor til dagens eigar John Sigurd Solberg. Ho kan fortelje om ei rivande utvikling, frå den tida ho var mest aktiv i bedrifta, og til ho pensjonerte seg i 2011. Vi selde alt frå pennar og skulesaker til trekkspel, rammer og ekkolodd fortel Vesla. Familien dreiv butikk og budde i same huset, og ho minnest ei svært travel tid under det rike sildefisket på 1950-talet. Då var det fiskarar innom butikken til alle døgnets tider, og dei var ofte ute etter papir til ekkolodda eller noko som skulle reparerast. Sjølv om det var ei hektisk tid hadde kundane god tid til å slå av ein prat. Under sildetida var det til tider tusenvis av menneske i gatene i Florø, og det førte til god handel, både for dei som selde skipselektronikk og dei som selde matvarer. Vesla

minnest at faren til tider jobba døgnet rundt, medan mor Jessie passa på at alle fekk i seg mat. Slik var det praktisk å ha alt samla i same hus. Parfymeri var og ein del av sortimentet til Solbergfamilien i Strandgata. Først var det Jessie som dreiv butikken, seinare hadde Vesla hovudansvaret for denne biten. - Det var ei hyggeleg vare å selje, smiler Vesla. Kosmetikk og gode lukter gir alltid glade og fornøgde kundar. Ungane til Vesla har og vakse opp i butikken, der dei tidleg lærte seg å ta i eit tak.

Dette fargerike bildet er frå 70-talet i parfymeriet til Solberg i Strandgata. F.v. Winnie Seljeseth, som jobba i ei årrekkje saman med Ida Louise (Vesla) Solberg.

Sigurd Solberg

4

100 år • 1912–2012


Frå glas og ramme til skipselektronikk

Eit verkeleg eventyr - i 3 akter

Det var ein gong i 1912, ein ung mann som starta med glas- og rammeforretning i Florø. Ludvik Solberg kom flyttande frå garden Solberg i Urane. I 1916 kjøpte han Strandgata 38–40, der han starta agenturforretning, grossist- og detaljhandel, innan kortevarer *, såpe og parfyme. Solberg reiste rundt i båten «Bølgen», og leverte varer til andre handelsmenn i Sogn og Nordfjord. Ludvik hadde mellom anna deleagentur med lager av smør frå Mowinckel Margarinfabrikk og Nidar Chokoladefabrikk. I 1925 fekk Solberg autorisasjon til å drive sal og utleige av radioapparat. Sonen Sigurd var spesielt interessert i radio og elektronikk, og han jobba ei tid hos Tandberg radiofabrikk, før han kom heim og jobba saman med faren. I 1948 fekk skipselektronikk meir innpass i forretningsdrifta. Denne interessa og satsinga var avgjerande under dei rike sildeåra på 1950-talet.

I 1966 overtok Sigurd Solberg drifta etter faren, og 1968 skifta firmaet namn frå Ludv. Solbergs Eftf. til Sigurd Solberg. Serviceverkstaden fekk ei stadig viktigare rolle, spesielt med

tanke på radioar og skipselektronikk. Sigurd Solberg fekk oppdraget med å levere skipselektronikk til Ankerløkken Verft i Florø frå 1953, og leverte til bortimot alle nybygga på verftet i byen. I starten var det enkle installasjonar, men frå 1990-talet vart det meir komplette pakkar og brupultar. Sigurd Solberg var ein nestor innan radio- og TV-teknologi, og utvikla firmaet til å bli den største innan elektronikk. Han var glødande interessert og følgde bedrifta han vaks opp i og som han sjølv var ein viktig vekstfaktor for, frå han var fødd i 1912 til han gjekk av med pensjon som 90 åring. Kona Jessie dreiv byens første parfymeri, fram til dottera Vesla overtok.

lenger vest i byen, i Fugleskjærgata. I dag er Solberg-gruppa eigar av Elkjøp Fjordane og har forretningar i Florø, Førde og Måløy. Sigurd Solberg er størst på skipselektronikk i fylket. I 2012 er det 100 år sidan familien Solberg starta forretningsdrift i Florø. Dei har klart å ta vare på tradisjonane gjennom fleire generasjonar, og har tilpassa seg svingingane og marknaden. Sigurd Solberg AS framstår som ein solid aktør i næringslivet i Florø og fylket, som framleis vil prege næringslivet og eigedomsmarknaden i uoverskueleg framtid. *) Store Norske leksikon: Kortevarer, gammel betegnelse på varer som ikke blir målt eller veid, men solgt stykkevis, dusinvis el.l.: knapper, sakser, kammer og andre småsaker.

Året 1990 overtok John Sigurd - barnebarnet til Sigurd - ansvaret for firmaet. Han førte arven med meir spesialisering vidare, samtidig som kvitevarer, data og telefon fekk plass i sortimentet. Dei gamle forretningslokala vart utbygde på slutten av 60-talet og starten på 1980-talet, men før 1900talet var omme var forretningslokala i Strandgata selde, og firma vart samla

Sigurd Solberg

5

100 år • 1912–2012


re orø har vo l F i S A g r be ia verftet s n e k k Sigurd Sol ø l r r ved Anke båtane e t s r leverandø ø f i e D g nr 2. tyrte med leverte byg s t u t l e k n var e tter kvart E . d frå verftet d o l o k n og ek dar radiotelefo gså peileapparat, ra eo ar firma h e fekk båtan r a n i e S å k logg. e pakkar p og elektris t t e l p m o k vert Solberg le ronikk. skipselekt

Ankerløkken leverte i 1963 ein lastefekk namnet «Fagranes». Gudmor va til nestoren Sigurd Solberg. Båten va vestkysten. På bildet ser vi ein repres kontorsjef Rolf Gundersen frå Anker

Her ser vi byggenummer 10 av

«Vestfjordbussen» frå 1955

Historia om Simrad starta i 1947. Då s Willy Simonsen opp eit selskap for å pr radiotelefonar for fiskeflåten. Firma S forhandlar i 1955 – midt under det sto Fiskarar over heile verda brukar i dag ekkolodd, for å sikre eit tryggare og me Her ser du bilde av toppmodellen på 5

Bergingsbåten «Sterkodder», levert av verftet i 1957 til Norsk Bjergningskompani. Sigurd Solberg

6

100 år • 1912–2012


- og passasjerbåt til Island som ar Jessie Solberg frå Florø, kona art sett i rute på den islandske sentant frå rederiet, Jessie Solberg og rløkken.

Forretningsbygget i Strandgat a. Her hadde firma Solberg båd e verkstad og butikk for parfym eri, skipselektronikk, brune- og kvitevarer. Butikken var på 250 kvadratmeter, på same tomt som forretninga vart grunnlag t. Seinare selde Solberg bygget og flytta til «Elkjøp-bygget» som det vert kalla på folkemunne.

Interiør frå butikken i Strandgata frå gamal tid

starta rodusere Solberg vart ore sildefisket. g Simrad sine eir effektiv fiske. 50-talet.

r viktig Sertifikat va også. Her er den gongen 926 gsbevis frå 1 Kringkastin t frå onsdokumen og autorisasj t i 1925. Telegrafstyre

en der namnet sitt etter by k fek » rø lo «F en ar Trål i 1961 til vert av Ankerløkken båten vart bygd. Le Sverige.

Fjerde generasjon ns Solberg, son til dage eigar John Sigurd Solberg. Martin Solberg jobbar som serviceteknikar i firmaet. Her viser Martin fram eit av produkta som var særleg populært på 70-talet.

Sigurd Solberg

7

100 år • 1912–2012


Fiskepionerane satsar for framtida

- Skipselektronikken er heilt avgjerande for oss, og ikkje minst for å få ungdommen til å drive dette vidare, seier Kjell-Rune Nekkøy, og viser til dei 9 skjermane han har på brua om bord i Albacore. Før måtte vi skrive resultata ut på papir for så å tolke dei. I dag samlar vi alt på ein skjerm med 3D bilde.

- Skal vi få ungdommen om bord må vi vere villige til å investere i nye tekniske løysingar. Nekkøy fortel at dei kan registrere fiskestimar som er 4 kilometer vekke, og at dei har sensorar på nota som fortel kor tid dei må snurpe den i hop. Elektronikken er og viktig i forvaltingssamanheng, meiner Nekkøy. Før måtte vi ta opp fisken for å sjekke om det var rett storleik, i dag fortel elektronikken vår kva storleik det er på fisken før vi fangar den.

til fiskeflåten, og dette var eit godt og grundig samarbeid med KjellRune, fortel John Sigurd Solberg. – Vi skal dekke deira behov, men det er dei som har kompetansen som skal til for å få den mest optimale løysinga.

Service jorda rundt Fiskeskipparen frå Nekkøya i Flora fortel at han dreiv fiske i Australia i 7 år, og der låg dei langt etter på den tekniske sida. Eg hadde med meg erfaringar og teknologi frå Norge, og det skapte ein del misunning. Etter ei natt med landligge opplevde Nekkøy at andre lokale fiskarar hadde ned dykker og knuste sonarkula på båten. Til og med då var

det skipselektronikk-firmaet i Florø som stilte opp. Det var ein telefon til Florø, og etter 4 døgn hadde han ny sonarkule på plass - i Australia. Det må kallast world-wide service.

I fremste rekkje Kjell-Rune og brørne hans som driv Bluefin, er opptekne av å følgje med i tida, og skryt av firmaet Sigurd Solberg, som er frampå og oppdaterer dei på kva som er på marknaden, og ikkje minst kva som er i vente. Nekkøy meiner at oljeindustrien er ein viktig pådrivar for den rivande utviklinga innan elektronikk, - og vi går gjerne arm i arm med oljeindustrien.

Fiskepionerar John Sigurd set pris på å samarbeide med karane frå Nekkøya, og fortel at dei er pionerar på fiskerifronten. No er det ny båt på beddingen, som skal erstatte dei to båtane Albacore og Bluefin. Nekkøykarane var først ute med fiskebåtar i kompositt, og no blir dei truleg eigarar av den største fiskebåten i dette plaststoffet. Materialvalet er framtidsretta og avgjerande i forhold til vedlikehald og drivstoffforbruk. Den nye Nekkøybåten blir 10 meter lengre enn Albacore, og dobbel så brei – og full av elektronisk utstyr frå Sigurd Solberg.

Kjell-Rune Nekkøy har alltid satsa på å vere i fremste rekkje i den teknologiske utviklinga, og har lagt stor vekt på at ting skal vere funksjonelt. Brupulten på Albacore var den første firmaet Solberg bygde

– Det er maten vi lever av, og då er det viktig med rekruttering til fiskaryrket, seier Kjell-Rune Nekkøy. – Skal vi få ungdommen om bord må vi vere villige til å investere i nye tekniske løysingar.

Om bord på Albacore kan dei lett svitsje mellom kva slags instrument som viser på dei ulike skjermane.

Skreddarsaum i «fylkesprosjekt» Rederiet Lending i Solund har kontrahert ny fiskebåt, som er prosjektert hos Seacon i Måløy og skal utrustast hos Solund Verft. Sigurd Solberg i Florø skal levere den maritime elektronikken. Nyebåten blir eit solid Sogn og Fjordane-prosjekt med lokale leverandørar frå heile fylket. – Vi har samarbeidd med Sigurd Solberg i over 20 år, og synes det har fungert godt, fortel Magnar Lending. Båten skal riggast for fiske med snurrevad, ringnot og garn, og skal etter planen vere ferdig på nyåret i 2014. – Det er viktig å vere tidleg ute og komme fram til gode løysingar saman med leverandørane, meiner Lending. - Hos Sigurd Solberg er dei flinke til å lytte til våre erfaringar, slik at vi får gode og skreddarsydde løysingar.

Sigurd Solberg

8

100 år • 1912–2012


Er du fiskar lyt du vere

Vi gratulerer Sigurd Solberg AS med 100 års jubileet og som SIMRAD-forhandler i 57 år

optimist

Kongsberg Maritime AS simrad.no

Maskinist Harald Svanøe (t.v.) som har vore om bord i Skjongholm sia 1997. Her saman med John Sigurd Solberg.

Rune Nilsen, som driv garnbåten «Skjongholm» på 34 meter er oppteken av lokale og gode samarbeidspartar. Når du er heimehøyrande i Florø så er det mest praktisk å bruke lokale bedrifter. For oss er firma Sigurd Solberg ein slik samarbeidspart. Heilt frå vi samarbeidde med Odd Skarstein til den yngre generasjonen hos Solberg har vi alltid hatt eit godt kundeforhold, seier Rune. Dei held oss oppdatert på kva som er nytt, for oss er dette nyttig då vi heile tida er opptekne av å vere godt rusta for eit godt fiskeri.

Kontakt Sigurd Solberg AS

Vi driv garnfiske og har på det mest hektiske 10 mann om bord. I staben vår har vi 16 til 17 mann totalt. Er du fiskar lyt du vere optimist når vi spør om korleis fiskeriet er.

Vesla Eigedom Førde AS leiger ut vel 3000 m2 til dei to sterke merkevareaktørene Elkjøp og Jysk

Gratulerer! Hilsen stolt bank for Elkjøp i Sunnfjord. Vi gratulerer Sigurd Solberg med jubileet

Tlf. 06001 nordea.no

Leverandør av radiokommunikasjon • datamatik.no Sigurd Solberg

9

100 år • 1912–2012

Gjør det mulig


FURUNO ser, det du ikkje ser

A til Å - www.atilaa.no I Foto: Oskar Andersen, Trond Sagen

- Å sjå fisken, er avgjerande for om fisket skal lukkast, seier Terje Petersen, salssjef hos FURUNO. Selskapet med hovudkontor i Ålesund, har ambisjonar om å hjelpe fiskarar til å sjå det dei elles ikkje ser. At FURUNO er størst i Norge på skipselektronikk, er takka vere firma som Sigurd Solberg, fortel Petersen. Dei er dyktige til å selje, montere og ta service på produkta våre om det trengs.

Historia til FURUNO går tilbake til tida etter 2. verdskrig. To japanske brør med etternamnet Furuno starta utviklinga av fiskeleiteutstyr. Verdas første transistoriserte ekkolodd var utvikla så tidleg som i 1948, omlag på same tid som Sigurd Solberg starta si satsing på skipselektronikk. I 1958 utvikla FURUNO sin første LORAN og 3 år seinare kom verdas første net sonde. I 1959/60 etablerte dei seg i Norge, som det første oversjøiske dotterselskapet oppretta av Furuno Electric Co. Ltd. I 1974 blei Furuno Norge AS grunnlagt.

- Sidan etableringa i 1974, har vi hatt Sigurd Solberg i Florø, som ein viktig samarbeidspart. Fiskeri er den viktigaste næringa vi er inne i, men vi er også inne i offshoremarknaden. I det siste har vi og opplevd ein aukande del i utanlandsflåten. Hovudkontoret i Ålesund har rundt 30 tilsette, og vi har fine lokale for kursing av brukarar, teknikarar og forhandlarar. Petersen fortel at dei har teknikarar inne på kursing ein til to gonger pr år. Dei som jobbar med sal er innom her ein gong for året. Dette er avgjerande for å yte kundane god service.

Furuno Norge AS er i dag den største distributøren (utanom USA) for Furuno Electric Ltd. Bakgrunnen for etableringa i Norge var den store norske fiskeflåten og Norge sin posisjon som leiande maritim nasjon innanfor shipping og skipsbygging. Sigurd Solberg si satsing på skipselektronikk har gått hand i hanske med FURUNO si satsing.

- Vi har så stort og effektivt delelager at vi skal klare å dekke heile Norge på dagen, fortel Pettersen. - Produkta våre er av topp kvalitet, men det er like viktig å kunne yte rask og god service i denne bransjen. Fiskebåtar kan ikkje ha dagevis med landligge på grunn av ein liten del. Saman med firma Sigurd Solberg klarer vi å hjelpe dei raskt tilbake på sjøen.

Sigurd Solberg

10

- Det heile starta med utvikling og sal av ekkolodd, men aller mest er nok FURUNO kjent for sine eksepsjonelle radarar. World wide anslår vi at marknadsandelen vår er ca 50 % på radar i fiskerisegmentet, og sidan starten har FURUNO utvikla heile 366 radarmodellar. Vi er eit innovativt selskap, og har nyleg utvikla ein ny trålsonar (TS-337A), og eit nytt skjermstyringssystem (FNMS). Vi vil heile tida tenke produktutvikling, og levere dei beste produkta innan maritim elektronikk. Saman med forhandlarar som Sigurd Solberg har eg stor tru på at vi skal halde på marknadsandelane våre også i framtida, avsluttar ein fornøgd salssjef.

100 år • 1912–2012

www.furuno.no


Konkurrerer i ein

tøff marknad

Sigurd Solberg AS klarer å konkurrere med møringane i ein tøff marknad, og det er tøft gjort, meiner seniorinspektør Trond Owesen i Fjord1, og viser til ei lang rekkje med ferjer som reiarlaget har bygt på Sunnmøre. Skipsingeniøren som har bakgrunn frå Ankerløkken, Skipskontrollen og INC, før han starta hos Fylkesbaatane i 1990, har ansvaret for alle nybygg utanom gassferjene.

– det er ein stor fordel med ein lokal leverandør Eg jobbar med nybygga frå prosjektering, til stålskjering og ferdige ferjer, og legg vekt på godt samarbeid med både mannskap og leverandørar, for best muleg resultat. Solberg leverer alt til brua i tillegg til PA anlegg, fjernsyn og intern kommunikasjon om bord. Dei er gode

på pakkeløysingar, og sjølv om dei truleg må strekke seg langt på pris i konkurransen, så har dei det igjen på service i etterkant. For Fjord1 er det ein stor fordel med ein lokal leverandør, når vi skal ha service og vedlikehald på

utstyret. - Karane hos Sigurd Solberg er lette å samarbeide med, og stiller til alle døgnets tider om det er nødvendig, fortel Owesen. – Vi legg vekt på å bruke lokale leverandørar, men samtidig krev vi at dei konkurrerer på pris og kvalitet. Det er mange svært flinke lokale leve-

randørar her i fylket, og Solberg er Fjord1 sin viktigaste samarbeidspart på skipselektronikk. Dei er veldig opptatt av å oppdatere seg på sitt fag, og dei er flinke til å følgje oss opp, fortel ein fornøgd skipsinspektør.

Sigurd Solberg har levert skipselektronikk til mellom anna desse Fjord1 båtane:

Vi gratulerer våre leigetakarar med jubileumet MF DAVIK

MF VÅGSØY

MF LIFJORD

MF ÅRDAL

Postboks 323, 6901 Florø

MF LOTE

MS FJORDPRINS

MF NORDFJORD

MS SOGNEKONGEN Sigurd Solberg

11

100 år • 1912–2012


og tettare samarbeid

Nøkkelpersonane, Elkjøp Førde: Terje Steen, Kristian Nyttingnes, Øystein Eriksen, Knut-Ivar Sætrebakke, Espen Loe Haukedal, Karl-Martin Johannessen, Jorunn Hunskår Horstad og Arild Russenes

- Vi har eit tett og godt samarbeid mellom dei tre butikkane i Fjordane Elkjøp, og ser ein klar fordel med ein lokal eigar, seier butikksjef i Førde og driftsleiar for butikkane i Florø, Førde og Måløy, Espen Loe

Haukedal. - Sjølv om vi er ein del av den store norske kjeda, er vi samtidig eit lokaleigd selskap. Her er det kort veg til beslutningstakar og vi får tett oppfølging på mellom anna rekneskap.

Butikken i Førde er fylkets største elektromarked, og fokuset er å ha eit rikhaldig vareutval og gode prisar til kundane i Førde og omegn. - Folk skal sleppe å reise til Bergen eller Ålesund for å handle,

seier Haukedal. - Forretningsbygget som er ein del av eigedomsselskapet til Sigurd Solberg er topp moderne, og ligg godt til for oss og kundane, mellom dei andre store her på Brulandsvellene. Gjengen hos Elkjøp i Måløy. Bak frå venstre Ferdinand Flåten Refsnes, Faruk Ekip, Bjørn Roger Hennøen, Vidar Nesbakk, Ivan Gerhardsen Framme frå venstre: Kim Nedreberg Silden, Anne Grethe Teige og Johannes Evensen.

Elkjøp i Måløy er etablert ved Måløy Stormarked og har i dag flotte lokale på over 850 kvadratmeter. No er det tre år sia Elkjøp flytta inn i dei nye lokala, og vi har opplevd ein formidable vekst sia vi flytta, seier varehussjefen Kim Nedreberg Silden i Måløy. Sigurd Solberg

12

100 år • 1912–2012


Gjengen hos Elkjøp i Florø med tommelen opp: Daniel Bjerck Olsen, Anders Bakke, Daniel Notø, Perry Røren, Bjørnar Hovden, Thor Eliassen, Terje Pettersen, Aleksander Gulbrandsen, Thomas Totland, Steffen Refsnes, Jan Magne Aase, Birgitte Fredlund, Sondre Bjerck Årøen, Fredrik Faye Matre og Svetlana Iudina.

– Vi er nær kunden sjølv om vi er ein del av ein stor kjede, seier varehussjef Thor Eliassen i Florø. Elkjøp i Florø er saman med butikkane i Førde og Måløy eigd av Solberg. Vi har lokal forankring, men samstundes kan kundane nyte godt av alle fordelane ved at vi er med i Elkjøp. For kundane betyr det at vi får ta del i dei gode

prisane til den suverent største kjeda i Norden. Hos oss får du dessutan råd og tips. Vi er spesielt stolte over at vi kan vise fylket sin største «TV-vegg». Her er det eit kjempeutval av alle typar TV, samstundes som vi vil framheve det gode utvalet av PC, seier den smilande varehussjefen.

Her får kunden Olav Steimler (t.h.) god hjelp av Bjørnar Hovden. Steimler seier at det gode utvalet i tillegg til at Elkjøp har satsa på eige supportsenter for service og teknisk hjelp lokalt gjer at han brukar Elkjøp når han skal handle TV, og ikkje minst datautstyr. «Dessutan er eg tryggare når eg handlar lokalt».

Fredrik Faye Matre viser stolt fram ein av dei nyaste Mac modellane. Matre seier at Elkjøp har det beste utvalet i produkt frå Apple og tradisjonelle PC her i fylket.

Varehussjef i Florø, Thor Eliassen. Sigurd Solberg

13

100 år • 1912–2012


Grønn.

Grønnere.

Grønnevarer fra Bosch forbruker minimalt; vårt nye kjøleskap merket A+++ bruker mindre strøm enn en sparepære.*

Bosch sitt nye kjøleskap har beste energiklasse A+++ og er derfor en av våre beste grønnevarer. Kjøleskapet bidrar til en holdbar livsstil på to måter. Dels gjennom lavere energiforbruk og dels gjennom at kjøleskapet forlenger matens holdbarhet, takket være oppbevaringsbokser som bevarer råvarenes fuktighet. Med det nye kjøleskapet fra Bosch slipper du med andre ord både unødvendig mat- og energiforbruk. Les mer om Bosch sine populære grønnevarer på www.bosch-home.no

* Sammenligningen er basert på en tent 9 watt sparepære og en standard måling av et Bosch kjøleskap A+++. I løpet av ett år forbruker lampen 79 kWh og kjøleskapet 75 kWh.

Sigurd Solberg

14

100 år • 1912–2012


Vi gratulerer

Solberg og Elkjøp med jubileet

w w w. sterk kommunikasjon.no - foto: iStock

og takker for et godt samarbeid gjennom mange år.

Grundig Vision 9 55 VLE BP

Kjøp Grundig Vision 9 hos Elkjøp TV MED RÅ LYD! Grundigs nye 3-veis lydsystem overrasker alle. Kombinert med 3D bilde og Smart-TV får du en uslåelig kombinasjon som gir deg den beste TV opplevelsen. Kun en fjernkontroll og ingen ekstra boks nødvendig: Vision 9 har innebygget di gi t a l m ot t a k e r f or bå de R i k s T V, C a na l Di gi t a l k a be l - T V og C a na l Di gi t a l pa r a bol . Se, og hør Grundig Vision 9 når du er innom jubileumsbutikken!

www.grundig.no

10846_GRUNDIG_ann_Jubileum-Solberg_216x305.indd 1

Sigurd Solberg

15

100 år • 1912–2012

11.10.12 14:20


Maritim elektronikk på Vestlandet

Maritim elektronikk er viktigaste satsingsområdet for Florøfirmaet Sigurd Solberg AS. Firmaet held til i sjøkanten i kystbyen, og tilbyr service og installasjon av maritim elektronikk til så vel lystbåtar som fiskefartøy, offshore- og handelsskip. Våre kunnskapsrike og erfarne medarbeidarar ser på dialog og oppfølging av kundar som ein viktig del av kvardagen. Dei hjelper deg der du er. Ecdis kart system - Sonar - Ekkolodd - Sat TV - Sat Com - Bropulter

OFFSHORE HANDELSFARTØY FISKERI www.sigurd-solberg.no

John Sigurd Solberg Dagleg leiar

Ragna Elise Vestby Solberg Leiar rekneskap

Robin Solberg Prosjektingeniør

Sigrun Larsen Rekneskap

Leni Fredheim Borgen Rekneskap

Tore Bratbergsengen Servicesjef/koordinator

Svetlana Iudina Lærling

Svein Tore S. Løkkebø Avdelingsleiar Sal

Astor Hugøy Serviceteknikar

Martin Solberg Prosjektleiar/serviceteknikar

Sigurd Solberg AS

Fugleskjærgt. 6, 6900 Florø Telefon 57 75 13 00

Maxim Grachev Prosjektleiar/serviceteknikar

Olav Håland Serviceingeniør

Aleksander G. Stub Lærling

Alexey Dunaev Serviceteknikar

post@sigurd-solberg.no www.sigurd-solberg.no

Elkjøp i Måløy

Telefon: 57851088 - Epost: varehussjef.maloy@elkjop.no Opningstider: Mandag, tysdag, onsdag og fredag: 10-17 torsdag: 10-18, laurdag: 10-15

Elkjøp i førde

Telefon: 57820750 - Epost: varehussjef.forde@elkjop.no Opningstider: Mandag–fredag: 10-19 Laurdag: 10-16

Elkjøp i Florø

Telefon: 57746777 - Epost: varehussjef.floro@elkjop.no Opningstider: Mandag–fredag: 10-18 Laurdag: 10-16

© A til Å - www.atilaa.no

Kjente merkevarer til lÅGE priser - www.elkjop.no


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.