Flyplassmagasin

Page 1

g laur a d n e p O ust frå g u a . 7 2 siste å j S . 0 kl. 12:3 llstendig fu sida for . program

Foto: Rune Helland

EG GLED D FEST R O T S TIL dag

Jubileumsmagasin for flyplassen i Florø Foto: Are Fjellestad

Florø Lufthamn er ein av dei eldste flyplassane i Sogn og Fjordane, og den største lokale lufthamna i Norge. Jubilanten som er 40 år i år, er ein av dei viktigaste knutepunkta mellom fylket og omverda, og ein stor arbeidsplass i kystbyen. Her finn ein mellom anna direktefly til Oslo og Bergen, helikoptertrafikk til Nordsjøen og forsvaret si redningsteneste 330 skvadronen. Florø Lufthamn har store utviklingsmuligheiter.


27. august, frå kl 12.30

OPEN DAG

Florø Lufthamn – størst av dei lokale lufthamnene i Noreg Det er 40 års sidan Florø lufthamn vart opna. Lufthamna har sidan den tida vore eit viktig ledd i infrastrukturen i Florø og regionen i kring oss. Dagens samfunn krev raske og effektive kommunikasjonsløysningar, og her er lufthamna ein viktig bidragsytar. Den reisande ynskjer eit godt rutetilbod, noko som vi har til og frå Bergen og Oslo. Gjennom desse åra har flyplassen gjennomgått ein kontinuerleg utbygging mellom anna av fasilitetar, forlenga rullebana og auka sikkerheitsnivå – alt for å leggje best mogleg til rette for dei reisande, og for å imøtekomme dei strenge krava som luftfarten stiller. Den største skilnaden på Florø og dei andre 28 lokale lufthamnene som vi har i Avinor er den allsidige aktiviteten. Rutefly er noko som alle lufthamner har, men i Florø har vi og den viktige trafikken til og frå Nordsjøen, i tillegg til Forsvarets si 330 skvadron som etablerte seg her i 2009. Trafikktala våre har utvikla seg frå 20.000 i 1972 til at vi i 2011 nærmar oss 160.000 reisande. Nær 160 tilsette har sitt virke her, og alle har sine arbeidsoppgåver knytta til drifta av lufthamna. Å drive lufthamn er eit samspel mellom mange firma og menneske. Eg er utrulig stolt over det samspelet som dei tilsette på lufthamna viser i dette arbeidet. Sikker og effektiv drift pregar kvardagen til kvar enkelt. Næringsliv og politisk leiing har i alle år hatt sterk fokus på tilbodet på lufthamna. Eg er glad for at vi har aktive interessentar som bidreg sterkt til utvikling og tilpassing av rutetilbodet ved lufthamna. Arbeidet med å møte det behovet som måtte komme blir viktig framover. Viss ein 40 åring kan komme med ei ynskeliste i høve dagen må det sjølvsagt vere flytilbod direkte til Kristiansund og Stavanger! Laurdag den 27. august 2011 ynskjer vi å vise lufthamna vår til alle som er interessert, og inviterar derfor til open dag. Ynskjer alle til lukke med Florø Lufthamn 40 år, og ser fram til mange gode år vidare!! Siv Merete Stadheim lufthamnsjef

2

Florø Lufthamn - 40 år - 2011

Alle som jobbar på flyplassen ønskjer deg velkommen til open dag laurdag 27. august. Denne dagen får du høve til å sjå og oppleve mykje av den aktiviteten som skjer på lufthamna. det blir demonstrasjon av brann- og brøytebil, demonstrasjonar av modellfly, og ikkje minst kan du få deg ein rundtur i lufta med fly eller helikopter. Her blir det luftig moro for store og små. Vil du slappe av med kaffi og kaker er det også mulig på 40 års jubileet. Sjå fyldig program siste side.

FAKTA Avinor Florø Lufthamn: • • • • • • • • • • • • •

Opna 30. juni 1971 Den største lokale lufthamna i Norge Fraktar årleg ca 160.000 passasjerar 1200 meter rullebane Regularitet på over 99 % ca 150 årsverk ved lufthamna 1987: offshorehelikopter etablert 1999: utvida frå 800 til 1200 meter rullebane 2000: bygde nytt flytårn 2006: utvida sikkerheitsområde og lysanlegg 2009: Forsvaret etablerte 330 SKV 2010: CHC kontrakt på helikopter nr 2 2011: Florø Lufthamn 40 år, jubileumsfest 27. august


Flyplassjubileum i det mest desentraliserte fylket i landet Sogn og Fjordane, sundskore av fjell, brear og fjordar; det minst byprega fylket i Noreg, men med nest høgast verdiskaping per. innbyggjar. Fiske- og kraftfylket, olje- og gassfylket med ein kontinentalsokkel som produserer tredjeparten av norsk oljerikdom. Der avstand i luftlinje er kort kan framkomeleg avstand langs fjordar eller dalar vere det mangedoble. I dette Sogn og Fjordane starta ein samferdslerevolusjon då fire flyplassar vart tekne i bruk. Førde kom først i 1970, så følgde Sogndal og Florø i 1971 og Sandane i 1975. Flya gjorde dagsturar til hovudstaden Oslo mogleg. Vi vart ein meir likeverdig aktør med resten av landet. Flyplassane opna Sogn og Fjordane mot omverda på ein ny måte. I dag tek dei fire flyplassane imot nær 300 000 passasjerar eller tett på tre gonger fylket sitt folketal. Sogn og Fjordane har natur og vêr som alltid må reknast med som med- eller motspelar. Særleg då har alternative flyplassar ein viktig verdi. Florø Lufthamn er viktig i eit område der skipsbygging og offshoreverksemd har vore berebjelkar i etterkrigstida. Florø er i tillegg heimbyen til Thor Solberg som flaug frå USA til Noreg i 1935 som den første. Tenestene til olje- og gassindustrien; særleg Fjordbase på Botnaneset er nærast for utenkelege å rekne utan flyplassen. Slik vil flyplassargumenta komme same kvar i fylket du rettar søkelyset. Sogn og Fjordane sin suksess som verdiskapar til beste for storsamfunnet Noreg er tett knytt til godt utvikla flytenester. Det er difor mange gode grunnar for å ønskje Florø Lufthamn Avinor til lukke både med jubileet og framtida. Nils R. Sandal fylkesordførar Sogn og Fjordane

Helsing til jubilanten Florø Lufthamn I år er det 40 år sidan opninga av Florø Lufthamn. Det var ein stor dag, som mange hugsar med glede. Mange av dagens innbyggarar ser på flyplassen og flytilbodet, som ein sjølvsagt ting. Men det er som kjent ingen ting som kjem av seg sjølv. Det ligg mykje arbeid og godt samspel bak dagens lufthamn. Det er mange gode krefter og flinke folk som jobbar i lag, for at vi skal bli møtt med god service på ein triveleg og trygg flyplass – som effektiv får oss dit vi vil. Det er ei stor glede for meg å helse frå Flora kommune, og ønskje til lukke med ein sprek 40 åring. I velkomsthelsinga frå kommunen, under opninga 30. juni 1971, skreiv ordførar Odd Færøyvik mellom anna: «Vi ventar oss mykje av lufthamna, og reknar med at den vil ha stor verknad for utviklinga i byen og distriktet.» Det er svært gledeleg at denne forventinga har vorte innfridd. Florø lufthamn har vore ei viktig brikke i utviklinga av kommunen, og heile distriktet rundt oss. Lufthamna blir driven på ein svært god måte, og den har heile tida vore under utvikling. Aktiviteten på flyplassen har auka i takt med næringslivet og brukarane sine behov, og har slik medverka til ei god utvikling i kommunen. Flora kommune ynskjer til lukke med jubileet og ser fram til vidare godt samarbeid, der vi saman kan legge til rette for ei god utvikling. Bente Frøyen Steindal ordførar i Flora kommune

Flyplassmagasinet «Florø Lufthamn 40 år» er eit samarbeid mellom Avinor Florø Lufthamn og A til Å

Redaktør ANITA ØYGARD anita@atilaa.no

Prosjektleiar og salsansvarleg MALVIN HORNE malvin@atilaa.no

Grafisk leiar / designansvarleg Grafisk formgjevar/web TROND SAGEN ROGER ANZJØN trond@atilaa.no roger@atilaa.no

Florø Lufthamn - 40 år - 2011

3


Flora skal opp og fram

FRAM FLORA: Stein Kvalsund, Marti Gjerstad og Jan Tore Bø. Foto.: Iselin Valvik.

- Kommunikasjon er avgjerande for næringslivet, seier Jan Tore Bø i Fram Flora. - Flyplassen og Fram Flora har felles mål - vi skal få folk og næringslivet i Flora opp og fram. Fram Flora har tre tilsette i selskapet og har næringsutvikling og industriinkubator som forretningsområde. Bø fortel at selskapet er sterkt knytt opp mot industriverksemdene i Flora, for å fremje knoppskyting og utvikling i kystbyen. Som industriinkubator er vi spesielt opptekne

av aktiviteten og den vidare utviklinga av skipsverftet ved STX. Samarbeid og kommunikasjon - Ei anna viktig oppgåve er bidra til samarbeid mellom verksemder, både internt i kommunen og i eit regionalt perspektiv.

Fram Flora er Flora kommune sitt næringsapparat og skal aktivt stimulere til nyskaping der ein mellom anna skal følgje opp gründerar og etablerarar som har ulike forretningsidear. - Eit av dei beste bidraga for utvikling

og vekst i eit område er å sikre gode samferdselstilbod. Flyplassen har vore avgjerande for utviklinga i Flora dei siste 40 åra, presiserer Bø. I framtida treng vi fleire flyruter som er tilpassa marknaden sine behov og at ein sikrar nødvendig kapasitet, avsluttar Bø.

Hamnesjef Audun Korneliussen og styreleiar Vidar Grønnevik i Flora Hamn KF er opptekne av at reisande på vegen, på sjøen og i lufta får ei god oppleving av knutepunktet Flora.

Knutepunkt til lands, til vanns og i lufta med Hamnesjef Audun Korneliussen og styreleiar i Flora Hamn KF Vidar Grønnevik er opptekne av knutepunktet Florø, både til lands, til vanns og i lufta. - Vi er avhengige av kvarandre anten vi styrer trafikken i lufta eller på sjøen. Difor er det viktig at vi bygger opp om kvarandre, til gjensidig nytte og glede, presiserer Grønnevik. - For oss som driv på sjøsida er lufthamna utruleg viktig, og vise versa, seier hamnesjefen, og dreg fram døme som mannskapsskifte og passasjerar på gjennomreise. Regional hamn Vidar Grønnevik fortel om eit nytt regionalt prosjekt, som er kome til som følgje av endringar i hamne- og farvannslova. Frå 1.1 2012 har Kystverket berre ansva-

4

ret for hovud- og bileia. Alt utanfor dette blir no kommunane sitt ansvar. Kvar kommune får dermed ansvaret for sitt farvatn. Sør for Nordfjorden er det berre Bremanger og Flora som har eigne hamneorganisasjonar. - Difor jobbar vi med å få på plass eit såkalla § 27 samarbeid, der kystkommunane, mellom Nordfjorden og Hordaland inngår eit hamnesamarbeid. Flora Hamnekontor vil vere sekretariat

Florø Lufthamn - 40 år - 2011

og operativ eining, for det nye «Ytre Sogn og Sunnfjord Hamn». Alle dei deltakande kommunane skal ha kvar sin representant i hamnerådet, som vil vere det øvste organet i den nye organisasjonen. Felles passasjerterminal Hamnekontoret i Flora har elles mange andre viktige prosjekt på blokka. Utanom arbeidet med fiskerikaianlegg på Kringleskjeret i Hesteneset og ei stor flytekai

inne i hamnebassenget, er dei i gang med eit større terminalprosjekt på kaia. - Ein felles buss, taxi og båt terminal på kaiområdet vil gjere det lettare for alle reisande, meiner Grønnevik. - I ein liten by, med kort avstand mellom hamn og flyplass, vil dette gjere oss til eit endå betre og meir oversikteleg knutepunkt.


Hammerfest

Harstad

Snorre A

Snorre B

StAtfjord A-C gullfAkS A-C kviteBjørn

viSund

vegA

troll C HuldrA veSlefrik B troll B oSeBerg øSt troll A oSeBerg BrAge Distribusjon Forsyning Logistikksenter OCTG

Baser

Lisens, drift & ingeniørmiljø

★ ◉ ◉◉

Florø

Mongstad

Bergen

oSeBerg Sør

Stjørdal

Kristiansund

Oslo

Stavanger

Florø Lufthamn - 40 år - 2011

5


Frå den gong – historia vår! Dette bildet er tatt av flygjengen ein vakker sommardag på slutten av 70-talet utanfor gamle terminalbygget i Florø. Widerøe «inntok» byen då flyplassen vart opna. Det kom 12 flygarar og dei fleste busette seg i byen for å vere i nærleiken. Gjengen som er samla her er frå venstre: Jan Hem, første tida var Hem styrmann seinare kaptein. I dag bur han i Sandefjord. Nummer to frå venstre er Anders Scheflo, kaptein i Widerøe. Scheflo lever ikkje lenger. Nummer tre frå venstre er Bernt Melvær, første tida var han styrmann og seinare kaptein. I dag er han pensjonist. Nummer fire frå venstre er Leif Bergli, kaptein i Widerøe frå 1971 til 1998. Bergli er pensjonist og bur i Florø. Nummer fem er Erik Orre som er saman med sonen Øyvind. Orre var første tida styrmann, seinare kaptein. I dag bur Orre i Sandefjord, men har barna sine i kystbyen Florø, og han er her ofte. Då Florø Lufthamn vart opna i 1971 likna terminalen mest på ein kiosk, der ein kunne hente billettar. Flyplassen slik den står fram i dag er ei moderne lufthamn. Folk i Sogn og Fjordane kan vere stolte av at flyplassen er den største småflyplassen i Norge. Mykje av grunnen er den store aktiviteten knytt til oljeverksemdene i Florø.

Utlånt av Norvald Nydal

Samferdsleminister Reiulf Steen opna flyplassen i Florø 30. juni 1971. Som programmet fortel frå den gongen var det stor festivitas. Det var mange gjestar som kom med helsingar i høve opninga. Skipsreiar Fred Olsen som var styreformann i Widerøe var med og talte. Det var middag for innbedne gjestar, og opning av Thor Solbergvegen, ved dåverande fylkesordførar Iversen. På kvelden var det folkefest i hangaren, med gamal og ny dansemusikk der Vivo og Johs.Trio spelte. Festen vart avslutta med fyrverkeri. Arbeidet med lufthamna tok til 25. juni 1970 og vart avslutta 29. juni 1971. Anlegget var planlagt av Luftfartsdirektoratet og Flora byingeniørkontor.

Byggherre og eigar den gongen var Flora kommune. Flyplassen fekk ei planert rullebane på 1000 x 60 meter, av dette var det 860 x 30 meter asfaltert rullebane. 130.000 kubikk fjellmasse vart utskote, og 65.000 kvadratmeter terreng vart planert. I tillegg vart 30.000 kvadratmeter rundt flyplassen tilsådd. Totalkostnaden den gongen, med utstyr, var 9,3 millionar kroner. Mykje pengar den gongen for kommunen, men det handla den gongen, som i dag, om å komme seg opp og fram. Hovudentreprenør var Veidekke frå Haslum, men mange lokale firma i Florø var i arbeid. Vest Elektro hadde belysning. Tårn og ekspedisjonsbygget var bygd av firma Jon Strømsnes. Elektrikararbeidet i tårnet og ekspedisjonsbygget hadde firma Husefest. Widerøe var byggherre og eigar for hangaren den gongen. Kristian Riste, Tore Halvorsen, Svein Hopland og Atle Standal var byggenemnd. Per Storegjerde, i dag mellom anna kjent som tidlegare direktør i Sunnfjord Energi, var byggeleiar. Under sildeåra på 50-talet lanserte den flyinteresserte byingeniøren Arne

6

Florø Lufthamn - 40 år - 2011

Bengtsen planar om flyplass i Havreneset. I området ved Industrivegen. Kommunane Florø og Kinn såg føre seg at Vestlandske Luftfartsselskap kunne trafikkere ein småflyplass i Florø med små flytypar som ikkje trengde så lang rullebane. Komiteen under leiing av Olav Kolle la fram planar for flyplassen i 1956. Kommunaldepartementet godkjende finansieringa, og arbeidet med flyplassen i Havreneset vart starta. Planen var at sjøflyruter skulle frakte passasjerar frå andre kantar av fylket til flyplassen i Florø. Sjøflyhamna skulle ligge i Gunhildvågen. Ein del av den planerte flystripa vart seinare brukt til Industrivegen. Arbeidet vart stoppa fordi Vestlandske Luftfartsselskap ikkje fekk godkjend Twin Otter fly til vinterflyging. Komiteen jobba likevel vidare med planen. I 1969 vedtok Stortinget at det skulle byggast tre småflyplassar mellom stamflyplassane i Bergen og Ålesund: Sogndal, Florø og Ørsta /Volda. Dermed var ein i gong igjen. Flyplassen i Florø vart ein realitet og opna i 1971. Første tida var det Widerøe som hadde flyging, men i 1999 vann selskapet Coast Air tilbodskonkurransen om flyrutene til og frå Florø. I 2003 overtok flyselskapet Danish Air Transport rutene til og frå Florø. I dag er flyplassen noko meir enn flyruter til og frå Florø, men det kan du lese meir om i dette jubileumsmagasinet som er ein hyllest til flyplassen i Florø og dermed heile kysten. Gratulerer alle som har vore med og fått dette til.


Frå byggeleiar i 1970 – Per Storegjerde Knapt noko byggeprosjekt i kongeriket har hatt større lokal interesse enn bygginga av Flora Flyplass i 1970 1971. Det var eit lenge etterlengta prosjekt. Kommunen hadde 10 år før satsa stort, kjøpt inn anleggsutstyr og faktisk byrja å bygge på ei rullebane ute i Havreneset. Men den aktuelle flytypa, som kravde svært kort rullebane, vart ikkje godkjent for passasjerflyging og anlegget stoppa opp. Det opparbeidde området vart industriareal. Open bykasse Med den gamle krigsflygaren Håkon Kyllingmark som samferdsleminister, tok småflyplassutbygginga i Norge til. Dei vart populært kalla kyllingmarker. Først Helgeland, så Vestlandet. Ørsta/Volda, Sogndal og Flora kom i posisjon i 1969. Planlegginga tok til regnhausten 1969. Flora kommune var byggherre, og sjølv om det var valt eiga byggenemnd, tok formannskapet avgjerd i alle byggherrespørsmål på direkten, som første sak på formannskapsmøta. Aldri før har så mykje folk vore samla på ein stad i Flora som under opninga på ettermiddagen 30 juni 1971. For festnemnda var økonomien ikkje noko problem. Beskjeden frå formannskapet var: «Bykassa står open. Bruk så mykje som de tykkjer.» Det er nok langt i mellom slike vedtak i kommunane no. Bykassa vart ikkje misbrukt. Det vart ei minnerik og verdig opning, ein real folkefest som alle som tok del hugsar. Store forventingar Når det no er 40 år sidan dette gjekk føre seg, kan det høve å sjå litt tilbake. Mange som hugsar tilbake har falle i frå, og mange nye har kome til. For å forstå den forventinga folk hadde til nye flyruter, må vi sjå litt på kommunikasjonane på den tid. Det skjedde store omveltingar desse åra. I Florabassenget kom snøggbåtrutene i gang på slutten av 60-talet. Ekspressbåtane langs kysten var nett byrja å gå. Men den vanlege reisemåten var båtrutene til Fylkesbaatane og Hurtigruta, som tok mange timar. Den vanlege folkeforlystelsen i Flora på den tid var kveldstur til Fugleskjerkaia i 9 tida, for å sjå på folket når rutebåtane kom og gjekk. Ekspressbussruter fanst ikkje, og vegane var manglande og dårlege, slik at bil tok lang tid. Som å bygge veg Som nyutdanna 25 år gamal vart eg tilsett som assistentingeniør ved byingeniørkontoret, og kom til Florø 1. september 1969. Første møtet med byingeniør Svein Hopland fall om lag slik : «Eg tenkjer du får ta flyplassen... Men, eg har ikkje lært noko om flyplassbygging... Det er ikkje vanskeleg. Omtrent som å bygge ein breie veg». Kjell Osland var kartmannen på kontoret på den tid. Han hadde vore med overingeniør Gard frå Luftfartsverket på synfaring etterjulsvinteren same år, det seiest

på ski, på området sør for Gunhildvågen. Dei hadde funne ut at her gjekk det an å bygge flyplass, som kunne strekkast til over 2500 m lengde. Dei hadde teikna inn eit blyantstrek på ein kartkopi som eg fekk i handa, og beskjeden var at anlegget skulle planleggast til mål som for ein såkalla stamflyplass. Det var det heile. Kommunen hadde allereie kjøpt inn 1000 dekar av dette området, som låg under Furesund. Så vidt eg hugsar for 1 million kroner. Det var myke pengar den gongen. Beskjeden var at første byggesteg måtte halde seg innanfor dette. Grundig forarbeid Hausten 1969 minnest eg som kald og regnfull. Malliken og meg for med måleband og slo ned hundrevis med trepinnar over heile neset og målte inn tusenvis av punkt. Mitt inntrykk var at på dette området hadde det knapt gått mannefot før. Eg minnest ei litt søt historie frå like før byggearbeidet skulle starte. Tannlege fru Apneset fortalde, medan eg sat i stolen hennar under den mest smertefulle tanntrekking eg kan hugse, at ho og mannen hadde lagt søndagsturen dit for å ta farvel med området. Måledataene fylte fleire notatbøker. Vinteren gjekk til å teikne profilar, rekne masser og skrive beskrivelsar for tilbodsinnhenting i tett samarbeid med Luftfartsverket. Vi hadde berre enkelt utstyr etter vår tid. Til grunnundersøkingane gjorde Henriksen og Djupevik ein kjempeinnsats. Dei hadde berre ½ toms borestenger, spissa hos smed Gjøringbø, i ulike lengder slått ned med slegge til fast grunn. Den lengste var 12 m. Den nådde ikkje botnen på det djupaste. Korleis dei fekk stengene oppatt er framleis ei gåte for meg. Ei stang stod blegg fast. Det viste seg ved utgravinga at den hadde møtt skrått berg og krøkt seg rundt ein stor stein. Nett som ein stor fiskeangel. Effektiv byggeprosess Veidekke AS fekk jobben for rundt kr. 5 mill. Bygningane kom i tillegg og vart utført av Jon Strømsnes. Det var vande flyplassbyggarar som kom til Florø sommaren 1970. Dei fleste frå Kvernberget, og for etter Florø til utvidinga av Evenes. Ved siste spade asfalt hugsar eg basen sa «Ja ja, dette er den femte flyplassen eg er med på.» Bygginga gjekk fort og greitt.

Det vart arbeidd systematisk på to skift. Om lag til påske var fjell og jordarbeid ferdig. Då kom Trygve Ullaland og sådde til om lag 25 dekar jorddekka skråningar. Desse stod grøne og fine ved opninga 30. juni 1971 og vart kommentert av Fred Olsen i opningstalen. Han kom frå opninga av Ørsta/Volda og Sogndal, der alt var berre svart jord. Pressesalutten Flora marknadsførte seg godt på den tida. I god tid føre opninga arrangerte næringslivet i Flora ei pressesamling i byen. Media frå heile landet kom. Veidekke og flyplassbyggarane måtte sjølvsagt bidra. Det vart drikke med sprengkraft i til middagen kvelden før og det som for ettertida er blitt omtala som “pressesalutten”. Pressa vart køyrd med buss til masta på Storåsen der anleggsleiaren orienterte og ville avslutte med ein skikkeleg salutt på flyplassområdet. Ein heil haug var bora og lasta inn med sprengstoff, samt ei ca. 6 meter djup grøft på tvers av rullebana mot sjøen. Den var bora og lasta spesielt tungt med tanke på at steinen skulle sprengast ut av grøfta mot sjøen. Med andre ord ei skikkeleg kanon med løpet mot fjorden. Nett før det skulle skje kom ein dunk-dunk frå ei frakteskute som kom sigande langs landet frå aust, rett framføre kanonmunningen. Anleggsleiaren såg situasjonen og hala ut orienteringa. Med knappast mogleg margin til frakteskuta vart salva sett av. Steinspruten stod midtfjords. Mesteparten like bak frakteskuta, men også rundt. Dei om bord der må nærmast ha fått sjokk. Aldri før eller seinare har ei frakteskute fått opp slik fart. Den hoppa til og for som ei pil vestover. På land hagla det stein over eit stort område. Nokre bilruter vart knuste og diverse bulkar oppsto, men meg kjent vart ingen personar skadde. Første fly ut Ved flyplassbygging er det alltid ein konkurranse om kva fly som først landar. I Florø var det eit småfly frå Romsdalen som dukka opp ein fredag ettermiddag for å hente nokre kameratar som arbeidde på plassen. Firdaposten vart tipsa og omtala hendinga. Opninga 30. juni 1971 fekk brei omtale i lokalmedia. Første rutefly ut gjekk om morgonen 1. juli til Bergen. Per Storegjerde

Florø Lufthamn - 40 år - 2011

7


Camilla i tårnet

Camilla Dypevik Steinhovden har byens beste utsikt på jobb, i alle fall om ein ser vekk i frå flygarane som passerar luftrommet ho styrer over. Det er 5 AFIS-fullmektigar (Aerodrome Flight Information Service) som jobbar i tårnet på flyplassen, og Camilla er glad for å ha fått draumejobben i heimbyen. Då eg er på besøk i tårnet skin sola, og nokre skydottar pyntar berre opp den blå himmel. I tårnet er det stilt og fredeleg, og interiøret i den luftige arbeidsplassen er prega av enkel harmoni. – Her er ikkje alltid så idyllisk, smiler Camilla. - Når eg kjem aleine på jobb klokka 6 ein januarmorgon, og det knakar i tårnet og snøen kladdar seg på vindauga, er det nesten litt spooky. Vi har faktisk restriksjonar på å bevege oss på utsida, når det bles for mykje. Observasjon og informasjon - Vi er alltid aleine på jobb, fortel Steinhovden, og vi jobbar i 3 skifts turnus. Arbeidsdagen i flytårnet går frå klokka 6.00 til 23.20. – Sjølv om vi har ein veldig konkret og rutineprega jobb, er arbeidsdagane våre varierte. Det folk flest kjenner til er den såkalla flygeinformasjonstenesta, der vi gir informasjon til dei ulike flya, om aktivitetar i luftrommet og på rullebana. Ein annan viktig ting er vêrobservasjon. 2 gongar pr time registrerar mannskapet i tårnet vind, sikt, nedbør, skyer, temperatur og trykk. I tillegg får flya som lettar og landar orientering om vêr og vind. – Vi må ut i all slags vêr og observere vêret, fortel Camilla, og viser veg ut på ein smal gangveg som går rundt tårnet. - Det er lurt å ikkje sjå ned, smiler ho som er vandt til å gå her. Alarm og koordinering - Om det skjer ei ulukke på flyplassen eller i luftrommet er det vi som alarmerar, og gir beskjed vidare til ulike instansar. Det er viktig med god flyt på ein flyplass, og her er mange faktorar som spelar inn for å unngå ulykker. – Det er også vi som koordinerer trafikken frå taksebanene og inn og ut på stripa. Det vil sei at vi alltid må ha full kontroll på kvar folk er. Om mannskapet på brann og redning skal ut og fikse lys eller fylle drivstoff, så må det gå via oss i tårnet. Vi koordinerer trafikken, utan at vi sit her og sjefar over dei. Det er eit utruleg godt miljø her på flyplassen, presiserar Camilla, som har jobba her sidan det nye tårnet kom i bruk i 2002.

8

Luftromsjef - Alle som kjem inn forbi mitt luftrom må snakke med meg, seier Camilla, medan ho tar opp mikrofonen og gir nokre, for meg, uforståelege meldingar. Det går kjapt, og det går på engelsk. Luftrommet dei styrer over i flytårnet i Florø strekkjer seg frå Kalvåg i nord til Stongfjorden i sør, frå Eikefjord i aust til Ytterøyane fyr i vest, og så går det 4.500 fot oppover i lufta. Det seier seg sjølv at det er mange som er innom dette luftrommet. - I tillegg til ruteflya og helikoptera som er stasjonerte i Florø, snakkar vi ofte med ambulansehelikopter, Airlift sine helikopter som er ute på oppdrag, og no om sommaren passerar det ein del private fly. Spesielt tyske og austerriske fly på veg mot Nordkapp, fortel Steinhovden. Gode kvinnearbeidsplassar – Det er nesten rart at det ikkje er fleire kvinner i dette yrket, med tanke på simultankapasitet (les: klarer å gjere fleire ting på ein gong), seier Camilla, og fortel litt om kva som er viktige eigenskapar for AFIS fullmektigar. Avinor tek kvart år opp eit lite tal kandidatar, som får kombinert utdanning og jobb, med intensiv 1-årig

Florø Lufthamn - 40 år - 2011

opplæring. I tillegg til god simultankapasitet er det viktig med god romforståing, å kunne takle stress, god hukommelse og å kunne samarbeide med ulike folk. - Vi blir heile tida trena på å kunne takle ulukker, og då er desse eigenskapane avgjerande. Camilla set pris på at Florø lufthamn trass alt er bra kvinnerepresentert. Med to kvinner i tårnet , ei i brann og redning og ikkje minst kvinneleg luthamnsjef meiner Camilla Dypevik Steinhovden at dei truleg er langt over gjennomsnittet på norske lufthamner.

Stafo Luftfart gratulerer Florø Lufthamn med 40 årsjubileet og ønsker lykke til i utviklingen videre

www.stafoluftfart.no

Stafo Luftfart er en partipolitisk uavhengig arbeidstakerorganisasjon tilsluttet YS gjennom STAFO. Stafo Luftfart organiserer personell i Avinor, Sunnhordaland Lufthamn Stord, Luftfartstilsynet og OSL. Personellgrupper er Plass, Brann og Redning, Afis, Lufttrafikktjenestefullmektiger, administrativt personell, renholdere m.fl.


DAT vil gjerne grATulere

Florø luFThAvn meD 40 års jubileeT Rundflyving med DAT fra Florø Lufthavn. Kom og få en opplevelse med utsikt over fjorden, byen og fjellene – det koster kun kr. 200 pr. billett. Overskuddet fra billettsalget går til skolebarn i Bangladesh gjennom prosjekt SMS Bangladesh.

Se mer på www.smsbangladesh.dk

Florø Lufthamn - 40 år - 2011

9


40 år med Florø Lufthamn

Merete Årberg med flybensin i årane

Den dagen flyplassen i Florø opna i 1971, låg Merete Årberg på 3 månader i vogna si og hylskreik. No 40 år etter er Merete framleis å finne på flyplassen. Barnevogn og barnegråt er bytta ut med uniform og trillande latter. Florøjenta som har vokse opp på flyplassen, og som i dag bur rett ved flyplassen, likar godt lyden av rusande flymotorar og roterande helikoptervenger. - Eg stiller klokka etter lydane på flyplassen, fortel ei lattermild Securitas vakt, som meiner at ho har verdens beste arbeidsplass. Familien kom nett heim frå ferie i Danmark, fortel Merete, – og det var så godt å komme heim til Florø og høyre lyden av helikopter igjen. Eg kjem aldri til å klage over helikopterstøy, ler ho. Har det i blodet - For meg var det heilt naturleg å jobbe her, eg har det nok i blodet. Far min var driftssjef frå flyplassen opna, til han vart pensjonist. Mor mi vaska her heilt frå starten av. Eg var jo nyfødt då flyplassen opna, men mor mi vaska her 2½ time for dagen i starten, og sidan balla det på seg. Etter fyrste dagen sa ho «Her blir eg ikkje lenge», men også ho var på flyplassen til ho gjekk av med pensjon. Dei tre brørne til Merete har alle jobba som sommarvikarar på lufthamna i Florø. Stabil arbeidsstab Sjølv starta Merete karrieren sin som vaskar på flyplassen, då ho var 15 år. - Elles var eg nok mykje på flyplassen i oppveksten. Med begge foreldra på arbeid her var det naturleg. - Det er faktisk mange av dei same folka som er her i dag, som starta opp i lag med pappa for 40 år sidan. Det er ein stabil arbeidsstab på ein triveleg arbeidsplass, forklarar Merete.

10

Kvar dag - heile året Dei siste 12 åra har Merete gått turnusvakter som vektar i Securitas, på Heliporten. Ein jobb som ho tydeleg stortrivast med. - Vi er ein veldig samansveisa

Florø Lufthamn - 40 år - 2011

gjeng, som er glade i jobben vår. Vi jobbar alle dagar i året, bortsett frå laurdagane, 1. juledag og langfredag. Søndagane er det berre ei flyging elles er det 5-6 turar for dagen. Etter å ha svinsa rundt etter Merete på Heliporten nokre korte føremiddagstimar, skjøner eg at det er eit variert arbeid ho har. Eit arbeid som krev gode evner til å kommunisere med nordsjøarbeidarar på veg til eller frå arbeid. Eit arbeid som krev full fokus på sikkerheit, og som ikkje minst krev styrke i bein og armar. Multitasking Her er det multitasking på høgt nivå. Merete møter nordsjøarbeidarane i billettluka, der dei blir registrert og mobiltelefonar blir innlevert med meir. Etter at dei er komne gjennom sikkerheitskontrollen, står Merete klar og sørgjer for at kvar enkelt får rett overlevingsdrakt på seg. Den oransje dressen er 7 kilo tung, og skal bukserast opp og ned frå kleshengarar, og dessutan vaskast og skiftast fôr i på staden. Pendlarane til Nordsjøen blir så bussa ut til helikopteret, der Merete og Per Arne Halvorsen frå Avinor stuar bagasjen om bord. Menneskekjennarar - Det er dette som gjer jobben så bra, seier Merete. Her får eg jobbe fysisk, og bruke kroppen, i tillegg må vi vere gode menneskekjennarar. Dei reisande er veldig trivelege folk, og vi blir etterkvart godt kjende med dei. I sikkerheitskontrollen er det absolutt nulltoleranse for alkohol og andre rusmiddel, presiserar ho.


Omsorg og effektivitet Merete skryt av passasjerane sine, og inntrykket er tydeleg; Her blir ein møtt med omsorg og effektivitet. Oppstår det avsporingar frå flyprogrammet, slik at helikopteret ikkje er i rute, ringer Merete og dei andre på Heliporten til hotell og fiksar overnatting og logistikk. - Ja, vi fungerar nesten som reisebyrå av og til. Ei anna viktig oppgåve er kontakta med CHC Helikopter Service, og så er det vi som har loadkontrollen. Merete forklarar at det inneber vekt og balanseberkning

på helikoptera, og å tinge fuel (drivstoff) til helikoptera. Så medan vi står der ringer det ein nordsjøarbeidar og etterlyser mobiltelefonen sin. Det blir litt lattermild leiting gjennom permar og papir. - For nokre er mobilen nesten det viktigaste og kjæraste dei har, smiler ei av vektarane. Eg er ikkje i tvil. Vektarane på Heliporten klarer å ordne opp i denne vesle floka òg.

Fakta om Securitas ved Heliporten i Florø

Fakta om HELIPORTEN i Florø:

• 12 tilsette vektarar • Arbeider turnus, med tidleg og seine vakter • Vakt kvar 3. søndag • Får utdanning gjennom Securitas

Frå Heliporten i Florø går det dagleg helikopter til følgjande riggar i Nordsjøen: • Snorre A • Snorre B • Tranceosean Seacher • Safe Scandinavia • Visund • Ocean Vanguard • Gjøa

Vektaroppgåvene på Heliporten: • Innsjekk (billett) • Sikkerheitskontroll • Redningsdrakt utlevering, sjekking, vasking, fôrskifte • Laste og losse helikopter • Loadkontroll, kontakt med CHC og tinging av fuel

Dei fleste som reiser ut i frå Florø kjem med fly frå Bergen. Etterkvart er det ein god del Florøfolk som reiser her i frå. Ein del kjem med privatbilar frå resten av fylket eller Møre og Romsdal. Helikoptera har plass til 19 passasjerar

Maritim elektronikk fra Sigurd Solberg – Radar – Kartplotter – GPS navigator – Ekkolodd – Autopilot – VHF radio

Tel 5774 3622 Fugleskjærgt. 6 - 6900 Florø - T. 57 75 13 00 www.sigurd-solberg.no - post@sigurd-solberg.no

Åpningstider: Man–Fre 0830–2000 • Lør 1100–1300 • Søn 1130–2000

Florø Lufthamn - 40 år - 2011

11


Avgjerande viktig lufthamn for næringslivet - Næringslivet i Flora er opptatt av høgast mulig flyfrekvens, høg regularitet og flest mulig destinasjonar når det gjeld Florø Lufthamn. Ei forlenging av rullebana er ikkje eit mål i seg sjølv, men eit verkemiddel for å nå desse tre måla. Det seier Bjørn Hollevik, styreleiar i Flora Industri- og Næringsforening (FIN). Foreininga organiserer 50 av bedriftene i Flora kommune. Flora er ein viktig industrikommune med stor produksjon og stor breidde i næringslivet. Sentrale deler av næringslivet vil få ein monaleg vekst dei næraste åra.

Alle bedrifter i Flora har bruk for lufthamna for å treffe kundar og leverandørar. - Vi driv ikkje med kortreist produksjon. Vi produserer for resten av landet og for verdsmarknaden. Då er det viktig at vi kan følge opp kundane våre, seier Bjørn Hollevik.

Eit avgjerande verktøy - Med 99 % regularitet og mange daglege avgangar til Oslo og Bergen, er Florø Lufthamn kanskje det mest avgjerande verktøyet for dagleg drift og utvikling i næringslivet i Flora. Skal ein halde vedlike og auke aktiviteten i næringslivet, er infrastrukturen avgjerande viktig. Godt flytilbod er like viktig som gode vegar, seier Bjørn Hollevik.

Ønsker fleire destinasjonar Flora Industri- og Næringsforening har i alle år engasjert seg sterkt når det gjeld Florø Lufthamn - ikkje minst i å få flyavgangar frå Florø til nye destinasjonar. Det er heilt overordna for FIN å få flytilbod til fleire byar enn Oslo og Bergen. Møre og Romsdal og Florø har mykje felles innan maritime og marine næringar. FIN er også veldig opptatt av å få eit flytilbod til Stavanger.

Få andre norsk byar har ei lufthamn som ligg så sentralt i høve til sentrum som Florø. Ein kan vere på Torgalmenningen på ein times tid og på Karl Johan på halvannan times tid. Dette gode sambandet til Bergen og Oslo er med på å påverke folk som vurderer å flytte til Flora. Det er svært viktig for unge folk i dag, meiner han.

Viktig næringsarena Styreleiaren i FIN ser også på Florø Lufthamn som ein viktig næringsarena med mange bedrifter. Alle er avhengige av at kvar bedrift leverer optimalt, slik at totaltilbodet blir godt og profesjonelt. Dei store aktørane må finne seg vel til rette og og peike på Florø når oljeselskap skal etablere seg på vår del av sokkelen.

EIN NÆRINGSARENA. Vi snakkar ikkje lengre om Florø Lufthamn som ein flyplass, men som ein næringsarena, seier Bjørn Hollevik, styreleiar i Flora Industri- og Næringsforening. Florø Lufthamn har også eit stort potensiale som senter for redningstenester, særleg når Forsvaret no skal etablere seg her med fast redningshelikopter-

base. - Det er viktig at næringsliv og kommune er veldig samkøyrte og peikar på muligheitene og kva vi kan gjere for å få dette til, seier Bjørn Hollevik.

Vi gratulerer Florø Lufthamn med jubileet, og takker for samarbeidet gjennom 40 år.

Vi har transportert flygjester gjennom 40 år - og gratulerer flyplassen med jubileet!

12

Florø Lufthamn - 40 år - 2011

Din lokale leverandør av ferie- og forretningsreiser Florø 57 74 22 22 810 01 000 bennettferie.no


Full service på flyplassen Skal du fly frå Florø er det gjengen i Florø Flyservice du treff på. Dei fiksar billettar, sjekkar inn bagasjen og stuar den i flyet. - Vi er nesten som eit utvida reisebyrå, seier Trond Arne Brekke, og legg til at dei nyttar seg av dei beste systema for sal av reisetenester over heile verda. Brekke fortel at dei starta selskapet i 2003, i samband med at Danish Air Transport overtok konsesjonen på flyrutene til og frå Florø. Det var tidlegare bakkemannskap med lang erfaring hos Widerøe og Coast Air, som tok grep og som no sel tenestene sine til DAT. Rose Sævik Husa er leiar for ei meir usynleg avdeling, nemlig Cleaning and Catering. - Vi sørgjer for at Vestlandslefsa er på plass i flyet, spøkjer ho, og legg til at dei gjer ein viktig jobb. - Vi sørgjer for at fire serveringar frå Cocpiten Cafe kjem på plass på flya, og i tillegg ryddar og reingjer vi flya og helikoptera på kveldstid.

Trygt hjem igjen Vi er stolte over vårt bidrag til det norske olje- og gasseventyret. I 45 år har vi fløyet arbeidere ut på jobb i Nordsjøen, og hjem igjen. Vi har profesjonelle redningsmenn som sitter klare til utrykning med verdens mest avanserte redningshelikoptre ved ulykker og andre nødssituasjoner. Utstyret og teknologien er ny, men oppdraget er fremdeles det samme: Å bringe oljearbeideren trygt hjem igjen. Det er vårt bidrag til fellesskapet. CHC Helikopter Service har 500 medarbeidere fordelt på baser i Stavanger, Bergen, Florø, Kristiandsund og Brønnøysund. I tillegg har vi helikoptre stasjonert på fire baser i Nordsjøen, for sikkerhets skyld.

CHC Helikopter Service AS • Tel: 51 94 10 00 • norway@chc.ca • Postboks 522, 4055 Stavanger Lufthavn

Siden 1956

Florø Lufthamn - 40 år - 2011

13


alfred bjørlo, dagleg leiar i Måløy Vekst.

45 minuttar = vekst og slagkraft

45 minuttars regionen er gått frå lobbyverksemd til business, fortel dagleg leiar i Måløy Vekst Alfred Bjørlo. Målet er framleis å samle kyststripa frå Måløy til Florø i eit rike. Eit bu- og arbeidsmarknadsrike med 45-50.000 innbyggjarar. Kommunane Vågsøy, Bremanger og Flora har vore pådrivarar for å få vegen Måløy – Svelgen - Florø opprusta. Hovudfokuset no er å skaffe pengar i kassa og få vegen bygt. Sunnfjord 2020 (no Fram Flora), Måløy Vekst og Bremanger Hamn og Næring KF har i fleire år stått for arbeidet med å utvikle vegsambandet i eit konsept som omfattar innkorting av ferjesambandet over Ytre Nordfjord, tunnel mellom Svelgen og Indrehus og vegutbetring på fleire delstrekningar. - Visjonen med det nye sambandet, som er kostnadsrekna til ca.1 mrd. kr, er å utvikle ein felles bustad- og arbeidsmarknad langs kysten. Dette skal igjen gje grunnlag for betre tilgang på kvalifisert arbeidskraft og på sikt medvirke til å bygge opp ein slagkraftig vekstregion på kysten.

Steinar Talle, verksdirektør Elkem Bremanger: - Elkem Bremanger har teknologien og kompetansen for å utvikle og auke produksjonen. Avgrensingane ligg i vegen, som må utbetrast og innkortas, i

14

følgje verksdirektør Steinar Talle. – Alle vil kanskje ikkje bu i Svelgen, men folk må kunne pendle til og frå Svelgen på ein trygg og rask måte. Vi på Elkem er storbrukarar av flyplassen i Florø, noko som dessverre medfører mykje køyring på dårleg veg, med stor fare for ulukker.

Rolf Domstein, konsernsjef i Domstein ASA - Gode vegsamband er heilt avgjerande for å få ned kostnadane og for å få varene raskast muleg ut på marknaden. Transport og reiseavstandar er ein viktig konkurransefaktor, seier Domstein, som legg vekt på at fiskeri- og sjømatindustrien har eit stort potensiale for auka verdiskaping ved bearbeiding. Skal vi skape vekst på kysten må vi ha ein region som er rasjonell og attraktiv for folk som skal bu og arbeide her.

Florø Lufthamn - 40 år - 2011

Sogn og Fjordane fylkeskommune Næringsutvikling, kulturtiltak, vidaregåande opplæring, samferdsle, tannhelse og regional planlegging – ein regional utviklingsaktør med breidde.

www.sfj.no


Om 30 30 år år arbeider arbeider barne­ barne­ Om Om 30 år arbeider barne­ barnet ditt ditt hos hos oss. oss. barnet barnet ditt hos oss.

Langsiktighet kan være et ord å pynte seg med. Men det kan også være en vilje, en visjon – slik som hos oss i GDF SUEZ E&P Norge. Langsiktighet kanivære å produksjonen pynte seg med. kan også en vilje, en visjon slik ansatte som hosogoss i GDF SUEZ E&P Norge. Vi tror på å delta olje- et ogord gass påMen norskdetsokkel. Det være er positivt for både oss,–våre samfunnet. Vi tror på å delta i olje- og gassproduksjonen på norsk sokkel. Det er positivt for både oss, våre ansatte og samfunnet. Langsiktighet være et ord å pynte med. Men også være hosfåttoss i GDF ansvaret SUEZ E&PpåNorge. Vi har vært herkan i 10 år. Det er både et seg lite jubileum ogdet en kan begynnelse på en noevilje, stortenogvisjon varig.–Atslik vi som nå har operatør ViGjøa-feltet, tror vært på å her delta i oljeog sterkere gass produksjonen sokkel. er på positivt for både oss, våre og samfunnet. Vi har 10 år. Det er både et lite jubileum og en noe stort og At vi ansatte nå har fått operatøransvaret på gjøri oss enda motivert. Vipåvilnorsk bidra – begynnelse i dag,Det i morgen, i mange tiårvarig. framover. Gjøa-feltet, gjør oss enda sterkere motivert. Vi vil bidra – i dag, i morgen, i mange tiår framover. ViOghar vært heri ifront. 10 år.PåDet er både jubileum På og teknologiske en begynnelse på noe stort ogåvarig. vi nåskape har fått ansvaret på vi vil være helse, miljøetoglitesikkerhet. løsninger. På det tenkeAtnytt, noeoperatør nytt, være en foretrukket Gjøa-feltet, gjør oss enda sterkere vil bidra – i Vi dag, i morgen, framover. Og vi vil være i front. På helse, miljømotivert. og sikkerhet. Påbildet. teknologiske løsninger. På dettiår å tenke nytt, skape noe nytt, være en foretrukket arbeidsgiver og en solid, troverdig aktør i detVistore gleder oss! i mange arbeidsgiver og en solid, troverdig aktør i det store bildet. Vi gleder oss! Og vi vil være i front. På helse, miljø og sikkerhet. På teknologiske løsninger. På det å tenke nytt, skape noe nytt, være en foretrukket arbeidsgiver og en solid, troverdig aktør i det store bildet. Vi gleder oss!

710767 sg profilannonse 217x294.indd 1

27.04.11 13.02

710767 sg profilannonse 217x294.indd 1

27.04.11 13.02

710767 sg profilannonse 217x294.indd 1

Florø Lufthamn - 40 år - 2011

15

27.04.11 13.02


Avisa Firda 1935

Stop Dreaming – Start Flying

I enden av Thor Solbergvegen under statuen av flypioneren Thor Solberg blir eg møtt av ein smilande og sprek norskamerikanar, med namnet Thor Solberg jr. Samtala går på engelsk og norsk, med god hjelp av slektningen og Florømannen John Sigurd Solberg.

– Eg har over 60 års fartstid som flygar, smiler den spreke 67 åringen, som så og seie har vokse opp under ei flyvenge. 2. generasjons norskamerikanar Thor Solberg Jr. starta flykarrieren sin som 4 åring. - Då hadde vi base på Flatøy utanfor Bergen. Som 17 åring sat han ved spakane frå Bergen til Florø. Den gongen var det sjøfly, i dag er det Jumbojet som teller for flygaren som er stolt av røtene sine. Då vi møttest ved statuen av faren ved Flora lufthamn, ferierte han hos familien i faren sin heimby. - Eg har vore i Florø kvart einaste år, og som 16 åring

16

Florø Lufthamn - 40 år - 2011

var eg her heile sommaren. Han minnest ein fin sommar hos tante Sigrun på Solberg. 75 år etter I 2010 gjentok Thor Solberg Jr. faren sin berømte flygetur over Atlanteren. - Vi flaug under heilt andre forhold, presiserer junior. - Vi tok det roleg og brukte rundt 3 dagar på turen, medan far Solberg brukte rundt 3 veker i 1935. Senior fekk ein svært luftig flytur i open cocpit på rundt 1000 fot over bakken. - Til samanlikning, smiler Thor junior, så trengde vi knapt


Thor Solberg

Forretningsmann og flypioner frå Florø Thor Solberg, som var født på Solberg nord for Florø i 1893, er mest kjent for å vere den første som flaug over Atlanterhavet, frå USA til Norge. Den dristige ferda starta i New York 18. juli 1935, og etter 57 timar i lufta og 12 mellomlandingar landa han i Bergen 16. august. Farkosten var eit spinkelt einmotors Loening amfibiefly, som fekk det passande namnet Leiv Eirikson.

Flyturen over Atlanteren i 1935 skapte stor blest rundt Florøflygaren, og sette fart på andre sider av verksemda. Solberg fekk ei rekkje luftfartsagentur og starta mellom anna Thor Solbergs Flyveselskap i Bergen, med turistflygingar på Vestlandet. Etterkvart vart det og flyskule i Norge på Jarlsberg flyplass i Tønsberg, etter amerikansk modell, med internat for elevane. Før krigen dreiv selskapet med post-, taxi og ambulanseflygingar i Norge. På 1960 talet hadde Solbergfly i oppdrag å fly Bergens Tidende på Vestlandet.

Her i fylket gjekk BT ruta strekninga Bergen–Høyanger–Florø–Måløy, og landa fast med sjøfly på Florevika 12 år før flyplassen opna.

Foto privat

Thor Solberg emigrerte til Amerika i 1925 for å drive handelsverksemd, og lærte seg å fly i 1927. Etter dette starta han eiga bedrift i flybransjen. Han hadde etterkvart eigen flyplass utanfor New York, med flyskule og firma med omsetnad av fly og flymateriell.

Flyselskapet i USA utdanna 2150 flygarar for forsvaret under 2. verdskrig. I åra 1940-57 hadde selskapet rundt 5000 sivile elevar. På Jarlsberg hadde flyskulen rundt 250 elevar frå 1957 til 1966. Familien eig framleis Jarlsberg flyplass i tillegg til flyplassen i New Jersey.

GRØNLANDSRUTA 1935 Leiv Eriksons rute Amerika–Norge

å ha kle på oss i vår kabin, som flaug 40.000 fot over bakken.

arbeid med alle organisasjonane og klubbane som brukar Jarlsberg.

Hjartebarnet Jarlsberg flyplass Etter som praten går, forstår vi at Jarlsberg flyplass er hjartebarnet i familien. Både Thor Jr. og John Sigurd snakkar varmt om ein flyplass, som driv eit viktig rekrutteringsarbeid for flysporten - i Thor Solberg si ånd. Dei to Solbergkarane har nett vore på tur til flyplassen utanfor Tønsberg, som er eigd av Thor Solberg Aviation. John Sigurd sit i styre i det norske selskapet, og skryt av eit godt sam-

Inspirasjon og oppleving Tidlegare var det både ruteflyging, taxiflyging og flyskule på Jarlsberg, i dag er det tumleplass for flyentusiastar i kategorien sport og fritid. – Jarlsberg Flyplass har ein veldig stor bruksgrad og gir ungdommar ein sjanse til å prøve spennande ting, fortel dei. Her finn ein både motorfly, mikrofly, seglfly, fallskjermhopp og modellfly, og om sommaren yrer det av liv. Dei kan fortelje at Märtha Louise er

ei av dei som nyleg hoppa i fallskjerm på Jarlsberg. Dette hadde Thor Solberg likt, seier dei to og kikkar stolt opp på statuen av flypioneren. Solberg Airport Thor Solberg Aviation eig og flyplassen Solberg Airport i New Jersey, som driv under slagordet «Stop Dreaming – Start Flying». Thor junior seier at han er sterkt inspirert av faren sitt liv, og ønskjer å vidareføre dette til andre. Han er framleis aktiv flygar, og fortel spennande historier om flygingar til alle verdshjørne. - Å fly

hundrevis av amerikanske bevæpna marinesoldatar til Midt Austen var ei veldig spesiell oppgåve, fortel Thor. Det er ikkje vanskeleg å sjå føre seg at Thor Solberg beheld roen i alle slags situasjonar. Han har sidan 1969 flydd alle dei store 700 jumbojetane, den siste var trippel 7. – Men no flyr eg berre dei små babyjetane, smilar han lurt. Thor jr. og John Sigurd skal vidare. Kanskje skal dei tenkje høgtflygande tankar, kanskje skal dei besøke gravplassen i Florø der flypioneren fekk sin siste kvilestad i 1967. Uansett, turen går via Thor Solbergvegen.

Florø Lufthamn - 40 år - 2011

17


Vi gratulerer med 40 års-jubileet!!!

www.frofly.no

• Bestill heile reisa hos oss Foto: © www.gettyimages.com

• Over 140 flyselskap • Fly, hotell og leigebil

A til Å - www.atilaa.no

• Lett tilgjengeleg på flyplassen

– får folk fram Florø Lufthamn N-6900 Florø Tlf. +47 57746700 Handlingagent for

Tlf. +47 57746700

18

Florø Lufthamn - 40 år - 2011

A til Å - www.atilaa.no • Foto © Rune Helland

Flora kommune – klar for take-off i nye 40 år!

Florø Lufthamn har betydd enormt for Flora og omegn. Vi er stolte av flyplassen vår; den største regionale flyplassen i landet, den med best regularitet og den med flest reisande i fylket vårt!


Vi flyr med glede i Florø ei jubileumshelsing frå DAT Florø er på mange måtar ein heilt eineståande destinasjon. Dels den geografiske plasseringa. Dels den storslåtte naturen, som omgir byen. Men spesielt den ekte opplevinga av at ein føler seg velkommen. I 2003, då vi overtok ruteflyginga i Florø, var det med stor spenning. For korleis ville vi som dansk flyselskap bli mottatt?

Frå dei fargerike flya i Florø, besetninga vår og alle oss, som arbeider i DAT, kjem eit stort «tillykke med 40 års jubilæet!»

Vi fekk ein varm velkomst. Frå første dag kunne vi, i tett samarbeid med Florø Lufthamn, fokusere på å skape dei best mulege flyforbindelsane til Bergen og Oslo.

Vi feirar det med å tilby 3 rundflygingar laurdag den 27. august. Avgang kl. 13.00, kl. 14.00 og kl. 15.00. Kvar tur varer ca. 20 minutt. Kom og få ei oppleving med utsikt over fjorden, byen og fjella – det kostar berre kr. 200 pr. billett.

Det sterke samarbeidet har ikkje blitt mindre med tida, og har medført at vi har utvikla ei sikker og stabil flyrute. Det er samtidig ei vesentleg årsak til at vi kjenner oss som ein fast del av Florø og Florø Lufthamn. Vi vil med glede fly til og frå Florø mange år enno.

Overskotet vil gå til hjelpeprosjektet SMS Bangladesh, som du kan lese meir om på www.smsbangladesh.dk

Norsk Tjenestemannslag NTL Luftfarten En fagforening for ansatte i Norsk Luftfart

Største fagforening i Avinor Det gir styrke og påvirkningskraft

Florø Lufthamn - 40 år - 2011

19


kreativ visuell kommunikasjon • MERKEVAREBYGGING • GRAFISK PROFIL • LOGODESIGN • INTERNETT • MAGASIN • BROSJYRER • TEMAAVISER • REKLAME • ANNONSEUTFORMING • MESSESTANDS • EMBALLASJEDESIGN

Foto: Harald M. Valderhaug

Knutepunkt

www.florohamn.no

Florø

A til Å - www.atilaa.no

innfallsporten til Sogn og Fjordane

F

A HAMN OR K FL

20

mannskapsskifte

containertrafikk

Florø Lufthamn - 40 år - 2011

offshore

w

w

Fugleskjærskaia, Florø Telefon: 57 75 67 40 Vakt 24t: 91 31 80 00 .n w.f l o ro h a m n

o

Ventehamn:

Flora Hamn KF


Med sikkerheit i blikket - Vi kjem veldig tett på folk, og rotar i deira private ting, seier vaktleiar Hilde Thue i Securitas STAS (Securitas, Transport, Aviation, Security). 10 år etter 11. september og 7 år etter «Øksemannen» har folk forståing for at sikkerheitskontrollen er komen for å bli. - Eg hugsar godt tida rett etter «Øksemannen», fortel Hilde Thue som har vore sikkerheitskontrollør sidan Securitas starta arbeidet i Florø i 2004. Det var ei hektisk tid, med mykje reising. Her i Florø starta vi eit år før dei andre regionale flyplassane, som eigentleg skulle starte med kontrollar frå 1. januar 2005. Hektisk etter «Øksemannen» Etter at den såkalla «Øksemannen» prøvde å kapre Kato Air-flyet ved innflyginga til Bodø 29. september i 2004, vart det pålegg om straks å setje i gong med strengare sikkerheitstiltak. – Vi her i Florø måtte over natta ta med oss dei handholdte scannerane og reise rundt på alle flyplassane i fylket, og foreta sikkerheitskontrollar på absolutt alle avgangar. Det var ein artig og hektisk periode, ler Hilde. – På den tida var det manuelle kontrollar av folk og bagasje, og det vart slitsamt i lengda. - Sidan vi hadde erfaring og utstyret, vart det naturleg at vi tok oss av opplæringa av folk på dei andre flyplassane. På den tida hadde dei «Øksemannen» friskt i minne, og hadde forståing for systemet. Tilfeldige etterkontrollar - Med dagens scanning er det aldri lange køar her på flyplassen. Vi er pålagt å utføre tilfeldige etterkontrollar, fortel Hilde. - Det betyr at portalen i sikkerheitskontrollen markerer eit visst tal reisande som skal etterkontrollerast manuelt. – Ein del

kjenner seg mistenkeleggjort når dei blir trekte ut, men slik er berre systemet, fortel vaktleiaren. - Folk er flinke til å sortere bagasjen sin, fortel Hilde. - Dei største utfordringane har vi i feriesesongen, for då treffer vi på folk som ikkje er så reisevande. Dessutan skjer det av og til i jakttida at det dukkar opp knivar og ammunisjon som folk har gløymt å pakke i bagasjen. Vi og dei reisande er heldige her i Florø. Forholda er såpass små at vi ofte klarer å få flytta dei ulovelege tinga over i den innsjekka bagasjen, slik at ein unngår at ting blir destruert. Liten og fleksibel flyplass Ein liten og tett flyplass kan sjølvsagt by på andre utfordringar. Dersom naboen din eller ekskjærasten skal gjennom kontrollen, kan det vere ubehageleg for begge partar at du står der og rotar gjennom dei mest private tinga deira. - Vi har eit godt system på å bytte kontrollør om vi ser at ein slik situasjon kan oppstå, forsikrar den erfarne kontrolløren. - Dessutan spør vi alltid dei vi skal sjekke om det er OK at akkurat eg gjer denne jobben. – Vi veit kva vi ser etter, og etterpå er innhaldet i bagasjen gløymt. På flyplassen i Florø er det 15 tilsette i tillegg til ferievikarane, og her er det ca 50/50 kvinner og menn. Vi er så heldige at vi har 2 tilsette som ikkje er etnisk norske, og det er ein styrke, både språkleg og kulturelt, fortel vaktleiar Hilde.

Securitas = sikkerheit Både Avinor, ESA og Luftfartstilsynet føretek jamlege kontrollar av personalet i sikkerheitskontrollen. - Når somme av passasjerane meiner vi er for grundige, er det godt å få bekrefta at vi gjer ein god jobb, forsikrar Hilde. – For oss er ein slik kontroll ein god motivasjon. Målet vårt er ikkje å vere strenge, men å gjere flyplassen og flyturen sikker, presiserer vaktleiaren hos Securitas STAS. I tillegg til å sjekke bagasje og reisande har Securitas jamlege kontrollar på gjerdet, som går rundt heile flyplassen. Dei har kontroll på all inn- og utpassering ved hovudporten, og Securitas går daglege rundar rundt på terminalen som eit ledd i brannsikkerheita ved lufthamna.

vaktleiar Hilde Thue i Securitas STAS (Securitas, Transport, Aviation, Security).

MEKANISK VERKSTAD MASKINPARK • • • • • • • • •

Sveisemaskiner TIG / MIG / MAG Hydraulisk presse Plansliper, bladsliper Pulver-lakkeringsanlegg Maskineringssenter 5 tonns traverskran Konvensjonell dreiebenk Profilsakser, kombinasjonssakser Dreieautomat m/stangmater Ø 25

• • • • • • • •

Fres Valse Boreverk Profilvalse Kantpresse Platesakser Brennemaskin CNC dreiebenk

Postboks 274, 6902 Florø Tlf. 57 75 21 40 - Fax. 57 75 21 41 post@origod.no – www.origod.no A til Å - www.atilaa.no

Florø Lufthamn - 40 år - 2011

21


Laila sjekkar lampene, ristar i festa og ser etter at alle leidningar er heile. – Dersom ei pære ryk mellom sjekkane, får vi melding frå tårnet, fortel ho.

Brann og redning - Bil 103 frå vakt ut på bana, melder Laila Hestenes, over callingsystemet til tårnet. Ho får klarsignal frå tårnet om at det er klart. – OK bil 103 køyrer frå vakt og ut på bana, svarar Laila, og så susar det av garde over flystripa i ein raud kassebil merka Avinor. Laila Hestenes er elektrikar og ein del av teamet i Brann og redning på Florø Lufthamn. - Det må alltid vere 2 personar igjen på vakta, i nærleiken av brannbilen, 15 minutt før og etter flyging og landing, fortel Laila. Ho er utrykkingsleiar med elektro som fagfelt. Ho starta å jobbe som lufthamnbetent i 2003, etter nokre år som elektrikar på skipsverft. – Eg har ikkje

angra ein dag. Her har eg eit utruleg variert arbeid, i eit triveleg arbeidsmiljø. Som elektrikar går det mykje i kontroll av elektrisk anlegg rundt om på lufthamna. Den oransjekledde dama tar meg med til vestenden av flystripa, der alle lys må

– Her er mange flinke handverkarar på flyplassen, fortel Laila, medan ho stolt viser fram eit flott «heimelaga» naust. Inne i naustet heng det redningsdrakter og ein oransje redningsbåt ligg klar i tilfelle eit fly skulle ende på sjøen. Her er det jamlege øvingar.

22

Florø Lufthamn - 40 år - 2011

sjekkast kvar veke. Same prosedyren gjentek som då vi starta ved vakta. – Bil 103 ut av bana, ut i vest… og så kjem godkjenninga frå tårnet. Denne gongen får bil 103 beskjed om å køyre heilt ned til gjerdet og vente til eit helikopter har letta.

–Det er jobben vår å ha strenge rutinar på alt som har med sikkerheit å gjere. Difor har vi vekentlege, månadlege og årlege sjekkar på alle installasjonar. I tillegg har vi månadlege brannøvingar og øvingar med redningsbåten.

Om sommaren må vi passe på å vedlikehalde og male. Det går omlag 1000 liter maling i året, når flystripe og taxebaner skal fiksast. Malinga blir veldig nedsliten i løpet av ein vinter med mykje snøskraping og pussing. Lufthamnbetent Roger Ellingsund svingar kosten.


skipsindustri • landbaser t industri offshore • verksted • opp drettsnæring Foto: Dag Frøyen, Firdaposten

fMv tar på seg oppdrag innen prefabrikkering og montering av rør og stålkonstruksjoner • Montasjeoppdrag, stålutrustning og komplette rørsystem til landbasert, offshore og skipsindustri • fôrflåter og service for oppdrettsnæringen • utleie av personell

Ei av oppgåvene våre er å fuele fly og helikopter, etter beskjed frå Securitas. Då sit det ein teknikar inne i maskina og passar på at dei får den utrekna mengda, i forhold til last og passasjerar. Per Arne Halvorsen fyller drivstoff.

Foto: gettyimages.com

www.floromek.no A til Å - www.atilaa.no

p.b. 79, 6901 florØ • t: 57 75 38 00 • e: post@floromek.no

RutebussaR ekspRessbussaR – tuRbussaR!

Foto: iselin valvik

På «branntomta», som er godt skjult mellom busker og tre, står eit utbrent flyskrog. - Her kjem folk frå dei andre flyplassane i fylket og har øving ein gong pr månad, fortel Laila. I tillegg brukar kommunen området til sine øvingar.

FramFlora

FramFlora er eit lokalt forankra utviklingselskap som har næringsutvikling og industriinkubator som forretningsområde. Ei viktig rolle er å medverke til etablering og utvikling av nye og eksisterande næringsaktørar i Flora kommune og regionen. Ein vil ha stor fokus på maritime næringar.

6900 Florø Telefon 57 72 57 70 www.firda-billag.no

FramFlora er ansvarleg for Maritimt Nettverk Sogn og Fjordane der vi saman med andre samarbeidspartar formidlar og søkjer faglege samarbeidsprosjekt både regionalt og nasjonalt. For oss handlar det om å skape og utvikle verdiar, med andre ord – vi skal opp og Fram

Telefon: 57 75 45 00 Hestenesgata 4 - P.B. 93 - 6901 Florø www.framflora.no

Florø Lufthamn - 40 år - 2011

a til Å - www.atilaa.no

Pb. 204 - 6801 Førde Telefon 57 72 50 00

FramFlora er Flora kommune sitt næringsapparat og skal aktivt stimulere til nyskaping og utvikling. Bistand og rettleiing til grunderar og etablerar er prioriterte oppgåver.

23


Lysande framtid for lufthamna På oljebasen er dei ikkje så opptatt av historia. «For oss er framtida viktigast», seier prosjektleiar Helge Dale i INC gruppen. Vi ser på kva muligheiter flyplassen gir oss dei neste 40 åra. På Fjord Base er aktiviteten veksande og optimismen stor, noko som genererar auka flytrafikk, både nord, sør og austover. Vestover er det helikoptera som rår luftrommet.

Helikopterflyginga frå Florø til oljeinstallasjonane i Nordsjøen har utan tvil stor betyding for utviklinga og framtida til flyplassen, seier oljekonsulent Audun Erik Sunde. Foto: David Antonsen, Firdaposten. Navet i oljehjulet Ny aktivitet rettferdiggjer nye ruter, seier Dale, som meiner at ei direkte rute til Stavanger må på plass innan få år. - Stavanger er navet i oljehjulet, og det vil vere eit stort konkurransefortrinn å få den ruta på plass. Kristiansund neste - Petroleumsverksemda medfører mykje reiseverksemd, både for offshorearbeida-

24

rar og dei som har sitt virke på basen. I den samanheng er Stavanger eit særleg viktig reisemål, i tillegg til Oslo og Bergen som vi har direkteruter til i dag, seier oljekonsulent Audun Erik Sunde. I den nye konsesjonsrunden, som skal på plass i 2012 , skal det avgjerast om det i framtida blir ruter mellom Florø og Kristiansund. Flyplassen her i Florø betyr mykje for heile nordvestlandet, presiserar oljekonsulenten. Det er mange i oljebransjen som er

Florø Lufthamn - 40 år - 2011

busett i vestlandsregionen som reiser til og frå jobb via Florø Lufthamn. Då er det viktig å komme seg til og frå Florø, på ein lettvint, trygg og rask måte. Gjøa, Knarr og Valemon Helikopterflyginga frå Florø til oljeinstallasjonane i Nordsjøen har utan tvil stor betyding for utviklinga og framtida til flyplassen. No har Statoil eit helikopter og GDF Suez eit helikopter, som går ut frå Florø.

Statoil har i dag grunnlag for større trafikk til sine installasjonar utanfor fylket enn kva dei kan handtere med helikopteret sitt i Florø, meiner oljekonsulenten. - Vi vonar at meir av denne trafikken vil gå over Florø Lufthamn framover. Gjøa er som kjent på plass utanfor Florø, Knarrfeltet er på plass i løpet av 3 år og vi har eit håp om at Valemon også skal bli forsynt frå Florø. Med slike utsikter er det ei lysande framtid for både oljebyen og lufthamna.


New operators: Grønn = olje/gassfunn som ikkje er utbygt. Oransje = Nye område der ein vil leite etter olje/gass

Florø Lufthamn - knutepunkt for offshoretrafikk

Beredskapshelikopter Offshoreindustrien er pålagt eigne løysingar i tilfelle krise. Det betyr at dei ikkje kan basere seg på vanleg redningsteneste med helikopter. Selskapa må ha sin eigen beredskapsplan, med eigne helikopter. I dag står desse beredskapshelikoptera ute på plattformene. I framtida kan desse verte flytta på land. Det er mange kriterium som spelar inn på kvar beredskapshelikoptera skal lokaliserast. Ved krise skal installasjonane evakuerast på kortast mulig tid, og med minst mulig risiko for uforutsette hindringar. Avstand er eit viktig stikkord her. Dei aktuelle stadene for beredskapsheli-

kopter på Vestlandet er Bergen, Florø og Vigra. Florø Lufthamn har kriteria inne for å kunne bli valgt til beredskapshamn for redningshelikopter. Lufthamna ligg nært installasjonane, har god infrastruktur og med kort veg til sjukehus.

Lufthamna i Florø ligg geografisk svært gunstig til for transport til og frå innstallasjonane offshore, slår Transportøkonomisk institutt (TØI) fast i si utgreiing om potensialet for Florø lufthamn. Rigg Snorre A Snorre B Visund Gjøa Knarr *)

Distanse Florø Nautiske mil 83 80 75 34 64

Det går faste ruter til Snorre A, Snorre B, Visund og Gjøa frå Florø, og distansane og reisetidene er betydeleg kortare enn om ein reiser frå Bergen.

Flytid Florø T: Minutt 0:37 0:37 0:35 0:16 0:30

Distanse Bergen (nm) 113 115 103 73 150

Flytid Bergen T: Minutt 0:50 0:53 0:48 0:45 1:10

*) frå rapporten «Organisering og drift av Jodbærfeltet».

SAR (Search & Rescue) beredskapshelikopter forflyttar seg raskt og har god setekapasitet.

Det er viktig for oljeselskapa å redusere arbeidarane si eksponeringstid i helikopter, og i tillegg blir lufthamna i Florø

framheva som kompakt, med effektiv og fleksibel logistikk.

Florø Lufthamn - 40 år - 2011

25


Flyfotografen Rune Helland har fått oppfylt gutedraumen, og har sine daglege turar i lufta, frå Florø og vestover. - Det starta med modellfly i Havreneset på 80-talet. Seinare vart det flygarutdanning i Forsvaret. Etter 9 år ved 339 skvadronen på Bardufoss kunne han endeleg vende nasa sørover, og lande i Florø i 1998. Jobb og hobby hand i hand Fotohobbyen starta og på 80-talet. Rune fekk sitt første speilreflekskamera til konfirmasjonen i 1982. Då var den store fotointeressa tent. I tillegg til familiebilde blir det mykje naturbilde frå Florø, både frå lufta og bakken.

Folk kan sjå ei fin samling foto på nettsida www.rune.zenfolio.com Fly og foto er gøy - Foto er mest for gøy, seier flyfotografen, men det er sjølvsagt kjekt å få selt litt bilde og. Han har bilde hengande på

Heliporten og mange har motiva hans på kjøkkenveggen via Florakalenderen. Rune Helland som flyr Sikorsky S-92 tur retur Florø-Nordsjøen i 2-1 turnus, har gjerne hobbyen med på jobb. Det blir mykje Floraskjergard og oljeinstallasjonar på Rune si minnebrikke.

- Eg har ein strålande arbeidsplass, smiler 44 åringen, som skryt av både flyplassen og arbeidskollegane. Når han i tillegg har etablert seg med familie og ei Florøjente er det godt å vere profesjonell flygar og hobbyfotograf i heimbyen.

Mat og drikke i Cockpiten - Eg har drive Cockpiten Cafe sidan 1986, og har ikkje hatt ein kjedeleg dag på jobb, fortel Grethe Kroppan. Ho står og smiler bak disken, midt i hjartet av flyplassen i Florø. Folk som kjem med fly frå Bergen og Oslo eller som skal til eller frå oljeinstallasjonane i Nordsjøen, går rett forbi - og dermed går dei gjerne ikkje forbi. Folk treng alltid mat og drikke, og her ligg Cockpiten midt i løypa. - Vi merkar eit ekstra stort trykk på øldisken, når oljearbeidarane går i land, fortel Kroppan. - Utan at dette skapar problem, legg ho vekt på. - Dette er folk på gjennomreise. Utanom kafédrifta med smårettar, kioskvarer og drikke av ulikt slag, leverer dei 4 som jobbar på Cockpiten frukost og lunsj i porsjonspakkar til Osloflya. - Det er godt vi har noko fast, i tillegg til den vanlege kafédrifta,

26

sjølv om det til tider er travelt i kjøkkenkroken bak disken. Grethe Kroppan fortel at dei var skeptiske då Widerøe slutta trafikkere Florø i 2000, og dei hadde ein liten downperiode då. Før den tid var det mykje meir transit, og dermed fleire reisande på gjennomreise. No er det færre ruter og meir direktefly. Fordelen no er at offshoretrafikken har auka kraftig. - Det er kjekt når det er liv og røre i Cockpiten seier Grethe, og må springe bak disken igjen.

Florø Lufthamn - 40 år - 2011

- Ingen dagar er like og ingen er kjedelege, fortel Grethe Kroppan som har selt mat og drikke til tilsette og reisande på Florø Lufthamn i 25 år.


RUNE HELLAND synes både flyging og foto er gøy, og ein kombinasjon som gir mange fine bilde.

Foto © Rune Helland

Foto © Rune Helland

Foto © Rune Helland

Florø Lufthamn - 40 år - 2011

27


Foto: Harald M. Valderhaug

- Vi har langsiktige ambisjonar for basen i Florø, fortel Sigurd Øistein Døsen, som er forsynings-/plassjef i Statoil Florø. At Statoil i 2010 valde å samle alle forings- og produksjonsrør i eit sentrallager i Florø, og å etablere Europas største logistikksenter for rør (OCTG) i Florø, understøttar dette. Statoil er ein av dei største arbeidsplassane i Florø, der over 500 personar har sitt direkte eller indirekte arbeid knytt til Statoil sin aktivitet på land og offshore. - Statoil er opptatt av å sikre verdiskapinga i oljebyen Florø, og å bidra til ein god og proaktiv leverandørindustri. Gjennom styreplassen vår og medeigarskapet i Fram Flora har vi forventningar til ei positiv utvikling av leverandørindustrien i fylket. Eg er stolt og glad over den utviklinga og veksten vi har skapt, seier Døsen.

28

Logistikksenter for rør (OCTG) - Etableringa av logsitikksenteret for rør har gitt store ringverknader for fleire av leverandørane på Fjord Base. - Det har blitt sysselsett mykje folk siste året knytt til aktivitet mot logistikksenteret for rør, og eg har tru på vidare vekst, seier Døsen. - Europas største logistikksenter for rør ligg i Florø, og vi har eit styringsansvar for alle rør som skal brukast på norsk sokkel, fortel Døsen. Om røra kjem frå til dømes Japan eller Italia, må dei innom lageret i Florø, før dei anten blir

Florø Lufthamn - 40 år - 2011

sendt direkte frå Florø og ut offshore eller blir sendt vidare til andre basar. Totalt forsyner Statoil Florø mellom 23 og 28 installasjonar utanfor kysten. Døsen fortel at den utvida røraktiviteten i Florø det siste året har skapt nærare 40 nye arbeidsplassar hos Statoil og underleverandørane i Florø. Rekord-aktivitet I 2010 vart det sendt over 900.000 tonn med last knytt til Statoil sin aktivitet over Fjord Base. Talet inkluderar både inngå-

ande og utgåande last, og der bulk også er tatt med. Volum gjer Florø til Statoil sin største base i tonnasje. Rør utgjer 50 % av aktiviteten, mens den andre halvparten utgjer driftsmateriell, B&B materiell, subsea materiell og prosjektmateriell. - Totalt har vi verdiar for 4 milliardar knytt til aktiviteten vår på basen, seier Døsen. Statoil disponerar direkte nærare 20.000 m2 kontor og lagerfasilitetar, i tillegg til ca 280.000 m2 lagerareal ute. Berre relatert til subsea-aktivitet har vi fire hallar, med eit samla areal på rundt 8.000


Statoil – ein viktig verdiskapar i Florø kvadratmeter. Statoil har tre forsyningsskip i fast fart frå Florø, i tillegg kjem 3-4 lagerfartøy som er direkte knytta mot spesifikke riggar. - På basen i Florø har vi anløp av 30-35 forsynings- og lagerfartøy for veka, fortel Døsen. Statoil sin aktivitet utgjer omlag 85 % av totalaktiviteten på basen. Oppgradering Snorre Statoil har store opprustings- og vedlikehaldsprosjekt på gang, fortel forsyningssjefen i Florø. Bustadkvarteret på Snorre A er under oppgradering. I ein periode på 6 månader skal det utførast nærare 400.000 arbeidstimar. - Samtidig jobbar vi med å ruste opp Snorre-feltet, for produksjon fram til 2040. Det blir avgjort

i løpet av året om ei boreplattform skal oppgraderast eller erstattast av ei ny. Statoil og lufthamna Statoil er viktig for Florø Lufthamn og vise versa, meiner Sigurd Øistein Døsen. - Vi har 26 tur/retur flightar med helikopter pr veke mot våre installasjonar. I 2010 flaug omlag 40.000 personar til og frå Florø og ut til Statoil sine installasjonar. I tillegg kjem dei omlag 35.000 personane, som reiser med DAT til og frå Florø, for å komme ut i Nordsjøen. Som ein skjønar så er Statoil sin aktivitet viktig med tanke på å oppretthalde dagens rutetilbod med DAT. - For vår del kunne det vore ønskjeleg med ei ekstra rute til Bergen i 9-10 tida om kvelden, og at no-

kre av dagens ruter til Bergen går vidare til Stavanger utan at ein må bytta fly, slik at ein slepp omsjekking, seier Døsen. I all hovudsak vil dei som reiser ut i Nordsjøen frå Florø, til riggane Snorre A, Snorre B, Tranceocean Seacher, Safe Scandinavia, Visund og Ocean Vanguard bli booka inn via Statoil forpleining i Florø.

SIGURD ØISTEIN DØSEN, forsynings-/plassjef i Statoil Florø. Foto: Svend Arne Vee

Florø Lufthamn - 40 år - 2011

29


Kystvegekspressen Velkommen til ProffPartner Vi gir deg mange fordeler!

Lokal forankring • Tilgjengelighet • Moderne logistikk • Effektiv distribusjon • Bredt sortiment • Kompetansepersonell • ProffStore • Floorstock • Kompetanseheving • Spisskompetanse på HMS • Spisskompetanse på festemidler

www.proffpartner.no

Måløy–Smørhamn–Florø

Bur du i Måløy eller Bremanger? Kystvegekspressen er raskaste veg til/frå Florø og flyplassen.

Vi vet hva vi snakker om!

www.fjord1.no

Autoforum AS Florø Telefon: 57 75 29 30 Fax: 57 75 29 31

30

Florø Lufthamn - 40 år - 2011

Autoforum AS Førde Telefon: 57 83 09 60 Fax: 57 83 09 61

www.autforum.sf.no


Flyglade gutar Frå venstre: Frank Gundersen, Rune Helland, Frode Felle og Jan Arve Askevold.

frå Florø

Fakta om CHC Helikopter Service Florø: • • • • • • • •

Flyr nordsjøarbeidarar til 5 riggar (snart 6) Alle jobbar turnus Arbeidsdagen på Helikopterbasen er frå kl 6–00.30 Helikoptera er i drift frå kl 7–21 13 pilotar 5 mekanikarar, inklusiv baseleiar 1 administrasjonsstilling Terminaltenester vert kjøpt av Securitas

Flyplassen i Florø har vore ei viktig brikke for mange i val av yrke. Det er ikkje få gutar og jenter som har vakse opp i kystbyen med lyden og synet av fly i lufta. Dermed har draumen om å komme seg opp der vakna. Draumen om sjølv å kunne sitte bak spakane, eller å vere den som fiksar det som må til på bakkenivå, har gått i oppfylling for nokre. Kanskje kan fleire få sjansen i framtida. Med auka aktivitet og utvikling i oljebransjen, vil det utan tvil bli auka aktivitet og behov for meir folk på lufthamna i Florø. Vi har møtt fire unge Florø-menn som har fått flydraumen sin oppfylt:

Florø veks som helikopterbase Olje- og gassaktiviteten utanfor Florø vil vekse i åra framover. Det betyr også at luftfarten ekspanderer. Allereie neste sommar vil vi sjå auka helikoptertransport til og frå Nordsjøen, og dermed auka trafikk på Florø Lufthamn. Av SVEIN THOMPSON Det seier Jon Steinset (biletet), basesjef for CHC Helikopter Service i Florø. - Neste sommar vil BG Norge starte utbygginga av det som heitte Jordbærfeltet, seinare omdøypt til Knarrfeltet. Driftsbasen skal ligge i Florø, og transporten av personell vil skje med helikopter ut frå helikopterbasen her, seier Steinset. Helikopter Service har i dag to helikopter stasjonert i Florø. Det er to store S-92 maskiner, som betener Statoil og GDF Suez E&P Norge på Snorre A, Snorre B og Visund for Statoil og Gjøa for GDF Suez. I tillegg har dei oppdrag for flytande leite- og serviceriggar.

- Det er ein betydeleg leiteaktivitet i havet vest for Florø, og eg er heilt sikker på at aktiviteten ved helikopterbasen vil fortsette å auke i åra framover, seier Steinset.

Helikopter Service har 20 tilsette pilotar og teknikarar og ein administrativt ansvarleg i Florø. I tillegg sysselset selskapet ti årsverk frå Securitas i samband med avgangskontrollen. Helikopterbasen i Florø omset for cirka 150 millionar kroner i året, og er dermed ei mellomstor norsk bedrift. Selskapet flyr 40 000 passasjerar ut og inn frå Florø kvart år. - Dei fleste av desse passasjerane kjem med fly frå andre delar av landet. Vi reknar med at den auka aktiviteten frå neste sommar vil gi mellom fem og sju tusen nye helikopterpassasjerar. 85 prosent av desse vil komme med fly. Lufthamna i Florø vil dermed også oppleve ein betydeleg vekst, seier Steinset. Helikopter Service har hatt aktivitet i Florø sidan 1987 og fast base sidan 1993.

CHC Helikopter Service har levert helikoptertenester i Norge sidan 1956 og vore leiande på norsk sokkel sidan starten på oljeeventyret i 1966. Selskapet har i dag ca. 30 helikopter som blir brukte til å frakte passasjerar til olje- og gassinstallasjonar til havs og til redningsoperasjonar (SAR). Selskapet har basar i Stavanger, Bergen, Florø, Kristiansund og Brønnøysund, samt helikopter fast stasjonert på Ekofisk, Oseberg, Statfjord og Heidrun. CHC Helikopter Service har nesten 500 tilsette og omsette for drygt 1,8 mrd kroner i 2010. CHC er verdas største selskap innan helikoptertenester med 250 helikopter i 35 land. Hovudkontoret er i Vancouver, Canada. CHC kjøpte Helikopter Service i år 2000.

Frank Gundersen (37) hugsar opninga av helikopterbasen i 1992, og trur nok det var fascinasjonen frå den dagen, som gjer at han er helikopterflygar i dag. – Eg bestemte meg der og då for at eg ville lære å fly. Sidan vart det sivil flygarutdanning i Sandefjord, og mange år med reising og pendling rundt omkring i landet. – Det var godt å endeleg komme heim til Florø, fortel Frank, som er veldig glad for at han fekk jobb i heimbyen då CHC fekk fornya kontraktar i 2009. - Sjølv om arbeidet vårt er styrt av strenge rutinar, har vi ein svært dynamisk arbeidsplass, påpeikar Frank. Dei største utfordringane ligg i vêret, med mykje skiftingar, der både storm, mørke og skodde kan vere daglege innslag. Vidare gjer stadig bytte av fartøy og nye reisemål CHC til ein utfordrande og variert arbeidsplass. Frode Felle (30) seier han valde yrket mest fordi det virka spennande og utfordrande. Inntrykket hans var at utdanninga måtte gjerast gjennom militæret. Då han fann ut at det kunne gjerast sivilt, var planen klar. Det vart flyskule i Florida i USA. - Eg har ikkje angra eit sekund, smiler ein fornøgd Florø-gut. Det er ei spesialisert utdanning å bli helikopterflygar, og slike arbeidsplassar veks ikkje på tre. – Eg kunne ikkje hatt ein betre arbeidsplass, seier Frode Felle, og legg vekt på at CHC har langsiktige kontraktar som gjer livet i heimbyen for-

utsigbart. Han meiner og at rekruttering lokalt er ein styrke for arbeidsgjevaren. – Vi er stabil arbeidskraft, som ønskjer å satse på heimplassen. Han er glad for all oljeaktiviteten som er i Florø, og legg vekt på at den gir store ringverknader, på mellom anna lufthamna. Jan Arve Askevold (34) har alltid hatt ei genuin interesse for fly og modellfly. - For meg var valet lett, fortel Jan Arve, som i dag er ein av fem flyteknikarar hos CHC i heimbyen Florø. Han har 3 år med flyfag på vidaregåande skule, før han fekk lærlingkontrakt i 2 år hos Braathens på Sola. Etter 13 1/2 år på Sola er han glad for å ha fått seg jobb på helikopterbasen i Florø. – Det er eit stort pluss både for ein sjølv og arbeidsgjevar at ein har vore ute og fått nyttige erfaringar frå større miljø, meiner Jan Arve. På basen i Florø har Jan Arve jobba med to ulike helikoptertypar, noko som gjer at mannskapet må tileigne seg ny kunnskap og teknologi. - Det er godt at vi må henge litt i selane, smiler ein fornøgd teknikar. Han legg vekt på at det er hardt arbeid og ei målretta satsing som ligg bak at dei lokale pilotane og mekanikarane er komne gjennom nålauget til CHC i heimbyen. Rune Helland (44) meiner at det er interessa for modellfly og litt tilfeldigheiter som gjer at han enda opp som helikopterflygar. Etter flygarutdanning i Forsvaret, jobba han 9 år på Bardufoss. Rune har 13 år bak seg hos CHC i heimbyen. Helikopterbasen i Florø er den basen i Noreg med best punktligheit. Rune meiner dette har samanheng med at den har passeleg storleik, og at alle dei ulike aktørane samarbeider godt. – Alle kjenner sitt ansvar, og alle tek ansvar. Det er ein styrke at pilotar, teknikarar, terminal og Avinor jobbar tett saman, dette gir god flyt.

Florø Lufthamn - 40 år - 2011

31


Spisskompetanse i næringslivsbanken Sparebanken Sogn og Fjordane er den leiande næringslivsbanken i Sogn og Fjordane. Vi har høgt kvalifiserte og erfarne medarbeidarar med bransjekunnskap og spisskompetanse. ssf.no

«Sixt in the City» Skal du på tur i helga eller skal bilen på verkstad? Vi har bilar i alle størrelsar, samt varebilar og lastebil. Vi kan tilby både korttid- og langtidsleie til meget rimelege prisar! Ring oss for eit godt tilbod på;

Tlf.

– gode råd for god råd Råd & Regnskap bruker nyeste teknologi og kompetanse for å forenkle bokføringen og kontantstrømmen til sine kunder. Råd & Regnskap legger vekt på å gi gode råd for å øke lønnsomheten til kundene sine. Dette oppnås gjennom en tett dialog mellom kunde og en av våre dyktige medarbeidere.

57 74 01 30 Lindheimvegen 1 • 6900 Florø T. 57 75 25 00 • F. 57 75 24 90 • post@rr-f.no

The futurE belongs to those who belive

in the beauty of

their dreams Morgondagens breiband allereie i dag Sjekk enivest.no for gode tilbod og kampanjar

Din lokale breibandsleverandør i Sogn og Fjordane - enivest.no

32

Florø Lufthamn - 40 år - 2011

www.rr-f.no

inform-media.no

www.sixt.no

Florø • Førde • Måløy • Bremanger Eikefjord • Svelgen • Bergen • Larvik


Vi griper muligheter og skaper verdier

INC Gruppen – 6900 Florø – Sentralbord 5775 1800 – kontakt@incgruppen.no

Lokal drivkraft INC Gruppen er opptatt av å skape aktivitet i lokalsamfunnet. Vi har utviklet oss til et stort konsern med over 500 ansatte, og er en viktig del av næringslivet i Flora kommune. INC Gruppen har aktiviteter innen olje og gass, tekniske tjenester, eiendomsutvikling, akvakultur og industrielt vedlikehold.

Olje og gass Saga Fjordbase

Lokal drivkraft

www.incgruppen.no

Tekniske tjenester og løsninger INC Engineering INC Energy NBN Elektro Norsk Contracting Partner Norwegian Marine WIS Gruppen Eiendom Fjord Base Akvakultur Havlandet Havbruk Havlandet Forskningslaboratorium Havlandet Marin Yngel Vedlikehold INC Vedlikehold

A til Å - www.atilaa.no | Foto: Oskar Andersen

Florø Lufthamn - 40 år - 2011

33


Ålesund

Måløy

Closer to the World ICELAND

Closer to the World

AY

Florø Førde

RW NO

SHETLAND

Nordfjordeid

Bremanger

Oslo

SCOTLAND

Copenhagen

London

Bergen

Felles visjon for næringsutvikling i regionen Skape Vestlandets nye vekstregion ved å knyte aksen Florø/Sunnfjord-Måløy/Nordfjord saman til ein samanhengande bu- og arbeidsmarknadsregion med felles kompetansemiljø

F

A HAMN OR K FL

Bremanger Hamn og Næring KF

Nordfjord Havn IKS w

w

34

Florø Lufthamn - 40 år - 2011

o w.f lorohamn.n


Fakta om 330 skvadron: 330 skvadron er Luftforsvaret sin operatør av redningshelikoptertenesta i Norge. Skvadronen har basar på Banak, i Bodø, Ørland, Sola og Rygge, i tillegg til å ha eit detasjement* i Florø. Redningstenesta er underlagt Justisdepartementet og blir i fredstid styrt frå hovudredningssentralane. Forsvarsdepartementet har gjennom Luftforsvaret driftsansvaret for Sea King-helikoptra, og sørgjer for at hovudredningssentralane har eit helikopter til disposisjon per base. *Detasjement; mindre militær styrke avgitt frå ei større eining for å løyse ei sjølvstendig oppgåve.

Reddar liv i tøff natur - Vi er heldige som har ein jobb der vi reddar liv, seier basesjef Erland Karlsen i 330 skvadron i Florø. Redningshelikopterbasen i Florø er eit detasjement, der mannskapet rullerar frå dei fem andre 330 skvadronane i landet. Forsvaret driv basen, og oppdragsgjevar er Hovudredningssentralen. Basesjef Erland Karlsen var prosjektleiar for basen i Florø frå januar i 2008, og har vore med på heile prosessen, fram til opninga i september 2009. Etter befalsskule, krigsskule og eit år på flyskule i USA, jobba Karlsen 10 år på 330 SKV på Sola. Han og alle dei andre som jobbar her er pendlarar, og bur på basen når dei er på jobb. Her er vi 24 timar i døgnet, sju dagar i veka og har kvar våre soverom, felles stove, kjøkken og trimrom med meir. Godt mottekne i Flora - Vi er 3 faste som jobbar her, elles rullerar resten frå dei andre basane. Legane som jobbar her rullerar frå Helse Førde,

fortel Karlsen. - Vi er veldig godt mottatt her i Flora, og folk her på lufthamna har vore til god hjelp for oss i startfasen. Karlsen trekkjer og fram ordføraren, som han meiner har vore ein viktig pådrivar for å få Skvadronen på plass. Ekstrem vestlandsnatur - Vi dekkjer eit gap med ekstrem natur, seier basesjefen, og viser til at dei jobbar i nokre av dei tøffaste områda i landet, som Stadhavet og Jotunheimen. Om sommaren er det mykje fjellredning. På sjøen er det ofte søkearbeid og heveoppdrag. Det som skil oss frå luftambulansen er at vi driv søk og redning, og at vi kan heise folk opp og ned. Luftambulan-

sen, som vi samarbeider godt med, driv først og fremst ambulanseteneste - og er avhengige av å kunne lande. Reddar liv Rundt om på basen er bilde frå redningsoppdrag, og i daglegstova står eit kort frå ei takknemlig dame som skada seg på fjellet. - Det er utruleg kjekt å få slike tilbakemeldingar, seier Karlsen. Mange av oss er småbarnsforeldre, og dei tøffaste oppdraga er når det er barn og unge med i bildet. Den viktigaste jobben vår er å redde liv. 330 SKV i Florø har i underkant av 200 flyoppdrag frå basen i Florø pr år, i tillegg til utrykking med bil.

Basesjef Erland Karlsen er takknemleg for å ha ein jobb der han er med på å redde liv.

Florø Lufthamn - 40 år - 2011

35


Kystvegen gir eit godt og effektivt internt samband til hamner og flyplassar, seier Kystveg-general Eivind Hjellum.

Kystvegen

– eit realistisk mål

- Kystvegen vil vere med å auke marknaden for flyplassen i Florø, seier Kystveg-general Eivind Hjellum. Han har jobba med samferdslespørsmål i ein mannsalder, og har eit glødande engasjement for Kystvegen mellom Ålesund og Bergen. - Næringslivet i kystregionen produserar store verdiar, men skal ungdomen og næringslivet satse framtida si her, må vi ha ein betre og samanhengande veg, slær Hjellum fast. Kystvegen skal fyrst og fremst gi internt samband, for å effektivisere transporten og skape eit meir attraktivt bu- og arbeidsområde. Moderate tiltak - Ein viktig styrke med Kystvegprosjektet er at vi står samla frå Ålesund i nord til Bergen i sør, fortel den avtroppande samferdslerådgjevaren i Flora kommune. - Vi krev ikkje eit ferjefritt samband, men ein veg av god standard. Dette kan vi oppnå med moderate tiltak. Opprusting og utbetring er viktige stikkord, seier Hjellum, og viser til at ein god del av

36

Kystvegen allereie er under arbeid eller planlegging. Knutepunkt og auka marknad På spørsmål om Florø lufthamn har betydning for Kystvegen, legg Hjellum vekt på at det er viktig med eit godt og effektivt internt samband til både hamner og flyplassar. Florø er eit transportknutepunkt, med både hamn, flyplass, helikopterterminal og godt vegsamband innover i fylket. Kystvegen vil gjere Florø til eit betre knutepunkt enn det allereie er, meiner Hjellum. - Marknaden for flyplassen vil og auke med betre veg - både frå nord og sør. Relasjonar nordover - Det er viktig med god flyfrekvens til

Florø Lufthamn - 40 år - 2011

Bergen, og rask overgang til Bergen – Stavanger, med gjennomgåande bagasje, fortel Hjellum. I samband med nye konsesjonsperiode frå 2012 har kommunen og næringslivet også teke opp behovet for ruter nordover. Fylkeskommunen har i si fråsegn til Samferdsledepartementet støtta dette kravet. Hjellum legg vekt på at mange verksemder i regionen har relasjonar med næringslivet i nabofylket. Ruter til Møre og Romsdal og vidare til Trondheim vil vere eit tilbod til reisande frå store deler av fylket. Det er tidkrevjande å måtte reise om Bergen eller Oslo. Godt vegsamband til Florø også frå nord og sør vil gjere eit slikt rutetilbod tigjengeleg for fleire.

Plass for taxibåt ved flyplassen Samferdsleutvalet i Flora kommune vedtok i juni 2011 å ta opp drøftingar med Avinor og Gunnhildvågen Flytebryggelag Nord, om tilrettelegging for anløp av skyssbåt i gangavstand frå flyplassen. Det er alt ein del reisande frå både nord og sør i tillegg til øyane i Florø, som kjem med privat båtskyss til flyplassen og legg båtane til i bryggelaget sine kaiar. Eivind Hjellum som har vore sakshandsamar i saka meiner dette vil vere ei god løysing for dei som må reise sjøvegen til flyplassen. Det kjem ein del skyssbåtar frå mellom anna Måløy, og håpet er at dei i framtida skal ha ein fast plass å legge til for å sleppe flypassasjerane trygt på land.


Foto: 330 Skvadron

Forsvaret si redningsteneste etablert i 2009 2. september 2009 vart redningstenesta sin nye helikopterbase i Florø formelt opna av justisminister Knut Storberget. Forsvarsbygg etablerte anlegget på oppdrag for Justis- og politidepartementet, og står i dag for dagleg drift og vedlikehald. Redningsbasen er ein «heim» for 330skvadronen sitt personell som utfører viktige redningsoppdrag langs Vestlandskysten. Prosjektet innebar oppføring av ein hangar på 750 m2, forlegningar, kontor, taksebaner, oppstillingsplassar og flytting av 40.000 kubikkmeter med stein- og jordmassar. Miljøprofil Miljø er eit satsingsområde for Forsvarsbygg, og det var ein viktig del også i dette

prosjektet. Mellom anna er det installert varmepumpe som hovudenergikjelde, og det er installert sensorar i heile bygget som styrer ventilasjon og lys for å redusere energiforbruket. Godt samarbeid Det har vore eit svært godt samarbeid med Avinor, Flora kommune, Forsvaret og ikkje minst Justis– og politidepartementet. Arbeidet saman med Forsvarsbygg sine kontraktspartnarar og entreprenørane Allbygg og Entreprenørservice fungerte svært godt.

HELSE · HOTELL · OFFSHORE · INDUSTRI · HANDEL OG SERVICE · NÆRINGSMIDDEL

Ren glede Norges største leverandør av vaskeritjenester Nor Tekstil dekker samtlige segmenter innen vaskeritjenester. Vi har lang erfaring og er det ledende konsernet i vår bransje her i landet. Institusjonstøy · Sengetekstiler · Pasienttekstiler Duker og servietter · Kokketøy · Arbeidstøy Matter · Mopper Vi har et tett samarbeid med våre leverandører slik at vi kan møte våre kunders ønsker og behov. Vår visjon:

Best på utleie og vask av tekstiler

Florø Lufthamn - 40 år - 2011

37


Flyplassen viktig for Nortekstil BB servicesystem er ein del av Norges største vaskerikonsern Nortekstil. Den største marknaden til Nortekstil ligg utanfor Sogn og Fjordane, men den gode infrastrukturen gjer det muleg å ha hovudkontor i Florø, fortel Knapstad. - Vi har ofte møter i Oslo, og med dagens flyruter går det fint å starte i Florø kl 6, og vere på møte i Oslo kl 8.30. I snitt har vi ein reisande med fly kvar dag, gjennom heile året, seier Marianne Knapstad. Ho fortel at dei legg vekt på å få kundane sine til å komme til Florø. - Flyplassen her i Florø ligg så sentralt til at det i mange tilfeller kan vere meir rasjonelt at forretningsforbindelsane kjem hit til oss.

Laila Storesund og Marianne Knapstad i BB Servicesystem.

på flyplassen

- For oss er det viktigast at det er reint og triveleg for dei reisande og tilsette på flyplassen, seier dagleg leiar i BB servicesystem Marianne Knapstad. Laila Storesund, som er fagarbeidar og ansvarleg for reinhaldet på flyplassen, fortel om ein triveleg jobb med takknemlige brukarar. - Vi set pris på at Avinor har valt ein lokal operatør til reinhaldet, presiserar Knapstad. På den måten er dei med og styrkar lokale arbeidsplassar. BB servicesystem har ansvaret for reinhaldet i terminalbygget, heliporten, flytårnet, og brann og redning si avdeling i tillegg til 330 skvadronen sin base. På 330 SKV, som har både opphaldsrom, 8 hyblar, kontor og trimrom driv vi bortimot hotelldrift, fortel Knapstad.

38

Førsteinntrykket viktig - Vi prøver å tilpasse oss livet på flyplassen, fortel Storeund, slik at vi ikkje driv reinhald inn i mellom beina på folk. Vi er ikkje usynlege, men prøver å ta mesteparten av reinhaldet mellom flightane. Er det forsinkingar på flyplassen forskyver vi arbeidet vårt, fortel ei fornøgd reinhaldar. - Hugs at ein flyterminal er ofte den første og siste plassen folk er på, når dei besøkjer ein ny stad. Då er det viktig at førsteinntrykket er godt.

Florø Lufthamn - 40 år - 2011

vi takkar for ulike oppdrag gjennom 40 år!

- med blikk for gode løysingar hamregata 36, evja tlf 57742511 post@norblikk.no www.norblikk.no

klima - energi - miljø - handverk - produksjon - montasje - estetikk

a til Å - www.atilaa.no

Rein glede


Foto: Trond Isaksen

Forsvarsbygg gratulerer Florø Lufthamn med 40-årsjublieet!

Forsvarsbygg er stolt byggherre og forvaltar av redningstenesta sin helikopterbase på Florø Lufthamn. Kunsterisk utsmykking av hangaren er utført av Katrine Giæver.

involve.no

Global og lokal Skanska har til enhver tid over 400 prosjekter i Norge. Vi er en stor global aktør, men er like stolte av å være en lokal aktør i Sogn og Fjordane.

www.skanska.no

Florø Lufthamn - 40 år - 2011

39


God regularitet er viktig - Vi kan med brei penn slå fast at Flora Lufthamn er av svært stor betyding for næringslivet i Sunnfjord. Dagleg leiar i Sunnfjord Næringsråd - som er eigd av næringslivet i Førde, Flora og Bremanger - Reidar Sandal uttrykkjer stor glede over utviklinga på lufthamna i kystbyen. Sunnfjord Næringsråd har vore aktive i prosessen med flyrutene til og frå Florø. Håpet er at det skal bli nye ruter nordover, til Kristiansund. - Eg vil understreke at det er viktig for oss å stå samla bak ønskemåla.

For næringsdrivande i Sunnfjord, er det avgjerande med god regularitet. At flyplassen i Florø er blitt den største lokale lufthamna i landet, med 160 000 reisande i året, er eit godt bevis på god regularitet.

- Det nyttar ikkje å komme til Oslo med sprikande staur, seier Sandal. - Vi har støtte frå næringslivet og det politiske miljøet i begge fylka.

- Vi har erfart at det er svært få dagar at Florø Lufthamn er stengt, slik at flya ikkje kjem opp eller ned, fortel Sandal som flyr mykje i jobben.

ewos.com

40

Florø Lufthamn - 40 år - 2011


Griphølen

Ed

KRISTIANSUND Ramngapet

Eide

Bud Elnesvågen

Hjelset

de

n

MOLDE

yf

jor

Lan

rde

n

Ha

Kystvegen frå Bergen til Ålesund

gfjo

Vi gr af jo rd

Kystvegkonferansen i Vanylven 26. august 2011

Ulstein

Hareid

Fosnavåg Sande jord

en

Skodje Sto

rd

rde

n

Stranda

nda

N o rd fj o

rfjo

Ikornes Hareid–SulaSykkylven - framtidig tunnel

Vågsøy

Måløy

Isfjorde

Åndalsnes

Geiranger-

en

Hølen

Fiskåbygd

Selje

en

VoldaFlytebru over Rovdefjorden fjorden

rd

Vanylven

Sildegapet

ord

Ørsta Tunnel under Drageskaret ca 9 km innkort.

fjo

STADHA STADHAVET

def

lds

Rov

Vo

Larsnes

lsfj

Haddal

Herøy

Sanden

• Leiar i Transportkomiteen på Stortinget: Knut Arild Hareide • Store kystvegprosjekt på Sunnmøre: Hafast og Rovdefjordbru • Alternativ finansiering • Valkamp om kystvegen • Konferanseleiar Geir Helljesen

Sula

Hareid

Ulsteinvik

sda

en

ÅLESUND Hundafjorden Branddal

Rom

ls-

ni t Nordfjordeid Kort ferje over Ytre Nordfjord H o rv a t n e

Stryne- Framtidig bru vatnet Stryn

Hundvikfjorden

Bremanger II - Gjennomførast 2010–2012

n jøe

pp

Bremanger

en

Sandane Tunnel Svelgen–Indrehus – ca 9 km innkorting rd

en

Svelgen

fjo

ys

Fr ø

Glo

For program og påmelding: www.kystvegen.com eller www.vanylven.no/kystvegkonferanse

Jostedalsbreen

FLORØ

Naustdal

Flora

Næringslivet må med!

Brufjorden

Kryssing av Førdefjorden, mellombels ferje. Framtidig løysing utgreiast FØRDE

en S ta vf jo rd

Kystvegen Ålesund–Bergen er formelt etablert som ein organisasjon med styre og sekretariat. Kommunane har teke initiativet, men for å lukkast må næringslivet med som aktive pådrivarar!

Viln

e

Dalsfjordbru - Gjennomførast 2010–2012

Dale

n

Fjaler

Buefjorden

ø

rde

Høyanger

Åfjorden

n

Hyllestad Leirvik

rde

n

Årda

ls f jo

rden

rd

et

Vik Framtidig fjordkryssing og fastlandssamband for Solund jo

nd

efjo

Sogndal

ef

su

en

n Sog

Hermansverk gn

lle

Str

Sognesjøen

Balestrand Lavik

Ø

So

Solund

To

Låg

Bli medlem – kontakt: www.kystvegen.com

o yfj

terf

rde sfjo

Lus

Askvoll

jord

en

Askvoll Holmedal

au

Gulen

ms

Eivindvik

fjo rde n

rde

us

Lu

or

ref

jor

de

n

Lindås

e f jo

de

Meland

Knarvik

Nytt tverrsamband Mongstad–Øygarden Voss

rden

Os

H je lt

n

Radøy

tfj

de Lindås n

n

Fedjeosen

or

fjo

Mongstad A

BERGEN

Øystese

rge an n rd orde a H fj

Gullkysten – der verdiskapinga skjer Florø Lufthamn - 40 år - 2011

A til Å - www.atilaa.no

dje

Austrheim

rfj

Fe

Fedje

Masfjorden

Sløvåg

o rd e n

te

Fe n s fj

41

Årdalst


100 år for flyplassen Oddmund Brandsøy – De karane er jo berre i opplæringsfasen, flirer Per Arne Halvorsen (55), som er yngst i flokken. Han er Utrykkingsleiar, og kan skilte med ei fartstid på 30 år. Åge Larsen (65), som nett er gått av med pensjon kan vise til 24 år i teneste for lufthamna. – Stabil arbeidskraft er det beste beviset på ein god arbeidsplass, meiner han. 100 år på 40 år Både Oddmund (83) og Arve (63) er veteranar, og begge jobba på Florø Lufthamn før den stod ferdig. Arve Førde, som har jobba i Avinor sidan 1990, var med på å bygge flyplassen og elles alle utvidingane. Oddmund Brandsøy, som vart pensjonist i 1995, var fyrst tilsett som lufthamnbetjent i kommunen, og var med på oppbygginga av eigen arbeidsplass, før den opna i 1971. Oddmund angra aldri på at han gjekk frå å køyre drosje til å køyre banebil på flyplassen i 1971. Han kom til ein arbeidsplass for «handymen», som likar ein variert arbeidsdag. Med til saman 100 år på Florø Lufthamn er desse 4 karane eit levande bevis på at Flora Lufthamn har vore ein triveleg arbeidsplass i 40 år.

42

Oddmund Brandsøy hugsar at folk ikkje kunne forstå kvifor han sa frå seg eit drosjeløyve, for å jobbe på flyplassen. - Den kommentaren kom vel frå ein person som aldri hadde køyrt drosje, repliserer Arve Førde. – Ja og ein som aldri har jobba på ein flyplass. På arbeidsrommet er 4 veteranar innanfor brann, redning og plassteneste samla, for å snakke litt om «good old days». Den gode latteren sit laust, og 40 år går utruleg fort i godt lag, er dei einige om. Enklare tider - Det blir mykje innetid framfor datamaskina no, seier Per Arne. Sjølv om arbeidet før og no er mykje likt, viss vi ser vekk frå dei strenge krava til sikkerheit, så er det krava til dokumentasjon som er den største skilnaden. – Det var enklare før, sukkar han. Oddmund hugsar godt eit lite fly som fekk problem med landingshjula. Det buklanda så gnistføyken stod. – Vi jekka det opp så hjula kom på plass. Så fylte det fuel og flaug vidare. I dag hadde det blitt rapportar og avviksmeldingar i hytt og pine, ler dei fire karane. Det har skjedd ein del mindre uhell gjennom 40 år, men heldigvis har det ikkje gått menneskeliv. Utstyrsparken Det har jammen skjedd mykje på utstyrssida òg, minner Åge dei andre på. Frå starten av hadde vi 1 brannbil, 1 banebil og 1 brøytebil. – Ja, og så hadde vi 1 skrivemaskin, kjem det frå Per Arne. - Eg hadde med meg mi eiga skrivemaskin, frå handelsskulen, minnest han. – Og den var ikkje elektrisk. Dei er glade for at utstyrsparken har auka i takt med utbygginga av flyplassen, og dei strengare krava.

4 glade flyplassveteranar, som til saman har jobba i 100 år for flyplassen i Florø. F.v. Åge Larsen, Arve Førde, Per Arne Halvorsen og Oddmund Brandsøy

Florø Lufthamn - 40 år - 2011


www.florain.no

Flora Industri- og Næringsforening Flora er den største og den mest allsidige industrikommunen i Sogn og Fjordane.

Foreininga har som mål å arbeide for industriutvikling, næringsutvikling og innovasjon i Flora kommune. Vi ønsker å vere ein viktig aktør i regionutviklinga i Sunnfjord. Vi oppmodar store og små bedrifter i alle bransjar om å bli medlem og delta i arbeidet vårt til felles nytte for næringslivet i Flora. For medlemskap og meir informasjon – sjå www.florain.no

Florø Lufthamn - 40 år - 2011

A til Å – www.atilaa.no • Foto: Magnus Helge Torvanger/Øyvind Bang-Olsen

Flora Industri- og Næringsforening samlar 50 av dei viktigaste bedriftene i Flora kommune, med til saman ca 1.500 arbeidsplassar.

43


Foto © Rune Helland

Foto © Are Fjellestad

Vi ønskjer å vise fram mangfoldet av aktivitetar på flyplassen og vise «innsida» av lufthamna. Aktivitetane er allsidig og det er mange ulike bedrifter på lufthamna: Securitas, Florø Flyservice, DAT, CHC Helikopter Service, Avinor, Forsvaret - 330 skv., Cockpiten Cafe med fleire. Det vert rundflyging, utstilling av helikopter, fly, brannbil og brøyteutstyr. Også RC-klubben vil vere med. I år er det 40 år sia flyplassen opna i Florø. Florø Lufthamn er Norges største av 29 lokalflyplassar. Vi har årleg om lag 160.000 passasjerar og meir enn 150 årsverk er knytta til vår aktivitet på flyplassen

Open dag laurdag Frå 12:30 13:00 13:30

Tale Ordførar Bente Frøyen Steindal, leiar i Flora Industri- og Næringsforening Bjørn Hollevik og lufthamnsjef Siv Merete Stadheim Rundflyging med CHC og DAT

Heile dagen: • Ope hus Forsvaret. • Ope helikopter CHC og ope fly DAT. Helikopter og fly vil vere utstilt og det blir høve til å gå om bord – omvisning vil bli gitt. • Demonstrasjon brann- og brøytebil. • Småflyklubb demo. • Modellflyklubb. • Sal av kaffi, kaker m.m. a til Å - www.atilaa.no

44

Florø Lufthamn - 40 år - 2011

Saman for framtidas luftfart Meir enn 160.000 reisande nyttar Florø Lufthamn kvart år. Dette er flypassasjerar på arbeid og fritidsreiser, og offshore arbeidarar som reiser med helikopter til og frå oljefelta i Nordsjøen. Florø Lufthamn er base for redningshelikopter og 2 helikopter i Nordsjøtrafikk. Avinor har som mål å vere leiande innan trygging i Europa. Avinor sikrar trygge forhold for næringslivet – og folk flest.

www.avinor.no


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.