Førdepakken

Page 1

P책 god veg www.fordepakken.no


Kvifor Førdepakken? • E39 har ein slett standard • Førdepakken skal forsere E39 frå Gaular til Jølster, og gjere Førde til ein meir trafikk- og sykkelvennleg by.

Førdepakken for fylket Det beste bidraget til vekst og utvikling for både kommunane og næringslivet i Sogn og Fjordane er å sikre gode kommunikasjonar. Førdepakken er eit viktig samfunnsøkonomisk arbeid, som er avgjerande for utviklinga i heile fylket. Styret er samansett av representantar frå kommunane Gaular, Jølster, Naustdal og Førde i tillegg til næringslivet i Førde. Styret i Førdepakken er: Margunn Skudal Nistad, Siv Hestad, Turid Anita Viken, Johan Kåre Kjerstad, John Helge Lunde, og Oddvar Flæte.

Oddvar Flæte er styreleiar for Førdepakken AS

• Val av line for E39 blir avklara vinteren 2012/13, difor har kommunane Gaular, Naustdal, Jølster og Førde gått saman med næringslivet og stifta Førdepakken. • Førdepakken skal vere pådrivar og jobbe parallelt med kommunedelplanen som omhandlar E39 og reguleringsplan for Førde. •

Arbeidet skal resultere i ei pakkeløysing for finansiering av gode trafikkløysingar for dei involverte kommunane, næringslivet og heile fylket.


Mål for Førdepakken Hovudmålet er at innbyggarar, kommunar og næringsliv, saman med fylkeskommunen og Statens Vegvesen skal forsere styrkinga av E39 frå Gaular til Jølster, og aksen Florø–Sogndal. Dette skal gje fylket eit sterkare utviklingssenter og betre trafikkale løysingar.

Vekstimpulsane E39 og Flora-Sogndal Flora–Førde–Sogndal er ein sterk næringsakse og E39 gjennom Førde er nord–sør sambandet i fylket. Desse kryssingspunkta må utbetrast. Førdepakken vil vere med å forsere dette arbeidet, slik at brukarane får effektive og trygge løysingar.

Planprosessen: Planprosessen er eit samspel mellom Statens Vegvesen, fylkeskommunen og kommunane. Framdrifta er vanskeleg å tidfeste, men her er dei viktigaste punkta Førdepakken må forholde seg til og arbeide med: • Avgjerd om trasé for E39 og Rv5 • Avgjerd om traséar for lokale sykkel-, veg- og gatenett i Førde • Avgjerd om kva Førdepakken skal innehalde • Søknad om bompengefinansiering • Søknad blir lagt fram for Stortinget



Naustdal

Førde

«Bygda mellom byane»

«Byen midt i fylket»

For kultur- og utviklingskommunen Naustdal er det viktig med effektiv og trygg veg til og frå byane Førde og Flora.

Gode kommunikasjonar er ein føresetnad for vekst og utvikling.

Gaular

Jølster

«Der reisande møtest»

«Der natur og kultur møtest»

For reise- og næringslivet i Gaular er det viktig med ein rask, trygg og god E39.

Foto: Merete Husmo Høidal, NRK

Ved å satse på næring og bulyst er Jølster avhengig av at ein kjem seg fram på ein rask og trygg veg.


Sykkelbyen Førde Etablering av sykkelvegar vil gjere Førde meir framkommeleg og auke trivselen for dei som bur her. Ved å flytte ein del av trafikken frå bil til sykkel, vil vi få eit nytt og mjukare trafikkbilde. Ein vesentleg del av plan og tilrettelegging går på sykkelvegar og parkering for syklar, i tillegg til stimulering til meir sykkelbruk.

Godt for kroppen, godt for miljøet og godt for Førde!

www.fordepakken.no

© A til Å - www.atilaa.no

www.fordepakken.no Telefon: 90 99 34 61 - Epost: post@fordepakken.no



Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.