Utdrag frå Den vesle prinsen

Page 1

Antoine de S A int- e xupéry

Den vesle prinsen

Med illustrasjonane til forfattaren Frå fransk ved Jon Fosse

Samlaget

Oslo 2020

Originaltittel: Le petit Prince

© norsk utgåve: Det Norske Samlaget 2020 www.samlaget.no

Omslagsdesign norsk utgåve: Torill Stranger

Førtrykk: Torill Stranger

Skrift: Lyon Text

Trykkeri: Scangraphic

Printed in Poland

ISBN 978-82-340-0268-7

Denne boka er trykt på miljøvennleg papir.

t il l éon Werth

Eg bed barna om orsaking for å ha tileigna denne boka til eit vakse menneske. Eg har ei god orsaking: Dette vaksne mennesket er den beste vennen eg har hatt i verda. Eg har ei anna orsaking: Dette vaksne mennesket forstår alt, også bøker for barn. Eg har ei tredje orsaking: Dette vaksne mennesket bur i Frankrike, der han svelt og frys. Han treng verkeleg trøyst. Om alle desse orsakingane ikkje er nok, vil eg gjerne tileigna denne boka til det barnet dette vaksne mennesket ein gong var. Alle vaksne menneske har først vore barn. (Men få av dei hugsar det.) Altså rettar eg på tileigninga mi:

Til Léon Werth

då han var ein liten gut.

d å eg vA r S ek S år såg eg ein gong eit utruleg bilete i ei bok om urskogen, ei bok som heitte Verkelege historier. Det var av ein boaslange som svelgde eit villdyr. Her er ein kopi av teikninga:

I boka stod det: «Boaslangane svelgjer byttet sitt heilt, utan å tyggja det. Etterpå kan dei ikkje røra på seg, og dei søv i seks månader medan dei fordøyer det.»

9
i

Så eg tenkte mykje på eventyra i jungelen, og etter kvart klarte eg, med ein fargeblyant, å laga den første teikninga mi. Teikning nummer 1. Den såg slik ut:

Eg viste meisterverket mitt til vaksne menneske, og eg spurde om dei vart redde av teikninga mi.

Dei svarte meg: «Kvifor skulle nokon bli redd av ein hatt?»

Teikninga mi var ikkje av ein hatt. Den var av ein boaslange som fordøydde ein elefant. Då teikna eg innsida av boaslangen, slik at dei vaksne menneska kunne forstå. Dei treng alltid å få ting forklarte. Teikning nummer 2 såg slik ut:

Dei vaksne menneska rådde meg til å slutta med teikningar av både opne og lukka boaslangar, og heller interessera meg for geografi, historie, rekning og grammatikk. Då eg var seks år, gav eg derfor opp ein lysande karriere som kunstnar. Eg hadde

10

mist motet fordi både teikning nummer 1 og teikning nummer 2 var mislykka. Dei vaksne menneska forstår aldri noko sjølve, og det er trøyttande for eit barn igjen og igjen å forklara dei ting.

Så eg måtte velja eit anna yrke, og eg lærte å bli flygar. Eg har floge litt rundt i heile verda. Og geografien har, sant nok, vore til stor hjelp. Eg visste, ved første augnekast, kva som var Kina eller Argentina. Det er svært nyttig dersom du rotar deg bort om natta. Eg har i livet mitt hatt mykje kontakt med mange alvorlege menneske. Eg har budd mykje hos dei vaksne menneska. Eg har sett dei på nært hald. Det har ikkje gjort inntrykket mitt betre.

Når eg møtte ein som verka litt opplyst gjorde eg eksperimentet med å syna han teikning nummer 1, som eg har teke vare på. Eg ville finna ut om han verkeleg forstod. Men han svarte alltid: «Det er ein hatt.» Så eg snakka ikkje med han verken om boaslangar, urskogar eller stjerner. Eg tilpassa meg han. Eg snakka med han om bridge, om golf, om politikk og om slips. Og det vaksne mennesket var godt fornøgd med å treffa ein så fornuftig mann. ii

Så eg h A r levd åleine, utan nokon eg verkeleg kunne snakka med, heilt til eit uhell i ørkenen Sahara for seks år sidan. Eit eller anna hadde blitt øydelagt i motoren min. Og sidan eg verken hadde med meg mekanikar eller passasjerar, førebudde eg meg på å få til den vanskelege reparasjonen heilt åleine. For meg galdt det liv eller død. Eg hadde knapt drikkevatn for åtte dagar.

11

Den første kvelden sovna eg i sanden, tusen mil borte frå folk. Eg var endå meir isolert enn ein forlist sjømann på ein flåte midt utpå havet. Altså kan de førestilla dykk kor overraska eg vart då eg, i det sola stod opp, vart vekt av ei artig, lita røyst. Den sa:

– Ver snill … teikn ein sau til meg!

– Kva!

– Teikn ein sau til meg …

Eg kom meg på føtene som om eg hadde blitt råka av lynet. Eg gneid meg i auga. Eg såg meg nøye rundt. Og eg såg ein liten, heilt uvanleg gut, som såg alvorleg på meg. Her er det beste portrettet eg seinare klarte å laga av han. Men teikninga mi er sjølvsagt langt mindre sjarmerande enn modellen. Det er ikkje mi skuld. Dei vaksne menneska fekk meg til å mista trua på at eg kunne bli kunstnar, då eg var seks år gammal, og eg hadde aldri lært å teikna, bortsett frå lukka boaslangar og opne boaslangar.

Med auga heilt runde av forundring såg eg på denne skapnaden. Ikkje gløym at eg var tusen mil borte frå alle stader der det budde folk. Likevel verka ikkje den vesle guten bortkomen og ikkje døden nær av møde, ikkje døden nær av svolt eller tørste, ikkje døden nær av redsle. Han såg slett ikkje ut som eit fortapt barn i ørkenen, tusen mil borte frå alle stader der det budde folk. Då eg endeleg klarte å snakka, sa eg:

– Men ... kva gjer du her?

Og han gjentok, heilt mildt, som om det var noko svært alvorleg:

– Ver snill … teikn ein sau til meg …

Når eit mysterium gjer for sterkt inntrykk, vågar ein ikkje å vera ulydig. Same kor urimeleg det verka for meg, som var i dødsfare tusen mil borte frå alle stader der det budde folk, tok eg

12

Her er det beste portrettet eg seinare klarte å laga av han.

13

eit papirark og ein fyllepenn ut or lomma. Men så hugsa eg at eg først og fremst hadde studert geografi, historie, rekning og grammatikk, og sa til den vesle guten (og no var eg litt mismodig) at eg ikkje kunne teikna. Han sa:

– Det gjer ingenting. Teikn ein sau til meg.

Sidan eg aldri hadde teikna ein sau, laga eg om igjen den eine av dei to teikningane eg kunne teikna til han. Den av den lukka boaslangen. Og eg vart mållaus då eg høyrde den vesle guten seia til meg:

– Nei! Nei! Eg vil ikkje ha ein elefant i ein boaslange. Ein boaslange er svært farleg, og ein elefant tek svært stor plass. Hos meg er det så trongt. Eg treng ein sau. Teikn ein sau til meg.

Så eg teikna.

Han følgde nøye med og sa:

– Nei! Den er alt svært sjuk. Lag ei ny. Eg teikna.

Vennen min smilte vennleg, men overberande:

– Du ser vel … det er ingen sau, men ein vêr. Han har horn …

Eg laga då heile teikninga om igjen. Men ho vart avvist, som dei tidlegare.

– Den er for gammal. Eg vil ha ein sau som kan leva lenge.

Så mista eg tolmodet, sidan det hasta med å demontera motoren min, og eg rabla ned denne teikninga:

14

Og eg slengde ut:

– Dette er ein boks. Sauen du ynskjer deg er inne i den.

Men eg vart verkeleg overraska då eg såg andletet til den unge dommaren min lysa opp:

– Det er nett slik eg vil ha han! Trur du denne sauen treng mykje gras?

– Kvifor det?

– Fordi det er så trongt hos meg …

– Det held nok sikkert. Eg har gitt deg ein bitte liten sau.

Han bøygde hovudet mot teikninga.

– Ikkje så liten at … Sjå! Han har sovna …

Og slik var det at eg vart kjend med den vesle prinsen. iii

d et tok l A ng tid før eg skjønte kvar han kom ifrå. Det verka aldri som om den vesle prinsen, som stilte meg så mange spørsmål, høyrde på mine. Det var ord han tilfeldigvis sa som, litt etter litt, gjorde alt klart for meg. Så då han for første gong såg flyet mitt (eg vil ikkje teikna flyet mitt, det er ei altfor komplisert teikning for meg), spurde han meg:

– Kva slags ting er det?

– Det er ikkje nokon ting. Det flyg. Det er eit fly. Det er flyet mitt.

Og eg var stolt over å seia til han at eg flaug. Då ropte han:

15

– Kva! Du har falle ned frå himmelen!

Ja, svarte eg audmjukt.

– Å! Det var artig …

Og den vesle prinsen braut ut i ein trillande latter, noko som irriterte meg veldig. Eg vil at ein skal ta uhella mine alvorleg. Deretter la han til:

– Så då kjem du òg frå himmelen! Kva planet er du ifrå?

Eg fekk med det same ein glimt inn i det mysteriøse nærværet hans, og eg spurde brått:

– Du kjem altså frå ein annan planet?

Men han svarte meg ikkje. Han rista langsamt på hovudet medan han såg på flyet mitt:

– I den tingen der kan du, sant nok, ikkje ha kome langvegsfrå …

Og han sokk ned i ein draum som varte lenge. Så tok han sauen min ut or lomma si og fordjupa seg i denne skatten sin.

De kan førestilla dykk kor nyfiken han hadde gjort meg med å ymta om «dei andre planetane». Eg prøvde derfor å få vita meir om det:

– Kvar kjem du ifrå, vesle gut? Kvar er «heime» for deg? Kvar vil du ta sauen min med deg?

Etter ei tenksam stille sa han:

– Det gode med boksen du har gitt meg er at han om natta kan brukast til hus.

– Så klart. Og om du er snill, skal eg òg gi deg eit tau som du kan binda sauen fast med om dagen. Og ein påle.

Framlegget syntest å sjokkera den vesle prinsen:

– Binda han? For ein rar idé!

16
Den vesle prinsen på asteroide B 612.

– Men om du ikkje bind han, kan han gå kvar som helst og gå seg vill.

Og vennen min byrja igjen å storle:

– Men kvar skulle han gå!

– Kvar som helst. Rett fram …

Då sa den vesle prinsen alvorleg:

– Det gjer ikkje noko, det er verkeleg trongt heime hos meg.

Og kanskje med litt sorg la han til:

– Rett fram kjem ein ikkje så langt … iv

d ermed h A dde eg lært endå ein svært viktig ting: Planeten han kom ifrå var knapt større enn eit hus!

Det forundra meg ikkje så mykje. Eg visste godt at det attåt dei store planetane som Jorda, Jupiter, Mars og Venus, dei ein har gitt namn, var hundretals andre som nokre gonger er så små at det er særs vanskeleg å sjå dei med teleskop. Når ein astronom oppdagar ein av desse, gir han planeten eit tal til namn. Han kallar han for eksempel «asteroide 325».

Eg har gode grunnar til å tru at planeten den vesle prinsen asteroide B 612. Denne asteroiden har berre blitt sett igjennom teleskop éin gong, i 1909, av ein tyrkisk astronom.

Han gav ein stor presentasjon av oppdaginga si på ein internasjonal kongress for astronomi. Men ingen hadde trudd han på grunn av kleda hans. Dei vaksne menneska er slik.

Heldigvis for ryktet til asteroide B 612 gav ein tyrkisk diktator folket sitt ordre, han truga med dødsstraff, om å kle seg på den europeiske måten. Astronomen heldt presentasjonen sin igjen i 1920, i ein svært elegant klednad. Og denne gongen var alle samde med han.

Grunnen til at eg har fortalt dykk desse detaljane om asteroide B 612, og

har gitt dykk nummeret hans, er dei vaksne menneska. Dei vaksne menneska elskar tal. Når de snakkar til dei om ein ny venn, spør dei dykk aldri om viktige ting. Dei seier aldri: «Korleis er røysta hans? Kva leiker likar han best? Samlar han på sommarfuglar?» Dei spør dykk: «Kor gammal er han? Kor mange brør har han? Kor mykje veg han? Kor mykje tener far hans?» Berre då trur dei at dei kjenner han. Om de seier til vaksne menneske: «Eg har sett eit vakkert hus av rosa murstein med geraniumar i vindauget og duer på taket …», klarer dei ikkje å førestilla seg dette huset. Ein må seia til dei: «Eg har sett eit hus som kostar mange millionar kroner.» Då ropar dei: «Det er så fint!»

Så om de seier til dei: «Provet på at den vesle prinsen har funnest, er at han var sjarmerande, han lo, og han ville ha ein sau. Når ein vil ha ein sau provar det at ein finst», vil dei trekkja på skuldrene og sjå på dykk som barn! Men om de seier til dei: «Planeten han kom ifrå er asteroiden B 612», så blir dei overtydde og lèt dykk vera i fred for spørsmåla sine. Dei er slik. Ein må ikkje klandra dei. Barna må vera svært tolmodige med dei vaksne menneska.

Men vi som forstår oss på livet, vi bryr oss sjølvsagt ikkje om tal! Eg skulle gjerne ha byrja denne historia slik eventyra byrjar. Eg skulle gjerne ha sagt:

«Det var ein gong ein liten prins som budde på ein planet som knapt var større enn han sjølv, og som trong ein venn …» Mellom dei som forstår livet, hadde det verka mykje sannare.

For eg vil ikkje at ein skal lesa boka mi lettvint. Eg føler så mykje sorg ved å fortelja om desse minna. Det er seks år sidan vennen min forlét meg med sauen sin. Når eg prøver å skildra

20

han her, er det for å ikkje gløyma han. Det er trist å gløyma ein venn. Det er ikkje alle som har hatt ein venn. Og eg kan jo bli lik dei vaksne menneska som ikkje er interesserte i anna enn tal. Det er altså derfor eg har kjøpt ein boks med fargestiftar og nokre blyantar. Det er vanskeleg å byrja teikna igjen i min alder, når eg aldri har prøvt å teikna noko anna enn ein boaslange, lukka og open, då eg var seks år! Eg vil sjølvsagt prøva å laga portretta mine så like som råd. Men eg er slett ikkje sikker på at eg får det til. Éi teikning blir bra, og den andre liknar ikkje. Eg tek også litt feil av storleiken. Her er den vesle prinsen for stor. Og der er han for liten. Eg er òg usikker når det gjeld fargen på kleda hans. Så eg prøver meg fram på ymse vis, som best eg kan. Eg kjem til å gjera feil i alle fall med somme særs viktige detaljar. Men det må ein tilgi meg. Vennen min forklarte aldri noko. Han trudde kanskje at eg var som han. Men eg kan dessverre ikkje sjå sauer gjennom boksar. Kanskje er eg litt som dei vaksne menneska. Eg må ha blitt eldre.

k vA r d A g lærte eg noko om planeten, om avreisa, om reisa. Det kom heilt stillferdig, og på måfå slik han tenkte. Slik vart eg, den tredje dagen, kjend med dramaet om baobatrea. Denne gongen var det igjen takk vere sauen, for brått spurde den vesle prinsen meg, som om ein alvorleg tvil hadde kome over han:

– Det er heilt sant at sauer et buskar, er det ikkje?

21
v
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.