Utedo

Page 1

Tusen takk for støtte til utedo! No står utedoen vår omsider ferdig! Den er blitt bygd av dei flinke medlemmane i klubben vår. Vi starta med å grave, og vi grov veldig djupt. Då vi endeleg nådde fast grunn kunne vi begynne med funamentering og etterkvart legge bjelkelag. Veggane blei reist og kledde, vindauge kom på plass, etterkvart tak og kasse.


Medlemmane var så stolte og gla i den vesle utedoen at dei samlast her for å spele kort på kvelden. Vi grov grøft ut i frå doen som vi fylde att med stein. Kassa blei bygd og mala, og solcelle lys blei montert. Ein riktig så triveleg utedo. Ein av medlemmane har laga handtak til døra av ein rar stokk vi fann.

Mvh Alle oss i Troda 4H




Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.