Brekka Naturmøteplass

Page 1

Naturmøteplassen vår

BREKKA


Målsetjing med prosjektet Vi ynskte å: • lage ein arena der generasjonar i bygda skapar noko saman • lære barn og unge å respektere og bli glad i naturen • stimulere til deltaking, oppdagingslyst, å bruke kroppen, tirre nysgjerrigheita • bli ein samanspleisa friluftsklubb!


Felles 4H-prosjekt i år: - Vi bygger gapahuk! Vi ville lage ein open, tilgjengeleg og familievenleg naturmøteplass – med plass for to lavvoar og grue. Søkte midlar frå 4H Miljøløftet.


Mat er også viktig … Ein stor del av dette prosjektet har vert det sosiale felleskapet og miljøet i klubben. Og ein viktig del av dette er kosen rundt bålet med god mat. Vi hadde mange ivrige kokkar! Fleire medlemer bakte mykje godt til dugnadsøktene.


Planleggingsfasen Her er dei fire klubbrådgjevarane våre på synfaring ved Veslevatnet. Vi hadde med oss 4H-konsulenten Åge Avedal frå Sogn og Fjordane 4H. Vi fann ein fin stad inst i vika.



Rydding av kratt

Her er nokre av våre ivrige medlemar på skogshogst. Det var ein stor jobb berre å rydde området inn til Gapahuken. Slik blei det fin utsikt til vatnet frå vegen, og lett tilgjengeleg for alle.


Grunnarbeidet er halve jobben

Vi saga tømmer frå tomta, og leigde minigravemaskin til å planere og lage tilkomstveg. Så la vi duk på tomta og fylde på med minst ein meter med morenemasse frå staden – så la vi eit lag plast og deretter betongheller vi hadde «arva» og tilslutt singel. Snart byggeklart!


Bygget reiser seg

Gapahuken er teikna av Jan Fossheim, ein av foreldra i klubben. Vi etablerte ei byggenemnd med 4H-foreldre og medlemer frĂĽ Mardal krins.


Delprosjekt: - Mat på bål

4H-arane lærte å tenne bål og bruke steikeheller og bålpanne. Vi fokuserte på å bruke gode og sunne råvarer.


Gapahuken tek form

Store og små samarbeidde om å legge tro på gapahuken. Nokre hadde ikkje spikra før, men no fekk alle prøve seg.


Kjekt ĂĽ arbeide i lag!

Det vart spikra pĂĽ tre taksider samtidig - og nokre snekra benkar inne i gapahuken. SĂĽ her var det livleg!



God mat gir trivsel

Vi laga skikkeleg mat pĂĽ alle dugnader. Her lukta det godt av kyllingfajitas. Vi laga ogsĂĽ laksewok og andre spennande rettar.


Fleire generasjonar i lag

Her diskuterar Lars P. og Jan framdrifta. Vi bygde gapahuken av tømmer frå området, og fekk låne sagbruket til Lars P.


Takpapp og knotteplast

Her er byggenemnda i arbeid. Mange timar gjekk med. Det blei lange, kjekke dagar og god stemning ved Veslevatnet!


Torvskjæring

Bygdefolket stilte på med traktorar og utstyr til å skjere torv med. Medlemane fekk også erfare kor tung torva er... Samarbeid måtte til!


Open dugnad

Vi inviterte heile bygda til å vere med å legge torva på taket. Det var godt oppmøte, så jobben var gjort på ein dag.


Gapahuken stĂĽr ferdig

Torva er koma pĂĽ, og benkane er lakka. Her kan 20-25 personar overnatte. Veldig triveleg inne med fyr i bĂĽlpanna og levande lys!



Velkomen til Brekka naturmøteplass

Naturmøteplassen er open for alle heile året, men kan også tingast. Vi går no i gang med å bygge toalett, tilrettelagd for rullestolar og barnevogner. Tosetar, sjølvsagt! Og meir kjem …


Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.