Mangfaldig natur: Aktivitetshefte for barn og unge

Page 1

g i d l r a u f t g a n n a M r- og tar a m Som aktivite r ge vinte rn og un a for b


Prosjektet er gjennomført av 4H Sogn og Fjordane i 2013 og 2014 med støtte fra Sogn og Fjordane fylkeskommune, Klima- og miljødepartementet og Miljødirektoratet. Tekst: Heidi Vallestad, Hanna de Groot, Åge Avedal, Hans Erik Lerkelund og Thomas Sveri. Illustrasjonar og grafisk utforming: Geoffrey Kempton. Foto: Heidi Vallestad, Randers Naturcenter, 4H Sogn og Fjordane, ScanStockPhoto, Grete Kempton og Norsk Friluftsliv. Utgitt: 2015

2


Mangfaldig natur

INNHALD Naturmangfaldslova, friluftslova, . . . . . . . . . . . 4 allemannsretten, innmark og utmark

Er du glad i naturen og i å vere i friluft? Kor mykje veit du om naturen rundt deg og alle dei artane du finn der? Kva kan skje om du gjer endringar i naturen og miljøet? Veit du at det finst lover som skal sikre eit biologisk mangfald? Og som skal sørgje for at du kan ferdast fritt i friluft?

VINTER:

Snø og skred . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . 8 Studere snøfnugg . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . 9 Bli kjent med fuglane . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . 10 Snøfyrverkeri . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . 14 Leite etter våren . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . 15 Nytt skianlegg, eller…? . . . . . . . . . . . . . . . . . . . 16 Bygg eit bål! . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . 20

Dette og mykje anna kan du lære om gjennom aktivitetane vi presenterer her. Vi har funne fram til ei fin blanding av praktiske oppgåver, friluftsaktivitetar og oppgåver der du kan få bryne meiningane dine litt. Målet er at du som er ung skal få meir kunnskap om naturmangfald og naturmangfaldslova, og auka medvit om natur og miljø.

SOMMAR:

Oppdemming av bekken . . . . . . . . . . . . . . . . . . . Søppelkunst . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . Lag din eigen vasskikkert . . . . . . . . . . . . . . . . . Bygg eit insekthotell . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . Lag ei insektfelle . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . Natursti . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . Lag ein fugleholk . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . Ta standpunkt! . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . Saft, suppe og te frå naturen . . . . . . . . . . . . . Lag mat ute . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . .

Aktivitetane her er aktuelle heile året. Vi har merka dei aktivitetane som passar best på sommaren eller vinteren. Kvar oppgåve startar med ei innleiing som kan lesast opp eller formidlast munnleg. Vi har også delt oppgåvene i tema, og føreslått kva aldersgruppe dei høver for, kva utstyr du treng og kor lang tid ein kan rekne med at aktiviteten tek. 3

22 23 24 26 28 29 30 34 38 40


Naturmangfaldslova Norge fekk i 2009 ei ny og viktig lov, naturmangfaldlova. Formålet med denne lova er å ta vare på naturen, anten gjennom vern eller bærekraftig bruk. Naturmangfaldlova er ei sektorovergripande lov som gjeld for alle tiltak og all bruk som påverkar norsk natur. Naturmangfaldlova deler grovt sett norsk natur i tre kategoriar eller nivå og knyter ulike verkemiddel til desse, sjå figur.

Desse reglane gjeld for alle avgjersler og tiltak knytt til norsk natur, altså både avgjersler som blir tatt etter naturmangfaldlova og etter andre lover (plan- og bygningslova og sektorlover). På den måten skal grunnmuren danne ein minstestand for forvaltning av norsk natur.

Nivå 2: Natur som krev spesielle omsyn

For naturen som krev spesielle omsyn er det innført to verkemiddel for bærekraftig bruk i naturmangfaldlova:

Nivå 1: All natur

«Grunnmuren» i naturmangfaldlova inneheld formål, forvaltningsmål for naturtypar, økosystem og artar, samt fem miljørettslege prinsipp:

Utvalde naturtypar For å fremje forvaltningsmåla for naturtypar og økosystem kan det ved forskrift bli angitt bestemte naturtypar som utvalde. For desse naturtypane skal det takast spesielle omsyn.

• Kunnskapsgrunnlaget • Føre-var

Økologiske funksjonsområder For å sjå artar og leveområde i samanheng og hindre øydelegging av leveområda til prioriterte artar, kan det gjennom forskrift bli innført økologiske funksjonsområde, jf. nivå 3.

• Økosystemtilnærming og samla belastning • Kostnadene ved miljøøydelegging skal bærast av tiltakshavar • Miljøforsvarlege teknikkar

4


Nivå 3: Den mest verdifulle naturen

For å ta vare på den mest verdifulle naturen er det i naturmangfaldlova to verkemiddel som inneber vern:

Prioriterte artar For å fremje forvaltningsmålet for artar kan det ved forskrift bli utpeikt prioriterte artar. Verkemiddelet om prioriterte artar må ein sjå i samanheng med økologiske funksjonsområde for prioriterte artar, jf. nivå 2. Områdevern Områdevern er det strengaste verkemidlet for å ta vare på naturmangfaldet av nasjonal verdi og er omfatta av følgjande vernekategoriar:

• Naturreservat: Den strengaste forma for vern etter naturmangfaldlova. Denne er viktig for å ta vare på spesielle artar og naturtypar. • Biotopvern: Beskyttar leveområdet til bestemte plante- eller dyreartar.

• Nasjonalparkar: Store naturområde med særeigne eller representative økosystem, eller landskap utan store naturinngrep.

• Marine verneområde: Dette er ingen eigen vernekategori, men er tilpassa forholda i sjø og er fleksibel med tanke på kva som kan vernast og kva restriksjoner som kan bli pålagt.

• Landskapsvernområde: Natur- eller kulturlandskap med stor økologisk, kulturell eller opplevingsmessig verdi.

5


Friluftslova Føremålet med denne lova er å verne om friluftslivet sitt naturgrunnlag og sikre allmennheita sin rett til ferdsel, opphald og aktivitet i naturen. På denne måten vil ein skape og fremje friluftsliv som er helsefremjande, trivselsskapande og miljøvenleg.

Allemannsretten

Alle har lov til å ferdast og opphalde seg i utmarka i Norge. Allemannsretten er eit gratis fellesgode og ein del av vår kulturarv. Miljødirektoratet har det overordna ansvaret for allemannsretten. Retten er forankra i friluftslova som vart vedtatt i 1957. Allemannsretten gjeld både i skog, på fjell, ved sjø og elv og i vatn, uavhengig av kven som er grunneigar. Vi har også rett til å hauste av naturen, plukke bær, sopp og blomster, eller fiske saltvassfisk. Ferdsel og opphald må skje på ein slik måte at det ikkje er til ulempe for grunneigar og andre som er på tur. Vi må alltid ta oss fram med varsemd og ta vare på naturen der vi ferdast. Vi har lov å telte, men telt må setjast opp meir enn 150 meter frå hus og hytter der det bur folk. Dersom du har slått det

6


opp i nærleiken av der folk bur, kan du berre ha det ståande inntil to døgn på same stad. Vi pliktar å rydde etter oss, ta omsyn og ikkje øydelegge kulturminner, verne om dyr og fuglar, følgje reglar for bål-brenning og reglar for bandtvang av hund.

Innmark og utmark

I friluftslova snakkar vi om innmark og utmark. I utgangspunktet kan alle opphalde seg og ferdast fritt til fots og på ski i utmarka. På innmarka er tilgangen sterkt avgrensa.

vegar som går gjennom innmark når vegen fører til utmark. Retten gjeld ikkje organisert aktivitet som sykkelløp og rideklubbaktivitetar, og grunneigar kan legge ned forbod om ferdselen kan føre til nemneverdig skade.

Omgrepet utmark omfattar skog, fjell, myr, lynghei, holmar og skjær, og det utgjer størstedelen av landet. Når bakken er snødekt eller frosen, kan du også gå over innmark, med unntak av perioden mellom 30. april og 14. oktober. Inn-mark er dyrka landbruksareal, kulturbeite og engslått. Industriområde, tivoli, militære område og liknande er også innmark.

Meir om allemannsretten finn du her: www.miljodirektoratet.no/no/Tema/Friluftsliv/ Allemannsretten/

Aktuelle linkar:

Det er, i følgje friluftslova, ferdselsrett både for gåande, syklande og ridande på private vegar i utmark. Det er og ferdselsrett til fots på private vegar som ligg på innmark. Unntak er private vegar som går gjennom hus- eller hyttetomtar, og gardstun. Syklande, ridande, eller andre som har liknande ferdsel, har frå 1. januar 2012 ferdselsrett på private

Naturmangfaldslova: lovdata.no/dokument/NL/lov/2009-06-19-100 Faktaark om naturforvaltning: www.fnf-nett.no Friluftsrådenes landsforbund: www.friluftsrad.no Norsk Friluftsliv: www.norskfriluftsliv.no 4H: www.4h.no

7


❄ kk de

ø sn

g

Mennesket Været Terrenget Snødekket

en

• • • •

rr

Ein av faktorane som betyr noko for om det kan gå skred er hellinga i terrenget, dvs. kor bratt det er. Det er svært sjeldan det går skred i terreng der det er under 30 grader helling. Likevel, når skredfaren er stor, bør ein halde seg unna bratt terreng, ettersom det då kan vere fare for fjernutløysing.

Det er fire faktorar som er avgjerande for om det går skred:

te

Mange likar å gå toppturar på ski. Det er lurt å vite litt om faren for skred, slik at vi kan styre unna ein del unødige farar. 90% av alle skredulykker skjer ved at den som blir tatt av skred har løyst det ut sjølv, eller nokon i turfølgjet.

e

Snø og skred

væ r

Dersom du vil lære meir om skred, er det lurt å ta eit skredkurs. Det finst òg gode bøker om temaet, som t.d. «Den lille snøskredboka» av Kjell Brattelien og «Skikompis» av Christer Lundberg Ness. Du kan også lese på www.varsom.no. På denne nettsida blir det varsla om faregrad for skred for fleire stader i landet.

24 8


❄ Studere snøfnugg

Individuell oppgåve Tema: Snøfnugg, naturens kunstverk. Alder: Frå 5 år og oppover. Formål: Mindfulness. Aktivitet som må nytast i augneblinken. Visste du at ingen snøfnugg er heilt like? Nokre

gongar er snøfnugga små og lette, nokre gongar er dei tunge og dett fort, andre gongar kjem dei dalande sakte. Strekk ut armen og la snøfnugga lande på armen din. Kan du sjå mønsteret? Det er ditt snøfnugg, det kjem aldri eit heilt make. Og om litt… er det borte!

25 9


❄ Bli kjent med fuglane Individuell eller samarbeidsoppgåve Tema: Studie av mangfaldet på fuglebrettet. Alder: Frå 5 år og oppover.

KJØ

TT

Innleiing: Ved å studere fuglar på eit fuglebrett eller rundt fuglemataren kan du bli kjent med overvintrande fuglar i nærmiljøet og lære om fuglane sine næringsvanar. Du får innblikk i fuglane sin konkurranse om maten. Og ikkje minst kan du hjelpe fuglar i nærmiljøet til å overleve gjennom vinteren. På www.fuglevennen.no kan du spørje ein fugleekspert, ein ornitolog.

ME

IS

INK

BOKF

RØDSTR

UPE

NB! Meisebollar og fuglekassar bør plasserast på ein slik måte at born ikkje kjem i direkte kontakt med snøen under. Avføring frå fuglane kan innehalde til dømes salmonella som kan gje alvorlege infeksjonar. Vær nøye med reinhaldet.

24 6 10


❄ Lag ein meisebolle Butikkmaten er ofte harsk og dårleg. Fuglane elskar derimot ein meisebolle. Slik lagar du den: 2250 gram delfiafeitt 1000 gram skrelte solsikkefrø 1000 gram havregryn lettkokte 500 gram knuste hasselnøtter 250 gram hakka mandlar Smelt delfiafeittet i ein kjele og tilsett frø, gryn og nøtter. Fyll alt over i ein mjølkekartong, og lat det stivne. No kan du skjære opp kartongen og henge opp meisebollen, eller du kan lage hol og luker i kartongen og henge den opp. Heng den gjerne opp i eit tre eller busk som du kan sjå frå eit vindauge i huset. Då kan du følgje med på aktiviteten heile vinteren.

25 7 11


❄ Kva kan vi observere på fuglebrettet?

DOM

PAP

Artar og tal Observer fuglebrettet regelmessig (kanskje ein halv eller ein time kvar veke?). Noter kva artar som er innom, og kor mange fuglar det er av dei ulike artane. Bruk fuglebøker, internett eller last ned ein fugle-app til mobilen. Hugs på at det kan ta nokre dagar frå brettet er sett opp til fuglane oppdagar maten og venner seg til brettet. Registrer temperaturen Er det fleire fuglar på brettet når temperaturen er låg enn når det er varmare i veret?

NØTTESKRIKE

Kva likar dei å ete? Om du lagar to eller fleire brett kan du legge ulik mat på bretta. Har du eit brett kan du variere frå veke til veke med kva type mat du legg på brettet. Kjem det ulike artar når mattilbodet er ulikt på brettet?

KRÅKE

24 6 12


❄ Konkurranse I tider med lite mat kan ein ofte sjå at fuglane konkurrerer med kvarandre om maten. Dei bryskar seg og jagar kvarandre bort frå brettet. Dei største fuglane vinn ofte slike kranglar. Notér ned slike observasjonar og prøv å vurdere om nokre fugleartar ser ut til å vere dominante over andre.

SVA

RTT R

Ta bilete av fuglane Ta bilete av fuglane på fuglebrettet. Prøv gjerne å ta bilete gjennom eit vindauge utan å skremme fuglane (hugs å slå av blitsen).

E

ERL

LIN

Kva artar ser du? På www.fuglevennen.no kan du finne foto og skildring av fugleartar, samt tips til aktivitetar. Bruk elles fuglebøker for å lære å kjenne igjen artane. Eller du kan laste ned ein app med bilete, lydar og fakta. Fuglar kan ha ulike fargar til ulike årstider. Ungfuglar er ofte litt forskjellige frå vaksne, og hos ein del artar er hoa og hannen ulike.

25 7 13

OST


❄ Snøfyrverkeri Du treng: Kaldare enn 10 minus Kokande vatn Ein kopp Ein vaksen person Kok opp vatn. Finn fram ein kopp med hank, som ikkje blir så varm. Ta på ytterklede og sko. Ta panna med vatnet og koppen med ut. Ha vatn opp i koppen og kast det ut i lufta. Vatnet vil fryse før det treff bakken, og fell ned som snø!

24 6 14


❄ Leite etter våren Samarbeidsoppgåve Tema: Naturmangfald. Alder: Frå ca. 5 år. Tid: 1 time eller lenger. Utstyr: Plantebok. Innleiing: Dette er ei spennande oppgåve! Vi skal no finne ut kor mange vårteikn vi klarar å finne, og sjå om vi finn namna på desse. Oppgåve: Kva vi skal leite etter kjem an på kor vi er og kva tid på våren det er. Det vi kan gjere er å bestemme oss for eit område vi skal leite i. Vi kan leite i lune krokar bak ein husvegg, inntil ein stein eller i ein grøftekant. Er det snø, kan vi grave opp

litt av den, og sjå om det er byrja å spire under. Er vi litt lenger frampå våren, er det kjekt å sjå kor mange ulike typar blomster vi finn. Bruk fantasien. Til slutt summerer vi opp kva vi har funne, anten vi har tatt bilete av det, eller plukka det med oss. Eller vi kan rett og slett ta oss tid undervegs til å stoppe ved kvart funn og prøve å finne ut kva det er. Det er lurt å ha med seg ei plantebok til å bestemme artane, eller eit bestemmelsesark.

25 7 15


❄ Nytt skianlegg, eller...? Refleksjons- og diskusjonsoppgåve Tema: Naturmangfald. Alder: Frå 14 år og oppover. Tid: 1 time eller lenger. Utstyr: Ark med argument til dei fire gruppene (sjå side 7). Bord/stolar eller kassar å stå på. Ark og pennar eller fire små tavler og kritt. Faktaark om Natur mangfaldslova (sjå side 7 for linkar). Innleiing: Gjennom denne oppgåva skal vi diskutere og bli litt meir kjent med ein tenkt saksgang for ei sak som kan vere konfliktfylt – utbygging av eit skianlegg. Målet er å få meir kunnskap og kanskje haldningar til tema som naturmangfald, naturvern, næringsutvikling og friluftsliv. Vi skal dele gruppa i fire, der éin på kvar gruppe fører ordet og resten hjelper denne med gode argument og standpunkt. Er vi mange, kan dei som vil vere publikum. Kvar gruppe får utdelt eit ark med

argument i saka. To av gruppene får også utdelt faktaark om Naturmangfaldslova. Vi skal også ha ein som styrer diskusjonen og ein som presenterer oppgåva. Meir informasjon om gjennomføringa kjem undervegs. Oppgåve: Aktiviteten kan gjennomførast ute som «Speakers Corner», med nokre tomme bruskassar e.l. som den som styrer ordet frå gruppa står på. Kvar gruppe får då utdelt kvar si små kritt-tavle og kritt. Ein kan òg gjere øvinga innomhus. Då treng vi eit bord, stolar til alle, papirlappar og skrivesaker. Vi kan vere åtte deltakarar eller fleire. Deltakarane blir delt inn i fire grupper og får utdelt kvar sitt ark med standpunkt / argument (sjå dei neste sidene). Det kan også vere nyttig med faktaark for nokre av «representantane». I dette eksemplet får to av gruppene utdelt faktaark om Naturmangfaldslova som kan lastast ned frå www.fnf-nett.no.

16 6


Vi treng også ein aktiv ordstyrar, som presenter temaoppgåva og rollene. Oppgåva må tilpassast aldersgruppa. Eksempel på temaoppgåve: I ein kommune er det planar om å bygge eit nytt ski-anlegg. Men først er det ein del vurderingar som må gjerast. I eksempelet har vi fire forskjellige interessegrupper: (Del deltakarane inn i 4 grupper.) • • • •

Grunneigar og entreprenør Kommune/sakshandsamar kommunalt Naturvernarar Turistnæring

Før møtet startar kan kvar gruppe få to til tre minutt til å «mingle» for å komme litt i gang med tankar om temaet. Dei kan eventuelt lage seg nokre stikkord til første møtet. Kvar gruppe vel ein talsmann som set seg til bordet. Resten av gruppa set seg bak sin talsmann. All kommunikasjon i gruppa under møtet må skje med lappar eller via tavlene.

Ordstyrar presenterer saka og fortel at vi må diskutere og vurdere saka opp mot naturmangfaldslova. Kommunen sine representantar og naturvernarane får utdelt faktaark om naturmang- faldslova. Møteleiar opnar møtet, set ei tidsavgrensing og styrer ordet. Dei fire talsmennene fører diskusjonen, og no er det om gjere for resten av gruppa å støtte talsmannen sin og sende fram gode argument! Vi gjennomfører diskusjonen gjennom tre møte på mellom 5 og 15 minutt: • Første møtet er mellom kommunen og grunneigar/entreprenør. • På neste møte er alle fire gruppene til stades. • På det siste møte skal dei komme til eit kompromiss, der dei blir einige om korleis dei vil løyse utfordringa. Etter at dei tre møta er gjennomført bør alle få høve til å uttale seg om korleis dei synest det var, kva dei lærte og kva dei tenkjer om slike interessekonfliktar. Eksempel på andre tema kan vere bygging av klatrepark, snøscooterkøyring, kraftutbygging e.l.

25 17 7


Grunneigar og entreprenør

Naturv

ernara

gang • Er interessert i å komme i gleg. med arbeidet så fort som mo

r

• Vil v erne o m ein t gjenno ursti so m løyp m går etrasee bakken n til de , og vil n nye helst a bevara t denn st så g e skal o d t som at den mogleg framle , slik is kan brukas t. • Er op ptatt a v at det bli for ikkje m mykje å m otordu bakken r i og v . Det v ed il forstyr len, og re turdyr og id ylfuglar i områ det. • Kjem etter k vart m om at ed opp det fin lysning st ein g ar fuglear anske t, hubr s j e ld o en, like an bakken ved de skal lig r ge. De dei det tte me må tak iner ast om syn til.

som • Vil gjere arbeidet så enkelt t og hef mogeleg, utan for mykje plunder. så • Eigar vil også gjere arbeidet billeg som mogeleg. mogeleg • Entreprenør vil tene mest det når det re på arbeidet, og gje re passar han innimellom and jobbar.

24 18 68


Kommune / sakshandsam kommunalt ar

a

Tu

ring æ n t ris

også et vil d å r m io ria i ringa kafete . istnæ n r i u e T • ge egget e byg ki-anl s gjern v a iken get nærle anleg t a t at ag t, slik sjølvs k r u r e j b k g yns mogle l sine over • Dei i mest t i l r i b a t l ska e gjes ndre tilbod r fleir dei få stadar og a gs nattin et. nok områd det er t a r o ? Dei ef rådet al syt m k o s i n r a m ev. • Kve splass dei so g r n i e r l l e e park ken, ? e ved ig bak e m o en lik s e f a k gge en. vil by tursti å p e r a å ta v også r e j k • Yns

• Viktig at ting blir gjort rett he r. • Kommunen vurderer det sl ik at det ikkje er nø dvendig med re guleringsplan, ders om inngrepa bl ir så skånsame so m mogleg, og det ikkje syner så mykje att av ba kken på sommartid. • Det er viktig at utbygginga er med i ein kommuned elplan for dette området og plan for idrett og friluftsliv, slik at det er sett i ein større samanhe ng. • Mange lover verkar inn her, og Naturmangfalds lova er gjenno mgripande, det vi l sei at alle andr e avgjersler i forh old til lover og så skal sjåast opp mot denne.

25 19 79


❄ Bygg eit bål! Samarbeidsoppgåve Tema: Friluftsliv. Alder: Frå 10 år og oppover. Ein vaksen bør vere til stades. Tid: ½ time eller lenger. Utstyr: Ved, noko som tek lett fyr, fyrstikker. Innleiing: Vi skal no lære å fyre opp ulike typar bål. Det er lurt å fyre opp bål på steingrunn, nær vatn. Då kan ein lettare ha kontroll og moglegheit for sløkking når det er naudsynt. Det er forbode å tenne opp bål i eller i nærleiken av skogsmark i perioden 15. april-15. september.

Oppgåve: Eit bål kan vere til nytte for så mangt. Det kan brukast til å lage mat på. Det kan brukast til å varme seg ved, eller tørke sokkane. Eit bål er også veldig ofte med på å skape ein god, og nesten magisk stemning. Det er fint å sitte rundt eit bål og prate, synge eller spele gitar, eller berre sjå inn i flammane og nyte roen. Det finst fleire typar bål. Det mest vanlege er pyramidebålet. Vi startar då innerst med never, fliser og tørre kvistar, og legg tjukkare ved utanpå. Dette stiller vi i ei pyramideform. Vi må passe på at det kjem godt med luft inn i bålet. Vi tenner bålet nedanfrå. Andre typar bål kan vere pagodebål. Eit slikt bål lagar vi ved å legge vedkubbar lagvis i tette krysslag, med dei største nedst, og tynnare etter kvart oppover i laga. Øvst, flis og never. Vi tenner øvst, og dette vil drysse nedover og tørke veden under. Dette bålet skal

20


ryke mindre. Når vi fyller på med ved, må vi legge det inntil bålet, i firkant rundt, og la det tørke litt før vi legg på. Reflektorbål er eit vanleg bål som byggast inntil t.d. ein stein. Denne reflekterer strålevarmen mot t.d. ein liggeplass. For å lage eit slikt bål, bør ein ha løyve frå grunneigar. Bålpanne er ei stor gryte der ein kan fyre bål, og som er mindre brannfarleg sidan bålet kjem opp frå bakken. Bålpanne er ofte god å bruke når ein skal lage mat, og kan kjøpast med

forskjellig utstyr, som rist, steiketakke og kjele. Ved kan vi finne ved å sanke tørre kvistar nedst på store, gamle grantre. Dei er som oftast tørre og lette å fyre med. Bjørkenever er fin å tenne med, men ta berre ytste laget, og berre litt på kvart tre. Rekved på land ved elvar og vatn, kan også vere tørre og fine. Vi må aldri forlate eit bål som ikkje er heilt sløkt. Vi må også passe på å rydde nøye opp etter oss.

21


Oppdemming av bekken Samarbeidsoppgåve Tema: Naturmangfald, motstridande interesser, friluftsliv. Alder: Frå 5 år og oppover. Ein vaksen må vere til stades. Tid: Ein time eller lenger. Utstyr: Ev. plankebitar, hyssing, små spikar, hammar, spikkekniv. Innleiing: Ein liten bekk er ein herleg leikeplass! Så lenge utetemperaturen er nokolunde, så fingrane ikkje vert blå, kan ein halde på lenge. Oppgåve: Leiken er som regel lett å setje i gong. Ta med litt lette småplank, spikar og hammar. Kanskje nokon vil byggje vassmølle? Demning er alltid spanande, og kanskje nødvendig for å få samla nok vatn til å få ordentleg fres på mølla? Elverafting med barkebåtar? Konglekyr? Ei heil seter? Her gjeld det å vere ein leikande vaksen og overføre ting du sjølv gjerne dreiv med då du var liten.

Refleksjonsdel: Når ein har fått på seg tørre sokkar etter leiken har ein fått ut energi og laga ein felles plattform for å diskutere kva konsekvensar endringar i naturen gir. Kva ville fisken sagt til den nye mølla? Er det andre som hadde fått kjenne på konsekvensane av oppdemminga? Om setra låg i vasskanten, kva hadde skjedd då - når vatnet steig? Kor kjem vatnet i elva frå? Og kor er det på veg? Om du brukar materiale du har teke med, så hugs å ta med byggverka og opne bekken att, så den ikkje fløymer over og endrar retning når de har gått heim. Ver gjerne fleire vaksne, slik at nokon kan kaste seg fullt og heilt inn i diskusjon og leik, mens ein heldt oversikt over gruppa: Ein skal alltid ha respekt for drukningsfare ved aktivitetar nær vatn.

22


Søppelkunst Samarbeidsøving eller konkurranse Tema: Miljø. Tid: 1 time eller lenger. Utstyr: Det du finn!

Ta ein tur til fjæra, vatnet eller elvebreidda. Om det ligg mykje søppel kan du lage eit rammeverk av drivved som du spikrar søppelet fast på. Slik får du gjort søppelet om til eit kunstverk. Ta tid til refleksjon: Kva kan ein fortelje omverda med eit slikt kunstverk? Kan du ta bilete av det? Servere noko varmt å drikke og halde ei kunstutstilling? Kanskje de kan premiere det vakraste eller mest kreative kunstverket?

Innleiing: Forsøpling av naturen er eit problem både fordi det er skjemmande og fordi søppelet kan innehalde stoff som er giftig for dyr eller plantar. Vi skal no lage søppelkunst, der målet er å rydde i naturen og bruke det vi finn til noko gøy. Hugs å bruke redningsvest når vi er på stranda. Oppgåve: Etter nokre gode vinterstormar dukkar det opp mykje forskjellig på strendene våre. Og langs elvebreidda kan du finne mykje rart etter høg vassføring. Lag eit søppelkunstverk av dette!

Det er viktig at du tenkjer på din eigen tryggleik når du handterer søppel. Det kan for eksempel vere farlege kjemikalierestar i tomgods. Du kan også finne dyr som er skada eller døde. Pass at du ikkje lagar ei felle for dyr når du byggjer kunstverket Og før du går, gjer du ein avtale med deg sjølv kor lenge kunsten skal stå før du hentar det og får søppelet levert på ein avfallstasjon.

23


Lag din eigen vasskikkert Individuell eller samarbeidsoppgåve. Tema: Lage enkle verktøy for å observere naturmangfald. God tid for aktiviteten: Mai til september. Alder: Frå 5 år og oppover. Ein vaksen må vere til stades. Ha alltid på redningsvest nær vatn. Innleiing Det fins mykje spanande under vatn. Med ein vasskikkert kan du «besøke» ikkje berre ein, men mange nye verdenar: Sjø, elv, dam… Og ein vasskikkert er ganske enkel å lage! Variant 1: Utsyr: Mjølkekartong, gjennomsiktig plast, boktape, tapetkniv. Tid: 20 min. Skjer ut ei kikkeluke på toppen av kartongen. Tre ein pose eller plastfolie over kartongen og tape den godt fast.

24


Variant 2: Utstyr: Bøtte/rør, plexiglas og akvariesilikon, tapetkniv. Tid: Ca. 1 time. Skjer ut ei luke i botnen av bøtta med ein tapetkniv. La det stå att nok kant til at du får limt plexiglaset godt fast med silikon. Bruk vasskikkerten til å følgje eit område over tid, eller til å studere fleire forskjellige biotopar. Kikk frå brygga, i ei elv eller i ein stilleståande dam. Kva ser du? Rompetroll? Vasskalv? Flogelarver, øyenstikkarlarve, vassplantar, småfisk, søppel?

På biblioteket kan du låne oppslagsbøker for forskjellige biotopar, slik at du kan finne ut kva plantene og skapningane heiter. Kikkertane skal resirkulerast etter bruk. Hugs at mange plassar skal alt utstyr vaskast før du brukar det i neste elv.

25


Bygg eit insekthotell Individuell- eller samarbeidsoppgåve Tema: Naturmangfald og miljø. Alder: Frå 8 år og oppover. Ein vaksen bør vere med for å hjelpe og rettleie. Tid: 2 timar eller lenger for å bygge hotellet. Utstyr: Rammeverk av litt tjukke plankar (1 ½ cm eller breiare), bakplate / hønsenetting, bor, sag, hammar og spikar, skrujern og skruar. Innleiing: Insekt er viktige for planter og menneske, men kan ofte oppleve mangel på plassar å bu - spesielt i velpleidde hagar og parkar. Vil du hjelpe insekt i bustadnaud? Bygg eit insekthotell!

Oppgåve: Ein eller fem stjerners hotell? Dette bestemmer du! Hotellet kan vere stort, med mange ulike rom, eller av meir enkel pensjonat-standard.

Insekt er viktige som mat for mange fuglar og andre dyr. Flygande insekt, som bier, kveps og humler, sørgjer for bestøving av blomar, slik at du kan hauste frukt og bær. Insekt pleier også jorda og hjelper på rotningsprosessar. Dei er nødvendige for å få eit balansert økosystem, men er mange stadar utrydda eller truga.

For å bygge hotellet startar du med å finne fram det verktøyet du treng, og skjer til ei bakplate av tjukk finer eller liknande. 50 x 50 cm eller 40 X 60 cm er grei storleik for dei yngste borna. Deretter måler og

26


sagar du opp fire plankar, slik at dei passar til bakplata. Skru eller spikre så sideplankane saman til ei ramme og skru bakplata fast til ramma. Du kan no lage ulike rom i hotellet ved å sage til plankar som du skrur fast i ramma. Dette blir veggar og golv i hotellet. Inventaret i hotellet kan vere så mangt… Dei beste materialane finn du i naturen. Fyll opp dei ulike romma i hotellet med t.d. greiner og kvistar, bark, tørrhøy, mose, små leirklumpar, murstein med hol i, trestammar som det er bora hol i, ull, strå med holrom, bambuspinnar eller andre pinnar med hol. Holromma er viktige, for det er her mange av insekta finn bustad, legg egg og søkjer ly. Til slutt kan du feste hønsenetting e.l. på framsida av hotellet, om dette trengst for å halde materialane på plass. Sett eller heng hotellet på ein lun plass i hagen, ein eigna plass i parken, på naturmøteplassen eller i friluft.

Vil du lage eit større hotell kan du bygge utan bakplate eller erstatte denne med hønsenetting og bruke breiare plankar til ramme. Då kan insekta krype eller fly inn frå begge sider. Nokre hotell kan kanskje byggast naturleg på staden der dei skal stå, til dømes mellom to tre. Så er det berre å vente på at dei første gjestane skal sjekke inn! Kjelde og foto: Randers Naturcenter og Randers Regnskov.

27


Lag ei insektfelle Individuell eller samarbeidsoppgåve Tema: Naturmangfald, lære om insekt. Alder: Frå 5 år og oppover. Ein vaksen bør vere til stades for å hjelpe og rettleie. Tid: ½ time Utstyr: Eit beger (t.d. youghurtbeger på ½ l.), ein plankebit, småstein, spade. Innleiing Insekt og andre småkryp er spennande å utforske. Så kvifor ikkje gå på ei skikkeleg oppdagarferd? Då kan det vere nyttig med ei insektfelle. Oppgåve: Grav eit lite hol i bakken og sett begeret nedi.

Kanten på begeret skal ligge på linje med terrenget rundt. Legg nokre småstein rundt kanten av begeret og ein plankebit over som tak. La fella stå til neste dag, og sjå om det har komme insekt i fella i løpet av natta. No kan du studere insekt og andre småkryp nærmare. Kva artar ser du? Kva rolle har insekta i naturen? Bruk gjerne ei insektbok eller last ned ein app. Hugs å sleppe insekta ut igjen i naturen heile og fine!

28


1

n r har ei r eit dy sommaren Kva fo e om rg fa en? anna vinter enn om Haren

A B C

Reven Ekorn

2

3

ny lov orge ei k vare fekk N vi te I 2009 kre at si ennom al som sk n, anten gj bruk. re g på natu r berekrafti le el vern va? iter lo Kva he a rnslov Naturve A

B C

Natursti

slova

Friluft

ogn og en i S blomst sa-lilla, med er Fylkes ro n er ne er, de Fjorda rma blomst ftig. n er gi fo klokke m høg og de 20 -1 50 er den? it he Kva ebjølle A Rev

va aldslo

angf Naturm

Kunnskaps- og refleksjonsoppgåver. Konkurranse. Tema: Naturmangfald og miljø. Alder: Frå 8 år og oppover. Tid: ½ time eller lenger.

4

B C

se

Engkar

ms Geitera

glane? syng fu ska menne glede For å i bur kor de sei frå For å emmer st be og halsen reinse For å

Kvifor A B

C

insekt, konglar, blad, matvarer eller anna og utfordre deltakarane på kva artar dei høyrer til. Kor høgt er treet? Kor mange liter er i spannet? Kor tung er steinen? Spørsmåla kan vere mange! Eller kanskje deltakarane kan få konkurrere i å bygge høgst, lengst eller størst ved hjelp av tilgjengeleg materiale?

Innleiing Ein natursti kan vere av den tradisjonelle typen, eller du kan vere meir kreativ. Målet er å lære noko nytt om emna naturmangfald og miljø. Oppgåve: Du kan lage ein natursti på ulike måtar. Du kan henge opp ark med kunnskapsspørsmål. Du kan bruke «følekassar» der ein ikkje får sjå, men prøver å kjenne med hendene kva gjenstandar som er i kassen. Du kan òg samle saman ulike plantar,

Hefte og ark til natursti kan du laste ned frå: www.fnf-nett.no/10791. Mangfoldig-natur.html

29


Lag ein fugleholk Individuell eller samarbeidsoppgåve Tema: Naturmangfald, lære om artane. Alder: Frå 6 år og oppover. Ein vaksen bør vere til stades for å hjelpe og rettleie. Tid: 1 – 2 timar. Utstyr: Plankar, hammar, spikar, blyant, meterstokk, vinkelhake, borr av ulik storleik utifrå kva fugl ein vil ha som gjest. Beis og malekost. Innleiing: Tilgang på mat og hekkeplassar er med på å bestemme kor mange fuglar av ein art som hekkar innan eit spesielt område. Ein hekkeplass er ein plass der fuglane legg egg og rugar på dei til egga blir klekt. Dei nye ungfuglane har dette som bustad til dei er store nok til å klare seg på eiga hand. Mange fuglar brukar holrom i til dømes gamle døande tre som hekkeplass, men på stader der

desse trea er fjerna kan det vere vanskeleg å finne reirplass. Resultatet blir færre fugleartar og mindre biologisk mangfald. I slike område kan ein fuglekasse, også kalla fugleholk, vere god erstatning som hekkeplass.

30


Oppgåve: Fugleholkane kan ha ulik storleik og utforming, men her skal vi lære å lage den mest vanlege typen, ein kasse med flygehol der fuglane kan flyge inn og ut. Fugleholkane er ulike etter kva type fuglar ein vil skal hekke der. Her får du oppskrifta på ein liten kasse som passar for småfugl som meisar, svartkvit flugesnappar, raudstjert og pilfink. Mål opp og sag til veggar og tak (A på illustrasjonen) til kassen. Vent med botn og takkloss. Ein av veggane er framstykke på kassen. Denne borar du hol i (B). Holet må vere i øvste delen av veggen (sjå måla i illustrasjonen). Spikre saman veggane og taket. Margsida av materialane skal vende ut. Mål til og kapp botn- og takkloss (D). Desse må vere tilpassa veggane, og blir festa med spikrar frå utsida. Botnen skal festast litt oppe i holken. Fest takklossen (D) i taket (A), slik at dette kan løftast av. Du bør beise/male fugleholkane med husbeis som har omtrent same farge som omgjevnadene der holkane skal henge.

Mål på kassane, diameter på flygehol og høgde frå botnen av flygeholet: A = 25 cm. B = 3 – 4 cm. C = 16 cm. D = 12 cm.

31

(veggar og tak) (flygehol) (avstand frå botn til flygehol) (Botn- og takkloss)


Kor skal fugleholkane henge? Kor og korleis du skal henge opp fugleholkane er avgjerande for om fuglane vil bruke dei. Ein kan ikkje rekne med at alle holkane blir brukt. Heng dei opp i god tid før hekkesesongen, helst innan utgangen av mars. Du kan gjerne henge dei opp om hausten. Fuglar som overvintrar overnattar gjerne i desse.

Du kan henge opp fugleholkar rundt husa, i skogkanten eller inne i skogen. Dei små fulgeholkane kan du henge opp i 1 meters høgde eller høgare, alt etter kor stor ferdsel det er i området. Bruk ikkje spikar i trestammar når du henger opp holkane. Du kan godt bruke to eller fire vinkelskruar som du festar på baksida av kassen. Fest så nylontau i skruane og rundt treet. Eller du kan plassere fugleholken på ein greinstump på treet og slå ståltråd rundt både treet og kassen. For å stramme opp kan du stikke trepinnar mellom ståltråden og stammen. Skal fugleholken henge på husveggen kan du feste med spikar eller skruar.

Heng opp holkane slik at det ikkje regnar inn flygeholet, og litt unna greiner der kattar og andre dyr kan komme til.

Hugs å gjere fugleholken rein! Ta av taket og takklossen for å gjere reint, og fjern alt som ligg i kassen. Fuglane byggjer nytt reir kvart år, slik at holkane blir fylt opp med reirmateriale og ikkje kan brukast om ein ikkje held dei reine.

32


Design ditt eige fuglehus!

33


Ta standpunkt! Refleksjons- og diskusjonsoppgåve Tema: Naturmangfald, klima og miljø. Alder: Frå 10 år og oppover. Tid: ½ time eller lenger. Utstyr: Eventuelt to ark der det står «ja» og «nei» Innleiing: Vindkraftutbygging, motorferdsel i utmark og bygging i strandsona er eksempel på tema som kan skape diskusjon og kan vere konfliktfylt både lokalt i ei bygd eller ein by, eller mellom ulike organisasjonar eller interesser. Oppgåve: I denne oppgåva skal vi ta stilling til ulike problemstillingar. Vi har eit punkt der vi stiller oss ved JA og eit punkt der vi stiller oss ved NEI. Du kan òg stille deg kor som helst imellom der, om du er litt usikker på kva du meiner - nærast ja, eller nærast nei, eller midt mellom. Alle som vil kan komme med argument for sitt syn, og då er det lov å flytte seg nærmare eller lenger vekk frå «ja» eller «nei».

Deltakarane får først servert ei problemstilling. Dei tek standpunkt til denne ved å stille seg på «ja», «nei» eller ein plass i mellom. Nokre kan bli spurde om kvifor dei står slik som dei gjer, og må argumentere for det. Dette kan påverke kva andre meiner, og dei kan flytte seg fram og tilbake etter kvart som andre argumenterer for sine standpunkt. Den som leier aktiviteten kjem så med ny informasjon / ny setning som kan påverke standpunktet, og dei som vil kan komme med argument for sine synspunkt. Så kjem setning nr. 3 osv.

34


Utbygging av v indkraft

1 2 3 4

Sjå føre deg eit lite øy-samfunn der det er mykje vind, og så vindkraft. Skal dei by leis gunstig å produs gge ut vindkraftanle ere gg? JA eller NEI? Ei folkerøysting vis er at meir enn 50% av innbyggarane er og berre nokre få vil motstandarar til an tene ein del pengar legget, på dette. Kva meiner du no? JA eller NEI? Kommunen vil tene mykje pengar på de tte i form av eigedom innbyggarane til go sskatt, noko som kje de. Kva meiner du m no? JA eller NEI? Det er mykje flott og urørt natur, man ge likar å nyte dette Nokre stiar vil ein ikk på fine turstiar i om je kunne bruke ette rådet. r utbygginga, og de sikte kor ein snur se t vil vere vindkrafta g. Kva meiner du no nlegg i ? JA eller NEI? Dersom vi ikkje kla rar å produsere nok kraft i Norge, må vi produsert frå kolkraft kanskje importere kr verk i Europa. Denn aft e produksjonsforma for klimaet og miljø er mykje meir skad et i verda enn vindk eleg raftverk. Kva meiner du no? JA eller NEI? Ein sjeldan og utry dningstruga fuglety pe hekkar i område kunne leve her lenge t. Denne vil mest tru r ved vindkraftutbyg leg ikkje ging. Kva meiner du no? JA eller NEI?

5 6

35


MOTORFERDSEL I UTMARK

1 2 3 4 5 6

Mange synest det er kjekt å køyre snøscooter. Dei køyrer på snø, så landskapet ikkje tek skade, og det viser ikkje spor etter dei når snøen er vek ke. Skal dei få lov til det? JA eller NEI? Turistar og fastbuande likar å bruke naturen til å gå skitura r, og nyte roen og freden i naturen. Er det greitt at det durar forbi ein snøscooter sån n innimellom? JA eller NEI?

Grunneigarar som har støl elle r hytte på fjellet får lov til å frak te fram nødvendig utstyr og køyre fram sin gamle onk el som har amputert ein fot. Er det greitt? JA eller NEI? Nokre kommunar lagar eigne løyper der dei som vil, kan ras e ifrå seg med snøscooter. Synest du det er ein god idé med slike løyper? JA eller NE I?

Denne lovlege snøscooterløy pa ligg like ved eit ski-anlegg med langrennsløype som mange brukar for trening og rekreasjon. Er det greitt? JA eller NEI? Vi veit at mange dyr blir skr emde av motordur, og på vin teren er dei gjerne meir sårbare, ettersom tilgang på mat gjer dei svakare. Er det greitt at vi likevel durar i veg med snøscooter? JA elle r NEI?

36


STRANDSONE

tsfylke sona i eit distrik nd ra st og en rd ofjo randsona i Osl me reglar for st sa re ve t de r Bø r NEI? ordane? JA elle en, heilt nede som Sogn og Fj e på slektsgard tt hy ei g se e gg gn vil gjerne by r med slekt i So sa en NEI? rg r le be el n Ei til det? JA v lo få n ha al ynskjer ved fjorden. Sk lere seg, men ab et og a gd by flytte tilbake til milie vil gjerne fa JA eller NEI? ed m t? n de an til m dei få lov Ein ung r Bø n. øe sj d s tett ve sse å bygge seg hu veg fram til de hatt ein kjerre år re i kunne nd de hu i r for dei om ekke ha tr e ar us tt na le ei je ed yk m m k slik at den blir og det ville vere Fleire gardsbru vegen ein del, ta reperasjon, e us dn na or g og en tr e o us N e få lov til i må gr nausta. Det betyr at de øen. Bør bønden r. sj to d ak ve tr tt te ed g m komme til ein mur som lig går heilt frampå n ge Ve r. ba yr kø EI? det? JA eller N Andre problemstillingar vi kan ta standpunkt til: • Vern av matjord • Vasskraft • Etablering av hyttefelt i eit område der det mellom anna hekkar hubro som er raudlisteart • Bygging av skianlegg i beiteområde • Heliskiing

1 2 3 4

37


Saft, suppe og te frå naturen Individuell eller samarbeidsoppgåve Tema: Bruk av naturens vekstar, friluftsliv. Alder: Frå 8 år og oppover Ein vaksen bør vere til stades for å rettleie. Tid: ½ time eller lenger. Utstyr: Kjele, ein plass å koke, div. ingrediensar.

Slå kokande vatn over bjørkeblada, slik at det dekker blada. La alt stå i 24 timar. Sil så vekk blada og tilsett ½ kg brunt sukker per liter saft. Ha oppi pressa saft frå tre sitronar. Kok det heile opp og fyll på flasker. Server safta avkjølt, gjerne med isbitar. Neslesuppe Ca. 200 gram nesleskot/blad frå brennesle 1 liter buljong eller kjøttkraft 1-2 ss smør 2 ss kveitemjøl Litt salt Mjølk eller fløyte

Innleiing: Har du prøvd å lage gode drikkar eller suppe med det du har plukka i naturen? Her er mange gode tips til godsaker du lage! Bjørkesaft For å lage bjørkesaft må du bruke ungt bjørkelauv som du finn i mai månad. Risp av bjørkelauvet på unge greiner.

Å lage neslesuppe er ein fin måte å nytte det ein kan sanke i naturen. Sank nesleskot / blad frå eldre brennesler. Det kan vere lurt å bruke han-

38


skar når ein sankar blad til suppa. Skyll og forvell neslene nokre minutt i kokande vatn. Ta opp neslene med holsleiv. Ta vare på vatnet, og hakk/mal neslene eller bruk heile nesleblad. Smelte smøret og lag jevning med mjøl i ei panne. Spe med neslekraft og vatn med buljong/kjøtkraft. Start med berre litt væske, og rør ut jevninga, før du slår i resten. Tilsett resten av neslene. Smak til med salt og ha i litt mjølk eller fløyte til slutt. Urtete Vi kan bruke mange forskjellige plantar til te. Vi kan lage fersk te av nyplukka urter og planter, eller vi kan tørke dei og bruke dei gjennom vinteren også. Når ein sankar urter til te, er det lurt å ha med seg ei plantebok. Det kan også vere kjekt å lage sin eigen vesle urtehage, der ein kan dyrke fram, eksperimentere og finne sine favorittar!

Tips til plantar vi kan bruke: Ask (tre), unge, lyse blad Bergmynte-blad Bjørk, unge blad Bjørnebærblad Blåbærblad og blomster Bringebærblad Einerbær og barnåler Furubarnåler Geiteramsblad Hagtornblad Kvitkløverblomst Karvefrø Skot av kjerringrokk Kvannblad Lindblomst Markjordbærblad Nyperoseblomst og frukt Raudkløverblomst Røsslyngblomst Svarthyllblomst Tyttebærblad Slike tear vil oftast innehalde mykje C-vitamin.

39

Dersom du brukar tørka urter og planter må du bruke 2-3 toppa spiseskeier tørka urter og helle ein liter vatn over. Dette må trekke i 10 minutt. Om du brukar ferske plantar må du berekne noko meir. Etter 10 minutt siler vi teen og søter den ev. litt med honning. Om du tørkar planter, må dei tørke kvar for seg. Seinare kan du eksperimentere fram den te-blandinga du likar best!


Lag mat ute Mat på bål No skal vi lære å lage nydeleg mat på bål. Her har vi eksempel på ulike oppskrifter. Hugs reglane om bålbrenning, og at det er forbode å tenne opp bål i eller i nærleiken av skogsmark i perioden 15. april-15. september! I denne perioden kan det vere eit godt alternativ å bruke bålpanne, slik at bålet ikkje er rett på bakken. Bålpizza Her kan du teste sjusteinsovn, bruke ei steiketakke på bålet eller legge pizzaen i aluminiumsfolie i 20 minutt på glørne. Du kan bruke tortillalefse eller pitabrød som pizzabotn, ferdiglaga saus og pizzatopping… Steik i eit par minutt og voila! Maten er ferdig og du vert fort mett og god.

Eller du kan ta utfordringa: Lag ein ordentleg pizza frå botnen av! Deig: Bland 2 koppar mjøl med ei teskei bakepulver, 1 ss olivenolje og ¼ ts salt. Tilsett litt vatn til det vert ein passeleg deig. Pizzasaus: 1 boks hakka tomatar eller tomatpure, tilsett eit knust kvitlauksfedd, litt salt, oregano og basilikum. Forslag til fyll: Mais, løk, tomat, ost, kylling, spekeskinke, paprika, sopp… Legg det du ynskjer av saus og fyll oppå eine halvdelen av pizzaen, ta litt vatn på kanten og brett den i to slik at du limar kantane saman. Steik på begge sider. Mens pizzaen steikar kan ein sitte og undre litt på… Kor langt har eigentlig tomatane og maisen reist, for å komme til oss, bålet og pizzaen vår?

40


Bakt potet Pakk poteter i aluminiumsfolie. Legg rett på bålglørne i ein halv time eller litt lenger om poteta er stor.

Jegergryte Denne retten bør du helst lage på bålpanne. Men du kan fint lage gryta inne også. Du treng: 1 dl vatn 3 dl seterrømme 1 dl mjølk 3 skiver ekte geitost 5 stk. knuste einebær ½ ts tørka timian 1 ts salt 500 g reinsdyrskav eller anna viltkjøt 2 ss smør til steiking 250 g frisk sjampinjong i båtar 150 g bacon i terningar

Poteta kan brukast som tilbehør, eller serverast som hovudrett med steikt bacon, mais, litt smør og rømme.

Brun kjøt, bacon og sopp i ei steikepanne med smør. Legg det over i ei gryte med 1 dl vatn og la det koke opp, og så trekke i 10 minutt. Tilsett rømme, geitost, knuste einebær og timian og la det trekke i 5 minutt. Smak til med salt og pepar. Server for eksempel med:

41


Pannesteiking Dette er ein kokemåte som blir brukt i mange land i verda kvar dag. Fyll 3-4 cm sand i botnen av ein litt stor kjele, plasser maten i ei form, folie, eller innpakka i blad oppå sanden. Set på loket og set panna i glohaugen.

Heimelaga is Du treng: 1,5 dl kald kremfløyte, 2 eggeplommer, 75 g melis, ½ vanijestang, 2 boller og ein visp.

Smuldrepai 100 g mjukt smør, 1 dl sukker, 2 dl havregryn og 2 dl kveitemjøl.

Visp fløyten til krem i den eine bollen, visp eggeplommer, melis og frø frå vaniljestanga stivt i den andre. Vend kremen inn i eggeblandinga. Sett skåla på ein kald plass. Helst i ei hole i snøen. Rør forsiktig av og til mens isen stivnar. Serverast saman med varm dessert.

Smør kakeforma, kna saman til ein smuldrete deig som du trykkjer fast langs botnen og kanten av ei kakeform. Legg ca. 500 g. rabarbra, skogsbær, bringebær, rips, jordbær eller noko anna godt over deigen Strø på: 4 ss sukker 1 ss potetmjøl 1 ts vaniljesukker Sett på loket og steik i ca. 20 minutt. Om det er kaldt ute kan du servere den varme paien med heimelaga is:

Bakte eple Eple, Digestive-kjeks (ca. eit halvt per eple), 1 ts smør per eple, 1 ts sukker per eple, ½ ts kanel per eple Ta ut litt av eplekjernen, men la det vere igjen eit par centimeter i botnen. Fyll deretter på med knust kjeks, litt smør, sukker og kanel. Eplet steikast på svak varme i glørne til smøret har smelta og eplet har blitt mjukt. Eplet kan eventuelt steikast på rist om varmen frå bålet er for sterk. Det tek opp mot ein halv time før eplet er ferdig bakt, så legg gjerne epla på bålet før du et middag.

42


Wok på bål eller stormkjøkken Lag retten i wok-panne eller ei djup steikepanne, gjerne på bål med rist eller på bålpanne. Du kan òg lage woken i steikepanne og panne på stormkjøkken. Nudlar, 2 pk. Kyllingfilet, 2-4 stk. Gulrøter, minimais, brokkoli Løk. Gjerne sjalottløk, 2-3 stk. Cashewnøtter eller macadamianøtter. Mengde etter smak og ønske. Woksausen kan du kjøpe ferdig eller bland ingrediensane i ein liten boks på førehand: Base: 1 dl kraft eller buljong 1 ss soyasaus 1/2 ss maizena utrørt i 1/2 dl kaldt vatn Så kan du eksperimentere med f.eks. hakka chili / kvitlauk / 1-2 ts red curry pastè eller ingefær. Kutt kyllingfileten i bitar og steik/wok denne. Kutt gulrøter, mais og løk. Kok opp vatn og ha i nudlar, saus og dei kutta grønsakene. Ha i kylling og brokkoliduskar mot slutten. Nøttene kan med

fordel ristast litt på steikepanne før dei «strøast» over ved servering. Kan varierast med t.d. ein fløyteskvett som gjev ein fyldigare saus. Dette er enkel og lettvektig mat å ha med seg på tur. Gode smakar!

43


Mangfaldig natur Mangfaldig natur – sommar- og vinteraktivitetar for barn og unge er utvikla av 4H Sogn og Fjordane i samarbeid med Norsk friluftsliv. Kva er 4H? Formål: 4H skal utvikle ein aktiv og samfunnsengasjert ungdom med ansvarskjensle og respekt for natur og menneske. Motto: Å lære ved å gjere. 4H-lovnaden: Vi lovar å arbeide mot det mål å verte ein ungdom med klårt hovud, varmt hjarte, flinke hender og god helse. Vil du bli medlem? Les meir på www.4h.no Kva er Norsk Friluftsliv? Norsk Friluftsliv er ein fellesorganisasjon for 15 norske frivillige friluftslivsorganisasjonar, med over 720 000 medlemskap og fleire enn 4 600 lag og foreiningar.


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.