Tuba Luba 3 lesebok 1 (NNO)

Page 1

Tuba Luba har sakte progresjon, ein klar systematikk og eit omfattande øvingstilbod. Det er teke vare på gjennom eit stort utval tekstar og oppgåver i oppgåvehefte og lesebøker, til bruk både på skolen og heime. Det er gitt ut to sett med bokstavkort for den grunnleggjande lese- og skriveopplæringa – eit sett for bruk til kvar elev og eit sett som kan hengjast opp når dei enkelte bokstavane er gjennomgått. Dessutan er det for kvart årstrinn gitt ut ein ressursperm med generelt innføringsstoff, lærarrettleiing og kopieringsoriginalar.

Lesebok 1

G

IN

ER

D

R

•∑ Oppgåvehefte 1 (ISBN 82-7522-220-6) •∑ Oppgåvehefte 2 (ISBN 82-7522-222-2) •∑ Lesebok 1 (ISBN 82-7522-216-8) •∑ Lesebok 2 (ISBN 82-7522-218-4) •∑ Ressursperm del 1 (ISBN 82-7522-225-7) •∑ Ressursperm del 2 (ISBN 82-7522-231-1)

Tuba Luba VU

3. trinn (Tuba Luba 3) har desse einingane (nynorsk):

Tuba Luba 3 Lesebok 1

Tuba Luba er ein læremiddelserie for norsk på barnetrinnet i grunnskolen. Serien vil vere komplett for heile barnetrinnet i 2007.

3

A PL

EM KS

SE

Les meir på www.tell.no

R

Nynorsk

Nynorsk

ISBN 82-7522-216-8

9 788275 222167

TELL FORLAG

N

Ebba Sporstøl

TELL FORLAG



Ebba Sporstøl

Tuba Luba VU

Lesebok 1

ER

D

R

Illustratør: Harald Aadnevik Nynorsk

IN AR

PL

EM

KS

SE

G

3

Tell forlag


© Tell forlag as 2003 3. opplag 2005

Teikningar: Harald Aadnevik Ragnhild Heggedal: side 8, 16, 20, 33, 37, 38, 41, 48, 49, 54, 57, 61, 62, 66, 70, 74 Omslagsdesign og grafisk formgiving: Lisa Wagle Repro og trykk: Bjergsted Grafiske AS Omsetjing til nynorsk: Nikolai Nelvik Spørsmål og kommentarar til boka kan sendast til Tell forlag as, Nilsemarka 5C, 1390 Vollen, tlf. 66 78 09 18 e-post: tell@tell.no www.tell.no ISBN 82-7522-216-8 Nynorskutgåve

VU

Det må ikkje kopierast frå denne boka i strid med åndsverklova eller i strid med kopieringsavtalar med KOPINOR, interesseorgan for rettshavarar til åndsverk. Kopiering i strid med lov eller avtale kan føre til erstatningsansvar og inndraging og kan straffast med bøter eller fengsel.

ER

D

R

Teikningane av Pippi, Emil og Ronja Røvardotter er trykte med løyve frå Kjerdstin Kvint Agency, Stockholm. Pippi er teikna av Ingrid Vang Nyman. Emil er teikna av Björn Berg og Ronja Røvardotter av Ilon Wikland. Karius og Baktus er teikna av Thorbjørn Egner, og teikningane er trykte med løyve frå Thorbjørn Egner a.s. Gummi-Tarzan er teikna av Ole Lund Kirkegaard, og teikninga er trykt med løyve frå Gyldendal Forlag, Danmark. Illustrasjonane på side 59, 60, 63 og 64 er teikna av Th. Kittelsen. Historiene Palmen i ørkenen og Flukta til Egypt er baserte på to forteljingar av Selma Lagerlöf.

Det lyser i stille grender: copyright © Siri Sande/Gyldendal Norsk Forlag.

AR

PL

EM

KS

SE

G

IN

2


Forord

IN

ER

D

R

VU

Til elevane Velkomen i 3. klasse. No kan du lese! Mange av dykk er sikkert kjempegode. Men ingen av dykk er så gode at de ikkje kan bli betre! Når det er noko vi vil bli veldig flinke til, må vi trene kvar dag. Det gjer alle som vil bli kjempegode til å gå på ski, symje, sparke fotball eller spele fiolin. Slik er det dersom du vil bli ein god lesar òg. Du må trene kvar dag. Da kan du til dømes bruke denne boka som du skal arbeide med heime. Les leseleksa di minst fem gonger kvar dag. Den siste gongen les du for mor eller far eller ein annan vaksen. Øv godt på øveorda. Spør dersom det er ord du ikkje skjønar. Ikkje gi deg sjølv om du synest det er vanskeleg. Hugs at du blir betre for kvar dag som går. Lykke til!

AR

PL

EM

KS

SE

G

Til foreldra Dei fleste elevane har «knekt lesekoden» i 2. klasse. I år er det lesetempoet som skal opp, samtidig som elevane skal få med seg innhaldet i tekstane. Som foreldre kan de gi mykje god hjelp for at barna skal lykkast. Det kan de gjere ved å følgje opp arbeidet til elevane med dei to lesebøkene, som skal brukast heime. Men tekstane er også grundig gjennomgått på skolen på førehand. Både spørsmåla og oppgåvene nedst på kvar side skal elevane svare på i ei eiga skrivebok. Dei skal svare med fullstendige setningar. Eit godt samarbeid mellom skolen og de som foreldre er spesielt viktig når det gjeld lese- og skriveopplæringa. I lærarrettleiinga til Tuba Luba er det derfor gjort nærmare greie for korleis de kan følgje opp. Dersom barna har problem med denne opplæringa, er det viktig at de tek kontakt med skolen, slik at begge partar kan setje i verk nødvendige tiltak.

3


Innhald side side side side side side side side side side side side side side side side side side side side side side side side side side side side side

AR

PL

EM

KS

4

5 24 25 26 32 37 38 42 43 44 45 46 47 51 54 56 58 60 62 64 65 66 68 70 77 83 84 89 93

SE

G

IN

ER

D

R

VU

Sommarferien Ekornet Måren Jakt i skogen Røyskatt på ridetur Biblioteket Anne-Cath. Vestly Astrid Lindgren Pippi Langstrømpe Emil i Lønneberget Ronja Røvardotter Thorbjørn Egner Karius og Baktus Gummi-Tarzan Pelle Jansson Overtru Troll Hekser Draugen Nykken Spøkjelse Huldra Alvar og fear Guten som kappåt med trollet Kjetta på Dovre Det lyser i stille grender Flukta til Egypt Palmen i ørkenen Skøyteis


Sommarferien

Øveord: læraren

Enno er det sommar, men slutten på ferien nærmar seg. Anne og Dag er på skolen igjen. Det er første dagen i 3. klasse.

AR

PL

EM

KS

SE

G

Spørsmål: Kvar har læraren vore?

IN

ER

D

R

VU

Alle skal seie noko om ferien sin. Læraren byrjar. Ho har vore heime heile sommaren. Ho har gått mange turar både i skogen og på fjellet.

5


IN

ER

D

R

VU AR

PL

EM

KS

SE

G

Per og Eva har vore i Oslo. David og Espen har vore i Spania. Bodil og Ivar har vore i Tyrkia. Emil, Vidar og Kari har vore på hyttetur. Gunnar og Vera har vore på campingtur. Kva har du gjort? Var det gjævt?

Spørsmål: Kvar har Per og Eva vore?

6

Oppgåver til denne sida og sida framom: Tel kor mange gonger du ser bokstaven æ. Skriv orda som passar til bileta.


Øveord: plastmappe Anne og Dag er tvillingar. Dei er åtte år. Dei var hos mormor og morfar i sommar. Dei var der åleine, utan mor og far. Dei var borte i seks veker.

AR

PL

EM

KS

SE

G

IN

ER

D

R

VU

Mor og far følgde Anne og Dag til flyplassen. Der vart dei møtte av ei hyggeleg dame. Ho gav dei ei plastmappe som dei hengde rundt halsen. «Eg reiser åleine,» stod det på mappa. Dama følgde dei om bord på flyet.

Spørsmål: Kor mange år var Anne og Dag? Kva fekk Anne og Dag av dama på flyplassen? Oppgåve: Tel kor mange gonger du ser ordet Dei/dei.

7


Flyturen gjekk nesten for fort. Dei fekk ein liten koffert. Kofferten var full av sjokolade, saft, fargeblyantar, ei fargebok og eit lite puslespel.

Øveord: sjokolade køyre skein

ER

D

R

VU

Mormor og morfar stod og venta på dei da flyet landa. Dei tok flybussen inn til byen. Dei gjekk av bussen nede ved hamna.

AR

PL

EM

KS

SE

G

IN

Der låg motorbåten til morfar. Mormor og morfar bur på ei øy. Dei måtte køyre nesten éin time med båten. Men det var berre gøy. Sola skein. Det var stille og fint på sjøen.

Spørsmål: Kva fekk Anne og Dag om bord i flyet? Kvar bur mormor og morfar?

8

Oppgåver: Tel kor mange gonger du ser ordet gjekk. Skriv orda som har bokstaven ø i seg.


Huset til mormor og morfar Øveord: fortøydde ligg nær stranda. Framom huset er det ei lang og brei bryggje. Der fortøydde morfar båten. Dei var framme.

AR

PL

EM

KS

SE

G

IN

ER

D

R

VU

Plutseleg høyrde dei ein hund som bjeffa. «Det er Æsop, hunden min,» sa mormor. «Han står bunden bak huset. No vil han helse på dykk.» Anne og Dag visste ikkje at mormor hadde ein hund. Dei ville springe bak huset med ein gong. Men mormor bad dei vente med å gå bort til den store hunden. «Æsop må bli kjend med dykk først,» sa mormor. Spørsmål: Kva ligg framom huset til mormor og morfar? Kva heiter hunden til mormor? Oppgåver: Skriv orda som har bokstaven å i seg. Skriv orda som har diftongen ei i seg.

9


Mormor fortalde at Æsop hadde vore hos henne i to veker. Politiet hadde teke vare på han. Ingen visste kven som åtte hunden.

Øveord: visste avlivast

ER

D

R

VU

Hunden hadde sprunge rundt i gatene inne i byen. Politiet kunne ikkje ha han på politistasjonen. Han måtte avlivast dersom ingen kom og henta han.

AR

PL

EM

KS

SE

G

IN

Mormor hadde alltid ønskt seg ein hund, og ho bad om å få han. No ville ho gjere alt ho kunne for at Æsop skulle trivast hos henne. Men fordi mormor ikkje kjende Æsop så godt enno, visste ho ikkje om hunden likte barn. Derfor måtte Anne og Dag vere forsiktige. Spørsmål: Kvifor var Æsop hos politiet? Kven hadde ått hunden før han kom til mormor? Oppgåve: Skriv orda som har bokstaven d/D på plass først.

10


Mormor gjekk inn på kjøkkenet. Ho ville hente mat til Æsop. Anne og Dag sneik seg rundt huset. Frå hushjørnet kunne dei kike på Æsop.

Øveord: gjekk rundt hushjørnet spiss snute likna

AR

PL

EM

KS

SE

G

IN

ER

D

R

VU

Æsop var ein ganske stor og kraftig hund. Han hadde svart og kvit pels. Han hadde spiss snute og kort hale. Han likna ikkje på nokon annan hund som Dag og Anne hadde sett før.

Spørsmål: Kva gjorde mormor på kjøkkenet? Kva farge hadde pelsen til Æsop? Oppgåve: Skriv dei tre orda som har bokstaven ø i seg.

11


SE

G

IN

ER

D

R

VU

Øveord: Plutseleg stod mormor bak dei. logra Ho hadde ein bolle i handa. småbjeffa gav Mormor gjekk bort til Æsop. tauet Ho klødde han bak øyra bunden hardt og på ryggen. Æsop logra og småbjeffa. Han var nok glad for at mormor hadde kome tilbake. Mormor tok bollen og delte han i to. Ho gav Dag og Anne kvar sin del. Ho bad dei stå heilt stille. Så løyste ho tauet som Æsop var bunden i.

AR

PL

EM

KS

Mormor heldt hunden hardt i halsbandet. Så bad ho Anne og Dag om å kome. Æsop logra og snuste på dei.

Spørsmål: Kva delte mormor i to like delar? Korleis helsa Æsop på Dag og Anne? Oppgåve: Skriv tre av dei orda som har dobbeltkonsonant i seg.

12


Anne rekte fram handa, og Æsop slukte bollebiten. Æsop såg at Dag også hadde noko til han. Æsop la hovudet på skakke. Dag gjorde akkurat som Anne. Han rekte fram handa og lét Æsop forsyne seg.

Øveord: rekte fram forsyne

AR

PL

EM

KS

SE

G

IN

ER

D

R

VU

Oppgåve: Skriv fem ord som passar til biletet.

13


Mormor sukka letta. Det såg ut til Øveord: sukka at Æsop likte Anne og Dag. blanding rasar «Kva slags hund er det,» spørje spurde Dag. Han hadde sett bilete av ulike hunderasar, men aldri før sett maken til Æsop.

ER

D

R

VU

«Ja, det kan du spørje om,» lo mormor. «Han er nok ei blanding av alt mogleg. Det er nok derfor eigaren ikkje vil ha han.»

HUNDAR

AR

PL

EM

KS

SE

G

IN

Mormor klappa og koste med Æsop. «Eg bryr meg ikkje om kva rase det er. Berre han er snill og liker barn, skal han få bli her hos oss.»

Spørsmål: Kva har Dag sett bilete av? Kvifor trudde mormor at eigaren til Æsop ikkje ville ha hunden? Oppgåve: Skriv orda som har bokstaven ø i seg.

14


Morfar hadde fortøydd båten. Han hadde dekt bordet på verandaen. No ville han ete middag. «De snakkar berre med Æsop. No er det min tur,» lo morfar.

Øveord: fortøydd herleg lapskaus jordbær dessert kjekt køye

IN

ER

D

R

VU

Dei fekk herleg lapskaus til middag. Mormor kom med is og jordbær til dessert. Anne og Dag snakka og lo. Det var kjekt å vere på ferie.

AR

PL

EM

KS

SE

G

Etter middagen viste mormor dei det soverommet dei skulle bu i. Der var det køyesenger.

Spørsmål: Kva fekk Anne og Dag til dessert? Kva slags senger skal dei liggje i? Oppgåve: Skriv dei orda som har diftong i seg.

15


Øveord: Morfar har vore los. pensjonist For eitt år sidan slutta han yrket framleis og vart pensjonist. uniform Men han har ikkje gløymt yrket sitt. losstasjonen Når det er svært mykje å gjere på oransje losstasjonen, hjelper han framleis til.

G

IN

ER

D

R

VU

Morfar har ei fin, svart losuniform i skapet. Han har uniformslue med gullsnor på. Han har uniforma på seg når han arbeider som los. Da ser han ut som ein kaptein på ein stor båt.

AR

PL

EM

KS

SE

Han måtte reise til byen. Der er losstasjonen. Losstasjonen ligg ved kaia. Ved kaia låg losbåten. Han var oransje. 099 LOS stod det bak på båten. Spørsmål: Kva yrke har morfar hatt? Kvar er losstasjonen?

16

Oppgåver: Skriv ordet som har bokstaven æ i seg. Skriv orda som har diftong i seg.


ER

D

R

VU

Øveord: Anne, Dag og mormor gjekk tur. vere Æsop skulle vere med. halsbandet Æsop måtte trene på å gå i band. sakte sjefen Æsop likte å gå tur. kjempegøy Han drog i halsbandet og syntest nok at mormor gjekk altfor sakte. Men mormor var sjefen. Snart gjekk Æsop pent ved sida av henne. «Flink bisk,» sa mormor og klappa Æsop.

AR

PL

EM

KS

SE

G

IN

Anne og Dag fekk halde i bandet til Æsop. Dei vart både varme og trøtte av turen. Alle ville bade. Det var kjempegøy å bade saman med Æsop. Spørsmål: Kva måtte Æsop trene på? Kvifor ville dei bade?

Oppgåver: Skriv ordet som har bokstaven Æ på plass først. Skriv orda som har bokstaven ø i seg.

17


Mormor, Anne og Dag leika lenge med Æsop ute i vatnet. Med eitt for Æsop opp på land. Han sette kursen rett bort til morfar som sov på eit teppe på verandaen.

Øveord: kursen sov stoppa bikkje sjøen

IN

ER

D

R

VU

Æsop stoppa framfor morfar. Æsop var klissvåt. Æsop rista seg så vasspruten stod. Morfar fekk alt vatnet over seg. Han vart gjennomvåt. «Fillebikkje!» brølte han.

AR

PL

EM

KS

SE

G

Æsop sette seg rett ned. Han la hovudet på skakke og peip. Det var som om han ville seie unnskyld. Han ville berre ha morfar med på leiken nede i sjøen. Da måtte morfar le. «Jammen er du ei rar bikkje,» sa han og klødde Æsop bak øyra. Spørsmål: Kven sprang Æsop til? Kva gjorde morfar på teppet?

18

Oppgåver: Skriv orda som har bokstaven ø i seg. Skriv orda som har bokstaven å i seg.


Ein dag var det gråvêr. Morfar måtte ein tur inn til byen. Anne og Dag fekk vere med. Dei reiste med båten til morfar. Mormor og Æsop vart att heime.

Øveord: gråvêr heime postboks boksen heim banken

SE

G

IN

ER

D

R

VU

Først gjekk dei på postkontoret. Morfar henta posten i ein postboks. Boksen var nesten heilt full. Det var eit kort og eit brev til Anne og Dag også. «Vi koser oss med posten når vi kjem heim,« sa morfar.

AR

PL

EM

KS

Morfar måtte ein tur i banken også. Der var det lang kø. Heldigvis var det eit bord med legoklossar der. Anne og Dag rakk å byggje eit stort slott før morfar var ferdig. Spørsmål: Kva slags vêr var det? Kvar gjekk dei først? Oppgåve: Skriv orda som har noko med post å gjere.

19


Øveord: losstasjon losbåten frakte havgapet lastebåtar hjelp skjer

KS

SE

G

IN

ER

D

R

VU

«No dreg vi ned på losstasjonen og helsar på losane,» sa morfar. På losstasjonen vart losane glade for å sjå morfar igjen. Alle ville helse på han og på Anne og Dag. Men losane hadde det svært travelt. Losbåten låg klar utanfor. Losbåten skulle frakte fire av losane ut i havgapet. Der ute låg fire store lastebåtar som skulle inn til byen med varer. Båtane kom frå Nederland, Tyskland, Frankrike og Spania.

AR

PL

EM

Kapteinane på dei store båtane måtte ha hjelp av ein los for å finne ei sikker rute inn til byen. Det er mange skjer som er farlege for dei store båtane. Spørsmål til denne og neste side: 1 Kor mange båtar venta på los? 2 Kvar kom båtane frå? 3 Kva slags butikk drog dei til? 4 Kor mange bøker fekk Anne og Dag til saman?

20

Oppgåver til denne og neste side: Skriv ordet som har bokstaven æ i seg. Skriv ord som passar til biletet på side 21.


Morfar, Dag og Anne stod på kaia og såg etter losbåten som drog av stad så sjøsprøyten stod. Båtane hadde kurs rett mot det opne havet.

Øveord: sjøsprøyten heim bokhandel kvar vêr keiar seg

AR

PL

EM

KS

SE

G

IN

ER

D

R

VU

«No må vi tenkje på å kome oss heim. Men vi må innom ein bokhandel først,» sa morfar. I bokhandelen var det mange barnebøker. Anne og Dag fekk velje to bøker kvar. «Vi må ha lesestoff dersom det blir dårleg vêr. Den som har ei spennande bok å lese i, keiar seg aldri,» sa morfar.

21


Heime venta mormor og Æsop på dei. Æsop logra svært med halen da han fekk auge på Anne og Dag. «Æsop var nok redd for at de hadde reist heim,» sa mormor.

AR

PL

EM

KS

SE

G

IN

ER

D

R

VU Spørsmål : Kven venta på dei heime? Kva gjorde Æsop da han fekk auge på Anne og Dag?

22

Oppgåver: Skriv orda som har diftong i seg. Skriv ordet som har bokstaven Æ på plass først.


R

VU

Dagane og vekene gjekk som ein røyk. Øveord: røyk Anne og Dag hadde det kjempefint. gjere korkje Dei hadde alltid så mykje å gjere. sakne Æsop vart flink til å gå i band. ulte Anne og Dag gjekk på tur med Æsop kvar einaste dag. Æsop skremde korkje kyr eller sauer. Mormor var veldig stolt av hunden sin.

AR

PL

EM

KS

SE

G

IN

ER

D

Ein dag var ferien slutt. Dag og Anne måtte reise tilbake til mor og far. Dei hadde ikkje sett mor og far på seks veker. Det skulle bli kjekt å byrje på skolen att. Men dei kom til å sakne mormor, morfar og Æsop. Morfar sa at Dag og Anne måtte kome tilbake neste år. Da Anne og Dag reiste frå øya, sat Æsop på kaia og ulte. Spørsmål: Kor lenge hadde Anne og Dag vore hos mormor og morfar? Kva gjorde Æsop da Anne og Dag reiste? Oppgåver: Skriv orda som har diftong i seg. Skriv fire av dei orda som har dobbeltkonsonant i seg.

23


Ekornet Har du sett eit ekorn? Ekornet har ein lang og fin hale. Det har små duskar på øyra om vinteren. Om sommaren er duskane borte. Ekornet har raudbrun pels om sommaren. Om vinteren er pelsen meir grå.

Øveord: lang duskar raudbrun flink trea hoppar kjempegod kongler

SE

G

IN

ER

D

R

VU

Ekornet er svært flink til å klatre i trea. Dersom ekornet blir lei av å vere i eit tre, hoppar det berre over til eit anna. Ekornet er kjempegod til å hoppe. Tenk at ekornet bruker halen til å styre med. Er ikkje det lurt?

24

Oppgåver: Tel kor mange gonger du ser ordet Det/det. Skriv ordet som har bokstaven æ i seg.

AR

Spørsmål: Kva farge har ekornet på pelsen om sommaren? Kva styrer ekornet med når det hoppar?

PL

EM

KS

Nøtter er det beste ekornet veit. Det er ikkje alltid så lett å finne nøtter. Men konglefrø er også god mat for små ekorn. Kongler er det nok av i skogen.


Måren Måren lever i skogen. Han er dobbelt så stor som ekornet. Han har mørkebrun pels. Under strupen har han ein gul, spiss flekk. Når måren er svolten, må han ut på jakt etter andre dyr. Måren liker ekornkjøtt best.

Øveord: dobbelt strupen kjøtt hoppe gøymer tomme fugleungar

VU

G

IN

ER

D

R

Måren er like flink til å klatre i trea som ekornet. Og han er nesten like flink som ekornet til å hoppe frå tre til tre.

AR

PL

EM

KS

SE

Måren gøymer seg i hole tre eller i tomme kråkereir om dagen. Når det tek til å bli mørkt, går han på jakt. Dersom måren ikkje finn eit ekorn, tek han fugleungar, froskar og mus.

Spørsmål: Kva har måren under strupen? Kva liker måren best å ete? Oppgåve: Skriv dei tre orda som har bokstaven j i seg.

25


Jakt i skogen

Øveord: travelt snuste sopp rakett herleg skjela god – godt

Det vesle ekornet hadde det travelt. Det vimsa hit og dit og snuste. Det var på jakt etter noko å ete.

D

R

VU

Etter ei stund fann ekornet ein sopp. Soppen smakte godt, men han var ikkje noko å bli mett av. Plutseleg for ekornet som ein rakett opp i toppen av eit furutre.

Litt lenger inne i skogen sneik ein mår seg varsamt fram.

AR

PL

EM

KS

SE

G

IN

ER

Her var det mange kongler. Det er herleg mat for eit ekorn, det! Ekornet plukka ei kongle, sette seg godt til rette og tok til å rive av skjela på kongla. Under skjela sat konglefrøa. Nam, nam, så godt det smakte! Det vesle ekornet sat lenge og koste seg.

Spørsmål: Kva fann ekornet i toppen av furutreet? Kva sit under kongleskjela? Oppgåve: Skriv seks av dei orda som har dobbeltkonsonant i seg.

26


Måren var svolten og håpa han snart skulle finne noko godt å setje tennene i. Men det var stille og tomt i skogen.

Øveord: varsamt oppover speida nabotreet heim nedover

ER

D

R

VU

Måren lurte seg varsamt oppover stamma på eit furutre. Det var eit kråkereir i toppen. Kanskje det var kråkeungar der? Men kråkereiret var tomt. Måren speida utover. Her var det fin utsikt. Med eitt fekk han auge på noko raudbrunt som for nedover stamma på nabotreet.

AR

PL

EM

Måren for nedover stamma og smaug seg stille mot det vesle ekornet Endeleg skulle måren få ekornsteik til middag!

KS

SE

G

IN

Det var det vesle ekornet som hadde ete seg god og mett på konglefrø. No ville det heim til reiret sitt og sove.

Spørsmål: Kva fann måren i kråkereiret? Kva ville det vesle ekornet gjere etter at det hadde ete? Oppgåve: Skriv orda som har diftong i seg.

27


Det varte ikkje lenge før det vesle ekornet fekk auge på måren. Det bråstoppa. Der kjem den verste fienden det har.

Øveord: fekk auge på verste fienden fortaste fort stakk av akkurat orka landa

ER

D

R

VU

Ekornet pilte det fortaste det kunne tilbake til treet. Det for oppover stamma fort som lynet. Men måren var like rask. Han ville ikkje sitje stille og sjå på at middagsmaten stakk av.

EM

KS

SE

G

IN

Ekornet var i toppen av treet og kasta seg ut i lufta. Det landa på ei tjukk grein i nabotreet. Måren gjorde akkurat det same. Slik hoppa dei frå tre til tre ei lang stund.

AR

PL

Ekornet tok til å bli veldig trøtt. No orka det snart ikkje meir. Enda ein gong kasta det seg ut i lufta og landa på ei tynn grein i treet ved sida av. Sjølv om greina var tynn, heldt ho til ekornet, som var så lite og lett. Spørsmål til denne og neste side: Kven var den verste fienden til ekornet? Var den siste greina det landa på, tjukk eller tynn? Oppgåve: Skriv orda som har diftong i seg.

28


AR

PL

EM

KS

SE

G

IN

ER

D

R

VU Måren fekk ikkje feste på den tynne greina. Ein mår er dobbelt så tung som eit ekorn. Derfor deisa måren i bakken. Men måren skadde seg ikkje.

Øveord: fekk feste deisa

Oppgåve: Skriv fem ord som passar til biletet.

29


Det vesle ekornet fekk eit lite forsprang. Ekornet trong det. Det hadde nesten gitt opp håpet om å kome seg vekk frå måren. No fekk det vesle ekornet nye krefter. Kanskje det var mogleg å kome seg unna? Brått var det slutt på skogen.

Øveord: forsprang trong brått enden midt tenkte heldt på middagsmaten

IN

ER

D

R

VU

Det vesle ekornet hadde kome til ei slette. Ved enden av sletta låg eit stort vatn. Midt ute i vatnet låg ei øy. Kva skulle det vesle ekornet gjere no?

EM

KS

SE

G

Det vesle ekornet tenkte seg ikkje lenge om. Det for ut på sletta det fortaste det kunne. Måren halte innpå. «No er min siste time komen,» tenkte ekornet.

AR

PL

Ekornet heldt på å gi opp. Det hadde ikkje fleire krefter att. Men akkurat da måren trudde han endeleg skulle få tak i middagsmaten sin, var ekornet framme ved det vesle vatnet. Spørsmål: Kvar slutta skogen? Kva var midt ute i vatnet? Oppgåve: Skriv seks av dei orda som har dobbeltkonsonant i seg.

30


Det vesle ekornet stoppa ikkje. Det hoppa ut i vatnet og la på sum mot den vesle øya. Ekornet var flink til å symje.

ER

D

R

VU

Måren bråstoppa. Måren kan ikkje fordra vatn. Derfor stod måren att og såg at middagen hans gjekk i land på øya. Måren var både skuffa og sint, men han måtte berre innrømme at han hadde tapt kappløpet med ekornet.

Øveord: la på sum symje bråstoppa fordra innrømme kappløpet

AR

PL

EM

KS

SE

G

IN

Spørsmål: Kvar bråstoppa måren? Kvifor slapp ekornet unna?

Oppgåve: Skriv seks av dei orda som har dobbeltkonsonant i seg.

31


Øveord: steinrøysa kveldsmat smett stoppar oppdagar kornåkeren

VU

Røyskatt på ridetur

R

KS

SE

G

IN

ER

D

Det er haust i skogen. Det tek til å bli tidleg mørkt. Oppe i den store steinrøysa stikk eit lite hovud fram. Det er røyskatten. Han er så svolten. No skal han ut på jakt for å få seg kveldsmat.

Spørsmål: Kva årstid er det? Kvar stikk røyskatten hovudet fram?

32

Oppgåver: Skriv orda som har diftongen øy i seg. Skriv fem av dei orda som har dobbeltkonsonant i seg.

AR

PL

EM

Røyskatten smett fram. Han stoppar og snuser ut i lufta. Er det noko farleg her? Men han oppdagar ingenting. Røyskatten spring og hoppar av stad. Han har sett kursen mot kornåkeren.


Røyskatten veit at det er mus der nede. Han stoppar, spissar øyra og speidar til alle kantar.

Øveord: speidar bykser tarmane krummar ryggen får sukk for seg jafs hareungar steingjerdet

EM

KS

SE

G

IN

ER

D

R

VU

Med eitt får han auge på eit musehol. Røyskatten bykser bort og stikk heile hovudet inn i holet. Han snuser rundt, men finn ikkje mus. Røyskatten leitar i to musehol til, men også dei er tomme. Svolten gneg i tarmane på røyskatten. Han kan ikkje gi seg no. Med eitt får han sjå ei lita markmus ute i åkeren. Lydlaust snik røyskatten seg mot musa. Musa sit og gneg på eit kornaks. Ho anar fred og ingen fare. Røyskatten krummar ryggen, gjer eit kjempehopp og er over musa før ho får sukk for seg.

AR

PL

Røyskatten sluker musa i eit jafs. Men røyskatten er like svolten. Den vesle musa var ikkje nok. Han må ha meir mat. Røyskatten veit at det er ein del hareungar nede ved det gamle steingjerdet. Spørsmål: Kva får røyskatten med eitt auge på? Kva gjer røyskatten med musa? Oppgåver: Skriv orda som har boksaven ø i seg. Skriv orda som har bokstaven f på plass først.

33


Øveord: har flaks spurtar av stad travelt speidar hoppande kveldsmat

R

VU G

IN

ER

D

Av og til har han klart å fange ein hare der. Kanskje har han flaks i kveld òg. Røyskatten spurtar av stad. Han har det travelt!

AR

PL

EM

KS

SE

Snart er røyskatten på plass i ein smal sprekk mellom to steinar. Det er ein bra gøymestad. Han speidar til alle kantar. Er det nokon harar her i kveld? Røyskatten treng ikkje vente lenge. Der kjem ein hare hoppande rett mot det gamle steingjerdet. Haren er ute for å finne seg kveldsmat. Spørsmål: Kvar gøymer røyskatten seg? Kva slags dyr vil røyskatten fange ved steingjerdet?

34

Oppgåver: Skriv orda som har diftongen ei i seg. Skriv orda som har bokstaven t på plass i seg.


Rett framfor steingjerdet veks det store, saftige kløverblad. Det er god mat for svoltne harar. Derfor stoppar haren og set i gang med å ete blada. Dei smaker så godt.

D

R

VU

Haren gløymer å vere forsiktig. Men brått ser han opp og oppdagar røyskatten som ligg like ved. Haren blir stiv av skrekk.

Øveord: kløverblad forsiktig blir stiv av skrekk kjempebyks grinda gjerdet har gjort

KS

SE

G

IN

ER

Da røyskatten skjønar at han er oppdaga, gjer han eit kjempebyks mot haren. Han landar på nakken til haren. Der bit han seg fast. Haren fer av garde det fortaste han kan med røyskatten på ryggen.

AR

PL

EM

Haren set kursen rett mot grinda i gjerdet. Der smett han under, slik han har gjort så mange gonger før. Det er akkurat plass til at haren kan kome seg under. Spørsmål: Kva et haren? Kvar bit røyskatten seg fast? Oppgåve: Skriv orda som har bokstaven g på plass først.

35


Grinda blir berginga for haren. Det er ikkje plass til både haren og røyskatten under grinda. Da haren stuper under grinda, får røyskatten seg ein kjempesmell i hovudet.

Øveord: berginga kjempesmell nakken vere på vakt tummelumsk sjanglar livsfarleg

IN

ER

D

R

VU

Røyskatten mistar taket i haren og blir kasta bakover. Haren hoppar inn i skogen. Han har eit stygt sår i nakken, men er glad han ikkje vart til røyskattmat. Haren lovar seg sjølv å vere meir på vakt heretter.

EM

KS

SE

G

Røyskatten vaknar omsider. Han er heilt tummelumsk. Han kjem seg på føtene og sjanglar heim til hiet sitt. Der legg han seg til å sove.

AR

PL

«Harar er nok gode å ete, men å dra på ridetur med dei er livsfarleg. Det skal eg aldri gjere meir!» tenkjer røyskatten. Spørsmål: Kva blir berginga for haren? Kva har haren fått i nakken?

36

Oppgaver: Tel kor mange gonger du ser ordet røyskatten/Røyskatten. Skriv orda som har bokstaven p i seg.


Biblioteket

Øveord: dersom videokassettar cd-plater gresk Hellas samling steintavler

G

IN

ER

D

R

VU

Dersom du er glad i å lese, kan du gå på biblioteket og låne akkurat dei bøkene du har lyst til. Det er heilt gratis. Du kan låne spennande bøker, lette bøker, vanskelege bøker, tunge bøker, skumle bøker og morosame bøker. Du kan låne bøker med bilete og bøker utan bilete. Du kan låne aviser, vekeblad, videokassettar og cd-plater med musikk. På biblioteket er det folk som hjelper deg med å finne dei bøkene du vil låne. Er ikkje det flott?

EM

KS

SE

Bibliotek er ikkje eit norsk ord. Det er gresk. Det kjem frå Hellas. Bibliotek tyder ein stad der det er ei samling bøker.

AR

PL

Dei første biblioteka vi veit om, er over fire tusen år gamle. Den gongen laga folk bøker på steintavler. Trur du folk kunne liggje i senga og lese dei? Spørsmål: Kvar kan du låne bøker heilt gratis? Kva tyder ordet bibliotek? Oppgåver: Skriv tre av dei orda som er substantiv. Skriv orda som har språklyden ng i seg.

37


Anne-Cath. Vestly

Øveord: éin radioprogram radiostasjon barneprogram spennande

Tenk at Anne-Cath. Vestly har skrive bøker for barn i femti år. Dei første bøkene handlar om Ole Aleksander Filibom-bom-bom. Men først fortalde Anne-Cath. Vestly om Ole Aleksander i eit radioprogram som heitte Barnetimen for dei minste.

VU

EM

KS

SE

G

IN

ER

D

R

Det var eit radioprogram som alle barna høyrde på kvar morgon. Ingen i Noreg hadde tv den gongen. Det var berre éin norsk radiostasjon. Derfor høyrde alle på akkurat dei same programma. Alle vart kjende med Ole Aleksander. Alle ville høyre om korleis det gjekk med han. Det vart fem bøker om Ole Aleksander.

AR

PL

Seinare fortalde Anne-Cath. frå boka «Mor og Far og de åtte ungene». Dei åtte ungane hadde ei rar og spennande mormor. Spørsmål: Kor lenge har Anne-Cath. Vestly skrive bøker for barn? Kven er hovudpersonen i dei første bøkene ho skreiv for barn?

38

Oppgåver: Tel kor mange setningar du ser. Skriv orda som har bokstaven b/B på plass først.


Seinare har Anne-Cath. skrive mange bøker om mormor og dei åtte ungane. Bøkene vart seinare til film, der Anne-Cath. spela mormor. Det vart ei koseleg og rar mormor.

SE

G

IN

ER

D

R

VU

Det kom fleire bøker. Boka «Lillebror og Knerten» handlar om ein liten gut som ikkje har nokon å leike med. Derfor finn han opp ein leikekamerat som heiter Knerten. Knerten er berre ein furukvist, men Lillebror ser på han som ein levande, liten mann. Dei to opplever mykje spennande saman.

Øveord: leikekamerat furukvist levande opplever Aurora Sokrates heime

AR

PL

EM

KS

Nokre få år seinare kom bøkene om Aurora og Sokrates. Dei har ein pappa som er heime og steller huset, medan mamma jobbar. Før i tida syntest folk det var rart. Pappaen til Aurora og Sokrates er ikkje som andre pappaer. Han seier og gjer mykje rart, men Aurora og Sokrates har det kjempegøy saman med han. Spørsmål: Kva heiter leikekameraten til Lillebror? Kven spela mormor i filmen om mormor og dei åtte ungane? Oppgåver: Tel kor mange særnamn du ser. Skriv særnamna. Hugs stor bokstav på plass først.

39


Øveord: forteljingar Erle vaktmeister bustadblokk husvære

IN

ER

D

R

VU PL

EM

KS

SE

G

Anne-Cath. skreiv enda fleire forteljingar. Bøkene om Guro, som ikkje hadde nokon pappa, kom ut da foreldra dine var barn. Pappaen til Guro døydde da Guro var ei lita jente. Mor hennar, som heiter Erle, blir vaktmeister i ei stor bustadblokk på Tiriltoppen.

AR

På Tiriltoppen møter vi igjen Ole Aleksander, Aurora og Sokrates. Dei bur i husvære i ei av blokkene. Ikkje så langt unna er det ein skog der mormor og dei åtte ungane bur. Guro blir kjend med dei alle saman.

40

Oppgåver: Skriv særnamna. Skriv dei tre orda som har språklyden ng i seg.


Ole Aleksander og Aurora har vorte store. Sokrates og Guro er like gamle. Dei går i same klasse.

D

R

VU

Berre nokre få år før du vart fødd, tok Anne-Cath. til å skrive om ein liten gut som blir kalla Kaos. Eigentleg heiter han Karl Oskar, men ingen bruker det namnet. Han opplever nok mykje av det same som du gjer, trur eg.

Øveord: eigentleg opplever tenkjer redde

AR

PL

EM

KS

SE

G

IN

ER

Anne-Cath. finn opp enda fleire barn. Barn som tenkjer slik som du gjer. Barn som opplever det same som du gjer. Barn som blir glade for det same som deg. Barn som blir redde og lei seg for det same som deg. Er det ikkje rart at ei gammal dame kan vite akkurat korleis barna har det inne i seg?

Spørsmål frå denne sida og sida framom: 1 Når døydde pappaen til Guro? 2 Kva arbeider mor til Guro med? 3 Kven bur på Tiriltoppen? 4 Kva heiter Kaos eigentleg? Oppgåver: Skriv fem av dei orda som har dobbeltkonsonant i seg. Skriv tre av dei orda som er substantiv.

41


AR PL EM KS SE

G IN ER D R VU

42


Astrid Lindgren

SE

G

IN

ER

D

R

VU

Astrid Lindgren var ein berømt forfattar. Ho skreiv mange bøker for barn. Men mange vaksne les dei òg. Ho har skrive meir enn 80 bøker. Astrid Lindgren var svensk. Ho døydde i 2002. Da var ho 94 år. Dei fleste bøkene hennar er omsette til mange språk. I Noreg, Kina, Japan, Russland, Italia, England, USA og i mange andre land les barna bøkene hennar. Mange av bøkene hennar har vorte til film.

Øveord: forfattar vaksne svensk omsett språk berømte høyrt

AR

PL

EM

KS

Far til Astrid Lindgren fortalde historier og eventyr til barna sine kvar dag. Derfor hadde ho så mange historier å fortelje oss, sa ho. Den mest berømte boka hennar heiter «Pippi Langstrømpe». Men du har sikkert høyrt om «Emil i Lønneberget», «Karlsson på taket», «Ronja Røverdatter» og «Brødrene Løvehjerte» òg. Veit du om andre bøker av Astrid Lindgren? Spørsmål: Kor mange bøker har Astrid Lindgren skrive? Kva for ei bok av Astrid Lindgren er mest kjend, trur du?

43

Oppgåver: Skriv namna på dei landa der barna kan lese bøker av Astrid Lindgren på sitt eige språk. Hugs stor bokstav på plass først.


Pippi Langstrømpe

Øveord: åleine heiter verandaen veske gullpengar verdas sterkaste

Pippi er ni år. Pippi bur åleine i Villa Villekulla. Pippi har ein apekatt som heiter herr Nilsson. Pippi har ein hest. Hesten bur på verandaen. Pippi har ei stor veske full av gullpengar. Pippi er verdas sterkaste jente. Ho er ikke redd for noko. Pippi er veldig snill mot vennene sine.

VU

SE

G

IN

ER

D

R

Mor til Pippi er ein engel. Far hennar er negerkonge. Han heiter Efraim Langstrømpe. Han er konge på Kurrekurreduttøya. Bestevennene heiter Annika og Tommy.

AR

PL

EM

KS

Pippi går ikkje på skolen. Det har ho ikkje tid til. Ho liker ikkje skolen. Pippi liker berre ei lange feriane skolebarna har. Derfor er ho alltid på skolen den siste dagen før feriane tek til. Spørsmål: Kva heiter apekatten til Pippi? Kva er Pippi redd for?

Oppgåver: Skriv orda som har språklyden ng i seg. Skriv orda som har bokstaven b/B på plass først.

44


Emil i Lønneberget

Øveord: bondegard okse skuggelue alltid søv viljen stengjer skodespel

Emil er fem år. Emil bur i Lønneberget. Emil bur saman med mor si og far sin og systera Ida på ein bondegard. Alfred og Lina arbeider på garden.

AR

PL

EM

KS

SE

G

IN

ER

D

R

VU

Emil har blå auge og lyst ullhår. Emil er sterk som ein liten okse. Emil har ei skuggelue. Lua er blå med svart skugge. Lua har Emil på seg alltid, til og med når han søv. Emil er veldig sta. Emil vil alltid ha viljen sin. Emil finn på mykje rart. Mor hans blir så lei seg. Faren blir veldig sint. Han stengjer Emil inne i snikkarbua. Der må Emil sitje og tenkje over alt det galne han har gjort. Emil spikkar små trefigurar medan han ventar på å få sleppe ut. Boka om Emil har vorte til både film og skodespel. Spørsmål: Kor gammal er Emil? Kva heiter systera til Emil?

45

Oppgåver: Skriv særnamna. Skriv orda som har bokstaven d/D på plass først.


Ronja Røvardotter

Øveord: røvardotter bestevennen ingen løyndom fedrane hatar

Ronja Røvardotter er ei jente som bur i ein skog saman med ein flokk røvarar. Dei bur i ei borg oppe på eit berg. Borga heiter Mattis-borga. Far til Ronja heiter Mattis. Mattis er røvarhøvding. Louise heiter mor til Ronja. Ho held orden på Mattis og dei tolv røvarane.

VU

IN

ER

D

R

Ronja har mørkt hår. Ho har vakre, brune auge. Ho er sta som eit esel. Alle røvarane er så glade i Ronja. Røvarane gjer alt Ronja ber dei om.

AR

PL

EM

KS

SE

G

Bestevennen hennar heiter Birk. Far hans er også røvarhøvding. Ingen veit at Ronja kjenner Birk. Det er ein stor løyndom. Dei møtest langt inne i skogen på plassar som ingen veit om. Dersom fedrane deira får vite om det, kjem dei aldri til å få sjå kvarandre meir. Dei to høvdingane hatar kvarandre. Spørsmål: Kva heiter borga som Ronja bur i? Kvifor må ingen vite at Ronja og Birk møter kvarandre? Oppgåver: Skriv tre av dei orda som er substantiv. Skriv orda som har bokstaven b/B på plass først.

46


Thorbjørn Egner

Øveord: teikningar omsett tanntrolla kanskje

R

VU

Thorbjørn Egner har laga mange songar, bøker, teikningar og skodespel. Egner vart fødd i 1912 og døydde i 1990. «Karius og Baktus» heiter den mest kjende boka hans. Boka er omsett til mange språk. Til og med barna i Kina kjenner historia om dei to små tanntrolla. Egner skreiv lesebøker òg.

EM

KS

SE

G

IN

ER

D

Du har sikkert høyrt om bøkene «Folk og røvere i Kardemomme by» og «Dyrene i Hakkebakkeskogen». Egnar var i Barnetimen for dei minste i radioen òg. Der fortalde han om Ole Brumm og Doktor Dyregod. Han dikta songar og song dei for barna i radioen. Det var før det var tv i Noreg.

AR

PL

Du har sikkert høyrt at du kan reise til Kardemomme by. Byen ligg i Dyreparken i Kristiansand. Thorbjørn Egner var med på å bestemme korleis den byen skulle lagast. Kanskje du kan finne ut meir om Thorbjørn Egner? Spørsmål: Kva heiter den mest kjende boka til Egner? Kva heiter byen som ligg i Dyreparken?

47

Oppgåver: Skriv orda som har språklyden ng i seg. Skriv namnet på to byar som har bokstaven K på plass først.


Øveord: bokhylla omslaget raudt til vêrs gjennom forstørringsglas godt aldri

Karius og Baktus

G

IN

ER

D

R

VU

I bokhylla på biblioteket står ei tynn, lita bok. Det er «Karius og Baktus» av Thorbjørn Egner. På omslaget er det bilete av to bitte små tanntroll. Det eine trollet har svart hår, det andre har raudt hår. Håret står rett til vêrs på begge to.

EM

KS

SE

Trolla heiter Karius og Baktus. Dei bur i ei tann. Den tanna er inne i munnen til ein gut som heiter Jens.

AR

PL

Jens veit ikkje at det bur to tanntroll i munnen hans. Karius og Baktus er så små at vi berre kan sjå dei gjennom eit sterkt forstørringsglas. Karius og Baktus liker seg godt i tennene til Jens. Jens pussar nesten aldri tennene sine. Spørsmål: Kven har skrive boka om Karius og Baktus? Kvar bur Karius og Baktus? Oppgåver: Skriv særnamna. Skriv orda som har bokstaven b/B på plass først.

48


Øveord: søtsaker frukost derfor arbeider

KS

SE

G

IN

ER

D

R

VU AR

PL

EM

Jens et mykje søtsaker. Han et alltid loff til frukost. Jens liker ikkje sunn mat. Karius og Baktus får nok mat. Derfor arbeider dei mykje inne i munnen til Jens. Karius og Baktus hamrar og bankar i tennene hans. Dei lagar stadig nye hol. Dei vil ha mange hus å bu i. Spørsmål: Kva slags mat et Jens? Kva skal Karius og Baktus bruke hola til?

49

Oppgåver: Skriv orda som har dobbeltkonsonant i seg. Skriv tre av dei orda som er substantiv.


Øveord: underjordisk gang bankar hamrar tannverk tannbørsten fjerna jamrar tannlegen reparerer

R

VU

Karius og Baktus har det så bra. Dei trallar og syng frå morgon til kveld. Men ein dag byrjar Karius å lage ein underjordisk gang. Det skal bli ein gang mellom tennene som Karius og Baktus bur i. Når Karius bankar og hamrar inne i den underjordiske gangen, får Jens tannverk. Mor til Jens seier at han må pusse tennene sine ekstra godt.

Jens går til tannlegen. Tannlegen reparerer tennene til Jens.

AR

PL

EM

KS

SE

G

IN

ER

D

Jens gjer som mor hans seier. Tannverken blir borte. Tannbørsten har fjerna all den gode maten som Karius og Baktus koser seg med. Men så fort Jens et litt mat igjen, held Karius og Baktus fram med å arbeide. Jens jamrar seg. Tannverk er vondt. «Du må gå til tannlegen,» seier mor til Jens. «Han er den einaste som kan hjelpe deg no.»

Spørsmål: Kva får Jens når Karius bankar i tennene hans? Kva fjernar tannbørsten? Oppgåver: Skriv orda som har tann/Tann på plass først. Skriv orda som har bokstaven d/D på plass først.

50


Karius og Baktus har laga mange hol i tennene til Jens.

Øveord: kvar morgon kjempeglad korleis

Tannlegen seier at han må pusse tennene sine kvar kveld og kvar morgon. Han må slutte å ete så mykje søtmat og loff. Dersom han ikkje gjer det, vil han få like vondt i tennene sine att.

AR

PL

EM

KS

SE

G

IN

ER

D

R

VU

Jens er kjempeglad. Tannverken er vekk. Det er Karius og Baktus òg. Dersom du vil vite korleis det går med dei to små tanntrolla, kan du låne boka om Karius og Baktus på biblioteket. Det kan du gjere heilt gratis.

Spørsmål: 1 Kva har Karius og Baktus gjort med tennene til Jens? 2 Kva må Jens gjere kvar kveld og kvar morgon? 3 Kvifor er Jens kjempeglad?

51

Oppgåver: Skriv orda som har bokstaven h/H på plass først. Skriv fem av dei orda som har dobbeltkonsonant i seg.


Gummi–Tarzan

Øveord: ordentleg musklar dum – dumt klatre hange

Her ser du Gummi-Tarzan. Han heiter ikkje det på ordentleg. Han heiter Ivan Olsen. Ivan er liten og tynn. Ivan er ikkje særleg pen. Ivan har ikkje store musklar. Det synest far til Ivan er dumt.

VU

KS

SE

G

IN

ER

D

R

Far til Ivan ønskjer seg ein son som ser ut som Tarzan. Far til Ivan er veldig dum. Han synest Ivan skal klatre rundt i trea heile dagen.

AR

PL

EM

Det gjer den ordentlege Tarzan. Men vesle Ivan Olsen klarer ikkje å hange i greinene og brøle Tarzan-brølet. Ivan berre ramlar og slår seg. Da blir far hans veldig sur.

Spørsmål: Kva heiter Gummi-Tarzan på ordentleg? Kva synest faren at Ivan skal gjere heile dagen? Oppgåver: Skriv særnamna. Skriv ordet som har bokstaven æ i seg.

52


Vesle Ivan har det ikkje godt. Han klarer ikkje å lære bokstavane. Alle dei andre i klassen kan lese, men ikkje han. «Bokstavane ser ut som maur som kravlar rundt hulter til bulter!» seier Ivan.

Øveord: godt – godt hulter til bulter snublar uheldig mobbar dust tenkjer ønskje

G

IN

ER

D

R

VU

Ivan snublar og dett. Han slår seg og blør naseblod. Han er alltid uheldig. Dei store gutane mobbar han. Far hans synest at sonen er ein dust.

AR

53

Oppgåver: Skriv orda som har diftong i seg. Skriv orda som har bokstaven ø i seg.

PL

Spørsmål: Kva klarer ikkje Ivan å lære? Kva ønskjer Ivan seg?

EM

KS

SE

Men ein dag møter Ivan ei ekte heks. Ho seier at Ivan kan ønskje seg éin ting. Ivan tenkjer ei heil natt på kva han skal ønskje seg. Plutseleg får han ein god idé. Ivan vil ønskje at alt han ønskjer seg, skal skje. Var ikkje det eit lurt ønske?


Det er eit vanskeleg ønske Ivan har. Heksa kan ikkje oppfylle det ønsket for meir enn éin dag. Ivan blir nok litt skuffa, men han synest ønsket er så genialt at han vil ha det likevel.

Øveord: oppfylle skuffa genialt skjer

ER

D

R

VU

Neste dag får Ivan alt han ønskjer seg. Han seier berre: «Eg ønskjer at ...», og så skjer akkurat det.

AR

PL

EM

KS

SE

G

IN

Det skjer mange og spennande ting den dagen. Ivan har så mange ting på ønskelista si. Det kan du lese meir om i boka som heiter «Gummi-Tarzan». Forfattaren heiter Ole Lund Kirkegaard. Han er dansk. Du finn sikkert boka på biblioteket.

Spørsmål: Kor lenge skal Ivan få ønsket sitt oppfylt? Kva heiter forfattaren av boka «Gummi-Tarzan»? Oppgåve: Forklar korleis heksa på biletet ser ut.

54


Pelle Jansson

Øveord: knallblå knekt framtann arbeidet hundrevis

ER

D

R

VU

Pelle Jansson er åtte år. Pelle bur i Sverige. Pelle har mørkt hår. Pelle har knallblå auge. Pelle har knekt ei framtann. Pelle har flytta til ein stor by. Byen heiter Göteborg. Familien til Pelle måtte flytte fordi far til Pelle mista arbeidet sitt. Dei flytta frå ein liten stad langt nord i Sverige.

Spørsmål: Kor gammal er Pelle? Kva farge har Pelle på håret?

55

Oppgåver: Skriv særnamna. Skriv orda som har bokstaven h på plass først.

AR

Skole

PL

EM

KS

SE

G

IN

Der Pelle kom frå, er det berre ein bitte liten skole. Der var det berre éin lærar og 18 elevar. No har han kome til ein kjempestor skole med hundrevis av elevar.


ER

D

R

VU AR

PL

EM

KS

SE

G

IN

Pelle liker seg ikkje på den nye skolen. Pelle får ingen venner i klassen. Ingen forstår kva han seier. Han snakkar så rart, seier dei andre elvane. Dei ler kvar gong han seier noko. Gutane i klassen vil berre slåst. Pelle liker ikkje å slåst. Men så får Pelle ein venn. Korleis det går, kan du lese om i boka som heiter «Pelle Jansson. En heldig gutt». Forfattaren heiter Hans Peterson og er svensk. Spørsmål: Kvifor liker ikkje Pelle seg på skolen? Kva vil gutane i klassen? Oppgåve: Skriv dei orda du kan som passar til biletet.

56


Øveord: overtruiske elektrisk underlege

G

IN

ER

D

R

VU Overtru

PL

EM

KS

SE

Folk i gamle dagar var overtruiske. Det var ikkje så underleg. Nesten ingen kunne lese. Nesten ingen gjekk på skole.

AR

I gamle dagar hadde ikkje folk elektrisk straum. Når det vart mørkt, vart det heilt mørkt overalt. I mørket såg og høyrde folk mange underlege ting. Spørsmål: Kvifor var folk så overtruiske i gamle dagar? Kva skjedde når det vart mørkt? Oppgåve: Skriv orda som har dobbeltkonsonant i seg.

57


Ingen kunne forklare kva dei såg og høyrde. Derfor dikta folk opp skumle skapningar. Dei kalla skapningane for troll, spøkjelse, nykkar, draugar eller underjordiske.

Øveord: forklare spøkjelse skumle skapningar underjordiske

AR

PL

EM

KS

SE

G

IN

ER

D

R

VU

Til slutt trudde alle at dei visste korleis desse skumle skapningane såg ut. Somme hadde til og med snakka med dei. Somme vart lokka inn i fjellet der trolla eller dei underjordiske budde. Somme drukna fordi draugen eller nykken hadde teke dei. Somme døydde fordi heksa hadde vore der med trolldomskunstane sine. Folk hadde forklaring på alt som gjekk gale i verda.

Spørsmål: Kva for skumle skapningar dikta folk opp? Kva trudde folk hadde skjedd når nokon drukna? Oppgåver: Skriv orda som har bokstaven d/D på plass først. Forklar korleis spøkjelset på biletet ser ut.

58


Troll For lenge, lenge sidan trudde folk på troll. Trolla budde inne i skogen eller oppe på fjellet. Trolla var store.

Øveord: trudde troll budde dumme solskin skein

ER

D

R

VU

Nokre av dei hadde fleire hovud. Nokre hadde berre eitt auge. Dei hadde hale. Dei var veldig sterke. Dei var dumme og lette å lure.

SE

G

IN

Trolla var aldri ute i solskin. Dersom sola skein på dei, sprakk dei. Da vart dei til stein.

AR

PL

EM

KS

Trolla var berre ute og gjekk etter at det hadde vorte mørkt. Folk var redde for trolla. Av og til seier vi: «Det må vere trolldom.» Veit du kva det tyder?

Spørsmål: Kvar budde trolla? Kva skjedde med trolla dersom sola skein på dei?

59

Oppgåver: Skriv orda som har bokstaven d/D i seg. Skriv fem av dei orda som har dobbeltkonsonant i seg.


AR PL EM KS SE

G IN ER D R VU

60


Hekser For mange år sidan trudde folk at det fanst hekser. Alle var redde for heksene. Heksene såg ut som vanlege menneske. Derfor var det ikkje så lett å kjenne dei att. Det var mest damer som var hekser.

Øveord: hekser kjenne forhekse gjere

AR

PL

EM

KS

SE

G

IN

ER

D

R

VU

Heksene kunne forhekse folk. Heksene kunne gjere både folk og dyr sjuke. Somme hekser var snille. Dei kunne gjere sjuke menneske og dyr friske att.

Spørsmål: Korleis såg ei heks ut? Kva kunne vonde hekser gjere?

61

Oppgåver: Skriv orda som har dobbeltkonsonant i seg. Skriv dei orda du kan som passar til biletet.


Jonsokkvelden reiste alle heksene til Bloksberg. Bloksberg er eit høgt fjell i Tyskland. Der samla dei seg og hadde ein stor fest.

R

VU

Heksene hadde pynta seg med store, svarte, spisse hattar. Alle hekser hadde ein sopelime. Når heksene ville ut og reise, sette dei seg på sopelimen.

Øveord: fjell Tyskland spisse sopelime frakta vers beksvarte

KS

SE

G

IN

ER

D

Dei smurde på ein heksesmurning som dei hadde laga. Vips, så for sopelimen opp i lufta. Sopelimen frakta heksene dit dei ville. Tenk, det trudde folk for 400 år sidan! Her er eit vers om dette:

AR

PL

EM

Høyrer du suset i beksvarte natta? Der rir heksa og heksekatta. Det er til Bloksberg ho skal fly høgt der oppe under sky.

Spørsmål: Kva heitte fjellet som heksene drog til? Korleis kom heksene seg til jonsokfesten? Oppgåver: Skriv rimorda i verset. Teikn ei heks slik ho såg ut når ho drog til Bloksberg.

62


Draugen Draugen held til i havet. Draugen seglar rundt i ein halv båt. Draugen har menneskekropp. Draugen har hovud som ein torsk. Draugen har skinnklede på seg. På fiskehovudet hans er det alltid ein svær klase med tang.

VU

Øveord: held til menneskekropp torsk skinnklede alltid tok til sjøvatnet skapningen viste seg ofte dårleg

EM

KS

SE

G

IN

ER

D

R

I gamle dagar viste draugen seg av og til for menneske. Folk som skulle ut på fiske, fekk sjå draugen. Draugen kunne dukke opp akkurat når det tok til å bli mørkt. Folk fekk berre eit kort glimt av han. Sjøvatnet rann av den fæle skapningen. Draugen ynka seg og bar seg.

Spørsmål: 1 Kvar held draugen til? 2 Korleis er båten til draugen? 3 Kva slags klede har draugen på seg?

63

Oppgåver: Skriv orda som har dobbeltkonsonant i seg. Skriv orda som har bokstaven æ i seg.

AR

PL

Draugen viste seg ofte ute på havet. Folk såg han helst når det blåste opp til dårleg vêr.


ER

D

R

VU EM

KS

SE

G

IN

Av og til kom draugen opp på land. Da gjekk han inn i nausta til folk. I naustet hadde folk båtane sine og fiskereiskapen sin. Draugen kunne rote og romstere fælt der inne.

Spørsmål: 1 Kva hadde folk i nausta? 2 Kva gjorde draugen i nausta? 3 Kvifor var folk så redde for draugen? Oppgåver: Skriv orda som har diftongen au i seg. Forklar korleis draugen på biletet ser ut.

AR

PL

Dersom folk såg draugen, visste dei at det var eit dårleg varsel. Draugen varsla om at nokon kom til å drukne ute på havet

Øveord: nausta fiskereiskapen romstere varsel

64


Nykken I gamle dagar visste alle at det budde eit troll i elvar og vatn. Det var nykken. Nykken stakk av og til hovudet opp av vatnet. Det var eit skummelt hovud med store auge. Håret var kjempesvært og veldig bustete.

Øveord: visste nykken kjempesvært musikken vasskanten drog

ER

D

R

VU

Nykken lokka folk og dyr ned til vatnet. Nykken spela fele. Han spela så vakkert. Den som høyrde musikken, måtte gå ned til vasskanten. Det var som om noko drog dei ned til vatnet.

AR

PL

EM

KS

SE

G

IN

Nede i vatnet lurte nykken på dei. Så fort dei kom ned til vasskanten, tok nykken tak i dei og drog dei ned i vatnet. Dei kom aldri tilbake.

65

Spørsmål: Kvar budde nykken? Oppgåve: Forklar korleis nykken på biletet ser ut.


Spøkjelse

D

R

VU

Alle veit at det ikkje finst spøkjelse. Likevel er det mange som er redde for dei. Alle veit korleis eit spøkjelse ser ut. Spøkjelset er ein kvit skapning. Skapningen svevar over golvet. Ingen kan høyre at eit spøkjelse rører seg. Det er lydlaust. Det går eit kaldt gufs gjennom rommet når spøkjelset kjem inn.

Øveord: skapning rører seg lydlaust gufs knirkar gjett blafrar spindelvev

EM

KS

SE

G

IN

ER

Av og til knirkar det i ei trapp. Det er ingen å sjå. «Å, det må vere eit spøkjelse!» seier folk. Med eitt kan vindauget blåse opp. Gjett kva folk seier da.

AR

PL

Bilete kan ramle ned frå veggene. Stolar kan velte. Det høyrest sukk og stønn frå loft og kjellar. Lysa blafrar. Spindelvev heng i alle krikar og krokar. Alt kan skje i eit spøkjelseshus. Spørsmål: Kvifor kan vi ikkje høyre eit spøkjelse? Kva kan skje i eit spøkjelseshus? Oppgaver: Skriv orda som har bokstaven ø i seg. Skriv spøkjelsesord.

66


Huldra

R

VU

Huldra såg ut som ei vanleg jente, men ho høyrde til dei underjordiske. Dei underjordiske var eit folk som budde langt inne i fjellet eller nede i jorda. Dei likte seg ikkje ute under open himmel. Dei underjordiske lokka menneske inn i fjellet.

Øveord: underjordiske lokka vakker vakrare skjørtet skogkanten gjetarar dagevis

EM

KS

SE

G

IN

ER

D

Huldra var så vakker. Ho var vakrare enn alle vanlege jenter. Ei ekte huldrejente hadde lang kuhale. Det var ikkje lett å få auge på halen under det lange skjørtet ho hadde på seg. Derfor vart mange lurte. Dei trudde det var ei vanleg, søt og hyggeleg jente som ville snakke med dei.

AR

PL

Ho viste seg helst for folk som gjekk åleine på fjellet eller i skogkanten. Folk som var gjetarar, gjekk ofte åleine i dagevis. Dei hadde berre selskap av dyra dei passa på. Spørsmål: Kvar budde dei underjordiske? Kva slags hale hadde huldra?

67

Oppgåver: Skriv orda som har bokstaven j i seg. Skriv orda som har diftong i seg.


Gjetarane vart glade når dei møtte folk ute i øydemarka. Endeleg fekk dei nokon å snakke med. Huldra var både søt og grei, riktig hyggeleg, var ho. Ho passa godt på å gøyme halen sin.

KS

SE

G

IN

ER

D

R

VU

Huldra hadde ofte med seg nokre store, flotte kyr. Ho sa at ho var gjetar akkurat som dei. Dersom dei vart med henne, kunne ho vise dei nokre fine marker med saftig gras. Der kunne kyrne ete seg store og feite. Hultra smilte og lo. Ho såg veldig snill ut. Mange ville vere med henne.

Øveord: gjetarane øydemarka hyggelege gøyme marker saftig lokka fjellet hatt

AR

PL

EM

Dei som lét seg lokke til å bli med, kom bort. Gjetaren og kyrne hans vart lokka inn i fjellet der dei underjordiske budde. Derifrå slapp dei aldri ut i dagslyset att.

Spørsmål: Kva var det huldra gøymde så godt? Kva måtte kyrne ete for at dei skulle bli store og feite? Oppgåver: Skriv orda som har bokstaven j i seg. Skriv orda som har diftong i seg.

68


Alvar og fear I eventyra høyrer vi ofte om alvar og fear. I eventyra om Oskepott og Tornerose høyrer vi om fear. Det er gode og snille alvar og fear. Men somme er også vonde og slemme.

Øveord: fear vonde florlette hendene alvedans opplevd visstnok tåkedottar kanskje

EM

KS

SE

G

IN

ER

D

R

VU

Alvane er svært vakre. Dei er små, slanke og lette. Dei svevar i lufta. Dei er kledde i kvite, florlette klede. Dei held kvarandre i hendene og dansar rundt i ein ring til svak, svak musikk. Musikken kjem frå ei slags fele. Denne dansen blir kalla alvedans. Dei som har opplevd alvedans, gløymer det visstnok aldri.

AR

PL

Alvane er svært sky, dei liker ikkje å bli sedde. Blir alvane uroa, løyser dei seg opp som tåkedottar og blir borte rett framfor auga på deg. Kanskje du har sett slike alvar? Spørsmål: Kva heiter dei to eventyra der det er fear med? Kva slags dans dansar alvane?

69

Oppgåver: Skriv orda som har bokstaven y i seg. Skriv fem av dei orda som har dobbeltkonsonant i seg.


AR PL EM KS SE

G IN ER D R VU

70


Guten som kappåt med trollet

Øveord: søner hogge tømmer brasande heim fortaste reddhare

Det var ein gong ein mann som hadde tre søner. Dei hette Per, Pål og Espen Oskeladd. Ingen av dei ville arbeide.

EM

KS

SE

G

IN

ER

D

R

VU

Ein dag hadde faren vorte for gammal til å arbeide. Dersom dei ikkje skulle svelte i hel alle saman, måtte dei tre sønene ut i skogen og hogge tømmer. Den første dagen drog Per av stad med ei stor øks. Da han var vel framme, tok han til å hogge på eit stort grantre. Per hadde ikkje hogge lenge før eit fælt, digert troll kom brasande mot han. «Dersom du høgg i skogen min, skal eg drepe deg!» ropa trollet. Da Per høyrde det, kasta han frå seg øksa og sprang heim det fortaste han kunne.

Spørsmål: Kva heitte dei tre gutane? Kvifor måtte Per dra ut i skogen?

71

Oppgaver: Skriv orda som har bokstaven ø i seg. Skriv fem av dei orda som har dobbeltkonsonant i seg.

AR

PL

Den gamle faren vart sint på Per. Han sa at Per var ein reddhare. Faren hadde aldri sett troll i skogen.


AR PL EM KS SE

G IN ER D R VU

72


D

R

VU

Dagen etter skulle Pål dra ut i skogen. Øveord: kjemperedd Pål hadde nettopp sett i gang pyse med å hogge på eit grantre da eit svært, gjorde narr digert troll kom brasande mot han. feig niste «Dersom du høgg i skogen min, skal eg drepe deg!» ropa trollet. Pål vart kjemperedd. Han kasta frå seg øksa og sprang heim det fortaste han kunne. Faren vart så sint! «Du er ei pyse! Eg såg aldri troll i skogen da eg var ung,» ropa han til Pål.

AR

PL

EM

KS

SE

G

IN

ER

Tredje dagen ville Espen Oskeladd dra ut i skogen. Per og Pål gjorde narr av han. «Trollet kjem til å slå deg flat, så feig som du er!» Oskeladden svara ikkje. Han bad berre om å få med seg litt niste. Det einaste dei hadde, var ein liten, rund ost. Den tok Oskeladden og la i sekken sin. Så drog han ut i skogen. Espen Oskeladd tok til å hogge med ein gong. Det varte ikkje lenge før trollet kom. «Dersom du høgg i skogen min, skal eg drepe deg!» skreik trollet. Spørsmål: Kven drog ut i skogen den tredje dagen? Kva tok Espen Oskeladd med seg som niste? Oppgåve: Skriv dei orda du kan som passar til biletet på side 71.

73


Oskeladden sprang bort til sekken sin. Han fann fram den vesle, kvite osten som han hadde med som niste.

Øveord: klemme hjelpe spare deg haug

Oskeladden stilte seg framom trollet. Han heldt opp osten og klemde han flat. Så ropa han: «Teier du ikkje stille, så skal eg klemme deg like flat som eg har klemt denne steinen her!»

VU

AR

PL

EM

Trollet sette i gang. Han var flink til å hogge. Da kvelden kom, hadde han hogge ein stor haug med tre. Trollet ville heim og spurde om Oskeladden ville vere med.

KS

SE

G

IN

ER

D

R

«Å nei, kjære deg, spar meg!» bad trollet, «eg skal hjelpe deg å hogge.” «Ja, gjer du godt arbeid, skal eg spare deg,» sa Oskeladden.

Spørsmål: Kva klemde Oskeladden flatt? Kva trudde trollet at Oskeladden klemde flatt? Oppgåver: Skriv ordet som har bokstaven æ i seg. Skriv dei orda du kan som passar til biletet.

74


«Eg har mykje kortare veg heim enn du har,» sa trollet. Oskeladden vart med trollet heim. Da dei kom fram, skulle dei koke kveldsgraut. Trollet skulle fyre opp i peisen. Oskeladden skulle hente vatn i brunnen.

Øveord: brunnen byttene tunge rikke på fyre opp kappete

D

R

VU

Det stod to kjempestore jernbytter i ein krok. Dei byttene skulle Oskeladden hente vatn i. Byttene var så tunge at Oskeladden ikkje klarte å rikke på dei eingong.

KS

SE

G

IN

ER

«Eg gidd ikkje gå ut med desse små byttene. Eg går heller ut og hentar heile brunnen med ein gong!» sa Oskeladden. «Å, kjære vene,» sa trollet. «Eg kan ikkje miste brunnen min. Du får fyre opp i peisen medan eg hentar vatn.»

AR

PL

EM

Da trollet kom tilbake med vatnet, koka dei opp ei kjempestor gryte med graut. Da sa Oskeladden: «Vil du som eg, så skal vi kappete.» Det ville trollet. Han var ti gonger så stor som Oskeladden. Spørsmål: Kva skulle trollet og Oskeladden koke? Kva sa Oskeladden at han skulle hente inn?

75

Oppgåver: Skriv orda som har bokstaven y i seg. Skriv orda som har diftong i seg.


Oskeladden lurte seg bort i ein mørk krok. Der drog han fort av seg skjorta, hengde på seg sekken framme på magen og tok på seg skjorta igjen.

R

VU

Så sette dei seg til bords. Dei hadde kvar si skei som dei åt ut av gryta med. Oskeladden tok den eine skeia med graut etter den andre. Men han åt ikkje mykje.

Øveord: skjorta igjen til bords skei hamna ingenting halvmett hagen grueleg vondt

KS

SE

G

IN

ER

D

Det meste hamna ned i sekken. Da sekken var full, tok Oskeladden fram kniven sin og skar eit stort hol i sekken. I det dårlege lyset såg det ut som om han skar seg i magen. Trollet såg på han, men sa ingenting.

AR

PL

EM

Da dei hadde ete ei god stund til, la trollet bort skeia. «Nei, no orkar eg ikkje meir!» «Eg er ikkje halvmett enno,» sa Oskeladden. «Du får gjere som eg, skjer hol på magen din, så kan du ete så mykje du vil.» «Huff og huff, det gjer no vel grueleg vondt?» sa trollet. Spørsmål: Kva hengde Oskeladden framme på magen sin? Kvar vart det av all grauten som Oskeladden «åt»? Oppgåver: Skriv orda som har bokstavane skj på plass først. Skriv fem av dei orda som har dobbeltkonsonant i seg.

76


«Nei da, ikkje det minste,» sa Oskeladden. «Du må gjere som eg har gjort, elles taper du!» Trollet tok fram kniven sin og gjorde akkurat som Oskeladden sa. Du kan vel tenkje deg korleis det gjekk. Trollet døydde med ein gong.

Øveord: gjere gjort gjorde byrja undersøkje kister

SE

G

IN

ER

D

R

VU

Da det ikkje var liv i trollet meir, spratt Oskeladden opp frå bordet. Han byrja å undersøkje hola til trollet. Han fann nokre store kister. Dei var fulle av både sølv og gull.

AR

PL

EM

KS

Oskeladden tok med seg så mykje gull og sølv som han kunne bere. Så drog han heim til den gamle faren sin. No hadde dei meir enn nok pengar. Ingen av dei måtte dra ut i skogen og hogge tømmer meir. Snipp, snapp, snute, så var eventyret ute. Spørsmål: Kvar fann Oskeladden alt gullet og sølvet? Kor mykje gull og sølv tok Oskeladden med seg? Oppgåve: Skriv dei orda du kan som passar til biletet.

77


Kjetta på Dovre

Øveord: kvitbjørn Finnmark Danmark København

AR

PL

EM

KS

SE

G

IN

ER

D

R

VU

Det var ein gong ein mann som hadde fanga ein stor kvitbjørn. Mannen budde i Finnmark. Han ville gi bort den store, fine bjørnen til kongen. Kongen budde i Danmark, men sjølv om det var lang veg frå Finnmark til København, ville mannen gå den lange vegen med bjørnen. Som tenkt så gjort. Mannen la ut på den lange reisa.

Spørsmål: Kva hadde mannen fanga? Dette bør du vite: Kjetta på Dovre er eit gammalt eventyr frå den tida Noreg hadde konge saman med Danmark. Kongen budde i København. Kvitbjørn er det same som isbjørn. Ei stor hokatte vart kalla kjette.

78


AR

PL

EM

KS

SE

G

IN

ER

D

R

VU 79

Dette bør du vite (neste side): Kove er eit lite rom innanfor kjøkkenet. I huset til Halvor var det nok berre eitt stort rom der dei laga mat og åt. Dei hadde korkje stue eller soverom. I koven var det berre rom for éin eller to soveplassar.


Mannen gjekk og gjekk. På sjølve julekvelden kom han til Dovrefjell. Ut på ettermiddagen måtte han finne husly for natta. Snart kom han til ein liten gard som låg langt frå folk. På garden budde det ein mann som heitte Halvor. Her bad mannen om å få husly til seg og kvitbjørnen.

Øveord: julekvelden Dovrefjell husly gard koven omnen oppdage

KS

SE

G

IN

ER

D

R

VU

Halvor ville så gjerne gi både mannen og bjørnen husly for natta, men akkurat denne kvelden hadde han ikkje tak over hovudet korkje til seg sjølv eller familien sin. Kvar julekveld så lenge han kunne hugse, hadde dei måtta flytte ut av garden. Halvor fortalde at garden fekk besøk av mange troll kvar einaste julekveld. Ingen menneske våga å vere der da.

AR

PL

EM

Men mannen med bjørnen meinte at så farlege kunne no ikkje desse trolla vere. Han kunne liggje inne på koven, og bjørnen kunne halde seg under omnen. Trolla ville nok ikkje oppdage dei. Spørsmål: 1 Kva kveld stoppa mannen må Dovrefjell? 2 Kvar skulle kvitbjørnen liggje? 3 Kvifor måtte Halvor flytte ut? Oppgåve: Skriv seks av dei orda som har dobbeltkonsonant i seg.

80


Mannen masa så lenge om å få lov at Halvor gav seg til slutt. Folka i huset flytta ut, mannen og kvitbjørnen flytta inn. Inne i stua var det laga i stand til gjestebod. På bordet stod det fullt av herleg julemat. Mannen og bjørnen gjekk og la seg.

Øveord: flytta stua gjestebod julemat strøymde inn spetakkel halelause

AR

PL

EM

KS

SE

G

IN

ER

D

R

VU

Rett som det var kom trolla. Dei strøymde inn i stua med bråk og spetakkel. Nokon var store, nokon var små, nokon hadde lang hale, og nokon var halelause, og nokon hadde lang nase.

Oppgåve: Tel kor mange gonger du ser ordet hadde.

81


G

IN

ER

D

R

VU AR

PL

EM

KS

SE

Dei kasta seg over all den herlege maten. Både store og små åt og drakk både lenge og vel. Men så fekk ein av trollungane auge på Øveord: kvitbjørnen som låg under omnen og sov. herlege Trollungen stakk ein glovarm pølsebit trollungane glovarm borti nasen på kvitbjørnen og skreik: pølsebit «Kjette, vil du ha pølse?» Spørsmål til denne sida og sida framom: 1 Kva var det laga i stand til inne i stua? 2 Korleis strøymde trolla inn i stua? 3 Korleis såg trolla ut? 4 Kva gjorde ein av trollungane da han fekk auge på kvitbjørnen? 5 Kva skreik trollungen? Oppgåve: Tel kor mange setningar du ser.

82


Kvitbjørnen bråvakna. Han likte korkje å bli vekt eller brend. No hadde han vorte begge delar. Bjørnen vart rasande. Han for opp og brølte så det gjalla i veggene. Så tok han til å springe rundt i stua og jaga alt trollpakket ut. Trolla for sin veg, både store og små.

Øveord: bråvakna korkje gjalla trollpakket hogge kjetta feira

VU

AR

PL

EM

KS

SE

G

IN

ER

D

R

Året etter var Halvor i skogen for å hogge ved til julekvelden. Med eitt høyrde han at nokon ropa borte i skogen: «Halvor! Halvor!» «Ja!» svara Halvor. «Har du den store kjetta di enno?» «Ja, kjetta ligg under omnen og søv. No har ho fått sju ungar, og dei er mykje større og sintare enn ho sjølv er!» ropa Halvor til svar. «Ja, er det slik, kjem vi aldri meir til deg,» ropa trollet borte i skogen. Og sidan den tid har ikkje trolla feira jul hos Halvor på Dovre.

Spørsmål: Kva gjorde kvitbjørnen da han vakna? Kva høyrde Halvor da han var i skogen julekvelden året etter? Oppgåve: Skriv orda som har bokstaven v på plass først.

83


Det lyser i stille grender Det lyser i stille grender av tindrande ljos i kveld, og tusene barnehender mot himmelen ljosa held.

D

R

VU

Og glade med song dei helsar sin broder i himmelhall, som kom og vart heimsens Frelsar som barn i ein vesal stall.

SE

G

IN

ER

Der låg han med høy til pute og gret på si ringe seng, men englane song der ute på Betlehems aude eng.

AR

den songen som atter tonar med jubel kvar julenatt om barnet, Guds Son, vår sonar, som døden for evig batt.

PL

EM

KS

Der song dei for første gongen ved natt over Davids by den evige himmelsongen, som alltid er ung og ny,

Jakob Sande

84


Flukta til Egypt I Noreg feirar vi jul til minne om at Jesus vart fødd. Det er over to tusen år sidan det hende. Jesus vart fødd i eit land langt borte.

Øveord: flukta minne om fødd kongen spådd drepe vekse opp

ER

D

R

VU

Da Jesus vart fødd, heitte kongen i det landet Herodes. Herodes var alltid redd for at nokon andre skulle bli konge i staden for han.

AR

PL

EM

KS

SE

G

IN

Ein dag fekk Herodes høyre at det var fødd ein liten gut i byen Betlehem. Same natta som den vesle guten kom til verda, hadde det vist seg ei ny, stor stjerne på himmelen. Det var spådd at denne stjerna varsla at guten som skulle bli konge over heile verda, var fødd. Herodes sende ut soldatane sine for å leite etter guten. Herodes sa at han ville sjå han. Han ville gi guten gåver og sørgje for at han hadde det bra. Men det Herodes eigentleg ville, var å drepe barnet. Det skulle ikkje få vekse opp. Spørsmål: 1 Kvifor feirar vi jul? 2 Kva heitte kongen i det landet der Jesus vart fødd? 3 Kvifor ville Herodes drepe Jesus? Oppgåve: Skriv alle særnamna. Hugs stor bokstav på plass først.

85


Far til Jesusbarnet heitte Josef. Han visste ikkje om soldatane. Likevel vakna Josef midt på natta. Han hadde drøymt at Gud kom til han og sa: «Stå opp og dra av stad med ein gong. De er i stor fare!»

AR

PL

EM

KS

SE

G

IN

ER

D

R

VU

Josef var ein lydig mann. Han vekte Maria, mor til Jesusbarnet, og fortalde kva han hadde drøymt. Dei pakka fort saman sakene sine og skunda seg ut i mørket. Gud hadde sagt at dei måtte flykte til Egypt. Dei gjekk heile natta. Dei måtte kome seg så langt vekk dei berre kunne, før det vart lyst. Da dagslyset kom, gøymde dei seg i ei av dei mange holene som var langs stigen dei følgde. Frå no av måtte dei halde seg i ro om dagen og gå om natta. Soldatane måtte ikkje finne dei.

Øveord: soldatane i stor fare lydig skunda seg dagslyset gøymde seg

Spørsmål: 1 Kva drøymde Josef? 2 Kvar måtte Jose og Maria flykte med Jesusbarnet? 3 Kvar gøymde dei seg? Oppgåve: Skriv orda som har bokstaven d/D på plass først.

86


Maria og Josef visste ikkje at soldatane hadde spora dei opp. Soldatane hadde nesten teke dei att da dei gjekk inn i hola for å kvile seg.

Øveord: spore opp kvile seg edderkopp opninga iskaldt spann stormande

D

R

VU

Ein liten edderkopp som sat i opninga til hola, hadde sett Jesusbarnet. Edderkoppen fekk slik lyst til å hjelpe barnet. Det var iskaldt i hola. Derfor tenkte edderkoppen at han kunne spinne eit nett over opninga til hola.

EM

KS

SE

G

IN

ER

Nettet ville bli som eit teppe over opninga. Edderkoppen spann nettet sitt framfor opninga. Det vart eit stort og flott nett. Akkurat da nettet var ferdig, kom soldatane stormande oppover mot hola der Maria, Josef og barnet hadde søkt ly.

AR

PL

Soldatane stoppa framfor hola. Dei gjorde seg klare til å gå inn. Soldatane var sikre på at Maria, Josef og barnet var der inne.

Spørsmål til denne sida og den neste: 1 Kvar var soldatane da Maria, Josef og Jesusbarnet gjekk inn i hola? 2 Kva gjorde edderkoppen? 3 Kvifor gjekk ikkje soldatane inn i hola? 4 Kvar trudde soldatane at Maria, Josef og Jesusbarnet var? Oppgåve til denne sida og den neste: Skriv orda som har bokstaven h/H på plass først.

87


AR

PL

EM

KS

SE

G

IN

ER

D

R

VU

Da fekk soldatane auge på den Øveord: spindelveven flotte spindelveven. øydeleggje «Her kan ingen ha gått inn utan flyktningane å øydeleggje dette svære, fine nettet,» sa dei til kvarandre. «Her treng vi ikkje gå inn. Dei kan ikkje vere her. Vi berre kastar bort tida på å undersøkje ei tom hole. Vi skundar oss vidare. Kong Herodes kjem til å bli rasande dersom vi ikkje finn barnet. Flyktningane er sikkert rett framom oss!»

88


Øveord: familien verne legende

ER

D

R

VU AR

PL

EM

KS

SE

G

IN

Soldatane forta seg vidare til neste hole. Den vesle familien vart ikkje oppdaga. Takka vere ein liten edderkopp som ville verne Jesusbarnet mot kulda med nettet sitt, slapp dei unna soldatane til Herodes. Dette er ei legende som har vorte fortald til barn i mange hundre år. Edderkoppen var korkje stor, sterk eller spesielt klok. Men det var den vesle edderkoppen som berga eit lite barn frå døden. Spørsmål Kva gjorde soldatane? Kva hadde den vesle edderkoppen gjort? Oppgåve: Skriv substantiv som passar til biletet.

89


Palmen i ørkenen For lenge, lenge sidan stod ein stor palme åleine ute i ørkenen. Palmen var mykje høgare enn andre palmar. Palmen voks enno. Alle dei andre palmane som ein gong hadde vore der, var døde.

Øveord: voks einsame vandrande ørkensanden

AR

PL

EM

KS

SE

G

IN

ER

D

R

VU

Ein dag fekk den einsame palmen auge på eit lite følgje som kom vandrande gjennom ørkensanden. Det var to menneske som slepte seg fram gjennom sanden.

Spørsmål: Kva bør alle som reiser i ørkenen, ha med seg? Kva fekk den einsame palmen auge på?

90


Dei var ikkje som andre ørkenvandrarar. Dei hadde ingenting med seg, korkje vegvisar, vassekk eller lastedyr. Det einaste dei bar på, var ein bylt som kvinna heldt i armane sine.

Øveord: vegvisar vassekk lastedyr utslitne skugge jamra gøymde berging stabba

R

VU

Palmen vart svært forskrekka da han oppdaga at bylten var eit lite barn. Det vesle følgjet hadde kurs rett mot palmen. Dei vona nok å finne vatn og skugge der palmen stod.

SE

G

IN

ER

D

Snart var kvinna og mannen framme ved palmen. Dei var utslitne og tørste. Dei hadde vona å finne vatn der palmen stod, men der var korkje vatn eller skugge. Dei vart heilt fortvila. Kva skulle dei gjere no?

AR

PL

EM

KS

Mannen kasta seg ned i sanden og jamra høgt. Kvinna sette barnet varsamt frå seg og gøymde ansiktet i hendene. All von var ute. Her var inga berging. Det vesle barnet hadde akkurat lært å gå. Barnet stabba bort til palmen og slo på stamma. Det var som om barnet ville seie: Spørsmål: Kva hadde den vesle familien vona å finne? Kvifor var mannen og kvinna heilt fortvila? Oppgåve: Skriv orda som har bokstaven b i seg.

91


«Mor mi er tørst og svolten. Du må hjelpe henne.»

Øveord: hjelpe dadlar stamma

AR

PL

EM

KS

SE

G

IN

ER

D

R

VU

I toppen av palmen voks det store, saftige dadlar. Men dei var så høgt oppe at ingen menneske kunne få tak i dei. Her var det inga hjelp å få. Men det vesle barnet gav seg ikkje. Det heldt fram med å slå på stamma.

Oppgåve: Skriv fem substantiv som passar til biletet.

92


Palmen syntest det vesle barnet sa: «Bøy deg, bøy deg ned til meg!» Palmen hadde aldri bøygd seg for nokon. Men det var som om barnet vart for sterkt for han. Han måtte berre bøye seg.

Øveord: bøygd boge sopa forundra forskrekka klase karavane

R

VU

Palmen bøygde seg i ein stor boge, slik at dei store blada sopa ned i sanden. Barnet verka korkje forundra eller forskrekka. Det berre klappa i hendene av glede.

AR

PL

EM

KS

SE

G

IN

ER

D

I toppen av palmen var det klase på klase med store, saftige dadlar. Foreldra til barnet plukka og plukka. Da dei hadde fått nok, klappa barnet på stamma. Det store treet reiste seg opp att. Etter å ha ete dadlane kunne dei no halde fram på den farlege turen gjennom ørkenen. Neste gong ein karavane drog gjennom ørkenen, såg dei reisande at den store palmen hadde visna. «Korleis kan det ha seg?» spurde ein av dei. «Denne palmen skulle ikkje døy før han hadde sett ein konge som skulle bli konge over heile jorda.» Spørsmål: Kva fann foreldra til Jesusbarnet i toppen av palmen? Kva skjedde neste gong ein karavane drog gjennom ørkenen? Oppgåve: Skriv orda som har diftongen øy i seg.

93


Skøyteis Endeleg er det skikkeleg kaldt. Hanne har venta lenge på kulda. I natt var det 20 kuldegrader. No er det skøyteis på Storevatnet. Dei har målt isen. Han er trygg å gå på nær land.

Øveord: skikkeleg kaldt kuldegrader skøyter god – betre – best uroleg forsiktig

AR

PL

EM

KS

SE

G

IN

ER

D

R

VU

Hanne har fått skøyter til jul. No kan ho endeleg prøve dei. Hanne er flink til å gå på skøyter, og med dei nye skøytene skal ho bli enda betre. Ho skal trene mykje for å bli den beste på skolen. I fjor var det Gry som var best. Ingen hadde slått henne. Det vil Hanne prøve å gjere noko med. Mor masar om at ho må ha på seg varme klede, og at ho ikkje må gå for langt ut på isen. Hanne høyrer ikkje så mykje etter. Mor er alltid så uroleg. Men Hanne lovar å vere forsiktig. Spørsmål: Kor mange kuldegrader var det om natta? Kva har Hanne fått til jul? Oppgåve: Skriv orda som har med vinter å gjere.

94


Ho lovar å kome heim før det blir mørkt. Ho lovar å halde seg inne ved land.

Øveord: lovar kryr snører

AR

PL

EM

KS

SE

G

IN

ER

D

R

VU

På Storevatnet kryr det av barn. Det er barn med skøyter, akebrett eller spark. Alle har det visst kjempegøy. Hanne finn ein stein å sitje på. Ho tek av seg støvlane og snører på seg skøytene. Ho kjem seg ned på isen og sklir av stad.

95

Spørsmål: Kva gjer barna på isen? Kvifor set Anne seg på ein stein?


Hanne sparkar frå. Ho har ikkje gløymt kunsten frå i fjor. Dei nye skøytene er kjempegode å gå på. Ho legg hendene på ryggen, kryp saman og fer av stad.

Øveord: kunsten hendene over ende ishockey

AR

PL

EM

KS

SE

G

IN

ER

D

R

VU

Men brått snublar ho i noko og går over ende med eit smell. Ho høyrer rå latter. Latteren kjem frå ein gjeng gutar som spelar ishockey. Ho har snubla i ei kølle.

Spørsmål Korleis liker Hanne dei nye skøytene? Kva snublar Hanne i?

96


Øveord: innbille seg verdsmeister jentestemme

KS

SE

G

IN

ER

D

R

VU AR

PL

EM

«Kva er det du innbiller deg?» ropar ein av dei. «Leikar du verdsmeister, eller ...» «Ja, det gjer ho! Ho innbiller seg at ho er den beste på skolen,» ropar ei lys jentestemme. Hanne kjenner att stemma. Det er stemma til Gry. Hanne ligg så lang ho er på isen. Spørsmål: Kva seier Gry at Hanne innbiller seg? Kvar er Hanne? Oppgåve: Skriv særnamna.

97


AR

PL

EM

KS

SE

G

IN

ER

D

R

VU

Ho har ikkje slått seg. Øveord: flautt Men likevel har ho tårer i auga. gjengen Noko så flautt. verste Tenk å snuble framfor den gjengen der! rasande hånleg Men det verste er at Gry har sett henne. hoiar Hanne blir rasande. Ho fer bort til Gry. stolpen «Berre pass deg! Eg skal i alle fall bli betre enn deg,» ropar ho. Rå latter frå gjengen. «Nei, høyrer de det, gutar? Ho skal slå meg. Ho som ikkje kan halde seg på føtene eingong!» seier Gry hånleg. Før Hanne får tenkt seg om, seier ho: «Eg skal slå deg no dersom du tør prøve.» «Ja, det vil vi sjå på,» hoiar gutane. «Ut til stolpen og tilbake igjen! Den beste vinn.» Hanne stivnar. Stolpen! Det er der ute der isen ikkje er trygg! Det er der ute der det ikkje er lov til å gå!

Spørsmål: Kvifor får Hanne tårer i auga? Kvifor er det ikkje lov å gå ut til stolpen? Oppgåve: Skriv orda som har bokstaven å i seg

98


AR PL EM KS SE

G IN ER D R VU

99


Hanne synest ho høyrer stemma til mor: «No lovar du å halde deg inne ved land.» Hanne har lyst til å rømme frå alt saman. Men Gry seier: «Eg blir med. Men den pysa der tør vel ikkje.» Ho peikar på Hanne.

Øveord: rømme pysa byrjar vedde

D

R

VU

Hanne blir rasande igjen. Ho skal vise dei! «Eg er klar,» seier ho med høg stemme. Gutane ler igjen. Dei tek til å vedde om kven som kjem til å vinne.

AR

PL

EM

KS

SE

G

IN

ER

Ein av gutane teiknar ein strek i isen. «Her er start. Gjer dykk klare! Hanne og Gry sklir fram til streken. «Klar, ferdig ... gå!» Hanne får opp farten, kryp saman, legg hendene på ryggen og sparkar frå. Spørsmål: 1 Kva har Hanne lova mor? 2 Kva veddar gutane om? 3 Kvifor teiknar ein av gutane ein strek i isen?

Oppgåve: Skriv substantiva som passar til biletet på side 98.

100


Øveord: tilbaketuren skummelt

ER

D

R

VU AR

PL

EM

KS

SE

G

IN

Da Hanne kjem til stolpen, har Gry svinga litt utover og byrja på tilbaketuren. Hanne synest det er litt skummelt å vere så langt ute. Ho kjenner ho tek til å fryse. Det er best å få opp farten.

Ho ser opp for å finne ut kor langt unna Gry er. Men kvar er Gry? Spørsmål: Kvar er Gry når Hanne kjem fram til stolpen? Kva synest Hanne om å vere så langt ute frå land? Oppgåve: Skriv fem ord som har dobbeltkonsonant i seg.

101


Øveord: høgre venstre råk gjennom iskanten gjere lamslått

VU

AR

PL

EM

KS

SE

G

IN

ER

D

R

Hanne ser både til høgre og venstre. Da høyrer ho eit hyl. Hanne bråstoppar. Kva er dette? Det er vatn på isen, og der, berre nokre få meter unna, er det eit stort, mørkt hol. Det er ei råk i isen. Med eitt kjem eit hovud opp av vatnet. Det er Gry. Ho har gått gjennom isen! Gry har fått tak i iskanten og held seg fast. Kva skal Hanne gjere? Ho er heilt lamslått. Det var like før ho sjølv hadde gått i råka. Ho ropar til Gry at ho kjem. «Hald deg fast! Ligg roleg! Eg skal hjelpe deg.» Ho må ha hjelp frå nokon. Spørsmål: Kvifor stoppar Hanne? Kva held Gry seg fast i? Oppgåve: Skriv orda som har bokstaven h/H på plass først.

102


Hanne reiser seg varsamt opp, skrik «hjelp, hjelp» og veivar med armane. Det ser ut til at folk inne på land har oppdaga at det har skjedd ei ulykke. Dei ropar eit eller anna. Gry skrik om hjelp. «Det er så kaldt. Eg klarer ikkje å halde meg fast lenger.»

Øveord: ulykke hjelp fortvila varsamt framover

AR

PL

EM

KS

SE

G

IN

ER

D

R

VU

Hanne er heilt fortvila. Gry kjem til å drukne. Hanne legg seg ned på magen. Så dreg ho seg varsamt framover mot det svarte holet i isen.

Spørsmål: Korleis kjem Hanne fram til holet i isen? Oppgåve: Skriv orda som har bokstaven k i seg.

103


Hanne er framme ved iskanten. Ho strekkjer ut handa og får tak i armen til Gry. No gjeld det å halde fast. Gry er kvit i ansiktet. Ho pustar fort. Ho har slutta å skrike. Hanne hikstar. Gry er så tung. Klarer ho å halde henne til hjelpa kjem? Hanne prøver å dra Gry lenger opp på kanten. Men da knakar det i isen. Hanne skjønar at ho må liggje stille.

Øveord: hikstar hjelpa knakar skjønar ber

IN

ER

D

R

VU

AR

PL

EM

KS

SE

G

Gry har late att auga. «Hald ut, Gry. No er hjelpa her snart. Det er mi skyld alt saman,» seier Hanne. Gry opnar auga og ser på henne. «Ikkje gå frå meg,» kviskrar ho. Hanne høyrer stemmer. Ho snur varsamt på hovudet og får auge på to menn som kjem springande utover. Dei ber på ein lang stige. Spørsmål: 1 Kva prøver Hanne å gjere? 2 Kvifor skjønar Hanne at ho må liggje stille? 3 Kva ber mennene på? Oppgåve: Skriv orda som har bokstaven h/H på plass først.

104


Øveord: tviheld dovne bort skuvar bakover skjelv

D

R

VU AR

PL

EM

KS

SE

G

IN

ER

Hanne tviheld i armen til Gry. Handa tek til å dovne bort. No klarer ho snart ikkje meir! «Ikkje slepp, hald ut litt til,» ropar mennene. Dei stoppar eit stykke frå iskanten. Den eine legg seg oppå stigen, medan den andre skuvar stigen ut mot råka. Sakte, men sikkert nærmar stigen seg Gry og Hanne. Endeleg skyt ei sterk hand fram og tek tak i Gry. Hanne kan omsider sleppe taket. Hanne skuvar seg bakover. Ho skjelv over heile kroppen. Dette er det verste ho nokon gong har vore med på. Spørsmål: Kva gjer mennene med stigen? Oppgåve: Skriv substantiva som passar til biletet.

105


Øveord: omsider utsliten skuldra tomsekk utstyr

AR

PL

EM

KS

SE

G

IN

ER

D

R

VU

Omsider er alle inne på trygg is. Hanne prøver å kome seg på føtene, men ho orkar ikkje å reise seg. Ho er heilt utsliten. Den eine mannen har lagt Gry over skuldra og spring mot land. Den andre ristar i Hanne og dreg henne opp. Før ho veit ordet av det, heng ho også over ei skulder som ein tomsekk. Nokon har ringt etter ambulansen.

Spørsmål: Kvifor greier ikkje Hanne å kome seg på føtene? Korleis kjem Hanne inn til land att? Oppgåver: Fortel korleis ambulansen ser ut. Fortel kva slags utstyr det er i ambulansen.

106


Han kjem med hylande sirener og blålys. Hanne og Gry blir lagde på kvar si båre. Dei blir pakka inn i varme ullteppe. Hanne høyrer ein som seier: «Dei to jentene har nok fått seg ein lærepenge dei seint vil gløyme.» «Av og til er lykka betre enn forstanden,» seier ein annan.

Øveord: sirener blålys båre ullteppe lærepenge

AR

PL

EM

KS

SE

G

IN

ER

D

R

VU Spørsmål: 1 Kva blir Hanne og Gry pakka inn i? 2 Kva vil det seie at «lykka er betre enn forstanden»? 3 Kva for eit telefonnummer kan du ringje dersom nokon er i nød?

107


Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.