2 minute read

Kva gjer du når det «brenn på dass»?

KRISE PÅ TUR

TEKST: AMALIE DALHAUG HALLELAND І FOTO: KIRVIL KAASA

Mål: F-10, K-8

Kva gjer du når det «brenn på dass»?

Shit! Kva gjer eg no?! Har nokon plumpa i elva, brunne hol i soveposen, eller det er tomt for dopapir? Hald hovudet kaldt og prøv å finne ei smart løysing! Her er nokre tips.

VÅTE KLEDE PÅ TUR Å bli våt er eit av dei vanlegaste problema på tur. Korleis turker ein klede på tur? Fortast går det om ein turker dei over bålet eller ei anna varmekjelde, men ver forsiktig. Turk dei med avstand til flammene, pioner gjerne eit stativ som held kleda på riktig avstand. Ei anna løysing er å turke klede på kroppen eller i soveposen. Sokkar eller andre små plagg kan du leggje på låra under stillongsen. Der er det varmt og til ei viss grad luftig, det gjer at vatnet fordampar fortare og transporterast ut. Dette kan du og gjere når du går.

DOPAPIRKRISE Ikkje fortvil sjølv om du har mange dagar igjen på tur og rullen er tom. Er det snø, er det betre enn papir, lag ein god snøball og turk i veg. Sumartid kan du sjå etter ulike vekstar som kan hjelpe deg. Torvmose er til dømes ypparleg, mjuk og god som våtserviettar. Finn du ikkje slik mose, er andre typar mose eller store blad gode alternativ.

HOL I SOVEPOSEN Om du sit inntil bålet, eller fyrer brennaren inne i teltet, pass godt på klede og soveposen. Du kan vere uheldig å få gneistar på posen, eller, i verste fall, kome borti flammene med dunjakka eller soveposen. Kva gjer du då?

Det er vanskeleg å reparere eit slikt hol på turen, så å lukke det med sportstape frå førstehjelpsmappa er den beste løysinga. Bruk tapebitar som er litt større enn holet, dekk godt til med tapen og stryk over med handa. Legg tape på både innsida og på utsida av holet i plagget eller posen. Er limet i tapen dårleg, kan det vere lurt å varme tapen opp med hendene eller med ei varmeflaske, slik at han festar betre. Når du kjem heim, reparerer du holet på skikkeleg vis.

Kva bruker å gå gale når du er på tur? Har du gode tips til løysing på problemet? Del bilete og historie på Instagram og bruk emneknaggen #speiding. v