2 minute read

Kent Rune og Siri Kitt fann

Bølgeskvulp, solnedgangar som flammar ned i havet og ei kritkvit sandstrand. Dette dannar ramma rundt hytta til Siri Kitt Ervik og Kent Rune Bugjerde. Hytteparadiset har dei funne i heimbygda si, Refvik.

Det er faktisk sykkelavstand frå huset deira til hytta.

– Det er fantastisk å kunne sette seg på sykkelen og trakke seg ut hit for å ta noko godt og drikke og sjå på solnedgangen, før du trakkar deg heim igjen, smiler Kent Rune.

Den vesle, kvite sommarhytta ligg i Refvik, i enden av Refviksanden i retning Vedvik på Vågsøy. Går du gjennom dei gamle smijernsportane og opp trappa kjem du opp på ein terrasse med ei utsikt som er av den sjeldne sorten.

– Eg må klype meg litt i armen kvar gang, smiler Siri Kitt.

Her ser du heile sanden og bølgene som slår mot land. Snur du litt på hovudet er det hav så langt auge kan sjå.

– Dei fleste som kjem på besøk må ta ein snap eller legge ut noko på Instagram før dei kan legge vekk telefonen og berre nyte, smiler Siri Kitt.

Men det har vore ein del jobb for å få det slik dei vil ha det.

Bygd på 50-talet

Tomta der hytta står vart kjøpt av oldeforeldra til Kent Rune på slutten av 1950-talet, og det var oldefaren, bestefaren og far hans som grov ut tomta for hand og bygde hytta.

– Historia bak kvifor dei lagde seg eit feriehus i Refvik når det var her dei budde og hadde gardsbruk, den er eg ikkje heilt sikker på, seier Kent Rune, som i dag sjølv bur midt i Refvik-bygda saman med Siri Kitt.

– Men oldeforeldra mine hadde ungar som hadde eller skulle flytte vekk, så intensjonen kan ha vore å skape eit samlingspunkt for heile familien. Då vi sjølve var små var vi alltid på denne delen av stranda og stakk oppom hytta, legg han til.

Hytta gjekk i arv og på eit tidspunkt var den eigd av to partar. Ein i Ålesund og ein i Hønefoss. Men det vart langt å reise både for bruk og vedlikehald.

– Vi fekk ein telefon ein dag om at den eine parten ville selje seg ut, og vi stilte jo oss spørsmål om vi var klare for dette, fortel Kent Rune.

– Eg var heilt sikker. Eg hadde sett på hytta sidan eg flytta ut her. Det var heilt klart ein god del som måtte gjerast, men det har vi aldri vore redde for, legg Siri Kitt til.

Og slik vart det. Seint i 2020 kjøpte dei ein del av hytta, og i 2021 fekk dei kjøpt den andre delen. Dei hadde med det si heilt eiga hytte i heimbygda.

Sliten av vêr og vind

Men den nær 70 år gamle hytta trengde omsorg, og det skulle den få.

– Alternativet var jo å rive, men med all historia i hytta, så ville vi ikkje det, seier Kent Rune.

Tak og takrenner er ordna, eit bislag er rive, hytta har fått måling, alle vindauge har blitt skifta ut og ei lita veran-