Utskorne tretavler

Page 1

Utskorne tretavler



Arne Johan Asphaug

Utskorne tretavler

TelavĂĽg


Utskorne tretavler Copyright © ARNE ASPHAUG 2014 ISBN: 978-82-995652-3-3 Manuskriptet er fullført den 6. mai 2014. Takk til Ruth-Kari og alle andre som hjelpte fram boka. Papirboka har eit panorama-format. Papir: 170 g MultiArt Silk Skrift: 14 pkt Times New Roman Grafisk produksjon: Bodoni AS Trykt på Sotra. Printed in Norway. ØMERKE T ILJ

24

9 Trykksak 6

9

M

1

Miljømerket trykksak 241 699 | Trykk: Bodoni

Alle prosessar i bokproduksjonen har skjedd etter miljøvennlege prinsipp.

KONTAKT: Du kan ta kontakt om boka via e-post til arnejoa@online.no



Yearning

Ein vandrar spør

lengten var i begynnelsen før Herren skapte hagar truleg har han sakna oss før me fekk levedagar

du såg meg koma søkjande langs vegar på slettelandet lang tids ferd vart erfaring for den som kom leitande

liksom sola saknar sin klode og jorda sin himmelbror dregest mannen imot sin make og steinraset fell i fjord

denne vandraren kjende støv og sand i tørre elvefar

over vår fleirfarga himmelbru vert nye stjerner tende lengten når lenger enn vår forstand og kosmos har ingen ende

høyrde du mine rop ?

6



Og det vart lys

Kain og Abel

det blenkjer klårt ifrå Guds fingerring idet han stryk ei hand igjennom håret

møk frå buskap og mjølk og ull var til gagn for bonde og åker

og det er kanskje evighetas skin som speglar seg og liksom vil forklåre

fruktsanking og dyrking av korn gav næring til folk og dyr

den kreativitet og indre fryd som gav han denne verdas myriadar

slik hadde både Abel og Kain nytte av broren sitt arbeid

og kanskje høyrest takkebøners lyd mens lyset over ansiktet hans badar

men der ligg ein muleg konflikt mellom åkrar og beitande dyr

det vert sagt at Herren favoriserte ein kjøtkultur

8



Brød og vin

Om mat

Abram drog ut i strid for sin frende berga gods kvinner og folk

menneske treng animalsk protein kroppen er såleis laga me som ikkje vil eta fuglar kan velja ufrødde egg

kongen i Salem – Melkisedek som var prest for Den Høgste Gud kom ut or byen med brød og vin og Abram fekk velsigning

har de noko etande her ? spurde Jesus ein gong dei gav han eit stykke steikt fisk og han tok det og åt

seinare sa Gud til Messias du skal vera prest til evig tid på Melkisedeks vis

10



Himmelbrev takk for alt menneskeleg som kan kallast høgverdig

du gav oss naturen materien og lovene som gjeld

du hadde voner til oss men vart skuffa

ibuande livskrefter rører seg på vår planet

framleis ser me regnbogen eit nådeteikn eller ei bru

her rår ein stor syklus som reproduserer liv

Gud som skaper all verdas hav kom no til våre strender

me er kime, fødsel og virke til alderdom og død

12



Om tenking tanken er gjerne ei bevisst erfaring som vert utvikla over tid

tanken kan byggja på og romma kjensler og er i så fall vond eller god

tanken kan oppstå som ein plutseleg slutning

tanken kan flyta ut over sine grenser og verta hallusinerande (romleg, auditivt, visualiserande)

tanken kan oppstå og utviklast i språkstruktur

tanken kan vera kontemplativ og stilla seg open for det djupare sjelslivet

tanken kan vera rein forstand skild frå kjensler og det kan vera farleg

tanken kan gli over i tankelaus søvn

tanken kan fyllast av djupt følt drift også det kan vera farleg

tanken kan fyllast av ein draum tanken kan tolka ein draum

14


tenking kan vera skapande verksemd med form bilete tonar og ord

tanken kan reflektera eller meir målretta resonnera tanken kan styrast hypnotisk tanken kan kommunisera ved hjelp av kroppslege rørsler

fortrenging kapslar inn ei erfaring og undertrykkjer den når vitet ikkje toler sitt medvit

tanken kan lesast av enkelte som har ei særskild evne til slikt

retorisk kan man spørja: kva er tankens karakter ? kva er dens eksistens ?

tanken kan delast av to menneske dei tenkjer likt samtidig

men tanken har ein åndeleg væren og den skal ikkje definerast

tenking kan vera dagdrøyming

15


Tankar og ord

I vårt tenkte rom

den menneskelege tanke er til før språket i ein bror svolten smakande sugande rapande føler varmen frå mor

me seier fram djupare tankar om tilværet eg er hos deg og du er hos meg me kjenner på kvarandres synspunkt og formar ei veksande meining litt seinare merkar eg at samtalen vår tar slutt det oppstår ein tomhet – eit fråvær av kontakt

dette veit alle spedbarn før dei ein dag seier “mamma” før inntrykk og refleksjon vert abstrahert og danna tankar er til før ord men ord kan vidareføra tankar som ønskjemål og framgangsmåtar og SMS’ar til mor

16



Ein mangeltilstand

Draum

bestemor sa eg søv nesten ikkje eg drøymer ikkje heller eg tenkte med meg at alle søv og alle må drøyma men seinare har eg erfart at dette gjeld berre dei fleste folk søv tidleg i livet men mindre når dei vert gamle enkelte er så ekstremt uheldige at dei ikkje får søvn

draum er eit skrekkeleg mørkt drama og ein frydefull berg-og-dal-bane det er ein solfylt blomsterdal og eit vått erotisk møte det er fall frå høge fjell og surrealistisk samvær det er små samtale-brokkar og korte film-fragment det er gamle traumatiske hendingar det er inderleg kjærleik det er våre høgaste ønskje og grunnlag for mogen vekst

18



REM-søvn

Nattleg aktivitet

folk er stundom litt raude på augene for dei drøymer mykje

søvn er ein måte å takla stress som har auka igjennom dagen

mens dei drøymer lear dei augene mens dei er attlatne

den dempar kroppsleg aktivitet og musklane fell til ro

dette kallest Rapid Eye Movements som vert forkorta “REM”

jammen vert eg reparert i drømme det er som ein reset-button

vekkjer du dei då kan dei fleste fortelja ein livleg draum

emosjonelle input får liv og psykiske sår får gro

REM-fasar varer i nokre minutt og har pause halvannan time

dagens erfaringar vert transformerte frå kort-tids til lang-tids minne

i desse fasane jobbar kroppen elles kviler han ut

cellenes renovasjonsvesen sender giftstoff på veg til do

20


Identitet

Er der for deg

fødselen skaper ei tidsrekning for alle barn

spedbarnet ville truleg ta skade dersom det mangla foreldre

gutungen skjønar snart at bursdagen tilhøyrer berre han

men det får dekka sine behov i den næraste relasjon

tidleg får barnet namn som peikar ut eitt individ

nurket er dei vaksne sitt barn familien spelar på lag

ord som ein kallest og kjennest ved også i seinare tid

besta og besten kjem på besøk for å sjå og helsa på

*

tante, onkel og søskenbarn gjev ei hjelpande hand

hei du! – med nummer og namn du er identifisert

folk som kjenner familien knyter vennskapsband

21


Kjønn

Språk

kven veit om du er jente eller gut den dag du heilt uskuldig kjem til verda

heimen si ordlegging pregar dei små som tek i bruk eit stort vokabular

men rosa eller blåe draperi rundt barnesenga gjev den rette æra

barnekulturen der poden veks opp er like sterk som mor og far

og om du er prinsesse eller prins så framgår det av dine mange drakter

målføret høyrer heimplassen til å snakka er å delta i ein skikk

din kjønnsidentitet er såleis styrt av fysiologi og samfunnsmakter

brukaren gjer ikkje nett som han vil men held seg til betoning og rytmikk

22



Mangt går i arv barnet si livsutfalding vert vegd opp mot dei vaksne sin ris og ros

dommarinstansen i barnet sjølv får draumar til å frysa

innstilling, interesser, ideal vert overført frå far og mor

barnet sitt medvit om rett og rangt gjer skilnad på helt og pysa

barnet identifiserer seg med vaksne det vil vera lik – og høyra til

deler av eit kollektivt samvit går i arv gjennom mange generasjonar

ungen tek over den vaksne moral slik sosialiseringa vil

familie- og samfunnsideologi vert framtidas tradisjonar

24



Naturbarn vert kulturbarn som seglar på livets osean som nykomar i verda kvar segla di skute inn til hamn kvar skulle ditt anker vera

gjekk di ferd over fjellet til ei innlands bygd der alle hjarto hadde skogsdrifta som trygd

vart det sjø og skjergard som fostra ditt perspektiv mens heimstaden henta si næring der blåmyra gav liv

eller kom du til vidda med lavvo og rein og sol der ditt eige folks kultur fremja sine symbol

eller segla di skute lenger inn i den trange fjord der ditt folk henta si næring frå frukttreas flor

26



Gater og barn Men jordmor er med under svangerskap og fødsel, helsesøster gjev vaksiner, og samfunnet betalar morsperm og pappaperm i barnet sitt første år.

Bygater har identitet, med namn, arkitektur, økonomi, sosialt liv og kulturliv. Ungar som får oppveksten her, vert rotfesta i det urbane. Det er her dei er heima.

Etter kvart vert den vesle rekna meir som samfunnets barn. Barnevernet kan gripa inn, til dømes ved alkoholbruk i heimen.

Den eine blant dei mange

Så aukar barnet si samfunnsdeltaking i barnehage og skule. Samfunnet prøver å tilføra barna rådande ideologi, slik at barna tek den til seg og gjer den til sin eigen.

Barnet oppfattar seg som individ, med sin personlegdom og sitt særpreg, lenge før pubertet og ungdomstid. Barnets identitet handlar om sjølvforståing og livsførsel.

Barnehagetilsette, lærarar, prestar og imamar kjem inn på arenaen. Naboskap og vennar får større innverknad. Gode forhold får stor betydning, slik at ein ikkje vert skuletapar eller eit mobbeoffer.

Har vårt samfunn privat eller offentleg eigarskap til barna ? Samfunnet deltek lite som eigar i den første tida.

28


Viss heim og samfunn har ulik kultur, kven har då størst rett til å påverka ?

Slikt vert også synleg med fotballdrakt, korpsuniform og bunad.

Dette gjeld blant anna kor mykje barnet skal eksponerast for eitt eller hitt.

Lagsaktiviteten kan verta eit kulturelt anker for barnet. Deltakargruppa vil dessutan utvikla kjennskap og vennskap.

Identitet handlar og om å ivareta eigne behov og interesser. For dei yngste fell det saman med slikt som gjeld familien, slekta og vennar. Dessutan kan barnet identifisera seg med grupper nær ved heimen. Samansveisa grupper har felles haldningar, aktivitetar og opplevingar.

Sosiale grupper har verknad på barna, med krav om tilpasning og innordning. Ofte har gruppa eit indre hierarki, der individet må finna sin plass, eller akseptera sin skjebne, med rang, oppgåver og funksjon. Barna opplever samhaldet. Dei kjenner seg stolte og verdige når dei høyrer til i flokken. Strevet etter identitet kan setja grupper opp mot einannan. Men barna kan ikkje leva utan å ha identitet.

Mange søkjer saman i grupper som driv med kulturaktivitetar, slik som det lokale fotballaget, musikkorpset, folkedansgruppa. Deltaking i slik aktivitet bidreg til å gje den enkelte person sin kulturelle eigenart.

29


Livssyn i barndommen påverkar heim og samfunn barnet til kulturelle verdiar det skjer ei sosialisering utan at barnet i særleg grad kan stilla seg kritisk til påverknaden

seinare gjer man personlege val som er nødvendige for å koma vidare

kristne og muslimar har ulikt forhold til svinekotelettar men barn som er fødde i kristne heimar veks ikkje opp som muslimar for heimemiljøet sin påverknad er nærmast total

samfunnet ønskjer at ungdomar tek over vaksne verdiar og normer det inneber også det mytologiske eller det ideologiske som følgjer med ein -isme eller ein religion

men mange unge er usikre: kva skal det verta av meg ?

30


kva meiner du om Gud ? kanskje trur du slett ikkje på Gud ? kanskje har du agnostisk tenking ? kanskje er du humanist og set mennesket i sentrum ?

summen av slikt avgjer personen si oppfatning av seg sjølv dei unge skal ikkje berre ha ein kulturell eigenart men også bli klår over at dei har ein slik eigenart

eller du er muslim eller jøde ?

barnas ideologi er ikkje testa ut men no skal alt det tillærte setjast på prøve no skal det revurderast

dei unge skal prøva å nå fram til modne val det som er mest naturleg for dei sjølv kven dei ønskjer å vera

skal det vrakast eller konfirmerast ?

no går det an å konvertera til annan religion men slikt skjer sjeldan i staden for konfirmasjon

31


dei fleste samfunn har overgangsriter når barna vert vaksne å vera jøde er medfødd likevel feirer 13 år gamle gutar bar mitzva og jødiske 12 år gamle jenter feirer bat mitzva i romersk-katolske samfunn er ferming eitt av sju sakrament og i Den norske kyrkja får ungdomar tilbod om konfirmasjon

undervisninga skjer i klasse gruppe leir og gudsteneste men sjølve konfirmasjonen er ei forbønshandling Den norske kyrkja spør ikkje ungdomen om han vil godta læra men framhevar at det er Gud sjølv som konfirmerer barna vart ein gong døypte til medlemskap i det kristne samfunnet no har ungdomen fått si opplæring Gud står ved det han lovar

men kyrkja vil også skulera gje påfyll gje ballast gjera trygg

32



Pubertet introduserer ungdomstida den unge drifta er vaknande samværet er bevisstgjerande og dykkar felles handlingar gjer at de vert ansvarlege

barna når sin eigen pubertet og det skjer noko hormonelt dei unge får synlege kroppslege forandringar som muleggjer graviditet sex handlar om kjønnsliv – og appeal er vår tiltrekkingskraft men eit uttrykk som famnar meir er vår erotiske dragning erotikk er vårt kroppslege kjærleiksliv er ein sanseleg kjærleik famnar kvar einaste plett på kroppen og sansest i heile hjernen

begge loddar den naturlege djupna i erotisk dragning dragning til det skjøre det vare dragning frå venn til venn de hegnar om livets frø de famnar de fullbyrdar som ungdomar kan de sjå drifta i ein maktrelasjon de kan takka og fullbyrda fysisk kjærleik i religiøs relasjon

erotikk ber fram fysiske gleder og sorger det er som å vera glad i men det skjer ikkje barneaktig det skjer på ein vaksen måte

du kan leggja merke til dine kroppslege uttrykksformer det veks fram ei rolleforståing ein legning ein identitet

du kan by på deg sjølv – og motta din venn som gåva

34



Språk i utvikling stor migrasjon over land og kontinent fører til språkblanding rundt rekna 300 ulike språk vert brukte i vår tids London

identiteten til einskildpersonar endrar seg så lenge folk lever bruken av språk i barnekulturen var annleis enn i ungdomskulturen slikt viser seg blant anna gjennom bruk av engelsk-språkleg song

språk er sentralt for identiteten også for barn som er to-språklege kanskje veks dei opp med eit morsmål og eit farsmål eller eit heimespråk og eit utespråk eit skilje mellom det private og det som er offentleg

arbeidsmarknaden fører folk frå småplassar til meir sentrale stader dermed kan det oppstå språkblanding og utvikling av nye dialektar

36


dei fleirkulturelle eksponerer ulike sider ved sin identitet avhengig av kva miljø dei til ulike tider har kontakt med

folk bør bruka og verna om sitt morsmål for det er ein skatt men man kan også innrømma at framandspråk gjev oss ein rikare verdi

internett tilbyr mange arenaer for global kommunikasjon mange av verdas universitet opnar dører for deltaking

les me svensk lyrikk på originalspråket då er det ei rikdoms kjelda språkbruken viser kven me er og kven me vil vera

såleis vert den språklege identiteten endra gjennom kommunikasjon med mange andre

37


Sosial praksis samfunnsmessig idyll – slik me ser det er eksistens med relasjonar mellom ei gruppe menneske der det rår kjærleik, rettferd, vennskap og lojalitet

vennskap er ein privat relasjon mellom to menneske me søkjer saman med nokon som styrkar og utfyller oss sjølv

eit samfunn der me kan jobba og kjempa for universelle rettar som me meiner at alle menneske har

privatlivet gjev oss sjansen til å forstå kven me er og å forstå kven og kva me ønskjer å verta men sosiale medier og ny teknologi fører den private sfæren ut i offentleg rom enkelte unge får angst når dei ikkje har dekning på mobilen enkelte gjer seg tilgjengelege – uansett skam og æra

skjer det noko uventa med deg så har du ditt vesle samfunn i ryggen ein god struktur der det rår toleranse og fellesskap

38


me har personlege særtrekk på grunn av legning og interesser me – og samfunnet rundt oss – bør dyrka det beste i oss sjølv individet kan delta i kulturskule eller sjakklubb aktivitetar som utviklar og styrkar den det gjeld

samfunnsideologi kan lærast og integrerast i enkeltpersonar og heile den oppveksande slekt men om det er grunnfesta i kvar enkelt person viser seg berre gjennom handling i praksis identiteten skal prøvast ut i det verkelege livet men det kan ofte mangla konsekvens mellom lære og liv

skal me møta nye ting med konflikt eller dialog ? eit mål kan vera sosialt og kulturelt mangfald

kjærleik erkjenner menneskeverdet Jesus sa ein gong: eg vil ikkje ha offer men eg vil ha miskunn

teknologien hjelper oss TV kan vera lærerikt man kan bli smartare av å sjå på slikt

39


deltakaren får si lønn i samsvar med dette

det er den konkrete hjelpsame gjerningen overfor den som treng det som viser ditt sanne hjartelag og er viktig for den det gjeld

det fremjer jakt- og drapsinstinkta hos dei unge som deltar og øver inn ein destruktiv reaksjons- og tenkjemåte

når du hjelper nokon gjer det at hjarta ditt kjennest betre

dette er det motsette av empati og miskunn

medkjensle kan la deg gje gåver til folk som treng det best er passeleg store gåver som du veit du har råd til

dei unge sine data-spel går ofte ut på å skyta og drepa flest muleg motstandarar på kortast muleg tid

medkjensle og omsorg kan du ha med fleire enn menneske du kan også ha det i forholdet til eit dyr

40


å gjera ein liten feil treng ikkje vera så alvorleg man kan læra av feilen og handla betre for ettertida

me stupnar me dett me krasjar

ein tabbe kan også føra til at me misser noko som har vore heilt vesentleg livet vert kanskje endra me føler skam – eller me fortrengjer

me må alle erfara me må gjera våre eigne feil og læra av det

kanskje kan hendinga setja seg fast og føra til seinare gjenoppleving kanskje føra til post-traumatisk stress og seinare flash-backs

handlingar kan ikkje gjerast om men dei kan innrømmast og har me skada ein annan så kan me kanskje få tilgjeving

41


handling som strir imot vår moral kan gje oss eit dårleg samvit at samfunnet kallar oss kriminelle og ei kjensle av synd mot Gud

det finst periodar der individuelle normer og enkelte samfunnsnormer vert erstatta av normløysa eller svært frie grenser

kanskje kan feilen føra til varig tap og savn og sorg

slikt skjer ved bruk av alkohol og somme former for party-dop for somme er rusen og normløysa to store mål i seg sjølv i det sosiale samværet like eins som i eldre tid

men også føra til at me vert klokare av skade

42



Samfunnskritisk haldning somme er idealist i den alderen men trass mot foreldre og autoritetar kan vidareførast som opposisjon og allmenn samfunnskritisk haldning

dei som veks opp i dag ordnar sitt forhold til samfunnet med ein grad av konformitet dei innordnar seg etter normer og strukturar som gjeld for at folk skal fungera i lag

somme tek det inn i organisasjonar bĂĽde kulturelle og politiske for derigjennom ĂĽ reformera eller grunnleggjande endra storsamfunnet

men sidan Sokrates si tid har somme vorte anklaga for at dei fordervar ungdomen

sĂĽleis kjem det an pĂĽ om ein definerer seg utanfor eller innanfor fellesskapet

44


Ufaglært arbeidskraft Somme bør gå rett ut i arbeid når dei har fullført ungdomsskulen dei har ikkje motivasjon til å sitja lenger på skulebenkar

men i seinare tid har bedrifter teke til å etterspørja svært fleksibel arbeidskraft

somme kan ikkje slå seg til ro for lengre tid i eit yrke

folk får ikkje fast tilsetjing men kan lett brukast og vrakast etter bedrifta sitt dagsbehov utan arbeidar-rettar

så vert dei kanskje sett på som utsabil arbeidskraft

dette er vanlegvis arbeidskraft som ikkje har brukt av si ungdomstid til å skaffa seg fagopplæring

45


Utdanning og yrke kvifor veljer dei unge utdanning og yrke som dei gjer ?

kanskje har foreldrene visse preferansar som gjev eit element av press frå den unge sin familiebakgrunn

kva er deira motiv ? kva er deira drivkraft ?

eller det kan vera tradisjon eller sedvane i eit lokalsamfunn eller ein kultur som man meiner bør vidareførast

somme får melding frå skulerådgjevar eller ein annan i samfunnet om kva dei helst bør satsa på

den unge har kanskje ein rollemodell eit stort ikon i ungdomskulturen som representerer noko den unge identifiserer seg med

46


andre veljer sosial mobilitet og tenkjer at man kanskje kan gjera ei stor klassereise frå småe kår gjennom ein fantastisk utdanningsveg

at man til dømes blir sjukepleiar eller ein kristen misjonær følelsar kan også påverka og styra dei unge sine utdanningsval og det er ikkje noko negativt i det men rolege vurderingar bør telja med

somme finn ut at ei fagutdanning kan gje mulighet til å flytta til ein heilt annan stad i landet og busetja seg der

framfor alt bør man tenkja på å realisera noko av seg sjølv unge har naturlege føresetnader som kan visa kva man eignar seg til

kanskje vil man ofra seg for ei sak via sitt liv til eit godt føremål

47


det kan vera naturlege evner eller eit særskilt talent den unge har som man kan velja å vidareutvikla og satsa si framtid på

ikkje berre dei unge men også lokalsamfunnet har sine behov dei etterspør veleigna arbeidskraft som er særleg kvalifisert

framfor alt skal man bli til gagns menneske altså eit velfungerande menneske ein person som yter noko verdfullt og nyter si fortente løn

lokal natur produserer så mangt og ungdom vert bonde og kystskippar

når ungdomar fullfører førarkortopplæringa skjønar dei plutseleg kva utdanning betyr

andre veljer eit service-yrke til hjelp for resten av bygda

48



somme veljer å bli frisør andre – offentleg tenesteyting

ikkje berre kvart individ men også staten veljer utdanning

man kan bli faglært reinhaldsarbeidar heimehjelp eller gravplassarbeidar

samfunnet legg inn i skuleverket kunnskap og ferdighetar og haldningar som gjev dei unge ålmenndanning og hevar landets kulturnivå

– we work to live man må ha arbeid for å leva

samfunnet tilbyr også utdanning som skapar fagfolk med den ekspertise som storsamfunnet har bruk for i dag og i dagane som kjem

enkelt sagt så treng man ei inntekt for å fø seg sjølv og familien

50


det yrket som du går inn i avslører kven du er

no handlar det om å forplikta seg i nære relasjonar det gjeld i den nye familien som partnar og forelder og venn

Vaksen mange veljer å utsetja vaksenlivet til dei har fullført utdanninga si derfor opprettheld enkelte si ungdomstid lenge etter at dei vert myndige

den som opplever å få barn vert med det forandra for alltid somme foreldre vert heime ei stund medan barna deira er små og eit meir høgverdig arbeid enn dette finst jo ikkje

så endar dei opp i eit yrke og må skaffa seg høveleg bustad og dei møter ein som vert sambuar

51


Modning og aldring eldre folk er ofte kloke fulle av livsvisdom men slik klokskap er sjeldan å sjå blant unge folk dei har til gode å oppleva mykje å røyna kva livet inneber og modna sin visdom av det

ein gammal person sin identitet kviler i stor grad på personen si eiga livshistorie det den gamle sjølv har opplevd og oppnådd her i livet ingen er fødd klok somme barn er intelligente men klokskap er noko man utviklar etter å ha levd ei stund og skaffa seg livserfaring og lært av det og modnast som menneske

dei unge kan godt vera lite grann audmjuke det er mangt å læra og mange å respektera

52



Menneska i naturen det er essensielt for vårt samfunn at me vernar om landets natur og at me som menneske tek vår forvaltar-rolle på alvor

man forvaltar bestanden av elg det same gjeld rein og hjort uttaket minskar beiting og svolt når dyretalet vert stort

naturen tilbyr oss stor grad av frihet og tida er ein ressurs stillheten er vår tids luksus og altet vil gjerne bli brukt

man kan hausta eit overskot og årstida innbyr til jakt jegarar løyser sine skot og viser si styringsmakt

me kan koma i nær kontakt med eit mangfald av yrande liv landets natur kan gje oss alt eller ta ifrå oss alt

her og no er dei til stades dei er stille i lag saman får dei eit nærare forhold fristilt frå kvardagsjag

54


naturen handlar om turar i fjellet å klatra opp til ein topp

naturen handlar om båtliv langs kysten det durar og ror og seglar

om fyrigt å stupa ut i eit vatn og vaska sin varme kropp

om to teiner eit garn ein pilk og livet som sjøen speglar

det handlar om sanking og hausting bærplukking fiske i vatn fangst

middag med god mat og drikka køystrekk ein tur i land:

om roleg og lunt samvær på hytta om vandringar og om mat

deltaking på eit evenement og samværet på ei strand

55


Klima forureininga auka ved verdas industrielle revolusjon ei utvikling som framleis pågår i mange av verdas land

det følgjer med eit moralsk ansvar – og eit forvaltaransvar for me set mange andre i stand til å forureina meir

forureininga aukar framleis gjennom motorisert skipstrafikk og gjennom bruk av biltransport med svært mykje folk og gods

det føregår ei hurtig tømming av verdas fossile brenselslager har me på denne måten lov til å plyndra framtidas folk ?

folk snakkar om klimakrise, issmelting, global oppvarming store stormar, eit våtare ver, eit villare ver, naturkatastrofar

me kan bidra med meir fornybar og mindre farleg energi slik som vindkraft frå vindmøller og vasskraft ifrå turbinar

klimaspørsmålet er relevant fordi me bidreg med frambringing av olje og gass og kol, som i sin tur medfører utslepp av klimagassar

karbondioksid ligg lagra i skogbotn i det borale barskogområdet og metan ligg lagra under tundra og hav i Sibir der ligg gassane bundne, dei bør ikkje sleppast fri

56



Industri-historie unge frå bonde og fiskarsamfunn tok seg jobb i fabrikk slike industrielle verksemder tok i bruk ny teknikk

på vår planet er det få artar som nyttar reiskap i arbeid det vert sagt at menneskas flid sigrar over naturen ein ressurs er det som i ei gjeven tid er drivverdig

somme arbeidarar valde å kjempa for ei høgare løn andre valde å samarbeida med styre og direktør

industri kan grunnleggjast på råvarer energi kompetanse

somme stader vart industrien ei hjørnesteinsbedrift rundt om tiltaka teikna dei nye BY’ar med stor skrift

58


Immigrasjon innvandring har like gamle røter som den norske stat

landet bør ta imot arbeidsinnvandring men vurdera kva som trengst til kvar tid

det gav arbeidskraft og kulturell påverknad frå språk til kristentru og mat

ein av mine indiske vennar sa ein gong om nordmenn: – they are so stupid !

hit kom fagfolk innanfor handel gruver og oljeindustri

slike synspunkt får me tola men toler velferdsmodellen vår det ?

polske – innanfor anlegg og handverk og svenskar – med service og flid

59


Byråkrati borgarar styrest av lover og førskrifter og byråkrati gjennomregulering av tilværet vil ikkje setja oss fri

økonomiane trekkjer seg unna allmenn politisk styring individ og lokalsamfunn får mikroskopisk betydning

ulike samanslutningar vil innrømmast meire makt men lovverket veks og styrkar seg gjennom vår EØS-pakt

fri flyt av varer tenester arbeidskraft styrande kapital

byråkratiet skulle erstatta Europas handelstoll men det stengjer grensene for demokratisk kontroll

fridom for EUs konkurranse har vorte vår nye normal

60



Pil darrar kjennest i natta i draumen før dagen skot og verkjande lemar

tilfellet er så sterkt at det har eit ekko før det skjer lik stein som treff glasklårt vatn utan å splintra slukjest omformar

vaknar og glir så attende til djupare draum og roleg søvn

så ei darrande pil som står der med bivrande låt skjelv

til den vaknande dagen med liv som faldar seg ut på sommarøy komne med ferjemannen så er det tid

62



64


Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.