Klassisk barnestrikk

Page 1


001_011_Strikk.indd 1

10/10/12 11.59


tove fevang

Klassisk

barnestrikk • norske mønster frå 2 til 8 år • samlaget • oslo • 2012

001_011_Strikk.indd 3

10/10/12 11.59


001_011_Strikk.indd 4

10/10/12 11.59


Innhald 83

Putte

87

Pål

90

Setesdalsgenser

13 Oppskrifter

95

Setesdalskufte

15

Allianse

99

Siri

19

Barnehage

103

Småfolk

25

Fanagenser

106

Snøkrystall

29

Fanajakke

111

Snøplog

33

Guro

115

Trollstigen

36

Heidi

119

Tussetroll

40

Holmenkollen

123

Strikkebukser

45

Jan og Janikken

49

Lille Trix

127 Trinn for trinn

54

Lise-Lotte

128

Jakke frå A-Å

59

Lomen

148

Raglanfelling frå A-Å

63

Marius

156

Rundfelling frå A-Å

67

Nr. 625

159

Elastisk felling

71

Nr. 635

162

Maskesting

75

Ornament

79

Pia

7 Forord 10 Nokre råd og tips før du går i gang!

001_011_Strikk.indd 5

166 Garn sidan 1888

10/10/12 11.59


001_011_Strikk.indd 6

10/10/12 11.59


Forord te litt lengre, og ein del erme har fått litt mindre vidd, slik at dei passar betre under dagens ytterplagg. Fargane er meir eller mindre dei same som i dei opphavlege modellane. Garnet som er brukt, er Sandnes sitt Smartgarn, som er 100 % ullgarn, og Sandnes Mini Alpakka, som er 100 % alpakka. Begge desse garnkvalitetane har superwash-kvalitet slik at dei kan vaskast i maskin på ullprogram – noko som passar godt for travle og aktive småbarnsfamiliar.

Boka inneheld eit utval av dei klassiske genserane og jakkene frå SandnesGarn for barn i alderen 2–8 år. Mønstera er henta frå tidleg 50-tal og fram til 60–70-talet. Nokre av modellane er berre i dei største storleikane fordi mønsterrapportane vert for store for dei minste. På same måte er nokre av modellane berre i dei minste storleikane, fordi desse passar best for dei minste barna. Prosjektet starta med at eg gjekk gjennom det rikhaldige arkivet SandnesGarn har frå 50- og 60-talet. For meg vart dette eit gjensyn med og mange minne om strikkeklede frå min eigen barndom. 100 oppskrifter vart plukka ut, og så starta den vanskelege oppgåva med å redusere talet på oppskrifter til 25. Det har vorte eit utval kjende og kjære modellar, og nokre ikkje fullt så kjende. Dei er likevel representative for denne tida. I boka finn du genserar, jakker, bukser, sokkar og luer. Modellane har erme som er sette rett i, raglanfelling og rundfelling. Alle desse teknikkane var flittig brukte på den tida.

I arbeidet har eg hatt god hjelp frå tilsette hos SandnesGarn, spesielt Turid Fossum, Gry Geelmuyden og Gunn Elin Myhre. For å få alle modellane strikka opp har ei stor gruppe strikkedamer, rekruttert frå familie, venner og ikkje minst damer som las etterlysing av strikkarar på Facebook, trødd til og strikka i rekordfart. Utan dykk ville prosjektet aldri vorte ferdig. Tove Breistein har fotografert alle barna med modellane. Mannen min, Geir Arnesen, har seint og tidleg teke alle trinn-for-trinn-bileta når desse har vore klare til fotografering. De har all ære for at dette prosjektet har kome i hamn.

For å få plagga til å fungere for barn i dag har eg bygd om (redesigna) modellane. Genserar og jakker har vor-

asker, august 2012,

Tove Fevang

7

001_011_Strikk.indd 7

10/10/12 11.59


001_011_Strikk.indd 8

10/10/12 11.59


001_011_Strikk.indd 9

10/10/12 11.59


Nokre råd og tips før du går i gang! Les alltid nøye gjennom heile oppskrifta før du tek til å strikke.

i fleire fargar. Den fargen ein ikkje strikkar med, vert liggjande bak arbeidet slik at arbeidet trekkjer seg litt meir saman og strikkefastheita vert strammare. For å unngå dette kan du gå opp eit halvt pinnenummer når du strikkar med fleire fargar, og så gå tilbake til opphavleg pinnenummer når det berre er ein farge i arbeidet.

strikkefastheit: er nøkkelen til eit godt resultat. Den strikkefastheita som er oppgitt, viser kor mange masker som er i breidda på 10 cm med tilrådd pinnestorleik. Dersom du strikkar lausare enn den strikkefastheita som er oppført, går du ned ein halv pinnestorleik, og strikkar du fastare, går du opp. Sjølv strikkar eg ganske fast og må alltid opp eit halvt pinnenummer for å få rett strikkefastheit. Difor er det svært viktig å strikke ein prøvelapp på ca. 15 x 15 cm. Så måler du opp 10 x 10 cm midt på prøvelappen. No kan du telje kor mange masker du har på 10 cm, og finne di eiga strikkefastheit. Ut frå dette veit du om du må opp eller ned i pinnestorleik. Vrangbordar trekkjer seg saman og har alltid ei anna strikkefastheit enn glattstrikk. Difor er all strikkefastheit i boka gitt for glattstrikk.

diagram: les du frå første rute nedst i høgre hjørne og mot venstre, og nedanfrå og oppover. Alle diagram er sett frå retta. Den rapporten som står i klamme, vert repetert på omgangen, men ofte startar omgangen med eit gitt tal masker før rapporten. Så vert rapporten repetert før ein eventuelt avsluttar med dei siste maskene som står etter rapporten. Start og slutt alltid ved pila for vald storleik dersom diagrammet har slike piler. Nokre gonger vert rapporten repetert i høgda. Då er han merkt med ei klamme på høgre side av diagrammet.

strikkefastheita ved mønsterstrikk: endrar seg ofte når ein strikkar glattstrikk med mønster

10

001_011_Strikk.indd 10

10/10/12 11.59


vaskeråd: Smart-garnet er 100 % ull, og Mini Alpakka er 100 % alpakka. Begge desse garnkvalitetane er superwash-garn og er spesielt eigna til maskinvask. Tilrådd vaskemiddel er Milo, men superwash-garn bør ikkje vaskast med mjukingsmiddel. Bruk ullprogram når du vaskar plagget i maskin. Dersom du ikkje har ullprogram, bør du vaske plagget for hand. Bruk lunka vatn (ikkje over 35 grader) og Milo. Kryst og klem plagget mellom hendene både under vasking og skyljing, ikkje gni eller vri. Skyl i fleire vatn (same temperatur som vaskevatnet) til vatnet er heilt klårt. Klem vatnet ut av plagget, ikkje vri. Rull plagget inn i frotterhandkle og klem på rullen slik at vatnet går ut av plagget. Rull det ut att.

forkortingar: m. = maske(r) r. = rett vr. = vrang omg. = omgang

Tørk alltid strikkeplagg liggjande. Form eller strekk plagget i fasong til rett storleik. Heng aldri eit strikka plagg til tørk.

11

001_011_Strikk.indd 11

10/10/12 11.59


012_125_Strikk.indd 12

10/10/12 12.33


Oppskrifter Her er det oppskrifter pü genserar, jakker, bukser, luer, halsar og strømper. I oppskriftene er det nytta ulikt garn, ulike fargar og ulike teknikkar. Her kan du velje mellom blant anna raglanfelling, rundfelling og modellar med erme som er sette rett i.

012_125_Strikk.indd 13

10/10/12 12.33


012_125_Strikk.indd 14

10/10/12 12.33


Allianse genser • lue Allianse er pryda med åttebladsroser og reinsdyr. Kombinasjonen av dei to mønstera er vanleg i tradisjonelle strikkeplagg. Allianse har rett isette erme og båthals. Lua har oppbrett, noko som gjer henne ekstra varm.

storleik: 4 (6) 8 år

pinnar: Rundp. og strømpep. nr. 3 og 3 ½

genser overvidd: 65 (73) 80 cm heil lengd: 43 (46) 50 cm ermlengd: 30 (34) 38 cm, eller ønskt lengd

strikkefastheit: 22 m. glattstrikk på p. nr. 3 ½ = 10 cm Les heile oppskrifta før du tek til å strikke.

lue omkrins: 43 (51) cm

Genser

materiale: SandnesGarn Smart (100 % ull, superwash) heile settet Marineblå frg. 5575: 250 (300) 350 g Naturkvit frg. 1002: 100 (150) 150 g Raud frg. 4219: 350 (400) 450 g

bolen: Legg opp (132) 148 (162) m. med blått på rundp. nr. 3, og strikk rundt 1 r., 1 vr. til vrangbord, (5) 5 (5) cm. Skift til p. nr. 3 ½ og glattstrikk, auk samtidig jamt fordelt til (144) 160 (176) m. Set eit merke i kvar side med (72) 80 (88) m.

15

012_125_Strikk.indd 15

10/10/12 12.33


til framstykket og det same til bakstykket. Hald fram i glattstrikk og diagram A «lus» til arbeidet måler (27) 30 (34) cm. Auk samtidig 1 m. i kvar side = (73) 81 (89) m. til fram- og bakstykket. Strikk mønster med denne inndelinga. Strikk diagram B. Start i den eine sida og ved pila for vald storleik i diagrammet, strikk til neste sidemerke, start på ny ved pila for vald storleik og strikk på same måte. Strikk vidare med diagram C. Start i den eine sida og ved pila for vald storleik i diagrammet, strikk til neste sidemerke, start på ny ved pila for vald storleik og strikk på same måte. Avslutt med diagram D. Set m. på ein tråd når arbeidet måler (43) 46 (50) cm.

montering: Damp arbeidet forsiktig på vrangsida. Merk opp til ermehol lik ermevidda i kvar side. Sy to maskinsaumar like breitt som ermet til ermeopning, og klipp opp mellom saumane. Sjå trinn-for-trinn-bilete av monteringa på side 132. Båthals: Mask eller sy saman skuldrene, men set dei (37) 39 (41) midtarste m. på fram- og bakstykket på ein tråd. Belegg: Set m. over på liten rundp. nr. 3, m. i halsopninga + 1 m. på kvar skulder = (76) 80 (84) m. Strikk raudt 1 omg. r., 1 omg. vr. (= brettekant). Hald fram med glattstrikk. Strikk maskene på kvar skulder vr. heile tida, og auk 1 m. på kvar side av denne kvar omg. til kanten måler 2 ½ cm. Fell av elastisk. Brett belegget over til vranga og sy det fast. Sy i erma.

erme: Legg opp (42) 44 (46) m. med blått på strømpep. nr. 3, strikk rundt 1 r., 1 vr. til vrangbord, (5) 5 (5) cm. Skift til p. nr. 3 ½ og glattstrikk. Auk samtidig jamt fordelt til (52) 54 (56) m., og hald fram med glattstrikk av diagram A «lus». Pila viser midt på ermet, tel deg ut til kvar i diagrammet du må starte for vald storleik. Strikk dei nye m. med i mønsteret etter kvart. Samtidig: Siste m. på omg. er merkemaske og skal strikkast vr. heile tida. Auk 1 m. på kvar side av merkemaska ca. kvar (2 ½) 2 ½ (2 ½) cm til i alt (68) 74 (80) m. Strikk diagram C når ermet måler ca. 8 cm før heil lengd. Pila viser midt på ermet, tel deg ut til kvar i diagrammet du må starte for vald storleik. Auk samtidig på undersida til det masketalet som er nemnt. Avslutt med diagram D. Pila viser midt på ermet, tel deg ut til kvar i diagrammet du må starte for vald storleik. Når ermet måler heil eller ønskt lengd: Snu vrangsida ut og strikk 3 cm belegg fram og tilbake i glattstrikk. Fell laust av. Strikk eit erme til på same måte.

Lue Legg opp (96) 112 m. med raudt på rundp. nr. 3 ½ og strikk (3) 3 cm glattstrikk. Strikk 1 omg. holrad: * 2 r. saman, 1 kast *, repeter *–* ut omg. (= «nedbrett» øvst på stjerneborden). Strikk 1 omg. til med raudt og strikk diagram C. Hald fram med 1 omg. raudt, så 1 omg. holrad = oppbrett + 3 cm raud glattstrikk. Snu lua med vranga ut og hald fram med diagram A «lus» til lua måler 18 (19) cm frå holborden. Neste omg.: Strikk 2 r. saman rundt heile omg. Strikk 1 omg. r. Klipp av tråden og trekk han gjennom resten av maskene. Trekk saman og fest tråden godt. Fest alle lause trådar. Brett inn nedbretten, og sy til på vranga. Brett opp oppbretten.

16

012_125_Strikk.indd 16

10/10/12 12.33


Diagram D

repeter

midt framme og bak midt på ermet

4 6 8 år Start og avslutt her på fram- og bakstykket

Diagram C

midt framme midt og bak på ermet

4 6 8 år Start og avslutt her på fram- og bakstykket

Diagram B

repeter rapport

midt framme og bak

4 6 8 år Start her på framog bakstykket

repeter

Diagram A «lus»

repeter

midt på ermet

Teiknforklaring: = raud = naturkvit = blå

Start her alle str.

17

012_125_Strikk.indd 17

11/10/12 08.17


Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.