FF16 Familiebrosjyre

Page 1

FESTIVAL FOR HEILE FAMILIEN

CIRCUS RAJ ...For lenge, lenge sidan i eit land langt, langt vekke levde maharajaene. Dei var kongar og dronningar som elska glitter, stas og sirkusmagi. I sommar får prinsar og prinsesser på festivalen smake på denne magien, når Circus Raj tek turen frå Rajasthan i India, til Festplassen i Førde. TORSDAG 7. JULI 15.00 | Festplassen FREDAG 8. JULI 15.00 | Festplassen I reiseveska har dei pakka eldgamal tradisjon, festleg musikk og fortryllande kunstar; Det vert linedansarar, flammeslukarar og fakirar på spikar og… ein dansande hest?

Sirkuskurs for born! Skulle du ynskje du kunne slenge deg i trapesen og sjonglere med ballar? Då kan du bli med på Circus Raj sitt vesle sirkuskurs for born. NB! Avgrensa tal plassar. Ver rask med å kjøpe kursbillett!

Fredag 8. juli 13.00 Sirkuskurs for born Festplassen

fordefestival.no


Musikk i sentrum

Torgscena ved Elvetorget

TORSDAG 7. JULI 11.00 Vigüela 11.15 Mairearad & Anna 11.30 Romengo

FREDAG 8. JULI 10.30 Nishtiman 10.45 Sindre & Co 11.00 Mahala Rai Banda

LAURDAG 9. JULI 11.00 Noency Mosquera & El Bongo de Boyajá 11.15 Artistnamn vert stadfesta 11.30 Huun-Huur-Tu NB! Endring kan forekomme.

Morgonstund har gull i munn Ta med frokosten og start ein festivalmorgon i det fri! Duoen Djønne & Børsheim har spelt over hundre konsertar saman og no gler dei seg til å spele for dei aller yngste festivalgangarane. Dei to tek med seg stemmene sine, toradaren, fela, gitaren og vakre viser frå Hardanger- perfekt for ein morgon i barnehagen.

Alder: frå 3 år. Alle morgonstund-konsertane er gratis! Onsdag 6. juli 09.00 | Solsida Barnehage, avd. Haugum Torsdag 7. juli 09.00 | Nærleiken Barnehage Fredag 8. juli 09.00 | Vieåsen barnehage, avd. Tussero

2


Ut på tur, aldri sur! Når morgonfrosken syng

Bli med når Barnas Turlag og festivalen inviterer til vandring, mat og konsert. Morgonfrosken syng songar om små og store ting, som vener, venskap, kjærleik og universet, men også om fuglar, ver og vind. Annlaug Børsheim har komponert musikk til tekstar av Per Olav Kaldestad, og med seg til å spele har ho seg den banjospelande klarinettisten Ingemund Askeland og felespelaren Mari Skeie Ljones. Onsdag 6. juli 16.00 | Halbrendstøylen

Turen startar og sluttar på Reset i Halbrendslia. Ta med sitjeunderlag og mat til bålpannegrilling. Dette vert ei trivelig stund for folk i alle aldrar.

706 moh: Chouk Bwa Libète For spreke born og vaksne ventar ein heilt spesiell premie på toppen av Hafstadfjellet denne laurdagen. Etter å ha trakka opp dei bratte bakkane saman får vi sjå og høyre ekte voodoomusikk og -dans frå fjellandet Haiti! Chouk Bwa Libète spelar mizik rasin, ein musikkstil frå seint på 80-talet som har røter i den tradisjonelle voodoo-musikken - i tillegg til eit snev av mellom anna reggae.

Laurdag 9.juli 13.00 Konsert på toppen av Hafstadfjellet

Indre Sunnfjord Turlag er guidar. Buss kl.10.30 frå Langebrutorget. 2 timars fottur til toppen. Etter konserten går vi til Bruland og bussretur til sentrum. Viktig! Hugs gode sko og drikke!

3


Familiekonsert: Rytmeeventyr I Rytmeeventyr handlar det om bestevenene, Basil og Raymond. Som alle andre vert dei av og til uvenner. Ein annan ven av dei, edderkoppen Anansi, er ein type som prøver å lure folk for å få det slik han vil. Men edderkoppen endar som regel opp med å bli lurt sjølv- om han ikkje passar seg. Det skortar ikkje på forviklingar, små og litt større problem i denne venneflokken, så korleis klarer dei å løyse det, slik at dei framleis kan vere vener? Fredag 18.00 | Teatersalen, Førdehuset Raymond Sereba, Uriel Seri og Charlotte Øster brukar pantomime, forteljing, rytmer, musikk, song og rørsle for å fortelje om barndom, mødre og bestevener. Sjølv om det innimellom er litt dårleg stemning, vert alle glade til slutt – og det heile endar i ein stor fest der du òg får vere med!

Barneverkstad med Raymond Sereba Bli med til Afrika! Raymond Sereba inviterer deg med på ei reise, til ei sanseleg og fascinerande verd av fargar, rørsler og musikk, som du får vere med inn i! Raymond Sereba frå Senegal i Vest-Afrika er artist, musikar, dansar, skodespelar og forteljar. Han er ein særs erfaren pedagog som enkelt tilpassar seg ulike publikumsgrupper, og som har eit særleg godt lag

4

med born! Han har turnert med Rikskonsertane sidan 1989 med ei rekke ulike produksjonar, både som soloartist og med ulike grupper og utøvarar. Laurdag 13.30 | Eventyrrommet Førdehuset For born frå 4-10 år.


Spennande festivallaurdag! Festivalfrukost 08.30 | Festplassen Saman med Kokkenes Meisterlaug og Bondens Marknad Førde inviterer vi til gratis frukost i parken! Buffear med mat og drikke er på plass, og rundt langborda sit glade menneske. Frukostmusikk vert det også! Kan ein morgon starte betre? Ved dårleg vêr, vert frukosten flytta under rådhustaket på Langebrutorget.

Festivalparade 10.30 | Festivalparade frå Førdehuset til sentrum Vesle Førde får ein smak av Rio når artistar frå alle verdshjørne samlar seg i ei tog som buktar seg gjennom sentrum. Fargerike klesdrakter, eggande rytmar og smilande song. For både liten og stor kan denne eksotiske paraden fort bli årets høgdepunkt. Paraden startar ved Førdehuset og går til Torgscena.

Konsert: Federspiel 15.00 | Utekonsert på Festplassen Sju karar bles i det! Brass-fenomenet Federspiel let kreativiteten ta overhand og stiller til utekonsert på Festplassen med sin heilt særeigne musikkstil. Dei er eit blåseensemble med eit repertoar av både vals, mazurka, csárdás, folkeviser og jodling- for å synge kan dei også! Og i tillegg til eit solid musikalsk handtverk så byr dei på ein fantastisk pakke av spontanitet, improvisasjon, leik og sjølvironi. Med andre ord: God musikk og moro for folk i alle aldrar!

5


Familiesøndag Det vert leik, moro og musikk i alle krikar og krokar når heile Førdehuset vert sett av til borna. Programmet er spesialtilpassa denne dagen, med ei rekke minikonsertar og aktivitetar. Her blir små og store gladeleg inviterte til å delta i dansen og songen! Kafeen og biblioteket er også opne. Detaljert program finn du på fordefestival.no og på oppslag i Førdehuset.

Søndag 10. juli 13.00 | Førdehuset

Andre spennande konsertar: • Møteplass Jølster: Faytinga Fredag16.30 Når Faytinga spelar opp i løa på Jølstraholmen vert det eritreisk kaffi, sal av grillmat og eit møte mellom norsk og eritreisk folkedans. • Terje Isungset: Arctic Ice Music Fredag 16.30 Isungset har laga alle instrumenta sine av ekte vinter-is. Saman med musikarar frå arktiske område skal han smelte oss med iskalde tonar i Storsalen. • Talent 2016 Laurdag 18.30 I teatersalen ventar ni talentfulle ungdomar frå Kenya, Malawi og Norge. I løpet av ei lita veke har dei blitt kjent, fletta saman dei ulike tradisjonane sine og skapt noko heilt nytt saman.

6


La Bottine Souriante

Dei høgst levande legendene i canadiske La Bottine Souriante kjem endeleg attende til Førde! Dei har over 40 års erfaring frå scena, og har berre vakse seg større og sterkare; 16 år etter dei var her sist stiller dei med ei utvida besetning og ein ny dose festmusikk med fot-tapping og alt anna som høyrer til!

Festivaltips:

Søndag 10. juli 15.00 | Idrettshallen, Førdehuset Søndag avsluttar dei festivalen i Førdehuset med ein forrykande konsert – og når dansegleda nappar deg i foten er det berre å hive seg ut på golvet!

• På varme dagar kan det bli heitt for ein liten kropp. Solkrem og caps er smart på utekonsertane, og hugs drikke!

• Synes du nokre av artistane var ekstra flinke eller flotte? Om du ser dei etter konserten, så kan du seie det til dei. Dei fleste vert glade for litt skryt ;)

• Er du ein slik som berre MÅ danse litt? Då er det lurt å sette seg litt på sida. På nokre konsertar går det nemleg an å strekke litt på beina, så lenge ein ikkje forstyrrar andre.

• Til Førdefestivalen kjem det artistar frå rundt 30 land. Kor mange av flagga utanfor Førdehuset kjenner du att?

7


Her er ei oversikt over program som passar heile familien:

Onsdag 6. juli 09.00 16.00

Morgonstund har gull i munn! Solsida barnehage, avd. Haugum. Gratis Ut på tur, aldri sur! Familiekonsert: Når morgonfrosken syng Tilrettelagt for grilling. Gå saman med Barnas Turlag til Halbrendstølen.

Torsdag 7. juli 09.00 11.00 15.00

Morgonstund har gull i munn! Nærleiken Barnehage. Gratis. Musikk i sentrum: Smakebitar frå festivalprogrammet. Torgscena. Gratis. Circus Raj – Ekte sirkus frå Rajasthan. Festplassen

Fredag 8. juli 09.00 10.30 13.00 15.00 18.00

Morgonstund har gull i munn! Vieåsen barnehage, avd. Tussero, gratis Musikk i sentrum: Smakebitar frå festivalprogrammet. Torgscena, gratis Sirkuskurs for born. Instruktørar: Circus Raj. Festplassen Circus Raj – Ekte sirkus frå Rajasthan. Festplassen Barnekonsert: Ryme-eventyr. Teatersalen, Førdehuset

Laurdag 9. juli 08.30 10.30 11.00 13.00 13.30 15.00

Festivalfrukost Festplassen, gratis Festivalparade Førdehuset -Torgscena, gratis Musikk i sentrum: Smakebitar frå festivalprogrammet. Torgscena, gratis 706moh: Chouk Bwa Libéte Hafstadfjellet Barneverkstad med Raymond Sereba. Førdehuset Federspiel – Gladbrass frå Austerrike! Festplassen

Søndag 10. juli 13.00 15.00

Familiedag i Førdehuset. Gratis La Bottine Souriante, Idrettshallen, Førdehuset

gasta.no

Familiefestivalguide KJØP FESTIVALPASS OG FÅ:

• Fritt tilgjenge til fem store konsertar; Opningskonsert; På flukt!, Mor Karbasi, Federspiel, Festivalgalla, La Bottine Souriante, samt dansearrangement i Festsalen. • Gratis tilgjenge til Sogn og Fjordane Kunstmuseum under festivalen. Sjå sfk.museum.no • Rabatt på øvrige billettar, med unntak av Lunsjkonsert og Festivalfilm. Festivalpassbillett må bytast i armband på billettkontoret i Førdehuset, og er personleg.

PRISAR FESTIVALPASS Born kr 200* Ungdom/student kr 460** Vaksne kr 950 Barnebillettar kr 50 på alle konsertar og kurs. BILLETTSAL på TicketCo.no For spørsmål: tlf. 46 90 50 10 og billettar@fordefestival.no. Billettkontoret i Førdehuset opnar måndag 4.juli kl.09.00. *under 14 år, **14-20 år eller gyldig studentleg. Leg.plikt. Fullstendig informasjon om billettar og

program finn du på fordefestival.no Facebook, heimesider og med plakatar på billettkontor og arenaer. Med atterhald om feil og endringar.


Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.