2 minute read

Offentleg eller privat – eit retningsval for framtida

Eit

sterkt offentleg helsevesen som leverer gode helsetenester til alle er Legeforeningen sitt mål. Men kva må til for at helsevesenet skal vere sterkt nok og godt nok?

På Legeforeningen sitt landsstyremøte i juni gav både Arbeidarpartiet og Høgre klart uttrykk for at dei ynskjer eit sterkt offentleg helsevesen i Norge også i framtida. Likevel ser me at stadig fleire kjenner behov for å skaffe seg privat helseforsikring. Det kan virke som at mange tenkjer me har eit godt helsevesen, men er i tvil om korvidt det godt nok for seg sjølv. Kvifor er det blitt slik? Er det forbrukarsamfunnet sitt ynskje om full tilgjenge til alle tenkjelege tenester som gjer seg gjeldande også i helsevesenet?

Det offentlege helsevesenet skal fylle mange rollar. Det skal vere tilgjengeleg for alle. Det skal syte for at folk får det dei treng av naudsynt utgreiing og behandling på alle nivå frå fastlegar og legevakt til høgspesialiserte universitetssjukehus. Og det skal koste lite for pasientane. Skal pasientane kjenne seg tilstrekkeleg ivaretekne må me også strekkje oss etter å yte offentlege helsetenester innan rimeleg tid.

Kapasiteten M Sikrast

Me må for det første ha tydelege prioriteringar. Me skal ikkje levere alt folk vil ha, men alt folk treng. Her er det ein vesentleg forskjell. Folk kan gjerne gå privat for det dei vil ha men ikkje treng, men det folk treng bør me ha som mål å levere i det offentlege. For det andre må me ha kapasitet. Me må ha nok fastlegar til å kunne tilby time hjå fastlege innan 5 virkedagar slik fastlegeforskrifta seier. Når fastlegen har funne grunn til å henvise vidare bør sjukehusa tilby vurderingar raskt. Det er mykje helse som går tapt i ventetid. Folk går ofte sjukmelde i påvente av utgreiing og behandling, samtidig som sjukdommen forverrast. Det kostar mykje.

Jan Ove Tryti

Leiar

Sogn og Fjordane legeforening

Jan.Ove.Tryti@sogndal.kommune.no

Skal me ha god nok kapasitet handlar det både om tilgjengeleg helsepersonell og innretting av tenestene. Me må innrette tenestene slik at det blir både attraktivt og effektivt å jobbe i det offentlege helsevesenet. Rammevilkåra må vere gode nok. Sjukehuset eller legekontoret ein jobbar på må vere tilrettelagt for effektiv drift. Støttetenestene må vere tilstrekkelege. Leiinga må vere støttande og ha tillitt til at fagfolka ynskjer å gjere ein god jobb.

Kartet Og Terrenget

Rekruttering startar med studentane. Det offentlege helsevesenet har ei svært viktig oppgåve som utdanningsinstitusjon. Studentane går ikkje berre på universitetet, dei skal også ha praksis både på sjukehus og i kommunar. Dei treng gode lærarar. Utdanning og forsking er ein viktig del av det offentlege helsevesenet og må prioriterast høgare enn i dag. Dei ferdigutdanna legane skal også ha vidareutdanning og spesialisering, både i sjukehus og kommunar. Dette krev både tid og rom. Sjukehus og legekontor skal ikkje berre romme pasientane men også leggje til rette for utdanning.

Sidan 2019 har me spurt pasientane «kva er viktig for deg?». Mange har svart «at eg får det dei treng når eg treng det». Kanskje tida no er inne til å heve blikket og spørje om kva som er viktig for samfunnet? Eg håpar mange svarar at det er ei offentleg helseteneste som er god og heilskapleg, og at me leverer det pasientane treng når dei treng det. I eit slik samfunn er det ikkje behov for private helseforsikringar. Dette er eit retningsval som politikarane kan bidra til å peike ut. Legeforeningen stiller gjerne med kart og kompass.

Vi er alltid på jakt etter dyktige legespesialister

Som lege hos oss får du mer tid med pasienten og lite tid går bort til administrative oppgaver.

Vi kan tilby:

• Varierte arbeidsoppgaver

• Bredt fagmiljø

• Mye pasientkontakt og lite administrativt arbeid

• Godt og trivelig arbeidsmiljø

• Konkurransedyktige betingelser

Sykehusdirektør Sør og Vest

Hanne Barkved mobil: 93 65 48 58 e-post: hanne.barkved@aleris.no

Bli en del av Aleris du også! Send en søknad til rekruttering@aleris.no

This article is from: