1 minute read

Å planleggje 4H-året

Medlemsregisteret

Det er viktig at alle som er med i 4H er registrert i medlemsregisteret.

Advertisement

Endringar i medlemsregisteret som vil få innverknad på klubbarbeidet og rettleiingar til bruk av det nye systemet vil verte presentert på https://4h.no/ ressurssider/

og i andre informasjonskanalar som vi nyttar.

Alle kan endre sine eigne opplysningar, men det er berre leiar, nestleiar, kasserar, sekretær og klubbrådgjevar som kan endre for alle medlemmene i klubben.

Du finn gode rettleiingar for dei ulike registreringane og rapportane på nettsidene til 4H: https://4h.no/ ressurssider/ Alle betalte 4H-medlemmer er forsikra når dei er med på eit 4H-arrangement. Både 4H sentralt, 4H i fylket og 4H-klubben brukar medlemsregisteret for å kunna sende medlemsblad og anna informasjon til rett adresse. Medlemsregistert gir også oversikt og informasjon om merker, og då bør opplysningane om medlemmene vere rette. For at medlemsregisteret skal fungere, er det viktig at de i 4H-klubben gjer ein god jobb. Det er di plikt som sekretær å sjekke at opplysningane som namn, adresse, telefon og e-post er rett registrert på den einskilde medlemmen. Du skal med andre ord kvalitetssikre det som står i registeret. Medlemmene kan sjølve når som helst gå inn og rette personopplysningane sine. Medlemsregisteret kan blant anna nyttast til å ta ut lister over alle medlemmene i klubben din, eller sende e-post og SMS til alle medlemmene. Registeret letter arbeidet i 4H-klubben ved at medlemmene sjølve kan gå inn og melde seg på dei ulike kursa og arrangementa i fylket og nasjonalt.

Rapportar I medlemsregisteret kan du som sekretær, eller andre i styret, ta ut rapporter som er nyttige til bruk i klubben.

Desse rapportane kan styret ta ut frå medlemsregisteret: • Saldoliste

Her kan du sjå om det er nokon som ikkje har betalt medlemskontingenten til 4H Norge, eller om det er arrangement som ikkje er betalt.

• Medlemsliste

Denne lista visar blant anna medlemsnr., fødselsdato., adresse og e-post til medlemmane i klubben.

• Påmeldte til arrangement som kjem

Her kan du sjå kven i klubben som har meldt seg på komande arrangement.

• Etikettar

Her kan du ta ut etikettar over alle medlemmene i klubben.

• Haustfestliste

Her kan du blant anna sjå verva, prosjekta og merka til medlemmene i klubben. Det er viktig at denne lista er riktig før bestillingen av merke

This article is from: