1 minute read

Sosiale media

Praktisk informasjon og reiseinformasjon Landsmøtet i 4H Norge 2022 29.-30. juli 2022

1. Reise og opphald

Advertisement

1.1. Reise til landsmøtet

Den enkelte utsending til landsmøtet kjøper billett sjølv, eller kontaktar fylkeskontoret for hjelp til dette. Hugs å bestille billettar i god tid, då 4H Norge dekkjer reiseutgiftene etter billegaste reisemåte.

Nordfjord Folkehøgskole ligg på Sandane, 4,7 km frå Sandane lufthamn. Adressa er Øvre Nordstranda 380, 6823 Sandane. (Det er også mogleg å fly til Førde, det er ca. 1 time å køyre derifrå.) Om du kjem med fly kan ein ta taxi, vi ordnar avtale med Maxi Taxi som vert sett opp ved varsla tid når du kjem. Husk å melde frå om når du kjem. E-post: margit.jaere@4h.no Køyrer du bil sjå google Maps.(Om du legg inn Nordfjord Folkehøgskule så kjem den opp i kartet.) Det er også mogleg å ta VY-Express buss frå Oslo bussterminal- Sogndal skysstasjon (6t45min)

1.2. Avreise frå landsmøtet

Vi håpar at alle som er på landsmøtet skal vidare til landsleiren. Om du har gløymt å krysse av på transport i påmeldinga er det fint om du tek kontakt på førehand. Vi samarbeidar med Landsleiren og får ein felles transport til leiren etter at landsmøtet er ferdig. http://www.rica.no/

1.3. Kostnadar ved reise

1.3.1. Representantar for klubbane

Etter 4H Norge sine lover § 5 pkt. 15 vert reise- og opphaldsutgifter for landsmøterepresentantane dekka av den dei representerer. I § 7.7.j er det likevel lagt til landsstyret å vedta reglar for reiseutjamning for klubbane sine representantar valde av fylkesårsmøta.

Landsstyret vedtok i sak 12.01 i 2018 ei reiseutjamning på kr 1500 for kvar av klubbane sine representantar til 4H Norge sitt landsmøte valde av fylkesårsmøtet. Klubbane sine representantar sender difor reiserekninga til 4H Norge, som så fakturerer fylket for eigendelen på kr 1 500.

1.3.2. Fylkesstyreleiar

Fylkesstyreleiar si reise og opphald vert dekka heilt ut av 4H i fylket sitt budsjett, og reiserekninga skal sendast til 4H i fylket. Fylket vert fakturert for opphaldet av 4H Norge i etterkant av landsmøtet.

More articles from this publication:
This article is from: