1 minute read

Administrasjon

Glede over endeleg å kunne møtast fysisk igjen.

Administrasjon

Advertisement

2021 har vore endå eit år prega av koronapandemi. Det var krevjande å halde motet oppe, når planar støtt måtte avlysast eller utsetjast, med heimekontor store delar av året og få fysiske møte med kollegaer og 4H-arar. 4H Norge har eit engasjert sekretariat som vil det aller beste for 4H-arane og som gjer alt dei kan for at dei unge skal lære ved å gjere. Sekretariatet fortener all mogleg honnør for å ha klart å stå i det og fått 4H igjennom nok eit krevjande år. I oktober hadde sekretariatet tilsettsamling i Tromsø, det var nokre etterlengta sosiale dagar som gav ny energi og knyta dei tilsette tettare saman som team. Under samlinga hadde dei tilsette òg ein bolk saman med Sentralstyret. Same helg og same sted var det òg landsstyremøte.

Økonomi

Omsetninga var på 28 842 112 kroner, og årsresultatet viser eit overskot på 1 903 790 kroner. Likviditeten er vurdert til å være god.

Sekretariatet

4H Norge hadde ved utgangen av året i alt 49 tilsette fordelt på 35,72 årsverk. i 4H er vi opptatt av å utnytte oss av resursane i heile landet og tilrettelegg for ei desentralisert tilsettstruktur, i 2021 har vi hatt til saman 19 distriktskontor rundt om i landet. 19,6 av årsverka (organisasjonsrådgivarar og prosjektstillingar) er finansiert av fylka. Styreleiar i 4H Norge er tilkjent ein viss økonomisk kompensasjon. Signe Lindbråten er generalsekretær i 4H Norge.

ÅRSVERK:

35,72

4H Hordaland: Dyktig 4H arrangerte motorsagkurs for dei eldste medlemmane. Deltakarane, som fekk dokumentert opplæring i bruk av motorsag, var svært nøgde med kurset.

This article is from: