Issuu on Google+

Etne Høgre Program 2011 - 2015

www.etne.hoyre.no


Høgre sitt grunnsyn Høgre byggjer politikken sin på ein konservativ framstegspolitikk, tufta på det kristne kulturgrunnlaget, rettsstaten og folkestyret. Høgre arbeider for å fremje personleg fridom, sosialt ansvar, medrådings- og eigedomsrett. Høgre går inn for maktspreiing og er motstandar av så vel offentleg som privat maktkonsentrasjon. Høgre meiner alle bør forplikte seg til eit nasjonalt og internasjonalt samarbeid. Høgre er med andre ord svært oppteken av at alle skal forstå kor viktig det er å bry seg for at flest mogleg skal få ein best mogleg kvardag. Høgre vil jobba for at kommunen ikkje blir stansa av fylket. Det viktigaste først ! Politikk er å prioritera. Etne Høgre vil bruka ressursane på det som er viktigast først. Etne Høgre vil med dette valprogrammet peika på nokre av oppgåvene vi meiner er viktigast å arbeida med i åra som kjem. Difor vil arbeidet med å leggja til rette for næringsliv, bustadbygging, helse, utdanning, kultur og fritid prioriterast. • Trygge lokalsamfunn • Kunnskap i skulen • Kvalitet i omsorga • Fleire betre og tryggare vegar.


Eg heiter Roar Gundegjerde, er fødd og oppvaksen på Stødle i Etne. Eg er ordførararkandidat for Etne Høgre, og vil skriva litt om meg sjølv og kva eg ynskjer å jobba for, om du røyster Høgre på årets valdag. Er ein samfunns og politisk engasjert mann. Har sidan 99 vore aktiv i Etne Høgre og har hatt ulike verv i Høgre, blant anna 4 år som kommunestyrerepresentant og 4 år som formann. Har sidan 97 vore med i styret til EtneCup. Det er arrangement som set Etne på kartet på en flott måte og som eg er stolt av å få vera ein del av. Jobbar nå som nasjonal avdelingsleiar i Adecco Norge AS, og har også ulike styreverv i bedrifter i Etne. Blir eg ordførar for denne flotte kommunen, noko eg håpar på, vil eg ha god nytta av det nettverket eg har fått i privat arbeidsliv. Eg vil være ein ordførar som har døra open for alle, liten og stor. Slik eg ser det er dei viktigaste sakene til Etne Kommune i den neste 4 års perioden: Samferdsel er stor oppgava som det må jobbast med heile tida. Me har store utfordringar med aukande trafikk på E 134. Nye trasear må på plass snarast ! Etablera et kommunalt tomteselskap, for bolig og indutritomter, saman med private aktørar. Då vil ein i samarbeid kunna tilretteleggja og utvikla bustad – og industriområde i Etne kommune Kommuneplanarbeid, jobba for at me kan laga gode planar for kommunen vår. Helse, jobba for bygging av nytt helse og omsorgssenter i Etne. Arbeide for best mulig skuletilbod i Etne, for både grunnskule og vidaregåande skule. Eg vil at Etne kommune skal bli den beste kommunen på Haugalandet å bu i! Det har me dei beste forusettningane for å klara! Kommunen vår er eit lite stykke Norge, frå sjø til bre. Ein kan bu i ei av dei flottaste bygdene i Norge og har heile Haugalandet og Sunnhordaland som arbeidstad. Bruk Etne som senter og tenk etter kor langt ein når på til dømes ein time… Me har ei levande bygd etter arbeidstid, med til dømes Skakkesenteret, fleire idrettslag og mange andre lag og organisasjonar som alle gjer ein flott jobb for bygdane våre.


Born og familie Borna våre er det aller viktigaste me har og familien er best eigna til å gje gode oppvekstvilkår. Etne Høgre vil arbeida for å : • gi eit utvida fleksibelt skulefritids- og barnehagetilbod til alle, slik at foreldra får større valfridom til å velje det omsorgstilbodet som passar best for deira born. • gi borna våre eit fritidstilbod som stimulerer til kreativitet, samhald og samarbeid.

Ungdom – framtida vår Etne Høgre vil arbeide for: • etablera ungdomstaxi, tur - retur Etne – Skånevik • ta initiativ til etablering av fritidstiltak for uorganiserte, som t.d. motorsport, sykkelsport, sandvollyballbane og lignande • få på plass eit hybelbygg for dei som tar utdanning i Etne • få realisert eit hestesportsanlegg • arbeida for å rusta opp idrettsanlegga til kommunen

Helse og sosial Offentleg velferd er eit viktig supplement til den velferd og tryggleik som kvar enkelt kan bidra med. Eit godt fungerande helsevesen er ein føresetnad for at eit lokalsamfunn kan fungera. Etne Høgre vil arbeida for: • bygging av eit nytt helse- og omsorgssenter i Etne, som er tilpassa behovet framover.


• at kommunen vår løyser oppgåvene som samhandlingsreforma medfører på best mogleg måte, fagleg og ressursmessig. Høgre vil styrka samarbeidet i regionen med omsyn til å sikra eit godt spesialisttilbod • at kommunen tilbyr god legedekkning – same kor ein bur. • oppretthalde eit verdig og interessant liv for personar med særbehov, m.a. med tilrettelagde arbeidsplassar. • medvirka til at private kan etablera behandlingstilbud lokalisert i kommunen. • å etablera eit bufellesskap innanfor psykiatritenesta

Bustader Det er viktig at innbyggarane sjølve kan få velja kvar i kommunen dei vil bu. Etne Høgre vil arbeide for å : • leggje til rette for bustadbygging både i sentrumsnære område og elles i kommunen. • tilby kommunale bustadtomter til konkurransedyktig pris. • etablera eit kommunalt - privat tomteselskap.

Eldre Det er sjølvsagt for Høgre at eldre får ein verdig alderdom. Etne Høgre vil arbeida for å: • leggje til rette for at alle som ynskjer, og som er i stand til det, skal få bu heime under så trygge tilhøve som mogleg. • at dei som ikkje ynskjer eller kan bu heime, får tilbod om omsorgsbustad eller sjukeheimsplass tilpassa ønske og behov. • søkje samarbeidsformer med lag og organisasjonar som kan ivareta dei eldre sine interesser. • ha god nok grunnbemanning og fagpersonell til å utføra oppgåvene på ein kvalitetssikker god måte innan eldreomsorga • etablera dagsenter for dei demente, samt eit demensteam / ein demenskontakt i kommunen


Skule Born og ungdom fortener den beste starten på livet. Tryggleik på skulen og skulevegen, og trivsel utan mobbing er føresetnader for å lukkast. Etne Høgre vil arbeide for: • at Etne kommune har ein kvalitetsskule der elevane får god fagleg og sosial lærdom og utviklar evner og lyst til å ta utfordringar. Dette skal sikrast ved å tilby godt kvalifiserte lærarar, oppdaterte læremiddel og gode undervisningstilhøve. • å vidareutvikle samarbeidet mellom skulen, borna og foreldra for å skape ei felles forståing av kva for kvalitetsmål vi skal setja til skulen og korleis ein i samarbeid kan nå desse måla. • at born med særskilde behov vert gitt eit tilrettelagt tilbod slik at alle får ei harmonisk utvikling av evnene sine. • å innarbeide antimobbetiltak i alle skulane • førebygging mot rusproblem • fremja eit godt kvalitetssikra leksehjelpstilbod • å styrkja undervisningstilbodet i basisfaga • å utvida det vidaregåande skuletilbodet i Etne. • i størst mogleg grad halda fast på den skulestrukturen me har i dag, om elevgrunnlaget tilseier det. • å fremje kultursatsinga i skuleverket.

Kyrkje, kultur og fritid Kultur- og fritidstilbod er svært viktig i lokalsamfunnet. Det handlar om å tilby variasjon innan kultur, idrett, friluftsliv og andre fritidstilbod. Etne Høgre vil arbeide for: • at Skakke blir eit levande senter for heile Etne kommune • å støtte opp om tiltak i alle bygdelag, velforeiningar og organisasjonar som fremmar sunne kultur- og fritidsinteresser. • å samarbeide aktivt med lag og organisasjonar for å sikre eit så breitt kultur- og fritidstilbod som mogleg, samt auka årlege løyvingar til drifta. • å sikra at arbeidskyrkja i Etne vert realisert. • å skaffe midlar til å drifte Olav Vik stiftinga og badestranda på Sandvik.


Energi Me har store vassressursar i Etne kommune. Behovet for elektrisk kraft blir større og større . Det er store gevinstar å henta på energiøkonomisering både i offentlige bygg, i industrien og i hushaldningane.Det er difor viktig at denne produksjonen kan aukast ved hjelp av miljøvenleg kraft. Etne Høgre vil arbeide for: • å betra vilkåra for minikraftverk og andre miljøvenlege innvesteringar som t.d. biogass, flisfyring.

Samferdsel Det er ein klår samanheng mellom gode kommunikasjonar og næringslivet sine evner til verdiskaping. Gode og trygge vegar er også viktig for at folk skal ynskja å busetja seg i kommunen. Store avstandar og spreidd busetnad styrkjer trongen for gode kommunikasjonar. Etne Høgre vil arbeide for å: • få gjennomført omlegging av E-134 utanom Etne sentrum og nye trasear frå Stordalen til kommunegrensa mot Vindafjord • Vidareutvikle det interkommunale samarbeidet for å utvikla E-134 til ein samanhengande, moderne Europaveg. • at sykkel- og gangsti i kommunen vert prioritert. • lage veg under gateplan ved Skakkesenteret • å føre vidare arbeidet med tunnel mellom Etne og Skånevik, og mellom Etne og Sauda. • Stø opp om realisering av Haukelibanen • Stø opp om fiber utbygging i heile kommunen.


Næringsliv Alle kommunar bør ha eit variert og interessant tilbod av små og mellomstore verksemder. Verdiskapinga som skjer i desse verksemdene, er avgjerande for det totale velferdstilbodet i kommunen. Etne Høgre vil arbeide for: • nytenking i næringspolitikken der ein stør opp om det arbeidet som Etne Næringsutvikling gjer. • å leggje til rette for vekst og utvikling for eksisterande og nye verksemder. • at alle initiativ blir tatt på alvor, slik at driftige menneske skal få høve til å skapa nye arbeidsplassar. • at kommunen tilrettelegg for attraktive næringsområde. Etablering av eit kommunalt/privat tomteselskap for næring. • at arbeidet med kommuneplanar og reguleringsplanar får høgaste prioritet. • at nedbygging av landbruksjord blir kompensert med kommunal medverknad til nydyrking.


Etne – ein servicekommune Etne Høgre vil at Etne skal vera ein interessant og god kommune å bu og driva næringsverksemd i. For å lukkast med dette må alle som arbeider i kommunen ha ei positiv haldning og vera viss på at deira funksjon er å yta best mogleg service til innbyggjarane i kommunen. Etne Høgre vil arbeide for: • at handsamingstida for kommunale saker og liknande blir redusert monaleg • at kommunen prioriterer offentlege oppgåver, og overlet til andre arbeid kommunen ikkje må ta seg av. • at kommunen kjøper private tenester når det lar seg gjera. • at kommunen etablerer eit særskilt klageorgan for å sikra at den einskilde innbyggjar og verksemd vert rett og respektfullt handsama i kommunen.

Våre støttespelarar: Etne Elektrosenter Etne Sand og Pukk Eurosko Møbelringen Brdr Flatebø Lars Olav Bergsvåg Tungesvik Bygg Etne Conteinerservice Etne Auto AS Tannlege Bjørn Karlsen


Landbruk Vern om eigedomsretten, fridomen og retten til sjølv å bestemme står sentralt i Høgre sin politikk. Respekten for folk sitt ønske om å klare seg sjølve og leve av sitt eige arbeid er sentrale mål. Eit distriktsvenleg landbruk som kan tilby forbrukaren mat og opplevingar av god kvalitet og akseptable prisar, og som sikrar matvareberedskapen, er heilt sentralt i Høgre sin landbrukspolitikk. Det er viktig at det er færrast moglege hindringar i vegen frå bonden til brukaren, slik at bonden i større grad enn no kan leve av dei inntektene som marknaden gir. Høgre sin landbruks- og distriktspolitikk skal auka graden av sjølvforsyning i Noreg og samstundes sikra eit ope og vakkert kulturlandskap over heile landet. Etne Høgre vil arbeida for å : • leggja til rette for vekst og utvikling av eksisterande og nye verksemder. • at freding og verning av eigedomar ikkje hindrar ei fornuftig utnytting og drift av desse • at landbruket blir stimulert til nytenking, og at landbrukskontoret gir fagleg hjelp innanfor aktuelle område. • stimulera til nye samdriftsformer. • meir samarbeid mellom turistnæring, industri og landbruk. • å medverka til auka satsing på energiressursane i landbruket. • å stø opp om arbeidet med å utvikle hyttefelt i kommunen • at bonden får frådrag i likninga si ved kjøp av mjølkekvote


Økonomi Økonomisk styring av felles ressursar er ei av dei viktigaste oppgåvene til kommunen. Prioriteringane står politikarane for, mens gjennomføringa er administrasjonen si oppgåve. Det er difor viktig at vi kan tilby høvelege løns- og arbeidsvilkår i kommunen. Etne Høgre vil arbeida for: • Etne Høgre vil ikkje innføra eigedomsskatt på bustad og fritidseigedomar i kommande periode. • at det blir lagt til rette for konkurranse i tenester som ikkje må utførast av kommunen sjølv. Det er viktig for Etne Høgre at lokalt næringsliv får høve til å gi pris på varer og tenester.

Etne kommune si framtid Etne Høgre vil difor arbeide for å : • få redusert statleg og fylkeskommunal styring av arealdisponeringa vår. • utvikla planar som sikrar utvikling av tettstadane Etne og Skånevik til attraktive handelstader for lokalbefolkninga og turistar. • Stø opp om arbeidet med turstiar rundt tettstadane, t.d. tursti frå Etne Camping langs elva til elveosen, samt laga kart over alle turstiar/vegar i kommunen • ha ein kommuneplan som gir rom for framtidige, nye etableringar av industri, handel, bustadar og offentlege utbyggingar dei neste 30 åra. • leggja til rette for gode oppvekstvilkår for barn og unge. • Stø opp om og få realisert eit hestesportsanlegg • Sikra at ein får realisert nytt helse - og omsorgsenter.


Kandidatar 2011 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 11 12 13 14 15 16 17 18 19 20 21 22 23 24

Roar Gundegjerde Therese Lundal Ole Funderud Lars Olav Bergsvåg Anne Britt Grindheim Ivan Kaldheim Ole Martin Grindheim Ingunn Stølås Sondre Gunleiksrud Liv Astrid Hesjedal Lars L. Eintveit Torleif Vestre Nina Kaldtwasser Trygve Birkenes Egil Kambo Vanni Sævareid Roy Ivar Adolfsen Ingeborg Johansen Øystein Øverland Hilde Stølås Knut Grindheim Bjørn Karlsen Sigbjørn Rafdal Einar Arefjord

Enge Markhus Skånevik Sørstranda Madsgård Kaldheim Etnesjøen Etnesjøen Tendal Skånevik Markhus Madsgård Eljarvik Enge Kambe Kyrping Madsgård Kambe Sæbø Kambe Madsgård Etnesjøen Enge Molnes

Etne Høgre Kommuneval 2011


Valprogram Etne Høgre