Page 1

Film Data 8 Musikk m o l l Folkemusikk e m Innovasjon g l Ve Frisport ekstrem Trening & helse Idrett & Friluftsliv

Un n

de

g

ei

n

op

pt

ur

!

er j lin


“Er du glad i naturen, eller har lyst å bli glad i naturen, er Idrett og friluftsliv linja for deg! Klassemiljøet var helt unikt. Alle tok vare på hverandre og vi knyttet bånd som vil vare livet ut. Utallige sider med lovord og gode minner fra skolen kan skrives. For året på Voss Folkehøgskule ble det fineste kapittelet i mitt liv” -Emilie


Eit år på Voss Folkehøgskule? Voss Folkehøgskule er ein frilynt folkehøgskule og har rundt 100 elevar. Skulen har sidan starten i 1895 teke imot elevar med ulik bakgrunn frå heile landet. Voss Folkehøgskule er bygd for sterke opplevingar heile året. Voss er ei utprega idretts- og kulturbygd, omkransa av fjell og fantastiske fjordlandskap – den perfekte staden for ein aktiv og skapande folkehøgskule! Vi ønskjer å gi deg eit år du aldri vil gløyme! Vi legg vekt på godt humør og ein sunn livstil. Eit motto vi trur på, er: «Eat well – move well – think well». Det handlar om god næring og å bruke hovudet smart. Vi har salatbuffet og varme retter og brød til lunsj, og vi et middag etter ein time med fysisk aktivitet etter ditt nivå og behov; hovudet bruker vi i møte med kvarandre, med naturen og interessene dine – i dei mange faga og aktivitetane på skulen. Skulen har eit dyktig personale med høg kompetanse. Personalet står på saman for at du skal få oppleve det beste året i livet ditt. Skulen har eit godt fagleg tilbod og eit hyggjeleg og trygt miljø, dette skaper dei beste føresetnadene for deg og folkehøgskuleåret ditt.

Alle linjene på Voss Folkehøgskule har lengre utanlandsopphald på programmet, der du får oppleve andre kulturar og teste ut grensene dine. Det meste av undervisninga går føre seg på dagtid, men vi har òg timar på ettermiddag og kveldstid. Timeplanen er variert, med morgonsamling, linjefag, valfag, fellesfag, laurdagsseminar og elevkveldar. Dei fleste vekene har vi tre linjedagar, ein valfagsdag og to dagar med fellesfag og fellesaktivitetar, medan vi nokre veker legg vekk timeplanen til fordel for andre prosjekt, valfag, linjeveker eller reiser. Stikkordet for all undervisning er ny kunnskap og personleg utvikling, enten vi er i klasserommet eller ute i naturen. Skulen er godt utstyrt, med mellom anna musikkstudio, videostudio, datarom, spesialrom for keramikk og trearbeid, peisestove, tv-stove, trådlaustnett, vaskerom, styrkerom og gymsal. Vi har òg ein støl og ei hytte på fjellet. I tillegg har vi gode avtalar med lokale butikkar, treningssenter og Voss Resort og skibakkane der. Du vil òg få møte kulturlivet på Voss, der det vert arrangert mange konsertar med kjente band og artistar. Skulen ligg like utanfor Voss sentrum, i gangavstand til mange butikkar, kulturhus og offentleg kommunikasjon. Velkommen til eit spennande skuleår, fylt med utfordringar og opplevingar!


Voss er den perfekte staden for denne linja med det levande folkemusikkmiljøet sitt, høgskuleutdanning innan folkemusikk – Ole Bull Akademiet – og eigen folkemusikkfestival – Osafestivalen. På folkemusikklinja vil du få teoretisk og praktisk innføring i norske folkemusikktradisjonar. På folkemusikklinja utviklar du deg gjennom å jobbe med andre. Du får erfaring gjennom konsertar, av å stå på scenen og dra på turné. Skulen har gode øvingsrom og eige lydstudio som du kan disponere. Vi vil hjelpe deg til å utvikle ei sjølvstendig tilnærming til formidling og utøving av folkemusikk. Vi gir rom for nyskaping og samarbeider med elevane som går på musikklinja. Du får òg treffe andre med same interesser og får folkemusikkvenner frå heile landet.

Er du er interessert i musikk, i å lage eigen musikk, jobbe i studio, lære om musikk, oppleve konsertar, spele sjølv, få nye venner og ha det gøy, er dette linja for deg! På musikklinja utviklar du deg gjennom å jobbe med andre. Du får erfaring gjennom konsertar, ved å stå på scenen og dra på turné. Skulen har gode øvingsrom og eige lydstudio du kan disponere. Du får einetimar og opplæring i ditt instrument med inspirerande lærarar. Gjennom året vert du kjent med forskjellige sjangrar, og du lærer korleis du kan arrangere musikk i samspel, til film eller til eigen bruk! Gjer folkehøgskuleåret til ditt år det beste året i ditt liv! I New York besøkjer vi mellom anna konsertar, Broadway, jazzklubb, lydstudio, musikkbutikkar og Manhattan School of Music. Mange gode musikarar har starta karrieren sin på musikklinja på Voss Folkehøgskule, vert du den neste?

Folkemusikk -tur til Skottland -spelemannopplæring -einetimar på ditt instrument -spele med nye og spennande folk -danne nettverk -lage konsertar, dra på turné -samarbeid med Ole Bull Akademiet -Noregs beste folkemusikkutøvarar -delta på Osafestivalen

Musikk -tur til New York -einetimar på ditt instrument -spele med nye og spennande folk -lage konsertar, dra på turné -jobbe med studioinnspeling, både som musikar og teknikar -prøve musikk i forskjellige sjangrar -spel i forskjellige band -lage musikkvideo


Er du glad i å trene samtidig som du vil lære meir om helse og ernæring, er trening og helse linja for deg! Du vil lære om korleis styrke, uthald og bevegelsestrening har positiv effekt på både helse, kropp og sinn. Du vil lære å setje opp eit effektivt treningsprogram for deg sjølv og for andre. Året vil gi deg god kunnskap om ernæring og kva kosthaldet har å seie for helsa vår. Du vil lære om kva som er eit godt kosthald og ei god ernæring for best mogleg muskelstyrke og restitusjon.Trening og helse-linja vil ha noko av undervisninga si på eit lokalt treningssenter, som spinning, saltimar og eigentrening. Ein del av aktivitetane vil gå føre seg ute, for eksempel å gå på tur, jogge, sykle, vere på bootcamp, gå på ski, bruke skibakkane hjå Voss Resort og mykje meir. Trening og helse-linja vil gi deg kompetanse innan kosthald, ernæring, treningslære og fysiologi, noko som kan vere nyttig å ha for å få eit godt liv, men òg med tanke på vidare studium.

Trening & helse -studietur til Spania -treningsglede -samhald -meistring -kom i ditt livs form -få kunnskap og kompetanse om trening, kropp og helse -personleg rettleiing og utvikling

Er du klar for eit år der vi gjer kvardagen om til eit eventyr? Voss er ekstremsportens mekka, det veit alle, og kvart år kjem folk frå heile verda hit for å leike og verte utfordra i det mangfaldet naturen byr på. På linja Frisport ekstrem hos Voss Folkehøgskule kan du få gjere nettopp dette heile året – stå på ski, padle kajakk og dra på turar i eit spennande miljø saman med likesinna. På denne linja får du oppleve ekstremsport saman med ein liten og eksklusiv klasse på maks tolv elevar. Naturen på og omkring Voss er både utfordrande og vakker, og som elev på linja kan du nyte han eit heilt år. Du får kunnskap om korleis du kan få meir ut av dagane gjennom aktivitet i naturlege element, godt kosthald og spennande leik.

Frisport ekstrem -studietur til Soca i Slovenia -samarbeid og individualitet -personleg utvikling og meistring av naturelement -adrenalin og endorfinar -nokre av dei beste elvane i verda for elvepadling! -oppturar og nedturar


Året på idretts- og friluftslivslinja gir deg eit mangfald av aktivitetar. Ski, fjellturar, sykkelturar, volleyball, fotball, segling, fiske, dykking, overnatting ute, skredvurdering, kart og kompass er berre noko av det du får oppleve. Innanfor friluftslivet ønskjer vi å oppsøkje urørt natur og gi deg gode naturopplevingar saman med andre. «Eit rikt liv med enkle middel» gir meining for oss. Idrett og friluftsliv er ei av dei eldste linjene i folkehøgskulen som kombinerer idrett og friluftsliv. Kanskje ikkje så rart; Voss er ein perfekt stad for ei slik linje. Her er det eit aktivt idrettsmiljø, flotte idrettsfasilitetar og ei idrettsbygd som har store idrettsarrangement kvart år. Voss har òg eit av dei beste skianlegga i Nord-Europa og ein dramatisk og vakker vestlandsnatur.

Neste generasjon med arbeidsplassar vert bestemte av evna til å tenkje nytt både når det gjeld marknadsføring, produkt, marknad, råvarer, organisering og leiing. Vil du vere med og skape arbeidsplassar for framtida, vil dette studiet gi deg grunnleggjande teori og ikkje minst praktisk erfaring. Du vil lære mykje om mellom anna kreativitet, samarbeid, å vere målbevisst og å ha tolmod, om kommunikasjon, sjølvstende og motivasjon. Du får jobbe med eigne prosjekt og prosjekt for eksterne bedrifter. Voss er kjent for evna si til nyskaping, samtidig som bedriftene legg vekt på tradisjon og kultur. Linja j obbar tett med næringslivet på Voss, men òg med bedrifter elles i landet. Innovasjonslinja er praktisk retta. Nyskaping, innovasjon og kreativitet er nøkkelomgrep. Gjennom eit tett samarbeid med lokalt næringsliv vil vi sørgje for at du vert godt førebudd, både for bedriftsetablering, vidare utdanning på høgskule og universitet og sjølvsagt spennande jobbar i framtidsorienterte bedrifter.

Idrett & Friluftsliv Innovasjon -Club La Santa, Lanzarote, med bl.a. vindsurfing, surfing, symjing, basketball, friidrett, saltimar og tennis -Nærøyfjorden med bretur -Solund, urørt kystlandskap, tradisjonsbåtar og mat frå havet -Rallarvegen, Aurlandsdalen, Stølen -to månaders skikurs -ei linje med sterkt samhald

-USA – LA, San Francisco og Silicon Valley! -tett samarbeid med vekt på kreativitet, innovasjon og entreprenørskap -bedriftsbesøk og studieturar -entreprenørar frå næringslivet som brenn for verksemda si -rettleiing for å få fram det beste i deg -motivasjon til å tenkje nytt og til å skape verdiar


Tenkjer du på ein karriere innanfor data, eller vil du «berre» lære meir om faget, då er dette linja for deg!

På filmlinja jobbar vi kreativt og lagar ulike typar filmar, kortfilmar, dokumentarar, musikkvideoar med musikklinja og skifilmar med linjene Frisport ekstrem og Idrett & friluftsliv. Vi realiserer eigne idear og utviklar dei vidare i samarbeid med klassen. Produksjonsnivået er høgt, og vi ønskjer å lage filmar som formidlar ein bodskap, ei stemning, eller som fortel ei historie. Vi skal ha det moro medan vi arbeider, og oppleve det gode og viktige samarbeidet.

Stikkord for linja er grafisk design, nettsider, programmering, maskinvare, biletredigering, spelutvikling, reell erfaring, vere aktiv i nydeleg natur, bruke humor! Data er eit allsidig tilbod. I løpet av året skal du få teste ut nye og kreative måtar å bruke datamaskina på. Slik byggjer vi eit solid grunnlag for å bruke faget vidare i utdanning, jobb eller fritid.

Du får prøvd deg som produsent, regissør, klippar, skodespelar og fotograf. Vi jobbar i små produksjonsteam alt frå første prosjekt. Etter dette året vil du ha erfaring frå fleire filmprosjekt og ha ein grunnleggjande kompetanse til å kunne jobbe vidare med nye idear.

Undervisninga er emneretta med lett teoretisk innføring og mykje praktisk arbeid. Du vil få sjå alle sidene ved utviklinga, ikkje berre dei tekniske. Forutan oppgåver knytte til dei ulike kursa jobbar vi med prosjekt som tek utgangspunkt i interesser elevane har. Vi har òg samarbeidsprosjekt med andre linjer. Du har stor moglegheit til å lære mykje om det du vil!

Data -USA – LA, San Francisco og Silicon Valley! -besøk til studiestader og bedrifter -grafisk design, foto- og biletredigering, nettsidedesign og programmering, spelutvikling i Unity, maskinvare, programmering -kjekke prosjekt som gir deg reell erfaring -utvikle deg i den faglege retninga du ønskjer, med støtte frå andre

Film

På Voss og på folkehøgskulen skjer det mykje, og vi er med og dokumenterer det som skjer, for eksempel konsertar, elevkveldar, lokale og nasjonale skiarrangement, skuleturar og den første snøen. Alt skal filmast og i ettertid verte til filmvisingar på skulen og til gode minne frå året.

-tur til USA, Hollywood, LA og San Francisco -tur til Bergen Internasj. Film Festival -eit skapande og kreativt miljø -fridom til å utvikle deg sjølv og eigne idear - erfaringar du kan bruke vidare i livet. -realiser filmdrømmen


“Jeg angrer ikke et sekund på at jeg valgte film på Voss Folkehøgskule. Det var et veldig lærerikt år, med engasjerte lærere. Jeg oppdaget min kreative side og forelsket meg i faget. Det er det beste som har hendt meg” -Jennifer “Det viktigste er å ta initativ - dette året var min mulighet til å stå på en scene, utforske nye arenaer og gjøre ting jeg ellers ikke ville har gjort. “-Mikkel “Trodde ikke jeg skulle rekke å bli så glad i noen på bare et år. Det å gå på Voss Folkehøgskule gjør noe med deg. Du lærer å kjenne folk på en helt spesiell måte, noe du aldri vil oppleve igjen. De vennene jeg fikk der kommer jeg aldri til å glemme!” - Camilla


“Musikklinja på Voss Folkehøgskule gav meg helt nye utfordringer og fremfor alt muligheter som jeg aldri har fått oppleve siden. Å få være sammen med ambisiøse, kreative og gale mennesker 24 timer i døgnet gjennom et helt år er nesten for godt til å være sant!” - Andreas “Etter eit år på Voss folkehøgskule sitter ein igjen med mykje. Gode minner, gode vener og nye interesser. Det eg trur har vore meist verdifullt er nok den sjølvinnsikta og den personlege utviklinga ein oppnår ved eit slikt år. Ein lærar rett og slett seg sjølv betre å kjenne. På Frisport ekstrem har vi fått testa oss sjølv i eige tempo, utfordra og «pusha» oss sjølve. Mykje kunnskap og praktiske ferdigheiter har vi også fått gjennom ein inspirerande mentor!” - Helge


Om skulen På Voss Folkehøgskule kan du utvikle og utfordre deg sjølv, både fagleg og sosialt. Å gå på folkehøgskule handlar om å gripe livet, å vere aktiv og sprengje dine eigne grenser. Du lærer mest om deg sjølv i samspel med andre. Skulen er retta mot praktisk arbeid og eit godt miljø, eit kreativt univers for deg som vil leike og lære. Voss Folkehøgskule har to internat med sju mindre avdelingar. Kjøkkenet serverer frukost, lunsjbuffet med salat og varmretter, middag og kveldsmat kvar dag. Valfag, fellesfag, temaveker, fellesturar I tillegg til linjene tilbyr vi eit breitt spekter med valfag, mellom anna heildags skifag. Valfaga er ofte knytte opp mot aktivitetar linjefaga tilbyr, slik at elevane kan prøve aktivitetar frå andre linjer enn den dei alt går på, eller velje å fordjupe seg. Fellesfaga er varierte og skal utfordre, skape samhald, felles forståing og kan ta opp utfordringar og erfaringar. Vi har òg temaveker/dagar der vi mellom anna tilbyr vosseaktivitetar som å fly i Voss Vind, rafting, klatrepark, fjellturar, ski og anna moro. Skulen har i tillegg fellesturar for å skape samhald og trivsel og for å nyte vestlandsnaturen. Slik kjem du deg til skulen Det er lett å reise til og frå Voss. Bergensbanen og stamvegen E16 går gjennom Voss. Reisetid er vel 1 time til Bergen, ca. 5,5 timar til Oslo. Bergen, Lillehammer, Kristiansand og Haugesund kan òg nåast med buss. På Flesland utanfor Bergen ligg den internasjonale flyplassen. Kostnader Sjå voss.fhs.no - Søk Voss - Opptak/kostnader. Opptakskriterium: Voss Folkehøgskule har fortløpande opptak frå 1. februar til linjene er fulle.

Unn deg ein opptur! Søk

i dag!

Foto copyright: Erik Østli -Destinasjon Voss, Benjamin Hjort - Voss Resort, Svein Ulvund - Voss Now og Voss Folkehøgskule


voss.fhs.no

Voss folkehøgskule 2014-15  

Brosjyre

Read more
Read more
Similar to
Popular now
Just for you