14
Vestavind Torsdag 12. mars
Nye byggjereglar
I dag seier regelverket at frittliggande uthus større enn 15 kvadratmeter må søkast om til kommunen. Dette gjeld også for mindre bygg dersom det skal stå nærare enn fire meter frå tomtegrensa, eller er høgare enn 3 meter til mønet. Men frå 1. juli kan du byggja garasje eller uthus på inntil 50 kvadratmeter utan å søka, eller varsla naboen. Bygget kan stå inntil ein meter frå grensa utan at du må søka. Du treng heller ikkje samtykke frå naboen. Bygget kan ikkje ha mønehøgde på meir enn fire meter. Gesimshøgda kan maks vera tre meter. Tilbygg på inntil 15 kvadratmeter, som ved- og sykkelbod, balkong og ope overbygga inngangsparti kan setjast opp søknadsfritt med fire meter til nabogrensa.
Ver obs på fallgruvene Dei nye byggjereglane som trer i kraft frå 1. juli i år skal gje huseigarar større fridom og forenkla byggjeprosessen. Tekst: Kari Haukås kari@vestavind-sveio.no
Regjeringa varslar forenkla byggjereglar. Det er godt nytt for mange huseigarar. Men rådgjevar plan- og næringsavdelinga i Sveio kommune, Kristian Råsberg, får oss raskt ned på jorda igjen. Han er nemleg ikkje sikker på om det blir så knirkefritt som det høyrest ut til. – Det er litt for tidleg å konkludera ut i frå lovteksten. Lova er vedteken, men forskrifta som skal utfylla lovteksten er ikkje klar enno. Ein må difor ta eit lite atterhald om at høyringsforslaget kan verta endra. Hovudprinsippa må ein likevel rekna med er lagde. Det er uansett eit krav at det du byggjer må vera i samsvar med reguleringsplanen eller kommuneplanen eigedomen din er omfatta av. I tillegg må arbeida følgja anna lovverk, som til dømes veglova sine byggjegrenser. Her kan det liggja mange fallgruver, som likevel gjer at du må søka om dispensasjon. Dersom høyringsteksten blir vedteken ser Råsberg fleire ulemper.
Behov for justering
– Det er først og fremst på mønehøgda eg føler det er behov for ei justering. Viss ein meiner alvor med å driva forenkling, bør mønehøgda opp ein meter på ein frittliggjande garasje. Ein typisk standard garasje på 50 kvadratmeter i dag har ei mønehøgd på rundt 4,7-4,8 meter, difor meiner eg det nye forslaget ikkje er ei reell forenkling, men heller til besvær, kommenterer Råsberg. 80-90% av garasjane som blir bygde i Sveio er høgare enn dei føreslegne 4 metrane, og ingen av desse ligg an til å verta ramma av den sokalla forenklinga. Han trur at ved innføring av dei nye vedtektene vil ein del av garasjeprodusentane tilpassa høgdene og storleiken, men det skjer ikkje utan utfordringar.
Går ikkje langt nok
Skal du byggja ein 50 kvadratmeter stor garasje med mønehøgd på maks fire meter, får du ein svak takvinkel. Då kan du lett koma i strid med reguleringsplanar. Blir det til dømes stilt krav om saltak på 35 grader, då klarar du nødvendigvis ikkje det på 50 kvadratmeter og fire meter til mønet. – Det er her eitt av ankepunkta ligg, at regjeringa går ikkje langt nok. Ein må ta atterhald om at forskriftene ikkje er ferdige enno, men fire meter gjer ikkje kvardagen for folk flest enklare, fastslår Råsberg.
Kristian Råsberg, rådgjevar plan- og næringsavdelinga i Sveio kommune, rår alle som skal byggja ta ein sjekkrunde før dei går i gong med arbeidet. Foto: Kari Haukås
Utnyttingsgrad
nadsplikta, og naboen protesterar, då er Til heilårsbusetnad i byggefelt er det ikkje dette lenger ei sak som går vidare i mellom 25 og 30 prosent utnyttingsgrad, det kommunale systemet. Då er det Gransom styrar kor stor del av tomtearealet nelova som gjeld, og saka kan hamna i som kan bebyggast. Det har blitt ein inn- domstolane. arbeida standard i Sveio, Råsberg rår difor folk til til dels også på landsbasis. naboane sine «Fire meter åførorientera Trenden er imidlertid at dei går i gong med byggjer ikkje tomtene blir mindre og utgjearbeid, uavhengig om nyttingsprosenten aukar. er søknadspliktig kvardagen arbeidet Utnyttingsgrada er også eller ikkje. Grannelova seier noko ein må passe på å vera for folk flest nemleg at arbeid som kan innanfor dersom ein skal vera til skade eller ulempe enklare» føre opp bygg utan søknadsfor naboen har ein plikt til å plikt. I Sveio er det gjeve eit informera om, heilt uavhenKristian Råsberg, rådgjevar plan- og par dispensasjonar i eldre gig av om byggearbeidet er næringsavdelinga i felt for å stimulere til høgasøknadspliktig etter planSveio re arealutnytting i sentrum. og bygningslova. I somme delar av sentrum kan det vera opp til 45 prosent utnytting. Nytt om tilbygg Generelt er utnyttingsarealet mindre Eit frittliggande uthus på inntil 15 kvai hyttefelt, ein kan difor koma snarare i dratmeter kan du allereie i dag sette konflikt med planar dersom ein skal byg- opp utan søknad, men fire meter frå nagja på hytta. bogrensa. Den største endringa med 15 kvadratmeter bygg, er at du frå 1. juli kan Informer naboen plassera bygget som tilbygg. – Og garasjen kan du snart plassera ein I dag er alle tilbygg søknadspliktige. Med meter frå naboen, utan å spørja? endringar vil tilbygg opp til 15 kvadrat– Stort sett går det greitt også innanfor meter unntakast frå søknadsplikt, vel og dagens planar og lovverk. Men set du i merka dersom det ytre hjørnet på tilbyggong og byggjer innanfor fritaket av søk- get er 4 meter frå naboen.
Vilkåret er at det skal vera samsvar med teknisk forskrift, vedteken plan, og det må ikkje vera rom for bebuing, til dømes ved- og sykkelbod, balkong, altan. Takoverbygg treng du heller ikkje søka om. – Er det lettare å få tilgjeving enn løyve? – Me behandlar all ulovleg bygging som om det ikkje er bygd, svarar Råsberg. At bygningen står der spelar difor ikkje inn i behandlinga av saka. – Er det mange som tek kontakt for å få råd om byggesaker? – Det er stor aktivitet Sveio kommune, det merkar me på eit jamnt sig av saker. Folk har blitt flinkare til å ta kontakt, og har også eit meir bevisst forhold til det å sjekka ut lovar og reglar. Så lenge me lever i ein nasjon av oppussarar så er kunnskapen om bygningslova heilt nødvendig. Det ser me at sveibuen er oppteken av.