Sommarvind 2014

Page 18

18

SOMMARVIND

To bilar blir til ein. Den blå Alpina «donorbilen» med alle delane, og den kvite 87-modellen, BMW 518 (E28) som blei brukt som karrosseri.

Mange timar har gått med i garasjen.

Første luftetur på eigne hjul.

Ein av mange forsendingar i posten – skuar til takluka.

Setene er trekte om i skinn. Det var dei ikkje originalt, men ein oppgradering Ivar Lae Pedersen har valt å gjera. Dei noko sære blå og grøne stripene på setene, er varemerke for Alpina.

seljaren lova meir enn bilen var god for. Det var ikkje noko anna å gjera enn å bretta opp ermane, og pussa på rust og tectylbehandla for alle pengane. Arbeidet med oppbygginga har tatt langt tid. – Eg brukte over fem år på å samla inn delar. Originale Alpina-delar er sjeldne, så det har vore tidkrevjande, medgir entusiasten, som har detaljsamla skruar, klips og deksel. I BMW-miljøet skal alt vera originalt. Med sitt breie kontaktnett verda over, har han fått skaffa alt han treng. Og det har kosta sin pris. Eit døme på begjæret, er eksospakningane til motoren. Dei venta han på i to år – til ein total kostnad av 12 000 kroner. Då var dei originale. Ingen freistande snarvegar blei tatt, og når alt kjem til alt, har han nå ein heilt ny bil.

Framgang

Eit slikt utgangspunkt er vanleg for Ivar Lae Pedersen. Om ei tid skal dette bli ein fullverdig 1976 BMW E21 Peters cab i utstillingsstand.

Om det var denne lastebilen ungguten sat og ratta i som barn veit han ikkje, men bilen vart i 1930 seld til Sveio. Den skal bli til ein tysk/amerikansk hotrod. Prosjektet er allereie godkjent av Biltilsynet.

Mykje av drivkrafta og motivasjonen for å halda fram med bygginga, er takka vere eit diskusjonsforum på nettet for BMW-entusiastar, bimmers.no. Der er han kjend bak nicket Pedi, og er vidt kjend for sin prosjekttråd. Der har han lagt ut alt frå A til Å om prosessen, med over 2 000 bilete. Motgang og framgang. Backup og støtte. I skrivande stund har tråden «Pedi's BMW E28 Alpina B7 TurboKat» 205 000 visningar og nesten 5 000 svar. Den er då nettstaden sin lengste tråd, med sine 429 sider. Brukarane på forumet har og vore hjelpsame mot superbrukaren frå Sveio. – Eg har fått tilsendt ting eg trong til bilen i posten, heilt gratis, fordi dei meinte at denne delen skulle eg ha, fortel Pedersen. Gule løvetannar blømer langs vegane, og Pedersen har tenkt seg på fleire biltreff ut over vår og sommar, i inn- og utland. Diamanten skal visast fram. Det har til og med blitt «kalenderpike» av frøken Alpina – bladet Autofil har valt bilen til Pedersen til motiv i mai.

Fleire prosjekt

Med gullbilen i boks, ventar to nye prosjekt for Pe-

Innsuget har spesiell utforming.

dersen. Ein haug bildeler, som kan forvekslast med vrakdelar, skal bli gjenoppliva til ein 1976-modell BMW E21 Peters cabriolet. – Eg veit ikkje kva eg skal begynna på av den og lastebilen. Eg skal byggja opp ein 1929-modell Chevrolet Truck med BMW V12-motor òg. Ein amerikanar med BMW-hjarte og motor. Ein Ivarbil, seier Pedersen, som trur han vil bli både hata og elska i både tysk og amerikansk leir for denne hotroden. – Det skal bli eit bra bygg, og det er det som betyr noko. To-setaren med plan var registrert for første gong i Haugesund, og seld til Sveio 2. januar 1930. Alt han har av delar, er ei ramme og nokre 85 år gamle rusta stålplater, men ikkje minst ein idé. Planane for denne er allereie forhåndsgodkjend av Biltilsynet, før han har begynt å skru ein einaste skrue. Pedersen har fått «nokre» køyretøy godkjende for trafikken hos dei, og er på førenamn med dei fleste tilsette der. – Eg har prøvd å gå fram som seriøs, og hatt ein god dialog på førehand. Mange ungdommar dukkar fordomsfulle opp med ferdigbygde bilar med store motorar, og blir irriterte om bilane ikkje får skilt. Ein må greia hunden med håra, og ikkje gå bak ryggen på Biltilsynet. Dei er ikkje vrange slik mange trur, dei har eit regelverk å halda seg seg til. Ein god dialog og forståelse for regelverket er stikkordet, tipsar Pedersen.


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.
Sommarvind 2014 by Vestavind Bygdeblad for Sveio - Issuu