Sommarvind 2021

Page 26

26

Vestavind • Sommarvind 2021

10 av 16 frå klassen er bu Ikkje overraskande er jobb og kjærleik stort sett grunnen til at dei andre har flytta

1. K or bur du no, og kor lenge har du budd her? 2. Sivilstatus/barn? Marianne Natås Holmedal Oppvaksen på Haukås 1. E g bur i Kvinnherad, og har gjort det sidan våren 2019. 2. Gift, og ein gut på snart 3 år. 3. M e var lenge usikre på kor me ville busetja oss, men valgte til slutt heimstaden til mannen min. Eg liker naturen her, både fjell og fjord. I tillegg skal me overta garden mannen min er oppvaksen på. 4. Eg arbeider som fysioterapeut på Husnes. 5. E g saknar aller mest å vera nærmare familie og vener. Sveio vil for alltid vera heimstaden min, og eg gler meg kvar gong me kjem heim. Samtidig trivst eg veldig godt her me bur nå. Eg synest Sveio har mange flotte tilbod, og eg saknar ikkje noko spesielt.

Frode Eriksen Oppvaksen i Valevåg 1. E g har budd på Tittelsnes i 8 år, men overtar no barndomsheimen min i Valevåg, 2. Sambuar, to barn. 3. D et er her eg har familien min. 4. E g jobbar som driftsoperatør på eit oppdrettsanlegg i Førde.

3. Kvifor busette du deg her? 4. K va gjer du på til dagleg? 5. For dei som ikkje bur i Sveio: Kva saknar du med Sveio, og kva skal til for at du flyttar tilbake til heimkommunen?

Leif Bredor Stokka

Jon Kristoffer Nilsen

Oppvaksen på Rød

Oppvaksen i Valevåg

1. Eg bur på Åkrehamn, Karmøy. Har budd her i snart 6 år. 2. Gift, og har ei dotter på 3 år. 3. E g flytta til Karmøy etter at eg fekk jobb her, og så dame. Då var det ikkje vits i å vera i Sveio. 4. Startar på fiskebåten M/S Kasfjord nå i mai. 5. Eg saknar naturen. Der eg budde var det tett på vatn, sjø og skog. Eg kjem mest sannsynleg ikkje til å flytta tilbake til Sveio, då me trivst veldig godt på Åkra. Kona mi vil ikkje busetta seg i Sveio.

1. Eg bur i Haugesund, og har budd her i 7 år. 2. Singel. 3. Det var meir for meg å gjera her enn i Valevåg. Eg har fleire vener i Haugesund. Eg har ikkje bil, og det å ta buss tidleg om morgonen og komma heim seint om ettermiddagen gjer noe med energien. 4. Eg jobbar på vaskeriet til Uni-k. 5. Det er eigentleg ikkje så mykje eg saknar med Sveio/Valevåg.

Eirik Høyland

Stian Svarstad

Éin av dei tidlegare elevane ønskte ikkje å vera med, men har oppgitt at bustad er i Sveio.

Tom André Sæverhagen Oppvaksen i Førde 1. Eg bur i Indre Østfold, har budd her i litt over 5 år. 2. Singel. 3. Eg ønskte forandring. 4. Eg jobbar som anleggsrøyrleggar. 5. Det eg saknar med Sveio er nok landskapet. Eg veit ikkje heilt kva som skal til for at eg skal flytta tilbake.

Oppvaksen på Straumøy

Oppvaksen på Haukås

1. Eg bur i Sveio Sentrum, her har eg budd sidan 2009. 2. Sambuar og to barn på 2 og 4 år. 3. Eg busette meg i Sveio sentrum for å bu sentralt. Sambuaren min er her ifrå. 4. Til dagleg jobbar eg som energimontør i Haugaland Kraft.

1. Eg bur i Solheimslio i Førde, har budd her i 9 år. 2. Sambuar, to gutar som er 6 og 3 år. 3. Det er fint i Førde. Her har eg mange vener på same alder, med barn i same alder. Her er det kort veg til det meste. 4. Eg jobbar som automatikar offshore for Equinor.


Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.