Regulativ for godtgjersle til folkevalde, frå 01.01.2019

Page 1

VANYLVEN KOMMUNE SITT REGULATIV FOR GODTGJERSLE TIL FOLKEVALDE FRÅ 01.01.2019 Endring av heimel varaordførar frå 01.03.2008 – K-sak 7/2008. Revidert i K-sak 77/2016 og Ksak 15/2019 1. Ordførar Ordførar får ved heil stilling ei årleg godtgjersle tilsvarande 9 G, løna vert justert pr 01.05. Ordførar får ikkje vanleg møtegodtgjersle eller fast godtgjersle som medlem i formannskapet. Ordførar får ikkje ekstra godtgjersle for evt. andre verv i styre, råd og utval. 2. Varaordførar Varaordføraren si godtgjersle vert sett til 12 % av ordføraren si godtgjersle (9 G) pr. 01.05. Varaordføraren får i tillegg vanleg møtegodtgjersle, men ikkje fast godtgjersle som medlem i formannskapet. 3. Faste godtgjersler 3.1 Medlemmer av formannskapet får ei fast årleg godtgjersle tilsvarande 1 % av ordføraren si godtgjersle (9 G) pr. 01.05. 3.2 Utvalsleiarar i livsløpsutvalet, driftsutvalet og kontrollutvalet får ei fast årleg godtgjersle tilsvarande 1 % av ordføraren si godtgjersle (9 G) pr. 01.05. 3.3 Leiarar i andre faste utval som ikkje er lagt til hovudutval får ei fast årleg godtgjersle på 0,5 % av ordføraren si godtgjersle. Dette gjeld ikkje leiar i ungdomsrådet, som har eige regulativ. 3.4 Fråver frå meir enn 1/4 av møta fører med seg ein tilsvarande reduksjon som står i høve til talet på møter i året. 3.5: Varamedlem som møter på meir enn ¼ av møta i eit politisk organ, får fast godtgjersle tilsvarande. 4. Møtegodtgjersle 4.1 For møte i formannskap og kommunestyre vert det utbetalt ei godtgjersle på 0,010 G pr møte. 4.2 For møte i livløpsutvalet, driftsutvalet og kontrollutvalet vert det utbetalt ei godtgjersle på 0,005 G pr. møte. 4.3 For møte i andre faste utval vert det utbetalt ei godtgjersle på 0,005 G pr møte. Dette gjeld ikkje ungdomsrådet, som har eige regulativ. 4.4 For møte i ad-hoc-utval vert det utbetalt ei godtgjersle på 0,005 G pr. møte. 5. Tapt arbeidsforteneste 5.1 Legitimert tapt arbeidsforteneste vert betalt ut med inntil 7,5 * 0,005 G pr. dag. 5.2 For private næringsdrivande vert det utbetalt ulegitimert tapt arbeidsforteneste på 0,005 G pr. time. Tapt arbeidsforteneste vert berre betalt for vedkomande si normale arbeidstid og avgrensa til 7,5 timar. Også ved ulegitimert tapt arbeidsforteneste er det føresetnaden at berre verkeleg tap og verkelege utgifter kan erstattast. Det må gjevast opp kva yrke ein har, og ordinær arbeidstid på den dagen vervet vart utført. Arbeidstida skal rundast av til nærmaste heile timetal. 6. Telefongodtgjersle 6.1 Vanylven kommune held og blir fakturert for eit mobilabonnement til ordføraren.


6.2 Telefongodtgjersle til andre enn ordføraren vert utbetalt til dekning av faktiske utgifter til privat telefonhald: Varaordførar, øvrige medlemmer i formannskapet, leiarane i driftsutvalet, livsløpsutvalet og kontrollutvalet får dekt telefonutgifter på kr. 500,- pr. år. 7. Reiseutgifter Reiseutgifter vert dekt etter reglane i det kommunale reiseregulativet. Reiser ut om kommunegrensa som krev overnatting må berre skje etter vedtak i formannskapet eller nemnda/rådet/utvalet vedkomande ombodsmann tilhøyrer. Dette gjeld ikkje for ordførar som sjølv avgjer kva reiser som er naudsynte. 8. Utgifter til barnepass med meir Faktiske utgifter til barnepass, tilsyn med funksjonshemma, eldre mv. vert dekt. Utgiftene skal dokumenterast. 9. Pensjonsordning Kommunen skal ha pensjonsordning for ordføraren. 10. Utbetaling av godtgjersler 10.1 Fast møtegodtgjersle og møtegodtgjersle for einskildmøte vert å utbetale pr halvår. 10.2 Tapt arbeidsforteneste og reiserekningar kan betalast pr. månad, men minst 1 gong i året. 10.3. Krav om tapt arbeidsforteneste og reiserekningar må sendast inn til kommunen innan 10. desember. 10.4 Vanlege foreldelsesfristar gjeld. 10.5 Krav eller rekningar som ikkje gjev tilfredsstillande opplysningar vert å sende tilbake til den som har sendt kravet, med opplysningar om kva reglar som gjeld. ----------------------Regulativ for godtgjersle til folkevalde skal reviderast annan kvart år.