Page 1

VANYLVEN KOMMUNE

Kommunestyret 19.Mars 2019

Interpellasjon: Arbeidsavklaringspengar (AAP) og verknadane av dei nye reglane som kom 1. januar 2018 Interpellasjon frå Ottar Jan Løvoll om arbeidsavklaringspengar (AAP) og verknadane av dei nye reglane som kom 1. januar 2018.

Representasjon av ungdomsrådet i kommunestyret Ordføraren tok eit initiativ overfor ungdomsrådet for å avklare om det var interessant for ungdomsrådet å møte med to representantar i kommunestyret, der representantane var gjeve møte- og taleret.

Kvalitetsplan for barn og unge Kvalitetsplanen for barn og unge er eit styringsdokument mellom nasjonale føringar, kommuneplan og einingane sine verksemdsplanar, samt andre planar som rettar seg mot målgruppa barn og unge. Kvalitetsplanen skal peike på kva for retning tenestane for barn og unge skal bevege seg i.

Organisering av Olivinhallen Dagleg leiar ved Olivinhallen pensjonerer seg og det er nødvendig å sjå på organiseringa av drifta til hallen. Administrasjonen tilrår ei prøveperiode på to år med fordeling av ansvaret for drifta mellom teknisk sektor og kultur og oppvekst.

Evaluering av sommar SFO 2018 Kommunestyret vedtok 14.11.17 etablering av sommar-SFO i 2018 med 4 veker. Føresette bidrog med ei delfinansiering på kr 250,- pr. veke pr. barn. Resten av finansieringa skal gjerast ved løyving frå disposisjonsfondet. Sommaren 2018 blei det lagt til rette for sommarSFO i vekene 26, 32, 33. Tilbodet blei lagt til Fiskå skule. Samla var det 18 born som nytta seg av tilbodet.

Årsmelding frå kommunalt næringsfond (risikofondet) Vanylven kommunestyre vedtak i sak 12/2014 retningsliner for kommunalt næringsfond (tidlegare risikofondet). Retningslinene

oversikt

framgår av vedlegg. Saka no gjeld årsmelding for risikofondet.

Næringsfond - kommunal eigendel Vanylven Utvikling AS forvaltar næringsarbeidet for Vanylven kommune og inn under dette ligg òg forvaltning av næringsfondet. Fylkeskommunen har i 2019 sett som vilkår for tildeling av næringsfond på kr 500 000 at kommunen bidrar med kr 250 000. Rådmannen vil tilrå eit slikt bidrag gjennom bruk av disposisjonsfondet og kommunen vil tilføre næringsfond kr 750 000 i 2019.

Vanylven sportsskyttarlag: Søknad om kommunal lånegaranti på kr 380.000 Vanylven sportsskyttarlag skal opparbeide 25 meter pistolbane på Lilleeide og søkjer om kommunal garanti på lån som skal finansiere utbygginga.

Ladestasjon Fiskå - Rekneskapsavslutning Kommunestyret vedtok i møte den 08.05.2018 å bygge hurtigladestasjon i Fiskå sentrum. Anlegget stod ferdig stod ferdig 31.08.2018. Til trass for at prosjektkostnadane ligg under budsjettkostnadane manglar det likevel kr. 345 918,- for finansiering av prosjektet. Dette skuldast manglande tilbydar interesse og høgare tilbod enn forventa frå ladestasjon leverandør. Administrasjon tilrår at rest sum kr. 345 918,- vert finanisert gjennom eit låneopptak.

Vegadresser i Vanylven - Klager på vegnamn – Saurdalen Vegnamnet «Saurdalen» er påklaga av fleire som har fått dette som ny adresse i Syvde. Spørsmålet er om det derfor skal endrast til «Saurdalsvegen».

Vegadresser i Vanylven del 2 Godkjenning av vegnamn – Eidså, Fiskå, Åram, Sylte, Slagnes og Åheim Vanylven innfører vegadresser. Del 1: Namn på dei fleste hovudvegane og lokale vegar på Rovde og i Syvde er vedtekne. Nokre av vegane i Syvde må gjennom ei namnesak først. Del 2: No gjeld det vegnamn for resten av bygdene i kommunen. Saka har vore på høyring både før

For meir informasjon om dei politiske sakene som er til handsaming i dette møtet – sjå kommunen si nettside www.vanylven.kommune.no «Politikk og møte»


VANYLVEN KOMMUNE

Kommunestyret 19.Mars 2019

og etter at formannskapet handsama saka. Det har kome inn fleire innspel. Godkjenning av namneforslag står no føre.

Avhending av kommunal bygg - Rovdetun og Eidsåtun Kommunen har sidan 2009 gjennomført tiltak for strukturending på oppvekst- og helseområdet, noko som også har frigjort fleire kommunale bygg. For å redusere driftskostnadane ønskjer kommunestyret at alle bygg utan kommunal drift skal avhendast. Kommunestyret har sett av kr 750 000 frå disposisjonsfondet til dette, og rådmannen ønskjer no å gje eit tilbod til Rovdetun og Eidsåtun tilsvarande dette.

Tertialrapport nr. 3 - 2018 Vanylven kommune har eit positivt driftsresultat og middels høg gjeld etter at rekneskapsåret 2018 er avslutta. Vanylven kommune har eit høgt sjukefråvær. Kommunen deltek i NEDprosjektet saman med Arbeidslivssenteret og KS for å få ned sjukefråværet. Vidare vil Vanylven kommunen frå 3. tertial 2018 starte med å rapportere på avvik, gjennom statistikk frå felles avvikssystem, som er etablert i 2018. Det er høg aktivitet når det gjeld politiske saker. Totalt i 2018 hadde Vanylven kommune 475 politiske saker. For 3. tertial 2018 var det registrert 136 tal politiske saker i dei ulike politiske utvala og vi er ei av dei kommunane i Møre og Romsdal meg høgast produksjon.

oversikt

Leiarutdanning - finansiering 2019/2020 Kommunane må grunn av reduserte inntekter, og høge forventningar til effektivisering og digitalisering, sikre at leiarane har tilstrekkeleg med kompetanse innanfor områda leiing, endring og innovasjon. Vanylven kommune har 2018/2019 gjennomført ei leiarutdanning for 23 tilsette i kommunen gjennom Høgskulen på Vestlandet, med fokus på desse områda. Rådmannen ønskjer at alle mellomleiarane i kommunen skal ha ei slik utdanning for å kunne få til tillitsbasert leiing. Rådmannen viser til at ei slik felles leiarplattform, som dette studiet gir, òg vil vere viktig for å kunne drifte kommunen i den digitale framtida.

Leiing og styring - styringsdokumentet til rådmannen Rådmannen har ansvaret for styring og leiing av kommunen og det er viktig at politikarar, tilsette og innbyggjarar har innsikt i dette. I Vanylven kommunen skal vi no skifte rådmann og det er viktig med ei kunnskapsoverføring, slik at den nye rådmannen får oversikt over korleis dette arbeidet har blitt gjort.

Konstituering av rådmann Rådmannen har sagt opp stillinga og vil etter oppseiingstida ha siste arbeidsdag 31. mars 2019. Kommunestyret har lyst ut stilling og har i møte den 5. mars 2018 tilsett ny rådmann, men det vil vere behov for å konstituerer ein rådmann i perioden fram til ny rådmann er på plass i løpet av våren.

Lokaldemokratiundersøkinga 2018 Vanylven kommune har som einaste kommune i Norge gjennomført lokaldemokratiundersøkinga til KS for innbyggjarane og folkevalde både i 2017 og 2018. Rådmannen vil syne til at utvikling av lokaldemokrati er viktig, dersom kommune skal kunne levere gode tenester innanfor dei økonomiske rammene som er fastsette. Tiltak for å forbetre lokaldemokratiet bør bli sett inn i handlingsplanen for lokaldemokrati, og det er naturleg at kommunen tek ei ny lokaldemokratiundersøking neste gong KS gjennomfører dette. Dette slik at det er mogleg å måle og vurdere effekten av tiltaka.

For meir informasjon om dei politiske sakene som er til handsaming i dette møtet – sjå kommunen si nettside www.vanylven.kommune.no «Politikk og møte»

Profile for Vanylven kommune

KORTversjon kommunestyret 19.mars 2019  

Kortversjon av møtedokument.

KORTversjon kommunestyret 19.mars 2019  

Kortversjon av møtedokument.