UniverS nr 2 - 2010 - FoU-rapport 2009

Page 42

Verdiskaping i forskingssenter

Forskingssenter ved uis

Senter for innovasjonsforsking Senter for innovasjonsforsking er etablert av Universitetet i Stavanger og International Research Institute of Stavanger. For alle regionar og økonomiar er evna til verdiskaping og velferdsutvikling avhengig av evna til innovasjon hos bedriftene og det offentlege. Senter for innovasjonsforsking skal utviklast til eit internasjonalt anerkjent forskingsmiljø og fremje samarbeidet mellom UiS og IRIS. Ambisjonen er å kvalifisere seg til status som senter for framifrå forsking i løpet av fem år. I 2008 gav senteret stønad til fem forskingsprosjekt med til saman rundt fem millionar kroner. I november 2009 blei det avgjort at to av desse skulle vidareførast for ein periode på høvesvis eitt og tre år. Konferansen Stavanger Innovation Summit ble arrangert for første gong 15. og 16. juni 2009. Nærare hundre politikarar, representantar for næringsliv og forskarar frå til saman elleve land deltok. På konferansen blei karbonnøytrale byar og strategiar for vidareutvikling av bruk av fornybare energikjelder diskutert. Professor Ragnar Tveterås tiltrer som leiar for senteret 1. juli 2010.

Centre for Sustainable Energi – CenSE Senter for berekraftig energi er eit konsortium med fire eigarar: Universitetet i Stavanger, Universitetet i Agder, International Research Institute of Stavanger og Teknova. Forskarar frå alle dei fire institusjonane skal kunne bidra. CenSE blei oppretta i 2009 og skal arbeide med fagfelta fornybar energi, det vil seie vind, sol og biobrensel, CO2-fangst og -lagring, overvakingsteknologi og modellering. I 2009 gjennomførte CenSE to førprosjekt saman med eksterne partar og næringa: Utnytting av spillvarme og Lokale energiindikatorar. CenSE er med i nettverket Creation and Operation of an EU-GCC Clean Energy Network. Nettverket er eit samarbeid mellom EU og golfstatane i Midtausten og skal intensivere samarbeidet om berekraftig energi. I 2009 utvikla CenSE og Institutt for konstruksjonsteknikk og materialteknologi eit masterprogram i berekraftig energi. Studiet startar opp i september 2010 og har 40 søkjarar.

SIMULERING: Eit viktig forskingsområde for SAFER i 2009 var simulering som pedagogisk metode i sjukepleiarutdanninga. Foto: Elisabeth Tønnessen

Stavanger Acute Medicine Foundation for Education and Research – SAFER SAFER er eit lærings- og forskingssenter som blei oppretta i eit samarbeid mellom Stavanger universitetssjukehus, Universitetet i Stavanger og Laerdal Medical AS. Føremålet med senteret er å styrkje akuttmedisinsk opplæring og pasienttryggleik. Det skal i første rekkje skje gjennom at ein stimulerer til kompetanseutvikling av personell hos dei tre initiativtakarane og samarbeidspartnarane. I samarbeidet blir det lagt til rette for forsking på læring, pasienttryggleik og klinisk praksis. SAFER inngår i eit aktivt nettverkssamarbeid med internasjonalt leiande medisinske simuleringssenter. Ved utgangen av 2009 var seks ph.d.-kandidater knytte til senteret. Dette året blei det avslutta to mastergradsprosjekt innafor høvesvis endringsleiing og helse- og sosialfag. Eit viktig forskingsområde i 2009 var kunnskapen om og kompetansen på hjarte- og lungeredning hos folk over femti. Forskinga på simulering som pedagogisk metode i sjukepleiarutdanninga bør òg nemnast. Føremålet med den er å utvikle ny kunnskap om korleis eit simuleringsbasert miljø kan fungere som ein arena for trening og læring av ferdigheiter i lagarbeid. I simuleringane nyttar ein pasientsimulatorar som snakkar, pustar og har andedrett, hjarterytme og puls. I prosjektet studerer ein alle delar av simuleringa: briefing, simulering av scenario og debriefing.

Norwegian Centre for Offshore Wind Energy – NORCOWE

SOLCELLER: CenSE skal forskas på fornybar energi, mellom anna bruk av solceller. Foto: Kjell Inge Søreide

42 I UniverS Nr. 2 – 2010

I Spesialutgave – FoU-Rapport

UiS er partnar i eit av Forskingsrådet sine forskingssenter for miljøvennleg energi. Senteret blei offisielt etablert 27. oktober 2009 og er leidd av Christian Michelsen Research i Bergen. NORCOWE forskar på teknologiske løysingar for vindmølledrift til havs. UiS vil særleg arbeide med dynamisk oppførsel av flytande vindmøller og løysingar for utplassering, drift og vedlikehald av dei. Her kan UiS og dei andre partnarane bruke erfaringane frå oljeutvinning til å få fram ei ny og meir berekraftig energikjelde.


Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.