Page 1

Ă…rsplan Tytingen gards- og naturbarnehage 2019 - 2020


Innhald Innhald.......................................side 1 Forord........................................side 1 Presentasjon av barnehagen.....side 2 Personalet................................. side 2 Praktiske opplysingar................ side 3 Foreldresamarbeid.....................side 4 Dokumentasjon..........................side 4 Ideologien til barnehagen...........side 5 Naturen og friluftsliv...................side 5 Garden og dyra, og frü jord til bord....5 Tradisjonar.................................side 7 Førskuleklubb.............................side 8 Pedagogikk.................................side 9 Rammeplan.................................side 9 Medverknad i barnehagen...........side 9 Snakkepakken.............................side 9 Leik.............................................side 10 Grensesetting..............................side 10 Vaksenrolla i barnehagen............side 11 Dei minste ...................................side 11 Grovplan hausten 2013...............side 13 Bilete av personale......................side 14

FORORD Da er vi godt i gang med barnehageĂĽret 2019/20. Nye ungar og vaksne ser ut til ĂĽ ha funne seg godt til rette pĂĽ Tytingen. Seks nye barn har starta, og da er det fullt her. Vi har ogsĂĽ fĂĽtt med oss to nye medarbeidarar, Helge Marstein og Jørgen Vole. Det har vore, og er, mange prosjekt pĂĽ Tytingen denne hausten. Endeleg byrjar den nye garderoba vĂĽr ĂĽ ta form i kjellaren. Vi har oppgradert skuret slik at det blir eit triveleg krypinn for oss nĂĽr vi treng ĂĽ kome oss litt under tak. To nye leirplassar er under utabeiding - ein oppi skogen, og ein ovanfor gymsalbygget. Og sist, men ikkje minst, vi har fĂĽtt oss grillhytte! Visjonen vĂĽr pĂĽ Tytingen er at alle barn skal møte tilstedeverande, varme og engasjerte vaksne som legg til rette for gode opplevingar i samspel med naturen og dyra. Denne visjonen arbeider vi systematisk med ĂĽ oppfylle ved ĂĽ ha fokus pĂĽ vaksenrolla, og at barns trivsel er dei vaksne sitt ansvar. I ĂĽr vil nogsĂĽ aturpilotane vera ein raud trĂĽd gjennom ĂĽret. Les meir om naturpilotane og vĂĽre satsingsomrĂĽde pĂĽ side 5. Ă…rsplanen gjev ei oversikt over pedagogisk verksemd og aktivitetar gjennom ĂĽret. Samarbeidsutvalet i barnehagen godkjenner ĂĽrsplanen. Ha eit fint TytingĂĽrđ&#x;˜Š.

1


Presentasjon av barnehagen Tytingen gards- og naturbarnehage er ein privat barnehage tilslutta PBL (Private barnehagers landsforbund). Barnehagen er organisert som eit AS, og eigarane er Ragnhild Runningen, Monika Øien, Gunnar Vestad og Evy Renate Kveen. Barnehagen ligg på den nedlagte landbrukskulen Klones, og lokala den er i er rektorboligen. I tillegg brukar vi gymsal, hovudhuset, fjøs og våre egne leirplassar. Barnehagen har 36 plassar for barn frå 06 år.

Personalet Evy Renate Kveen, dagleg leiar og ped. leiar Ragnhild Runningen, pedagogisk leiar Øyvind Svare Odde, pedagogisk leiar Mette Odden, pedagogisk leiar Gro Fagerheim, barne- og ungdomsarbeidar Berit Runningen, barne- og ungdomsarbeidar Helge Marstein, barne- og ungdomsarbeidar Jørgen Vole, naturvegleiar Sina Brun Hageløkken, lærling Liv Hege Kleiven, medarbeidar Magni Kari Kveen, vikar

Lucy Brun, reinhaldar Bjarne Runningen, vaktmeister Foreldrekontakter: Malin Kvehaugen Thea Grobstok Dalen Samarbeidsutval: Malin Kvehaugen Thea Grobstok Dalen Evy Renate Kveen Gro Fagerheim Berit Runningen

2


Praktiske opplysingar Opningstid: 07.00-16.30. Kjernetida er 09.30-14.00. Vi vil gjerne ha beskjed om barnet kjem etter 09.30. Vi er ofte utanfor barnehagen sitt inngjerda område i kjernetida. Feriar: Juleferie: 23.12- 03.01, påskeferie: 06.0414.04. Planleggingsdagar: 15.08, 13.11, 02.01 og to til som kjem seinare. Kjøp av ekstra dagar: Det er mogleg å kjøpe ekstra dagar dersom det er ledig kapasitet i barnehagen. Pris pr. dag er 300,-. Sjukdom/fridagar: Hugs å gje beskjed om barnet ditt tek fri eller er sjuk, helst før 09.00 om morgonen. Barnet skal ha ein feberfri dag og allmenntilstanden skal vera bra før dei kjem i barnehagen att. Ved omgangssjuke skal barnet vera symptomfritt i 48 timar før det kjem attende i barnehagen. Klede: I ein naturbarnehage er vi mykje ute, det fordrar at ungane har gode klede til allslags ver. Barna skal minst ha eit kledeskift i barnehagen. Eit lag ull er det aller beste. Si frå om dykk vil ha liste over kva klede barnet treng. E-post: Alt av informasjon, planar og beskjedar vert send ut på e-post. Si frå om du ynskjer noko i papirform. Sjå også facebooksida og heimesida vår, tytingen.no. Måltider: 07.30-08.30: Frukost. Om barnet skal ha frukost må det vera i barnehagen seinast 08.30. 10.30: Lunsj for dei minste 11.00: Lunsj for dei eldste 14.00: Lett måltid med blant anna frukt.

3


Foreldresamarbeid Det er den daglege kontakta i bringe- og hentesituasjon som er utgangspunktet for foreldresamarbeidet. I september og mai (ved behov) har vi foreldremøte, foreldresamtaler har vi november og mai/juni. Foreldre på Tytingen har vore flinke til å stille på sosiale arrangement i regi av barnehagen. Dette er også ein del av foreldresamarbeidet, og det gjer at dykk foreldre blir betre kjent. Vi brukar gjerne dykk foreldre i barnehagekvardagen om dykk er «gode» på noko som for eksempel musikk, jakt eller baking, eller om dykk berre har lyst til å bidra ein dag. Vi forventar at dykk foreldre gjev attendemelding til oss så fort det er noko dykk lurar på, eller om det er noko dykk ikkje er tilfredse med. Ros kan alle dei vaksen få, ris skal gå gjennom styrar. Døra til kontoret er alltid open for ein prat. Det er viktig med ein god dialog med foreldre, alle skal føle seg inkludert, respektert og høyrt.

Dokumentasjon Arbeidet vårt i kvardagen blir dokumentert med bilete, "drypp for dagen" på veggen i garderoba, på Facebook-sida og heimesida vår, og med månadsevalueringar. Bilete på heimesida er passordbeskytta, sei frå om de manglar passord. Vi kan bruke observasjonskjema TRAS og/eller Alle med for kartlegging ved behov. Snakkepakken brukar vi på dei minste, og Språksprell og Talsprell brukar vi på dei eldste.

4


Ideologien til barnehagen Vår visjon er at barna på Tytingen skal møte tilstadeverande, varme og engasjerte vaksne som legg til rette for gode opplevingar i samspel med naturen og dyra. Her skal alle vaksne vera fysisk og psykisk til stade for barna slik at alle får dekt sine primærbehov som er omsorg, tryggleik, respekt og tilhøyrsle. Vi har 3 satsingsområde: - Garden og dyra - Frå jord til bord - Naturen og friluftsliv

NATUREN OG FRILUFTSLIV Vi har som mål å lære ungane å bli glade i å leike seg i naturen, og å bli glade i å ferdast i naturen. Ved å gje barna gode opplevingar ute i skog og mark, håpar vi å legge grunnlaget for gode haldningar til, og respekt for naturen. Naturen er ein svært god læringsarena der vi får dekt alle dei sju fagområda i Rammeplanen. I Tytingen får barna oppleve naturen i dei fire årstidene i alt slags ver, og dei får sjå dei ulike prosessane i naturen. Vi brukar område rundt barnehagen som er både bratt og kupert, her er det god moglegheit for fysisk utfordring og meistring for alle. Oppi Kleivvegen har vi ein fast leirplass som blir flittig brukt, vi har eit område i hamnelykkja og eit område eit stykke ovanfor barnehagen, og vi har grillhytte ved storstabburet. Vi utarbeider ein ny leirplass med gapahuk i skogen øvst i hamnlykkja, og vi har også så vidt byrja på ein leirplass ovanfor undervisningsbygget. I tillegg til område og skogen rundt barnehagen brukar vi Klonesodden, Sundsteinområde, Kveom og plassar lenger unna. Dette gjev barna varierte leikeområde, utan definerte leikar som gjev rom for fantasi og kreativitet, og god plass. Våre erfaringar, som vert støtta av forsking, viser at dette skapar god leik, samt eit fellesskap der samarbeid og gode venar er viktige faktorar.

5


Om vinteren har vi mykje ake- og skileik med blant anna eigen «skiskule». Denne vinteren håpar vi på mykje snø, så vi får tumla mykje i og med snøen. Om våren har vi «sykkelskule». Vi har ein del tematurar som for eksempel bærturar, vårteikn/haustteiknturar, naturbingo og jaktturar. I år som i fjor kjem vi til å ha naturen som ein raud tråd gjennom året. Med Jørgen Vole i staben ein dag i veka håpar vi på å auke kompetansen vår på bruk av, og aktivitet i naturen. På Naturpilot-dagane våre vil vi før jul ha fokus på bållære, lage nye leirplassar, forberede fangstsesongen, jakt og rådyrfòring. Kva vi skal gjera i lag med Jørgen etter jul er ikkje 100% sikkert enda. I tillegg vil vi i år ha ekstra fokus på å ta vare på naturen og miljøet vårt (søppel, grønt fokus, "Naturvakter"), vi vil ha om maur og prosessane i naturen. GARDEN OG DYRA, OG FRÅ JORD TIL BORD Desse to tema går såpass over i kvarandre så vi har valt å skrive om dei saman. Vi ynskjer at barna skal få kjennskap til, bli glad i, trygge på og få respekt for dyr. Både forsking og eigne erfaringar viser at barn utviklar betre empati og blir meir omsorgsfulle ved å ha nær kontakt med dyr. Dyr gjev også barna ro. Fjøsstell, fjøsbesøk, riding, potetopptaking, lamming og kuslepp er noko av aktivitetane ungane på Tytingen tek del i. Ved desse aktivitetane får ungane innblikk i gardslivet. Sjølve har vi høner og kaninar, og vi har tilgang på hund og hest. På Klones gard er det gris og sau som vi besøkjer jamnleg. I tillegg reiser vi på gardsbesøk der det ku og geit, og vi har fast fjøsstell hjå sauane og hestane hjå Hanne. Frå jord til bord er ein stor del av gardslivet, og dette har vi stort fokus på. Vi ynskjer at barna skal få kjennskap til kvar maten kjem frå, og korleis den blir til.

6


Vi sankar bær, vi dyrkar poteter og grønsaker sjølve, tek opp poteter på Sve, og plukkar eple og bær. Av det vi sankar lagar vi mat, saft og syltetøy. Vi deler opp slakt som vi mellom anna lager kjøttdeig og kjøttkaker av Vi har meieriveke der vi lagar ulike ting av mjølka. Jakt, tradisjonskost, og mat på bålet. Det er viktig at ungane får vera med på heile prosessen, både for å få dei til å smake på meir og for at ungane skal veta kvar maten kjem frå. Vi jobbar både med dette i bolkar ut frå sesong, og i smådrypp gjennom heile året. Vi kokkar, bakar og smakar ilag med ungane. Vi har vore ein del av Norsk Smakskule, der vi var ein av pilotbarnehagene, og Evy er kurshaldar i Fiskesprell. Vi har fisk som pålegg kvar dag, og lagar ein del mat av fisk både inne og på bålet. Vi håpar at ungane skal smake på forskjellig mat, og få gode erfaringar og opplevingar med matauk og ulike smakar.

TRADISJONAR, SAMLINGAR OG FORMINGSAKTIVITET På Tytingen set vi tradisjonar, kulturarven og nærmiljøet vårt høgt. Jula er ei viktig tradisjonstid for oss på Tytingen, elles lærer vi om påska, og samefolket sine tradisjonar. Vi har den kriste formålsparagrafen i våre vedtekter. Vi er i kyrkja i forbindelse med jul og påske, og vi fortel juleevangeliet og påskebodskapen. Vi legg til rette for kontakt på tvers av generasjonar ved å ha besteforeldredagar, besøkje Vågåheimen, og dra ulike ressurspersonar i alle aldra inn i barnehagen. Samling er ein viktig aktivitet for å samle ungane om ei felles oppleving. Samling kan vera så mangt, og kan gjennomførast både ute og inne. Vi syng, dramatiserer, lyttar, dansar, fortel, utviklar sosial kompetanse, slappar av og kosar oss ilag på samling. I samling i år har vi eit opplegg som heiter «Steg for steg». Dette er eit undervisningsopplegg som har til hensikt å redusere impulsiv og aggressiv åtferd, og forbetre barnas sosiale kompetanse. Det gjer vi ved å øve opp ferdigheitar på tre hovudområde: Empati,

7


impulskontroll/problemløysing og meistring av sinne. Vi har starta med å kjenne att kjensler hjå andre. Det er viktig å styrke empati hjå barn. Vidare skal ungane lære seg måtar å handtere følelsane sine på, problemløysing, og korleis ein kan hjelpe andre. Trøste, muntre opp, og forutsjå korleis andre kjem til å reagere ved eiga handling. Formingsaktivitetane vi har på Tytingen er ofte knytt opp mot tema vi har. Og mykje av det vi har gjort får dykk fyrst sjå julekvelden…

Førskuleklubb I år har vi sju førskulebarn, og det vil i hovudsak vera Mette og Sina som har dei, men Berit vil også vera noko inne på dei. Førskuleklubben skal vera artig, lærerik, og den skal gjera ungane våre så klare som mogleg for skulen. MEN vi dreg ikkje skulen ned i barnehagen - barn skal få vera barn så lenge som mogleg. På førskuleklubben legg vi vekt på høgtlesing, oppgåveløysing, språk- og talsprell, brettspel og massasje. Språksprell er eit metodisk opplegg som er konstruert med tanke på oppøving av språkleg bevisstheit hjå barna. På førskuleklubb har vi treff med førskuleungane i Grindstugu, og etter jul byrjar samarbeidet med skulen. Førskuleungane får kvar sin fadder frå 6.klasse som dei både får besøk av og skal på besøk til. 1.klasse besøkjer vi også. Førskuleklubben sitt store høgdepunkt er nok likevel turen til Hunderfossen og overnattingsturen i juni.

8


Pedagogikk Barnehagen blir drive i samsvar med «Barnehageloven» og «Rammeplan for barnehagen». «Barnehagen skal gi barn under opplæringspliktig alder gode utviklings- og aktivitetsmuligheter i nær forståelse og samarbeid med barnas hjem.» ( Barnehagelova §1 formål). RAMMEPLAN Rammeplan skal gje personalet ei forpliktande ramme for planlegging, gjennomføring og vurdering av barnehagekvardagen. Rammeplana er delt inn i ni hovudbolkar, og gjev verdigrunnlaget for barnehagen, ansvar og roller, formålet med og innhaldet i barnehagen, barns medverknad, samarbeid mellom heimen og barnehagen, overgangar, barnehagen som pedagogisk verksemd, arbeidsmåtane i barnehagen, og fagområda i barnehagen. Det er sju fagområda i Rammeplanen er: 1. Kommunikasjon, språk og tekst. 2. Kropp, rørsle, mat og helse. 3. Kunst, kultur og kreativitet. 4. Natur, miljø og teknologi. 5. Etikk, religion og filosofi. 6. Nærmiljø og samfunn. 7. Mengd, rom og form. Vi utarbeider progresjonsplan for alle fagområda, og er ferdig med tre av sju. Når alle er ferdige får dykk plan på dette. Det fagområde som vi legg mest vekt på i år er «Natur, miljø og teknologi», men vi dreg bevisst inn alle fagområda i våre hovudtema og kvardagssituasjonar. Les heile Rammeplan på udir.no. MEDVERKNAD I BARNEHAGEN Barnehagen skal sikre barna sin rett til medverknad ved å leggje til rette for, og oppmuntre til, at barna skal få gitt uttrykk for kva dei synes om den daglege drifta av barnehagen. Det er viktig at kvart barn blir høyrd og sett kvar dag. Ei vid forståing av medverknad inkluderer barna sin rett for å få støtte i å utvikle seg, bli synlege og ha medverknad i sosiale samanheng.

9


Det handlar også om å gje barn rom, både fysisk og psykisk, for å uttrykkje seg og handle saman med andre. Dette krev tilstadeverande vaksne som tek seg tid til å kommunisere med kvart enkelt barn, lytte til dei og reflektere ilag med dei. I Rammeplanen står det: «Ein skal vektleggje synspunkta til barna i samsvar med alder og modenskap. Barna skal ikkje få meir ansvar enn dei er rusta til å ta.» LEIK Å leike seg er det viktigaste ungane gjer i barnehagen. Leiken er den viktigaste pedagogiske metoden vi har når vi skal arbeide med barn. Gjennom leik lærer barna å ta omsyn til kvarandre og innrette seg etter kvarandre. Gjennom leiken får barna prøve ut erfaringer, bearbeide opplevingar, og utvikle tankar. Leiken er lystbetont, den kjem av ei indre drift. Leiken er også viktig med tanke på den språklege utviklinga, konsentrasjonstrening og sosial kompetanse. Sjølv om det er mykje aktivitet på planane våre, så er frileiken det alle viktigaste, og det vi driv mest med. I år har vi fokus på dei vaksen si rolle i frileiken. GRENSESETTING Alle barn treng forutsigbarheit og trygge rammer rundt seg, og for at barna skal oppleve tryggheit, må det til grenser. Tydelege grenser og rammer rundt ungane er god omsorg! Ein del val må vi vaksne ta for dei, og vi må setja grenser ved uakseptabel åtferd eller åtferd som går utover andre på ein negativ måte. For å gje tydelege og gode beskjedar og grenser bruker vi på Tytingen desse prinsippa: - Vera fysisk nær, og ha augekontakt. - Vera konsekvent. - Vera så konkret som mogleg, og vera tydeleg og bruke enkle ord. - Vera venleg, men bestemt. - Følgje opp, og unngå argumentering og spørsmål. Å lære seg å respektere kvarandre og respektere reglar, er eit viktig steg i den sosiale utviklinga. Barnehagebarn er utruleg sosialt kompetente og formbare. Derfor er det viktig at vi vaksne, både

10


både heime og i barnehagen, lagar trygge rammer og set tydelege grenser for barna, slik at barna får gode forutsetningar for å tileigne seg dei sosiale ferdigheitene dei treng for å bygge venskap, og andre sosiale relasjonar rundt seg nå og seinare. VAKSENROLLA I BARNEHAGEN Det er dei tilsette i barnehagen som avgjer om barnehagen er god eller ikkje. Utan kompetente, varme, tilstadeverande og omsorgsfulle vaksne vil ikkje barnehagen fungere som ei god pedagogisk verksemd for barna. Barns trivsel er dei vaksne sitt ansvar. Vi jobbar systematisk med vaksenrolla på barnehagen, alle vaksne skal vera fysisk og psykisk tilstade for barna. Hovudfokus i år vil vera dei vaksne si rolle i frileiken til barna. Alle har fått eit skriv om korleis vi jobbar med vaksenrolla på Tytingen.

Dei minste Småbarnsavdelinga vår blir kalla “dei minste” eller “dei småe”, og har dette barnehageåret åtte ungar født i 2017 og 2018. Desse held til i fyrste etasje, og mykje av dagen er dei saman med dei som er større - både tidleg om morgonen, i uteleiken og på ettermiddagen. Dei småe held på med mykje av det same som dei større ungane. Kvardagen består i stor grad av mykje uteleik, dyrestell, småturar og aktiviteter i barnehagen. Forskjellen mellom små og store er kort fortald at dei småe gjer det meste noko enklare, mindre og sjeldnare, og er mindre utanfor Klones. Dette går mellom anna på at småe ungar blir fortare slitne av høgt tempo, og alle inntrykka det medfører. Som dei fleste småbarnsforeldre skjønnar ganske fort er små ungar opptekne av rutiner. Det vil si at ting skjer på den måten, på den staden, saman med kjende vaksne, og til den tida det vanlegvis skjer. Dette gjev forutsigbarheit, ro og trivsel. Derfor er vi meir opptekne av rutiner

11


i arbeidet med dei minste enn med dei større ungane. Kvardagen vår skal gå roleg for seg. Vær og årstider skal også få styre noko av kva vi gjer. Å trumfe gjennom for eksempel turar i kaldt eller veldig dårleg vær er det ingen som har noko att for, så dersom vi har turdag og været er ufyseleg, så kan det hende at vi finn på noko inne. Men det kan og vera omvendt: Er været supert, og vi for eksempel har tenkt å vera inne og ha ein aktivitet så kan det hende at vi heller går ut. Når er det er sagt, så skal vi ikkje vera “vær-redde”, men ut, om det så er berre ein kort tur, i alt slags vær og temperaturar. Vi har tenkt å ha eit litt grønt miljøfokus gjennom året. Akkurat kva vi kjem til å gjera rundt dette er vi ikkje heilt i mål på enda. Antageleg blir det mellom anna forming med gjenbruk av gamle materialer, søppelplukking, søppelsortering, og såing og planting. Vi har ei samling med dei minste kvar dag. Her blir det mykje sang og musikk. Vi brukar mest dei kjende barnesangane alle kan, men kjem også til å hente inn nokre meir "uvanlege". Mellom anna har vi høyrt ein del på, og sungje litt frå boka “Nå skal eg sulle” av Aslak og Rolv Brimi, og den medfølgjande cden der Mari Midtli syng. I samling har vi også fokus på språkstimulerande aktivitetar. Her kan vi gjera mykje forskjellig. Så langt har vi hatt fokus på å lære dyrenavn. Her har vi mellom anna brukt ein app på iPad - og det er jo sjølvsagt veldig populært. Vi kjem også til å plukke ein del aktiviteter frå eit pedagogisk kompendium som heiter Snakkepakken. Denne består av ulike tema, som mat, kroppen, klede, hus, dyr og fargar, og inneheld mellom anna opplegg og konkretar til dette. Vi kjem til å ha minst ein turdag kvar veke. Så langt har vi stort sett hulde oss til korte turar på Klones, og været har ikkje vore heilt til å ete ute. Når den nye grillhytta vår kjem i orden reknar vi med at denne blir eit heilt ypparleg turmål for oss, og at vi kan gå hit minst ein gong pr veke til langt ut på vinteren. I vinterhalvåret blir det naturleg meire innetid enn på

12


sumaren. Da blir det fokus på for eksempel mattillaging, og skal da lage og smake på mykje forskjellig. Vi kjem også til å ha ein god del formingsaktivitetar, og har nokre “hemmelege” prosjekt fram mot jul. Alt i alt er det ingen fare for at vi ikkje skal få nok å fylle dagane med!

Grovplan haust 2019 - August: Innkøyring og bær Turar i nærområdet Ripstur og blåbærtur Lage saft og syltetøy Naturpilot: bål og gapahuk Hest -September: Innhausting og friluftsliv Grønsaker, poteter og eple Friluftslivetsveke Turar i naturen Potetplukking på Svee/Tytingen Naturpilot: bållære, gapahuk, forberede fangstsesong - Oktober: Haustturar og naturen Haust- og jaktturar Forut, FNdagen: Basar Kroppen Naturpilot: Forberede fangstsesong, bållære, rådyr og mår - November: Fjøsstell, beredskapsveke og juleførbuing Fjøsstell, sau og sauklypping Besteforeldredag

13


Beredskapsveke Formingsaktivitetar og mat med tanke på jula, baking, sylte, kjøttkaker Naturpilot: jakt, partering, rådyr og mår - Desember: Juletradisjonar og juleførebuingar Lage mellom anna peparkaker og sylte Luciafeiring, Nissefest, Kyrkjebesøk. Adventsamling. Juleverkstad Julefrukost. Juleavslutning Naturpilot: Fore rådyr.

14

Profile for tytingen

Tytingen_aarsplan_19-20  

Tytingen_aarsplan_19-20  

Profile for tytingen
Advertisement

Recommendations could not be loaded

Recommendations could not be loaded

Recommendations could not be loaded

Recommendations could not be loaded