Page 21

RØTTER OG LATTER

16.11.

- Steinar Albrigtsen og Torolf Nordbø Storsalen Steinar Albrigtsen er kjent for alle. Med seg til Tysværtunet har han låtskrivar, gitarist, vokalist og kone, Monika Nordli. Torolf Nordbø framfører eigne songar og «Han Innante» dukkar opp i kjend stil. Saman og kvar for seg framfører dei både viser, country, blues og gospel, blanda med ein god dose humor frå både oppvekst og artistliv. Gjer deg klar for ein humoristisk og musikalsk kveld på Tysværtunet!

Kl. 18:00

Lengd: 1t og 45min. Arrangør: Radio Innante Revy AS. Sal av øl og vin frå kl. 17.

KORPS

- Silje spelar klarinett. Emil spelar baryton. “Du veit, når dei snakkar om kjærleik ved fyrste blikk? Det var det ikkje”. Det er ikkje berre Silje og Emil som blir kjend via korpset. På dugnad treffes foreldre og naboar, om dei vil eller ikkje. Knut Nærums Ibsenpris nominerte hyllest til frivillige er eit nært og varmt møte mellom to unge menneske og miljøet rundt dei.

PREMIERE

På scena: Henrik Bjelland, Ameli Isungset Agbota og korpsmusikantar frå skulekorpsa: Frakkagjerd, Førland, Grinde og Kolnes. Regi: Janne Langaas. Arrangør: Haugesund Teater i samarbeid med Den Nationale Scene, Bergen.

ABBA 1974

- Tribute konsert

Tapasbuffet serveres frå kl. 18:30, kan bestillast saman med billetten.

21.11. Storsalen Kl. 19:00

Opplev musikken til supergruppa ABBA på scena på Tysværtunet. Britiske 1974 er eit av verdas beste ABBA tribute band og framfører alle dei populære låtane i kjend stil. Dancing Queen, Take a Chance on Me, Waterloo og mange fleire vil føre oss tilbake til tida ABBA regjerte hitlistene. Vokalistane Aileen McLaughlin og TJ Davis er så like Agnetha og Anni-Frid, både i utsjånad og stemmeprakt, at dei lett kan forvekslast. Robin Scott og Jules Dodd, som henholdsvis Benny og Björn, gjer supergruppa komplett.

22.11. Storsalen Kl. 19:30

Sal av øl og vin frå kl. 18:30. 21

Profile for Tysvær kommune

Tysværtunet Kulturhus program haust 2019  

Kultur, kino og biblioteket informerer. Aktivitet og opningstider Tysværtunet Badeanlegg.

Tysværtunet Kulturhus program haust 2019  

Kultur, kino og biblioteket informerer. Aktivitet og opningstider Tysværtunet Badeanlegg.

Advertisement