Page 17

DYRENE I HAKKEBAKKESKOGEN

- Av Thorbjørn Egner

19.10. Storsalen Kl. 15:00

Klatremus og alle vennene hans kjem til Tysværtunet kulturhus. Mikkel Rev er svolten og Morten Skogmus eventyrlysten. Bestemor Skogmus flyr mellom trea og Bakarguten baker pepparkaker så pepper-skya står. Bjørner og stabbursmus, pinnsvin og harepus, rev og klatremus, det blir gjensyn med alle dyra i skogen. Bli med du også, så kan me kanskje feire Bamsefars fødselsdag saman til slutt?

BARNETEATER

Lengd: 1t 45min inkl. pause. Arrangør: Victoria Productions.

TYSVÆR SKREKKFEST

- Norges hyggeligste filmfestival

Tysvær Skrekkfest arrangeres for 8. gong og kickstartar med filmkonsert med Årabrot, torsdag 24. oktober. Frå fredag ettermiddag blir det tettpakka med filmvisningar heile helga. Det blir eksklusive førpremierar, premierar, kortfilmar og direkte import av filmar som aldri vil komme på kino i Norge. Tysvær Skrekkfest har eit eige barneprogram på laurdagen, som sjølvsagt og er tilgjengeleg for lettskremte vaksne. Laurdag kveld blir det skrekkbuffet servert av Tysværtunet Kafè.

Støttes av Norsk filminstitutt.

24.-27.10. Tysvær Kino

Meir info: skrekkfest.no Arrangør: Tysvær Kino i samarbeid med Haugesund Filmklubb og Ramaskrik Oppdal.

DEN STORE KINODAGEN

- Halv pris på alle kinobillettar

02.11. Tysvær Kino

Første laurdagen i november inviterer me igjen til “Den store kinodagen”. Dagen startar kl. 08 med servering av gratis kinofrukost, etterfølgt av gratis barnefilm kl. 09. Det blir eit tettpakka kinoprogram heile dagen, alle filmar til halv pris. Gled dykk til konkurransar og aktivitetar både i og utanfor kinosalane heile dagen. Tysværtunet Kafé & Catering er med på festen med gode tilbod og gratis kaffi. Velkommen til Tysvær kino og årets kjekkaste kinodag! 17

Profile for Tysvær kommune

Tysværtunet Kulturhus program haust 2019  

Kultur, kino og biblioteket informerer. Aktivitet og opningstider Tysværtunet Badeanlegg.

Tysværtunet Kulturhus program haust 2019  

Kultur, kino og biblioteket informerer. Aktivitet og opningstider Tysværtunet Badeanlegg.

Advertisement