Page 12

HANNE KROGH

21.09. Storsalen Kl. 13:00

- Haugalandet si eiga stjerne!

Hanne har swinga med Bobbysocks og rocka med Just4Fun. Ho gler oss med treffsikre tekstar, sjarmerer med Prøysen og lyser blant våre fremste julestjerner. Nå kjem ho heim til sine eigne - med ein nær og varm konsert skreddarsydd for anledninga. Ho elskar å synge, men seier sjølv at ho er vel så glad i orda som i musikken. Hanne Krogh si styrke ligg nettopp i hennar evne til å formidle. Ikkje mange norske artistar kan måle seg med ho når det gjeld å trollbinde publikum. Gjennom humor og kunnskap tek ho oss med inn i ei verd av song og historier på ei slik måte at me lever med og sit igjen med latter og opplevingar til ettertanke. Gjestekor: Boknakoret og Aksang. Arrangør: Seniorperler ved Tysvær kommune. Billettsalget er ope: tysvertunet.kulturhus.no og i biblioteket.

SISSEL GRAN

- Inni er vi alltid unge

24.09. Storsalen Kl. 13:00 Eit usminka og håpefullt foredrag om det å bli eldre med psykologspesialist og terapeut Sissel Gran. Opplevinga av eigen aldring kan nærmast komme som ei overrasking, seier Sissel Gran. 67 år gammal kjenner ho alderen på kroppen og skjønner at ho nå er i gruppa «eldre». I foredraget deler ho tankar rundt aldringas gleder og ergringar. Sissel Gran jobbar som terapaut, har fleire års erfaring frå psykisk helsevern og har dreve eigen privatpraksis for par og enkeltpersonar i Oslo frå 1997. Sissel er forfattar av fleire bøker om parforhold og har foredrag om ulike tema knytt til relasjonar, kjærlighet, samlivs-brudd og aldring. Hennar siste bok “Inni er vi alltid unge” har fått rosande omtale for å gi ei usminka, men håpefull fortelling om det å eldes.

Foto: Astrid Waller

12

Gratis arrangement. Lengd: 1t Arrangør: Seniorperler ved Tysvær kommune.

Profile for Tysvær kommune

Tysværtunet Kulturhus program haust 2019  

Kultur, kino og biblioteket informerer. Aktivitet og opningstider Tysværtunet Badeanlegg.

Tysværtunet Kulturhus program haust 2019  

Kultur, kino og biblioteket informerer. Aktivitet og opningstider Tysværtunet Badeanlegg.

Advertisement