Page 1

Informasjon om tilboda Skule책ret 2014 2015


Stranda Kulturskule - Info om tilboda Stranda Kulturskule tilbyr opplæring innan ulike musikkfag i alle skulekrinsane i kommunen. Opplæringa går i hovudsak føre seg etter vanleg skuletid. I Stranda sentrum har vi eigne lokale i Storfjord Kulturhus. Mesteparten av undervisninga til elevar frå Ringstad krins er lagt hit. I Geiranger, Sunnylven og Liabygda brukar vi skulen til undervisninga vår. Vi har tilbod i alle skulekrinsane. Vi vil i år freiste å tilby alle fag i alle krinsane. Vi treng likevel eit minimumstal på 5-7 elevar i ein skulekrins før vi sender ut ein ekstra lærar. I tillegg til den vanlege instrumentalopplæringa vil vi i Stranda sentrum forsøke å starte oppat storgruppetilbodet for 1. , 2. og 3. klassingar i “Kulturell Førskule” - eit fag der vi driv grunnleggande musikkoplæring, men også er innom litt andre kunstarter som teater og dans. Vi er avhengige av at det melder seg nok søkjarar for å starte tilbodet. Tilboda i kulturskulen vert tilpassa den enkelte elev. Vi legg opp til at alle elevar skal få undervisning tilpassa nivået og behovet den enkelte eleven har. Dei fleste elevane vil få tilbod om enkeltundervisning der eleven er åleine saman med læraren ei viss tid kvar veke. For enkelte deler av undervisninga kan det vere aktuelt å bruke minigrupper på 2-3 elevar saman. I delar av året, og for enkelte elevgrupper, legg vi opp til å slå saman fleire elevar i ulike band og samspelgrupper. Ein elevplass i kulturskulen gjev ikkje rett til eit visst antal minutt undervisning pr. elev pr. veke, men vil gje eleven ein god miks av enkelttimar, samspel i ulike grupper og konsertar/framføringar. Vi legg stor vekt på at elevane våre skal få god og allsidig trening i å opptre for eit publikum. Vi har sett opp aldersgrenser på ein del av tilboda våre. Denne aldersgrensa er ikkje absolutt, men er retningsgjevande. Mange instrument krev ei viss fysisk modning før barna kan meistre dei. Vår erfaring er at dersom barn startar for tidleg på eit instrument dei ikkje fysisk er i stand til å meistre, fører dette berre til frustrasjon og at dei sluttar etter kort tid. Då er det betre å ta til på eit anna instrument først (t.d. piano) og evt. byte instrument når du vert eldre. Yngre barn kan likevel søkje på desse instrumenta, men vil berre verte tekne opp etter ei nærare vurdering. Dei vil likevel opparbeide seg “ventelisteansiennitet” for seinare år. Kulturskulen har feler i barnestorleikar for utleige. Andre instrument er noko kvar enkelt elev må styte for sjølv. Kulturskulen har Ukuleler for sal og utleige. Stranda Bandverkstad er etablert som ei eiga forening på sida av kulturkulen. Bandverkstaden er open for alle som ynskjer å spele i band, uavhengig av om de elevar i kulturskulen eller ikkje. Påmelding og betaling for tilbod i bandverkstaden er førebels lagt til Stranda kulturskule.

Kulturskulen si si støtteforening. Stranda Kulturskule vil opp-rette ei eiga støtteforening - delvis etter modell av grunnskulane sitt FAU. Alle føresette med elevar i Stranda Kulturskule vil samstundes vere medlemmer her. Årsmøtet i foreninga vil verte arrangert samstundes med oppstartsamlinga i kulturskulen i august 2014.

Prisar: For skuleåret 2014-2015 er det vedtatt følgjande prisar i kulturskulen. Alle prisane er pr. semester. Vanleg elevplass Storgruppeundervisning Kulturell førskule Instrumentleige Materialavgift Bildefag Materialavgift Foto

kr.1597,50,kr. 1205,kr. 930,kr. 290,kr. 300,kr. 400

Søskenrabatt: 20% frå 2. elevplass i familien.(gjeld berre for søsken, ikkje for elevar med fleire elevplassar) Satsane vert indeksregulerte frå 1.1.2015. Andre endringar kan kome som følgje av politiske vedtak. Avgifta vert krevd inn haust og vår. Undervisningsmateriell kjem i tillegg.

Kulturskulen på nettet.

Kulturskulen brukar administrasjonnsystemet Speedadmin. Alle elevar får sin eigen pålogging på dette systemet. Her vil kvar enkelt elev måtte logge seg på for å finne timeplan, oppsette ekstraøvingar, lese beskjedar, finne informasjon om konsertar m.m. Vi vil også legge inn aktivitetsplanane til samarbeidspartane vi har i dei ulike bygdene, så som skulekorpsa og bandverkstaden. På den måten vert det lettare å unngå kolisjonar og dobbeltbookingar i hektiske perioder, og de som elevar får ein stad å sjekke alle “kulturelle” timeplanar. Systemet har ei eiga side for smarttelefonar som m.a. tillet elevane å sende direkte meldigar til lærarane og skulen direkte frå nettsida. Når systemet vert fullt utnytta vert dette eit svært nyttg verkty både for rektor, lærarar, elevar og føresette. Kulturskulen brukar i tillegg fleire ulike sider på internett for å kommunisere med elevane/heimane. På kommuna si heimeside finn de generell informasjon og søknadsskjema. Vi har også ei eiga oppslagstavle på http://www.kulturskule.blogspot.com. Denne brukar vi aktivt for å gje meldingar til elevar og legge ut info som gjeld konsertar, ekstraøvingar, prosjekt og anna. Her finn de også kontaktdata for alle tilsette.Stranda Kulturskule er også på facebook. http://www.facebook.com/ kulturskulen. Ved å ”like ”oss på Facebook, vil de automatisk melding når ny, viktig informasjon er tilgjengleg.


Påmelding Alle som vil søkje om opptak i Stranda Kulturskule må søkje om opptak via det elektroniske søknadsskjemaet på

https://NOSTRANDA.speedadmin.dk Eksisterande eller tidlegare elevar som vil søkje om opptak på eit nytt fag, må logge seg på med brukarnamn/passord som de har fått tilsendt. Nye søkjarar brukar valet “Ny Elev” når de skal søkje. På det elektroniske søknadsskjemaet finn de detaljert informasjon om dei ulike tilboda i Stranda Kulturskule. Denne informasjonen er også tilgjengleg på engelsk. De finn også utfyllande regelverk og retningsliner for opptak.

Nye tilbod

Vi lanserer tre nye tilbod i Kulturskulen hausten 2014. Dette er:

Foto: Fag for ungdomsskuleelevar og eldre. Dette er faget for alle som er interesserte

i å lære foografi frå grunnen av. Det er ein fordel om elevane kan disponere eit digitalt speilreflekskamera, men kulturskulen har også kamera for utlån/utleige. Faget vil vere ein god miks mellom fototeori og praktisk fotografering. Faget vert lagt opp i bolkar der vi også vil bruke laurdager og/eller søndagar. Tilbodet er avhengig av minimum 10 påmelde for å starte opp

Bildefag: Faget er ope for elevar frå 4.klasse og oppover. Vi vil forsøke å starte opp

bildefaget på nytt. Dette var eit populært fag i fleire år, men måtte leggast ned då læraren pensjonerte seg. Vi arbeider med å få på plass ny lærar no. Faget vil innehalde både teikning og måling, og andre teknikkar som trykk, skulptur og mykje, mykje anna. Tilbodet er avhengig av minimum 10 påmelde for å starte opp

Kulturell Førskule: Dette er også eit “ny-gammalt” fag. Vi forsøker no på nytt

med den Kulturelle førskulen - eit tilbod til 1. - 3. klasse. Tilbodet vert lokalisert til musikkrommet på Ringstad Skule og vert lagt til SFO-tida. Faget vil innehalde mykje og variert song, songleikar og rytmeleikar. Elevane vil få prøve ulike instrument og vil få smakebitar med teater og dans. Tilbodet er avhengig av minimum 10 påmelde for å starte opp.

Søknadsfrist: 1.mai 2014

Invitasjon 2014  
Read more
Read more
Similar to
Popular now
Just for you