Page 1

STRANDA KULTURSKULE BOX 264, 6201 STRANDA

STRANDA, TORSDAG, 7. MARS 2013 TIL ELEVAR OG FØRESETTE

OPPMØTETIDER

OG PRAKTISK GJENNOMFØRING SAMSPELPROSJEKT-KONSERTANE

AV

Det er no sett opp tider for lydprøver og frammøte konsertdagane 13. og 14. mars. Tidene som er sett opp er absolutte og MÅ overhaldast! Vi har svært knapt med tid på onsdagen, så det er viktig at alle møter til rett tid, er godt førebudd, har med seg notar og evt. anna utstyr/klede som de treng. Oppmøte

Start 14:15 14:30 14:45 15:05 15:25 15:40 15:50 16:00 16:15 16:35 16:55 17:15 17:45 17:00 18:00

14:10 14:15:00 14:30 14:50 15:05 15:15 15:30 15:40 16:00 16:20 15:40 17:00

Slutt Tid på scena Låt 14:30 00:15 Down by the riverside 14:45 00:15 Annies Song 15:00 00:15 Blowing in the wind 15:25 00:20 Jailhouse rock 15:40 00:15 Your always on my mind 15:50 00:10 All blues 16:00 00:10 Otherside 16:15 00:15 Down on the corner 16:35 00:20 You and I 16:55 00:20 Billie Jean 17:15 00:20 Oh Susannah 17:45 00:30 Barn av regnbuen 18:00 00:15 Pause 19:30 01:30 Konsert

Dansarar møter 14:15

Dansarar møter 15:20 Dansarar møter 15:20 Dansarar møter 15:20

Etter at lydprøva er over kan de dra heim. Alle må vere på plass i kulturhuset igjen kl. 17.00 for øving på fellesnummeret ”Barn av regnbuen”. Her skal vi øve både på songen, kvar dei ulike skal stå og korleis vi skal gå inn på scena. For dei som skal vente lenge på kulturhuset og ikkje har høve til å reise heim, kan det vere lurt å ta med ein ekstra nistepakke denne dagen. Konserten onsdag 13. mars er ein offentleg konsert, og vi oppmodar alle om å invitere med seg familie og venner til denne konserten. Vi vonar at konserten er fredig ca. 19.00. Torsdag 14.mars skal det i vere 2 skulekonsertar. Den første kl. 10.00. Denne er for 1. – 6. klasse ved Ringstad Skule. Konsert nr. 2 vert kl. 11.45 og den er for 7. klasse ved Ringstad Skule og for Stranda Ungdomsskule (8.klasse har stadfesta at dei kjem. For dei andre klassene er det ikkje tatt avgjerd enno.) ALLE innslaga/elevane skal vere med på begge konsertane! Vi har bestemt følgjande for torsdagen: 1. – 4. klasse Desse elevane møter på skulen som normalt denne dagen og går saman med klassene sine ned til kulturhuset før kl. 10.00. De tek då med mat og drikke. Vi skal lage til bord i ”Kalvehagen” så de kan ete skulemat her mellom konsertane. Etter siste konserten går de saman med 7.klasse tilbake til Ringstadskulen. Ved behov vil også nokon frå kulturskulen fylgje dykk tilbake på skulen. De vil vere tilbake på skulen ca. 13.00

S T R A N D A K U L T U R S K U L E B O K S 2 6 4 , N-6201 STRANDA Tlf: +47 70 26 80 57 Mob: +47 464 11 055 e-post: kulturskulen@stranda.kommune.no Side 1 av 2


STRANDA KULTURSKULE BOX 264, 6201 STRANDA

5. klasse  De møter som normalt på skulen denne dagen, og går frå skulen slik at de er på kulturhuset kl. 9.30. De skal også vente på kulturskulen mellom konsertane, så ta med mat og drikke. Etter siste konserten går de tilbake til skulen. De vil vere tilbake på skulen ca. 13.00. For alle deltakarar. Alle skal sette igjen instrumenta sine på kulturhuset onsdags kvelden slik at de slepp å ta dei med på skulen om morgonen. Det er også ein fordel for oss om instrumenta er tilgjengelege her frå morgonen av slik at vi får god tid på å stemme gitarar og feler før første konserten. Vi pakkar ut instrument og legg frå oss ytterklede i ”Kalvehagen” (innerste delen). De skal ikkje pakke ut instrumenta i storsalen og ingen skal sette frå seg kasser/bagar der. Vi ynskjer at alle som skal inn på scena kjem inn bakfrå – gjennom garderoba. Dei som ikkje har instrument dei skal sette frå seg bak scena, kan gå ut til høgre på scena etter at de er ferdige å spele. Vi sit stille i salen når dei andre spelar! Dei som skal gå ut for å gjere seg klar til seinare låtar, eller av andre grunnar treng å gå ut midt under konserten, må gjere dette mellom låtane. Dei første radene i amfiet vil vere reserverte for musikarane. Bruk difor desse plassane, og plassar heilt ytterst på andre rekker. Forsøk å ikkje sette dykk midt i amfiet! Og når vi skal ut så GÅR vi. (NB! Ingen springing!) Alle må møte i god tid, vere vel førebudde og syte for å ha med seg alle notar og alt utstyr de treng på konserten. Alle må ta med mat/drikke for å ete mellom konsertane. Etter første konserten vert det ca. 45 minutt pause til neste konsert, og det er fristande då å stikke på butikken å snope. Dette likar vi svært dårleg! Vi ber difor om at dei føresette ikkje sender med pengar for å snope. (Butikkane likar heller ikkje at store grupper barn/ungdom kjem inn samstundes!) Det vert difor ikkje lov å gå på butikken før, mellom og etter konsertane! Dersom nokon vert sjuke eller av andre grunnar ikkje kan stille på ein eller fleire av desse konsertane må de snarast råd gje beskjed om dette til skulen. Gje helst beskjed direkte til læraren.

Skulane har fått lister over alle som skal delta på konsertane, men det er, formelt sett, foreldra sitt ansvar å sjølve spørje elevane fri frå skulen! Dette må difor alle gjere for sine barn. Om det er nokon i familien som ikkje har høve til å vere med på konserten onsdag 13.mars, er det velkomne på ein av skulekonsertane. Det vert truleg best plass på konserten kl. 12.00, så kom helst då.

VEL MØTT og LUKKE TIL! Trond Otto Berg Rektor S T R A N D A K U L T U R S K U L E B O K S 2 6 4 , N-6201 STRANDA Tlf: +47 70 26 80 57 Mob: +47 464 11 055 e-post: kulturskulen@stranda.kommune.no Side 2 av 2

Informasjon om lydprøv er og konsertane  

Informasjon til heimane i samband med samspelprosjektet 2013