Issuu on Google+

STRANDA KULTURSKULE BOX 264, 6201 STRANDA

STRANDA, ONSDAG, 25. JANUAR 2012 TIL DELTAKARANE I UKM STRANDA 2012

OPPMØTE – LYDPRØVER INFORMASJON FØR UKM

OG

ANNA PRAKTISK

Takk for at du har meldt deg på UKM 2012 i Stranda. Det er i år rekordstor påmelding. Heile 31 ulike innslag er påmeldt. FANTASTISK! Takk for at akkurat DU er med på å lage ein fantastisk presentasjon av ungdomskulturen i kommuna vår. Oppmøte og lydprøver (sceneinnslag) For at alle skal få yte sitt beste under mønstringa skal alle få prøve seg på scena før konserten. Det er mange som skal i elden denne dagen. Vi har difor sett opp ein ganske stram timeplan. Det er svært viktig at de held denne og møter opp når de skal. Dei som ikkje møter når dei skal kan ikkje rekne med å få prøve seg på eit seinare tidspunkt. Kvart innslag er sett opp med ca. 15 minutt på scena. Enkelte har berre 5 minutt og nokre har fått 10. Det er viktig å merke seg at dette ikkje er ei øving, ei lydprøve! Her skal ikkje de øve, men lydmannen skal få stilt inn ein lyd som passar til dykk, rett sport på CD’en skal finnast fram, scenearbeidarane skal få vite kvar de ynskjer mikrofonar og notestativ etc. De kan ikkje rekne med å få synge igjennom songen dykkar meir enn ein gong! Vi skal lage til på ”Hjorten” for alle deltakarane. Her vert det ”pauserom” for dykk og det er her de skal pakke ut instrument, legge frå dykk ytterklede etc. Når de kjem på kulturhuset denne dagen må de melde dykk i ”sekreteriatet” (rett opp trappa) og få deltakarbevis og anna naudsynt informasjon. Hugs difor å møte i god tid før den oppsette tida for lydprøve. Eg har sett opp lydprøvene slik at dei som bur på Stranda har prøve tidleg på dagen kan reise heim før mønstringa tek til. Det vert også sett ut frukt og drikke til deltakarane på ”Hjorten”. Ca. kl. 15.00/15.30 vert det også servert pizza. Dei som skal ha CD-komp må ta med dette på ein eigen CD. Denne må merkast TYDELEG med namn, songtittel og spornummer. Dei som skal ha med og bruke eige utstyr (forsterkarar , instrument etc.) må syte for at dette er på plass i kulturhuset seinast kl. 09.30 søndag morgon. De kan evt. avtale med Sigurd å sette fram utstyret laurdag ettermiddag (etter at basaren er ferdig)

Kunstutstilling/matkultur Det er svært gledeleg at det er påmeldt heile 10 kunstnarar til kunstutstillinga under UKM i år. Utstillinga skal vere i ”Kalvehagen” i Storfjord Kulturhus. Dette er ”bak” billett/kafedisken” i kulturhuset. For at bileta dykkar skal kunne presenterast på ein så god måte som mogleg må de tenkje på korleis de vil at det skal hengast opp. De som har fleire bilete kan tenke på om bileta skal henge i ei spesiell rekkefølgje. ALLE bilete og kunstverk som skal stillast ut bør rammast inn! Dette kan gjerast svært enkelt med ei ”klipsramme” eller ei anna ”ferdigramme”. Kulturhuset har ikkje rammer for utlån, så dette må de syte for sjølve. Bilete og teikningar som ikkje er ramma inn vil verte hengd opp ved hjelp av tape eller teiknestiftar. Dei vil soleis lett kunne verte øydlagde. S T R A N D A K U L T U R S K U L E B O K S 2 6 4 , N-6201 STRANDA Tlf: +47 70 26 80 57 Mob: +47 464 11 055 e-post: kulturskulen@stranda.kommune.no Side 1 av 2


STRANDA KULTURSKULE BOX 264, 6201 STRANDA

Alle som har meldt på kunstverk må møte i kulturhuset seinast kl. 14.30. Det er viktig at de også møter opp i sekreteriatet og får utdelt deltakarbevis. De vil også få tildelt eit område på galleriveggen som de kan bruke. Vi vil hjelpe dykk med å henge opp og å merke bileta med namn og tittel.

Video Det er påmeldt 2 animasjonsfilmar. Desse kan sendast på e-post til meg. Vi vil prøve-vise desse etter at resten av sceneprøvene er ferdig. Om de ynskjer å vere tilstades under prøvevisninga, er de velkomne til det. Det er viktig at de også møte opp i sekreteriatet og får utdelt deltakarbevis.

Lyd/sceneprøver MØT OPP MINIMUM 10 MINUTT FØR OPPSETT TID FOR LYDPRØVE! Det er IKKJE høve til å byte tid med andre deltakarar!!! Oppmøte 12.30 12.35 12.50 13.05 13.05 13.20 13.35 13.35 13.50 14.05 14.20 14.30 14.40 14.30 15.00 15.10 15.20 15.30 15.40 15.50

Lyd/Sceneprøve 12.30 12.45 13.00 13.15 13.25 13.30 13.45 13.55 14.00 14.15 14.30 14.40 15.00 14.50 15.10 15.20 15.30 15.40 15.50 16.00

Artistnavn Karina & Michiko Maria, Ingrid Karoline & Trude Iris Ramona Maiken & Solveig Solveig Hanne og Emilie Julie & Amalie Julie Rimstad Hanne Elisabeth og Tonje Anna Ødegård The art of elecktrick bass The Valentines Øyvind Eliassen Four Sticks Adequate ft. Joffen Lars Kvam Karbø Jakob (dans) The cowgirls (dans) Kristin & Jarl Vegard (dans) 7A-Ringstad Skule (film)

Trond Otto Berg Rektor PS! Om noko er uklart så nøl ikkje med å ta kontakt.

S T R A N D A K U L T U R S K U L E B O K S 2 6 4 , N-6201 STRANDA Tlf: +47 70 26 80 57 Mob: +47 464 11 055 e-post: kulturskulen@stranda.kommune.no Side 2 av 2


Deltakarinfo UKM