Page 1

MUSEUM


Innleiing Innhald Kart

Velkomen til ei lærerik oppleving Musea i Sogn og Fjordane har til saman 13 ulike anlegg, spreidde over heile fylket. På musea våre kan du mellom anna lære om korleis folk i Sogn og Fjordane har levd og budd, du kan møte kunstverk til kjende kunstnarar frå fylket, og lære om norsk reiselivshistorie ved museet vårt i Balestrand. Musea byr på ulike aktivitetar og arrangement for heile familien. Du kan 2 | Musea i Sogn og Fjordane

besøke dyr, lage ditt eige brød, lage ditt eige smykke, delta på guida turar med flinke omvisarar, eller kanskje du berre treng ei avslappa stund i eit av anlegga våre. Ynskjer du meir informasjon, kan du besøke nettsida vår eller ta direkte kontakt med oss. Vi ynskjer deg velkommen til våre museum.

g g g g g g g g g g g g g

Vågsberget Anders Svor Museum Nordfjord Folkemuseum Eikaasgalleriet Astruptunet Sunnfjord Museum Sogn og Fjordane Kunstmuseum Kystmuseet i Sogn og Fjordane Kvernsteinsparken Norsk Reiselivsmuseum Sogn Folkemuseum Sogn Fjordmuseum Sogn kunstsenter

02 02 03

04 05 06 07 08 09 10 12 13 14 15 17 18

Kontaktinformasjon Adresse: Gota 16,
6823 Sandane Telefon: (+47) 990 94 777 E-post: post@misf.no Nettside misf.no


E39

Hornindal Måløy

Breheimen

15

15

Olden Sandane E39

Florø

Jostedalsbreen Jotunheimen Nasjonalpark

Skei

5

Førde 5 55

57

E39

Hyllestad

Balestrand

Sogndal

55

Lærdal E16

13

57 E39

E16

Gudvangen

Flåm 50

Musea i Sogn og Fjordane | 3


Opningstider: 23.06 - 20.08 (tors-sun)

kl. 12-18

Utanom sesongen kan grupper gjere avtale om omvising med Kystmuseet. Billettprisar Vaksne Born (0-18 år)

kr 50 Gratis

Billetten på Vågsberget inkluderer utstilling og omvisning i tunet.

/vaagsberget

Vågsberget Vågsberget i Vågsøy kommune var ein av mange handels- og gjestgjevarstadar langs kysten. I dag er Vågsberget freda som ein av dei best bevarte handelsstadene i Noreg. Bygningane på staden er frå kring 1800, men handelsstaden har røter tilbake på 1600-talet. Kystmuseet held ope her i sommarsesongen 4 | Musea i Sogn og Fjordane

med guida omvising i dei historiske husa, og utstilling og kafé i driftsbygningen. Eigaren på Vågsberget hadde handelsprivilegium frå kongen med einerett til handel med ei rekkje varer. Folk i nærområdet kom lett i gjeld til handelsmannen. Privilegiet fall bort etter 1814.

Kontaktinformasjon: Adresse: Vågsvåg, 6700 Vågsøy Telefon: (+47) 982 69 854 E-post: ksf@misf.museum.no Nettside: kyst.museum.no/vaagsberget


Opningstider: 17.06 - 30.06 (laur-sun) 01.06 - 31.07 (tys-sun) 01.08 - 18.08 (laur-sun) Billettprisar Vaksne Gruppe (3+) Born (0-18 år) Omvising

kl. 09-16 kl. 09-16 kl. 09-16

kr 50 kr 35 Gratis kr 75

Kontaktinformasjon: Adresse: Grodås, 6761 Hornindal Telefon: 95 10 51 76 / 97 42 15 65 E-post: post@sfk.museum.no Nettside: sfk.museum.no

Anders Svor Museum Anders Svor Museum er eit urbant innslag i den vesle bygda Hornindal. Den kjende billethoggaren Anders Svor (1864-1929) vart født i Hornindal, han hadde fleire offentlege oppdrag og du finn fleire av verka hans m.a. i Oslo. Anders Svor sin kunst er kjenneteikna av det enkle, reine og rotekte. Svor arbeidde i ein

naturalistisk og nyromantisk stil. Galleriet har skulpturar i gips, leire og bronse. Anders Svor var ein bondegut frå Hornindal, som allereie som gut viste uvanlege evner i treskjæring. Som syttenåring fekk han arbeid som treskjerar ved Brødrane Hals pianofabrikk i Kristiania, og elev ved Den Kgl. Tegneskole.

I 1891 fekk han sitt kunstnarlege gjennombrot då han vann gullmedalje for skulpturen «David» på den internasjonale kunstutstillinga i Berlin.

Musea i Sogn og Fjordane | 5


Opningstider: 15.06 - 15.09 (alle dagar) kl. 11-17 Resten av året (man-fre, sun) kl. 11-15 Billettprisar Vaksne Born (7-18 år) Familie

kr 70 kr 40 kr 200

Omvising i friluftsmuseet kl. 13 er inkludert i billetten. Gruppeomvisingar må avtalast med museet på førehand.

/nordfjordfolkemuseum #nordfjordfolkemuseum

Nordfjord Folkemuseum På Sandane finn du Nordfjord Folkemuseum. Her vil du få eit innblikk i historia til regionen med eit spesielt fokus retta mot vasskrafta si rolle i dagleglivet. I friluftsmuseet finn du hus og historie om livet i Nordfjord frå 1600-talet og framover, og fleire av husa er innreidde. 6 | Musea i Sogn og Fjordane

Ved fjorden like utanfor Sandane sentrum finn du museumsfartøyet Holvikejekta bygd i 1881. Den 20 meter lange jekta er den siste bevarte seglskuta som transporterte varer mellom Nordfjord og Bergen. Vi har og ein museumsbutikk og liten kafé.

Kontaktinformasjon: Adresse: Gota 16, 6823 Sandane Telefon: (+47) 57 88 45 40 E-post: nfm@misf.museum.no Nettside: nordfjord.museum.no


Opningstider: 01.04 - 02.06 (ons, laur, sun) kl. 11-16 03.06 - 15.08 (alle dagar) kl. 11-17 16.08 - 15.10 (ons, laur, sun) kl. 11-16 Billettprisar Vaksne Born (0-18 år) Omvising

kr 50 Gratis kr 75

Kontaktinformasjon: Adresse: Ålhus, 6847 Jølster Telefon: (+47) 992 02 676 E-post: post@sfk.museum.no Nettside: sfk.museum.no

Eikaasgalleriet Eikaasgalleriet er eit moderne kunstgalleri som ligg på Ålhus i Jølster, rett ved E39. Ludvig Eikaas (1920-2010) var ein av pionerane innan det abstrakte kunstuttrykket i Noreg, og kunsten hans er representert på museum i innog utland. Grafikaren, målaren, teiknaren, skulptøren

og kunstprofessoren, er kanskje mest kjend for sine særeigne portrett og sjølvportrett, ofte med overraskande og humoristiske vendingar. Ludvig Eikaas var ein utprøvande og ofte spontan kunstnar, som aldri slo seg til ro med ein teknikk og eitt bestemt uttrykk. Han var mellom anna den første som tok i bruk hard-

plast i skulptur. Han er representert i 10 norske kunstmuseum, i tillegg til København, New York, Paris og i Firenze. Eikaassamlinga omfattar no over 850 verk i ulike teknikkar. Sesongen 2016 syner vi fram eit utval frå samlinga. Kafé og badestrand. Musea i Sogn og Fjordane | 7


Opningstider: 20.05 - 15.06 og 16.08 - 17.09 Laurdag og sundag kl. 11-16 Onsdag kl. 17-20 16.06 - 15.08 (alle dagar) kl. 10-17 Billettprisar Billett/omvising per person Born (0-18 år)

kr 100 Gratis

Tinging av omvisning utanom ordinær tid på tlf. 47 47 65 81 / 99 20 26 76 (Minstepris utanom opningstid: kr 400)

Kontaktinformasjon: Adresse: Sandal, 6847 Vassenden Telefon: (+47) 992 02 676 E-post: post@sfk.museum.no Nettside: sfk.museum.no

Astruptunet Astruptunet ligg idyllisk til på sørsida av Jølstravatnet. Her finn du heimen til målaren, teiknaren og grafikaren Nikolai Astrup (18801928), som er ein av Noreg sine mest kjende nasjonale kunstnarar. Astrup eksperimenterte med tresnittet, og vart slik ein nyskapar innan den grafiske 8 | Musea i Sogn og Fjordane

teknikken. Han varierte oppdraga fritt og utradisjonelt, dels ved å arbeide i plata undervegs eller ved å handkolorere trykka etter at dei var ferdig trykt. Etter studiane flytta han heim for å skildre naturen og folk i Jølster. Astruptunet er ikkje berre ein kunstnarheim, men ein viktig del av

kunstnaren sitt livsverk. Som i bileta til Astrup, ser vi både i eksteriør og interiør korleis Astrup sin kjærleik for landskapet og plassen framleis ligg som ei stemning gjennom rom og tun. I Astrupsamlinga har vi nesten alle Astrup sine trykkplater og trykk og ein del måleri. I 2016 vart kunsten til Astrup lansert internasjonalt.


Opningstider: 01.06 - 30.06 og 16.08 - 31.08 Mandag - fredag kl. 10-16 Laurdag - sundag kl. 12-17 01.07 - 15.08. Mondag - fredag kl. 10-18 Laurdag - sundag kl. 12-17 01.09 - 31.05. Mondag - fredag kl. 10-15 Billettprisar Vaksne Born (0-18 år)

kr 60 Gratis

/sunnfjordmuseum #sunnfjordmuseum

Sunnfjord Museum Sunnfjord Museum ligg ved Movatnet, langs E39 like aust for Førde sentrum. Dette er eit kulturhistorisk museum med samlingar og utstillingar som speglar dagleglivet til folk flest i Sunnfjord gjennom tidene. Friluftsmuseet består av ein opphaveleg husmannsplass og eit rekonstruert klyngetun med urtehage, støl og kulturlandskap.

Bygningane i friluftsmuseet kjem frå heile Sunnfjord, og syner eit tidsspenn i byggeskikk frå 1500 til kring 1900. Museet ligg i naturvakre omgjevnader. Her finn du fleire turstiar med informasjonstavler som fortel om den lokale natur- og kulturhistoria. Vi tilbyr omvising til alle gjester i friluftsmuseet. Museumsbutikk og kiosk.

Kontaktinformasjon: Adresse: Movika, 6819 Førde Telefon: +47 57 72 12 20 E-post: sum@misf.museum.no Nettside: sunnfjord.museum.no

Musea i Sogn og Fjordane | 9


Opningstider: Heile året (tysdag-sundag) kl. 11-16 Billettprisar utan guide Vaksne Born (0-18 år)

kr 50 Gratis

Billettprisar med guide Vaksne Born (0-18 år) Familie

kr 75 Gratis kr 170

/sognogfjordanekunstmuseum #sognogfjordanekunstmuseum

Sogn og Fjordane Kunstmuseum Sogn og Fjordane Kunstmuseum finn du i Førde sentrum i eit bygg som har fått ein internasjonal pris for sin særprega arkitektur. Kunstmuseet syner basisutstillingar frå samlingane, og skiftande utstillingar med samtidskunst. Samlinga er på over tusen verk, og syner regional og nasjonal biletkunst og kunsthand10 | Musea i Sogn og Fjordane

verk frå 1900-talet fram til i dag, med hovudvekt på tida etter 1970. På varme sommardagar kan ein nyte finveret på takterassen i 4.etg. Ta gjerne turen innom kunstbutikken, som byr på eit variert utval, eller kafeen som byr på ein meny av heimelaga varme- og kalde rettar.

Kontaktinformasjon: Adresse: Storehagen 1, 6800 Førde Telefon: +47 974 21 565 E-post: sfkm@misf.no Nettside: sfk.museum.no


1

2 1 og 2. Astruptunet 3 og 4. Sogn og Fjordane Kunstmuseum

3

4 Musea i Sogn og Fjordane | 11


Opningstider: 19.06 - 20.08 (mån-fre) kl. 11-18 (laur-sun) kl. 12-16 Resten av året (mån-fre) kl. 10-15 Resten av året (sun) kl. 12-15 Januar Stengd Billettprisar Vaksne Born (0-18 år)

kr 70 Gratis

/kystmuseet.sfj

Kystmuseet i Sogn og Fjordane Ved Kystmuseet kan du sjå utstillingar som formidlar natur- og kulturhistorie frå kysten av Sogn og Fjordane – frå steinalder til oljealder. Her finn du ei stor båtsamling, gjenstandar frå bygd og by ved kysten og ei av dei største permanente oljeutstillingane i landet. Kystmuseet har tre utstillingsbygg og eit 12 | Musea i Sogn og Fjordane

stort uteområde med flott natur og gamle hus. I utstillingshallane får du sjå glimt frå dagleglivet ved kysten, lokale båttypar og fiskereiskapar, og du får omvising i oljeutstillinga. Museet ligg i eit variert kystområde bunde saman med spaservegar og bruer. Her kan du mellom anna sjå gamle gardstun og sjøbuer.

Kontaktinformasjon: Adresse: Brendøyvegen, 6900 Florø Telefon: +47 57 74 22 33 E-post: ksf@misf.museum.no Nettside: kyst.museum.no Kystmuseet tilbyr aktiviteter for barn og vaksne. I sommarsesongen har vi sauer og geiter på beite og robåt til utleige. Kafé og butikk. omvising for grupper etter avtale.


Opningstider: 17.06 - 27.08 (tys-sun) Billettprisar Vaksne Born (7-18 år) Born (0-6 år)

kl. 10-17

kr 60 kr 30 Gratis

#kvernsteinsparken /kvernsteinsparken

Kontaktinformasjon: Adresse: 6957 Hyllestad Telefon: +47 458 71 940 E-post: post@kvernstein.no Nettside: kvernstein.no

Kvernsteinsparken I Kvernsteinsparken i Hyllestad reiser du tilbake til vikingtida og mellomalderen – og møter vikingane som dyktige handverkarar og drivne handelsfolk. Det var stein som var Hyllestad sitt «gull». I hundrevis av steinbrot jobba det stein-

hoggarar som tok ut kvernstein etter kvernstein for å skipe dei ut i den store verda. Den gongen var kvernstein ein heilt sentral gjenstand: Utan kvernstein ingen mat! I Kvernsteinsparken tar vi deg med på tur gjennom steinbrotslandskapet kor vikingane

sleit for 1000 år sida. Etter steinbrotsturen kan du sjølv bruke hendene dine. Du kan male korn, bake brød, lage klebersteinssmykke, prøve deg på oppstadveven eller kose deg ved bålet med noko godt å ete.

Musea i Sogn og Fjordane | 13


Opningstider: Mai og september (tys-fre) kl. 10-16 Juni, juli og august (alle dagar) kl. 10-18 Oktober - mars (mån-fre) kl. 10-15 Billettprisar Vaksne Barn (7-18 år) Familie

kr 80 kr 30 kr 170

/norskreiselivsmuseum #norskreiselivsmuseum

Kontaktinformasjon: Adresse: Holmen 12, 6899 Balestrand Telefon: (+47) 47 45 30 53 E-post: nrm@misf.museum.no Nettside: reiselivsmuseum.no

Norsk Reiselivsmuseum Norsk reiselivsmuseum ligg vegg i vegg med Kviknes Hotell i tettstaden Balestrand. Museet opna dørene våren 2016. Det spektakulære museumsbygget er skore ut i grunnfjellet, noko som gjer det til ein attraksjon 14 | Musea i Sogn og Fjordane

i seg sjølv og tilfører dei spesielle utstillingslokala estetiske kvalitetar. Ved å blande nytt med gamalt fortel museet reiselivshistoria frå 1800-talet fram til i dag ved hjelp av digital teknologi.

Hovudutstillinga er «Reiseliv i Norge». Delutstillingar syner ma. den lokale reiselivshistoria og dei nasjonalromantiske kunstnarane på reiselivet. Mellombels utstilling om det nasjonale vegprosjektet, Nasjonale turistvegar.


Opningstider: Mai og sept. (alle dagar) kl. 10-15 Juni, juli og aug. (alle dagar) kl. 10-17 Billettprisar Vaksne Born (7-18 år) Familie

kr 80 kr 30 kr 170

/dhs.museum #sognfolkemuseum

De Heibergske Samlinger – Sogn Folkemuseum På Kaupanger i Sogndal kommune finn du De Heibergske Samlinger - Sogn Folkemuseum. Museet vart grunnlagt i 1909 av Gert Falch Heiberg, ein av museumspionerane i Noreg, og er eitt av landets eldste og største kulturhistoriske museum. På friluftsmuseet finn ein meir enn 30 bygningar, som spenner frå

mellomalderens årestove til ferdighuset frå 1980-åra, plassert i eit levande kulturlandskap. Tradisjonell gardsdrift med dyr i sommarsesongen. Fôring av dyra kl. 14 (måndag-fredag) i juni, juli og august. I hovudbygningen finn ein faste utstillingar om jordbruk og mat, handverk og bondekunst,

Kontaktinformasjon: Adresse: Vestreim, 6854 Kaupanger Telefon: (+47) 57 67 82 06 E-post: dhs-sf@misf.museum.no Nettside: dhs.museum.no klede og tekstilar, kyrkje og folketru, strandstad, krambu og barndom. Leikeplassar, naturhistoriske løyper, levande museum med folk i husa og handverk. Gardsarbeid kvar onsdag kl. 12-15 i sommarsesongen. Kafé og museumsbutikk. Dagleg omvising i juni, juli og august, elles etter avtale. Musea i Sogn og Fjordane | 15


4

1

5 1. Holvikejekta ved Nordfjord Folkemuseum 2. Anders Svor Museum 3. Norsk Reiselivsmuseum 4. De Heibergske Samlinger - Sogn Folkemuseum 5. Sunnfjord Museum

2 16 | Musea i Sogn og Fjordane

3


Opningstider: Juni, juli og aug. (alle dagar) kl. 10-17 Billettprisar Gratis inngang

Kontaktinformasjon: Adresse: 6854 Kaupanger Telefon: (+47) 47 45 29 33 E-post: dhs-sf@misf.museum.no Nettside: dhs.museum.no

Sogn Fjordmuseum Sogn Fjordmuseum ligg ved Kaupanger ferjekai, nede ved Sognefjorden - Noregs lengste og djupaste fjord. Museet er ei eiga avdeling av De Heibergske Samlinger og ligg berre fem minutt frå museet sitt hovudanlegg. Her får du lære om korleis fjorden var ein føresetnad for levemåten og busetnaden

i Sogn i eldre tider. Sognefjorden var ei livsnerve for bygdene omkring fjorden, både som matfat og ferdselsåre. Ved Sogn Fjordmuseum får du ei flott oppleving av fjordkulturen. Her er ei eineståande samling av båtar frå Sogn. Her er også ein rekonstruert båtbyggarverkstad og reiskapar

for båtbygging. Dessutan finn ein tradisjonelle fiskereiskapar og anna utstyr knytt til den gamle fjordkulturen. Her ligg også Glaværstova, ei gamal skjenkestove frå Glavær i Gulen, med Sogn sin eldste bar. Museumskafé og butikk.

Musea i Sogn og Fjordane | 17


Opningstider: 17.06 - 25.06 (laur-sun) 01.07 - 30.07 (tys-sun) 05.08 - 13.08 (laur-sun)

Billettprisar Billett Born (0-18 år) Omvising

kl. 10-16 kl. 11-16 kl. 10-16

kr 50 Gratis kr 75

Kontaktinformasjon: Adresse: 6887 Lærdal Telefon: (+47) 488 64 787 E-post: post@sfk.museum.no Nettside: sfk.museum.no

Sogn Kunstsenter Sogn Kunstsenter finn du på Lærdalsøyri, i Lærdal Kulturhus saman med Norsk Villakssenter og Laksen Kafé. Målaren Hans Gjesme (1904-1994) er fødd og oppvaksen i Lærdal. Gjesme tok allereie som sekstenåring til i lære hos Pola Gauguin i 18 | Musea i Sogn og Fjordane

Kristiania. Seinare var han nokre månader i Paris, mellom anna som elev hjå André Lhote. Gjesme arbeidde i ein naturalistisk stil, med landskap og folk i Lærdal som hovudmotiv. Han budde det meste av livet sitt i Lærdal og har donert over 1500 verk til Lærdal kommune.

I sommar syner vi Hans Gjesme og årstidene – basisutstilling. I denne utstillinga ønskjer vi å syne fram eit underliggande tema i mange av Hans Gjesme sine måleri, trass ulike motiv; nemleg årstidene.


Musea i Sogn og Fjordane | 19


/museaisognogfjordane #museaisognogfjordane

MUSEUM

Graphic design: Innholdspartner. Photography: Espen Mills.

www.misf.no

Brosjyre for Musea i Sogn og Fjordane  

Musea i Sogn og Fjordane har 13 ulike museum, spreidde over heile fylket. For informasjon om kva som skjer på våre museum sjå: www.misf.no

Read more
Read more
Similar to
Popular now
Just for you