Page 1


INNHALD

FØREORD................................................................................................................................................................................ 3

1. INNLEIING .......................................................................................................................................................................... 4

1.1 BAKGRUNN, ORGANISERING OG PROSESS....................................................................................................... 4 1.2 ORGANISERINGA AV DOKUMENTET................................................................................................................ 4 1.3 FYLKESKOMMUNALE PLANFØRESETNADER, SENTRALE DOKUMENT OG KJELDER .......................................... 4 1.4 OMGREPSAVKLARINGAR/AVGRENSING .......................................................................................................... 5 2. UTFORDRINGAR FOR VIDAREGÅANDE OPPLÆRING I SOGN OG FJORDANE.............................................. 6

2.1 INNLEIING ...................................................................................................................................................... 6 2.2 HOVUDUTFORDRINGANE I VIDAREGÅANDE OPPLÆRING ................................................................................ 6 2.3 SAMARBEID SOM UTVIKLINGSSTRATEGI – KVEN ER AKTØRANE? ................................................................... 8 2.4 NOKRE NØKKELTAL FOR SOGN OG FJORDANE PER 01.10.2007 ...................................................................... 8 3. INNHALD OG KVALITET – EI GOD GJENNOMFØRING I VIDAREGÅANDE OPPLÆRING ........................... 9

3.1 INNLEIING ...................................................................................................................................................... 9 3.2 GJENNOMFØRING I VIDAREGÅANDE OPPLÆRING .......................................................................................... 11 3.2.1 Likeverdig og inkluderande opplæring – fellesskap og tilpassing...................................................... 14 3.2.2 Læringsmiljø, læringsutbyte og læringstrykk ..................................................................................... 17 3.2.3 Heilskap og samanheng i grunnopplæringa........................................................................................ 18 3.2.4 Karriererettleiing og rådgjevingstenesta ............................................................................................. 19 3.2.5 Elev- og lærlingmedverknad............................................................................................................... 21 3.2.6 Fleirkulturell opplæring...................................................................................................................... 23 3.2.7 Folkehelse og førebygging - trivsel og tryggleik................................................................................ 24 3.2.8 Skulebiblioteket – kunnskapskjelde og møteplass.............................................................................. 27 3.2.9 Digital kompetanse ............................................................................................................................. 28 4. VIDAREGÅANDE OPPLÆRING SI SAMFUNNSROLLE.......................................................................................... 30

4.1 INNLEIING .................................................................................................................................................... 30 4.2 ROBUSTE, ALLSIDIGE OG LEVEDYKTIGE LOKALSAMFUNN ........................................................................... 33 4.2.1 Kultur for livslang læring ................................................................................................................... 33 4.2.2 Lokal identitet og lokale moglegheiter ............................................................................................... 36 4.2.3 Opplevingsnæringar og småskalasatsing ............................................................................................ 38 4.2.4 Internasjonalisering ............................................................................................................................ 39 4.2.5 Berekraftig samfunnsutvikling ........................................................................................................... 40 4.2.6 Regional eigarskap og regional styring .............................................................................................. 40 5. PERSONALRESSURSAR OG KOMPETANSE I VIDAREGÅANDE OPPLÆRING .............................................. 42

5.1 INNLEIING – ARBEIDSGJEVARSTRATEGI MOT 2020....................................................................................... 42 5.2 REKRUTTERING, STABILISERING OG KOMPETANSEUTVIKLING ..................................................................... 42 5.2.1 Rekruttering........................................................................................................................................ 43 5.2.2 Stabilisering – strategi for å behalde kompetanse............................................................................... 43 5.2.3 Kompetanseutvikling – overordna strategi for robuste fagmiljø ........................................................ 45


6. RESSURSFORDELING TIL DEI VIDAREGÅANDE SKULANE .............................................................................. 46

6.1 INNLEIING .................................................................................................................................................... 46 6.1.1 Nasjonale og regionale føringar.......................................................................................................... 46 6.1.2 Ressursfordelinga til dei vidaregåande skulane i dag ......................................................................... 47 6.1.3 Økonomiske rammer – balanse i fokuset på driftsproblematikk og utviklingstiltak .......................... 48 6.2 ØKONOMISKE FØRESETNADER FOR EI GOD OPPLÆRING................................................................................ 49 6.2.1 Fordelingsmodell – dagens ordning vs. stykkprisfinansiering............................................................ 49 6.2.2 Tilpassa opplæring/spesialundervisning ............................................................................................. 50 6.2.3 Driftsrammer for dei vidaregåande skulane........................................................................................ 51 LITTERATUR/GRUNNLAGSDOKUMENT ..................................................................................................................... 52

OFFENTLEGE MELDINGAR OG UTGREIINGAR ...................................................................................................... 52 FAGLITTERATUR ................................................................................................................................................ 52

2


Føreord Fylkestinget vedtok 08.04.2008 mål- og strategidokumentet Rom for alle – syn for den enkelte. Den vidaregåande opplæringa i Sogn og Fjordane har som mål å: -

utvikle kvaliteten i læringsprosessen, sikre eit desentralisert og samtidig kvalitativt godt opplæringstilbod, sikre ei heilskapleg vidaregåande opplæring (skule og bedrift), synleggjere vidaregåande opplæring som eit viktig regionalpolitisk verkemiddel i høve kompetanseheving, næringsutvikling og eit godt liv.

Opplæringstilbodet skal både vere tilpassa den einskilde elev og lærling sine behov og interesser og næringslivet sitt behov for kompetanse. Eit likeverdig og forpliktande samarbeid mellom skule og arbeidsliv vil her vere eit viktig verkemiddel. For å ivareta fylkeskommunen si rolle som regional utviklingsaktør, legg mål og strategidokumentet opp til at eit tettare og meir formalisert samarbeid med det lokale nivået og næringslivet, både i kommunane og i regionane, vere prioritert. For å nå desse ambisiøse måla er det viktig med gode og tydelege styringsdokument – som handlingsreiskapar for både politisk, sentraladministrativt og skule- og bedriftsnivå. Fylkestinget vedtok 03.06.2003 den fyrste mål og strategiplanen for vidaregåande opplæring for perioden 2004-07, og eit tilhøyrande strategisk handlingsprogram vart vedteke 29.03.2004. Mål og strategiar dannar bakgrunn for handlingsprogrammet og er overordna alt utviklingsarbeid i sektoren. Handlingsprogrammet er sentralt i styringsdialogen med dei vidaregåande skulane. Hovudutval for opplæring rullerer handlingsprogrammet årleg, slik at nye tiltak kan fangast opp, og gjennomførte tiltak kan kvitterast ut. Politisk og administrativ leiing i fylkeskommunen har i perioden signalisert gode erfaringar med å arbeide etter ein ny systematikk: frå mål og strategiar til handling – og det er denne systematikken vi no skal vidareføre!

Leikanger 15.mai 2008

Bekka Skaasheim fylkesdirektør

3


1. Innleiing 1.1 Bakgrunn, organisering og prosess Hovudutval for opplæring vedtok 29.03.07 i sak 05/07 mandat for, og organisering av, mål- og strategiarbeidet. Utvalet har sjølv vore styringsgruppe, og har hatt det overordna ansvaret for prosessen. Eit arbeidsutval har vore det operative organet i arbeidet, og har hatt ansvaret for å greie ut konkrete problemstillingar undervegs og å produsere tekstdelane. Leiaren i arbeidsutvalet og representantane frå fylkesdirektøren for opplæring har hatt sekretariatsansvar. Med i arbeidsutvalet har vore: Ottar Hjetland, Høyanger vidaregåande skule, leiar Holger Aasen, NHO Arvid Langeland, LO Endre Høgalmen, regionalavdelinga Ole Inge Gjerald, opplæringsavdelinga Siri Merete Nedland, opplæringsavdelinga Leiaren for arbeidsutvalet har vore til stades i alle hovudutvalsmøta i perioden 20.06.-10.12.2007. Det har vore oppnemnt ei breitt samansett ressursgruppe. Denne gruppa har hatt representantar frå NHO, LO, arbeidstakarorganisasjonane, dei vidaregåande skulane, elevane, opplæringskontora, fylkesdirektøren for regional utvikling og fylkesdirektøren for kultur. Fagopplæringsnemnda har vore representert ved at leiaren sit i styringsgruppa (hovudutvalet) og at NHO/LO er representerte i arbeidsutval og ressursgruppe. Arbeidsutvalet har i eigne møte lagt opp til ein effektiv og inkluderande dialog med rektorkollegiet og leiargruppene ved alle dei vidaregåande skulane, opplæringskontora, fagopplæringsnemnda, fylkestinget for ungdom og Elevorganisasjonen. Eigarskap og medverknad er viktig for legitimiteten til arbeidet, og utvalet har fått nyttige innspel undervegs.

1.2 Organiseringa av dokumentet Dokumentet er organisert slik at ein først i delkapitla går gjennom overordna nasjonale mål og føringar. Her er dei overordna rammene for vidaregåande opplæring som alle skuleeigarar må forhalde seg til tydeleggjort. Slik får ein fram kva som er det regionale handlingsrommet innanfor kvart temaområde. Gjeldande føringar i fylkeskommunale styringsdokument (fylkesplanen og andre planverk) vert også synleggjort for å dokumentere at framlegga til mål og strategiar er forankra her.

1.3 Fylkeskommunale planføresetnader, sentrale dokument og kjelder Som grunnlag for mål- og strategidokumentet ligg følgjande fylkeskommunale dokument: Fylkesplan 2005-08, fylkestingssak 31/04 Strategi for internasjonalisering, fylkestingssak 47/07 Utviklingsplan for biblioteka i dei vidaregåande skulane, hovudutval for opplæring, sak 35/06, Kompetanse for utvikling, 2005-2008, Fylkestingssak 21/05 Strategiplan IKT 2005-2008 Sogn og Fjordane fylkeskommune, fylkestingssak 53/04 Vidaregåande opplæring for vaksne i Sogn og Fjordane - organisering, fylkestingssak 01/06

4


Handlingsplan for fagopplæringsnemnda, Fagopplæringsnemnda, sak 02/06 Partnarskap for folkehelse Seniorpolitisk handlingsplan for Sogn og Fjordane fylkeskommune Måldokumentet for fylkestinget for ungdom Kvalitetssystemet for vidaregåande opplæring: o Fylkesdirektøren sin styringsdialog (skulane, opplæringskontora) o Kvalitetssystemet/årshjulet (jf. Strategisk handlingsprogram 2004-07) o Kvalitetsutvalet sin rapport frå 10.06.2003 o Målekart for vidaregåande opplæring, vedteke i fylkestinget 11.12.2007. I tillegg bygger planen på sentrale statlege føringar og styringsdokument. Desse vert vist til undervegs i dokumentet.

1.4 Omgrepsavklaringar/avgrensing Gjennom heile dokumentet er nemningane elev om alle som får opplæring i skule (også vaksne), og lærling om alle som får opplæring i bedrift (også lærekandidatar). Omgrepet lokalsamfunn er nytta gjennomgåande i dokumentet. Med dette meinast både offentleg og privat arbeids- og næringsliv og frivillige lag og organisasjonar. Kommunane vert i dokumentet peikte på som viktige samarbeidspartar for vidaregåande opplæring. Med kommunane er meint både samarbeid med skuleeigar og enkelte grunnskular.

5


2. Utfordringar for vidaregåande opplæring i Sogn og Fjordane 2.1 Innleiing Hovudutval for opplæring vedtok i sak 05/07 følgjande mandat for mål- og strategiarbeidet: Det vert sett i gang strategiarbeid for opplæringssektoren. Arbeidet har følgjande mandat: Strategiarbeidet skal med utgangspunkt i overordna styringsdokument setje mål og strategiar for utvikling av vidaregåande opplæring i Sogn og Fjordane. Arbeidet skal ut frå dette vise: -

Korleis ein kan leggje til rette for tilpassa opplæring for alle Korleis ein kan vidareutvikle vidaregåande opplæring si rolle som regional utviklingsaktør Korleis ein kan leggje til rette for auka elev- og lærlingmedverknad Korleis ein gjennom rekrutterings- og kompetanseutviklingstiltak kan sikre kvalitet på den vidaregåande opplæringa. Alternative kriteria for fordeling av midlar til sektoren/dei vidaregåande skulane

Strategiarbeidet skal ha balanse i fokuset på driftsproblematikk og utviklingstiltak. Hovudutvalet sine tillegg til mandatet: -

Konsekvensar av Kunnskapsløftet St.meld. nr. 16 Fokus på overgang i grunnopplæringa Auka gjennomføringsgrad i vidaregåande opplæring

Mål og strategiar for vidaregåande opplæring i Sogn og Fjordane skal leggjast fram for fylkestinget til handsaming i desember 2007. Eit strategisk handlingsprogram for perioden 2008-2011 skal leggjast fram for Hovudutval for opplæring til handsaming i mars 2008.

Mål og strategidokumentet skal gi rammer, retning og verdigrunnlag for utvikling av vidaregåande opplæring, samarbeid mellom skulane og mellom skule og bedrift, og synleggjere vidaregåande opplæring si rolle i samfunnsutviklinga lokalt og regionalt. Arbeidet har vore knytt opp mot tidlegare mål- og strategiarbeid for vidaregåande opplæring i Sogn og Fjordane. I Mål- og strategidokumentet med tilhøyrande handlingsprogram for 2004 -07 var det eit sterkt fokus på samfunns- og utviklingsaktørrolla. I inneverande planperiode vert det lagt opp til ein balanse mellom utvikling og drift, med hovudfokus på innhald og kvalitet i vidaregåande opplæring.

2.2 Hovudutfordringane i vidaregåande opplæring I mål- og strategidokumentet er følgjande utfordringar drøfta særskilt: Elev- og lærlingmedverknad Elevundersøkinga i 2007 og lærlingundersøkinga i 2005 synte oss at det er for liten elev- og lærlingmedverknad i vidaregåande opplæring. Dette resultatet kjem til tross for at medverknad er sett på den politiske dagsorden dei siste åra. Halvparten av elevane uttrykker eit ynske om meir medverknad for å planlegge eiga opplæring. Dette bør takast på alvor, men samstundes må ein ha ein god dialog mellom elevar/lærlingar og skule/bedrift omkring kva medverknaden skal innebere. Dette

6


krev at elevar og lærlingar får opplæring i korleis dei skal medverke, og at ein finn fram til kva område medverknaden skal vere til stades. Tilpassa opplæring for alle Opplæringslova sin §1-2 Formålet med opplæringa slår fast at opplæringa skal tilpassast evnene og føresetnadene hjå den enkelte eleven og lærlingen. Vidaregåande opplæring i Sogn og Fjordane bør ha som mål å i endå større grad tilby ei likeverdig opplæring for alle elevar og lærlingar, og bør såleis prioritere høgt å legge til rette med den einskilde sine evner og ambisjonar som rettesnor. Samstundes er det viktig at skulane og lærebedriftene heile tida arbeider for å styrke kvaliteten på læringsutbytet i faga. Elevar og lærlingar skal i heile opplæringsløpet ha differensiert opplæring. Eit breitt spekter av arbeidsmåtar og ei fleksibel organisering kjenneteiknar opplæringa der ein har kome langt i å tilpasse opplæringa til den enkelte elev og lærling. Vidaregåande opplæring si samfunnsrolle I eit stadig meir kunnskapsbasert arbeids-, nærings- og kulturliv står kunnskap og kompetanse fram som avgjerande for innovasjon, næringsutvikling og auka verdiskaping. Her vil vidaregåande opplæring spele ei sentral rolle med å tilby teknologi, lokale og kompetanse av høg kvalitet. Innhaldet i opplæringa må raskt kunne tilpasse seg dei endringar og dei behov som oppstår i lokalsamfunnet. Opplæringsinstitusjonane må reagere effektivt på endringar i behov for ulike typar opplæring. Såleis må den vidaregåande opplæringa vere fleksibel. Skal ein nå ei slik målsetjing, må ein sjå kritisk på innhald og organisering. Samfunnet treng å utvikle entreprenørskapshaldningar og -kompetanse. I den samanhengen har grunnopplæringa ei viktig rolle å spele. Det bør vere ei sentral målsetjing å gjere det lettare for alle – unge, vaksne og lokalsamfunnet – å få tilgang til utdaning og opplæring. Vidaregåande opplæring må sjåast i eit livslangt læringsperspektiv. I eit slikt perspektiv må målgruppene for den vidaregåande opplæringa i fylket utvidast. Målgruppa vil ikkje berre vere dei som gjennom lov og forskrift er gitt rettar til vidaregåande opplæring, men også alle som har behov for den kompetansen den vidaregåande opplæringa i fylket til ei kvar tid kan tilby. Gjennomføring Det er eit politisk mål at så mange som mogleg gjennomfører ei 13-årig grunnopplæring. Ei heilskapleg grunnopplæring blir sett på både som ein viktig føresetnad for vegen vidare i yrke og utdanning, som grunnlag for sosial utjamning og som føresetnad for eit aktivt og meiningsfylt liv. Den svake gjennomføringa i vidaregåande opplæring er dokumentert gjennom ei rekkje forskingsresultat. Desse peikar både på systemiske og individuelle faktorar som påverkar handlingsmønsteret til elevar og lærlingar. Fleire av desse er knytte til tilhøve utanfor skulen/lærebedrifta – sosial bakgrunn, bu - og familiesituasjon, etnisk bakgrunn og strukturelle tilhøve. Samanhengane mellom desse faktorane er sterke, og gir grunnlag for på eit tidleg tidspunkt å kunne seie noko om kven som kjem til å få problem med å fullføre vidaregåande opplæring. Vidaregåande opplæring i eit globalt perspektiv Innan store delar av verda og særleg innan EU/EØS-området, har det skjedd ei harmonisering av høgare utdanning. No er denne trenden komen til vidaregåande opplæring. Mellom anna gjennom dokumentasjonsreforma ECVET1 i fagopplæringa. Dette saman med fri flyt av arbeidskraft og ei rivande utvikling innan dei fleste former for kommunikasjon, gjer temaet stadig meir relevant. Opne grenser får folk til å flytte heim.

1

ECVET - det europeiske systemet for opplæringspoeng i yrkesretta utdanning og opplæring (EU-kommisjonen, 2007).

7


God ressursutnytting Noreg nyttar forholdsvis meir ressursar på utdanning enn noko anna land. Sogn og Fjordane er heilt på topp når det gjeld kostnad per elev/lærling. Det er mange årsaker til dette, men ein må framleis arbeide bevisst og målretta med å få mest mogleg ut av dei samla ressursane i sektoren. Ein desentralisert tilbodsstruktur Skulestrukturen i Sogn og Fjordane, med 15 autonome einingar, inneber store utfordringar når det gjeld oppfylling av målsettinga om fleksibilitet i tilbodet og desentralisering av eit kvalitativt godt opplæringstilbod. Fordi einingane kvar for seg er sårbare, kan dette medføre utarming av delar av tilbodet. Det er difor viktig med eit forpliktande og strukturert samarbeid mellom skulane. Dette vil gi større tyngde til den vidare utviklinga av eit kvalitativt godt opplæringstilbod etter ein desentralisert modell.

2.3 Samarbeid som utviklingsstrategi – kven er aktørane? Endringstakten i samfunnet blir stadig raskare. Dette medfører at læring i framtida vil bli sterkare knytt til endringar i arbeidsoppgåver og strukturar på arbeidsplassen. Det er difor viktig at elevar og lærlingar så tidleg som mogleg får erfaring med arbeidsplassen som læringsarena. I enkelte bransjar er det ei utfordring å legge til rette for fleire læreplassar. Dette er ei felles utfordring for arbeids- og næringslivet og vidaregåande opplæring. Som regional utviklingsaktør er det viktig at vidaregåande opplæring knyter kontaktar og opprettar samarbeid med aktuelle samfunnsaktørar – også dei frivillige organisasjonane. Partnarskapsavtalar vil vere viktige verkty for å sikre kvaliteten på samarbeidet mellom vidaregåande opplæring og arbeids- og samfunnslivet. Med partnarskap er meint eit gjensidig, forpliktande samarbeid. Samarbeidspartane for ei best mogleg vidaregåande opplæring er: Elevar Lærlingar Føresette Tilsette i Sogn og Fjordane fylkeskommune Lærebedrifter Opplæringskontora Arbeidstakarorganisasjonane Arbeidsgjevarorganisasjonane Arbeids- og næringsliv Kommunar og regionråd Lokal statleg forvaltning Fagskulen i Sogn og Fjordane Universitet og høgskular Kulturliv Frivillige organisasjonar

2.4 Nokre nøkkeltal for Sogn og Fjordane per 01.10.2007 14 vidaregåande skular om lag 4400 elevplassar 249 grupper/klassar avtale om 470 læreplassar i bedrift totalt 1075 tilsette i sektoren, og av desse er om lag 800 i pedagogiske stillingar

8


3. Innhald og kvalitet – ei god gjennomføring i vidaregåande opplæring Samfunnet har ansvaret for å sjå til at den like retten til utdanning blir reell Målet med opplæringa er å utvide barn, unge og vaksne sine evner til erkjenning og oppleving til innleving, utfalding og deltaking (Læreplanverket til Kunnskapsløftet)

Ønskt situasjon for vidaregåande opplæring i Sogn og Fjordane innan 2011: Alle elevar og lærlingar møter ei opplæring dei kan meistre og vekse på Alle elevar og lærlingar oppnår ein dokumentert og etterspurd kompetanse

3.1 Innleiing ”Det nasjonale systemet for kvalitetsvurdering og – utvikling er en viktig del av et større systemskifte. Forestillingen om at staten kan skape et likeverdig skoletilbud gjennom detaljregulering og styring erstattes med tillit til at den enkelte lærer, skoleleder og skoleeier selv har de beste forutsetningene for å vite hvordan god læring kan skapes og gjennomføres innen rammen av nasjonale mål” Stm. 30 2003/04 Kultur for læring, s. 25.

Kvalitet i opplæringa vil seie at planlegging, gjennomføring og vurdering av læringsarbeidet skjer i samsvar med: Behov, føresetnader og forventningar hos den enkelte elev, lærling og føresette Samfunnet sine krav og behov, slik det er uttrykt gjennom lover, forskrifter og avtaleverk Kunnskap om og innsikt i didaktikk. Det vil seie at opplæringa er organisert ut frå omsynet til den einskilde i ein heilskap basert på rammefaktorar, læreføresetnader, læringsmål, innhald, arbeidsmåtar og vurderingsformer.

Skular og skuleeigarar har plikt til å følgje opp resultata av lokale og nasjonale vurderingar, jf. § 13-10 i opplæringslova. Det overordna målet med eit nasjonalt system for kvalitetsvurdering (NKVS) er å medverke til kvalitetsutvikling på alle nivå i grunnopplæringa. Kvalitetsvurderingssystemet skal i tillegg: - medverke til ei open haldning i skulen og til innsyn og dialog om verksemda - gje opplæringssektoren informasjon som grunnlag for avgjerder, basert på dokumentert kunnskap om tilstanden, både lokalt og nasjonalt - leggje grunnlaget for lokalt vurderings- og utviklingsarbeid ved at skuleeigaren og skuleleiaren legg til rette for vurderingar og oppfølging av resultata Det nasjonale kvalitetsvurderingssystemet inneheld fleire element. Dei nasjonale prøvene er ein viktig del av det nasjonale kvalitetsvurderingssystemet. Føremålet med prøvene er å kartleggje dei grunnleggjande ferdigheitene hos elevane, slik dei er omtala i læreplanane. Dei nasjonale prøvene skal primært gje informasjon om gruppe og steg til lærarane, skuleleiaren, kommunen og det regionale og nasjonale nivået, som grunnlag for forbetrings- og utviklingsarbeid. Resultata frå dei nasjonale prøvene er offentlege, men departementet legg ikkje til rette for rangering av skular. Kunnskapsløftet gir skuleeigar og den einskilde institusjon ei viktig rolle når det gjeld å definere innhald, metodar og val av verkemiddel for å realisere mål og intensjonar med reforma. Skulane og lærarane får ansvaret for og må gjere greie for kvaliteten på undervisninga og elevane sitt læringsutbyte. Den gode opplæringa set fokus på kvalitet og stimulerer til fagleg, personleg og sosial utvikling og meistring. Nasjonale styresmakter vil difor kontrollere korleis mandatet i det nasjonale

9


læreplanverket vert ivareteke og om elevane og lærlingane lærer det dei skal lære, gjennom eit nasjonalt kvalitetsvurderingssystem som statleg styringsverktøy. Systemet skal gje informasjon om læringsresultat, ressursar, trivsel og læringsmiljø.

Kvalitetssystemet for vidaregåande opplæring i Sogn og Fjordane skal til ei kvar tid spegle nasjonale føringar for føremålet med opplæringa. Fylkesdirektøren gjennomfører årleg ein styringsdialog med dei vidaregåande skulane og kvalitetsdialog med opplæringskontora. Møta tek utgangspunkt i Strategisk handlingsprogram og utviklingsplanane til skulane. Fylkestinget har vidare vedteke Balansert målstyring som kvalitetssystem i Sogn og Fjordane. Det er utarbeidd overordna og sektorvise målekart som skal leggjast til grunn for rapportering i heile den fylkeskommunale verksemda. Elev- og lærlingundersøkingane vert gjennomførde i samsvar med dei nasjonale føringane. Desse gir verdifull informasjon, som saman med styringsdialogen og målekartet gir eit godt grunnlag for å peike ut innsatsområde for kvalitetsarbeidet. Fylkesdirektøren for opplæring sette i 2003 ned eit utval for å utvikle eit kvalitetssystem i vidaregåande opplæring i Sogn og Fjordane. Følgjande er henta frå deira rapport: Kvaliteten på læringsarbeidet og grunnlaget for politiske vedtak kan betrast monaleg dersom dette er basert på systematisk og kompetent vurdering av data og sann kunnskap om kva som verkeleg finn stad i skulen og i lærebedrifta. I forsøk på å systematisere og klargjere arbeid med vurdering og utvikling av kvalitet, er det i dag mange som skil mellom tre perspektiv: Strukturkvalitet Strukturkvalitet beskriv ytre føresetnader som regelverk og nasjonale læreplanar, ressursar til opplæring og leiing, lærarkompetanse, utstyr og fysiske rammer som bygningar og funksjonaliteten av desse. Prosesskvalitet Prosesskvalitet er eit mål på dei indre aktivitetane på lærestaden, sjølve arbeidet med planlegging, gjennomføring og vurdering av opplæringa. Det dreier seg om t.d. korleis elevar, lærlingar og pedagogisk personale ser på arbeid sitt og samspelet mellom dei ulike aktørane og interessentane. Resultatkvalitet Resultatkvalitet er det ein vil oppnå med det pedagogiske arbeidet, det vil seie kva eleven/lærlingen har lært, og kva kompetanse ho/han har oppnådd. Opplæringslov og læreplanverk føreset at resultatkvaliteten omfattar det heilskaplege læringsutbytte.

Sogn og Fjordane fylkeskommune er frå våren 2007 med i prosjektet Effektiviseringsnettverk – kvalitetsutvikling i grunnopplæringa. Gjennom prosjektet vil Kunnskapsdepartementet og KS medverke til at arbeidet med nasjonal og lokal/regional kvalitetsvurdering vert samordna og vidareutvikla. Mål for prosjektet er å betre kvaliteten på den vidaregåande opplæringa med hovudvekt på gjennomføring. Måla skal nåast gjennom å utvikle/velje indikatorsett som omfattar både

10


ressursinnsats, læringsmiljø og læringsresultat, for slik å vise resultateffekten i den einskilde verksemda. Nettverksarbeid i prosjektperioden skal gi skular og skuleeigarar betre styringsverktøy og betre styringskompetanse for å oppnå forbetring. Regjeringa sette 2. juni 2006 ned eit utval, Bostadutvalet, med mandat til å analysere og vurdere dei ulike delane av gjeldande formålsparagraf i opplæringslova. Utvalet skulle legge særleg vekt på samfunnsutviklinga med auka internasjonalisering og mangfald, formuleringane knytte til det kristne verdigrunnlaget og endringane i opplæringssystemet. Utvalet leverte si innstilling 08.06.2007, NOU 2007:6 Formål for framtida, med følgjande konsensusframlegg til nytt formål med opplæringa: Opplæringa i skole og lærebedrift skal opne dører mot verda og framtida og gi elevane historisk og kulturell innsikt. Ho skal byggje på respekt for menneskeverdet, på åndsfridom, nestekjærleik, likeverd og solidaritet, slik desse grunnleggjande verdiane kjem til uttrykk i kristen og humanistisk tradisjon, i ulike religionar og livssyn, og slik dei er forankra i menneskerettane. Opplæringa skal fremje demokrati, likestilling og vitskapleg tenkjemåte. Elevane skal utvikle kunnskap, dugleik og haldningar for å kunne meistre liva sine og for å kunne delta i arbeid og fellesskap i samfunnet. Dei skal få utfalde skaparglede, engasjement og utforskartrong. Elevane skal lære å tenkje kritisk, handle etisk og ta økologisk ansvar. Dei skal ha medansvar og høve til medverknad. Skolen og lærebedrifta skal møte elevane med tillit og krav, og gi dei utfordringar som fremjar danning og lærelyst. Alle former for diskriminering skal motarbeidast. Skolen skal samarbeide med heimen.

3.2 Gjennomføring i vidaregåande opplæring Det er eit politisk mål at så mange som mogleg gjennomfører ei 13-årig grunnopplæring. Ei heilskapleg grunnopplæring blir sett på både som ein viktig føresetnad for vegen vidare i yrke og utdanning, som grunnlag for sosial utjamning og som føresetnad for eit aktivt og meiningsfylt liv. Den svake gjennomføringa i vidaregåande opplæring er dokumentert gjennom ei rekkje forskingsresultat. Desse peikar på systemiske og individuelle faktorar som påverkar handlingsmønsteret til elevar og lærlingar. Fleire av desse er knytte til tilhøve utanfor skulen/lærebedrifta – sosial bakgrunn, bu - og familiesituasjon, etnisk bakgrunn og strukturelle tilhøve. Samanhengane mellom desse faktorane er sterke, og gir grunnlag for på eit tidleg tidspunkt å kunne seie noko om kven som kjem til å få problem med å fullføre vidaregåande opplæring. I tillegg veit ein at det store fråfallet har samanheng med tilhøve tidlegare i opplæringsløpet, mellom anna svake grunnleggjande ferdigheiter frå grunnskulen. Tiltak for å auke gjennomføringa i vidaregåande opplæring må difor også rettast mot grunnskulen. Kunnskapsdepartementet sette i januar 2006 ned ei arbeidsgruppe som skulle vurdere konkrete tiltak for å auke gjennomføringa i vidaregåande opplæring. Gruppa leverte sin rapport (”GIVO-rapporten”) i august 2006, oppsummert rundt seks hovudsatsingsområde: Vidareutvikling og formalisering av lærekandidatordninga Fleire og meir varierte opplæringsarenaer i skule og bedrift Satsing på karriererettleiing Styrking av kompetansen rundt eleven Innsats for fleirkulturell opplæring Tiltak retta mot vaksne

Prosjektet Satsing mot fråfall vart sett i gang på bakgrunn av St. meld. nr. 6 (2002-2003) Tiltaksplan mot fattigdom. Satsinga hadde tre konkrete målsettingar: Førebyggje og hindre fråfall Fange opp og rettleie ungdom tilbake til arbeid eller utdanning Vidareutvikle arbeidet med å betre statistikkgrunnlag og dokumentasjon på feltet.

11


Sluttrapporten Intet menneske er en øy (SINTEF februar 2007) viser at den viktigaste suksessfaktoren i arbeidet for å redusere fråfall er heilskapstenking, samspel, systematikk og forankring på ulike nivå. Fokuset må rettast både mot læringsmiljø og sosialt miljø. Tilpassa opplæring og meistring er sentrale stikkord. Kontaktlæraren er den viktigaste faktoren i høve tidleg inngrep. For å motivere til opplæring og motverke fråfall viser rapporten at det og er viktig å auke innsatsen som gjeld samarbeid mellom skulen og foreldra og mellom utdanningsnivåa. Det har avgjerande betydning at foreldresamarbeidet også held fram inn i vidaregåande opplæring, fram til elevane er 18 år. Kunnskapsdepartementet har difor foreslått å endre § 11-9 i opplæringslova slik at mandatet til Foreldreutvalet for grunnskulen (FUG) vert utvida til også å gjelde første året i vidaregåande opplæring. Bakgrunnen er at det er dokumentert at mange elevar opplever overgangen til vidaregåande opplæring som dramatisk, og at foreldra si involvering på dette tidspunktet har stor betydning for elevane si vidare utvikling, både sosialt og fagleg. FUG vil kunne gje foreldre informasjon og rettleiing i høve det å vere ressurspersonar på mange område.

Eleven

Skulen

Heimen

Kjelde: Education centre, University of Strathclyde

Forsking syner at val, læring og fråfall i vidaregåande opplæring har stor samanheng med karakterane frå grunnskulen, då desse speglar manglande grunnleggjande ferdigheiter og svak læring. Stort fråvær, låg motivasjon og svake karakterar er rimeleg sikre indikatorar på framtidig fråfall. Innsatsen mot fråfall på vidaregåande nivå må difor og setjast inn på lågare nivå. For Sogn og Fjordane var det skuleåret 2005/2006 eit registret fråfall på dei vidaregåande skulane på 182 elevar. Dette utgjer 3,5% av elevmassen. Landsgjennomsnittet er på 4,5%. Elevane som har avbrote opplæringa i Sogn og Fjordane oppgjev som hovudårsaker at dei var skuleleie, at dei har valt feil studieretning/utdanningsprogram eller at det skuldast personlege årsaker. Mange oppgjev ikkje årsak til at dei har avbrote opplæringa. For lærlingane er tala litt annleis. 40 lærekontraktar vart heva i 2006 (av totalt 807 løpande lærekontraktar). Dette utgjer nesten 5%. Årsakene til hevingane er oftast oppgitt til feilval, flytting og personlege årsaker.

12


I Stortingsmelding 16 (2006-07) Og ingen sto igjen… (kap. 1.2) finn vi følgjande modell for læringsfremjande og –hemmande faktorar:

Følgjande 9 innsatsområde må ha eit tydeleg fokus dersom ein skal nå ønskt situasjon på områda innhald og kvalitet i vidaregåande opplæring i Sogn og Fjordane innan 2011: Likeverdig og inkluderande opplæring – fellesskap og tilpassing Læringsmiljø/læringsutbyte Heilskap og samanheng i grunnopplæringa Karriererettleiing Elev- og lærlingmedverknad Fleirkulturell opplæring Folkehelse- og førebyggingsområdet Biblioteket - kunnskapskjelde og møteplass Digital kompetanse

13


3.2.1 Likeverdig og inkluderande opplæring – fellesskap og tilpassing Delmål Alle elevar og lærlingar har like moglegheiter til å utvikle evnene sine, individuelt og i samarbeid med andre Opplæringa stimulerer elevar og lærlingar til å utvikle eigne læringsstrategiar og evne til kritisk tenking Skulane legg til rette for systematisk tilgang til og bruk av ulike læringsarenaer (tekstdel) Skuleåret 2007-2008 får 328 elevar i vidaregåande skule i Sogn og Fjordane spesialundervisning etter enkeltvedtak. Dette utgjer om lag 9% av den totale elevmassen i fylket, medan landssnittet er på om lag 6%. I tillegg har 320 elevar behov for ekstra tilrettelegging ut over dei differensieringstiltaka skulane rår over innanfor ordinære rammer. Ei likeverdig, inkluderande og tilpassa opplæring er eit nasjonalt mål og eit overordna prinsipp som skal dekkje alle sider i opplæringa, og som inneber at alle tek del i fellesskapen på ein likeverdig måte, både fagleg, sosialt og kulturelt. Dette krev tilrettelegging for mangfaldet. Alle skal ha dei same moglegheitene for læring, meistring og utvikling, uavhengig av evner, føresetnader, alder, kjønn, hudfarge og sosial bakgrunn. Likeverdig opplæring må difor forståast både på systemnivå, med utgangspunkt i lov, forskrift og læreplanar, og på individnivå for ei opplæring tilpassa den einskilde. Opplæringa skal gjerast tilgjengeleg for alle, både med omsyn til bygningar, læremateriell, metodar og organisering slik at ein får eit godt læringsmiljø for alle. Dette er berre mogleg gjennom ein inkluderande fellesskap med deltaking og engasjement frå dei som mottek opplæringa, føresette, lærarar, instruktørar, skuleleiarar, skuleeigarar og hjelpeapparat. For å sikre likeverdig opplæring for alle krevst det difor forskjellsbehandling, ikkje lik behandling. Inkludering krev fokus på fellesskapen med kunnskap om konsekvensane for den einskilde. Tilpassa opplæring er ikkje noko mål i seg sjølv, men eit prinsipp og eit verkemiddel i realiseringa av dei overordna måla for opplæringa. Kjernen i tilpassa opplæring finn ein i spennet mellom framtidig måloppnåing og evner og læreføresetnader. Kvaliteten på tilpassa opplæring ligg difor i om krava og forventningane til eleven/lærlingen i utføring av arbeidsoppgåver er realistiske i høve til evner og føresetnader. Tilpassa opplæring tek i vare variasjonane i elev- og lærlinggruppa. Ei inkluderande opplæring krev og at dei med behov for spesiell tilrettelegging skal høyre til ein inkluderande fellesskap og møte utfordringar tilpassa evner og føresetnader. Skuleeigar, skuleleiing og personalet pliktar å gje ei god og forsvarleg opplæring ut frå den einskilde sine evner og føresetnader. (Opplæringslova, § 1-2) Dette inneber val av metodar, lærestoff og organisering som sikrar at den einskilde utviklar grunnleggjande ferdigheiter og når kompetansemåla som er sette. Opplæringslova legg til grunn at tilpassa opplæring skal gå føre seg innanfor fellesskapen i klassar eller grupper, og i det omfang som læraren er praktisk i stand til med dei rammene som er stilte til rådvelde. Opplæringssituasjonen må leggjast til rette på både individ- og gruppenivå, men betyr ikkje slik at opplæringa vert individualisert. For å få til ei best mogleg tilpassa opplæring er det ein føresetnad at den samla utgreiingskapasiteten i sektoren, inkludert pedagogisk-psykologisk teneste (PPT), blir brukt mest mogleg målretta. Forsking syner at god kvalitet på den ordinære opplæringa reduserer behovet for spesialpedagogiske tiltak. PPT må difor i sterkare grad medverke til å heve kvaliteten på den ordinære opplæringa gjennom systemretta arbeid mot skule og lærebedrift. Stortingsmelding 16 tek til orde for større fleksibilitet i sakshandsamingsreglane i opplæringslova som er knytte til sakkunnige utgreiingar og einskildvedtak, for slik å medverke til at tenesta kan jobbe meir systemretta og medverke til tidleg innsats i høve utsette elevar. Dette vil og vere eit bidrag til sosial utjamning.

14


Kunnskapsdepartementet har sendt på høyring eit framlegg om at kap 5 i opplæringslova om spesialundervisning vert gjort om til eit kapittel som omfattar både ordinær tilpassa opplæring og spesialundervisning. Departementet foreslår også ei justering i § 5-3, slik at sakkunnig vurdering som grunnlag for einskildvedtak berre skal innhentast når det er naudsynt for at saka skal verte tilstrekkeleg opplyst. I tillegg vert det foreslått at det må innhentast sakkunnig vurdering der eleven eller føresette ber om det. I praksis betyr dette framlegget at den einskilde skule, på bakgrunn av erfaring og dialog med elev og føresette, kan gjere einskildvedtak utan grunnlag i sakkunnig vurdering. Etter departementet si vurdering vil dette framlegget kunne føre til at frigjorde ressursar i PP-tenesta kan omdisponerast til andre oppgåver, t.d. meir systemretta arbeid. Pedagogisk-psykologisk teneste er ein sentral aktør i utviklinga av oppvekst- og læringstilbodet til barn og unge. I opplæringslova står følgjande: § 5-6. Pedagogisk-psykologisk teneste Kvar kommune og kvar fylkeskommune skal ha ei pedagogisk-psykologisk teneste. Den pedagogiskpsykologiske tenesta i ein kommune kan organiserast i samarbeid med andre kommunar eller med fylkeskommunen. Tenesta skal hjelpe skolen i arbeidet med kompetanseutvikling og organisasjonsutvikling for å leggje opplæringa betre til rette for elevar med særlege behov. Den pedagogisk-psykologiske tenesta skal sørgje for at det blir utarbeidd sakkunnig vurdering der lova krev det. Departementet kan gi forskrifter om dei andre oppgåvene til tenesta.

Tilpassa opplæring krev fokus på den einskilde med kunnskap om konsekvensane for fellesskapen Kjenneteikn på ein læringskultur for tilpassa opplæring (Lars Erling Dale/Jarl Inge Wærness 2003) Målet er å utvikle en tilpasset opplæring som medfører at elevene blir integrert i skolefaglige læreprosesser. Vi mener at læringskulturen på en skole som realiserer en slik form for tilpasset opplæring kan knyttes til åtte kjennetegn: Det første kjennetegnet er at elevene lærer å sette kortsiktige, realistiske, men personlige mål. Det andre kjennetegnet er at skolen legger til rette for at valg av arbeidsplaner, oppgaver, tempo og arbeidsmåter gir den enkelte eleven optimale utfordringer. De valgene som tas, må ses i lys av det tredje kjennetegnet, nemlig at valgene skal bidra til individuell mestring og forbedring. For at eleven skal utvikle et personlig forhold til sin egen læring, trenger eleven å øve på og øke sin medvirkning i planlegging, gjennomføring og vurdering av egen opplæring, som er det fjerde kjennetegnet. Det å øve på og øke elevens medvirkning i opplæringen innebærer at skolen må legge til rette for at elevene utvikler effektive læringsstrategier, som er det femte kjennetegnet. Effektive læringsstrategier øker elevenes muligheter for selv å se vansker som de møter i skolearbeidet. Selv om en skole arbeider maksimalt med å tilpasse opplæringen, vil og skal eleven i øyeblikk erfare nederlag. Det sjette kjennetegnet er at elevene ikke gir opp, men bearbeider vanskene. Dersom en slik måte å tenke tilpasset opplæring på skal realiseres, kreves det at elevene har muligheter til å se at de forbedrer seg. Dette er det sjuende kjennetegnet. Det åttende kjennetegnet er mer overordnet og først og fremst skoleeiers ansvar. Vurderingssystemet må gjøre det mulig for eleven å se sin egen kompetanseutvikling. Det må derfor utvikles et vurderingssystem som primært fokuserer på kompetansemål og elevens mestring.

Prosjektet Differensiering og tilpasning i grunnopplæringen (1999-2003) konkluderte med sju grunnleggjande kategoriar for tilpassa opplæringsløp: læreføresetnader og evner hos elevane læreplanmål og arbeidsplanar nivå og tempo organisering av skuledagen læringsarenaer og læremiddel arbeidsmåtar og – metodar vurdering

15


Kunnskapsløftet prioriterer kompetanseutviklingstiltak for å utvikle skulen og lærebedrifta si evne til å gje den enkelte elev og lærling tilpassa opplæring innanfor ramma av fellesskapen. Kommunenes Sentralforbund i Sogn og Fjordane har sett i gang eit prosjekt ”Tilpassa opplæring for alle” for perioden 2007-2009. Prosjektet skal sjå på heile spekteret innanfor tilpassa opplæring, men ha hovudfokus på forholdet mellom tilpassa opplæring og spesialundervisning etter enkeltvedtak. Ein føresetnad for å realisere prinsippet om differensiert og tilpassa opplæring i Kunnskapsløftet er tilgangen til ulike og varierte læringsarenaer. Biblioteket er eit døme på ein slik arena. Over halvparten av ungdomskullet i dag byrjar på eit yrkesfagleg løp, men for mange får ikkje læreplass. Hovudårsaka er at det er eit misforhold mellom elevane sine ynske og det faktiske tilbodet om læreplassar. Elevar som ikkje får læreplass og må ta bedriftsdelen av opplæringa i skule har lågare gjennomføringsgrad og større vanskar med å kome inn på arbeidsmarknaden enn andre. Ei lovendring i 2000 opna for at også dei som ynskjer lågare kompetanse enn fag-/sveineprøve kan ha læretid i bedrift – lærekandidatordninga: § 4-1. Kven som er lærling og lærekandidat ……Lærekandidat er etter denne lova den som har skrive ein opplæringskontrakt med sikte på ei mindre omfattande prøve enn fag- eller sveineprøve.

Frå hausten 2007 er det sett i gang eit forsøk med utvikling av praksisbrev i tre fag i Oslo, Rogaland og Vestfold. Prosjektet har som mål å utvikle ei toårig yrkesfagleg opplæring med vekt på praktisk opplæring som gir kompetanse på lågare nivå. Tilbodet skal vere særleg retta mot dei som etter avslutta grunnskule ynskjer ei meir praktisk opplæring. Opplæringa skjer med utgangspunkt i gjeldande læreplanar. Kandidatane får eit ”Praksisbrev” som avsluttande dokumentasjon. Det skal vere mogleg å byggje vidare på denne kompetansen fram til fagbrev. Det er eit uttrykt politisk mål å få større samsvar mellom kompetansebehova i næringslivet og opplæringa som blir gitt i skulen. Programfag til val og prosjekt til fordjuping kan vere eigna for både å auke kunnskapen om næringslivet og knyte direkte kontaktar mot bedrifter. Ungdomsbedrifter og entreprenørskapssatsinga er andre nyttige verkemiddel. Ei styrking av karriererettleiinga i skulen er og viktig for å betre samsvar mellom tilbod og etterspurnad etter læreplassar. GIVO-rapporten peikar også på at samarbeid mellom faglærarar i skulen og instruktørar i bedrift kan medverke til at opplæringa i større grad vert opplevd som eit samanhengande løp. Skolering og oppfølging av instruktørar har vist seg å vere eit gode verkemiddel for å styrke bedriftene sin vilje og evne til å tilby læreplassar. Eit godt samspel mellom skule og lokalsamfunn vil og kunne medverke til å gjere læringsarbeidet levande, gjennom praktiske oppgåver som eksemplifiserer, konkretiserer og utfyller læreplanane.

Gjennomføringsstrategiar Leggje til rette for tydelegare fokus på PP-tenesta sitt ansvar for systemretta arbeid Etablere forpliktande arenaer for samarbeid mellom skule og bedrift Tilby kunnskapsbasert og målretta kompetanseheving for leiing, lærarar og instruktørar

16


3.2.2 Læringsmiljø, læringsutbyte og læringstrykk Delmål Skular og lærebedrifter kjenner elevane og lærlingane og møter dei med tydelege forventningar Elevar og lærlingar har eit fysisk og psykososialt arbeids- og læringsmiljø som fremjar helse, trivsel og læring Elevar er tilstrekkeleg budde til lærlingperioden Tom Tiller nyttar denne definisjonen på læring i kap 11 i boka Læringsplakaten – Skolens samfunnskontrakt: Mulighetene for at god læring skal finne sted er gode når den som er i en læringssituasjon opplever at man deltar aktivt, at det man lærer om er nyttig i livet her, og at møtet med den nye læringssituasjonen gir mening.

Stortingsmelding 30 (2003/2004) Kultur for læring peikar på tre sentrale føresetnader som må vere til stades for at skular og lærebedrifter skal kunne gje elevar og lærlingar god opplæring i eit stadig meir kunnskapskrevjande og mangfaldig samfunn: kompetanse kvalitetssystem kultur for kontinuerleg læring

”De gode eksemplene” - ein dansk studie frå 2004 - viser at kunnskapsbasert styring, leiing og pedagogisk praksis har stor påverknad på læringsutbytet. Analysens vigtigste budskaber: God skolepraksis er et kompliceret samspil af mange forskellige enkeltfaktorer. På de højt-præsterende skoler er der en tendens mere effektive ledere, som tager fat på problemer på skolen, går ud i klasserne, har formuleret retningslinjer for udarbejdelse af virksomhedsplaner og årsplaner med en høj grad af medarbejderinddragelse. De højtpræsterende skoler er kendetegnet ved et klart værdigrundlag. Der er en tendens til, at faglige kundskaber og færdigheder vægtes højt på højtpræsterende skoler – både af ledere, lærere og elever. Skolen tilkendegiver tydeligt sine faglige ambitioner på elevernes vegne. På højtpræsterende skoler er der i særlig grad intensiv undervisning på 7. klassetrin i form af særlige undervisningsforløb og kurser i dansk og matematik med hyppige evalueringer af elevpræstationer. God praksis, forstået som at alle elever opnår et godt fagligt niveau, kræver, at der lægges vægt på, at de fagligt svage elever ikke udskilles fra fælles faglige aktiviteter. Uddannelsesstyrelsens temahæfte nr 3 13-2004

I arbeidet med kvalitetsutvikling i grunnopplæringa er det som tidlegare nemnt viktig å vere merksam på både læringsfremjande og –hemmande faktorar. Forklaringane på manglande læring er mange og samansette. Lærande organisasjonar krev fleksibel organisering der det blir lagt til rette for å utnytte den einskilde lærar sin særskilde kompetanse og personlege eigenskapar. Det er ikkje mogleg å dokumentere isolerte effektar av undervisningsmåtar og arbeidsformer. Mykje tyder på at undervisningsmetodar verken er gode eller dårlege i seg sjølv, og at kvaliteten på dei er avhengig av korleis læraren meistrar/brukar dei, kva innhaldet er og kva preferansar elevane har. Det mest grunnleggjande for ein lærar er å vite kva som skal til for at det skjer læring, uavhengig av val av arbeidsmetode. Då er tilhøve som motivasjon, systematikk, struktur og orden, gode presentasjonar, repetisjon og oppsummering, utveksling av meining og synspunkt, oppfølging og kontroll og aktive og engasjerte lærarar viktige (Haug/Bachmann 2006).

17


Gjennomføringsstrategiar Legge til rette for eit høgt læringstrykk gjennom at lærarar og instruktørar etterspør og stiller krav til læring og kunnskapsutvikling hjå den enkelte elev og lærling Tilby kunnskapsbasert og målretta kompetanseheving for leiing, lærarar og instruktørar Sikre formalisert og forpliktande oppfølging av arbeids- og læringsmiljøet i skule og bedrift

3.2.3 Heilskap og samanheng i grunnopplæringa Delmål Elevar og lærlingar møter ei heilskapleg og samanhengande grunnopplæring Det er etablert nettverk og rutinar for kommunikasjon og samhandling mellom nivåa i grunnopplæringa For å auke kvaliteten på læringsutbytet og gje meir heilskap, betre flyt og smidigare overgangar gjennom grunnopplæringa må både innhaldsmessige, organisatoriske og administrative føringar leggjast til grunn. Sjølv om det er frivillig å søkje om inntak til vidaregåande opplæring er det likevel eit politisk mål at så mange som mogleg held fram med opplæring etter grunnskulen. Soria Moria-erklæringa i 2005 seier mellom anna følgjande: ”… ser grunnskole og videregående opplæring som en helhetlig grunnopplæring som skal sikre alle barn og unge de beste muligheter for veien videre i yrke og utdanning.” Det å fullføre vidaregåande opplæring er sett på som viktig for å fremje sosial utjamning. Overgangane mellom grunnskulen og vidaregåande skule og mellom vidaregåande skule og bedrift må difor ha eit særskilt og langsiktig fokus i planlegging og gjennomføring av opplæringa. Av strukturelle innsatsområde er programfag til val (PTV) er eit nytt obligatorisk fag på ungdomstrinnet i grunnskulen. Faget skal vere med på å sikre ei tilpassa opplæring og eit betre læringsutbyte ved auka fleksibilitet, smidigare overgangar og eit meir heilskapleg 13-årig løp. Føremålet er å sjå grunnskule- og vidaregåande opplæring som ein samla heilskap i større grad enn tidlegare. Faget vil ha ein sentral plass i karriererettleiinga og i arbeid med å gi elevane eit godt grunnlag for å ta motiverte og medvitne utdanningsval. Programfag til val gir også nye moglegheiter ved at elevar kan ta fag i vidaregåande opplæring medan dei er elevar på ungdomstrinnet. Opplæringa i faget føreset eit tett samarbeid mellom grunnskule, vidaregåande opplæring og arbeidslivet. Føremål og retningsliner for faget gjeld førebels til og med skuleåret 2007-08. Fram til faget blir obligatorisk vil det føregå ei frivillig utprøving. Prosjekt til fordjuping (PTF) er eit nytt tilbod i vidaregåande skule. Føremålet med prosjekt til fordjuping er å gi eleven moglegheit til å prøve ut enkelte eller fleire sider av aktuelle lærefag innanfor relevante utdanningsprogram. Det skal utarbeidast lokale læreplanar med utgangspunkt i dei nasjonale kompetansemåla, og elevane skal få erfaring med innhald og oppgåver som karakteriserer dei ulike yrka innanfor utdanningsprogramma. Det er gitt stor grad av fridom til det lokale læreplanarbeidet. Føremålet er at elevar og lærlingar skal få ei opplæring som i størst mogleg grad er tilpassa føresetnadene og behova deira. Skulen og lærebedrifta skal kunne nytte lokalsamfunnet og eigne sterke sider som kjelde til å skape god og meiningsfull opplæring. Det lokale læreplanarbeidet definerer bl.a. korleis opplæringa skal organiserast og kva arbeidsmåtar som skal brukast.

18


Vidare skal lokalt læreplanarbeid medverke til å reflektere over eigen pedagogisk praksis og leggje grunnlaget for eit kontinuerleg utviklingsarbeid. Lokalt læreplanarbeid inneber å Skape heilskap i opplæringa for elevar og lærlingar gjennom å gjere progresjon og samanhengar tydelege Konkretisere eit innhald i faga som bidreg til å nå fastsette kompetansemål Konkretisere verkemiddel for læring Leggje til rette for tilpassa opplæring og individuelle læringsløp Utarbeide grunnlag for vurdering av læring Etablere grunnlag for samspel og samarbeid mellom nivåa i grunnopplæringa

For fag som er gjennomgåande for grunnskule og vidaregåande opplæring er det utvikla læreplanar som gjeld heile opplæringsløpet. Desse skal medverke til å sikre samanheng, heilskap og progresjon i opplæringa.

Gjennomføringsstrategiar Forplikte alle aktørar til ei samordna og målretta planlegging av heile grunnopplæringa Tilby kunnskapsbasert og målretta kompetanseheving for leiing, lærarar og instruktørar Leggje til rette for at moglegheitene som ligg i programfag til val og prosjekt til fordjuping vert tekne i bruk

3.2.4 Karriererettleiing og rådgjevingstenesta Delmål Elevar og lærlingar har kunnskap om, og er godt budde på, neste nivå i opplæringa/utdanninga Elevar og lærlingar har mål for eiga utdanning og yrkeskarriere Elevar og lærlingar kjenner moglegheitene for å skape næringsverksemd og arbeidsplassar Etter opplæringslova har elevar rett til naudsynt rådgjeving om utdanning, yrkestilbod og sosiale spørsmål. Det er skuleeigar som har ansvaret for at elevane får oppfylt denne retten. Opplæringslova seier dette om rådgjevingstenesta: § 9-2. Rådgiving og skolebibliotek Elevane har rett til nødvendig rådgiving om utdanning, yrkestilbod og yrkesval og om sosiale spørsmål. Departementet gir nærmare forskrifter. Elevane skal ha tilgang til skolebibliotek. Departementet kan gi nærmare forskrifter.

I Forskrift til opplæringslova står: § 22-1. Sosialpedagogisk rådgiving Den enkelte eleven har rett til å få nødvendig rådgiving, oppfølging og hjelp med å finne seg til rette under opplæringa, ved spesielle faglege vanskar under opplæringa, og ved personlege og sosiale vanskar som har noko å seie for opplæringa. § 22-2. Utdannings- og yrkesrådgiving Den enkelte eleven har rett til å få rådgiving om utdannings- og yrkesval. Ved overgangen frå grunnskole til vidaregåande opplæring skal det leggjast særleg vekt på rådgiving om kva dei ulike studieretningane fører fram til. Den enkelte eleven skal få informasjon om utdanning, yrke og arbeidsmarknad. Dette omfattar mellom anna informasjon om: grunntrekka ved utdanningsvegane i Noreg og andre land yrke og arbeidsmarknad lokalt, nasjonalt og internasjonalt ulike inntaksvilkår, søknadsfristar, lånevilkår, finansieringsordningar.

19


§ 22-3. Ansvar Skoleeigaren er ansvarleg for å oppfylle rettane etter § 22-1 og § 22-2.

Rådgjevingstenesta skal leggje til rette for eit sikrast mogleg utdannings- og yrkesval, og slik medverke til at færre elevar avbryt opplæringa si. Fokuset på kva som påverkar utdannings- og yrkesvala til ungdommar har vorte sterkare dei siste åra, både nasjonalt og internasjonalt. Karriererettleiing vert stadig peika på som eit viktig tiltak mot arbeidsløyse. Ulike studiar viser at god rettleiing hindrar feilval og avbrot og gir betre effektivitet i utdanningssystemet gjennom at fleire fullfører opplæringa si på normert tid. Kunnskapsløftet legg og til rette for å gjere betre val gjennom programfag til val og prosjekt til fordjuping. Informasjonen og rådgjeving må leggjast opp slik at eleven gradvis kan utvikle kunnskap, sjølvinnsikt og evne til sjølv å kunne ta avgjerd om vidare opplæring og framtidig yrke. Prosjektet Satsing mot fråfall vart sett i gang på bakgrunn av St. meld. nr. 6 (2002-2003) Tiltaksplan mot fattigdom, punkt 5.3.2 Tiltak for barn og unge - Økt innsats for å hindre at ungdom faller ut av videregående opplæring. Satsinga hadde tre konkrete målsettingar: Førebyggje og hindre fråfall Fange opp og rettleie ungdom tilbake til arbeid eller utdanning Vidareutvikle arbeidet med å betre statistikkgrunnlag og dokumentasjon på feltet.

Evalueringa av prosjektet viser at auka medvit rundt fråfallsproblematikk kombinert med konkrete tiltak reduserer fråfall i vidaregåande opplæring. Sluttrapporten Intet menneske er en øy (SINTEF februar 2007) viser at den viktigaste suksessfaktoren i arbeidet for å redusere fråfall er heilskapstenking. Langsiktig og målretta arbeid på mange frontar samstundes er det som gir resultat. Arbeidet må vere prega av klare ansvarslinjer og planar. Tiltak må rettast både mot læringsmiljø og sosialt miljø. Tilpassa opplæring og meistring er sentrale stikkord. Kontaktlæraren er den viktigaste faktoren i høve tidleg inngrep. Det må difor rettast merksemd mot bevisstgjering, rolleavklaring for desse funksjonane. I rapporten vert ”rett val” av fag trekt fram som viktig for å redusere fråfall. Blant tiltaka som verka til å ha god effekt kan nemnast styrkt utdannings- og yrkesrettleiing, meir involvering av foreldre/føresette, kompetanseutvikling hos rådgjevarar, kontaktlærarar og NAVtilsette, informasjonsutveksling og samarbeid om utsette elevar i overgangen til vidaregåande skule, fokus på ein god skulestart, planlagde alternative opplæringsløp som fører til kompetanse på lågare nivå enn fullt fag-/sveinebrev, alternative opplæringsarenaer og rask oppfølging ved fråvær. Læringssenteret (no Utdanningsdirektoratet) trekte på bakgrunn av evalueringa av prosjektet Delt rådgjevingsteneste (2002/2003) konklusjonen at ei deling av rådgjevingstenesta ville føre til kvalitetsheving, både for utdannings- og yrkesrettleiingsdelen og den sosialpedagogiske delen. Tilrådinga til departementet var oppsummert i følgjande 5 framlegg: 1. 2. 3. 4.

5.

Rådgjevingstenesta vert delt i ein sosialpedagogisk del og ein utdannings- og yrkesrådgjevingsdel Basislærar får ansvaret for den sosialpedagogiske rådgjevinga i samarbeid med rådgjevar Det skal utarbeidast framlegg til kompetansekrav til rådgjevarar og kvalitetskrav til tenestene Tidsressursen til utdannings- og yrkesrådgjeving må prioriterast og synleggjerast lokalt Fylkeskommunen får eit overordna og fagleg ansvar for å koordinere karriererettleiingsarbeidet i grunnopplæringa lokalt

St. m 16 (2006/2007) …og ingen sto igjen - Tidlig innsats for livslang læring tok igjen opp behovet for ei deling av rådgjevingstenesta. I Kap 6.3.8 Bedre gjennomføring i videregående opplæring vert det understreka at det høge talet på elevar som avbryt vidaregåande opplæring har samanheng med tilhøve tidlegare i opplæringsløpet. Forsking viser at dei fleste av dei som ikkje gjennomfører vidaregåande opplæring går ut av grunnskulen utan å ha tileigna seg nok kunnskapar og ferdigheiter. Tiltak for å auke gjennomføringa i vidaregåande opplæring må difor og rettast mot grunnskulen.

20


Stortinget gjorde under handsaminga av Innst.S.nr.164 vedtak om å leggje til rette for ei deling av rådgjevingstenesta, ikkje eit pålegg om å gjere det. Som ein del av gjennomføringa av Kunnskapsløftet har fylkeskommunane fått ansvar for å etablere partnarskap for karriererettleiing. Gjennom forpliktande partnarskap mellom kommunane, NAV, LO, NHO og høgskulesystemet vil ein kunne få ei betre utnytting av eksisterande ressursar, nettverk og kompetanse, for slik å kunne styrke rådgjevingstenesta i grunn- og vidaregåande skule. Eit slikt koordinerande organ skal hjelpe skuleeigar og skular med oppdatert informasjon og tilby skolering, initiere forsøk og setje i verk strategiar som kan medverke til rådgjeving av høg kvalitet. I Sogn og Fjordane er det utarbeidd mandat og framdriftsplan for eit prosjekt for å få etablert partnarskapen. I Strategi for kompetanseutvikling 2005-2008 seier Utdanningsdirektoratet ”…Erfaringar, nasjonalt og internasjonalt, syner at det er ein samanheng mellom kompetanse og kvaliteten på rådgjevartenesta. Difor er dette eit nasjonalt prioritert område for kompetanseutviking.”

Ungdomspolitisk utval i Sogn og Fjordane har i fleire år hatt fokus på omfanget av og kvaliteten på rådgjevingstenesta i fylket, både i grunn- og vidaregåande skule. Dei vidaregåande skulane prøvde ut ei nettbasert rådgjevingsteneste, ”Rådgjeving på nett”, som supplement til den ordinære tenesta skuleåret 2006/2007. Forsøket vart oppsummert slik i eit notat til hovudutval for opplæring i august 2007: God førebuing, tilrettelegging og marknadsføring av tilbodet har vore mest utslagsgjevande for om elevar, rådgjevar og skuleleiing er nøgde med ”Rådgjeving på nett” Synleggjering av/fokus på rådgjevingstenesta har vore viktigare enn sjølve ”Rådgjeving av nett” Ressursauken skulane fekk for å prøve ut ”Rådgjeving på nett” har generelt sett gjort rådgjevarane meir tilgjengelege, noko som av dei fleste skulane vert vurdert som det viktigaste resultatet av utprøvinga Elevane gir uttrykk for at dei primært ønskjer å møte rådgjevaren sin ansikt til ansikt, men at e-post og sms er nyttige supplement

Erfaringane med ”Rådgjeving på nett” stadfestar slik sett behovet for ei oppgradering av rådgjevingsressursen på dei vidaregåande skulane, både fagleg og ressursmessig.

Gjennomføringsstrategiar Det vert sett i gang arbeid for å få til ei funksjonell organisering av rådgjevingstenesta Det vert utarbeidd kvalitetskrav til innhaldet i utdannings- og yrkesrettleiinga på skulenivå Rådgjevingstenesta vert tilført nok ressursar for å ivareta kvalitetskrava som gjeld både den sosial-pedagogiske og utdannings- og yrkesrådgjevinga Det vert innført kompetansekrav for rådgjevingstenesta generelt

3.2.5 Elev- og lærlingmedverknad Delmål Elevar og lærlingar deltek aktivt i demokratiske organ i skule og bedrift Elevar og lærlingar er gjennom gode prosessar i undervegsvurderinga kjende med grunnlaget for sluttvurderinga Elevar og lærlingar er bevisste om eigne mål og læringsstilar Skulen og lærebedrifta skal leggje til rette for at elevane og lærlingane får erfaring med ulike former for medverknad, både i det daglege læringsarbeidet og gjennom deltaking i representative organ. I eit inkluderande læringsmiljø er medverknad positivt både for utvikling av sosiale relasjonar og motivasjon. Elevane skal og delta i planlegging, gjennomføring og vurdering av opplæringa.

21


Elev- og lærlingmedverknad er særskilt omtala i Prinsipp for opplæringa, (”Læringsplakaten”), som er forskriftsfesta saman med Læreplanverket for Kunnskapsløftet: ”….leggje til rette for elevmedverknad og for at elevane og lærlingane/lærekandidatane kan foreta bevisste verdival og val av utdanning og framtidig arbeid”

Opplæringslova, kap 11, Organ for brukarmedverknad i skulen, slår fast at alle vidaregåande skular skal ha skuleutval (§ 11-5), skulemiljøutval (§ 11-5a) og elevråd (§11-6). I tillegg regulerer opplæringslova i § 9a-5 og 9a-6 elevane sine rettar i høve skulemiljøarbeidet. For opplæring i bedrift regulerer § 12-3 lærlingrepresentasjon i fagopplæringsnemnda. § 12-3. Yrkesopplæringsnemnder og yrkesutval …..Dessutan skal det nemnast opp minst éin representant for elevar, lærlingar eller lærekandidatar etter forslag frå organisasjonar eller organ som representerer desse.

Grunnlaget for elev- og lærlingvurdering er læreplanane og forkrifta til opplæringslova. Undervegsvurderinga skal medverke til å fremje læring, utvikle kompetanse og gje grunnlag for tilpassa opplæring. Sluttvurderinga skal gje informasjon om nivå ved avslutning av opplæringa. Ei likeverdig sluttvurdering føreset mest mogleg lik oppfatning av kva kompetanse som skal leggjast til grunn for dei ulike karakterane og for greidd fag-/sveinebrev. I forskrift til opplæringslova står følgjande: § 4-5. Vurdering utan karakter i fag I vidaregåande opplæring skal ein gi vurdering utan karakter i form av ei beskrivande vurdering av korleis eleven, lærlingen og lærekandidaten står i forhold til kompetansemåla i faga i Læreplanverket for Kunnskapsløftet med sikte på at dei på beste måte skal kunne nå desse måla. Lærekandidatar skal ha vurdering og rettleiing i samsvar med den opplæringsplanen som er utarbeidd for dei, jf. § 6-37 tredje ledd og opplæringslova § 5-5 første ledd. Det skal kunne dokumenterast at vurdering er gitt. Eleven, lærlingen og lærekandidaten skal kunne delta i vurderinga av sitt eige arbeid. Som ein del av rettleiinga og vurderinga utan karakter skal skolen eller lærebedrifta minst ein gong kvart halvår gjennomføre ein samtale med eleven, lærlingen eller lærekandidaten.

Følgjande tillegg vart sett i verk 1.8.2007: § 4-5a. Dialog om anna utvikling Læraren skal jamleg ha dialog med eleven om utviklinga i lys av § 1-2 i opplæringslova, generell del og prinsipp for opplæringa i Læreplanverket for Kunnskapsløftet.

Kunnskapsdepartementet vil leggje til rette for å etablere eit heilskapleg system for elevvurdering frå skuleåret 2009/2010. Tiltaka som skal gjennomførast i perioden 2007 til 2009 skal samla sett medverke til eit klarare regelverk, auka vurderingskompetanse på alle nivå, ein meir fagleg relevant vurderingspraksis og eit betre system for dokumentasjon av undervegs- og sluttvurdering.

Gjennomføringsstrategiar Leggje til rette for kompetanseheving på vurdering hos lærarar, instruktørar og prøvenemnder Leggje til rette for skolering av elevråd og kontaktlærarar

22


3.2.6 Fleirkulturell opplæring Delmål Opplæringa for minoritetsspråklege gir eit språkleg, kulturelt og kunnskapsmessig grunnlag for å lukkast i utdannings-, yrkes- og samfunnsliv Det språklege og kulturelle mangfaldet i Noreg aukar. Talet på personar med innvandrarbakgrunn er meir enn tredobla sidan 1980. Kulturelle, språklege og religiøse variasjonar er etter kvart kvardagen i opplæringsinstitusjonane, også i vårt fylke. Målretta opplæring i grunnleggjande norsk er viktig både for den einskilde og for storsamfunnet, og gode barnehage- og skuletilbod er viktige for inkludering, deltaking og sosial utjamning. Omgrepet språkleg minoritet er til vanleg brukt om alle som ikkje har norsk eller samisk som morsmål. Minoritetsspråklege elevar omfattar dei som i kortare eller lenger tid har behov for ei særskilt tilrettelagt opplæring, av språklege årsaker. Opplæring ut over grunnskulenivå er avgjerande for å kunne delta i vidare studiar, arbeidsliv og samfunnet. Delen av elevar med minoritetsbakgrunn som byrjar i vidaregåande opplæring er litt lågare enn i befolkninga elles, men er likevel på 90%. I praksis byrjar ein del av desse elevar på vidaregåande skule med mangelfulle kunnskapar og ferdigheitar frå grunnskulen. Hovudårsakene er at dei kjem seint inn i opplæringsløpet og generelt har mindre tilpassa læringsprosessar. Det er små skilnader mellom minoritets- og majoritetsspråklege elevar når det gjeld val av utdanningsprogram. Det er eit sentralt mål at prosentdelen av minoritetsspråklege elevar og ungdomar som fullfører vidaregåande opplæring skal vere like høg som majoritetsspråklege elevar. I dag er denne prosenten noko lågare. For kullet som byrja i vidaregåande opplæring i 2002 syner tal frå Senter for økonomisk forsking at fråfallsprosenten blant innvandrarar med ikkje-vestleg bakgrunn er på heile 45% (mot 26% blant majoritetsspråklege). Skilnaden har i hovudsak samanheng med at minoritetsspråklege elevar i gjennomsnitt har foreldre med lågare utdanning enn majoritetselevane, og at dei og har dårlegare karakterar frå grunnskulen enn gjennomsnittet. Forsking viser og at minoritetsspråklege søkjarar frå ikkje-vestlege land, spesielt gutar, har monaleg større problem med å få læreplass enn majoritetsungdom. Ei særskilt utfordring i vidaregåande opplæring knyter seg til 16-20 år gamle innvandrarar som har svak og mangelfull skulebakgrunn og kort butid i Noreg. Desse elevane har ikkje berre reint faglege utfordringar, men og ei rekkje kulturelle. Viktige problemstillingar her er å sjekke ut om desse elevane forstår kulturen i landet dei er i, om dei norske lærarane og elevane forstår det kulturelle fundament dei unge innvandrarane har og om dei forstår sitt eige kulturelle fundament. For å sikre grunnleggjande ferdigheitar hos minoritetsspråklege elevar har Kunnskapsdepartementet føreslege at det vert presisert i ny § 3-12 i opplæringslova at elevar i vidaregåande skule med anna morsmål enn norsk og samisk har rett til særskilt språkopplæring heilt til dei har tilstrekkelege kunnskapar i norsk til å følgje den vanlege opplæringa. I dag har elevane denne retten knytt til § 5-1 som gjeld spesialundervisning for elevar som ikkje får tilfredstillande utbyte av det ordinære opplæringstilbodet, uavhengig av årsakene til lærevanskane. Interkulturell læring er eit tema som i aukande grad får merksemd når ein involverer seg i internasjonale prosjekt. Det er utvikla ei rekkje læringsverktøy som fremjar interkulturell læring, og dei fleste av desse kan nyttast lokalt for å auke gjensidig respekt, forståing og toleranse. Desse verktøya vil og vere effektive i kampen mot av rasisme, stereotypiar og fordommar. Utvikling av interkulturell kompetanse blant elevar og lærarar vil føre til auka gjensidig respekt, forståing og toleranse. Dette vil vere viktige element i arbeidet med å sikre at elevar med ikkje-vestleg bakgrunn får ein høgare gjennomføringsprosent.

23


Å kunne språket er avgjerande for å forstå kulturen, og aktivitetar og tiltak som fremjar moglegheiter. Ynske og behov for å forstå kulturen vil likeeins vere gode hjelpemiddel for å lære språket. Tiltak som internasjonal dag/veke vil være viktige arenaer for elevar med ein annan kulturell bakgrunn å presentere seg sjølv og heimlandet på, og i tillegg ein viktig læringsarena for norske elevar.

Gjennomføringsstrategiar Fleire får tilbod om eitt år i innføringsklasse før dei tek til i vidaregåande skule Tilby kompetanseheving innan migrasjonspedagogikk i skule og bedrift

3.2.7 Folkehelse og førebygging - trivsel og tryggleik Delmål Skular og lærebedrifter er medvitne om verdien av fysisk og psykisk helse som grunnlag for læring, arbeid og aktiv deltaking i samfunnet Elevar og lærlingar har eit trygt arbeidsmiljø som møter dei med respekt og som er fritt for mobbing, vald, rasisme og diskriminering Miljøkoordinator si rolle er tydeleg for elevane Leggje til rette for trafikkopplæring Folkehelsearbeidet skal styrke det som bidreg til betre helse og å svekke det som medfører helserisiko. Målet er å leggje til rette for å kunne velje ein sunn livsstil og for oppleving av meistring, menneskeverd, trivsel, tryggleik og respekt. Sogn og Fjordane fylkeskommune har drive aktivt folkehelsearbeid sidan 1990, organisert som partnarskap, nettverk og gjennom samarbeidsfora. Satsingsområdet Folkehelse og livsutfalding er forankra i Fylkesplanen for Sogn og Fjordane 2005 — 2008. Fleire av tiltaksområda omfattar også ungdom i vidaregåande opplæring: fysisk aktivitet (UNGarena, ”Dans utan grenser”) skader og ulukker (Trygt heim for ein 50-lapp, Ungdomskortet, Sei ifrå-kampanjen, Trygge lokalsamfunn) psykisk helsevern (VIP-prosjektet, ”Alle har ei psykisk helse, ”Utsett ungdom”, overgang heim – hybel) rus og tobakk (røykfrie skular, MOT-skular, samarbeid med Bergensklinikkene) kosthald og ernæring (vassautomatar, grøne kantiner) kultur og helse (Den kulturelle skulesekken, Ungdomens kulturmønstring) levande og inkluderande lokalsamfunn (open skule, uformelle møteplassar i nærmiljøet, universell utforming)

Alle dei vidaregåande skulane har oppretta faste folkehelsegrupper med ein representant frå skuleleiinga, ein frå lærarane, to elevar, kantinedrifta, skulehelsetenesta, tannhelsetenesta og miljøkoordinator. Skulane har eigne handlingsplanar for folkehelsearbeidet og skal rapportere til fylkesdirektøren på gjennomføring. Fylkeskommunen vedtok i desember 2006 ein plan for universell utforming, Handlingsplan for auka tilgjenge for alle – universell utforming. Det er ei utfordring for fylkeskommunen som skuleeigar å til ei kvar tid leggje til rette, bygningsmessig og i høve uteområde, for at alle elevane får ei tilpassa vidaregåande opplæring i samsvar med lov og regelverk. Fylkeskommunen har i dag oversyn over korleis den einskilde vidaregåande skule er tilpassa ulike brukargrupper og funksjonshemmingar. Fylkesdirektøren kartlegg årleg eventuelle nye behov ved skulane om slik tilrettelegging, og det er etablert ein konstruktiv dialog mellom fylkeskommunen og kommunane for å sikre tidleg informasjon

24


om alle avgangselevar frå grunnskulen til vidaregåande opplæring. Ved overgangen til opplæring i bedrift er det og etablert rutinar for samarbeid og tilrettelegging. Elevane og lærlingane sitt arbeidsmiljø Opplæringslova kapittel 9a og Læringsplakaten slår fast at alle elevar i grunnskulen og den vidaregåande skulen har rett til eit godt fysisk og psykososialt miljø som fremjar helse, trivsel og læring. Alle som arbeider i skulen, pliktar å syte for at elevane ikkje blir sjikanerte gjennom krenkjande ord og handlingar som mobbing, vald, rasisme og diskriminering. Lova gir elevane og foreldra stor grad av brukarmedverknad og klagetilgang. Opplæringslova fekk i 2005 ei ny tilføying i § 11–1a og § 11–5a, som gir føresegner om oppretting av skulemiljøutval i grunnskulen og den vidaregåande skulen. Skuleeigarane (kommunar og fylkeskommunar) har plikt til å syte for at det blir fastsett eit ordensreglement for den enkelte grunnskulen eller vidaregåande skulen, jf. opplæringslova §§ 2–9 og 3–7. Prinsippet for opplæringa legg vekt på ansvaret skulen har for å utvikle den sosiale kompetansen til elevane ved å leggje til rette for at dei i arbeidet med faga og i verksemda elles får øve seg i ulike former for samhandling og problem- og konflikthandtering. For lærlingane gjeld reglane i arbeidsmiljølova. Forskrift om miljøretta helsevern i barnehagar, skular o.a. skal medverke til at miljøet i barnehagar, skular og visse andre verksemder fremjar helse, trivsel og gode sosiale og miljømessige forhold – og at det førebyggjer sjukdom og skade. Føresegnene i forskrifta skal brukast ved planlegging, tilrettelegging og drift av verksemda, jf. § 2 i forskrifta. Forskrift om kommunens helsefremjande og førebyggjande arbeid i helsestasjons- og skulehelsetenesta skal fremje psykisk og fysisk helse, fremje gode sosiale og miljømessige forhold og førebyggje sjukdom og skadar. § 2–3 i forskrifta slår fast at tilbodet til helsestasjonane og skulehelsetenesta skal omfatte førebyggjande psykososialt arbeid og samarbeid med skulen om tiltak som fremjar godt psykososialt og fysisk lærings- og arbeidsmiljø for elevane. Likestillingslova § 8a slår fast at det ikkje er lov å utsetje andre for seksuell trakassering. Arbeidsgivarane og leiinga i organisasjonar eller utdanningsinstitusjonar har ansvar for å førebyggje og prøve å hindre seksuell trakassering innanfor ansvarsområda sine. Skulehelsetenesta Etter kommunehelsetenestelova § 1-3 nr 1 bokstav c er kommunane pålagde å ha ei skulehelseteneste. Forskrifta til denne seier: § 2-3. Tilbud til gravide og til barn og ungdom 0 - 20 år Helsestasjons- og skolehelsetjenestens tilbud til barn og ungdom 0 - 20 år skal omfatte: forebyggende psykososialt arbeid opplysningsvirksomhet og veiledning individuelt og i grupper hjemmebesøk/oppsøkende virksomhet samarbeid med skole om tiltak som fremmer godt psykososialt og fysisk lærings- og arbeidsmiljø for elever bistand og undervisning i gruppe/klasse/foreldremøter i den utstrekning skolen ønsker det samarbeid om habilitering av barn og ungdom med spesielle behov, herunder kronisk syke og funksjonshemmede

På alle dei vidaregåande skulane i fylket har helsesøster kontortid på skulen, men med ulik opningstid. Jamt over ønskjer elevane eit betre tilbod gjennom større tilgang til tenesta. Manifest mot mobbing Manifest mot mobbing føreset eit forpliktande samarbeid for eit godt lærings- og oppvekstmiljø. Regjeringa Stoltenberg, Foreldreutvalet for grunnskulen, KS og Utdanningsforbundet forplikta seg i augst 2006 til å vidareføre arbeidet for eit godt fysisk og psykososialt miljø for alle barn og unge: ”….forpliktar oss til å arbeide for at alle barn og unge skal ha eit godt fysisk og psykososialt miljø i barnehagen, på skulen, i skulefritidsordninga og i andre organiserte fritidsaktivitetar.”

25


Partane skal saman og gjennom innsats retta mot eigne målgrupper medverke aktivt til at barn og unge ikkje blir utsette for krenkjande ord eller handlingar som mobbing, vald, rasisme, homofobi, diskriminering eller utestenging. Felles mål i dette arbeidet er: Ta vare på retten barn og unge har til eit fysisk og psykososialt miljø som fremjar helse, trivsel og læring Leggje til rette for at barn og unge får ha aktiv medverknad og medråderett Ha eit godt samarbeid med heimane Gjere alle vaksne bevisste på kor viktige dei er for, og kva ansvar dei har for, oppvekst- og læringsmiljøet til barn og unge Få vaksne som arbeider med barn og unge, til å vere tydelege vaksne og gode rollemodellar Auke kompetansen Gjere folk meir bevisste på kor viktig det verdi- og haldningsskapande arbeidet er Motivere til innsats mot mobbing på lokalt og regionalt nivå

Hybelbuarar Hybelbuarane i vidaregåande skule i Sogn og Fjordane utgjorde skuleåret 2006/07 nærare 30 % av den totale elevmassen. For Vg1 elevane utgjorde dei vel 20%. Samanhengen mellom det å bu på hybel og avbrot av vidaregåande opplæring har lenge vore fokusert. Nyare dokumentasjon tyder på at det er andre faktorar som påverkar avbrot meir enn det å bu på hybel, som til dømes karakterane frå grunnskulen. Her i fylket utgjorde hybelbuarane som avbraut vidaregåande opplæring på Vg1-nivå vel 26%. Ser ein på inntakspoenga for dei som slutta er snittet 3,2, medan snittet for alle på Vg1 er 4,4. Alle dei vidaregåande skulane har tilsett miljøkoordinator. Miljøkoordinatorane har ei viktig rolle når det gjeld å leggje til rette for trivsel og for å fange opp signal på åtferd som kan føre til avbrot. Trafikktrygging Arbeid med trafikktrygging og trafikkopplæring er svært viktig, ikkje minst for den utsette ungdomsgruppa. Fylkestrafikktryggleiksutvalet sin Handlingsplan for trafikktrygging 2006-2009 skal følgjast opp gjennom handlingsprogrammet for vidaregåande opplæring. I satsingsområda i trafikktryggingsplanen kapittel 8.1 Born og unge, står det at følgjande skal fokuserast: -

trafikkopplæring i ungdomsskulen og vidaregåande skule mengdetrening før førarprøven trafikkopplæring for lærarar samordna arealplanlegging - mellom anna med tanke på trygge trafikksamband mellom skule, heim og fritidstilbod alternative transporttiltak.

Gjennomføringsstrategiar Kvalifisere og utvikle folkehelsegruppene ved dei vidaregåande skulane Klargjere roller og ansvarsområde for miljøkoordinatorane Leggje til rette for samarbeid med primærhelsetenestene Kvaliteten i skulehelsetenesta skal prioriterast

26


3.2.8 Skulebiblioteket – kunnskapskjelde og møteplass Eit velfungerande skulebibliotek er vesentleg for at skulen skal lukkast i å nå måla i Kunnskapsløftet frå Kunnskapsløftet

Delmål Skulebiblioteket er eit senter for kunnskap og kreativitet i opplæringa

Opplæringslova: § 9-2. Rådgiving og skolebibliotek Elevane har rett til nødvendig rådgiving om utdanning, yrkestilbod og yrkesval og om sosiale spørsmål. Departementet gir nærmare forskrifter. Elevane skal ha tilgang til skolebibliotek. Departementet kan gi nærmare forskrifter. Forskrift til opplæringslova: § 21-1. Tilgang til skolebibliotek Skolen skal ha skolebibliotek med mindre tilgangen til skolebibliotek er sikra gjennom samarbeid med andre bibliotek. Bibliotek som ikkje ligg i skolen sine lokale, skal vere tilgjengeleg for elevane i skoletida, slik at biblioteket kan brukast aktivt i opplæringa på skolen. Biblioteket skal vere særskilt tilrettelagt for skolen.

Skulebiblioteket skal medverke til å realisere både dei faglege og dei pedagogiske måla i Kunnskapsløftet, gjennom å utvikle elevane sine grunnleggjande ferdigheitar og gjennom å leggje til rette for tverrfagleg arbeid. I tillegg har biblioteket ei viktig oppgåve med å utvikle kompetanse på søking, kjeldekritikk og kritisk bruk av digital informasjon. Biblioteket skal og medverke til å formidle litteratur og kunst. Biblioteket som læringsarena må forankrast i planarbeidet som gjeld skulane. Det er viktig at lærarar, skuleleiing og bibliotekar samarbeider om dette. Møreforsking har i 2007 lagt fram ei kartlegging av tilstanden i norske skulebibliotek. Denne viser at det er store skilnader, både når det gjeld ressursinnsats og bibliotekfagleg kompetanse. ABM-utvikling har også lagt fram ein rapport med statistikk for bibliotek og museum 2006. Denne sistnemnde rapporten syner at dei vidaregåande skulane i Sogn og Fjordane kjem dårleg ut samanlikna med andre fylke. Tala viser at det ligg mykje arbeid før biblioteka er gode lærings- og ressurssentra for elevane. Sogn og Fjordane 148 0,82 12,20 1,31 1,57 14,18 1,30 7,28 2,81 15,72

Rekneskap medium pr. elev (kr.) Tilvekst bøker pr. elev Bestand bøker pr. elev: Utlån bøker pr. elev Totale utlån pr elev Medium pr. elev Bibliotekartimar2 pr. elev pr. år Bibliotekartimar pr. skule pr. veke Personalressursar3 pr. elev pr år Personalressursar pr. skule pr. veke

27

Snitt landet 181 0,96 16,29 3,86 4,84 20,15 2,48 21,99 4,06 35,91


Bibliotekreform 2014 er ei utgreiing av framtida til biblioteka i Noreg, på vegner av Kultur- og kyrkjedepartementet og Kunnskapsdepartementet. I utgreiinga finn ein følgjande om biblioteket som læringsarena: Biblioteket som læringsarena har to dimensjoner. På den ene siden legger biblioteket til rette for læring gjennom å gi tilgang til kunnskapskilder. På den andre siden tilbyr biblioteket et inspirerende læringsmiljø i form av arbeidsplasser, utstyr og veiledningskompetanse hos de ansatte. Bibliotekene yter et stort bidrag til den formelle utdanningen. I en satsing på Norge som kunnskapsnasjon bør dette bidraget styrkes ytterligere gjennom et fast samarbeid på nasjonalt nivå mellom bibliotekmyndighetene og utdanningsmyndighetene. Hensikten med et slikt samarbeid skal være å bidra til bedre koordinering av de samlede bibliotekressursene, utvikle bibliotekene som læringsarenaer og læringsressurser og identifisere særlig aktuelle samarbeidsområder. Bibliotekene fungerer i ulik grad som læringsarenaer i dag. Skolebibliotekene må utvikles som læringsarenaer og bidra til kunnskapsløftet. Folkebibliotekene har et betydelig uutnyttet potensial som arenaer for både den formelle og den uformelle læringen. Både folke- og skolebibliotek trenger en systematisk fornyelse av kompetanse og opprustning av utstyr. Alle folkebibliotek må kunne tilby sine brukere trådløst høyhastighetsnett for å kunne gi dem tilgang til digitale kunnskapskilderog tilby dem oppkopling med egen PC i tilknytning til studieplasser i biblioteket. Utviklingen av samarbeidet mellom folkebibliotek og skole/skolebibliotek kan bidra til å gi elevene et bedre bibliotektilbud totalt sett.

Hovudutval for opplæring handsama i 2006 Utviklingsplan for biblioteka i dei vidaregåande skulane i Sogn og Fjordane 2007-2010. Planen inneheld mål og strategiar for bibliotektenesta og eit framlegg til opptrappingsplan for bibliotekressursen på skulane.

Gjennomføringsstrategi Utviklingsplanen for biblioteka i dei vidaregåande skulane vert følgd opp

3.2.9 Digital kompetanse Delmål Lærarar og instruktørar har pedagogisk kompetanse til å bruke digitale verkty i opplæringa Skular, lærebedrifter, elevar og lærlingar nyttar digitale verkty, utstyr og tekniske løysingar i opplæringa Elevar og lærlingar har tilgang til gode digitale læringsressursar For å kunne møte kompleksiteten og dei raske endringane i informasjonssamfunnet må det uviklast ein felles digital kultur for læring. Digital kompetanse er eit nøkkelomgrep i den nasjonale satsinga på IKT i opplæringa. Å integrere IKT i opplæringa inneber at alle elevar får høve til å utvikle den digitale kompetansen dei treng for å nå personlege mål og for å vere interaktive deltakarar i eit globalt informasjonssamfunn. Både Stortingsmelding 30 og Kunnskapsløftet understrekar fem grunnleggjande ferdigheitar; å kunne uttrykkje seg munnleg, å kunne lese, å kunne uttrykkje seg skriftleg, å kunne rekne og å kunne bruke digitale verkty. Vi er på full fart inn i det digitaliserte samfunnet. Dette må ein tilpasse seg, både gjennom kompetanse og utstyr. I ein slik skule er det mange faktorar som er avhengige av kvarandre og som åleine ikkje fremjar læring. Det langsiktige målet er at datamaskiner skal bli ”usynlege”, elevane skal ikkje jobbe med data, men med faga. For å oppnå dette må IKT integrerast som ein naturleg del av opplæringa, noko som berre kan gjerast ved å jobbe parallelt med desse punkta: Utstyr og infrastruktur Kompetanseheving Digitale læremiddel I eit samfunn som vert meir og meir prega av e-handel, e-kultur, e-helse, e-underhaldning og e-læring er det viktig at den digitale kompetansen vert ein naturleg del av kvardagen. Informasjonstilfanget er

28


så stort og komplekst at ein treng kunnskap, ferdigheitar og haldningar for å handtere dette. Den digitale kompetansen er sterkt knytt til ein kompetanse som handlar om sjølvrefleksjon, digital danning og kreative innfallsvinklar til læring og kunnskap. Alle barn og unge må få høve til å utvikle ein samla kompetanse som gjer at dei kan meistre ein digital kvardag i både utdanning, arbeid og kvardagsliv. Dette kan oppsummerast i følgjande argument: Med digital kompetanse forstår ein også nett-vit, evne til kjeldekritikk og omsyn til etiske føringar. Digital kompetanse inneber ei grunnleggande ferdigheit som er viktig for å fremje tilpassa opplæring for alle. Digital kompetanse er naudsynt for å utdanne barn og unge til eit arbeidsliv prega av innovasjonskultur og nyskaping. Digital kompetanse er viktig for utvikling og vidareutvikling av ein demokratisk og deltakande kultur i kunnskapssamfunnet. Alle skal ha likt høve til å inkluderast og å fungere i ein digital kvardag. Barn og unge er i dag i aukande grad aktive mediebrukarar, både som konsumentar og produsentar på ei rekkje område. Skulen står i fare for å basere læringsarbeidet på framstillings-, formidlings- og evalueringsmåtar som er i ferd med å bli utdaterte i både form og innhald. Digital kompetanse er ein sentral nøkkelfaktor i moderniseringa av norsk offentleg sektor, noko som skulen er ein del av. Dersom ikkje skulen maktar å gi barn og unge digital kompetanse, utdannar vi dei ikkje til det samfunnet vi lever i, verken no eller i framtida. Utviklinga av den digital kompetansen gir barn og unge eit meir variert tilfang av læringsformer, fleire innhaldsressursar og meir motiverande læringsmiljø, og difor eit potensiale for betre og meir læring.

Gjennomføringsstrategiar Det vert skapt ein infrastruktur som tek i vare intensjonane i Kunnskapsløftet Utvikling av digital kompetanse vert prioritert Utvikling og bruk av digitale læremiddel vert prioritert Elevar, lærlingar og pedagogisk personale har tilgang til teknisk og pedagogisk rettleiing i bruken av IKT-verktøy

29


4. Vidaregåande opplæring si samfunnsrolle Skolen og lærebedriften skal legge til rette for at lokalsamfunnet blir involvert i opplæringa på en meningsfylt måte. Læringsplakaten sitt 11. punkt og læreplanverket sin generelle del

Ønskt situasjon for vidaregåande opplæring i Sogn og Fjordane innan 2011: I samarbeid med lokalsamfunnet utviklar den vidaregåande opplæringa dyktige og samfunnsengasjerte innbyggarar Med utgangspunkt i lokal identitet, handlings- og erfaringsborne kunnskapar og haldningar stimulerer vidaregåande opplæring til nyskaping og innovasjon Lokalsamfunnet gjer seg nytte av kompetansen som dei vidaregåande skulane tilbyr Kultur-, nærings- og samfunnsliv nyttar lokale og andre ressursar i dei vidaregåande skulane

4.1 Innleiing Samfunn og læring – ein gjensidig relasjon Føremålet med regional utvikling er å skape ei heilskapleg og ønskt samfunnsutvikling for lokalsamfunnet, kommunen og regionen ein høyrer til i. Vidaregåande opplæring utgjer ein del av fylkeskommunen sitt tenesteapparat, og Sogn og Fjordane fylkeskommune ønskjer å nytte opplæringssektoren aktivt i alt samfunnsutviklingsarbeid i fylket. Utan kontinuerleg kompetanseutvikling, nyskaping og bevisst satsing på å imøtekome opplevde behov, kan enkelte distrikt eller næringar bli tapande i den aukande konkurransen – som også blir stadig meir internasjonal. Dette er eit aspekt som gjer at vidaregåande opplæring i større grad blir trekt inn i regionale og lokale utviklingsprosjekt. I førre strategiplan vart det såkalla samfunnsperspektivet for første gong sett i samanheng med drift og utvikling av fylkeskommunen sitt tenestetilbod innanfor opplæringssektoren. I tillegg til det ovanfor nemnde samfunnsperspektivet der det er ønskeleg at vidaregåande opplæring skal spele ei viktig rolle framover, er det også viktig å sjå dialogen mellom vidaregåande opplæring og lokalsamfunnet i eit læringsperspektiv. Vidaregåande opplæring vil, gjennom å utvide sitt læringsrom til å inkludere det lokale samfunnet, også ha ei reell moglegheit for å kunne bli det viktige navet i lokalsamfunnsbevaring og lokalsamfunnsbygging, som den er tiltenkt gjennom læreplanane i Kunnskapsløftet og i andre politiske grunndokument. Tiller (2007:199) argumenterer for at denne utvidinga av læringsrommet har enkelte konsekvensar for val av læringsteoriar og for det tradisjonelle læringssynet. Han syner til Læreplanverket for Kunnskapsløftet, og utfordringane der som argumentasjon for det ellevte punktet i Læringsplakaten (jf. sitat innleiingsvis): Opplæringens mål er å ruste barn, unge og voksne til å møte livets oppgaver og mestre utfordringer sammen med andre (s.3). Opplæringa skal kvalifisere for produktiv innsats i dagens arbeidsliv, og gi grunnlag for senere i livet å kunne gå inn i yrker som ennå ikke er skapt (s.3). Utgangspunktet for oppfostringen er elevenes ulike personlige utfordringer, sosiale bakgrunn og

30


lokale tilhørighet (s.3). Læring skjer ved at det nye forstås ut fra det kjente – de begreper en har, avgjør hva en kan gripe og fatte (s.10). Dagens opplæring må også omfatte … erfaring fra arbeid der gjensidig avhengighet krever disiplin, og der egen innsats påvirker resultatet av andres (s.17). Det er truleg slik at det framleis er ein veg å gå før den vidaregåande opplæringa er kommen i den situasjonen som dei fire punkta over beskriv. Sentrale forskarar på læringsfeltet, deriblant Tiller (2002), er samde om at for mykje av læringa føregår i lukka rom, og at nokon av dei sentrale læringsomgrepa feilstyrer forståinga av kva som er god læring. Definisjonane av omgrepet læring er mangfaldige, kompliserte, omfattande og lange. Kva er den gode, robuste læringa, den læringa som gjerne varer livet ut og som stimulerer lysta til stadig å lære meir? Tiller hevdar at det er grunnlag for å kople verdiar og normer til definisjonen av læring. Han legg til grunn følgjande definisjon (2007:204): Muligheten for at god læring skal finne sted hos mennesker er gode når den som er i en læringssituasjon opplever at man deltar aktivt, at det man lærer om er nyttig i livet her og nå eller senere, og at møtet med den nye læringssituasjonen gir meining. Læringsplakaten sitt punkt 11, samarbeid med lokalsamfunnet, må oppfattast som eit ynske om ei utviding av det tradisjonelle læringsrommet. Her heiter det at skulen og lærebedrifta skal legge til rette for at lokalsamfunnet blir involvert i opplæringa på ein meiningsfylt måte. Innhaldet i læringsplakaten har fått ei påbodsform. I grunngjevinga for punktet heiter det at eit godt samspel mellom skulen og nærings- og arbeidsliv, kunst og kulturliv og andre delar av lokalsamfunnet kan gjere opplæringa i faga meir konkret og verkelegheitsnær. Dette vil vidare kunne medføre at elevane si lyst til å lære aukar. Elevane får innsyn i ulike læringsprosessar, og kunnskap om arbeidslivet, og det nye læringsrommet kan gi entreprenørskapstenkinga eit nytt og forsterka innhald (Tiller 2007:205).

Overordna nasjonale og regionale føringar Det er i dag ein føresetnad at fylkeskommunen skal fylle ei rolle som regional utviklingsaktør4. Intensjonen er at fylkeskommunen skal få auka mynde i forvaltninga av distrikts- og regionalpolitiske verkemiddel. Fylkeskommunane har eit stort ansvar for sektorar som er viktige for den lokale og regionale utviklinga, og vidaregåande opplæring utgjer den tyngste budsjettposten i fylkeskommunen sitt budsjett. I den generelle delen av læreplanen heiter det at skulen skal vere aktiv som eit ressurs-, kraft- og kultursenter for lokalsamfunnet. Det er avgjerande at det vert knytt nærare kontaktar mellom vidaregåande opplæring og vaksne og unge, og vidare til lokalt arbeids-, nærings- kulturliv. I sum gir desse to føringane fylkeskommunane i oppdrag å finne fram til måtar å løyse oppgåva som regional utviklingsaktør på, og å etablere seg som leiarar for ein regional partnarskap. Fleire fylkeskommunar har gått langt i å ta i bruk dei vidaregåande skulane som aktørar for å fremje utviklinga lokalt, og dette er gjort på litt ulike måtar. Eit nytt statleg satsingsområde er Utdanningsdirektoratet sin strategi for utdanning for berekraftig utvikling i grunnopplæringa. Føremålet er å klargjere mål, prioriteringar og enkelte tiltak som skal gjelde for perioden 2006–2010. Utfordringa er å syte for kontinuerleg vidareutvikling av kompetansen i skulesystemet, slik at skulen blir ein aktiv bidragsytar i arbeidet for berekraftig utvikling. Strategien er eit bidrag til Noreg si oppfølging av FNs utdanningstiår for bærekraftig utvikling (2005–2014) som m.a. er utvikla i regi av UNECE (United Nations Economic Commission for Europe). 4

Gjennom Stortinget si behandling av St. meld. 19 (2001-02) Nye oppgåver for lokaldemokratiet – lokalt og regionalt nivå vart dette først vedteke.

31


Det overordna målet i Fylkesplanen for Sogn og Fjordane 2005-2008 er å halde oppe folketalet og busetnaden. Planen er eit styringsdokument for utvikling i fylket. Kommunane, offentlege etatar, næringslivet og frivillige organisasjonar har i fellesskap utvikla planen under leiing av fylkeskommunen. Det er også denne regionale partnarskapen som vil arbeide med strategiane gjennom felles program og konkrete prosjekt. Det er ei målsetjing at folk skal skape seg eit rikt og meiningsfylt liv i Sogn og Fjordane. God helse, kultur og tilgjenge for alle i trygge og opne miljø er avgjerande verdiar. Sogn og Fjordane vil truleg halde fram med å vere eit fylke av små og store bygder og bygdebyar. Vi må såleis halde fram å utforske korleis vi kan nytte vår struktur som ein ressurs. Verdiskapinga må styrkast gjennom å ta heile fylket i bruk og nytte kultur- og naturgrunnlaget på ein aktiv og berekraftig måte. Fylket har mange føremoner – sterk lokal identitet, historie og kulturarv, gode bumiljø med dugnadsånd og aktivt frivillig organisasjonsliv, kunnskapar om å utnytte og ta vare på lokale ressursar, tradisjonar for mangesysleri og fleksibel arbeidskraft. Dette skulle borge for at mange fleire tek fatt og skaper sitt eige levebrød i Sogn og Fjordane. Men dette kjem ikkje av seg sjølv og det er viktig å dra i gang etablerarprosessar, og ha nok midlar og evne til å stø opp om etableringar, omstillingsprosessar og utvikling av verksemder. Det blir difor satsa mykje på haldningsarbeid og konkret trening i både grunnskule og vidaregåande opplæring for å skape entreprenørar og aktive tiltaksmenneske generelt. Mål og strategiar for vidaregåande opplæring 2004-07 vart vedtekne i fylkestinget i sak nr. 18/2003. Denne saka la til grunn at vidaregåande opplæring er ein viktig medspelar for samfunnsutviklinga i fylket. Dette kjem m.a. til uttrykk gjennom fylkeskommunen sitt fokus på å medverke i kompetanseutvikling i lokale bedrifter. På denne måten kan fylkeskommunen gjennom vidaregåande opplæring medverke til auka verdiskaping, næringsutvikling og innovasjon. Vidaregåande opplæring skal vere ei drivkraft i samhandlinga med lokalsamfunnet, og at opplæring i skule og bedrift utgjer heilskapen i det vidaregåande opplæringsløpet. Lokalt arbeids-, nærings- og kulturliv skal i større grad vere ein naturleg del av læringsmiljøet. Det er naturleg og ønskjeleg at det vert arbeidd gjennom nettverk og partnarskap, lokalt og regionalt.

Vidaregåande opplæring som utviklingsaktør i dag Vidaregåande opplæring utgjer ein viktig del av fylkeskommunen si rolle som regional utviklingsaktør, og dette har hatt eit stort fokus i strategisk handlingsprogram for 2004-07. Frå 01.08.2004 vart det tilsett arbeidslivskontaktar ved Flora, Høyanger og Årdal vidaregåande skular. Ordninga vart evaluert av fylkesdirektøren hausten 2005, og sak vart lagt fram for Hovudutval for opplæring 28.10.05 (jf. HO-sak 17/05). Utvalet vedtok at ordninga skulle trappast opp i løpet av 200607 til å gjelde alle dei vidaregåande skulane. Frå 01.08.2007 er det tilsett arbeidslivskontakt ved 13 vidaregåande skular. Fylkestinget vedtok 05.04.2006 ny organisering av vidaregåande opplæring særskilt tilrettelagt for vaksne i Sogn og Fjordane fylkeskommune (jf. FT-sak 01/06). Ny organisering vart innført frå 01.01.2007, og inneber at dei vidaregåande skulane får eit større samla ansvar for samordning av, og tilbod for, vaksne. Det utøvande ansvaret for vaksenopplæringstilbodet ligg til dei enkelte skulane. Vaksenopplæringstilbodet skal sjåast i samanheng med opptrappinga av ordninga med arbeidslivskontakt ved dei vidaregåande skulane. Dette er ein svært nyttig strategi, og ein føresetnad for å lukkast med at tilbodet for vaksne, tilbod til lokalsamfunnet og entreprenørskapsarbeidet i opplæringa vert sett i samanheng. Karriererettleiing og rådgjeving i høve vaksne bør også her vurderast som eit viktig strategisk område å utvikle vidare.

32


Dei vidaregåande skulane har i større grad enn tidlegare delteke i arbeidet knytt til fylkesplanen og fylkesplanen sitt handlingsprogram. Også dette har hatt eit stort fokus i strategisk handlingsprogram for 2004-07. I det førebuande arbeidet med fylkesplanen sitt handlingsprogram sat det rektorar i arbeidsgruppene for ”Ungdom” og for ”Havbruk og fiskeri”. Ein rektor og to representantar for fylkesdirektøren for opplæring har også delteke i fylkesrådmannen sitt tverrsektorielle fylkesplanteam, og har her hatt høve til å få innsyn i – og påverke – planprosessen og innhaldet i fylkesplanen. Dette er døme på ei nyttig kopling mellom fylkesplanprosessen og opplæringssektoren. Fylkeskommunen er engasjert på mange område som gjeld internasjonalisering. Fylkestinget vedtok i desember 2007 ein felles strategi for den internasjonale satsinga i Sogn og Fjordane fylkeskommune5. På bakgrunn av dette vedtaket er det utarbeidd ein revidert handlingsplan for internasjonalisering i vidaregåande opplæring.

4.2 Robuste, allsidige og levedyktige lokalsamfunn Skal vi nå målsetjinga om robuste, allsidige og levedyktige lokalsamfunn, må vidaregåande opplæring i Sogn og Fjordane medverke til livslang satsing på kompetanseheving for ei breidde av innbyggarane. Ved å arbeide målretta med kompetanseheving, stimulerer ein også til at folk finn å kunne arbeide, bu og leve i Sogn og Fjordane. For å medverke til at den vidaregåande opplæringa i endå større grad skal framstå som ein regional utviklingsaktør, må ein dei komande åra særleg fokusere på følgjande innsatsområde: Kultur for livslang læring (og kompetanseutvikling i lokalsamfunnet) Lokal identitet og lokale moglegheiter Opplevingsnæringar og småskalasatsing Internasjonalisering Berekraftig samfunnsutvikling Regionalt eigarskap og regional styring

4.2.1 Kultur for livslang læring Delmål Vidaregåande opplæring i Sogn og Fjordane medverkar til å skape ein kultur for livslang læring Vidaregåande opplæring tilrettelegg, koordinerer og tilbyr opplæringstiltak for nærings- og samfunnsliv og den einskilde Dette delmålet bygger særleg opp under målsettinga om at vi gjennom samarbeid med lokale samfunnsaktørar og arbeids- og næringsliv skal utvikle dyktige og samfunnsengasjerte innbyggjarar. Opplæringa skal stimulere både til nyskaping og næringsutvikling. Det er såleis sentralt å ha mål og gjennomføringsstrategiar for livslang læring. I det moderne arbeidslivet er det nødvendig å vere innstilt og motivert for endringar og nye arbeidsoppgåver.

Nasjonale og regionale føringar Opplæringslova seier at vaksne som har fullført grunnskulen eller tilsvarande, men som ikkje har fullført vidaregåande opplæring, etter søknad har rett til vidaregåande opplæring6. Opplæringa for vaksne skal tilpassast behovet til den enkelte. Kunnskapsdepartementet gir nærare forskrifter, mellom anna om kven retten omfattar, om inntak, rangering og førerett. Vaksne som er tekne inn til 5

FT-sak 47/07 Internasjonal strategi, handsama i fylkestinget 11.12.2007.

6

Sjå Opplæringslova sin §4a-3 (www.lovdata.no)

33


vidaregåande opplæring, har rett til å fullføre opplæringsløpet. I fag der læreplanen føreset lengre opplæringstid enn tre år, har dei vaksne rett til opplæring i samsvar med den opplæringstida som er fastsett i læreplanen. Opplæringa i offentleg vidaregåande skule eller i lærebedrift er gratis. Kunnskapsdepartementet har i brev datert 12.10.2007 sendt på høyring framlegg til endringar i opplæringslova som gjeld vaksne sin rett til vidaregåande opplæring. Framlegget inneber å erstatte §4a-3 første ledd andre punktum, som seier at berre vaksne fødde før 1.1.1978 har rett til vidaregåande opplæring, med ei aldersgrense på 25 år. På denne måten får vaksne som har fullført grunnskule eller tilsvarande etter søknad rett til vidaregåande opplæring frå og med det året dei fyller 25 år. I løpet av vårsesjonen 2008 vil dette spørsmålet bli avklara. Grunnopplæringa i Noreg må sjåast i eit livslangt læringsperspektiv. Ideen om livslang læring eller livslang utdanning vart sett på dagsordenen tidleg i 1970-åra. I utgangspunktet var omgrepet synonymt med vaksenopplæring, og målet var å gje vaksne betre tilgang til formelle utdanning. Strategisk handlingsprogram 2004-07 legg vekt på at dei vidaregåande skulane skal vere i stand til å gje eit tilbod tilpassa den einskilde. Det dreier seg i første rekkje om nye krav knytte til kompetanse i arbeidssituasjonen. Sentrale aktørar i arbeids-, nærings- og kulturliv og privatpersonar har behov knytte til ufullstendig fagopplæring, manglande formell kompetanse og sertifikat og godkjenning, Ein sentral strategi i dette arbeidet vil vere å fange opp alle som har slike behov, og gje alternative tilbod. Livslang læring gjeld også personar som treng attføring, og dei som er arbeidsledige og permitterte m.m. Skal ein kunne møte slike behov må vidaregåande opplæring ha tilgang til kunnskapsmiljø, moglegheit for fleksible løysingar og fjernbasert opplæring. Slike tilbod må vere fleksible og ofte skreddarsydde for den einskilde eller den einskilde bedrifta. Strategisk handlingsprogram 2004-07 nemner tiltak som kompetanseutvikling m.o.t. vaksenpedagogikk og fjernundervisning. I dag vert det lagt ei brei forståing til grunn for livslang læring: eit perspektiv som går ”frå vogge til grav”, der ein ser at motivasjonen til å lære må skapast på eit tidleg tidspunkt, og at læringa må halde fram utover førstegongsopplæringa alle former for læring er med – både formell og uformell læring, uansett læringsarena eleven/lærlingen og studenten i sentrum – skifte av fokus frå undervisning til læring med vekt på å ivareta alle einskildpersonar sitt læringsbehov å bygge opp ein evne til sjølvstyrt læring på grunn av mengda av nye læringskjelder, læringstypar og læringsarenaer, ikkje minst gjennom IKT politikken skiftar frå å vere tilbodsorientert til å rette seg mot etterspørsel, noko som inneber at læringa vert sett i samanheng med økonomiske og samfunnsmessige behov. Kunnskapsdepartementet sende NOU 2007:11 Studieforbund – læring for livet på høyring 28. september 2007. Rapporten er utarbeidd av ei breitt samansett arbeidsgruppe, med oppdrag å vurdere studieforbunda sine oppgåver og ansvar både for den einskilde, for arbeidslivet og for samfunnet. Vurderingane skulle i tillegg ha eit perspektiv på kultur, folkeopplysning, likeverd, deltaking, demokrati, integrering og inkludering. Kunnskapsdepartementet bad spesielt om vurderingar av utvalet sine framlegg som galdt ny målstruktur ny lov for ikkje-formell opplæring eit styrkt regionalt ansvar ved at fylkeskommunane mellom anna får ansvaret for all grunnopplæring for vaksne tilskotsordningane godkjenning av studieforbund

34


Livslang læring i ein internasjonal kontekst Livslang læring inneber at den einskilde kan kombinere og bygge vidare på læring som skjer i skule, arbeidsliv, frivillig arbeid så vel som fritid og familieaktivitetar. Læring føregår gjennom heile livsløpet og innanfor formelle og uformelle rammer og samanhengar. Det livslange perspektivet må vere utrykk både for einskildmennesket sitt behov og dei nasjonale samfunnsmessige utfordringane. Dette bør innebere at opplæringa m.a. skal føre til auka livskvalitet for den einskilde, stimulere til aktiv samfunnsdeltaking, møte utfordringar knytt til ulike generasjonar og livsfasar, gje auka kompetanse knytt til val av verdiar og livsstil. Tilrettelegging for alle generasjonar og grupper må difor innebere godt tilgjenge til alle kunnskapskjeldene, både teknologisk, økonomisk, metodisk, sosial og kulturelt. Overgangane må bli enkle. Blindgater, barrierar, rigiditet og stengsel for mobilitet må fjernast slik at flest mogleg blir med lengst mogleg i den livslange læringsprosessen. For den einskilde elev eller lærling representerer grunnopplæringa eit fundament for dette. Programmet for livslang læring (LLP) er EU sitt samarbeidsprogram for utdanning i Europa 2007-13. Over 30 europeiske land deltek i programmet, som omfattar formell og uformell læring på alle nivå. Gjennom EØS-avtalen deltek også Noreg i programmet, og det er ei målsetting å både føre vidare kjente element frå forgjengarane Sokrates og Leonardo daVinci og å starte nye aktivitetar. Koplinga mellom opplæring og næringslivet ligg som ein føresetnad for EU si satsing på utdanning, og programmet framhevast som eit steg på vegen for å nå målsettingane i Lisboa-strategien om å gjere Europa til den leiande kunnskapsøkonomien med berekraftig økonomisk utvikling, fleire og betre jobbar og ei tydelegare sosial utjamning. EU meiner ein berre når desse måla ved å satse på ein større fleksibilitet i arbeidsmarknaden, der evne og moglegheiter for å lære gjennom heile livet er i fokus.

Kompetanseutvikling retta mot arbeids- og næringslivet Samfunnsutviklinga krev at vidaregåande opplæring er fleksibelt innretta slik at ein kan medverke der det til ei kvar tid er behov for kompetanseutvikling og –fornying. Dei vidaregåande skulane bør i samband med rolla som utviklingsaktør lokalt ha rammevilkår som gjer at dei vert sette i stand til å vere fleksible og imøtekomande i høve slike behov. I eit livslangt læringsperspektiv er det såleis eit naturleg innsatsområde å satse særleg på kompetanseutvikling retta mot lokalt og regionalt arbeids- og næringsliv i åra som kjem. For å lukkast med dette, bør det leggast til rette for at dei vidaregåande skulane lokalt utviklar spisskompetanse på relevante utfordringar i sitt lokalsamfunn. Arbeidslivskontakten er ein ressurs som gjerne kjenner lokale utfordringar særleg godt, og kan difor vere eit bindeledd mellom lokalsamfunnet og skulen i dette. Eit verkemiddel/tiltak for å systematisere og regulere samarbeidet med arbeidslivet og samfunnet er å etablere partnarskapsavtalar. Dette bør skje både på lokalt nivå (skule, bedrift, kommune, lag, organisasjonar) og sentralt nivå (fylkeskommune, bransje, interesseorganisasjonar). Arbeidslivskontaktane vil vere ein nyttig ressurs i utarbeiding av partnarskapsavtalar, og i samband med koordinering av oppdragsundervisning ved dei vidaregåande skulane. Gjennom arbeidslivskontakten kan lokalsamfunnet ha eit fast kontaktpunkt inn mot den vidaregåande skulen.

Gjennomføringsstrategiar Dei vidaregåande skulane samarbeider for å medverke til å dekke lokalsamfunna sin etterspurnad etter livslang læring Dei vidaregåande skulane er pådrivarar for å utarbeide partnarskapsavtalar med aktørar i lokalsamfunnet

35


Arbeidslivskontaktane vert nytta strategisk i kommunikasjonen mellom den vidaregåande skulen og lokalsamfunnet

4.2.2 Lokal identitet og lokale moglegheiter Ny læreplan for grunnskulen og vidaregåande opplæring vart innført hausten 2006. Stortingsmelding nr. 30 (2003–04) Kultur for læring danna grunnlaget for Kunnskapsløftet. Entreprenørskap vert omtala som eit verkemiddel for å fornye opplæringa. Pedagogiske omsyn tilseier at opplæringa i entreprenørskap vert innretta ulikt avhengig av skuletrinn7. St.meld. 30 presiserer at dei fremste kjenneteikna ved den mangfaldige fellesskulen skal vere kunnskap og ferdigheitar, arbeidsglede og meistring, sjølvstende og fellesskap. Kunnskapsløftet legg vekt på større variasjon i læringsformer og læringsarenaer, meir praktisk læring og større valfridom i samspel mellom skulen og lokalsamfunnet. Det er ein føresetnad at entreprenørskap vert forankra i alle læreplanar. Regjeringa vil at elevane skal få delta i ungdomsbedrifter, oppsøkje læringsarenaer utanfor skuleporten og ha entreprenørskap inn som ein del av grunnopplæringa i skulen. Dette vart slege fast i Soria Moria-erklæringa (politisk plattform 2006-2009), og er vidare lagt inn som ein sentral del i reforma Kunnskapsløftet. Læreplanverket for Kunnskapsløftet består av tre delar, Generell del, Prinsipp og rammer for opplæringa og Læreplanar for fag. Generell del er uforandra i forhold til generell del i L97. Her vert verdigrunnlag og menneskesyn som ligg til grunn for opplæringa utdjupa. I fleire ledd av Generell del finn vi grunnlag for kvalifisering til entreprenørielle haldningar og kompetanse. Prinsipp og rammer for opplæringa tydeleggjer skuleeigar sitt ansvar for ei heilskapleg opplæring i samsvar med regelverket som og skal vere tilpassa lokale og individuelle føresetnader. Alle prinsippa nemner fleire område som vert fremja av entreprenørskapsarbeidet. Dette er område som: sosial- og kulturell kompetanse motivasjon for læring og læringsstrategiar elevmedverknad tilpassa opplæring og likeverdige moglegheiter lærarar og instruktørar sin kompetanse og rolle samarbeid med heimen samarbeid med lokalsamfunnet Det er utarbeidd ein nasjonal strategi for entreprenørskap i opplæringa. Føremålet er å tydeleggjere entreprenørskap både som utdanningsmål og opplæringsstrategi. Vidare skal opplæringsinstitusjonar, kommunar og fylkeskommunar oppmuntrast til å planleggje og forankre opplæring i entreprenørskap i samarbeid med næringslivet og andre relevante aktørar.

Delmål Ein kultur for entreprenørskap pregar vidaregåande opplæring i Sogn og Fjordane Vidaregåande opplæring medverkar til ei utvikling av aktivitetar og attraksjonar i Sogn og Fjordane Elevar som går ut av vidaregåande skule har gode kunnskapar om lokalt og regionalt næringsliv

7

Stortingsmelding nr. 30 (2003–2004) Kultur for læring, kap.11.3 Skolen og medspillerne s.112–113.

36


Regionale og statlege føringar Verdiskaping og produksjon er ein føresetnad for å kunne fordele og bruke ressursane våre til beste for utviklinga i Sogn og Fjordane. Ei styrka satsing på entreprenørskap i utdanninga kan gi høve til personleg utvikling og evne til å sjå og utnytte lokale moglegheiter i økonomisk, sosial og kulturell samanheng. Dette gir igjen høve til å skape lønsame arbeidsplassar, livsgrunnlag og verdiar i alle deler av landet. Det kan på sikt medverke til å sikre busetnaden i fylket, som er eit overordna mål i Fylkesplanen 2005-08. Sentrale styresmakter har dei seinare åra satsa på entreprenørskap i skulen. I eit samarbeid mellom Nærings- og handelsdepartementet, Utdannings- og forskingsdepartementet og Kommunal- og regionaldepartementet vart det i 2004 utarbeidd ein nasjonal strategi for entreprenørskap i utdanninga. Denne strategiplanen vert kalla ”Se mulighetene og gjør noe med dem!”. Føremålet er å tilby ei mest mogleg heilskapleg grunnopplæring som skal sikre alle barn, unge og vaksne dei beste moglegheiter for aktiv deltaking i nærings- og samfunnslivet. Gjennom satsinga skal elevar etablere, drive og avvikle ungdomsbedrifter, oppsøke lokale læringsarenaer utanfor skuleporten, og få ei grunnleggande forståing av korleis samfunnet fungerer. Gjennom den nasjonale satsinga på entreprenørskap, får omgrepet ein brei definisjon som går utover rein bedriftsetablering. Denne omfattar både sosiale og kulturelle samanhengar. Entreprenørskap er ein dynamisk og sosial prosess, der individ, åleine eller i samarbeid, identifiserer moglegheiter, og gjer noko med dei ved å omforme idear til praktisk og målretta aktivitet – både i sosial, kulturell og økonomisk samanheng. Entreprenørskapskompetanse vert definert som samvirket mellom personlege eigenskapar og haldningar og praktisk kunnskap og ferdigheitar8: Personlege eigenskapar og haldningar:

Kunnskap og ferdigheiter:

- evne og vilje til å ta initiativ - nytenking og kreativitet - risikovilje - sjølvtillit

-

kva må gjerast for å etablere ny verksemd? korleis kan ein lukkast med å utvikle ein idè til praktisk og målretta aktivitet?

Den einskilde elev og lærling kan gjennom entreprenørskap som verkemiddel bli ein aktiv deltakar i nærmiljøet, lokalsamfunnet og samfunnet. Dette inneber: evne til å sjå ressursar og moglegheiter lokalt og til nyskaping både i arbeids- og samfunnsliv, kvalifikasjonar til å bruke ressursane på ein produktiv og meiningsfull måte, forståing for konsekvensar av eigne val og handlingar og vilje til å ta ansvar for felles arbeidsoppgåver.

Entreprenørskap i opplæringa i dag Dei vidaregåande skulane satsar stadig meir på entreprenørskap i opplæringa. Som eit ledd i denne satsinga vert det oppretta ungdomsbedrifter som ein del av skulearbeidet. I skuleåret 2006-07 var det til saman 75 ungdomsbedrifter fordelt på 13 av våre vidaregåande skular. Kvaliteten på dette arbeidet vert stadig betre, og samarbeidet med oppnemnde mentorar frå lokalt arbeids- og næringsliv fungerer godt for dei fleste bedriftene. Kvar bedrift har minst ein mentor frå offentleg eller privat næringsliv, og i årsmeldinga til Ungt Entreprenørskap for 2006 vert samarbeidet med arbeidslivet utanfor skulen halde fram som ein viktig suksessfaktor. I perioden 2004-07 er det utvikla og formalisert eit utvida samarbeid mellom 8

Se mulighetene og gjør noe med dem! Strategi for entreprenørskap i utdanninga 2004-08 (kap. 2.1).

37


vidaregåande skular og lokalt/regionalt arbeids- og næringsliv gjennom partnarskapsavtalar. Per 01.01.2006 var det registrert til saman 128 partnarskapsavtalar mellom dei vidaregåande skulane og lokale bedrifter/kommunar. Dette syner at det er ein stor vilje i næringslivet til å samarbeide med aktørane i vidaregåande opplæring, og at skulane i strategiperioden er blitt meir offensive i møtet med samfunnet utanfor skulen.

Gjennomføringsstrategiar Entreprenørskap skal vere ein aktiv del av alle læreplanar Dei vidaregåande skulane arbeider tett opp mot Ungt Entreprenørskap Sogn og Fjordane Karriererettleiinga skal fokusere på entreprenørskap

4.2.3 Opplevingsnæringar og småskalasatsing Delmål Vidaregåande opplæring medverkar til ei auka satsing på opplevingsnæringar og småskalaverksemder lokalt

Regionale føringar I Sogn og Fjordane er det ein spreidd busetnadsstruktur med mange små livskraftige lokalsamfunn. I ei tid då mange kommunar og lokalsamfunn i fylket opplever fråflytting og nedskjeringar i det offentlege velferdstilbodet, er det viktig å utvikle strategiar og tiltak som kan vidareutvikle desse samfunna og demme opp for sentraliseringskreftene. Fylkesplanen 2005-08 set fokus på småskalaverksemder og opplevingsnæringar som eitt av sju hovudsatsingsområde.

Vidaregåande opplæring si rolle Sogn og Fjordane har eit stort mangfald i naturen og kulturen. Dette inneber at mange søkjer til Sogn og Fjordane for å oppleve noko unikt. Naturen er ein viktig ressurs på Vestlandet. Skal ein tilby noko meir enn å beundre naturen på avstand, må det arbeidast systematisk med tema- og produktutvikling. Viktige stikkord er kvalitet og tilgjenge til tilboda. Opplevingsaktørane må fange opp kundane sine behov og ”treffe dei heime”. Det kan vere stor skilnad på behova til ei verksemd på velferdstur, ei turistgruppe eller ein arrangør av ein internasjonal konferanse som skal syne fram det beste av bygdeNoreg. Vi har ein mangfaldig og rik tradisjon å ause av og samstundes eit moderne og blomstrande kultur- og næringsliv. Det er truleg framleis underforbruk av desse ressursane – naturen, kulturen, tradisjonane og menneska – for å utvikle tenester og opplevingar. Dei fleste utdanningsprogramma i vidaregåande opplæring kan relaterast til småskalaverksemder og opplevingsnæringar i Sogn og Fjordane. Fagkompetansen som ligg i desse utdanningsprogramma er grunnlaget for å lukkast i utviklinga av opplevingsnæringar. Ein må ha faktisk kompetanse på fagområda og på drift for å kunne utvikle eit godt ”produkt” – det er ikkje nok å ha ei rekkje gode idear.

Gjennomføringsstrategi Dei vidaregåande skulane skal utvikle entreprenørskapshaldningar retta mot småskalaverksemd og opplevingsnæringar både hjå unge og vaksne

38


4.2.4 Internasjonalisering Delmål Elevar og lærlingar i Sogn og Fjordane skal få høve til å utvikle seg gjennom aktiv deltaking i internasjonalt samarbeid Vidaregåande opplæring tilfører Sogn og Fjordane impulsar og ny kunnskap gjennom utvekslingstiltak og anna internasjonalt samarbeid Sogn og Fjordane er historisk eit område som har hatt mykje kontakt med omverda. Vi er framleis eit stort eksport- og turistfylke, og vi vert i stor grad påverka av globaliseringa. Internasjonalisering er verkty, strategiar og tiltak som vert utvikla og sette i verk for å møte nye krav og moglegheiter som kjem som følgje av globaliseringa. Dei fleste utfordringane vi møter dagleg er også aktuelle i andre delar av verda. Innan utdannings/opplæringssektoren i Europa er satsingsområda særs like. Om ein samanliknar prioriteringane i Kunnskapsløftet og EU sin Lisboa-strategi, ser ein at desse fell saman på dei fleste punkt. Gjennom deltaking i internasjonale prosjekt kan vi skape haldningar og hente impulsar, erfaringar og kunnskap som kan nyttast i Sogn og Fjordane. For å auke innsatsen i internasjonalt arbeid er det naudsynt at skular og opplæringskontor inkluderer internasjonalisering i planane sine, med forankring i Internasjonal strategi 2008-09: ”……all internasjonal aktivitet skal vere forankra i planverket – anten internt i eiga verksemd eller innanfor fylkesplanen og tilhøyrande handlingsplan.” Skal elevar, lærlingar og vaksne i Sogn og Fjordane få høve til å utvikle sin internasjonale handlingskompetanse, må vidaregåande opplæring delta aktivt i internasjonalt samarbeid og ha internasjonale relasjonar. Dette arbeidet skal gi felles oppleving og gjensidig utveksling av tankar, erfaring, haldningar og kunnskap. Ved at deltakarane i utvekslingar vert kjende med andre kulturar, får dei erfaringar som gjer at dei vert betre kjende med eigen kultur og identitet. Dette vil vonleg vere med på å stimulere til at ungdommar flyttar heim att etter at dei er ferdige med utdanninga. Utvekslingar er ressurskrevjande, både i tidsbruk og reise/opphaldskostnadar. Sogn og Fjordane har ei for låg utnytting av eksterne finansieringskjelder. Det ligg ei stor utfordring i at desse programma berre dekkjer delar av kostnadene. Mange internasjonale aktivitetar kan utførast med utgangspunkt i lokale arrangement og ressursar. Internasjonale spørsmål skal vere ein del av det daglege læringsarbeidet innan dei fleste fag. Størstedelen av skulane i fylket har internasjonale aktivitetar som t.d. OD, Internasjonal Dag/Veke, Solidaritetsdag og kulturarrangement. Det er særs viktig at dette arbeidet held fram og at ein inkluderer heile lokalsamfunnet der dette er mogleg. For mange ungdomar er det aktuelt å studere i utlandet. For enklare å kunne det bør dei ha tilbod om ei IB-linje i fylket. Det er ikkje IB-linje mellom Ålesund og Bergen. Å kombinere ei IB-linje opp mot det internasjonale miljøet kring United World College i Fjaler vil kunne bli både spennande og attraktivt. Fylkeskommunen vil arbeide for å få til ei IB-linje i fylket.

Gjennomføringsstrategiar All internasjonal aktivitet skal vere forankra i fylkeskommunen sitt planverk – anten internt i eiga verksemd eller innanfor fylkesplanen og tilhøyrande handlingsplan Utvikling av internasjonaliseringskompetanse lokalt som m.a. lettar tilgangen til eksterne finansieringskjelder Vidaregåande opplæring skal samarbeide med lokalsamfunnet om elev-, lærling-, lærar- og instruktørutvekslingar og anna internasjonalt arbeid

39


4.2.5 Berekraftig samfunnsutvikling Delmål Vidaregåande opplæring arbeider aktivt og medvite for ei berekraftig utvikling i lokalsamfunna Fylkeskommunen har skrive under Fredrikstad-erklæringa frå 11.02.1998 der ein har forplikta seg til å gjere ein innsats for ei berekraftig samfunnsutvikling. Målet er ei samfunnsutvikling som sikrar livskvalitet og livsgrunnlag både i dag og for kommande generasjonar. Problemstillingar knytte til ressursbruken, miljøbelastninga og klimaendringa bør vere aktuelle tema i vidaregåande opplæring. Elevar og lærlingar skal ha forståing for at lokalsamfunnet har ei nøkkelrolle i å legge til rette for ei berekraftig utvikling. Arbeidet for ei berekraftig utvikling er eit ansvar for alle samfunnssektorar. Det er viktig at elevar og lærlingar ser behovet for at arbeidet for berekraftig utvikling er prega av langsiktig tenking, systematikk og ønske om kontinuerlig forbetring. Sogn og Fjordane fylkeskommune arbeider no med ein klima- og energiplan. Dei vidaregåande skulane bør spele ei sentral rolle i gjennomføringa av planen. Fokus på ressursbruk, miljøbelastning og klimaendring skal også vere reflektert i utviklingsplanane til skulane. Gjennomføringsstrategiar Elevar og lærlingar skal få kunnskapar og haldningar som er med og tek vare på det biologiske mangfaldet, kulturminne og kulturmiljø Miljøprofilen skal vere tydeleg i entreprenørskapssatsinga Miljøarbeidet skal ha både eit globalt og lokalt perspektiv Skuleplanar for å integrere miljøtenking og miljørett åtferd i alle fag

4.2.6 Regional eigarskap og regional styring Delmål Vidaregåande opplæring er også etter implementeringa av Forvaltningsreforma i 2010 eit sentralt verkemiddel for regionale styresmakter i alt lokalt og regionalt utviklingsarbeid St.meld. nr. 12 (2006-07) Regionale fortrinn – regional framtid understrekar at eit levande lokaldemokrati er grunnleggande for å møte dei samfunnsutfordringane vi står overfor på ein god måte. Regjeringa vil legge til rette for eit levende folkestyre med sterke kommunar og regionar som utnyttar lokale og regionale føremonar til beste for innbyggarane, næringslivet og samfunnet elles. Det regionale nivået skal ha eit overordna fokus på regionale utviklingsoppgåver, i tillegg til tenesteoppgåvene som vert vidareført frå dagens fylkeskommunar. Lokale og regionale styresmakter har best kunnskap om lokale forhold, og kan i kraft av den kunnskapen prioritere og avvege den offentlege innsatsen på ein effektiv og målretta måte. Ein desentralisert modell for viktige oppgåver innan samferdsle, miljøvern, landbruk, marin sektor, kultur, utdanning og forsking, og styrking av den regionale planlegginga og den regionale innverknaden over Innovasjon Norge og SIVA blir såleis viktige verkemiddel for å sikre ønskt samfunnsutvikling.

40


Regionane skal ha nødvendige verkemiddel til å ha faktisk påverknad på utviklinga lokalt og regionalt, og i lys av dette bør ei desentralisert vidaregåande opplæring utgjere eit sentralt verkemiddel i utviklinga av levande og utviklingsorienterte lokalsamfunn. Særleg i eit distriktsfylke som Sogn og Fjordane vil skulestrukturen kunne vere avgjerande for utviklinga av regionen. Som ein dominerande utviklingsaktør vil regionnivået kunne utløyse og styrke ønska endringsprosessar basert på stadbundne kvalitetar og regionale og lokale moglegheiter og preferansar. Her er dei vidaregåande skulane samfunnsaktørar og kompetansebasar som bør involverast i heile det regionale og lokale utviklingsarbeidet.

Gjennomføringsstrategiar Sogn og Fjordane fylkeskommune vidareutviklar den desentraliserte vidaregåande opplæringa Gjennom å utvikle partnarskapsavtalar sikrar vidaregåande opplæring eit best mogleg samsvar mellom opplæringa og kompetansebehova i arbeids- og næringslivet Skulane synleggjer sin kompetanse som ein viktig ressurs for utviklingsarbeid i lokalsamfunnet

41


5. Personalressursar og kompetanse i vidaregåande opplæring En god arbeidsgiverpolitikk … - utgjør et felles verdifundament for folkevalgte, ledere, medarbeidere og tillitsvalgte - fremmer utvikling og måloppnåelse, arbeidsmiljø og trivsel - kan brukes i kommunikasjonen overfor omgivelsene for å øke kommunens attraktivitet KS sin arbeidsgjevarstrategi mot 2020

Ønskt situasjon for vidaregåande opplæring i Sogn og Fjordane innan 2011: Sogn og Fjordane fylkeskommune har kompetente og motiverte lærarar og skuleleiarar, instruktørar og faglege leiarar Lærarar, instruktørar og skuleleiarar får etter- og vidareutdanning på høgskule- og universitetsnivå i aktuelle fag og skuleleiing som gjev formalkompetanse Det er etablert arenaer for samarbeid som stimulerer til utvikling av fagleg og pedagogisk kompetanse Lærarar og instruktørar får fagleg rettleiing og oppfølging Fylkeskommunen sin personalpolitikk legg til rette for at tilsette ønskjer og får ein lang yrkeskarriere

5.1 Innleiing – arbeidsgjevarstrategi mot 2020 KS sin arbeidsgjevarstrategi – Arbeidsgiverstrategi mot 2020 – har sett seg to hovudmål. Det første er å møte behova knytt til betra kvalitet og effektivitet i skuleverket. Det andre er å utvikle nye løysingar i samarbeid med brukarar, innbyggarar og partnarar. I arbeidsgjevarstrategien er det meisla ut fire grep: det unike oppdraget, den opne og lærande organisasjonen, kompetente medarbeidarar, heilskapleg og utfordrande leiarskap. For å møte utfordringane og realisere desse måla, treng vi ein personalpolitikk som frigjer energi og inviterer medarbeidarar og tillitsvalde til å arbeide saman med leiinga for nyskaping og ein stadig betre praksis. Læraren og instruktøren sin faglege og pedagogiske kompetanse er avgjerande for kvaliteten på opplæringa. Sogn og Fjordane fylkeskommune må vere ein arbeidsgjevar som stimulerer til rekruttering, stabilisering og kompetanseutvikling.

5.2 Rekruttering, stabilisering og kompetanseutvikling I dei følgjande delkapitla er det sett fokus på innsatsområde, delmål og gjennomføringsstrategiar som bør tilleggjast vekt dersom vi skal nå dei overordna målformuleringane i ønskt situasjon.

42


5.2.1 Rekruttering Delmål Vidaregåande opplæring i Sogn og Fjordane er ein attraktiv arbeidsstad Situasjonen no er at samtidig med at stadig færre tek lærarutdanning, vil svært mange høgt kvalifiserte pedagogar og skuleleiarar slutte dei næraste åra. Fleire sentrale aktørar har etterlyst ein nasjonal rekrutteringsplan for lærarar til grunnopplæringa. Sjølv om det ikkje eksisterer nokon slik plan, ser vi at skulane i Sogn og Fjordane fylkeskommune vil vere i ein stadig vanskelegare personalsituasjon innan m.a. realfag, språkfag og fleire yrkesfag, og at vi difor må vere i framkant med utvikling av slikt planverk. Lønspolitisk plan er eit overordna styringsdokument og vil vere ein viktig del av den samla arbeidsgjevarpolitikken i Sogn og Fjordane fylkeskommune. Planen trekkjer opp retningsliner som grunnlag for lønsutviklinga for den einskilde tilsette9. Planen legg opp til at lønspolitikken skal vere ’rammeprega’. Dette inneber at det er stort høve til å gjere tilpassingar ved skulane og for den individuelle tilsette. Difor vil lokale prosessar med dei tillitsvalde og medarbeidarane i resultateiningane vere avgjerande for at lønspolitikken kan vidareutviklast og forankrast til lokale målsetjingar og oppgåveløysingar. Gjennomføringsstrategiar Læraryrket vert gjort meir attraktivt Ei offensiv og målretta rekruttering og kompetanseheving retta mot skuleleiarar Rekruttering frå andre relevante yrke Attraktive og effektive seniortiltak Formalkompetansegjevande etter- og vidareutdanning for eigne tilsette Høg kvalitet på rutinar og praksis når det gjeld mottak av nytilsette Mentorordningar for nytilsette lærarar og skuleleiarar Den vidaregåande skulen skal vektleggje rekruttering av godt utdanna lærarar

5.2.2 Stabilisering – strategi for å behalde kompetanse Delmål Sogn og Fjordane fylkeskommune har ein aktiv livsfasepolitikk Pedagogisk personale i Sogn og Fjordane fylkeskommune er yrkesaktive også etter fylte 62 Lønspolitisk plan for Sogn og Fjordane fylkeskommune er eit overordna styringsdokument og vil vere ein viktig del av den samla arbeidsgjevarpolitikken. Den trekkjer opp ein del retningsliner som grunnlag for lønsutvikling for den einskilde tilsette. Arbeidsgjevarpolitikken er på veg bort frå regelstyring til meir verdi- og rammestyrte verkemiddel. Meir individuell lønsdanning inneber nye tankar om normer, verdiar og kjensler i høve den lønstenkinga som har lagt til grunn i kommunal sektor. Med livsfasepolitikk meiner fylkesrådmannen at fylkeskommunen bør styrkje fokuset på målretta vidareutvikling av den enkelte medarbeidar sin kompetanse og ressursar. Det skal vere ei større tilpassing til den enkelte sin livssituasjon i arbeidet i organisasjonen. Alder vil i stadig mindre grad 9 Lønspolitisk plan vart vedteken i fylkestinget 11.-12.12.2007.

43


vere eigna til å bestemme livsfase. Det er den enkelte arbeidstakar sin livssituasjon eller livsløp som avgjer vedkomande sine behov og ynske. Ein livsfaseorientert personalpolitikk ser heile mennesket og ikkje berre arbeidstakaren. Å finne løysingar som ivaretek balansen mellom arbeid og fritid er viktig for at dei tilsette skal velje å satse på ein karriere i fylkeskommunen. Personalpolitikken i dette perspektivet skal vere fleksibel og balansert slik at han inneber føremonar både for arbeidsgjevar og arbeidstakar. I hovudtariffavtalen for 2006-08 heiter det i kap. m.a. at ”Kommunen/fylkeskommunen/verksemda skal utvikle verkemiddel for å motivere arbeidstakarar til å stå lenger i arbeid. Slike verkemiddel kan vere tilpassa arbeidstid, tilrettelegging av arbeidsoppgåver, tenestefri med løn, kronetillegg, kontantutbetaling e.l. Arbeidsgivar kan avtale verkemiddelbruk med den enkelte arbeidstakar. Arbeidsgivar drøftar med dei tillitsvalde alternative verkemiddel og orienterer om inngåtte avtalar.” Sogn og Fjordane fylkeskommune er i ein rekrutterings- og stabiliseringssituasjon som tilseier at ein bør arbeide systematisk med aktuelle seniorpolitiske tiltak for å få behalde verdifull kompetanse i skulen lenger enn det ein gjer i dag10. Pensjonsalderen til lærarar er i dag i gjennomsnitt 60 år. I følgje tal frå Utdanningsforbundet ønskjer tre av fire lærarar å arbeide også etter fylte 60 år, men mange opplever at det i lita grad vert lagt til rette for dette. Fleire verkemiddel bør vurderast i denne samanhengen.

Gjennomføringsstrategiar Stabilisering av arbeidskraft må vere tydeleg uttrykt i fylkeskommunen sin samla personalpolitiske plan og i skulane sine utviklingsplanar/verksemdsplanar Det vert utvikla ei systematisk og målretta mentorordning Fylkeskommunen skal motivere pedagogisk personale og andre tilsette til å stå i arbeid etter fylte 60 år Det er auka medvit på alle plan i fylkeskommunen om den store verdien som ligg i arbeidskrafta til seniorane Leiarar gjennomfører ein samla personalpolitikk som gjer at nytilsette og andre blir verande i stillingane

10

Fylkesutvalet vedtok i 2005 gjeldande seniorpolitiske handlingsplan.

44


5.2.3 Kompetanseutvikling – overordna strategi for robuste fagmiljø Delmål Kompetanseutvikling fører til auka kvalitet i opplæringa Systematisk kompetanseheving er noko av det viktigaste ein kan gjere for å behalde gode lærarar og sikre den kompetansen det er behov for i vidaregåande opplæring. Erfaringane så langt tilseier ei endring av innretninga på kompetanseutviklingsdelen, der ein i mindre grad legg opp til kortvarige kurs. Stabile og robuste fagmiljø er ein føresetnad for ei opplæring av høg kvalitet.

I arbeidet med kompetanseutviklinga er det så langt lagt til grunn følgjande: kompetanseutviklinga skal vere praksisnær, bruk av eigen arbeidsplass som læringsarena, bruk av eigne ressursar og nettverk i utviklingsarbeidet. Bortsett frå desse føringane er det gitt stor fridom både på individnivå og organisasjonsnivå når det gjeld utviklingsområde og arbeidsmåtar både for lærarar og leiarar.

Eit ledd i utviklinga i den enkelte sin kompetanse, kan vere målretta ordningar for hospitering. Hospitering inneber eit engasjement i ei verksemd i ein avgrensa periode. For lærarar som engasjerer seg i arbeid for at elevar skal lære meir om samfunn og arbeidsliv, er det viktig å kjenne tilhøva utanfor skuleporten generelt og tilhøva i lokalsamfunnet spesielt. Eit ledd i å utvikle samarbeidet mellom skule og næringsliv, og auke arbeidslivet sin kompetanse om kvarandre, kan vere å legge til rette for ein god hospiteringspraksis formalisert gjennom partnarskapsavtalar. Hospitering gjev ein arena for idéutveksling og gjensidig samarbeid på fleire område. Som pedagog kan læraren vere med på å hjelpe verksemda til å bli ein fullverdig læringsarena for utplasserte elevar. Dette kjem som ein vinst i tillegg til kunnskapen læraren får om verksemda. Andre vegen får skulen nytte av ressursane frå arbeids- og næringslivet dersom det vert lagt til rette for at ressursar utanfrå kan hospitere i kortare eller lengre periodar i skulen.

Gjennomføringsstrategiar Kompetanseutvikling i form av etter- og vidareutdanning må sjåast i lys av EU si satsing på Lifelong Learning Programme (LLP) og vere grunngjeve i personal- og utviklingsplanane på den enkelte skulen og i fylkeskommunen samla Legge til rette for felles kompetanseutvikling for skule og bedrift Utvikle eigen plan for opplæring av faglege leiarar og instruktørar i samband med Kunnskapsløftet Vesentlege delar av kompetanseutviklingsmidlane vert reservert til formalkompetansegjevande utdanning på høgskulenivå og universitet Alle dei vidaregåande skulane har IKT-utstyr og brukarkompetanse slik at dette vert nytta til m.a. etter- og vidareutdanning Sogn og Fjordane fylkeskommune skal ha ein god hospiteringspraksis, formalisert gjennom partnarskapsavtalar

45


6. Ressursfordeling til dei vidaregåande skulane

Ønskt situasjon for vidaregåande opplæring i Sogn og Fjordane innan 2011: Ressursfordelingssystemet medverkar til god og likeverdig kvalitet i opplæringa Det er balanse i fokuset på drift og utvikling Dei vidaregåande skulane er fleksible, robuste og nyskapande organisasjonar

6.1 Innleiing I tråd med mandatet vert ulike kriterium for fordeling av midlar til dei vidaregåande skulane vurdert. Det vert også gjort vurderingar knytt til dei økonomiske rammene – driftssituasjonen – for dei vidaregåande skulane. Dette heng saman med føresetnaden i strategiarbeidet om at ein skal ha ”balanse i fokuset på driftsproblematikk og utviklingstiltak”.

6.1.1 Nasjonale og regionale føringar Styrande for opplæringa er lovverk m/forskrifter og læreplanar. I tillegg er fylkeskommunen bunden av gjeldande tariffavtale og arbeidstidsavtale. Desse regulerer rammer for arbeidstid og har reglar for ulike tidsressursar. Klasseomgrepet er avvikla. Gjeldande retningsliner for elevtal i grupper kan nyttast som retningsgivande, men er ikkje bindande. Den einaste avgrensinga no er at gruppene ikkje skal vere større enn det som er pedagogisk forsvarleg og ev. det som måtte gå på eit ansvarleg arbeidsmiljø. Det overordna målet i fylkesplanen er å halde oppe folketalet og busetnaden. Ei hovudutfordring i denne samanheng er å nytte strukturen i fylket som ein ressurs. Mål og strategiar for vidaregåande opplæring 2004-2007 la til grunn at vidaregåande opplæring er ein viktig medspelar for samfunnsutviklinga i fylket. Som ein del av dette har det vore ein klar politisk føresetnad å oppretthalde ein desentralisert skulestruktur. Dette for å kunne tilby eit breitt og kvalitativt tilfredsstillande opplæringstilbod i alle delar av fylket og samstundes medverke til å ivareta rolla som utviklingsaktør. Hovudutval for opplæring vedtek kvart år, innan ei fastsett økonomiske ramme, opplæringstilbodet for komande skuleår. Vedtaket gjeld fagtilbod, kapasitet og fordeling av grupper på skulane.

46


6.1.2 Ressursfordelinga til dei vidaregåande skulane i dag Eige fylke Figuren under illustrerer samanhengane i fylkeskommunen sitt eksisterande budsjetteringssystem:

Andre driftsutgifter (inkl normalsatsar)

Tilpassa opplæring/ spesialundervisning

Tal grupper Elevtal (kapasitet) Fagtilbod

Kjerne

Faste utgifter Straum/leige etc

Investeringar Bygg

Kontorpersonale

Kjerne

Pedagogisk pers. Løn til ordinær oppl.

Leiingsressurs

Arbeidslivskontakt/ miljøkoordinator IKT- ressurs

Fylkeskommunen sitt budsjetteringssystem byggjer på retningsliner, normtal og regelverk knytt til statlege og fylkeskommunale føringar. Systemet for ressursutrekning er utvikla over mange år og er heile tida justert for endringar i regelverk. I ansvarsbreva vert skulane tildelt m.a.: −

Løn til ordinær opplæring: Berekna med basis i tal grupper i vedteke opplæringstilbod for skuleåret, elevplasstal pr gruppe og sentralt avtala regelverk. I tillegg kjem styrking av utdanningsprogram for studiespesialisering ved små skular (skular med ein eller to grupper på kvart årssteg) for å kunne tilby ønska breidde i fagtilbod. Tilpassa opplæring/spesialundervisning: Tildeling til skulane vert gjort på bakgrunn av fylkesdirektøren for opplæring si sakshandsaming av søknadene. Kvar elev vert gitt ei individuell økonomisk vekting som vert lagt inn i den ramma skulen skal ha. Vidare vert det gitt ein fast sum for kvar elev som er søkt inn med skriftleg melding om behov for tilpassa opplæring. Det vert også gjort ei reint teknisk vurdering av behovet for tilpassa opplæring ut frå karaktergrunnlaget til alle søkjarane til vidaregåande opplæring, der låge karakterar gir grunnlag for løyving til tilpassa opplæring. Leiingsressurs: Ressursen som skulane får tilført til administrative og pedagogiske leiaroppgåver byggjer på ressursar til administrasjon, pedagogisk leiing, utdanningsprogram, arbeidslivkontakt og diverse tillegg som nokre av skulane har m.a. fordi dei ikkje er samlokaliserte.

47


− − − −

IKT-ressurs: Tildeling basert på tidlegare utarbeidd fordelingsnøkkel som er basert på tal PC-ar og tal tilsette ved skulane Kontorpersonale: Tildeling ut frå tidlegare utarbeidd fordelingsnøkkel der kriteria for utrekning var klassetal, elevplasstal, tal utdanningsprogram og tal tilsette. Arbeidslivskontakt og miljøkoordinator: 13 skular har ei halv stilling som arbeidslivskontakt. 10 skular har halv stilling som miljøkoordinator, medan 3 skular har heil stilling. Andre driftsutgifter: dette omfattar dei resterande budsjettpostane. Ramma er basert på tidlegare års ramme og vert justert for konkrete endringar ut frå vedteke budsjett. Ramma inneheld m.a. normalsatsar i høve kontorutgifter, service-/driftsavtalar, kommunikasjon og utstyr/undervisningsmateriale knytt til drift av utdanningsprogramma. Normalsatsane er berre delvis justert for prisauke dei seinare åra og er ikkje tilpassa det reelle behovet på skulane. Satsane vert fastsett lokalt.

Fylkeskommunen sitt budsjettarbeid i høve dei vidaregåande skulane tek utgangspunkt i ovannemnde og byggjer opp eit budsjett for skuleåret. Skulane sine rammer vert rekna ut som ein sum av einskildkomponentar for dei ulike gruppene og felleskostnader knytt til skuleleiing, administrasjon, lokale m.m. På basis av ovannemnde får skulane, gjennom ansvarsbrev frå fylkesdirektøren for opplæring, tildelt skuleårsbudsjett; i juni får dei rammene for hausten og planleggingsrammer for våren og i januar får dei endelege rammer for våren. Skulane har ansvar for å utføre dei oppgåver/ansvar som er føresett ved tildelinga, men rapporterer berre på sum netto driftsutgifter ved utgangen av året. Som vist over vert skulane, trass i at klasseomgrepet er avvikla, framleis tilført ressursar til undervisning, skuleleiing etc. etter tidlegare sentralt fastsette normer. Uendra tildelingskriterium saman med auka høve til fleksibilitet når det gjeld organisering av opplæringa har vore med å auke handlingsrommet ved skulane. Saman med vedtak om resultatoverføring medverkar dette til større fleksibilitet og høve til å utvikle meir tenlege løysingar for skuledrifta.

Andre fylke M.a. som følgje av at klasseomgrepet er borte, har fleire fylke endra sine ressursfordelingssystem frå å leggje vekt på tal klassar/grupper med ein viss kapasitet (elevplasstal) til å vektleggje faktisk tal elevar – der stykkpris etter utdanningsprogram styrer tildelinga. Argument som er nytta for denne endringa er ønsket om å utfordre skulane til effektivitet, fleksibilitet, god økonomistyring og planlegging. Dei ser det som lite tenleg å tildele ressursar ut frå elevplasstal (kapasitet), når skular har ei vesentleg mengde ledige elevplassar. Auka vekt på faktisk elevtal kan medføre betydeleg reduksjon i økonomiske rammer for skular som har dårleg oppfylling. For å bøte på ein del uønskte verknader av endra ressursfordelingssystem har ein del fylkeskommunar modifisert dei nye fordelingssystema ved t.d. tildeling av skjønsmidlar og ved å etablere overgangsordningar som gjer det mogleg for den einskilde skule å tilpasse seg dei nye rammene.

6.1.3 Økonomiske rammer – balanse i fokuset på driftsproblematikk og utviklingstiltak Eit hovudfokus i førre strategiarbeid var å styrke fylkeskommunen si utviklingsrolle. Eit verkemiddel i denne samanheng har vore å ”vri” bruken av midlar innan opplæringssektoren frå drift til utviklingstiltak. Iverksetting av prioriterte kostnadskrevjande utviklingstiltak i strategisk handlingsprogram har i stor grad vore basert på omdisponering av midlar innan opplæringssektoren. Prioriteringane i strategisk handlingsprogram har danna grunnlaget for prioriteringar i budsjett og økonomiplan. Det er ei målsetting å sikre dei vidaregåande skulane økonomiske rammer som gir grunnlag for å kunne ivareta sine primæroppgåver som opplæringsinstitusjonar og samstundes aktivt medverke i rolla som utviklingsaktør.

48


Opplæringssektoren har over fleire år meldt om aukande press mot dei økonomiske rammene for drifta av dei vidaregåande skulane. Innføring av prosjekt til fordjuping og programfag til val i tillegg til føringane innan studiespesialisering, forsterkar presset mot dei økonomiske rammene. I samband med budsjett/økonomiplanarbeid har nye driftstiltak dei seinare åra i liten grad vore prioritert. Driftstiltaka har ikkje vore handsama som ein del av strategisk handlingsprogram og har difor kome langt bak på lista.

6.2 Økonomiske føresetnader for ei god opplæring I dei følgjande delkapitla skal vi gå gjennom innsatsområde og gjennomføringsstrategiar som bør ha eit auka fokus dersom vi skal nå dei overordna målformuleringane.

6.2.1 Fordelingsmodell – dagens ordning vs. stykkprisfinansiering Delmål Ressursfordelinga medverkar til ei god gjennomføring for elevane i vidaregåande opplæring Løn til ordinær opplæring er definert til å utgjere ”kjernen” av tildelte midlar i opplæringssektoren, og utgjer om lag 60% av kostnadene i sektoren. I gjeldande tildelingssystem er viktige føresetnader for fordeling av denne ressursen tal grupper i vedteke opplæringstilbod for skuleåret og kapasitet (tal elevplassar) per gruppe. Som nemnt har mange fylkeskommunar endra kriterium for ressursfordeling til ei sterkare vekting av faktisk elevtal. Vi har vurdert konsekvensar av ei auka vekting av faktisk elevtal basert på stykkpris. Dei vidaregåande skulane i fylket har generelt god oppfylling i oppretta grupper. Ut frå fastsett kapasitet er det for inneverande skuleår likevel om lag 300 ledige elevplassar. Skular som har dårlegast oppfyllingsprosent er i hovudsak små skular som ligg utanom dei største sentra. Einskilde ”små” fag har dårleg oppfylling. Lønskostnaden ved ei gruppe vil i hovudsak vere den same om det er god eller dårleg oppfylling (ved t.d. 9 vs. 15 elevar i ei gruppe). Kostnaden ved administrasjon, leiing og andre driftskostnader er i hovudsak større per elev ved dei mindre skulane. Skular med ei eller to grupper på kvart årssteg innan studiespesialiserande utdanningsprogram vert styrka for å tilby ønska breidde i fagtilbod. Årleg utgjer dette ein samla kostnad på om lag 6,5 mill kr. Ei ordning bygt på tildeling etter stykkpris ville i monaleg grad redusere føresetnaden for desse skulane til å kunne gi ei kvalitativt god opplæring. Det er grunn til å sjå føre seg at eit tildelingssystem med faktisk tal elevar som eit sterkt vekta kriterium vil kunne påverke søkjarmønsteret. Dette kan på sikt gje seg utslag i endringar i etablert skulestruktur. Til no har det politisk ikkje vore vurdert som ønskjeleg å innføre grenser for minimumsoppfylling i grupper. Ettersom opplæringstilbodet vert fastsett etter politisk vedtak, ser arbeidsutvalet det som naudsynt at skulane får tilført naudsynte ressursar til vedteke tilbod, uavhengig av oppfyllingsgrad i oppretta grupper. Dette utgjer noko av kostnaden ved å ha ein desentralisert skulestruktur. Det vil vere mogleg å innføre eit system med tildeling av basisressurs til skulane og der ein mindre del av budsjettramma vart vekta etter faktisk elevtal. Konsekvensen vil likevel vere at skular med dårleg oppfylling kjem dårlegare ut, samanlikna med dagens tildeling. Ut frå føresetnaden om at lønskostnaden ved ei gruppe i hovudsak er uavhengig av oppfyllingsgrad, kan det bli naudsynt å korrigere tildelinga for å unngå uønskte konsekvensar.

49


Ei endring mot auka vekting av faktisk elevtal vil kunne vere ein stimulans for skulane til å ta inn flest mogleg elevar på eigen skule. Ei slik målsetting vil kunne fremje konkurranse meir enn samarbeid mellom skulane og vil i sin ytste konsekvens kunne påverke etablert skulestruktur. Sogn og Fjordane ligg betydeleg over landsgjennomsnittet når det gjeld kostnad per elev (KOSTRA-tal). Dette viser at ei målsetting om mest mogleg kostnadseffektiv produksjon ved skulane i liten grad kan sameinast med etablert skulestruktur. For ressursbruken ved den einskilde skule må det likevel vere ei målsetting å utnytte ressursane best mogleg, innan det som er pedagogisk forsvarleg. Det er lite føremålstenleg å setje i verk tiltak som stimulerer til endring, dersom dette er ei endring ein ikkje ønskjer å ta konsekvensen av. Insentiva i stykkprismodellen vil kunne motverke oppretthaldinga av høg kvalitet ved dei minste skulane. Dette kan over tid påverke søkjarmønsteret og den etablerte skulestrukturen. Stykkprismodellen fremjar ein auka konkurranse om elevane, medan føremålet med ein desentralisert skulestruktur nettopp er å tilby ei breidde i fagtilboda gjennom ei arbeidsdeling i regionane. Den vidare utviklinga av ressursfordelinga til dei vidaregåande skulane bør difor baserast på dagens ordning. Ved vurdering av gjennomstrøyminga av elevar i vidaregåande opplæring, må ein vurdere i kva grad ressursfordelingssystemet utgjer ein kritisk faktor.

Gjennomføringsstrategi Den vidare utviklinga av ressursfordelinga til dei vidaregåande skulane skal baserast på dagens ordning

6.2.2 Tilpassa opplæring/spesialundervisning Delmål Arbeidet med tilpassa opplæring ved skulane er systemretta og prega av heilskapleg tenking Midlar til tilpassa opplæring/spesialundervisning er skilt ut frå det ordinære budsjettet, og kostnaden pr. elev i fylket vårt ligg langt over gjennomsnittet nasjonalt. For skuleåret 2007/08 er om lag 44 mill kr til føremålet fordelt på dei vidaregåande skulane. KOSTRA-tal frå 2005 viser at fleire elevar frå Sogn og Fjordane gjennomfører opplæringa på ulike nivå (beståtte kurs) enn elevar frå Vest-Noreg eller gjennomsnittet for heile landet. Likevel har vi ikkje dokumentasjon på at ressursbruken innan tilpassa opplæring/spesialundervisning gir god nok effekt. I dagens system vert midlane i stor grad fordelt ut frå individuelle kriterium, noko som medfører lite ressursar til generelle differensieringstiltak. For å sikre grunnlag for god planlegging av tilpassa opplæring/spesialundervisning ved skulane er det viktig at skulane får tildelt den økonomiske ramma på same tid som endeleg vedtak om opplæringstilbodet for komande skuleår. Når det gjeld ressursar til elevar som har rett til spesialundervisning (§5.1) bør midlane likevel i størst mogleg grad følgje eleven, også når eleven byter skule etter inntak. Det bør vurderast om midlar til tilpassa opplæring i større grad bør knytast til den ordinære budsjettildelinga etter meir generelle (objektive) kriterium. I alle høve bør dagens system for fordeling vurderast på nytt. Det er også viktig at ein vurderer tildelingskriterium for ressursar til framandspråklege, då mange framandspråklege elevar kjem frå grunnskulen utan grunnleggande ferdigheiter for å få tilfredsstillande utbytte av opplæringstilbodet.

50


KS har initiert eit større prosjekt som involverer kommunar og fylkeskommunen. Prosjektet skal sjå på korleis ulike aktørar arbeider med å nå målet om tilpassa opplæring for alle og på den måten redusere behovet for spesialundervisning. Det bør leggast auka vekt på heilskapleg pedagogikk og systemretta arbeid med tilpassa opplæring ved skulane.

Gjennomføringsstrategi Arbeidet med tilpassa opplæring skal ha like sterkt fokus på pedagogikk og organisering som på økonomiske ressursar I tildelingskriterium for tilpassa opplæring må ein vektleggje ressursar til framandspråklege elevar

6.2.3 Driftsrammer for dei vidaregåande skulane Delmål Samla ressursfordeling stimulerer til god organisering og prioritering mellom drift og utvikling Opplæringssektoren har over fleire år meldt om aukande press mot dei økonomiske rammene for drifta av dei vidaregåande skulane. Utfordringar som følgje av Kunnskapsløftet, t.d. breidde i fagtilboda og auka krav om digital kompetanse, forsterkar ressursbehovet. Midlar til ”andre driftsutgifter” ved dei vidaregåande skulane er i hovudsak basert på såkalla normalsatsar. Dette er satsar fastsett for finansiering av t.d. kontorutgifter, service/driftsavtalar, kommunikasjon og utstyr/undervisningsmateriale knytt til drift av utdanningsprogramma. Satsane er berre delvis justert for prisauke dei seinare åra og er ikkje tilpassa det reelle behovet på skulane. Det er naudsynt å sikre dei vidaregåande skulane økonomiske rammer som gir grunnlag for å kunne ivareta primæroppgåvene som opplæringsinstitusjonar og samstundes aktivt medverke i rolla som utviklingsaktør. Det er samstundes ei utfordring for den einskilde skule og opplæringssektoren å skape naudsynt handlingsrom for å kunne prioritere nye tiltak. Generelt er det behov for å vurdere kriterium for og nivå på ressurstildelinga til ulike funksjonar. Dette gjeld t.d. leiingsressurs, IKT-ressurs og kontorressurs.

Gjennomføringsstrategiar Ressursfordelinga skal skje på basis av kjende kriterium, og gi grunnlag for god planlegging Normalsatsane skal vere tilpassa faktisk kostnadsnivå

51


Litteratur/grunnlagsdokument Offentlege meldingar og utgreiingar Stortingsmelding nr. 16 (2006-07): … og ingen stod igjen. Tidlig innsats for livslang læring. Tilråding frå Kunnskapsdepartementet datert 15.12.2006. Framtidige strategiar for vidaregåande opplæring i Sogn og Fjordane. Innstilling av 04.12.2002 frå fylkesdirektøren sitt oppnemnde strategiutval. Framtidige strategiar for vidaregåande opplæring i Sogn og Fjordane. Saksframlegget i sak 0018/03 frå fylkesrådmannen til fylkestinget 03.06.03. Framtidige strategiar for vidaregåande opplæring i Sogn og Fjordane. Saksframlegget i sak 0068/03 frå fylkesrådmannen til fylkestinget 09.12.03. Lov om kommunar og fylkeskommunar (kommunelova) av 25. september 1992 nr. 107, med endringar – sist ved lov av 7. juli 2000 nr. 71 (i kraft 1. januar 2001). Lov om grunnskulen og den vidaregåande opplæringa (opplæringslova) av 17. juli 1998 nr. 61, med endringar – sist ved lov av 14. mars 2003. NOU 2003:16 I første rekke. Forsterket kvalitet i en grunnopplæring for alle. Stortingsmelding nr. 19 (2001-2002): Nye oppgåver for lokaldemokratiet – lokalt og regionalt nivå, Kommunal og regionaldepartementet. Stortingsmelding nr. 30 (2003-2004): Kultur for læring, Utdannings- og forskingsdepartementet Stortingsmelding nr. 12 (2006-2007): Regionale fortrinn – regional framtid, Kommunal- og regionaldepartementet Strategisk handlingsprogram 2004-07 – opphavleg versjon vedteken i fylkestinget 25.03.2004.

Faglitteratur Dale, Erling Lars og Jarl Inge Wærness (2007): Læringsplakatens prinsipper for opplæringa. I Læringsplakaten – skolens samfunnskontrakt. HøyskoleForlaget. Haug, Peder og Kari Bachmann (2006): Tilpasset opplæring – hva vet vi? Innlegg på seminar. Oslo 25.08.2006. Tiller, Tom (2007): Det 11. imperativet – dialogen med lokalsamfunnet. I Læringsplakaten – skolens samfunnskontrakt. HøyskoleForlaget. Møller, Jorunn og Liv Sundli (2007): Læringsplakaten – skolens samfunnskontrakt. HøyskoleForlaget.

52


Rom for alle - syn for den enkelte  

Mål- og strategiar for vidaregåande opplæring i Sogn og Fjordane 2009-2011

Read more
Read more
Similar to
Popular now
Just for you